Prop. 47 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

5 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

Kap. 1352 Jernbanedirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Jernbanedirektoratets aktivitet er redusert m.a. på grunn av virusutbrotet. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1352, post 01 Driftsutgifter, med 10 mill. kr.

Post 21 Særskilde driftsutgifter – planar og utgreiingar

I 2020 er det løyvd 188,7 mill. kr på posten. Vidare er det overført 165,3 mill. kr frå 2019. Ved behandlinga av Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 og Innst. 360 S (2019–2020) blei posten redusert med 60 mill. kr. Behovet for midlar er lågare enn tidlegare lagt til grunn. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1352, post 21 Særskilde driftsugifter – planar og utgreiingar, med 75 mill. kr.

Post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald

I 2020 er det løyvd 8 877,5 mill. kr på posten.

Togselskapa betaler Bane NOR SF for tenester dei bruker under sportilgangsavtalane. Desse inntektene skal trekkjast frå løyvinga til drift og vedlikehald. For 2020 har togselskapa betalt 170 mill. kr meir i køyrevegsavgifter enn det var lagt til grunn i Prop. 1 S (2019–2020) og Innst. 13 S (2019–2020).

Vidare er det gjort ei avrekning som gjeld Bane NOR si tilbakebetaling av påslag som blei fakturert for trafikk på Gardermobanen for perioden 2017–2019. Avrekninga viser at Bane NOR har motteke 73,2 mill. kr for lite i vederlag frå togselskapa for perioden 2017 til 2019. Endringane i køyrevegsavgiftene for togselskapa blir dekt innanfor løyvinga på kap. 1352, post 70 Kjøp av persontransport med tog.

Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1352, post 71 Kjøp av infrastrukturtenester, med til saman 96,8 mill. kr.

Post 73 Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar

I 2020 er det løyvd 12 395,7 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1352, post 73 Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar, med 46 mill. kr fordi den styrkte kronekursen har gitt reduserte valutautgifter i Follobaneprosjektet.

Ved behandlinga av Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 og Innst. 360 S (2019–2020) blei løyvinga auka med 645 mill. kr for å dekkje auka valutautgifter til Follobaneprosjektet. Den styrkte kronekursen gjer at valutatapet er redusert med 46 mill. kr samanlikna med tidlegare berekning. Kronekursen har svinga det siste halve året, slik at det framleis er uvisse knytt til endelege valutautgifter i 2020.

Andre jernbanesaker

Vossebanen: Fløen–Bergen/Nygårdstangen godsterminal – styringsmål

Stortinget vedtok ved behandlinga av Prop. 131 S (2016–2017) Nokre saker om administrasjon, veg, jernbane og post og telekommunikasjonar og Innst. 472 S (2016–2017) auka kostnadsramme for prosjektet Arna–Fløen (Ulriken tunnel). Det blei i proposisjonen orientert om forholda rundt kvalitetssikringa (KS2) for eit samla prosjekt Arna–Bergen, og særskild for Arna–Fløen. Rekkefølgja og samordning av Bybanen, Nygårdstangen godsterminal, Kronstadsporet og Mindemyren med Fløen–Bergen måtte avklarast nærmare. Det blei derfor ikkje fastsett kostnadsramme for Fløen–Bergen. Vidare skriv departementet i proposisjonen at det skulle komme tilbake til Stortinget etter nærmare avklaringar for delprosjektet Fløen–Bergen.

Bane NOR har arbeidd med å optimalisere det såkalla moderniseringsalternativet frå 2016 for Nygårdstangen godsterminal. Dette har gitt eit samordna prosjekt Fløen–Bergen/Nygårdstangen godsterminal som gir ein meir effektiv terminal, lågare logistikkostnader, høgare kapasitet og lengre berekna tid før kapasiteten på terminalen blir fullt utnytta. Det blir lagt til grunn at godsterminalen blir planlagt bygd samstundes med Bergen–Fløen, fordi dei to tiltaka er tett knytte til kvarandre med omsyn til tekniske anlegg og bygging.

Regjeringa har vedteke eit styringsmål (tilsvarer om lag styringsramme) for prosjektet på 3 399 mill. 2021-kr. Styringsmålet gjeld for vidareføring av planlegginga av prosjektet.

Til forsida