1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Helse- og omsorgsdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om endringar i brukerromsloven (lov om ordning med brukerrom for inntak av narkotika) og helse- og omsorgstjenesteloven (lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m). Formålet med endringane er at det skal bli enklare for kommunane å etablere brukarromordningar og at fleire personar med alvorlege rusmiddelproblem skal få tilgang til brukarrom.
Forslaga inngår som ein del av førebyggings- og behandlingsreforma for rusfeltet, jf. Meld. St. 5 (2024–2025) Trygghet, fellesskap og verdighet – Forebyggings- og behandlingsreformen for rusfeltet Del I – en ny politikk for forebygging, skadereduksjon og behandling.
Kostnadane ved brukarromordningar som fyller alle krav i det gjeldande regelverket, kan truleg vera ein barriere for at fleire kommunar tilbyr brukarromordning, sjølv om behovet kan vere til stades. Det er etablert to brukarromordningar i Noreg. Færre absolutte krav kan bidra til at fleire kommunar vel å etablere brukarromordningar og til at kommunar som Oslo og Bergen etablerer fleire brukarrom, eventuelt med differensierte tilbod til ulike målgrupper.
Departementet foreslår derfor heimel for å gjere unntak frå krava til brukarromlokala som er fastsett i brukerromsloven, slik at kommunane kan søke om unntak.
Det blir også foreslått ei endring i helse- og omsorgstjenesteloven slik at kommunane kan velje å inngå avtale om drift av brukarromordning med private aktørar, til dømes ideelle organisasjonar.
Vidare er det forslag om endringar i formålsføresegna i brukerromsloven. Dette gjeld målgruppa for brukarromordninga og at regelverket skal likestille alle inntaksmåtar.
Høyringa omfatta forslag til endringar både i lov og forskrift. Nokre forskriftsendringar som ikkje avheng av lovendringar, blei vedtatt 20. juni 2025 og gjeld frå 1. juli 2025. Forskrift om ordning med brukerrom for inntak av narkotika (brukerromsforskriften) fekk heimel for å gjere unntak frå nokre av krava til innhaldet i tenestene og bemanninga. Det blei også gjort endringar i føresegnene om kva for narkotiske stoff ein kan innta i brukarrom ved at avgrensinga til stoff som blir injisert blei fjerna. Vidare blei det opna for at kommunane kan tilby rusmiddelanalyse i brukarromma. Endringane er omtalde i kongeleg resolusjon 20. juni 2025. Etter at lovforslaget er behandla, vil det bli ein eigen prosess med fastsetting av forskriftsendringar som er knytt til lovendringane.
Proposisjonen inneheld og ei endring i helse- og omsorgstjenesteloven § 3-9 c om rådgivande eining for russaker. Eininga skal ikkje lenger gjennomføre ruskontroll.
Oppfølging av forslag om å avvikle refusjon for laboratorieanalysar rekvirerte av heilprivate behandlarar
Når eit laboratorium har utført medisinske analysar rekvirert av helsepersonell, utbetaler staten aktivitetsbasert refusjon til både offentlege og private laboratorium. Korkje behandlarane eller pasientane betaler for analysane.
Helse- og omsorgsdepartementet sende 6. november 2025 på høyring forslag til endringar i lov og forskrift om å avvikle refusjon for laboratorieanalysar når analysane er rekvirerte av heilprivate behandlarar som ikkje har avtale med det offentlege. Forslaget innebar innføring av eit vilkår om at laboratoriet berre skal ha rett til refusjon frå staten dersom helsepersonellet har rekvirert laboratorieanalysen som del av helsehjelp eller tannhelsetenester frå den offentlege helse- og omsorgstenesta. Den offentlege helse- og omsorgstenesta omfattar både det offentlege sjølv og private som gir tilbodet etter avtale med regionalt helseføretak, kommune, staten eller fylkeskommune. Helseføretaka skulle framleis ha høve til å tilby analysane til heilprivate mot full betaling. Forslaget var ei oppfølging av forslag i Prop. 1 S (2025–2026) Helse- og omsorgsdepartementet. Opplegget blei vedteke av Stortinget 15. desember med ei innsparing på 292 mill. kroner (årsverknad 432 mill. kroner) forutsett iverksetting 1. mai d.å.
Det er viktig å prioritere den offentlege helse- og omsorgstenesta, men høyringa viste at det er nødvendig å sjå meir heilskapleg på korleis den offentlege dekninga av analysar kan gjerast meir effektiv og målretta. Høyringa viste også at det ville vere tidkrevjande å få på plass dei administrative løysingane for at sjukehuslaboratoria kan ta betaling for analysane. Regjeringa har derfor tatt ei avgjerd om ikkje å gå vidare med forslaget no. Regjeringa vil kome tilbake med forslag til inndekning av 292 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett.