9 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget
9.1 Til endringane i brukerromsloven
Til § 1
Andre ledd første punktum er endret slik at målgruppa for brukarromordninga er menneske med «helseskadelig og risikofylt bruk av narkotika».
Det er ikkje meininga at alle som brukar ulovlege rusmiddel skal få tilgang til brukarrom. Brukarromma skal framleis ha personar med omfattande og alvorleg rusmiddelproblematikk som målgruppa, og ikkje personar med meir sporadisk bruk. Ikkje all potensielt helseskadeleg bruk vil være omfatta, men bruk som fører til helseskade av eit visst alvor og bruk som fører til betydeleg risiko for slik helseskade. Vurdering av risiko omfattar moment som kor hyppig rusmiddelet blir inntatt, kva for rusmiddel som blir brukte og korleis rusmidla blir inntatt, til dømes ved injisering, som gir høg risiko for skade på blodårer og infeksjonar, og om det generelt er høg risiko for overdose og død.
Personalet i brukarrom må gjere ein konkret, individuell vurdering av personen som ønsker å bli registrert som brukar, ut frå dei nemnde kriteria.
Endringa vil bli fulgt opp med endringar i brukerromsforskriftens reglar om kven som kan registreres som brukar av ordninga, jf. brukerromsforskriften § 1 andre ledd.
Sjå dei alminnelege merknadane i punkt 4.
I omtalen av kva som skal tilbys i brukarromordninga for å bidra til auka verdigheit for målgruppa, er hygeniske rammer for «inntak» av narkotika tatt inn til erstatning for tidlegare formulering om hygieniske rammer for «injisering» av narkotika. Endringa vert gjort for at ulike måtar å innta narkotika skal være likestilt i ordninga. Når ulike måtar å innta narkotika er likestilt i ordninga og personar som inntar narkotika på andre måtar enn ved injisering skal kunne få tilgang til ordninga, kan det oppstå behov for å prioritere kven som skal få tilgang til brukarrom dersom det er kapasitetsproblem. Etter departementet si vurdering opnar regelverket for ei slik prioritering basert på kven som har størst behov og som vil ha mest nytte av ei slik teneste.
Som ein konsekvens av at ulike inntaksmåtar skal likestillast i ordninga, og at personar som inntar narkotika på andre måter enn ved injisering skal kunne få adgang til ordninga, er det også gjort ei endring i formuleringa om å motivere for skånsomt inntak. Ordlyden «mer skånsomme inntaksmåter» er endra til «mest mulig skånsomt inntak.»
Sjå dei alminnelege merknadane i punkt 4.
Til § 2
Noverande andre og tredje ledd blir samla i andre ledd.
Tredje ledd er ei ny føresegn som gir heimel for å gjere unntak frå krava i andre ledd, mellom anna kravet om å ha både injeksjonsrom og inhaleringsrom.
Føresegna gir ein vid tilgang til å gjere unntak. I vurderinga av om det skal givast unntak, kan Helsedirektoratet leggje vekt mellom anna på økonomiske omsyn, på eventuelle ønskje frå kommunen om differensiering av tilbodet i brukarrom og eventuelle problem med tilgang på eigna lokale.
Eit eventuelt unntak frå kravet om tilgang til behandlingsrom kan vere aktuelt i samanheng med unntak frå kravet om tilbod om helsehjelp etter forskrifta § 5 første ledd bokstav f, jf. punkt 5.1.
Sjå dei alminnelege merknadane i punkt 5.
Til § 5
Nytt andre punktum har samanheng med endringa i helse- og omsorgstjenesteloven § 5-6 som inneber at annan offentleg eller privat tenesteytar kan drive brukarrom etter avtale med kommunen. Dei reglane om behandling av helseopplysningar som gjeld for kommunen, vil gjelde også for den som driv brukarrom på vegne av kommunen. Sjå dei alminnelege merknadane i punkt 6.
9.2 Til endringa i helseforetaksloven
Tilvisinga i helseforetaksloven § 35 tredje ledd er endra frå sameloven § 3-1 nr. 4 til sameloven § 3-1 bokstav b. I samband med endringar i språkreglane i sameloven vart det gjort ei endring i sameloven § 3-1. Endringa innebar at omgrepa «lokalt offentlig organ» og «regionalt offentlig organ» vart tekne ut av lova og erstatta med fellesnemninga «offentlige organer». Offentlege organar er i ny § 3-1 bokstav b definert som kvart organ for staten, fylkeskommunen og kommunen. Som følgje av ein inkurie vart tilvisinga til sameloven i helseforetaksloven § 35 tredje ledd ikkje oppdatert.
9.3 Til endringane i helse- og omsorgstjenesteloven
Til § 3-9 c
Endringa i andre punktum inneber at den rådgivande eininga for russaker ikkje lenger skal ha som lovfesta oppgåve å gjennomføre ruskontroll.
Sjå dei alminnelege merknadane i punkt 7.
Til § 5-6
Endringa i tredje punktum inneber at kommunen kan inngå avtale med private tenesteytarar om å drive brukarromordning på tilsvarande måte som for kommunens kjøp av andre helse- og omsorgstenester, jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1 femte ledd første punktum. Dette omfattar både ideelle organisasjonar og andre private aktørar.
Kommunen kan også inngå avtale med andre offentlege tenesteytarar om drift av brukarromordning. Eit døme kan vere interkommunalt samarbeid.
På same måte som for andre tenester, kan avtalen med kommunen ikkje overdragast, jf. § 3-1 femte ledd andre punktum, som også gjeld etter tilvisinga i § 5-6 tredje punktum.
Sjå dei alminnelege merknadane i punkt 6.