Prop. 47 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

Kap. 1314 Statens havarikommisjon for transport

Post 01 Driftsutgifter

Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1314, post 01 Driftsutgifter, med 1,6 mill. kr.

På grunn av virusutbrotet har Statens havarikommisjons aktivitetsnivå for undersøkingar blitt lågare. I tillegg er det venta lågare lønnsutgifter fordi rekrutteringa knytt til at undersøkingsmyndigheita for forsvarssektoren som blei overført til Statens havarikommisjon 1. juli 2020, er forseinka.

Kap. 4313 Luftfartstilsynet

Post 01 Gebyrinntekter

I 2020 er det løyvd 148,5 mill. kr på kap. 4313, post 01 Gebyrinntekter. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 19 mill. kr.

Aktiviteten i luftfartsmarknaden er redusert på grunn av smitteverntiltaka etter virusutbrotet. Dette påverkar òg grunnlaget for Luftfartstilsynets gebyrinntekter. Tilsynet har m.a. fått færre søknader om bakgrunnssjekk og godkjenningar av nye luftfartøy, og det har vore ein generell nedgang i andre godkjenningar. Vidare blir gebyrinntektene lågare fordi innføringa av Luftfartstilsynets droneportal er utsett frå 1. juli 2020 til 1. januar 2021.

Kap. 5619 Renter av lån til Avinor AS

Post 80 Renter

I 2020 er det løyvd 22,2 mill. kr i rentebetalingar på statslånet til Avinor AS.

Avinor AS har fått avdragfridom på statslånet i 2020, jf. Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 og Innst. 360 S (2019–2020). Isolert sett fører det til at renteinnbetalinga i 2020 aukar. Samstundes har rentene vore låge sidan virusutbrotet i mars. På bakgrunn av dette vil rentebetalinga på statslånet til Avinor AS bli 23,4 mill. kr i 2020. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 5619, post 80 Renter, med om lag 1,2 mill. kr.

Til forsida av dokumentet