St.meld. nr. 23 (1997-98)

Om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov

Til innholdsfortegnelse

2 Det statlege støttesystemet for spesialundervisning

2.1 Statlege spesialpedagogiske kompetansesenter

2.1.1 Omorganiseringa av statlege spesialskular til kompetansesenter

Talet på statlege og kommunale spesialskular og på elevar i desse skulane var høgst omkring 1980. Ut over på 1980-talet gjekk tala ned til omkring 80 skular og knapt 2.300 elevar i 1991-92. Av dei var 43 skular statsdrivne (41 statlege + 2 private). Frå 1. august 1992 vart 28 av desse omorganiserte til 20 (18 statlege og 2 private) kompetansesenter, og her var det da omkring 670 heiltidselevar igjen.

Av dei 15 skulane som da stod att, vart fire lagde ned og 11 overførte til anna forvaltningsnivå og/eller annan sektor frå 1. august 1992:

Nedlagde

  • Glitrehaug skule (lærevanskar)

  • Breili vidaregåande skule (lærevanskar)

  • Varna skule (åtferdsvanskar)

  • Elvemo skule (åtferdsvanskar)

Overførte

  • Øvsttun skule (åtferdsvanskar) til barnevernet i Hordaland

  • Røvika skule (åtferdsvanskar) til barnevernet i Nordland

  • Åsgård skule (åtferdsvanskar) til barnevernet i Buskerud

  • Trogstad skule (åtferdsvanskar) til barnevernet i Rogaland, Hordaland, Sør-Trøndelag, Akershus og Oslo

  • Hassel skule (åtferdsvanskar) til Justisdepartementet

  • Sævarhagen skule (åtferdsvanskar) til Stord kommune

  • Solheim skule (lærevanskar) til ein interkommunal offentleg stiftelse

  • Nordstumoen vidaregåande skule (lærevanskar) til Hedmark fylkeskommune

  • Langbakken vidaregåande skule (lærevanskar) til Nordland fylkeskommune

  • Kjelle vidaregåande skule (lærevanskar) til Akershus fylkeskommune

  • Vold vidaregåande skule (lærevanskar) til Oppland fylkeskommune

Dei 28 gjenverande skulane vart omorganiserte til 13 landsdekkjande og 7 regionale statlege spesialpedagogiske kompetansesenter; kvar gruppe med sitt eige styre. Dei fleste landsdekkjande sentra har likevel regionaliserte opptaksområde, og fleire regionale senter har landsdekkjande oppgåver. Dette framgår nærmare av pkt. 1.4 og 1.5 nedanfor.

Landsdekkjande statlege og private spesialpedagogiske kompetansesenter

Synssektoren

  • Huseby kompetansesenter (inkl. Hovseter barnehage), Oslo

  • Tambartun kompetansesenter, Sør-Trøndelag

Hørselssektoren

  • Skådalen kompetansesenter, Oslo

  • Nedre Gausen kompetansesenter, Vestfold

  • Vestlandet kompetansesenter (inkl. Hunstad, Bjørkåsen og Kongstein skular), Hordaland og Rogaland

  • Møller kompetansesenter (inkl. Trondheim off. skule og Vikhov skule), Sør-Trøndelag

  • Andebu kompetansesenter (AKS), Hjemmet for døve, Vestfold (privateige, stiftelse, avtalebasert)

  • Briskeby kompetansesenter, Oslo (privateige, Hørselshemmedes Landsforbund, avtalebasert)

Sosiale og emosjonelle vanskar

  • Rogneby kompetansesenter, Oppland

  • Lillegården kompetansesenter, Telemark

  • Senter for åtferdsforsking (inkl. Lindøy skule), Rogaland

Språk-, tale-, lese- og skrivevanskar

  • Bredtvet kompetansesenter (inkl. Halmrast skule), Oslo og Oppland

  • Senter for leseforsking, Rogaland

Regionale statlege spesialpedagogiske kompetansesenter

Samansette lærevanskar (inkl. psykisk utviklingshemming)

  • Birkelid kompetansesenter (inkl. Lunde skule), Vest-Agder og Aust-Agder

  • Eikelund kompetansesenter, Hordaland

  • Ekne kompetansesenter (inkl. Røstad skule), Nord-Trøndelag

  • Søreide kompetansesenter, Sogn og Fjordane

  • Torshov kompetansesenter, Oslo

  • Øverby kompetansesenter (inkl. Elton skule), Oppland

  • Sandfallet kompetansesenter, Finnmark (under styret for Programmet for Nord-Noreg)

Andre senter

I tillegg er det fire regionsenter for døvblindfødde: Ved Solveigs Hus, Hjemmet for døve (stiftelse), ved Skådalen kompetansesenter, ved Vestlandet kompetansesenter og ved Regionsenteret for døvblindfødde i Nord-Noreg (det sistnemnde under Programmet for Nord-Noreg). Desse blir delvis finansierte av Sosial- og helsedepartementet (den utoverretta/konsultative verksemda) og kommunane (budelen).

Frå 1. januar 1995 vart Senter for åtferdsforsking og Senter for leseforsking overførte til høgskulesektoren og underlagde Høgskulen i Stavanger, mens den tidlegare Lindøy skule vart overført til Rogaland fylkeskommune. Senter for åtferdsforsking og Senter for leseforsking har likevel framleis tilknyting til kompetansesentersystemet gjennom økonomiske overføringar og målstyring frå styret for landsdekkjande senter.

2.1.2 Oppgåver og produksjon ved kompetansesentra

Dei overordna måla for kompetansesentra har vore å

  • medverke til at dei opplæringsansvarlege - kommunane og fylkeskommunane - får rettleiing og støtte for å sikre kvaliteten på opplæringstilbodet for personar med store funksjonsvanskar

  • utvikle spesialpedagogisk kompetanse for barn, unge og vaksne med store og samansette behov gjennom kartlegging, diagnostisering, rådgiving og utviklingsarbeid

  • sikre skule- og miljøtilbod for elevar når lokalsamfunnet manglar kompetanse (spesielt aktuelt med heiltidsopplæring i hørselssektoren)

  • tilby foreldre, lærarar og andre fagpersonar m m kurs og etterutdanning (kompetansespreiing)

  • ta del i forpliktande nettverksarbeid omkring enkeltelevar (tverrfagleg og tverretatleg samarbeid)

I 1992 hadde kompetansesentra svært ulike føresetnader for å realisere desse måla. Somme senter kunne i hovudtrekk halde fram det arbeidet dei hadde drive dei siste 5-10 åra. Andre måtte leggje om tenesteprofilen frå hovudvekt på rein skuledrift til verksemd utoverretta mot kommunesektoren i form av kartlegging, diagnostisering, rådgiving, kursverksemd m m. Enkelte senter hadde personale med kompetanse på hovudfagsnivå, andre hadde få tilsette med slike formelle faglege kvalifikasjonar. Det vart derfor iverksett eit etter- og vidareutdanningsprogram ved Institutt for spesialpedagogikk, Universitetet i Oslo og ved Avdeling for økonomi-, kommunal- og sosialfag, Høgskulen i Oslo. Det vart dessutan etablert ei omstillingseining. Det har elles skjedd nyrekruttering til sentra, men evalueringsrapportane frå styra for 1992-1995 viser at dette ikkje har tappa lokalsamfunna eller PP-tenesta for kvalifisert arbeidskraft; det har vore gjensidig rekruttering.

