St.meld. nr. 23 (1997-98)

Om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing, samandrag og konklusjonar

1.1 Mål og prinsipp for opplæringa

Alle barn, unge og vaksne skal gjennom grunnskule, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring få hjelp til å ta hand om sitt eige liv og vise pliktkjensle og omsorg for andre. Eitt av dei overordna opplæringsmåla er formulert slik:

«Målet for opplæringa er å ruste barn, unge og vaksne til å møte livsens oppgåver og meistre utfordringar saman med andre. Ho skal gi kvar elev kompetanse til å ta hand om seg sjølv og sitt liv, og samtidig overskott og vilje til å vere andre til hjelp.»

(Læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring, Generell del)

Det pedagogiske arbeidet med å realisere slike overordna opplæringsmål må ta utgangspunkt i evnene og føresetnadene til den enkelte eleven. Dette er berebjelken i prinsippet om tilpassaopplæring. Alle elevar skal i skulen, uavhengig av bakgrunn, evner eller funksjonshemmingar, møte utfordringar som er i samsvar med føresetnadene deira. Berre da kan vi snakke om likeverdige opplæringstilbod.

Eit slikt ambisiøst pedagogisk mål set store krav til differensiering, med utgangspunkt i sentralt fastsette læreplanar. Einskapsskulen kombinerer fellesskap og mangfald gjennom på den eine sida å inkludere alle elevar i eit sosialt, fagleg og kulturelt fellesskap med klassen og skulesamfunnet som felles arena, og på den andre sida å forvente individuell tilpassing av metode og innhald.

For enkelte elevar trengst spesielt tilrettelagde pedagogiske tiltak for å støtte opp om, og i størst mogleg grad å møte særskilde behov for, tilpassa og inkluderande opplæring i den lokale skulen. Fleirtalet av elevar med særskilde behov kan få ekstra støtte og hjelp gjennom differensiering med basis i klassen og ved bruk av ordinære ressursrammer, gjennom t d gruppedeling, 2-lærarsystem, innanfor klassens ramme m m. Elevar som ikkje kan få eit tilfredsstillande tilpassa tilbod innan slike rammer, er i lovverket gitt ein eksklusiv individuell rett til spesialundervisning, med grunnlag i enkeltvedtak og etter sakkunnig fagleg vurdering. I landsgjennomsnitt får vel 6 % av elevane i grunnskulen i Noreg spesialundervisning etter enkeltvedtak, og ein noko lågare prosentdel i barnehage og vidaregåande opplæring.

Denne stortingsmeldinga omhandlar først og fremst organiseringa av det spesialpedagogiske tilbodet til barn, unge og vaksne med særskilde behov, særleg med tanke på det faglege hjelpe- og støttearbeidet frå lokal pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste eller PPT) og statlege kompetansesentra. I botn for meldinga ligg prinsippet om tilpassa opplæring for alle, og retten til spesialundervisning for dei som treng tilbod om tiltak utover det dei vanlege ressursrammene og differensieringsmodellane gir rom for.

Dei aller fleste barn, unge og vaksne i Noreg med særskilde behov får opplæring i lokalsamfunnet. Det er her kvaliteten på det pedagogiske tilbodet skal sikrast. Skulen skal, i samarbeid med dei føresette, utforme og gi barnet/den unge eit tilpassa opplæringstilbod. Barn som etter sakkunnig vurdering har eit dokumentert behov for eit spesialpedagogisk tilbod før grunnskulealder, har ein juridisk rett til å få det. I tilfelle barnehagen eller skulen treng tilleggskompetanse i arbeidet med å gi eit tilbod tilpassa dei spesielle føresetnadene til den enkelte, skal det skaffast nødvendig hjelp og støtte frå lokal PP-teneste, statlege spesialpedagogiske kompetansesenter eller andre faglege hjelpe- og rettleiingstenester. Utgangspunkt, rettar og plikter når det gjeld slike spesialpedagogiske tilbod, finst nedfelte i lover, forskrifter og læreplanar for skuleverket.

Det er kommunen og fylkeskommunen som har det formelle ansvaret for å leggje til rette opplæringa for alle elevar, også dei som har særskilde behov. Dette prinsippet vil bli ført vidare i ei ny felles opplæringslov. Lærlingar skal ha same tilgang på pedagogisk-psykologisk teneste som elevar i vidaregåande skule. Vidare kan fylkeskommunen samtykkje i at det blir fastsett avvikande kontraktvilkår for lærlingar. Ungdommar som er særs lite skulemotiverte, kan etter sakkunnig vurdering få heile den vidaregåande opplæringa i bedrift.

Staten skal syte for at kommunar og fylkeskommunar har eit tilstrekkeleg samla inntektsgrunnlag til å kunne følgje opp det formelle opplæringsansvaret sitt. Utover dette har staten tradisjonelt ivaretatt spesialpedagogisk spisskompetanse på nasjonalt nivå, for å supplere og støtte det lokale arbeidet med å gi alle barn, unge og vaksne med særskilde behov eit individuelt tilpassa pedagogisk tilbod.

1.2 Viktige premissar for spesialundervisninga og særskilt tilrettelagd opplæring 1

Barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov representerer svært ulike grupper. Det er store variasjonar mellom grupper som fysisk funksjonshemma, synshemma, hørselshemma, personar med språk- og talevanskar, grupper med sosiale og emosjonelle vanskar, samansette lærevanskar eller spesifikke fagvanskar. Forskjellane er vidare store internt i kvar enkelt gruppe. Behova for omfang og grad av særskild tilrettelegging vil såleis variere.

Gjennom undersøkingar og statistikk framgår at det finst store variasjonar og lokale «kulturforskjellar» m o t organisering og tilrettelegging av opplæring for elevar med særskilde behov. Slike forskjellar kan best forklarast med ulike tradisjonar og ulik erfaring og kompetanse når det gjeld å leggje til rette opplæringstilbodet for desse elevane.

I den spesialpedagogiske debatten og i praksis er merksemda retta mykje mot timetal, elevkategoriar og ressursar. Barnehagen og skulen sine faglege og pedagogiske føresetnader for å utvikle tilpassa og inkluderande læringsmiljø, med rom for mangfaldet av evner og moglegheiter, er ofte mindre diskutert. Auka kompetanse i forhold til desse utfordringane, i første omgang gjennom å kanalisere ressursar inn i generelle tilretteleggingstiltak, vil kunne ha positiv, førebyggjande verknad og redusere behovet for meir tradisjonell og segregerande spesialundervisning etter enkeltvedtak.

