St.meld. nr. 23 (1997-98)

Om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov

Til innholdsfortegnelse

5 Personellmessige, økonomiske og administrative konsekvensar

5.1 Innleiing: oversikt over dei samla økonomiske rammene

I denne meldinga tek departementet opp fleire tiltak for å styrkje det samla tenestetilbodet for ulike brukargrupper. Ein føresetnad er at tiltaka skal gjennomførast innanfor dei same økonomiske rammene som gjeld for kompetansesenterverksemda i dag. Dette gjeld og i den første perioden av omstillinga frå 1. august 1999. Ein kan då rekne med at det vil komme visse omstillingskostnader som legg mellombels bindingar på ein del av midlane. Omdisponeringa av midlane må derfor i nokon grad skje trinnvis, jf tabell 5.1.

Dei samla tiltaka skal haldast innanfor ei utgiftsramme på om lag 130 mill. kroner i 1997-prisnivå. Det vil m a medføre ein reduksjon i aktivitetsnivået ved 11 statlege spesialpedagogiske kompetansesenter med til saman 250 årsverk. Ein gjer dessutan ei omdisponering av budsjettmidlar (sjå tabell 5.2.).

Tabell 5.1 Bruk av midlar til nye tiltak (1997-prisnivå)

TiltakOmfang i årsverkBeløp i kroner
Trinn I) Overføring av midlar til kommunane og fylkeskommunane med 370 000 kr pr årsverk til dekning av lønn og andre driftsutgifter280 årsverk103,6 mill.
Styrking av Senter for åtferdsforsking4-5 årsverkca. 1,8 mill.
Styrking av Senter for leseforsking2-3 årsverkca. 1,0 mill.
Styrking av Nasjonalt læremiddelsenter og Samisk utdanningsråd4-5 årsverkca. 2,0 mill.
Kompetansehevingstiltak i samiske område1,6 mill.
Treårig praksisretta kompetansehevingsprogram
Regionale samlingar, rettleiingsmateriell m m.4,2 mill.
Styrking av BFD sitt forskings- og undervisningsopplegg ved Universitetet i Oslo når det gjeld tyngre åtferdsproblematikk1 årsverk0,4 mill.
Trinn II) 1) Overføring av midlar tilsvarande om lag 20 årsverk til PP-tenesta ved frigjering av omstillingsmidlar20 årsverk7,4 mill.
Ytterlegare styrkingstiltak8,0 mill.
Sum130 mill.

1) Trinn II vil bli iverksett etter kvart som eventuelle omstillingskostnader fell bort.

5.2 Personellmessige og økonomiske konsekvensar

Dei fleste av dei tilsette i stillingane som fell bort ved kompetansesentra, er kvalifiserte for tilsetjing i dei stillingane som blir oppretta for å styrkje den lokale PP-tenesta. Dei resterande personane som vert oppsagde ved kompetansesentra, omfattar mellom anna ergoterapeutar, fysioterapeutar, miljøterapeutar, økonomi- og IT-konsulentar, kontorpersonell, kjøkkenpersonell og reinhaldspersonell. Dei fleste av desse har kvalifikasjonar som tilseier at dei har gode sjansar til anna arbeid slik arbeidsmarknaden er no.

Tabell 5.2 Frigjering av ressursar ved aktuele kompetansesenter m m (1997-prisnivå)

