3 Narkotikakonvensjonane og andre folkerettslege forpliktingar osb.

3.1 Narkotikakonvensjonane

Dei sameinte nasjonane (FN) har vedtatt tre konvensjonar som særleg regulerer narkotika, frå no av kalla narkotikakonvensjonane. Noreg er part i dei tre konvensjonane og er folkerettsleg bunden av dei.

FN-konvensjonen av 1961 (The Single Convention on Narcotic Drugs, på norsk kalla Den alminnelige narkotikakonvensjon) regulerer stoff som er naturprodukt eller som er framstilt av slike produkt. Konvensjonen forpliktar statane til å ta dei lovmessige og administrative forholdsreglane som er nødvendige for at bruk og innehaving av narkotika skal avgrensast til medisinske og vitskapelege formål. Statane skal ikkje tillate innehaving av narkotika utan heimel i lov, jf. artikkel 33. Forsettleg innehaving av narkotika skal gjerast straffbart, jf. artikkel 36.

FN-konvensjonen av 1971 (The Convention on Psychotropic Substances, på norsk kalla Konvensjon om psykotrope stoffer) regulerer kontrollen med dei syntetiske stoffa. Etter artikkel 7 er statane forplikta til å forby all bruk av nærare oppførte stoff, sett bort frå for vitskapelege eller svært avgrensa medisinske formål.

FN-konvensjonen av 1988 (The Convention against Illicit Traffic in Narcotic Drugs and Psychotropic Substances, på norsk kalla De forente nasjoners konvensjon om ulovlig håndtering av og handel med narkotika og psykotrope stoffer) regulerer i første rekke ulovleg transport og handel med narkotika og tilverkingsstoffer (precursors). Etter artikkel 3 er statane forplikta til å sette straff for forsettleg innkjøp, innehaving, kjøp og sal av narkotiske stoff til personleg bruk, når stoffet stammar frå ulovleg handel. Konvensjonen stiller ikkje krav om at sjølve bruken av stoffet skal gjerast straffbart.

The International Narcotics Control Board (INCB) er FNs kontrollorgan for gjennomføringa av narkotikakonvensjonane og overvakar korleis statane overheld forpliktingane sine etter konvensjonane.

I proposisjonane om sprøyteromsloven og endringar i loven er det omfattande drøfting av forholdet til FNs narkotikakonvensjonar. Bakgrunnen for dette var mellom anna at INCB kunne oppfattast slik at dei meinte at sprøyterom ikkje var i tråd med narkotikakonvensjonane.

Det har over tid skjedd ei utvikling i INCBs haldning til brukarromordningar. INCB skreiv i 2018:

«Supervised drug consumption rooms
1. In the last few years, the Board has noted developments in several States with respect to the establishment or continued operation of supervised drug consumption facilities or «drug injection rooms». The objective of these facilities has been to reduce the transmission of communicable blood-borne diseases, to prevent overdose death and to provide target populations with access to basic health care and social services, including treatment and rehabilitation opportunities.
2. In the past, the Board has expressed reservations concerning the operation of «drug consumption rooms» because of concerns that their operation may increase the risk of drug abuse and trafficking. The Board has also expressed unease at the provenance of the substances used in «drug consumption rooms», as they are or may have been illicitly obtained.
3. The Board encourages any national, state or local authority that permits the establishment and operation of «drug injection rooms» to take measures to ensure that such facilities do not provide an additional opportunity for trafficking and abuse of illicit drugs. As State parties to the international drug control conventions, Governments have an obligation to combat illicit drug trafficking in all its forms.
4. The Board wishes to reiterate that, in order for the operation of such facilities to be consistent with the international drug conventions, certain conditions must be fulfilled.
Chief among those conditions is that the ultimate objective of these measures is to reduce the adverse consequences of drug abuse through treatment, rehabilitation and reintegration measures, without condoning or increasing drug abuse or encouraging drug trafficking. «Drug consumption rooms» must be operated within a framework that offers treatment and rehabilitation services as well as social reintegration measures, either directly or by active referral for access, and must not be a substitute for demand reduction programmes, in particular prevention and treatment activities.»

Om rusmiddelanalysetenester skreiv INCB i rapporten sin for 2023 mellom anna:

«37. People who use drugs share tips and dosing advice on various discussion forums. While this information-sharing reflects an increase in marketing, it can also strengthen efforts to reduce the adverse consequences of drug use. Drug-checking services can achieve a wider reach by using the Internet to communicate warnings. Such services analyse samples often provided by people who use «ecstasy» in connection with the electronic dance music scene. They can identify discrepancies between what people who use drugs think they are using and what they are actually consuming. The Internet provides a vehicle for rapidly sharing this information with other people using these substances. In cases where drugs are adulterated with dangerous substances or have unusually high potency, this information can save lives. Most people seeking information on a drug have never been in touch with drug-checking services before and may harbour a sceptical attitude towards warnings issued by official authorities. An additional benefit of drug-checking services is the identification of new psychoactive substances, which can then be communicated to authorities such as the European Union Early Warning System.
[…]
57. […]
Drug-checking services are an example that constitutes a form of peer education, information-sharing and counselling, and can even contribute to early warning systems for new psychoactive substances. While those health and community responses have positiveattributes, it is important to note that the objective of such measures should be to reduce the adverse consequences of non-medical drug use without condoning or encouraging drug trafficking.»

