8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovendringane som blir foreslåtte vil ikkje direkte ha økonomiske eller administrative konsekvensar av betydning, verken for det offentlege eller private.

Endringane inneber ikkje pålegg om nye oppgåver for kommunane. Kvar kommune avgjer om kommunen skal ha brukarrom og i så fall kor mange.

Dei foreslåtte endringane i målgruppa vil føre til at nokre fleire personar vil oppfylle vilkåra for å bli registrert som brukar. Det er ikkje mogleg å talfeste kor mange dette gjeld verken på landsbasis eller i dei kommunane som no har brukarrom. Pågangen til brukarrom kan bli noko større, noko som kan vere ei utfordring i og med at det allereie er vedvarande kapasitetsproblem i eit av dei eksisterande brukarromma. Kommunar med brukarrom vel likevel sjølve antal, storleik og opningstider. Slik sett vil endringane ikkje ha direkte økonomiske konsekvensar for kommunar med brukarrom.

Formålet med endringane som blir foreslåtte i punkt 5 og 6 er å gjere det enklare for kommunar å etablere og drive brukarrom, for å legge til rette for at det blir oppretta fleire brukarrom.

Kommunar som vel å etablere brukarromordning (eller opprette fleire brukarrom enn dei allereie har) vil få utgifter til etablering og drift. Unntak etter den foreslåtte heimelen for å gjere unntak frå lovkrava til brukarromlokala kan ha betydning for utgiftsnivået. Det kan gjelde utgifter både til etablering og drift. Det er vanskeleg å talfeste kva unntak frå eit eller fleire av krava kan innebere økonomisk. Det kan dreie seg om innsparingar knytt til storleiken og utforminga til lokala osb., mellom anna ventilasjonsanlegg.

Forslaget om at kommunen kan inngå avtale med privat aktør om å drive brukarrom, kan gi kommunane større fridom med omsyn til korleis brukarrom skal etablerast og drivast. Det er vanskeleg å seie noko om korleis avtalebasert drift vil påverke kostnadane for kommunane samanlikna med at kommunen sjølv driv brukarrom.

Som nemnt er noko av målet med endringane at det skal opprettast fleire brukarrom. Dette føreset nye søknadar om etablering frå kommunane. Det er Helsedirektoratet som behandlar slike søknadar. Det blir foreslått at direktoratet også skal behandle søknadar om unntak frå krav i lova. Det kan medføra ein viss auke i arbeidsmengda til direktoratet. Det blir lagt til grunn at dette kan handterast innanfor den ordinære budsjettramma til direktoratet.