Gjennom omfattande planlegging og styring er tenesteprofilen ved sentra, sedde under eitt, monaleg endra i løpet av omstillingsperioden 1992-1995. Tenestene er i dag, langt meir enn før, retta mot kommunar og fylkeskommunar. Dette er i samsvar med dei mål Stortinget sette for omstillinga. Men det er framleis heller store variasjonar frå senter til senter når det gjeld tenesteprofilen og vektlegginga av oppgåvene; dette er avhengig av ulike lokale behov, ulike behov i forskjellige vanskegrupper, ulik kompetanse og kultur ved sentra m m.

Å utarbeide informative oversiktstabellar som viser utviklinga i tenesteproduksjonen og ressursbruken ved sentra er komplisert, da ein her har senter med ulik tradisjon og svært ulike arbeidsområde. Registrerings- og klassifikasjonssystemet for tenesteproduksjonen (KIS - Kompetansesentra sitt informasjonssystem) vart utvikla i 1994 og teke i bruk i 1995. Når produksjonstala har vore gjennomgådde - særleg for dei første åra - har det vist seg å vere ulike definisjonar av dei omgrepa som har vore nytta, både mellom senter og over tid. Dei produksjonstala som kjem ut, er derfor noko usikre og ikkje fullt ut samanliknbare. Likevel gir dei eit godt bilete av tendensane i tenesteproduksjonen. Systemet er framleis under utvikling og tilpassing, og å sikre eintydig omgrepsbruk er ein viktig del av dette arbeidet.

Rekneskapstala er hovudsakleg henta frå statsrekneskapen. Det har berre til ein viss grad vore mogleg å splitte opp statsrekneskapstala frå tidlegare år på alle dei ulike formål som er omtalte i denne meldinga og som blir finansierte på statsbudsjettet kap 0243. Det er derfor supplert med opplysningar frå andre kjelder, som årsmeldingar og tildelingsbrev.

Oversikt over tenesteproduksjonen ved kompetansesentra i 1994, 1995 og 1996 framgår av tabell 2.1. Aktivitetstal for tidlegare år kan ikkje givast eksakt, jf forklaringa ovanfor. Tabellen gir produksjonstal samla for dei respektive landsdekkjande og regionale sentra. Mellom dei ulike sentra kan det vere heller store variasjonar i produksjonsprofilen, spesielt mellom dei landsdekkjande sentra som dekkjer svært ulike vanskegrupper. Det høge talet på heilårselevar og internatår ved dei landsdekkjande kompetansesentra kjem i det vesentlege av elevtala ved døveskulane, jf nærmare detaljar i tabell 2.2 og 2.6. Godt over halvparten av utgreiingane ved dei landsdekkjande sentra blir gjorde av Bredtvet (språk-, tale-, lese- og skrivevanskar) åleine.

For fleire utoverretta aktivitetar har det vore auka tenesteyting både ved dei landsdekkjande og dei regionale sentra frå 1994 til 1996. For langtidsopplæringa har det likevel samla sett vore sterk nedgang i talet på heilårselevar, frå knapt 700 i 1992 til vel 400 i 1997, jf spesifisert oversikt i tabell 2.2. Innanfor synssektoren, åtferdssektoren og språk-, tale-, lese- og skrivesektoren er heiltidsopplæringa ved sentra no heilt avvikla. Innanfor dei regionale kompetansesentra er det no berre heilårselevar ved Torshov kompetansesenter, der elevane i 1992 fekk garanti for å få fullføre grunnskulen ved senteret.

Ved døveskulane har talet på heilårselevar vore tilnærma stabilt i peroden 1992 - 1997, jf tabellane 2.2 og 2.6. Pr. mars 1998 er det vel 300 heilårselevar innanfor hørsel- og døvblindesektoren, jf tabell 2.6.

Tabell 2.1 Tenesteproduksjon ved statlege spesialpedagogiske kompetansesenter 1994-1996, eksklusive Programmet for Nord-Noreg.

Type aktivitet (produksjon)Landsdekkjande kompetansesenterRegionale kompetansesenter
199419951996199419951996
Opplæring langtid (over 12 veker), omrekna til heilårselevar 1)364321332422718
Internatår, omrekna til heilår1191091051753
Opplæring korttid (under 12 veker), elevar5649251.1450 4)0 4)0 4)
Utgreiingar inkl. lokal oppfølging 2)2.4722.7292.6469261.2851.410
Konsultasjon, rådgiving 3)1.9452.0021.5696486951.056
Kurs for brukarar, foreldre, samarbeidspartnarar mm - kursdagar1.4262.3923.356652435348 5)
- deltakarar14.03923.16127.21312.1938.2354.600 5)

1) Omrekna til elevår: 12-22 vekers opphald = 0,5 elevår/heilårselev 23-38 vekers opphald = 1,0 elevår/heilårselev

2) Utgreiingar er saker der senteret har hatt ansvar for forundersøking, diagnostisering og tiltaksrådgiving, og etterarbeid med oppfølging (internt og eksternt). Tala er noko usikre.

3) Konsultasjon og rådgiving er saker der senteret gir konsultasjon, råd, rettleiing eller fråsegn, men der samarbeidsparten har saksansvaret. Tala er noko usikre.

4) Opplæring som er gitt i samband med utgreiingsopphald, er registrert som utgreiing.

5) Eksklusive Torshov kompetansesenter.