I konklusjonane sine (avsnitt 58) understrekar INCB at førebygging av narkotikabruk likevel må vere hovudmålet med tiltaka til statane.

Departementet forstår dermed INCB slik at det er akseptabelt å tilby brukarrom og rusmiddelanalysetenester såframt formålet er skadereduksjon og tiltaka ikkje fører til auka narkotikamisbruk eller -handel. Brukarrom må drivast innanfor rammer der det også blir tilbydd behandling og rehabiliteringstenester og tiltak for sosial reintegrering, anten direkte eller igjennom aktiv tilvising. Tiltaka må ikkje vere eit substitutt for førebyggingstiltak og behandlingstilbod.

3.2 Menneskerettar og internasjonale tilrådingar

Menneskerettane set grenser for kva inngrep styresmaktene kan gjere overfor personar, både i form av lovgiving som gjeld for alle og i form av konkrete inngrep overfor enkeltmenneske.

Blant menneskerettane er det særleg retten til helse som blir trekt fram i samband med rusmiddelbruk, men også retten til liv, retten til privatliv osb.

Med unntak av Barnekonvensjonen er det ingen av menneskerettskonvensjonane som nemner narkotika.

FNs internasjonale konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter (ØSK) artikkel 12 er hovudføresegna om retten til helse i den internasjonale reguleringa. Retten til helse inneber mellom anna at statane har plikt til å sette i verk ulike former for tiltak av betydning for moglegheita befolkninga har til å ta vare på helsa. Brukarrom og rusmiddelanalysetenester er skadereduserande tiltak. Skadereduksjon blir framheva i mange internasjonale tilrådingar, særleg i samband med retten til helse, men ofte heilt generelt eller lite spesifisert og utan at brukarrom er nemnde.

ØSK-komitéen uttalte i 2020 i dei avsluttande kommentarane sine til Noregs sjette periodiske rapport:

«43. The Committee recommends that the State party decriminalize drug use and enhance the availability, accessibility and quality of harm reduction programmes and specialized health-care services available to drug users.»

WHO har mellom anna peikt på at skadereduserande tiltak er viktig også overfor personar som bruker narkotika på andre måtar enn injisering.

Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) gav hausten 2022 ut rapporten Rus og menneskerettigheter. NIM omtaler ei rekke menneskerettslege spørsmål knytt til rusfeltet og viser til internasjonale tilrådingar. NIM oppsummerer slik:

«Samlet gir uttalelsene og anbefalingene et klart bilde av et skifte fra et straffeperspektiv over til et hjelpeperspektiv, og en rettighetsbasert tilnærming til ruspolitikk. Uttalelsene gir samlet sett uttrykk for at avkriminalisering av bruk og besittelse av narkotika og skadereduserende tiltak bidrar til å fremme menneskerettighetene, uten at avkriminalisering er et absolutt krav. Ifølge anbefalingene fremmer slike tiltak særlig retten til helse, barns rettigheter, rettigheter under strafferettspleien og forbudet mot diskriminering.»

Det blir framheva at eventuell avkriminalisering må følgast av alternative tiltak for å redusere skadar forbundne med rusmiddelbruk. NIM noterer at kva tiltak som bør setjast i verk eller korleis dei bør innrettast i lita grad blir utbroderte av FN-organa.

NIM uttaler i rapporten at det har skjedd ei positiv utvikling mellom anna med omsyn til auka tilgang til skadereduserande tiltak i Noreg, men uttaler seg ikkje spesielt om brukarrom.

Retten til helse er òg nedfelt i FN-konvensjonen om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne (CRPD) artikkel 25. I rapporten sin Du har ikkje noko her å gjere frå 2024 legg NIM til grunn at CRPD kan vere relevant for personar med rusavhengigheit. NIM skriv i rapporten punkt 1:

«Det er imidlertid mye som taler for at rusavhengighet rettslig sett etter omstendighetene faller innenfor CRPDs definisjon av funksjonsnedsettelse, og dermed er omfattet av konvensjonens diskrimineringsvern.»

Etter departementet sitt syn er det ingen holdepunkter for at retten til helse eller andre menneskerettslege forpliktingar inneber ei plikt for statane til å tilby brukarrom. På den andre sida er det ikkje noko som tilseier at brukarrom er i strid med nokre av menneskerettane.