Tradisjonelt har spesialpedagogisk debatt ofte dreidd seg om diagnosar, funksjonshemmingar og problem, i staden for å samle seg om elevane sitt meistrings- og utviklingspotensial. På den andre sida kan ei «allmenngjering» av særskilde vanskar - utan særskild tilrettelegging av opplæringssituasjonen - lett usynleggjere reelle behov og problem. Det er derfor viktig å finne ein rimeleg balanse mellom generelle pedagogiske tilnærmingar og særskilde, spesialpedagogiske metodar og tiltak. I møtet med desse samansette utfordringane treng både lærarar og foreldre nødvendig hjelp og rettleiing frå leiinga på skulen og frå faglege hjelpeinstansar med spesialpedagogisk kompetanse.

Det er viktig å streke under at tilrettelegging av opplæringa for barn, unge og vaksne med særskilde behov er eit samla ansvar for barnehagen, skulen og vaksenopplæringa. Det handlar ikkje berre om å tilpasse opplegget for det faglege arbeidet, men om å byggje eit inkluderande og trygt lærings- og oppvekstmiljø i vid meining. I grunnskulen inngår skulefritidsordninga som ein viktig og integrert del av det samla skulemiljøet.

Dei føresette skal vere ein nær samarbeids- og samtalepartnar med personalet i barnehage og skule. Når det gjeld barn og unge med særskilde behov, er dette spesielt viktig. Foreldre kjenner barna sine betre enn nokon andre og vil derfor vere viktige i eit samhandlingsforhold. Arbeidet med tilpassa opplegg og individuelle opplæringsplanar skal skje i nær kontakt mellom skule og foreldre, slik at viktige pedagogiske prinsipp kan følgjast opp også heime, der dette er naturleg.

For vaksne skal arbeidet med tilpassa opplegg og individuelle opplæringsplanar skje i nær kontakt mellom ansvarleg sektor, brukar/brukarrepresentant, sakkunnig instans, helse- og sosialetat og arbeidsstad eller arbeidsmarknadsetat.

1.3 Samandrag og konklusjonarBakgrunnen for og oppbygginga av meldinga

1.3.1 Bakgrunn og hovudtema for meldinga

Departementet varsla i St.prp. nr. 1 (1995-96) at det ville bli fremja ei stortingsmelding med m a evaluering av omstruktureringa av spesialundervisninga frå 1992, jf kap 1.4. Denne meldinga omfattar ikkje det spesialpedagogiske arbeidet i barnehage og skule i vidaste meining, men er særleg konsentrert om organiseringa av det faglege hjelpe- og støtteapparatet på lokalt og nasjonalt plan. Departementet vurderer i meldinga gjeldande ordningar og legg fram framtidige modellar for organisering og bruk av ressursane. Eleven sine interesser har stått i sentrum under arbeidet med meldinga. Endringar er grunngitt med at dei kan føre ressursar og kompetanse nærmare elevane og dei pedagogiske kvardagsutfordringane enn dagens ordningar, for å medverke til å utvikle ein enda betre og meir inkluderande skule for alle, der behova til brukaren har høgste prioritet.

I ein slik prosess er det likevel nødvendig å prøve å få eit oversiktsbilete av, og å sjå i samanheng, alle ledd i det vi kan kalle ei spesialpedagogisk tiltakskjede - frå det enkelte tiltak innan ramma av klassen via lokal PP-teneste, statlege spesialpedagogiske kompetansesenter og andre faglege kompetanseinstitusjonar, f eks innan helse- og sosialsektoren. Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen har i Budsjett-innst. S. nr. 12 (1997-98) uttalt følgjande:

«Komiteen vil understreke at både grunnskole og videregående skole er en skole for alle der alle skal få like muligheter til å utvikle seg. Komiteen vil fremheve at målet for den læringen og treningen som kompetansesentrene skal drive, er å sikre at elevene skal kunne mestre hverdagen og fungere selvhjulpne i samfunnet så raskt og så godt sommulig.

I denne sammenheng er det viktig å styrke PP-tjenestens kapasitet og kompetanse.......

Komiteen viser til den varslede stortingsmeldingen om statlige kompetansesentra. I arbeidet med denne stortingsmeldingen mener komiteen det må settes fokus på forholdet mellom PP-tjenesten, nærskole og kompetansesentrene, slik at de samlet utgjør en helhet i arbeidet med barn, unge og voksne med særskilte opplæringsbehov. Komiteen vil i forbindelse med denne stortingsmeldingen komme tilbake til en nærmere drøftelse av ressursbruken innenfor spesialpedagogisk sektor for alle tre forvaltningsnivåer.»

Samla sett går det i dag omkring 6 milliardar kroner til spesialundervisning etter enkeltvedtak og andre spesialpedagogiske tiltak på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. I tillegg kjem monalege midlar til andre former for tilpassa opplæring, t d delingstimar m m. Meldinga legg i utgangspunktet til grunn at dei økonomiske og personellmessige ressursane som går til elevar med særskilde opplæringsbehov blir vidareførte, men at dei med tanke på verknaden for brukarane, kan utnyttast betre enn i dag.

Om lag 99,5 % av alle som får særskilt tilrettelagd opplæring, får dekt behovet innanfor vanleg skule og barnehage. 50 000-55 000 barn, unge og vaksne som får slik særskilt tilrettelagd opplæring etter enkeltvedtak, får tilbodet sitt innanfor lokalskulen og den lokale barnehagen. Knapt 3 500 elevar får opplæring i kommunale eller fylkeskommunale spesialskular eller spesialklassar utanom vanleg skule. Dette er mellom anna opplæring i sosiale og medisinske institusjonar, barneverninstitusjonar, kommunale og interkommunale skule- og miljøtiltak, tilbod for psykisk utviklingshemma og skular innanfor kriminalomsorga. Ved statlege kompetansesentra for hørselshemma er det om lag 310 heiltidselevar.

Lokale barnehagar og skular treng fagleg hjelp og støtte frå fagpersonell med spesiell, pedagogisk og/eller psykologisk kompetanse for å kunne gi brukarane tilpassa tilbod med god kvalitet. Dels etterspør lærarar og førskulelærarar hjelp til individuell utgreiing og rådgiving om tilbodet til den enkelte brukar, såkalla «individretta arbeid». Men dels dreier det seg også om behov for meir generell pedagogisk rettleiing og hjelp til personalet i spørsmål om organisering og praktisk metode for å oppnå eit kvalitativt betre læringsmiljø, såkalla "systemretta arbeid". PP-tenesta sitt faglege rådgivingsansvar er derfor vidtrekkjande og femner om både individretta og systemretta oppgåver. Det same gjeld dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra og andre faglege instansar, som skal supplere den lokale PP-tenesta med spisskompetanse som det ikkje er naturleg å vente å finne lokalt.

Dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra skal i all hovudsak drive utoverretta verksemd overfor dei opplæringsansvarlege i kommunane og fylkeskommunane. Utgreiing og rettleiing kan skje ved dei einskilde kompetansesenter ved korttidsopphald, eller direkte i lokalmiljøet. Det er i alt ca. 330 elevar (310 hørselshemma og 20 med samansette lærevanskar) under opplæring i heilårs skuleavdelingar ved spesialpedagogiske kompetansesenter.