Kilde: Kjelder: Styret for landsdekkjande statlege spesialpedagogiske kompetansesenter 1996. Evalueringsrapport 1992-1995 og årsmeldingar 1994 - 1996. Styret for regionale statlege spesialpedagogiske kompetansesenter 1996. Rapport om verksemda 1992-1995 og årsmeldingar 1994-1996. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Tabell 2.2 Heilårsopplæring (ordinær skuledrift over 12 veker i førskule og skule) ved statlege spesialpedagogiske kompetansesenter 1992-93 til 1997-98

Sektor199219931994199519961997
Tal elevar 1)Omrekna elevår 2)Tal elevar 1)Omrekna elevår 2)Tal elevar 1)Omrekna elevår 2)Tal elevar 1)Omrekna elevår 2)Tal elevar 1)Omrekna elevår 2)Tal elevar 1)Omrekna elevår 2)
Landsdekkjande: Syn6346664147251360000
Hørsel403334381333383330365306386322384324
Døvblinde1413141211999101010
Åtferd 3)1164200000000
Språk og tale630000000000
Regionale: Samansette lærevanskar 4) 5)176ca. 131118856642302721181211
Sum673533583473507406417348417350406345

(Merknad: Dei oppgitte tala her for hørsel er for høgt for heile perioden 1992-1997. Dette skuldast at det skjedde ein dobbeltelling dels av kurselevar, dels av heilårselevar ved overgangsfasen mellom skuleslaga, dvs. ved overgang frå førskule til grunnskule og frå grunnskule til vidaregåande skule. Tendensen i talmaterialet (stabilitet i elevtalet) er imidlertid riktig. Korrekt elevtal pr. 1. mars 1998 er 308 heilårselevar innanfor hørsels- og døvblindesektoren tilsaman. Dette framgår av tabell 2.6)

1) Tal på langtidselevar ved slutten av skuleåret.

2) Omrekna til elevår: 12-22 vekers opphald = 0,5 elevår/heilårselev og 23-38 vekers opphald = 1,0 elevår/heilårselev.

3) Eksklusive heilårselevar ved Rogneby som Oppland fylkeskommune har betalt for.

4) Eksklusive heilårselevar ved Øvergården skule som har vore administrert av Ekne kompetansesenter, men finansiert av 3 fylkeskommunar (21 heilårselevar i 1992, avvikla etter 1995-96).

5) Av desse fekk 36 elevar i 1992 garanti for å få fullføre grunnskulen ved Torshov kompetansesenter. Dei siste elevane avsluttar opplæringa ved Torshov omkring år 2001. 18 elevar fekk en slik garanti ved Øverby; her er det frå hausten 1996 ingen elevar igjen.

Kilde: Kjelder: Styret for landsdekkjande statlege spesialpedagogiske kompetansesentra.Styret for regionale statlege spesialpedagogiske kompetansesentra

Det er såleis særleg hørselssentra som nyttar større ressursar til heilårsopplæring og internatverksemd. Omkring 2/3 av ressursane ved desse sentra går til døveskulane inklusive internatdrifta. 1/3 av ressursane går til den meir utoverretta kompetansesenterverksemda.

Tabell 2.3 viser den samla tenesteprofilen ved kompetansesentra i 1994 - 1996 uttrykt ved fordelinga av ressursane (målte i årsverk) til ulike slag aktivitetar.

Tabell 2.3 Tenesteprofilen ved dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra 1994 - 1996, eksklusive Programmet for Nord-Noreg, Senter for leseforsking og Senter for åtferdsforsking. Avrunda tal

Type aktivitetLandsdekkjande kompetansesenter, prosentdel av årsverkaRegionale kompetansesenter, prosentdel av årsverka
199419951996199419951996
Opplæring langtid (over 12 veker)39%37%35%24%11%5%
Opplæring korttid (under 12 veker)7%7%8%0%0%0%
Utgreiingar inkl. lokal oppfølging 1)11%12%10%55%77%65%
Konsultasjon, rådgiving 2)8%8%8%13%3%9%
Kurs5%6%8%1%
Kunnskaps-/informasjonsspreiing2%5%3%3%3%4%
Læremiddelproduksjon5%4%4%3%
FoU6%6%6%5%6%3%
Anna17%15%18%Fordelt ovanforFordelt ovanfor10%
Sum100%100%100%100%100%100%

1) Utgreiingar er saker der senteret har hatt ansvar for forundersøking, diagnostisering og tiltaksrådgiving, og etterarbeid med oppfølging (internt og eksternt). Tala er noko usikre.

2) Konsultasjon og rådgiving er saker der senteret gir konsultasjon, råd, rettleiing eller fråsegn, men der samarbeidsparten har saksansvaret.

Kilde: Kjelder: Styret for landsdekkjande statlege spesialpedagogiske kompetansesentra 1996.Evalueringsrapport 1992-1995. Styret for regionale statlege spesialpedagogiske kompetansesentra 1996. Rapport om verksemda 1992-1995. Årsmeldingar og anna statistisk materiale frå styra.

2.1.3 Ressursar ved kompetansesentra i løpande og faste prisar

Tabell 2.4 viser utviklinga i ressursbruken ved dei enkelte kompetansesentra i perioden 1993-1996 målt i netto driftsutgifter og årsverk.

Tabell 2.4 Ressursbruk ved statlege spesialpedagogiske kompetansesenter 1993-1996, og kjøp av tenester ved private senter. Netto driftsutgifter i mill. kroner, løpande prisar. Omfattar utgiftspostane 01, 11 og 21 på statsbudsjettet kap 0243, fråtrekte korresponderande inntekter på postane 01, 15 og 16 på kap 3243 *. Inklusive døvblindsenter, eksklusive Programmet for Nord-Noreg, Senter for åtferdsforsking og Senter for leseforsking

Kompetansesenter1993199419951996
Mill krÅrsverkMill krÅrsverkMill krÅrsverkMill krÅrsverk
Syn: Huseby45,712844,514746,612646,5119
Tambartun37,28834,59135,28735,483
Sum syn82,921679,023881,821381,9202
Hørsel: Skådalen 1)34,311033,710833,211333,4104
Nedre Gausen15,94816,74917,44817,444
Vestlandet 1)54,518054,318958,417463,5212
Møller43,613045,314146,011845,3115
Andebu, Hjemmet for døve28,28231,49133,09134,385
Solveigs Hus0,720,720,720,72
Briskeby12,13211,82611,93311,932
Sum hørsel189,3584193,9606200,6579206,5594
Sosiale og emosjonelle vanskar: Rogneby 2)7,4146,8167,3176,515
Lillegården8,4198,5188,4177,515
Sum sosiale og emosjonelle vanskar15,83315,33415,73414,030
Språk/tale: Bredtvedt (sum)40,614743,612642,512442,8123
Samensette lærevanskar: Birkelid31,88333,27430,78029,875
Eikelund28,58229,97729,47431,078
Ekne 3)29,75123,65224,75324,250
Søreide18,75520,14316,13414,331
Torshov23,55828,76230,36330,363
Øverby34,98936,56633,28233,680
Sum samansette lærevanskar166,7418172,0374164,4386163,2377
Sum ekskl. omst.eininga495,31.398503,81.378505,01336508,41326
Omstillingseininga: 4)
Det regionale styret4,710,212,3
Det landsdekkjande styret0,85,49,1
Styret for Programmet for Nord-Noreg0,30,60,6
Sum omstillingseiniga0,005,84516,27622,0100
Sum inkl. omst.eininga495,31.398509,61.423521,01.412530,41.426

1) Eksklusive midler frå Sosial- og helsedepartementet til utoverretta tiltak for døvblindfødde, men inklusive årsverk.