TiltakNedbygging i årsverkFrigjering i kroner (omlag)
Senter for samansette lærevanskar Nedbygging med 40-50 % som samla inneber reduksjon frå om lag 400 til 215 årsverk ved Birkelid, Ekne, Søreide, Eikelund, Torshov, Øverby og Sandfallet185 årsverk78 mill.
Senter for språk- og talevanskar Nedbygging av Bredtvet frå om lag 115 til 90 årsverk25 årsverk8 mill.
Senter for synsvanskar Nedbygging av Huseby og Tambartun frå om lag 200 til 175 årsverk25 årsverk8 mill.
Senter for åtferdsvanskar Avvikling av Rogneby15 årsverk7 mill.
Samla reduksjon ved kompetansesentra250 årsverk101 mill.
Avvikling av landsdels- og fylkestiltak under Programmet for Nord-Noreg9 mill.
Avvikling av styre og sekretariat for Programmet for Nord-Noreg3,4 mill.
Nedbygging av styre og sekretariat tilknytte regionale kompetansesenter2,6 mill.
Omdisponering av midlar, m a mindreforbruk til ventelønn frå førre omstillingsperioden14 mill.
Samla reduksjon og frigjering av midlar til styrking av PP-tenesta i kommunesektoren og andre tiltak130 mill.

Departementet legg til grunn at arbeidsmiljølova kap XII om overdraging av verksemd ikkje gjeld her. Derfor må staten i eigenskap av arbeidsgivar ved avvikling eller nedbygging av desse sentra seie opp dei tilsette som tiltaket får verknad for. Fast tilsett tenestemann med meir enn to års samanhengande teneste og mellombels tilsett tenestemann med meir enn fire års teneste kan seiast opp med seks månaders frist når stillinga blir inndregen eller arbeidet fell bort. For tilsette med kortare tenestetid gjeld kortare oppseiingstid. Overgang til nytt arbeid må i utgangspunktet skje ved tilsetjing hos ny arbeidsgivar etter vanlege prosedyrar.

Det vil bli etablert ei mellombels eining som kan handtere praktiske oppgåver som melder seg i samband med nedbygging av aktuelle kompetansesenter og etablering av nye tiltak.

Organiseringa av og oppgåver for ei slik personaleining vil bli nærmare vurderte når Stortinget har behandla meldinga. Departementet vil ta kontakt om dette med mellom andre Kommunenes Sentralforbund og dei aktuelle tenestemannsorganisasjonane.

Spørsmål om eventuell ventelønn må vurderast etter gjeldande reglar. Eventuell ventelønn og andre personellrelaterte kostnader ved omstillinga må dekkjast innanfor den noverande løyvinga til driftsutgifter på statsbudsjettet kap 0243 Kompetansesentra for spesialundervisning, jf innleiinga.

Statsbygg leiger ut lokala ved alle dei sentra omstillinga gjeld, og leigeavtalane kan seiast opp med 12 månaders varsel ved omorganiseringar. Under føresetnad av at husleigeavtalane vert oppsagde innan 1. august 1998, vil ein i utgangspunktet ikkje få meirutgifter til tomgangsleige i omstillingsperioden.

For å styrkje PP-tenesta vil det bli oppretta 300 nye fagstillingar. Ein vil overføre midlar til dekning av 280 stillingar i trinn I og ytterlegare 20 i trinn II. Med utgangspunkt i berekna lønns- og driftsutgifter pr. fagårsverk i PP-tenesta er det lagt til grunn ei overføring på 370 000 kroner pr. årsverk for nye stillingar. Dette inneber eit samla behov for overføring på 104 mill. kroner årleg i trinn I og ein auke med 7 mill. kroner i trinn II som øyremerkte midlar til lokalforvaltninga. Det er ein føresetnad at desse midlane seinare skal innarbeidast i rammetilskottet til kommunesektoren.

Departementet vil seinare i budsjettsamanheng komme attende til dimensjoneringa av dei enkelte kompetansesentra som blir omstrukturerte. Likeeins vil departementet komme attende til dimensjonering og iverksetjing av dei enkelte styrkingstiltaka.

Det er viktig å sikre at tilførselen av nye ressursar til kommunesektoren kjem elevane og skulesamfunnet direkte til gode, og ikkje erstattar eksisterande tenester. Det blir her vist til dei premissane som er lagde til grunn frå departementet si side når det gjeld fordeling av nye årsverk til lokal PP-teneste, jf. kap. 4.