Dei spesialpedagogiske kompetansesentra skal i utgangspunktet gi støtte og hjelp til elevar med særleg tunge og ofte samansette problem i forhold til opplæring. Det dreier seg først og fremst om grupper med få brukarar, såkalla «lågfrekvente» grupper: synshemma, hørselshemma, elevar med store språk- og talevanskar. Enkelte senter arbeider likevel med grupper der talet på barn, unge og vaksne med problem er relativt stort, såkalla «høgfrekvente» grupper. Det gjeld først og fremst elevar med sosiale og emosjonelle vanskar, lese- og skrivevanskar og samansette lærevanskar (under dette psykisk utviklingshemma).

Samla sett blir det i dag nytta omtrent like store ressursar i dei 20 statlege kompetansesentra som i den landsdekkjande, lokale PP-tenesta med ca. 280 kontor. På kvart nivå finst om lag 1 500 årsverk. Departementet vurderer denne fordelinga i meldinga, ut frå eit overordna spørsmål om korleis vi bør organisere det samla hjelpe- og støtteapparatet slik at brukarane får best mogleg nytte av den tilgjengelege kompetansen. Vurderingane tek utgangspunkt i eit overordna mål om å gi barnehage og skule hjelp til å gi alle barn, unge og vaksne med særskilde behov likeverdige opplæringstilbod av god kvalitet nær brukaren, og i at det faglege hjelpe- og rettleiingsapparatet lokalt og sentralt skal fungere mest mogleg samordna og funksjonelt.

1.3.2 Oppbygginga av meldinga

I kap 2 blir verdigrunnlaget for meldinga omtalt. Det blir gitt ei kort historisk oversikt over utviklinga på feltet frå 1945 og fram til i dag. Omgrepet funksjonshemming blir diskutert, og det blir gitt ei oversikt over enkelte internasjonale dokument som er relevante for opplæringslovgivinga. Kapitlet gir også ei kort oversikt over verdiar og prinsipp i læreplanverket. Det formelle og juridiske grunnlaget, med vekt på rettar og plikter på det spesialpedagogiske området, vil gå fram av proposisjonen om ny opplæringslov og blir derfor ikkje gitt inngåande omtale i denne meldinga.

I kap 3 blir det gitt ei oversikt over dei mest aktuelle brukargruppene på det spesialpedagogiske feltet. Det blir vidare gitt ei oversikt over dei samla ressursane på feltet i form av kompetanse, årsverk og kostnader, og over talet på brukarar på dei ulike forvaltningsnivåa. Dette er ytterlegare utdjupa i vedlegg 1 og vedlegg 2.

I kap 4 gir departementet ei samla vurdering av heile den spesialpedagogiske tiltakskjeda, mellom anna på bakgrunn av forskingsrapportar, evalueringsrapportar og synspunkt frå arbeidstakarorganisasjonar, brukarorganisasjonar, dei statlege utdanningskontora og andre aktørar på området. Departementet vurderer ulike forhold både ved enkelte ledd i tiltakskjeda og i forhold til heilskapen, og foreslår endringar når det gjeld framtidig organisering, arbeidsdeling og drift.

I kap 5 blir dei økonomiske, administrative og personellmessige konsekvensane av forslaga i meldinga behandla.

Vedlegg 1 inneheld ein brei presentasjon av kommunale og fylkeskommunale spesialpedagogiske tiltak for førskulebarn, barn i grunnskulealder, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Oversikta viser tal på brukarar på ulike alderssteg, fordeling på ulike vanskegrupper mm. Vidare blir det gitt ei oversikt over tal på elevar som får spesialundervisning i eigne organisatoriske eller alternative tiltak, spesialskular, eigne tiltak knytte til sosiale og medisinske institusjonar eller andre særskilde opplæringstiltak knytte til det vanlege skuleverket. Det blir og gjort greie for organisering, bemanning, fagsamansetjing, arbeidsoppgåver og arbeidsprofil for PP-tenesta.

Vedlegg 2 inneheld ei brei omtale av dei ulike elementa i det statlege spesialpedagogiske støtteapparatet. Dette omfattar dei spesialpedagogiske kompetansesentra, Programmet for Nord-Noreg, FoU-program, syns- og audiopedagogtenesta, kompetansesentersystem for små grupper funksjonshemma, opplæring innanfor kriminalomsorga, samarbeid med frivillige organisasjonar, skuleverksemd ved somme sosiale og medisinske institusjonar, spesielle prosjekt og teiknspråkopplæring.

Vedlegg 3 gir ei framstilling av grenseflater mellom spesialpedagogiske tiltak i opplæringssektoren og tilgrensande tenester i andre sektorar. Det blir vidare gitt ei oversikt over omfanget av og aktørane i det tverrfaglege og tverretatlege kompetansenettverket lokalt, og opplysningar om korleis brukarane opplever dette komplekse hjelpeapparatet.

Vedlegg 4 skisserer nærmare bakgrunnen for eit særskilt praksisretta kompetansehevingsprogram for PP-tenesta m v i arbeidet framover, med særleg tanke på sosiale og emosjonelle vanskar, åtferdsproblem og lese- og skrivevanskar.

1.4 Omstruktureringa av spesialundervisninga frå 1992: statlege støttetiltak

Behandlinga av Innst. S. nr. 160 (1990-91) i Stortinget, jf St.meld. nr. 54 (1989-90) og St.meld. nr. 35 (1990-91) Om opplæring av barn, unge og voksne med særskilte behov, innebar omorganisering av statlege spesialskular til kompetansesenter og utvikling av ulike tiltak for å fremje kompetanseheving og oppbygging av nettverk mellom ulike fagmiljø. Hovudmålet var å sikre at alle barn, unge og vaksne med særskilde behov får tilpassa og tilrettelagd opplæring i sitt eige oppvekstmiljø, så langt det er praktisk mogleg.

Omstruktureringa av spesialundervisninga frå 1. august 1992 var meint å skulle styrkje heile den landsomfattande spesialpedagogiske tiltakskjeda. Fleire statlege spesialskular vart slått saman og omorganiserte til 20 statlege spesialpedagogiske kompetansesenter. For dei fleste sentra innebar dette omlegging av verksemda frå skuledrift til utoverretta verksemd med vekt på fagleg rettleiing, hjelp og støtte til kommunar og fylkeskommunar. Det vart etablert 2 senter for synshemma, 6 senter for hørselshemma, 3 senter for sosiale og emosjonelle vanskar, 2 senter for språk, tale og kommunikasjon og 7 regionale senter for samansette lærevanskar/psykisk utviklingshemming. Fleire statlege spesialskular vart overførte til anna forvaltningsnivå eller annan sektor. Oversikt over dei ulike kompetansesentra som vart oppretta, finst i vedlegg 2, pkt 1.1. Her går det også fram kva for oppgåver dei har, og det blir gitt ei detaljert oversikt over ressursbruken.