2) Ekskl. kostnader og årsverk tilknytta barnevernsverksemd finansiert av Oppland fylkeskommune.

3) Årsverkstala for Ekne er dels baserte på skjønn, idet tilgjengeleg materiale ikkje klart har skilt ut den delen av verksemda som gjeld sal av tenester vedr. Øvergården skule.

4) Omstillingseininga vart oppretta 1.4.94. Personar tilknytte omstillingseininga varierer i løpet av året. Årsverk er berekna ut frå eit gjennomsnitt. Tala her inkluderer Programmet for Nord-Noreg og administrasjonsutgifter som blir belasta dei tre styra.

*) I tillegg kjem utgifter på post 45 Store nyinnkjøp og utgifter til styre/sekretariat, prosjekt mv

Kilde: Kjelder: Statsrekneskapen, evalueringsrapportar og årsmeldingar mv frå styra og kompetansesentra

Målt i løpande prisar har det vore ein svak auke i ressursbruken ved kompetansesentra i perioden. I tillegg har komme kostnader til omstillingseininga, som gjer at den samla ressursbruken har auka ytterlegare. Hørselssektoren har stått for ein ikkje liten auke, mens det innanfor dei andre sektorane, unnateke språk/tale (Bredtvet), har vore reduksjonar. Ved dei regionale sentra har det vore ein reduksjon i husleigeutgiftene i perioden frå 33,5 til 30,4 mill kroner, mens det har vore ein auke i husleiga ved dei landsdekkjande sentra frå 45 til 53 mill kroner frå 1992 til 1996.

Tilgjengeleg talmateriale viser at det har vore ein viss nedgang i talet på årsverk i bruk ved sentra totalt (ca. 5 %), men tilnærma stabilitet innanfor hørselssektoren. Det har vore størst reduksjon ved kompetansesentra for samansette lærevanskar og ved Bredtvet. Kvaliteten i rapporteringa av personalressursar har vore noko varierande når det gjeld stillingar som ikkje krev heimel. Tabell 2.4 skulle likevel gi eit representativt bilete av utviklinga. Det hører med at i løpet av perioden er mange tilsette overførte til omstillingseininga (sjå tabell 2.4). Talet på årsverk i kompetansesentersystemet inklusive omstillingseininga har såleis auka i perioden 1993-1996 med om lag 2 %.

Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen har i Innst. S. nr. 224 (1995-96) bede om ei spesifisert oversikt over den økonomiske utviklinga ved dei enkelte sentra i løpet av omstillingsperioden. For å få fullt ut samanliknbare tal over tid, er tala i tabell 2.4 derfor presentert i tabell 2.5 i faste 1996-prisar.

Som det går fram av tabell 2.5, har det innanfor hørselssektoren vore stabilitet i ressursbruken i åra 1993-1996 målt i faste prisar. Innanfor dei andre sektorane er ressursbruken noko redusert, relativt sett mest for dei to åtferdssentra. Her har det likevel vore auka løyvingar til Senter for åtferdsforsking som ikkje inngår i tabell 2.4 og 2.5. Medrekna omstillingseininga har den samla ressursbruken i samband med kompetansesentersystemet vore tilnærma stabil i perioden, i faste prisar.

Tabell 2.5 Ressursbruk ved statlege spesialpedagogiske kompetansesenter 1993-1996, og kjøp av tenester ved private senter. Netto driftsutgifter på statsbudsjettet kap 0243 og 3243 som definert i tab. 2.4. Beløp i mill. kroner, omrekna til faste 1996-prisar 1). Inklusive døvblindesenter, eksklusive Programmet for Nord-Noreg, Senter for åtferdsforsking og Senter for leseforsking

Kompetansesenter1993199419951996
Mill krMill krMill krMill kr
Syn: Huseby49,747,348,246,5
Tambartun40,436,736,435,4
Sum syn90,184,084,681,9
Hørsel: Skådalen37,335,934,33,4
Nedre Gausen17,317,718,017,4
Vestlandet59,357,860,463,5
Møller47,448,247,645,3
Andebu, Hjemmet for døve30,833,634,234,3
Solveigs Hus0,80,70,70,7
Briskeby13,212,612,311,9
Sum hørsel206,1206,5207,5206,5
Sosiale og emosjonelle vanskar: Rogneby8,07,27,66,5
Lillegården9,19,08,77,5
Sum sosiale og emosjonelle vanskar17,116,216,314,0
Språk/tale: Bredtvet (sum)44,346,544,042,8
Samansette lærevanskar: Birkelid34,635,331,729,8
Eikelund30,931,830,431,0
Ekne31,825,125,524,2
Søreide20,321,416,614,3
Torshov25,530,531,430,3
Øverby37,938,834,333,6
Sum samansette lærevanskar181,0182,9169,9163,2
Sum ekskl. omstillingseininga538,6536,1522,3508,4
Omstillingseininga-6,216,822,0
Sum inkl. omstillingseininga538,6542,3539,1530,4

1) Ved omrekning til faste 1996-kroner er nytta følgjande deflatorar: Lønsutgifter - deflator knytt til lønnsoppgjeret i staten. Husleige - deflator på 75% av konsumprisindeksen. Utgifter elles - deflator lik konsumprisindeksen

Kilde: Kjelder: Evalueringsrapportar frå styra 1992 - 1995 og statsrekneskapen. Årsmeldingar frå styra 1996.

2.1.4 Utviklinga ved dei enkelte kompetansesentra og sektorvis utvikling etter 1992

I dette avsnittet blir det gjort kort og stikkordsmessig greie for utviklinga ved dei enkelte kompetansesentra og den sektorvise utviklinga. Til slutt blir det gitt ei oversikt over bruken av personalressursane til ulike typar tiltak ved sentra.

2.1.4.1 Verksemd under styret for dei landsdekkjande kompetansesentra

Kompetansesenter på synssektoren

Sektoren er dekt av dei to synssentra Tambartun, Sør-Trøndelag og Huseby, Oslo. Dei hadde ulike utgangspunkt ved overgangen frå spesialskule til kompetansesenter i 1992. Tambartun (førskule og barnesteget på grunnskulen) hadde avvikla skuleavdelinga alt på 1980-talet. Hovseter kurssenter for synshemma førskulebarn og Huseby utdanningssenter for synshemma ungdom og vaksne var to uavhengige institusjonar som i 1992 vart slått saman til eitt senter. Ved Huseby er det i løpet av omstillingsperioden gjennomført omfattande organisasjonsendringar for å møte dei nye oppgåvene. Sentra dekkjer no ulike geografiske område i landet, mot tidlegare ulike aldersgrupper. Skuledrifta for heiltidselevar ved Huseby vart avvikla i første halvår 1995.

