Prop. 150 L (2011–2012)

Endringar i forseinkingsrentelova mv. (gjennomføring av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

Til innhaldsliste

4 Transaksjonar mellom føretak

4.1 Føresegnene i direktivet

Når nærare vilkår er oppfylte, skal fordringshavaren ha rett til renter for forseinka betaling utan at det er naudsynt med ei betalingspåminning til skuldnaren, jf. artikkel 3 nr. 1 i direktivet. Vilkåra er at fordringshavaren har oppfylt sine avtaleskyldnader og lovfastsette pliktar, og at fordringshavaren ikkje har motteke det skuldige beløpet i rett tid, med mindre skuldnaren ikkje er skuld i forseinkinga, jf. artikkel 3 nr. 1 bokstav a og b.

Artikkel 3 nr. 2 bokstav a og b fastslår nærare kva som er den aktuelle referanserentesatsen. For dei fyrste seks månadene av eit år gjeld satsen som vart fastsett 1. januar i det same året. For dei siste seks månadene gjeld satsen som vart fastsett 1. juli dette året.

Er dei nemnde vilkåra i artikkel 3 nr. 1 oppfylte, skal fordringshavaren ha rett til forseinkingsrenter frå dagen etter den siste rettidige betalingsdagen eller etter utløpet av betalingsfristen i avtala, jf. artikkel 3 nr. 3 bokstav a. Er ingen slik dato eller periode for betaling gitt i avtala, skal fordringshavaren etter artikkel 3 nr. 3 bokstav b ha rett til forseinkingsrenter etter at ein av dei følgjande fristane gjekk ut:

  • i) 30 kalenderdagar etter at skuldnaren har motteke faktura eller tilsvarande betalingsoppmoding,

  • ii) dersom datoen for mottak av faktura eller tilsvarande betalingsoppmoding er usikker, 30 kalenderdagar etter mottak av varene eller tenestene,

  • iii) dersom skuldnaren tek imot faktura eller tilsvarande betalingsoppmoding tidlegare enn varene eller tenestene, 30 kalenderdagar etter mottak av varene eller tenestene, eller

  • iv) dersom det skal nyttast ei lov- eller avtalefesta godkjennings- eller verifikasjonsprosedyre som skal fastsette i kva grad varene eller tenestene er i samsvar med avtala, og skuldnaren har motteke faktura eller tilsvarande betalingsoppmoding tidlegare eller same dagen som ei slik godkjennings- eller verifikasjonsprosedyre finn stad, 30 kalenderdagar etter denne datoen.

Artikkel 3 nr. 4 inneheld nærare føresegner som set grenser for kor lang tid som kan nyttast på ei godkjennings- eller verifikasjonsprosedyre nemnd i punkt iv ovanfor. Som hovudregel skal det ikkje gå meir enn 30 dagar frå då varane eller tenestene vart leverte, når ikkje anna er tydeleg avtalt og på det vilkår at ei slik avtaleregulering ikkje er klårt urimeleg for fordringshavaren etter artikkel 7, jf. punkt 8 i proposisjonen her.

Vidare krev artikkel 3 nr. 5 at medlemsstatane skal sikre at den avtalte betalingsfristen ikkje overstig 60 dagar, med mindre anna er uttrykkjeleg avtalt og ikkje kan sjåast som klårt urimeleg for fordringshavaren etter artikkel 7.

4.2 Gjeldande rett

Etter forseinkingsrentelova § 2 kan fordringshavaren krevje forseinkingsrente når kravet ikkje vert betalt ved forfall. Er forfallstida fastsett på førehand, løp forseinkingsrenter frå denne dagen, og elles frå 30 dagar etter at fordringshavaren har sendt skuldnaren eit skriftleg påkrav med oppmoding om å betale.

Norsk rett inneheld få føresegner som regulerer avtalt betalingstid mellom to føretak ved kjøp av varer eller tenester. Som for alle andre avtalevilkår, vil likevel slike avtaleføresegner kunne endrast eller settast ut av kraft som eit urimeleg avtalevilkår etter avtalelova § 36. Kjøpslova § 49 inneheld visse føresegner om betalingstid, men føresegne i lova kan fråvikast ved avtale, jf. § 3.

4.3 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet punkt 3.2.1 til 3.2.3 uttala departementet:

«[…]Tidspunkt då renteberekninga startar
Då det gjeldande direktivet vart gjennomført i norsk rett, vurderte departementet det slik at det ikkje var naudsynt å endre reglane om tidspunktet då renteberekninga startar, jf. Ot.prp. nr. 3 (2003-2004) side 11-13. Etter det departementet kan sjå, er reglane i det nye direktivet dei same, noko som gjer at det heller ikkje no er behov for endringar på dette punktet.
[…] Lengste betalingstid og sensur av urimelege avtalevilkår
Direktivet artikkel 3 nr. 4 krev at ein kontrollprosedyre som skal sikre at varene eller tenestene er i samsvar med avtala, ikkje skal overstige 30 dagar etter at varene eller tenestene er mottekne, med mindre noko anna er tydeleg avtalt, forutsett at det ikkje er klårt urimeleg overfor kreditor. Departementet gjer framlegg om å gjennomføre føresegna i ny § 2 a andre ledd i forseinkingsrentelova.
Når det gjeld artikkel 3 nr. 5 om ein maksimal betalingsperiode på 60 dagar når ikkje anna er tydeleg avtalt og dette ikkje er klårt urimeleg, ser departementet det førebels slik at føresegna krev ei lovendring. Fristen gjeld truleg den avtalte fristen etter direktivet artikkel 3 nr. 3 bokstav a. Som hovudregel vil det dermed ikkje vere høve for næringsdrivande å leggje til grunn ein lengre betalingsfrist enn 60 dagar utan at dette er tydeleg avtalt, jf. òg punkt 13 i direktivet si fortale. Departementet gjer i høyringsnotatet her framlegg om ein ny § 2 a fyrste ledd i forseinkingsrentelova, som tek sikte på å gjennomføre direktivet artikkel 3 nr. 5.
Når eit vilkår om lengre frist er tydeleg avtalt, vil fristen heller ikkje stå seg dersom han er klårt urimeleg for fordringshavaren. Etter departementet sitt syn oppfyller norsk rett her allereie krava i direktivet, då urimelege avtalevilkår kan setjast til side med heimel i avtalelova § 36. Medan direktivet berre sanksjonerer klårt urimelege vilkår, vil terskelen etter norsk rett vere ved det urimelege – noko som er til fordel for fordringshavaren. Med utgangspunkt i minimumsklausulen synest det ikkje naudsynt å endre norsk rett for å oppfylle krava i direktivet i relasjon til urimelege vilkår.
[…] Forseinkingsrentesatsen
Reglane om rentesats i artikkel 3 nr. 2, jf. artikkel 2 nr. 6 og 7, er i hovudsak i samsvar med det gjeldande direktivet og forseinkingsrentelova § 3 fyrste ledd fyrste punktum. Den lovbestemte renta for forseinka betaling skal likevel utgjere referanserentesatsen med eit tillegg på minst åtte prosentpoeng, jf. artikkel 2 nr. 6. Dette er ei auke på eit prosentpoeng samanlikna med 2000-direktivet. Det vert dermed naudsynt å endre rentesatsen i forseinkingsrentelova § 3 tilsvarande, jf. framlegget om endring av § 3 i høyringsnotatet her.»

4.4 Høyringsfråsegnene

Skatteetaten uttaler:

«Vi har merket oss at forslaget innebærer en økning av den lovbestemte forsinkelsesrentesatsen med ett prosentpoeng, noe som betyr en endring i forsinkelsesrenteloven § 3 som også gjelder ved forsinket betaling av skatte- og avgiftskrav, jf. skattebetalingsloven § 11-6.»