Førebuingane til å tilsetje personale i dei nyoppretta stillingane vil nødvendigvis ta noko tid. Dei økonomiske berekningane har som føresetnad at overføring av midlar vert gjennomført etter prinsippet om at «midlane følgjer personen». Dette inneber at lønns- og driftsmidlar i oppstartingsåret skal overførast til vertskommunane etter kvart som nye medarbeidarar tiltrer. Slik vil ein unngå doble lønnskostnader, og omstillinga kan gjennomførast innanfor dagens budsjettrammer.

5.3 Administrative konsekvensar: sekretariatsfunksjonane

Dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra og Programmet for Nord-Noreg er i dag underlagde tre styre og eitt sektorstyre:

  1. Styret for dei landsdekkjande kompetansesentra (senter for synshemma, hørselshemma, sosiale og emosjonelle vanskar, lese- og skrivevanskar og språk- og talevanskar). Under dette styret vart sektorstyret for hørsel oppretta i 1996.

  2. Styret for dei regionale kompetansesentra (senter for generelle lærevanskar/psykisk utviklingshemming, skuleverksemd ved seks sosiale og medisinske institusjonsskular med kompetansesenterfunksjonar, Nasjonal kompetanseeining for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi).

  3. Styret for Programmet for Nord-Noreg (Sandfallet kompetansesenter og dei andre tiltaka i programmet).

Funksjonstida for styra gjekk ut hausten 1997, men departementet har forlengt funksjonstida til utgangen av 1998.

Sekretariatsfunksjonane for den noverande styringsordninga for kompetansesentra er løyste på ulik måte av praktiske grunnar. Styret for dei landsdekkjande kompetansesentra med det underliggjande sektorstyret for hørsel har sekretariat ved Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal. Utdanningsdirektøren er sekretariatsleiar. Sekretariatet under styret for dei regionale kompetansesentra har kontorfellesskap med Statens utdanningskontor i Hedmark med eigen sekretariatsleiar. Styret for Programmet for Nord-Noreg får sekretariatsfunksjonane dekte av Statens utdanningskontor i Troms. Utdanningsdirektøren er styreleiar.

Relativt få av høringsinstansane har uttalt seg om sjølve styringsstrukturen for kompetansesentra. Dei som har uttalt seg, har tilrådd eitt felles styre.

Som følgje av endringar i kompetansesenterstrukturen, og av ønsket om ei samla styring av kompetansesentersystemet, tek departementet sikte på å avvikle dei tre styra frå 1. januar 1999 og å erstatte dei med eitt felles styre. Ordninga med eit sektorstyre for hørsel, underlagt styret, vil bli ført vidare.

Det nye styret for kompetansesentra treng eit slagkraftig sekretariat. Departementet ser det som mest naturleg å byggje sekretariatet opp med utgangspunkt i det noverande sekretariatet for dei landsdekkjande kompetansesentra, lokalisert til Molde. Sekretariatet må ha både administrativ, fagleg og økonomisk kompetanse til å sikre ei overordna og fast styring av den samla kompetansesenterverksemda, med grunnlag i prinsippa i denne meldinga. Sekretariatet skal ikkje lenger vere tilknytt Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal.

Det nye styret skal ha ansvar for

  • kompetansesenterverksemda (inkl. gjenverande tiltak under Programmet for Nord-Noreg)

  • skuleverksemda ved seks sosiale og medisinske institusjonar med kompetansesenterfunksjonar

I ein overgangsperiode må delar av funksjonane ved sekretariatet for regionale kompetansesentra haldast oppe. Dette sekretariatet vil ta hand om oppgåver som gjeld den planlagde eininga for å gjennomføre omstillingstiltak. Ressursar til å halde desse funksjonane i gang vil vere ein del av omstillingskostnadene.