Tala på utgreiingar og korttidsopphald ved sentra auka i perioden, parallelt med at den lokale kompetansen har auka og mindre krevjande saker i større grad blir utgreidde og behandla lokalt. Den lokale utviklinga gjeld særleg synspedagogtenesta og kompetansehevinga ved hjelpemiddelsentralane på fylkesplanet for brukarar og samarbeidspartnarar. Omfanget av dette har auka i perioden. Læremiddelproduksjonen har vore noko mindre enn etterspørselen, spesielt gjeld dette punktskriftbøker for vidaregåande skule. Det har elles vore ein svak auke i omfanget av FoU-arbeid ved synssentra.

Det har vore ein svak nedgang i ressursane, men sterk auke (3-dobling) i talet på tilsette med hovudfagskompetanse. Ca 7 % av dei tilsette ved synssentra er sjølv synshemma.

Kompetansesenter på hørselssektoren

Sektoren er dekt av seks hørselssentra, av desse to private (Briskeby og AKS - Andebu kompetansesenter).

Skådalen, Nedre Gausen, Vestlandet og Møller kompetansesenter har relativt likt oppgåvespekter. Enkelte landsdekkjande funksjonar er delte mellom sentra. Arbeids- og funksjonsfordelinga for sentra er fastsett slik etter ein eigen plan vedteken av styret:

Møller kompetansesenter: Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark.

Vestlandet kompetansesenter: Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane - landsdekkjande opptaksområde for vidaregåande opplæring.

Skådalen kompetansesenter: Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark og Oppland.

Nedre Gausen kompetansesenter: Aust-Agder, Vest-Agder, Telemark, Vestfold og Buskerud.

Briskeby kompetansesenter: Landsdekkjande oppgåver for tunghørte unge og vaksne.

AKS: Landsdekkjande oppgåver for hørselhemma med ulike funksjonshemmingar.

Omkring 2/3 av totalressursane ved hørselssentra er knytte til skule- og internatdrift. Samla sett har det vore tilnærma stabilitet i talet på heilårselevar ved døveskulane i perioden 1992-1997, slik det framgår av tabell 2.2. Tabell 2.6 viser talet på heilårselevar ved hørselssentra og sentra for døvblinde fordelt på dei ulike skulane og opplæringsnivåa 1995-1997, og ei eksakt elevteljing pr 1. mars 1998. Som det framgår, er elevtalet mykje redusert ved Nedre Gausen og Briskeby den seinaste tida.

Tabell 2.6 Heilårsopplæring (førskule og skule over 12 veker): Tal på elevar (ikkje omrekna) ved statlege landsdekkjande spesialpedagogiske kompetansesentra for hørsel og døvblinde 1995 - 1997 1) og pr 1. mars 1998, fordelte på skular og opplæringsnivå

Skule/senterFørskuleGrunnskuleVidaregåande skuleSum
959697959697959697959697Elevtal 1. mars 1998
Møller4548525445535645
Skådalen25251856705711182967673
AKS547810813141514
Nedre Gausen28242528242518
Hunstad, Vestlandet8101606467168746954
Briskeby533946533946
17
Bjørkåsen, Vestlandet60697960697958
Kongstein, Vestlandet25272825272829
Sum333519194210208147151167374396394308

1) Tala er gjennomsnittstal for vår og haust kvart år. Kolonna til høgre gjeld pr 1. mars 1998 og er basert på eksakt elevteljing. På bakgrunn av m a dobbeltteljing av heilårselevar i overgangsfasen mellom skuleslaga er tala for åra 1995-1997 i tabellen her for høge, jf nærmare merknader til tabell 2.2.

Førskulebarna går til Skådalen og Vestlandet, grunnskulebarna i det vesentlege til Skådalen, Nedre Gausen, Vestlandet (Hunstad) og Møller. Briskeby og Vestlandet (Bjørkåsen og Kongstein) dekkjer det meste på vidaregåande nivå.

Det samla elevtalet i heilårstilbod ved dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra utgjer omkring 45% av den teiknspråklege elevgruppa i landet. Tabell 2.7 viser fordelinga av talet på døve og døvblinde heilårselevar på ulike typar skuletilbod. Som det vil framgå, er nærmare 70% av dei døve/døvblinde elevane med teiknspråk som førstespråk i vidaregåande opplæring heilårselevar ved eit statleg kompetansesenter. Tilsvarande er ca 45% av grunnskuleelevane og 11% av dei i førskulealder med teiknspråk som førstespråk, heiltidselevar ved eit statleg kompetansesenter.

Tabell 2.7 Talet på døve og døvblinde heilårselevar 1) med teiknspråk som førstespråk, fordelt på opplæringsnivå og ulike typar skuletilbod, pr. 1. mars 1998

Type skuletilbod OpplæringsnivåStatlege spesialpedagogiske kompetansesentraHørselsklasse/avdeling/ skule (FS og GS) Knutepunktskule (VGO)Vanleg heimeskuleSum
Førskule (FS)143873125
Grunnskule (GS)182119100401
Vidaregåande opplæring (VGO)1123318163
Sum308190191689

1) Samanhengande opplæring i meir enn 12 veker (ikkje omrekna).

Kilde: Kjelde: Styret for landsdekkjande statlege spesialpedagogiske kompetansesentra

Ca 1/3 av dei samla ressursane ved hørselssentra går til utoverretta verksemd til døve eller tunghørte brukarar og nettverka og samarbeidspartnarane deira lokalt.

Omfanget av korttidsopphald ved sentra har auka monaleg i perioden, særleg ved Briskeby, Møller, Nedre Gausen og Vestlandet, unnateke for vaksne. Mot slutten av perioden 1992-1995 auka omfanget av utgreiingar, mest for grunnskuleelevar, dernest for førskulebarn. Vidare har omfanget av konsultasjonar og rådgiving auka, og det same gjeld kursverksemda både ved sentra og eksternt. Dessutan blir det drive FoU-verksemd og læremiddelproduksjon.

Det har vore tilnærma stabilitet i ressursbruken ved hørselssentra, men sterk auke i talet på tilsette med hovudfagskompetanse. Ca 10 % av dei tilsette ved kompetansesentra er sjølv hørselshemma teiknspråkbrukarar.

Kompetansesenter på døvblindføddesektoren

Døvblindfødde får tilbod ved tre av hørselssentra: Skådalen, Vestlandet og Solveigs Hus, og dessutan ved Regionsenteret for døvblindfødde i Nord-Noreg (fylkeskommunalt). Det sistnemnde inngår i det spesialpedagogiske kompetansenettverket i Nord-Noreg i regi av Programmet for Nord-Noreg.

Eit fåtal personar får heilårsopplæring i skule ved sentra, jf tabell 2.2. Elles driv sentra utoverretta verksemd: utgreiingar, konsultasjonar og kursverksemd, FoU og læremiddelutvikling m m. Sosial- og helsedepartementet finansierer den utoverretta/konsultative verksemda for gruppa, og kommunane butilbodet. Ressursane til dette går ikkje inn i talmaterialet framanfor.

