Prop. 47 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

6 Programkategori 21.60 Kystforvaltning

Kap. 1360 Kystverket

Post 60 Tilskot til fiskerihamneanlegg

I 2020 er det løyvd 33,3 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1360, post 60 Tilskot til fiskerihamneanlegg, med 3 mill. kr.

Løyvinga gjeld kommunale fiskerihamneanlegg. Det lågare behovet i 2020 kjem av at delar av tilsegna til to prosjekt vil bli trekt tilbake fordi prosjekta er endra.

Post 72 Tilskot for overføring av gods frå veg til sjø

I 2020 er det løyvd er 75 mill. kr. Det vil i 2020 bli lågare utbetalingar på grunn av forseinka framdrift i prosjekt enn det som var lagt til grunn i Prop. 1 S (2019–2020) og i Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020.

Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1360, post 72 Tilskot for overføring av gods frå veg til sjø, med 50 mill. kr.

Kap. 5577 Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet

Post 74 Sektoravgifter Kystverket

Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 5577, post 74 Sektoravgifter Kystverket, med til saman om lag 21,4 mill. kr.

Ved behandlinga av Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 og Innst. 360 S (2019–2020), blei løyvinga på posten redusert med 230 mill. kr. Nedgangen i trafikken har vore mindre enn det som blei lagt til grunn tidlegare i år, og løyvinga kan derfor aukast med 20 mill. kr.

I samband med lønnsoppgjeret for 2020 blei Kystverket for den delen av verksemda som er avgiftsfinansiert, tildelt om lag 1,4 mill. kr over kap. 1360, post 01 Driftsutgifter. Kap. 5577, post 74 Sektoravgifter Kystverket, må derfor aukast tilsvarande.

Til forsida av dokumentet