Prop. 47 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.30 Vegformål

Kap. 1320 Statens vegvesen

Post 01 Driftsutgifter

Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 01 Driftsutgifter, med til saman 100 mill. kr, og med ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m., jf. omtale under kap. 4320, post 01.

Sal av tenester til fylkeskommunane innan byggherre, fagressursar, grunnboring og laboratorietenester, er rekna å bli om lag 60 mill. kr høgare enn budsjettert. Omorganiseringa av Statens vegvesen har medført ledige lokale. Fleire av desse er blitt leigd ut, og inntektene frå framleige er rekna å bli 40 mill. kr høgare enn budsjettert.

Post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar

I 2020 er det løyvd 7 411,8 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1320, post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar, med 50,3 mill. kr på grunn av færre forsikringsskadar, jf. omtale under kap. 4320, post 03.

Post 30 Riksveginvesteringar

I 2020 er det løyvd 13 436,4 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, med til saman om lag 35,7 mill. kr.

Statens vegvesen har i 2020 gjennomført fleire samarbeidsprosjekt med Nye Veier AS, Bane NOR SF og kommunar enn rekna med. Dette har auka utgiftene og inntektene med om lag 40 mill. kr, jf. omtale under kap, 4320, post 01. Vidare blir det foreslått å omdisponere om lag 4,3 mill. kr til kap. 1320, post 73, jf. omtale under post 73.

Post 73 Tilskot for reduserte bompengetakstar utanfor byområda

I 2020 er det løyvd 2 140 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 73 Tilskot for reduserte bompengetakstar utanfor byområda, med om lag 4,3 mill. kr.

Ved behandlinga av Prop. 117 S Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 og Innst. 360 S (2019–2020) blei løyvinga på posten auka med 740 mill. kr for å avvikle og slette gjeld i fem bompengeprosjekt. For å kunne avvikle og slette gjeld i dei fem bompengeprosjekta var det behov for om lag 4,3 mill. kr meir enn opphaveleg overslag.

Kap. 4320 Statens vegvesen

Post 01 Salsinntekter m.m.

I 2020 er det løyvd 247 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m., med 170 mill. kr.

Sal av tenester til fylkeskommunane er rekna å bli 60 mill. kr høgare enn budsjettert, medan inntekter frå framleige aukar med 40 mill. kr, jf. omtale under kap. 1320, post 01.

Vidare er inntekter frå samarbeidsprosjekt med Nye Veier AS, Bane NOR SF og kommunar rekna å bli 40 mill. kr høgare enn budsjettert, jf. omtale under kap. 1320, post 30.

Ved behandlinga av Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 og Innst. 360 S (2019–2020) blei løyvinga redusert med 30 mill. kr på grunn av redusert aktivitet etter virusutbrotet for tenester som krev personleg oppmøte på trafikkstasjonane. Det har seinare vist seg at denne aktiviteten likevel ikkje har blitt vesentleg redusert i 2020.

Post 02 Diverse gebyr

I 2020 er det løyvd 438,4 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 02 Diverse gebyr, med 20 mill. kr.

Ved behandlinga av Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 og Innst. 360 S (2019–2020) blei løyvinga redusert med 75 mill. kr på grunn av lågare aktivitet etter virusutbrotet. Auka aktivitet etter gjenopninga av trafikkstasjonar og publikumstenester førte til høg produksjon i perioden juni til august.

Post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap

I 2020 er det løyvd 115,3 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 4320, post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap, med 50,3 mill. kr. Utgiftene blir tilsvarande lågare, jf. omtale under kap. 1320, post 22. Inntektene på posten gjeld refusjonar frå forsikringsselskap og dekkjer dei faktiske utgiftene for Statens vegvesen som køyretøy m.a. påfører vegutstyr. Det er venta færre forsikringsskadar på grunn av redusert biltrafikk og transport på veg i 2020.

Kap. 1323 Vegtilsynet

Post 01 Driftsutgifter

Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1323, post 01 Driftsutgifter, med 1 mill. kr. Virusutbrotet gjer at tilsynet har gjennomført færre inspeksjonar m.m. Kurs-, konferanse- og reiseaktivitet er òg redusert.

Kap. 4322 Svinesundsforbindelsen AS

Post 90 Avdrag på lån

Det var i 2020 budsjettert med 104 mill. kr i avdrag på statslånet til Svinesundsforbindelsen AS. Som ein konsekvens av virusutbrotet har grensetrafikken og dermed bompengeinntektene minka. Lånet vil derfor ikkje bli nedbetalt i 2020 som lagt til grunn i Prop. 1 S (2019–2020). Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 54 mill. kr. Denne siste delen av lånet er venta nedbetalt i 2021, og bompengeinnkrevjinga vil avsluttast i løpet av 2021.

Kap. 5624 Renter av Svinesundsforbindelsen AS

Post 80 Renter

I 2020 er det løyvd 2 mill. kr. Mindre nedbetaling på lånet i 2020 gir isolert sett høgare renteinntekter, men samstundes har rentene vore låge etter virusutbrotet i mars. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 5624, post 80 Renter, med om lag 0,9 mill. kr.

Andre vegsaker

Rv. 22 Lillestrøm–Fetsund i Viken – endra kostnadsramme

Prosjektet er sist omtalt i Prop. 1 S (2015–2016). Prosjektet inngår i Oslopakke 3, jf. St.meld. nr. 17 (2008–2009) Om Oslopakke 3 trinn 2.

Prosjektet opna for trafikk i desember 2015. Etter at prosjektet var ferdig, har entreprenøren og Statens vegvesen ikkje blitt samde om sluttoppgjeret. Usemja gjeld i hovudsak handteringa av dokumentasjon mellom Statens vegvesen og entreprenør.

Samferdselsdepartementet legg opp til at Statens vegvesen og entreprenøren inngår forlik. Totalkostnaden for prosjektet vil bli høgare enn gjeldande kostnadsramme, som er 810 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å auke kostnadsramma til 885 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.

Rv. 110 Ørebekk–Simo – endra kostnadsramme

Prosjektet er m.a. omtalt i Prop. 50 S (2014–2015) Utbygging og finansiering av fase 1 av Bypakke Nedre Glomma i Østfold. Det er sist omtalt i Prop. 1 S (2019–2020), side 102–103.

Prosjektet opna for trafikk i 2019. Opninga har blitt utsett ein rekkje gonger, m.a. på grunn av at vanskelege grunntilhøve har forseinka bygginga av Seutbrua. Som ein konsekvens av dette blei kostnadsramma til prosjektet auka til 900 mill. 2018-kr i samband med Stortingets behandling av Prop. 17 S (2018–2019) Endringar i statsbudsjettet 2018 under Samferdselsdepartementet, og Innst. 111 S (2018–2019).

Etter at prosjektet blei ferdig, har entreprenøren og Statens vegvesen ikkje blitt samde om sluttoppgjeret. Usemja er hovudsak knytt til arbeidet med Seutbrua.

Samferdselsdepartementet legg opp til at Statens vegvesen inngår eit forlik med entreprenøren. Totalkostnaden for prosjektet vil bli høgare enn gjeldande kostnadsramme. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke kostnadsramma til 1 045 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.

Til forsida