Kompetansesenter på språksektoren (språk- og tale-, lese- og skrivevanskar)

Brukarane får hjelp frå to nokså ulike kompetansesenter både når det gjeld storleik, oppgåver og ansvarsområde: Bredtvet og Senter for leseforsking.

Bredtvet senter for logopedi starta omstillinga til dagens kompetansesenterverksemd på 80-talet. Senteret dekkjer desse vanskeområda, som representerer dels høgfrekvente, dels lågfrekvente grupper:

  • Dysfasi: utviklingsmessige språk- og talevanskar

  • Afasi: pådregne språkvanskar etter sjukdom eller hjerneskadar

  • Dysartri: talevanskar med nevrologiske årsaker

  • Dysleksi: lese- og skrivevanskar

  • Taleflytvanskar: stamming og løpsk tale

  • Stemmevanskar: stemmeforstyrringar med funksjonelle og organiske årsaker

  • Følgjer av leppe-, kjeve-, ganespalte

  • Følgjer av laryngektomi: tap av stemme etter fjerning av strupehovudet

Bredtvet arbeider innanfor alle desse vanskeområda, med individuelle og systemretta tenester. Senter for leseforsking (SLF), som dekkjer eitt vanskeområde, har langt færre årsverk enn Bredtvet, og har eksistert frå 1989. SLF har arbeidsoppgåver både som spesialpedagogisk kompetansesenter for lesevanskar og dysleksi og som del av Høgskulen i Stavanger (frå 1995) med undervisning, forsking og rettleiing. Tildeling frå det landsdekkjande styret til SLF går ikkje fram av tabell 2.4 og 2.5.

Det har vore tilnærma stabilitet i ressurstilgangen til desse to sentra i perioden, men nedgang i talet på årsverk ved Bredtvet. Bredtvet har ei stor mengd utgreiingar. Hovudområda afasi, dysartri og stemmevanskar omfattar tenester hovudsakleg til vaksne, mens dysfasi og ganespalte i det vesentlege gjeld førskule- og grunnskulebarn. Dysleksiutgreiingar omfattar både barn og vaksne; det same gjeld stamming og løpsk tale.

I tillegg til Bredtvet og Senter for leseforsking kjem tenester ved den logopediske avdelinga ved Eikelund kompetansesenter for samansette lærevanskar i Bergen, under styret for regionale kompetansesentre (yter tenester hovudsakleg til Vestlandet). Dessutan blir det gitt eit visst logopedisk tilbod ved Øverby kompetansesenter, ved avdeling for pådregen hjerneskade.

Vidare finst det eit kommunalt senter i Trondheim, eit fylkeskommunalt senter i Nordland (Spesialpedagogisk senter i Nordland) og eit fylkeskommunalt drevet senter i Nordland med statleg finansiering (Logopedisk senter på Sømna i Helgeland). Dei to sistnemnde sentra inngår i det spesialpedagogiske kompetansenettverket i Nord-Noreg.

Innanfor den kommunale/fylkeskommunale PP-tenesta i landet er det oppretta omkring 200 årsverk for logopedar.

Kompetansesenter for sosiale og emosjonelle vanskar

Sektoren er representert ved tre relativt små senter som arbeider med ei svært høgfrekvent vanskegruppe. Dei tre sentra dekkjer kvar sine delar av landet:

Rogneby: Oppland, Hedmark, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.

Lillegården: Østfold, Akershus, Oslo, Buskerud, Vestfold, Telemark og Aust-Agder.

Senter for åtferdsforsking: Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark.

Rogneby og Lillegården driv no hovudsakleg utoverretta tenester: konsultasjonar og rådgiving, og særleg kurs og systemretta arbeid. Lokalmiljøa etterspør ofte tenester i krisesituasjonar. I forhold til omfanget av vanskegruppa når sentra likevel få individ direkte, da hovudvekta av innsatsen nødvendigvis må vere retta mot utviklingsarbeid og kompetanseheving lokalt. Det blir lagt stor vekt på å byggje opp kunnskap og innsikt når det gjeld vaksenrolla i relasjons- og samspelproblematikk i barnehage og skule.

I omstillingsperioden har Rogneby hatt avtale med Oppland fylkeskommune om sal av inntil 10 barnevernplassar. I 1997 er omfanget redusert til 7 plassar. Ressursar til denne delen av verksemda ved Rogneby inngår ikkje i talmaterialet framanfor. Drift av barnevernverksemda ved Rogneby kompetansesenter kan ev overtakast etter avtale mellom Oppland fylkeskommune og Statsbygg som eigar av lokala.

Senter for åtferdsforsking er knytt til Høgskulen i Stavanger frå 1995 og driv i hovudsak FoU-arbeid, kursverksemd og etterutdanning. Senteret har hovudansvaret for forsking om åtferdsvanskar, men har samtidig oppgåver som dei to andre kompetansesentra i åtte fylke.

For Rogneby og Lillegården har det vore nedgang i ressurstilgangen i perioden. Sett i samanheng med tildelinga frå det landsdekkjande styret til Senter for åtferdsforsking har det vore tilnærma stabilitet i ressurstilgangen til sentra for sosiale og emosjonelle vanskar (går ikkje fram av tabell 2.4 og 2.5).

Bruken av personalressursar i dei landsdekkjande sentra

Tabell 2.3 gir eit samla uttrykk for aktivitetane (tenesteprofilen) ved kompetansesentra i perioden 1994 - 1996. I tabell 2.8 er det gitt ei tilsvarande sentervis og sektorvis oversikt for 1996 for dei landsdekkjande sentra med årsverk brukte til ulike typar tenester.

Tabell 2.8 Årsverk brukte til ulike typar tenester ved landsdekkjande kompetansesenter. 1996. Inklusive døvblindesektoren unnateke utoverretta verksemd. Eksklusive Senter for leseforsking og Senter for åtferdsforsking. Avrunda tal

Senter/SektorOpplæring langtidOpplæring korttidUtgreiing/oppfølgingKonsultasjon/rådgjevingKursKunnskaps-/info.spreiingLæremiddelFoUAnnaSum
Huseby181420106161124119
Tambartun10620182915383
Sum syn282040288252627202
Skådalen661410411314104
Nedre Gausen204325103644
Vestlandet137410111292324212
Møller4713351033328115
Andebu, Hj.for døve3521373124985
Solveigs Hus 1 )22
Briskeby23212432
Sum hørsel328452336381581685594
Rogneby3215415
Lillegården1213815
Sum åtferd44281230
Bredtvet52443357123
Sum språk og tale52443357123
I alt32873958074293653181949
I alt i %35%8%10%8%8%3%4%6%19%101%

1) Kompetansesenterdelenutgjer berre 0,7 mill kroner.

Kilde: Kjelde: Styret for landsdekkjande statlege spesialpedagogiske kompetansesenter: Årsmelding 1996.