Omstruktureringa innebar også etablering av eit eige utviklingsprogram for Nord-Noreg, med vekt på utvikling av lokale, spesialpedagogiske tyngdepunkt og nettverkssamarbeid. Det vart dessutan etablert eit lokalt forsøks- og utviklingsprogram for perioden 1993-1995 med særleg vekt på fagleg styrking av PP-tenesta, og eit eige, fleirårig forskingsprogram under Noregs forskingsråd (1993-1998), Spesialpedagogisk kunnskaps- og tiltaksutvikling. Frå 1993 vart det etablert statlege synspedagog- og audiopedagogstillingar i alle fylke.

Andre statlege støttetiltak i samanheng med omstruktureringa har m a vore oppbygging av kompetansesystem for sjeldne og mindre kjende grupper funksjonshemma, drift av 4 regionsenter for døvblinde i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet og skuleverksemd ved 6 sosiale og medisinske institusjonar med kompetansesenterfunksjonar. Dessutan blei det som ledd i regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma, 1994-1997, etablert eit 2-årig nasjonalt opplæringsprogram i teiknspråk for lærarar (1996-97 ) og opplæringsprogram i teiknspråk for foreldre frå hausten 1996.

Sentralt brukarforum, eit samarbeidsorgan mellom Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, andre departement og dei funksjonshemma sine brukarorganisasjonar, vart oppretta i 1993 i samband med omstruktureringa av spesialundervisninga. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon har sekretariatsansvaret for brukarforumet.

1.5 Vurdering av den spesialpedagogiske tiltakskjeda og den vidare drifta

1.5.1 Ein omfattande evalueringsprosess med mange aktørar

Vurderingane i denne meldinga byggjer på ein omfattande gjennomgang av heile den spesialpedagogiske tiltakskjeda, under dette dei statlege kompetansesentra. Gjennomgangen er utført dels av styra for dei landsdekkjande og dei regionale kompetansesentra og av styret for Programmet for Nord-Noreg, dels av Møreforsking.

Med bakgrunn i tilbakemeldingar frå desse gjennomgangane, anna materiale og innhenting av synspunkt frå brukarorganisasjonar, arbeidstakarorganisasjonar og utdanningskontora vurderer departementet i denne meldinga m a

  • forhold knytte til det lokale opplæringstilbodet i barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring

  • forhold ved tilbodet frå lokal/fylkeskommunal PP-teneste

  • forhold ved det statlege spesialpedagogiske hjelpe- og støtteapparatet

  • forhold rundt kompleksiteten i det samla spesialpedagogiske kompetansenettverket

I kap 4 er det gjort nærmare greie for vurderingane og konklusjonane frå Møreforsking, styra og dei ulike høringsinstansane. Sjølv om det i dette materialet finst store forskjellar i synet på framtidig organisering av det faglege hjelpe- og støtteapparatet, er konklusjonar og tilrådingar relativt samanfallande på tre sentrale punkt:

  1. Tenestetilbodet frå dei statlege kompetansesentra synest i dag å vere betre tilpassa etterspørsel og behov hos brukarane og samarbeidspartnarane enn tidlegare.

  2. Samla sett er den spesialpedagogiske tiltakskjeda topptung. Det blir brukt mykje ressursar på statleg nivå høgt oppe i tiltakskjeda, for langt unna brukarane. Det blir derfor rådd til å omfordele meir av desse statlege ressursane til lokal PP-teneste.

  3. Spesialpedagogiske tiltak og tenester er ofte dårleg samordna med tiltak og tenester frå andre sektorar (helse- og sosialsektor, barnevern, arbeidsmarknadsetat, osv). Det er i løpet av ein del år bygd opp ei rekkje tenestetilbod som dels er overlappande og parallelle.

1.5.2 Departementet sine generelle vurderingar

Departementet har som nemnt vore oppteke av å sjå nærmare på heile den spesialpedagogiske tiltakskjeda for barn, unge og vaksne med særlege opplæringsbehov. I ein slik gjennomgang er det naturleg å vurdere spesielt arbeidsdeling og ressursbalanse forvaltningsnivåa imellom, dvs forholdet mellom barnehage/skule, lokal PP-teneste og statlege spisskompetansetilbod.

I botn for departementet sine vurderingar ligg m a slike overordna prinsipp:

  • Alle med særlege behov skal ha tilbod om tilpassa og inkluderande opplæring.

  • For å gi kvar enkelt brukar eit kvalitativt godt tilbod må opplæringa differensierast og tilpassast individuelle føresetnader.

  • Det spesialpedagogiske hjelpe- og støtteapparatet skal sikre tilgjengeleg hjelp av høg fagleg kvalitet nærast mogleg brukarane.

  • Det er behov for ein gjennomgang av ansvars- og ressurstildelinga forvaltningsnivåa imellom.

  • Det er behov for større samordning av tenestetilbod på tvers av sektorgrenser.

Utviklinga på det spesialpedagogiske området har mange positive trekk. Kompetanseutviklinga lokalt, på barnehage- og skulenivå, har vore stor. Undersøkingar viser at foreldre og føresette i stor grad er positive til lokale spesialpedagogiske tilbod. Tilsvarande er lærarar, skular og barnehagar gjennomgåande tilfredse med dei spesialpedagogiske kompetansesentra og dei andre hjelpetenestene i kompetansenettverket (jf vedlegg 3). Når det gjeld dei statlege sentra, ligg forklaringa etter departementet si vurdering først og fremst i ein svært målbevisst endringsprosess dei siste åra.

Trass i mange positive utviklingstrekk er det likevel som hovudregel eit sterkt behov for å leggje det tilpassa opplæringstilbodet betre til rette lokalt. Nyare forsking påviser til dels overraskande store lokale variasjonar i organisering og innhald i den tilpassa opplæringa. Vi finn heile variasjonsbreidda frå ein segregerande praksis i tråd med gammal spesialskuletradisjon til maksimal grad av integrering av funksjonshemma innan rammene av ordinær opplæring i klasse og lokal skule.

På grunnlag av ei samla vurdering av status og utfordringane går departementet inn for ei omlegging av den samla spesialpedagogiske tiltakskjeda lokalt, regionalt og nasjonalt. Det blir i kap. 4 gjort meir utfyllande greie for grunngiving av og innhald i forslaga. Omlegginga har følgjande hovudelement:

  • Ei omfordeling av ressursar frå statlege kompetansesenter, primært innan områda samansette lærevanskar og sosiale og emosjonelle vanskar, til lokal PP-teneste.Mens dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra i løpet av året tek ansvar for ca. 8-10 000 av dei mest ressurskrevjande elevane, har PP-tenesta eit årleg «kundegrunnlag» på ca. 80-90 000 barn, unge og vaksne. Ressursmessig har dei to instansane omtrent like mange årsverk. Sjølv om brukarane i kompetansesentra gjennomgåande er tyngre enn PP-tenesta sine brukarar og produksjonstala ikkje kan samanliknast direkte, er det grunnlag for å meine at det eksisterer ein ubalanse når det gjeld ressursfordelinga mellom dei to tenestene.

