Prop. 47 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak

Kap. 1330 Særskilde transporttiltak

Post 66 Belønningsmidlar til tilskotsordningar i byområda

I 2020 er det løyvd 2 712,5 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1330, post 66 Belønningsmidlar til tilskotsordningar i byområda, med 598 mill. kr.

Det blir ikkje inngått tilleggsavtale til byvekstavtalen for Osloområdet i 2020 for å følgje opp bompengeavtalen frå 2019. Dette reduserer behovet for løyvingar på posten med 604 mill. kr, fordelt med 554 mill. kr til planlagt auka bidrag til Fornebubanen og ny T-banetunnel frå 50 til 66 pst., og 50 mill. kr i tilskot til reduserte billettprisar på kollektivtransport.

Vidare er det statlege bidraget til byvekstavtalen for Nord-Jæren i 2020 auka med 6 mill. kr.

Post 71 Tilskot til kommersielle buss- og båtruter som følgje av smitteverntiltak – tilføying av stikkord

Regjeringa har sett i verk ei rekkje økonomiske tiltak i 2020 for å avhjelpe konsekvensane av pandemien og smitteverntiltak. Tilskot til kommersielle buss- og båtruter er viktig for å oppretthalde tilbodet, særleg der det ikkje finst andre alternativ. Utbetalingar til kommersielle buss- og båtruter som følgje av smitteverntiltak skjer på etterskot, og delar av løyvinga blir truleg ikkje betalt ut før i 2021. Regjeringa foreslår derfor at kap. 1330, post 71 Tilskot til kommersielle buss- og båtruter som følgje av smitteverntiltak, får føyd til stikkordet «kan overførast», jf. forslag til romartalsvedtak.

Til forsida av dokumentet