Tabellane illustrerer klart både store sektorvise variasjonar og variasjonar mellom sentra når det gjeld tenesteprofil.

2.1.4.2 Verksemd under styret for dei regionale kompetansesentra

Kompetansesenter for samansette lærevanskar

Målgruppene

Målgruppene for dei landsdekkjande kompetansesentra er i mange tilfelle relativt lett identifiserbare diagnosegrupper, som til dømes personar med synsvanskar og hørselsvanskar. Samansette lærevanskar er meir kompliserte å diagnostisere, og blir ofte identifiserte med generell evneretardasjon, til skilnad frå spesifikke lærevanskar som inneber eit misforhold mellom evnepotensial og prestasjon. Personar med samansette lærevanskar vil ofte vere lettare eller tyngre psykisk utviklingshemma.

Målgruppa for dei regionale sentra er likevel ikkje avgrensa til gruppa psykisk utviklingshemma, sjølv om denne gruppa er heller stor. Med samansette lærevanskar vert det referert til vanskar i motoriske, sosiale, emosjonelle, kognitive og språklege utviklingsområde som medverkar til at barn og unge ikkje tileignar seg kunnskap, dugleik og haldningar som ein normalt ventar at dei skal ha på bestemte alderstrinn. Dette kan også innebere generell intellektuell fungering godt under gjennomsnittet, og som fører med seg, eller går saman med, sviktande sosial tilpassing.

Målgruppa er såleis personar som har

  • ulike spesifikke lærevanskar som gjer at individet ikkje oppnår dei kunnskapar, den dugleik og dei haldningar som er vanlege for alderen utan at det ligg føre nokon vesentleg evneretardasjon (f eks ADHD; Tourettes syndrom og narkolepsi)

  • meir generelle lærevanskar med låg intellektuell fungering, medrekna alvorleg og djup psykisk utviklingshemming

  • pådregne hjerneskadar, deriblant trafikkskadde.

Slik målgruppa her er framstilt, vil spesifikke lærevanskar vere svikt i innlæringa innanfor eitt eller fleire av dei nemnde utviklingsområda. Men for at den enkelte skal vere omfatta av målgruppa for kompetansesentra, skal det vere ein vesentleg eller alvorleg svikt i innlæringa på bestemte område. Lette, spesifikke lærevanskar, som t d lese- og skrivevanskar, hører ikkje med.

Dei enkelte sentra

Dei regionale statlege spesialpedagogiske kompetansesentra for samansette lærevanskar og psykisk utviklingshemming dekkjer fleire typar oppgåver og tenester. Dei har i dag hovudsakleg verksemda retta mot dei opplæringsansvarlege instansane (kommunar og fylkeskommunar) med rettleiing og støtte gjennom kartlegging, diagnostisering, rådgiving om tiltak og oppfølging i lokalmiljøet. Kompetanseoverføringa til kommunane og fylkeskommunane skjer hovudsakleg gjennom arbeidet med den enkelte, men sentra bruker også noko av ressursane til systemretta arbeid gjennom konsultasjon og rådgiving, kunnskaps- og informasjonsspreiing og FoU. Langtidsopplæring (heiltidselevar) er avvikla med unntak for Torshov kompetansesenter.

Enkelte senter har regionale og/eller landsdekkjande funksjonar på avgrensa fagområde. Samla sett har det vore ikkje liten nedgang i talet på årsverk ved dei regionale sentra i perioden, men monaleg auke i tilsette med hovudfagskompetanse. Ressurstilførselen i perioden er redusert, rekna i faste prisar. Delar av reduksjonen kjem av lågare husleigeutgifter etter kvart.

Birkelid kompetansesenter, Kristiansand, har Vest-Agder, Aust-Agder og Telemark (tidlegare også Rogaland) som tenestedistrikt, og har eit mindre avdelingskontor (Lunde) i Tvedestrand. Senteret dreiv allereie i 1992 i stor grad utoverretta verksemd. Saman med Ekne har Birkelid hatt landsdekkjande ansvar for målgruppa når det gjeld læremiddel (registrering, utvikling, utprøving og informasjon).

Eikelund kompetansesenter i Bergen var i hovudsak ein spesialskule for lettare psykisk utviklingshemma. Senteret har i dag Rogaland og Hordaland som tenestedistrikt. Logopedavdelinga på Eikelund har brukarar med tale- og språkvanskar på Vestlandet og landsdekkjande funksjon for gruppa med leppe-/kjeve-/ganespalte og laryngektomerte.

Ekne kompetansesenter, Ekne i Nord-Trøndelag, var tidlegare ein rein spesialskule for elevar i vidaregåande alder med lærevanskar og psykososiale vanskar. Skuledrift vart vidareført for fylkeskommunane si rekning, men avvikla i 1996. Kompetansesenterdrifta er bygd opp frå grunnen av. Ekne har Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Nordmøre og Romsdal som tenestedistrikt, og saman med Birkelid landsdekkjande ansvar for læremiddel.

Søreide kompetansesenter, Sandane i Sogn og Fjordane, var i hovudsak ein spesialskule med innslag av kompetansesenterfunksjonar for diagnosegruppa MBD/ADHD og er det minste av dei regionale sentra. Senteret har Sogn og Fjordane og Sunnmøre som tenestedistrikt.

Torshov kompetansesenter, Oslo, var ein tilnærma rein spesialskule for elevar med lettare psykisk utviklingshemming. I 1992 vart det gitt garanti for at dei som da var elevar, skulle få gå grunnskuletida ut på Torshov. Etter kvart som skuledrifta er redusert, er ressursar overførte til utoverretta verksemd. Senteret har Østfold, Oslo, Akershus og Vestfold som tenestedistrikt.

Øverby kompetansesenter, Gjøvik, vart til ved at Elton skule og Øverby vidaregåande skule vart slått saman. Senteret har i dag landsdekkjande funksjon for elevar med pådregne hjerneskadar, t d etter trafikkulykker. Skuledrifta vart avvikla i 1993. Senteret har Hedmark, Oppland og Buskerud som tenestedistrikt.

Andre oppgåver

Styret for dei regionale kompetansesentra har også oppgåver i høve til Nasjonal kompetanseeining for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi (pkt 6.2) og skuleverksemda ved nokre sosiale og medisinske institusjonar med kompetansesenterfunksjon (pkt 9).

Bruken av personalressursane i dei regionale sentra

Tabell 2.3 gir eit samla uttrykk for aktivitetane (tenesteprofilen) ved kompetansesentra i perioden 1994 - 1996. I tabell 2.9 er det gitt ei tilsvarande sentervis oversikt for 1996 for dei regionale sentra med årsverk brukte til ulike typar tenester.