  • Ein meir utoverretta arbeidsprofil i PP-tenesta.I dag blir svært store ressursar bundne til kontorretta arbeid med utgreiingsoppgåver og sakkunnig vurdering av enkeltelevar. Det medfører mindre tid til dagleg rådgivings- og oppfølgingsarbeid med direkte tilknyting til organisering, tiltaksutvikling og tilrettelegging av opplæringa i barnehagar og skular. Det er og naudsynt med styrka innsats i PP-tenesta for dei vaksne. Det krev stor grad av samarbeid med andre sektorar og etatar.

  • Meir «spissing» av det statlege kompetansetilbodet.Ressurskrevjande grupper av funksjonshemma, som det er relativt få av (synshemma, hørselshemma, elevar med store språk- og talevanskar og andre meir sjeldne funksjonshemmingar), treng tilgjenge til statleg spisskompetanse på tilnærma same nivå som idag. Ein kan ikkje vente at ein lokalt innehar nødvendig kompetanse for å leggje opplæringa til rette for slike elevgrupper, utan hjelp frå eit statleg senter med spisskompetanse. For elevar med sosiale og emosjonelle problem, samansette lærevanskar og f eks lese- og skrivevanskar er situasjonen annleis. Her handlar det om problem og behov som finst ved dei fleste barnehagar og skular. Det er derfor viktig å ha fagleg hjelp og støttekompetanse nær tilgjengeleg, helst lokalt. I tillegg trengst statleg spisskompetanse konsentrert om dei mest samansette og tunge problema.

  • Styrking av kompetansen på området utagerande åtferd. Den nasjonale spisskompetansen på sosiale og emosjonelle vanskar vil bli samla ved Senter for åtferdsforsking. I tillegg vil noverande regionale kompetansesenter bli tilført kompetanse for å styrke innsatsen i forhold til barn og unge med utagerande åtferd, og det vil bli lagt opp til forsterka samarbeid med kompetansemiljø innan barnevernet og barne- og ungdomspsykiatrien.

  • Betre samordning og kontakt mellom ulike hjelpetiltak, på tvers av forvaltningsnivå og sektorgrenser.I dag opplever mange frustrasjon over å stå som brukar overfor det store og uoversiktlege kompetansenettverket med forankring i ulike sektorar og fagkulturar. Svak samordning medfører ressursøyding, faglege konfliktar mellom ulike tenestetilbod og brukaroppleving av å vere "kasteball" mellom ulike instansar. Det er viktig å regulere samhandlinga mellom dei mange aktørane i kompetansenettverket ved avtalebasert samarbeid. Samarbeid om planlegging og tiltaksutvikling for vaksne brukarar er ei særleg utfordring.

1.5.3 Vidare drift og endringar

I det følgjande blir det gitt ei kortfatta, samla oversikt over hovudelementa i dei endringane som departementet vil leggje til grunn for framtidig modell for arbeidsdeling og ressursbruk i den spesialpedagogiske tiltakskjeda. Deretter blir tiltaka omtalte kvar for seg.

Omfordeling av kompetanse og ressursar frå nasjonalt til lokalt nivå

Hovudmålet med departementet sitt opplegg er å styrkje det spesialpedagogiske tilbodet lokalt, både på barnehage-, skule- og PPT-nivå, for å få mest mogleg kompetanse nærmast mogleg brukarane. Dei viktigaste verkemidla for å få dette til er følgjande:

  • Styrking av PP-tenesta i kommunar og fylkeskommunar med inntil 300 nye fagstillingar, som inneber ein auke i årsverk på i overkant av 20 %.

  • Eit 3-årig, praksisretta kompetanseutviklingsprogram med sikte på å

    • styrkje PP-tenesta innanfor bestemte område, spesielt med tanke på åtferdsvanskar, lese- og skrivevanskar og samansette lærevanskar

    • vri arbeidsprofilen i PP-teneste og statlege kompetansesenter endå meir i retning av brukarfokusert utoverretta arbeid (systemarbeid)

    • styrkje kontakten og nettverkssamarbeidet mellom statlege kompetansesenter og lokal PP-teneste, og kompetansesentra imellom

  • Styrkje læremiddelutviklinga, primært gjennom Nasjonalt læremiddelsenter og Samisk utdanningsråd

  • Byggje ned delar av det statlege kompetansesentersystemet gjennom avgrensing og konsentrasjon av funksjonar/oppgåver, primært innan områda samansette lærevanskar og sosiale og emosjonelle vanskar, og omorganisering m a av den statlege syns- og audiopedagogtenesta i fylka og avvikling av landsdels- og fylkestiltak under det særskilde Nord-Noreg-programmet

  • Styrkje tiltak i forhold til samiske brukarar

  • Initiere FoU-arbeid med relevans til det spesialpedagogiske praksisfeltet

  • Forenkling av styringsstrukturen for dei statlege kompetansesentra, med eitt felles nasjonalt styre, men framleis med eige sektorstyre for hørselssektoren, underlagt styret

Meir utfyllande vurdering og grunngiving framgår av kap 4.

Finansiering av endringane

Dei styrkingstiltaka departementet går inn for, har eit samla kostnadsnivå på 130 mill kroner (1997-prisnivå), og skal finansierast innanfor dei eksisterande økonomiske rammene på kap 0243 Kompetansesentra for spesialundervisning:

  • Konsentrasjon og «spissing» av funksjonar ved kompetansesentra for samansette lærevanskar gir rom for nedbygging av talet på årsverk med gjennomsnittleg ca. 40-50 %. Nedbygginga frigjer ca. 78 mill kroner. Den endelege fastsetjinga av bemanninga ved dei enkelte senter vil departementet komme attende til i budsjettsamanheng, etter forslag frå dei aktuelle styra.

  • Avvikling av Rogneby (senter for sosiale og emosjonelle vanskar) frigjør ca 7 mill kroner.

  • Ved synssentra Huseby og Tambartun og Bredtvet senter for språk/tale blir det i alt lagt opp til ein reduksjon tilsvarande 50 årsverk til saman, dels som følgje av omorganisering til eitt felles synssenter med 2 avdelingar, dels som følgje av ei viss «spissing» av funksjonane på Bredtvet. Reduksjonen frigjer ca. 16 mill. kroner. Den endelege fastsetjinga av bemanninga ved dei enkelte senter vil departementet komme attende til i budsjettsamanheng, etter forslag frå styret .

  • Det særskilde Programmet for Nord-Noreg blir avvikla som eige program. Avviklinga av landsdels- og fylkestiltak frigjer ca. 9 mill. kroner.