Syns- og audiopedagogtenesta vil fagleg og administrativt bli lagd under dei respektive statlege kompetansesentra. Det nye styret får på den måten også ansvar for denne verksemda. Dei statleg tilsette synspedagogane blir knytte til kompetansesentra Huseby og Tambartun. Dei statleg tilsette audiopedagogane blir knytte til aktuelle kompetansesentra i hørselssektoren. Somme av dei statleg finansierte syns- og audiopedagogane er tilsette i kommunale/ interkommunale/ fylkeskommunale stillingar. Desse vil få tilbod om statleg tilsetjing frå 1. august 1999. Det er føresetnaden at syns- og audiopedagogane skal gjere teneste innanfor sine respektive fylke, slik ordninga er i dag.

Det nye styret får såleis eit større arbeidsområde enn styret for dei landsdekkjande kompetansesentra har hatt. Det vil derfor vere nødvendig å styrkje sekretariatet ved å overføre sekretariatsfunksjonar frå dei nedlagde sekretariata. Departementet reknar med at det nye sekretariatet må ha ei bemanning på om lag 10 personar.

Det nye styret skal vere ein pådrivar i arbeidet for å realisere intensjonane bak omstruktureringa og omstillinga av verksemda i det statlege kompetansesentersystemet samla sett. I tillegg til det faglege og administrative ansvaret vil det både for styre og sekretariat vere eit særleg viktig saksfelt å ta ansvar for økonomiforvaltninga av kompetansesentra. Rapporteringsrutinane for resultatoppfølging av drifta og dei administrative styringsordningane ved kompetansesentra må vidareutviklast. Det vart i 1997 oppretta to stillingar for dette formålet.

Etter departementet sitt opplegg for styringsstruktur vil alle aktivitetar som blir lagde inn under ansvarsområdet til det nye styret, utgjere éi verksemd. Det inneber blant anna at tildeling av ressursar frå departementet går til styret, som tidlegare. Styret har ansvar for å fordele midlar på aktuelle driftseiningar innanfor dei rammer og føresetnader som vert gitt av departementet.

Sekretariatet må ha kompetanse til å kunne avlaste departementet i løpande forvaltningssaker, medverke til fagleg utvikling og gjere utgreiingar for departementet. Når sekretariatet er fullt utbygd, vil dei løpande faglege oppgåvene og forvaltningssakene som gjeld kompetansesentra og tiltaka elles, for departementet sin del bli avgrensa til den overordna styringa.

Senter for åtferdsforsking og Senter for leseforsking er organisatorisk ein del av Høgskulen i Stavanger og direkte underlagde styret for høgskulen. Samtidig inngår sentra i det landsdekkjande kompetansesenternettverket og skal prioritere oppgåver i denne samanhengen, i samsvar med mål og handlingsplanar vedtekne av styret for kompetansesentra. Departementet er innstilt på å vidareføre denne organisatoriske tilknytinga til høgskulen, men vil i framtida gi klarare styringssignal når det gjeld forholdet mellom kompetansesenteroppgåver og høgskuleoppgåver og ansvars- og rolledelinga mellom styret for høgskulen og styret for kompetansesentra.

5.4 Betalingsordning, prisfastsetjing på tenester

Det er behov for å vurdere eventuelle endringar i betalingsordningane og prisfastsetjinga på tenester frå kompetansesentra. Departementet vil be det nye styret, m a på bakgrunn av den kommande omstruktureringa av kompetansesentersystemet, å vurdere aktuelle ordningar og komme med forslag til eit system for betaling av tenester frå kompetansesentra.

Det er og behov for å sjå nærmare på betalingsordningane for reiser for elevar og føresette til og frå dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra. Betalingsordningane er i dag prega av store variasjonar knytte til refusjonar for reiser, m a i høve til trygdelovgivinga. Departementet vil drøfte slike spørsmål med Sosial- og helsedepartementet med sikte på å få ein mest mogleg likearta praksis, uavhengig av bustadskommune.

Til forsiden