Prop. 47 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

7 Programkategori 22.10 Posttenester

Kap. 1370 Posttenester

Post 70 Kjøp av post- og banktenester

Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1370, post 70 Kjøpa av post- og banktenester med i alt om lag 112,9 mill. kr.

Kjøp av post- og banktenester

I 2019 blei det sett av 534 mill. kr til kjøp av post og banktenester frå Posten Norge AS. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med modellen viser eit faktisk behov i 2019 på 636 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. Dette er 102 mill. kr meir enn det som blei løyvd i 2019.

Departementet legg opp til at Posten får etterbetalt ein ytterlegare kompensasjon for 2019 på 102 mill. kr. I tråd med praksis frå tidlegare år legg departementet opp til at staten betaler rente på det beløpet selskapet skal ha etterbetalt. Rentebeløpet er rekna til 2,1 mill. kr.

Dette inneber at staten skal betale i alt 104,1 mill. kr til Posten.

Konkurranse om avisomdeling

Samferdselsdepartementet har inngått kontrakt med Posten Norge om avisomdeling på vekedagar motsyklisk til leveringspliktig postomdeling i område der det ikkje er kommersielle avisbodnett. Kontrakten blei inngått med det omfanget som det var lagt opp til i 2019. Det har i ettertid vist seg at det var nokre hol i dekninga, og Samferdselsdepartementet har inngått ein tilleggskontrakt for 8,8 mill. kr i siste halvår av 2020.

Til forsida