  • Omlegging til ei forenkla styre- og sekretariatsordning frigjer ca. 6 mill. kroner.

  • Andre omdisponeringar, m a mindreforbruk til venteløn frå forrige omstillingsperiode, frigjer ca. 14 mill. kroner.

Styrkinga av PP-tenesta

Grunngivinga for å omfordele ressursar frå statleg til kommunal og fylkeskommunal sektor ligg dels i å styrkje PP-tenesta både når det gjeld kapasitet og kvalitet, dels i å vri arbeidet meir i retning av brukarorientert rettleiing, kompetanseutvikling og pedagogisk utviklingsarbeid som omfattar elevar, fagpersonell og foreldre i barnehage og skule. Departementet ser PP-tenesta som sjølve ryggrada i det spesialpedagogiske hjelpesystemet. Ei dårleg fungerande PP-teneste har m a problem med å ta imot og følgje opp fagleg hjelp og støtte frå kompetansesenter høgare oppe i tiltakskjeda.

Siktemålet med å ruste opp PP-tenesta er først og fremst å styrkje handlingskompetansen i skule og barnehage for å skape gode og stimulerande læringsmiljø gjennom tilpassa og inkluderande opplæring. Barnehage og skule har behov for hjelp og støtte frå ein instans som arbeider lokalt på permanent basis og som kjenner kommunesektoren, lokalmiljøet, skulane, barnehagane og dei mange aktørane i kompetansenettverket godt. Ei PP-teneste med nær kontakt med barnehage, skule og lokalmiljø, og med fagpersonale med høg og relevant kompetanse, har derfor gode føresetnader for å gi råd og rettleiing om vanlege problem som samansette lærevanskar, sosiale og emosjonelle problem og lese- og skrivevanskar. Det er ikkje minst i forhold til slike utfordringar barnehage og skule i dag melder at dei kjem til kort og etterspør tilgjengeleg rådgivingskompetanse.

Tiltaka inneber altså at den lokale PP-tenesta kan styrkjast med ca. 300 årsverk, herav 280 årsverk i trinn I frå 1. august 1999 og 20 årsverk i trinn II seinare. Konkret vil dette skje ved å overføre ressursar til kommunar og fylkeskommunar tilsvarande dei 300 årsverka, i første omgang som øyremerkte midlar.

I utgangspunktet går departementet inn for å fordele PPT-årsverka fylkesvis etter ein fordelingsnøkkel med basis i folketalet. Den endelege og detaljerte fordelinga innan fylka på kommunalt og fylkeskommunalt nivå vil gjerast av departementet, etter grundig gjennomgang og fagleg tilråding i kvart fylke. Dei statlege utdanningskontora vil saman med kommunesektoren i fylka få hovudansvaret for å samordne ein slik fagleg gjennomgang. Fagleg eining for PP-tenesta og styret for kompetansesentra skal også trekkjast inn i desse prosessane.

Departementet legg til grunn at det blir etablert funksjonelle modellar, f eks interkommunale samarbeidsordningar, som sikrar alle delar av fylket og alle kommunar tilgang til spesialpedagogisk kompetanse på høgt nivå. Departementet er i denne prosessen oppteke av å få følgt opp positive erfaringar frå Nord-Noreg-programmet, med forsterka faglege tyngdepunkt lokaliserte til enkelte PP-kontor og avtalebasert samarbeid i større regionar. Etter ein periode på nokre år, når strukturane er på plass og årsverka er plasserte kommunane imellom, vil midlane bli innarbeidde i rammetilskotet til kommunesektoren.

Framtidig organisering av statlege kompetansesenter m m

Kompetansesentra skal mellom anna medverke til at kommunar og fylkeskommunar får rettleiing og støtte for å sikre kvaliteten på opplæringstilbodet for personar med store funksjonsvanskar. Vidare skal dei utvikle spesialpedagogisk kompetanse for elevgrupper med store og særskilde behov gjennom kartlegging, diagnostisering, rådgiving og utviklingsarbeid.

Departementet sitt opplegg til strukturendringar i det samla spesialpedagogiske hjelpe- og støtteapparatet inneber små endringar for dei såkalla «lågfrekvente» gruppene. For desse (synshemma, hørselshemma og sterkt språk- og/eller talehemma) vil staten halde oppe tilbodet omtrent som idag med mindre justeringar av kapasiteten og/eller visse interne omorganiseringstiltak. Dei største strukturendringane vil bli gjorde for kompetansesenter for samansette lærevanskar og sosiale og emosjonelle problem, det vil seie for dei såkalla «høgfrekvente» gruppene.

Senter for leseforsking og Senter for åtferdsforsking er idag ein organisatorisk del av Høgskulen i Stavanger. Departementet vil be styret om å vurdere opplegg for nærmare tilknyting også mellom andre kompetansesentra og høgskulesystemet, i samråd med dei involverte institusjonane.

Spesielt vil styret bli bedt om å vurdere ny lokalisering av Birkelid kompetansesenter i samband med at Høgskulen i Agder får nye lokale på Gimlemoen, og samlokalisering av Ekne kompetansesenter med Høgskulen i Nord-Trøndelag si avdeling i Levanger.

For enkelte senter for samansette lærevanskar kan det bli aktuelt med reviderte geografiske dekningsområde.

For alle kompetansesentre vil det vere viktig å inngå samarbeidsavtalar med samarbeidspartnarane, for m a å avklare arbeidsoppgåver og funksjonsdeling, ansvarstilhøve m v.

Nedanfor blir det gitt ei kort framstilling av dei viktigaste endringane i det statlege kompetansesentersystemet. Nærmare grunngiving og detaljar framgår av kap 4.

A Kompetansesenter for hørsel

Hørselssektoren er dekt av seks kompetansesenter, alle lokaliserte i Sør-Noreg. Talet på heilårselevar ved døveskulane har vore tilnærma stabilt i perioden 1992-1998, men det har vore ei forskyving i elevtalet internt mellom dei ulike sentra.

Departementet vil halde oppe ressursnivået innanfor hørselssektoren så lenge brukarane ønskjer heildagstilbod ved statlege sentra. Departementet har likevel planar om ei geografisk omfordeling av ressursane innan sektoren, på bakgrunn av m a ein sterk nedgang i elevtalet ved Nedre Gausen kompetansesenter i Vestfold.

Departementet vil be dei aktuelle styra greie ut nærmare spørsmålet om å avvikle tilbodet ved Nedre Gausen og omfordele ressursar til etablering av eit hørselssenter i Nord-Noreg. Som ledd i utgreiinga skal det også vurdersast å leggje tilbod for eventuelle andre vanskegrupper til eit slikt senter, f eks elevar med samansette lærevanskar, åtferdsproblem, språk/talevanskar og/eller synsvanskar (allkompetansesenter).

Dei statlege audiopedagogane i fylka vil bli knytte fagleg og administrativt til aktuelle hørselssenter.