Norske Inkassobyråers Forening uttaler:

«NIF er enig med departementets vurderinger når det gjelder forhold nevnt i høringsnotatet pkt. 3.2.2, 3.2.3, pkt. 4, 5, 7 og 8. NIF er imidlertid skeptisk til hvor fornuftig det vil være å bruke Forsinkelsesrenteloven som en oppsamlingsplass for bestemmelser som spenner over så store rettsområder. NIF foreslår derfor at bestemmelsene foreslått i forsinkelsesrenteloven § 2 a, 4 a, og 4 b innarbeides i avtaleloven hvor de naturlig hører hjemme. I tillegg foreslår vi at begrepet betalingsperiode i § 2 a 1. avsnitt byttes ut med begrepet ‘kredittid’».

4.5 Departementets vurdering

På bakgrunn av høyringsrunden held departementet fast ved framlegget i høyringsnotatet. Føresegnene i artikkel 3 nr. 4 og 5 vert med det føreslått gjennomført i ein ny § 2 a i forseinkingsrentelova. Artikkel 3 nr. 3 krev, slik departementet ser det, ikkje endringar i lovverket. Artikkel 3 nr. 2, jf. artikkel 2 nr. 6 og nr. 7, føreslår departementet at vert gjennomført ved justering av rentesatsen i forseinkingsrentelova § 3 første ledd første punktum. Slik departementet ser det, er artikkel 3 nr. 1 allereie i samsvar med forseinkingsrentelova § 2 første ledd første punktum og andre ledd og krev difor ikkje lovendring.

Når det gjeld merknaden frå Norske Inkassobyråers Forening, er departementet samd i at fleire av dei føreslåtte føresegnene kanskje ikkje høyrer naturleg heime i forseinkingsrentelova, slik lova er i dag. Det kan ofte vere ei utfordring å få til ein lovsystematikk kor nye føresegner naturleg lar seg innplassere. Direktivet gjeld handelstransaksjonar ved kjøp av varer og tenester. Eit alternativ ville vere å plassere reglane i kjøpslova. Men sidan kjøpslova ikkje gjeld kjøp av tenester, og vi ikkje har ei lov som direkte regulerer yting av tenester, ser departement ikkje det som eit aktuelt alternativ. Avtalelova er ei lov som gjeld alle avtaler, også dei som ikkje direkte gjeld kjøp av varer eller tenester. Reglane som er føreslått i proposisjonen her, har nær samanheng med renteføresegnene i forseinkingsrentelova. Departementet har difor blitt ståande ved at føresegnene best kan innplasserast i forseinkingsrentelova. Spørsmålet om kva slags føresegner som høyrer heime i avtalelova, bør etter departementet sitt syn vurderast meir overordna enn det som er ramma for lovproposisjonen her.

Departementet meiner likevel at føresegna om at ein kontrollprosedyre ikkje skal overstige 30 dagar, med mindre noko anna er uttrykkjeleg avtalt, også bør reflekterast i lov 13. mai 1988 nr. 27 om kjøp § 49 andre ledd nytt andre punktum. I utgangspunktet vil reguleringa i forseinkingsrentelova vere tilstrekkeleg, men departementet ser det slik at ei føresegn i kjøpslova vil gi betre informasjon om regelen og med det ha pedagogiske fordelar. I den svenske utredninga, SOU 2012: 11 Snabbare betalingar, er det òg føreslått ei slik løysning.

Departementet går ikkje inn for å endre på ordlyden i den føreslåtte § 2 a i forseinkingsrentelova, slik at ein nyttar uttrykket «kredittiden» i staden for «betalingsperioden». I den danske versjonen av direktivteksten artikkel 3 nr. 5 og i den førebels uoffisielle norske oversettinga, er uttrykket «betalingsfrist» og «betalingsfristen» nytta. Departementet finn etter dette at «betalingsfristen» er mest treffande, og legg fram lovforslag i tråd med dette.

Til forsida