B Kompetansesenter for syn

Departementet går inn for at dei to synssentra Huseby (Oslo) og Tambartun (Trondheim) blir slått administrativt saman under felles leiing frå 1. august 1999. Dette vil gjere det lettare å koordinere aktivitetane og tenestetilbodet til brukarane.

Departementet vil redusere bemanninga ved Huseby og Tambartun med til saman 25 årsverk frå 1. august 1999. Dette er basert på m a ei forventa effektivisering av drifta ved den ovannemnde samanslåinga. Vidare vil departementet peike på at dei to sentra har nesten same tal årsverk i dag som i 1993, samstundes som talet på heiltidselevar er redusert frå 66 i 1993 til 0 i dag. Vidare er talet på tilsette med hovudfagskompetanse tredobla i omstillingsperioden.

Dei statlege synspedagogane i fylka vil bli knytte fagleg og administrativt til dei to synssentra.

C Kompetansesenter for språk- og talevanskar, lese- og skrivevanskar

Bredtvet kompetansesenter (Oslo og Søndre Land, Oppland) med omkring 115 årsverk dekkjer både høgfrekvente og lågfrekvente vanskegrupper. Styret har i lengre tid arbeidd for å spisse og avgrense verksemda til Bredtvet, i det ein har meint at senteret i for stor grad har teke på seg oppgåver som kommunesektoren sjølv burde dekkje. Forutan PP-tenesta med om lag 200 logopedar er det lokalt etablert fleire andre fylkeskommunale og kommunale eller interkommunale tilbod i denne sektoren.

I nokon grad har Bredtvet brukarar og samarbeidspartnarar som også kan få hjelp ved anten Senter for leseforsking (Stavanger), avdeling for pådregen hjerneskade ved Øverby kompetansesenter (Gjøvik) eller logopedisk avdeling ved Eikelund kompetansesenter (Bergen). Senter for leseforsking vil bli styrkt med inntil 3 årsverk frå 1999. Desse kompetansesentra vil elles komme under same styre frå 1. januar 1999, noko som vil gjere det lettare å sjå ressursane i denne sektoren under eitt.

På bakgrunn av det ovanståande og styrkinga av PP-tenesta går departementet inn for å redusere bemanninga ved Bredtvet med 25 årsverk frå 1. august 1999.

D Kompetansesenter for sosiale og emosjonelle vanskar

Åtferdssektoren har i dag 3 små kompetansesentra som arbeider med ei svært høgfrekvent vanskegruppe: Senter for åtferdsforsking (Rogaland), Rogneby (Oppland og Sør-Trøndelag) og Lillegården (Telemark). Desse sentra arbeider i stor grad systemretta ut mot PP-teneste og skular. Vidare har mange brukarar ved dei 7 kompetansesentra for samansette lærevanskar tilleggsproblem i form av sosiale og emosjonelle vanskar og utagerande åtferd.

Departementet vil spesielt styrkje lokal PP-teneste sin kompetanse på dette feltet. Nasjonal spisskompetanse innan området blir foreslått samla i eitt kompetansesenter, Senter for åtferdsforsking, som vil bli styrkt med inntil 5 årsverk. Rogneby og Lillegården blir dermed avvikla som statlege kompetansesenter innan området åtferd. Delar av dei frigjorte ressursane vil bli brukt til å styrkje kompetanse innan området sosiale og emosjonelle vanskar ved sentra for elevar med samansette lærevanskar.

Rogneby blir heilt avvikla som åtferdssenter med 15 årsverk, men Oppland fylkeskommune vil få tilbod om å overta drifta av barnevernverksemda ved Rogneby.

Departementet er i utgangspunktet innstilt på å innlemme Lillegården (15 årsverk) i kompetansenettverket for elevar med samansette lærevanskar, primært som filial under Birkelid. Styret for dei statlege kompetansesentra vil bli bedt om å vurdere dette forholdet før endeleg avgjerd blir fatta.

Den foreslåtte modellen tilseier behov for tett nettverkssamarbeid mellom Senter for åtferdsforsking, dei regionale sentra for samansette lærevanskar, lokal PP-teneste og andre statlege tilbod for barn/unge med utagerande åtferd (f.eks. Barne- og familiedepartementet sitt forskings- og undervisningsprosjekt ved Universitetet i Oslo for barn/unge med tyngre åtferdsproblematikk og dei statlege regionale sentre innanfor barnevernet og barne- og ungdomspsykiatrien). Vidareutvikling av slikt nettverkssamarbeid inngår som prioritert oppgåve i det foreslåtte 3-årige kompetanseutviklingsprogrammet, jfr. kap. 4.9.

E Kompetansesenter for samansette lærevanskar

Sektoren er i dag dekt av sju regionale senter med omkring 400 årsverk:

  • Torshov, Oslo

  • Birkelid, Songdalen og Tvedestrand

  • Eikelund, Bergen

  • Søreide, Gloppen

  • Ekne, Levanger

  • Øverby, Gjøvik

  • Sandfallet, Alta (under Programmet for Nord-Noreg)

Dei viktigaste målgruppene har vore personar med

  • samansette lærevanskar med låg intellektuell fungering, mellom desse psykisk utviklingshemma

  • ulike spesifikke lærevanskar som gjer at individet ikkje tileignar seg dei kunnskaper, den dugleik og dei haldningar som er vanlege for alderen, utan at det ligg føre ein vesentleg evneretardasjon

  • pådregne hjerneskadar av ulike slag

Mange av brukarane har som nemnd i tillegg sosiale og emosjonelle vanskar og åtferdproblem.

Fleire senter har hatt særlege eller landsdekkjande funksjonar innan avgrensa område, f eks Eikelund med logopedisk avdeling, Øverby med avdeling for pådregen hjerneskade og Sandfallet med tospråkleg problematikk.

Departementet ønskjer å spisse og avgrense verksemda til desse sentra til dei tyngste tilfella, mens ei utbygd PP-teneste vil arbeide i forhold til lettare brukarar. Kompetansen på utagerande åtferd vil bli styrkt. Oppgåvene til kompetansesentre for samansette lærevanskar skal primært dekkje

  • store samansette lærevanskar, deriblant djup psykisk utviklingshemming

  • lære- og åtferdsvanskar med nevrologiske årsaker, deriblant ADHD, Tourettes syndrom, narkolepsi m m.

Eikelund, Øverby og Sandfallet skal framleis ha landsdekkjande spissfunksjonar, som i dag. Departementet vil dessutan leggje særskilde landsdekkjande oppgåver til Torshov, Birkelid og Ekne, jf nærmare oversikt i kap 4.

Departementet er innstilt på å vurdere å leggje Søreide som filial under Eikelund og innlemme Lillegården i kompetansenettverket for samansette lærevanskar under Birkelid, jf. pkt. D. Styret vil bli bedt om å vurdere dette nærmare før endeleg avgjerd.

Dei sju regionale sentra vil bli reduserte med til saman 185 årsverk til 215 årsverk, som inneber ei nedbemanning på gjennomsnittleg ca 45 %. Sandfallet kompetansesenter vil bli mindre redusert enn andre regionale senter.

Nord-Noreg-programmet

Sjølv om det spesielle programmet for Nord-Noreg blir avvikla som eige program, inneber omlegginga vidareføring og spreiing av grunnideane: Styrking av den lokale PP-tenesta, konkret gjennom tilførsel av ressursar lokaliserte til enkelte «knutepunktkontor» i regionen, har vore den berande tanken bak programmet.

Intensjonane bak programmet blir vidareførte m a ved direkte styrking av PP-tenesta i heile landsdelen, og vidareføring av dei tidlegare institusjonstiltaka på tilnærma same nivå. Styrkinga skjer primært gjennom nye årsverk til PP-tenesta. Sandfallet kompetansesenter i Alta som m a har særlege oppgåver i forhold til den samisktalande befolkninga, vil bli halde oppe med noko redusert årsverksinnsats. Staten skal framleis støtte regionsenteret for døvblindfødde i Troms. Driftsansvaret for Logopedisk senter i Sømna er overført til Nordland fylkeskommune frå 1. januar 1998 med statsfinansiering.

Det vil bli iverksett nye tiltak for å heve den spesialpedagogiske kompetansen for den samisktalande befolkninga. Det er særleg behov for utvikling av læremiddel og ressursar til utviklingsarbeid, studiestipend og etter- og vidareutdanning.

Departementet vil vurdere nærmare spørsmålet om å etablere eit statleg kompetansesenter for hørsel, ev. eit spesialpedagogisk «allkompetansesenter» i Nord-Noreg. Vidare blir det arbeidd med planar om etablering av eit hovudfagsstudium i spesialpedagogikk ved Universitetet i Tromsø.

Syns- og audiopedagogtenesta

Departementet går inn for at den statleg finansierte synspedagogtenesta og audiopedagogtenesta i fylka - som i dag har svært ueinsarta fagleg og administrativ tilknyting - skal leggjast under aktuelle kompetansesenter for syn og hørsel. Føresetnaden skal likevel framleis vere at desse stillingane skal lokaliserast i kvart enkelt fylke. Med det vil syns- og audiopedagogtenesta få ei heilskapleg administrativ og fagleg tilknyting, og kunne fungere som mellomledd på fylkesplanet mellom kommunane og dei aktuelle kompetansesentra på ein betre måte enn i dag.

Læremiddel

Departementet ser det som ønskeleg å betre samordninga av læremiddelutviklinga og læremiddelproduksjonen ved Nasjonalt læremiddelsenter og kompetansesentra. Tilførsel av inntil 4 årsverk til Nasjonalt læremiddelsenter vil medverke til å styrkje den rolla institusjonen har i dette arbeidet.

Ei stilling vil bli oppretta ved Samisk utdanningsråd for å koordinere og styrkje læremiddelproduksjon- og utvikling for samiske brukarar. Arbeidsdelinga mellom Samisk utdanningsråd og Nasjonalt læremiddelsenter om utvikling og produksjon av læremiddel på det spesialpedagogogiske området vil bli vurdert nærmare.

Arbeid med å sikre tilfredsstillande tilgang på læremiddel m a i punktskrift, vil bli følgt opp.

Andre statlege støttetiltak

  • Autismeprogrammet frå 1993 er under evaluering med tanke på å byggje opp ei varig ordning for eit kompetansesystem for autisme frå 1999.

  • Nasjonal kompetanseeining for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi er samfinansiert med Sosial- og helsedepartementet. På bakgrunn av sluttrapporten i 1997 vurderer departementa permanent vidareføring frå 1999.

  • Tiltak som gjeld opplæringstilbod under kriminalomsorga, vil bli evaluerte seinare.

  • Nasjonalt opplæringsprogram i teiknspråk for lærarar og foreldre frå 1996 skal vidareførast.

  • Departementet vil vidareføre Sentralt brukarforum og samarbeidet med organisasjonane i samband med den vidare omstruktureringa av spesialundervisninga.

  • Verksemda ved skulane ved seks sosiale og medisinske institusjonar skal vidareførast.

  • Fagleg eining for PP-tenesta, som vart oppretta i 1993, blir vidareført. Framtidig organisering, lokalisering og dimensjonering vil bli særskilt vurdert seinare.

Framtidig styringsstruktur for kompetansesentra m m

Dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra og Programmet for Nord-Noreg er i dag lagde under tre styre. Under styret for dei landsdekkjande kompetansesentra er det i tillegg eit eige sektorstyre for hørselssektoren.

Som konsekvens av nedbygginga av dei regionale sentra og avviklinga av Programmet for Nord-Noreg, og ut frå ønsket om betre koordinering av sektoren, går departementet inn for at det frå 1. januar 1999 blir etablert eitt felles styre for alle dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra. Det nye styret skal og dekkje syns- og audiopedagogtenesta, skular ved seks sosiale og medisinske institusjonar med kompetansesenterfunksjonar og gjenverande institusjonstiltak under det noverande Programmet for Nord-Noreg.

Sektorstyret for hørsel blir halde oppe under det nye styret. Sekretariatet for det nye styret vil bli bygd opp rundt noverande sekretariat for dei landsdekkjande kompetansesentra i Molde, men den noverande tilknytinga til Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal vil bli avvikla.

Fotnoter

1.

1DEFINISJONAR

Tilpassa opplæring

Grunnskolelova § 7 første ledd bestemmer at «alle elevar har rett til å få opplæring i samsvar med dei evnene og føresetnadene dei har». Regelen slår fast som generelt prinsipp at all opplæring så langt råd er, skal tilpassast den enkelte eleven.

Elevtilpassa opplæring som generelt mål er ikkje komme særskilt til uttrykk i lov om vidaregåande opplæring. Det må likevel leggjast til grunn at elevtilpassa opplæring er eit prinsipp også i den vidaregåande opplæringa. (NOU 1995:18).

Læreplan for grunnskule, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring, generell del, byggjer på at opplæringa skal tilpassast den enkelte. Spesialundervisning

Spesialundervisning er særskilt tilrettelagd opplæring for å sikre enkelte elevar retten til tilpassa opplæring jf. gsl § 8, lvgo § 8 og § 11 og vol § 5.

Eleven skal ha eit særleg behov i den forstand at han ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av den vanlege opplæringa. Det er ein føresetnad at det skal liggje føre sakkunnig vurdering før vedtak blir gjort. Vedtaket er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Nemninga spesialundervisning er i lovverket nytta om det spesielt tilrettelagde opplæringstilbodet som blir gitt etter eit slikt vedtak.

Retten til spesialundervisning må vurderast på bakgrunn av det utbyttet eleven kan ha av det konkrete opplæringstilbodet ved skulen.

Til dokumentets forside