Tabell 2.9 Årsverk brukte til ulike typar tenester ved regionale kompetansesenter (eksklusive Sandfallet). 1996. Avrunda tal

SenterAvdelingOpplæring langtidOpplæring korttidUtgreiing/oppfølgingKonsultasjon/rådgivingKursKunnskaps-/info.spreiingLæremiddelFoUAnnaSum
Birkelid005341432875
EikelundSamansette lærevanskar0044,501221656,5
Språk/tale01,514,5110012,521,5
Ekne002751741550
Søreide002230111331
Torshov18021,515,51102463
ØverbySamansette lærevanskar003830,5121550,5
Pådr.hj.skade002410,5001329,5
I alt181,5244,532,5616121036,5377
I alt i %5 %0 %65 %9 %1 %4 %3 %3 %10 %100 %

Kilde: Kjelde: Styret for regionale statlege spesialpedagogiske kompetansesenter.

2.1.5 Den geografiske fordelinga av kompetansesentertenestene

Data frå årsmeldingane, evalueringsrapportane og anna materiale frå styra for dei landsdekkjande og regionale kompetansesentra viser at det har vore ubalanse i den geografiske fordelinga av tenester. Det har vore ein klar tendens til at dei nærmaste og dei mindre kommunane i det definerte opptaksområdet har relativt sett stor bruk av tenester. Større kommunar og meir fjerntliggjande kommunar nyttar gjennomgåande sentra i mindre omfang.

Den geografiske ubalansen har truleg minka i løpet av omstillingsperioden, med større vekt på regionalisering av tenestene i definerte opptaksområde og satsing på betre spreiing av tenestene. Tabellane 2.10 og 2.11 viser prosentvis bruk av tenester i alt ved dei ulike sentra, fordelt på fylka og vekta i høve til kostnadene og omfanget av dei ulike tenestene.

Tabell 2.12 viser fylkesvis bruk av tenester i kroner pr innbyggjar ved dei landsdekkjande og regionale sentra. Det er framleis heller store fylkesvise forskjellar i bruken av sentra, og det er klar tendens til at lokaliseringsfylket har større bruk av tenester enn andre fylke i opptaksområdet. I nokon grad blir dette utjamna når ein ser alle kompetansesentra under eitt. Går ein inn på kommunenivå, blir ulikskapen i bruken av sentra truleg vesentleg større.

Det framgår elles at dei tre nordlegaste fylka framleis nyttar landsdekkjande kompetansesenter i Sør-Noreg i ikkje lite omfang (over landsgjennomsnittet), og at Sandfallet blir nytta i det vesentlege av Finnmark fylke. Ser ein bruken av alle statlege spesialpedagogiske kompetansesenter i landet under eitt, bruker dei tre nordlegaste fylka dei i omtrent same omfang (kr. 114 pr innbyggjar) som fylka i gjennomsnitt (kr. 118 pr innbyggjar). Ein av dei viktigaste ideane med Programmet for Nord-Noreg - klart mindre bruk av statlege kompetansesenter enn fylka i Sør-Noreg - er derfor ikkje realisert.

Finnmark fylke, Nord-Trøndelag fylke og Sør-Trøndelag fylke nyttar kompetansesentra mest, i høve til folketalet. Oslo, Østfold og Troms fylke nyttar kompetansesentra minst.

Tabell 2.10 Prosentvis bruk av dei samla tenestene frå landsdekkjande kompetansesenter, fordelt på fylka og vekta i forhold til berekna kostnader. 1996. Avrunda tal

Senter FylkeSkådalenNedre GausenVest-landetMøllerAKS 1)BriskebyRognebyLille-gårdenBredtvetHusebyTambartun
Østfold7722310772
Akershus47110201017122
Oslo125261115183
Hedmark911224542
Oppland1352525653
Buskerud52411171776
Vestfold131221718662
Telemark2164125582
Aust-Agder81139342
Vest-Agder12532442
Rogland19442122
Hordaland1454251413
Sogn og Fjordane54116
Møre og Romsdal1412394213
Sør-Trøndelag163283561219
Nord-Trøndelag11051102314
Nordland32451526
Troms1146414
Finnmark824413
Sum100%100%100%100%100%100%100%100%100%100%100%
Netto driftskostnad mill kroner 1996 (jf tabell 2.5)33,417,463,545,334,311,96,57,542,846,535,4

1) Eksklusive Solveigs Hus.

Kilde: Kjelde: Styret for landsdekkjande statlege spesialpedagogiske kompetansesenter.

Tabell 2.11 Prosentvis bruk av dei samla tenestene frå regionale kompetansesentra, fordelt på fylka og vekta i forhold til berekna kostnader. 1996. Avrunda tal

Senter FylkeBirkelidEikelundEkneSøreideTorshovØverbySandfallet
Samansette lærevanskarSpråk/tale-vanskarSamansette lærevanskarPådregen hjerne-skade
Østfold0,1202,5
Akershus0,1493,6
Oslo0,1151,2
Hedmark0,1192,1
Oppland222,5
Buskerud192,4
Vestfold0,1160,5
Telemark330,11,0
Aust-Agder300,5
Vest-Agder350,20,5
Rogland237,57,07,8
Hordaland34,57,70,6
Sogn og Fjordane3,9580
Møre og Romsdal4,920426,6
Sør-Trøndelag1,0410,6
Nord-Trøndelag0,7390,6
Nordland1,11,43
Troms0,60,74
Finnmark0,34,993
Delsum72,028,060,040,0
Sum100 %100 %100 %100 %100 %100 %100 %
Netto driftskostnad, mill kroner 1996 (jf tabell 2.5)29,831,024,214,330,333,610,3

Kilde: Kjelder: Styret for regionale statlege spesialpedagogiske kompetansesentra og Styret for Programmet for Nord-Noreg.

Tabell 2.12 Bruk av tenester ved statlege spesialpedagogiske kompetansesenter fordelt på fylka 1). Kroner pr innbyggjar. 1996. Avrunda tal

Senter FylkeLandsdekkjande kompetanse- sentraRegionale kompetansesentra eksklusive SandfalletSandfallet kompetansesenterSum
Østfold5729-86
Akershus8137-118
Oslo5110-61
Hedmark5338-91
Oppland9045-135
Buskerud7731-108
Vestfold10825-133
Telemark8063-143
Aust-Agder7191-162
Vest-Agder7071-141
Rogaland5948-107
Hordaland9031-121
Sogn og Fjordane7088-158
Møre og Romsdal7261-133
Sør-Trøndelag13141-172
Nord-Trøndelag11277-189
Nordland843188
Troms813387
Finnmark10123125249
Sum (gjennomsnitt)79372118

1) Eksklusive Senter for leseforsking og Senter for åtferdsforsking.

Kilde: Kjelder: Styret for landsdekkjande statlege spesialpedagogiske kompetansesenter, Styret for regionale statlege spesialpedagogiske kompetansesenter, Styret for Programmet for Nord-Noreg.

Ei omfattande evaluering av kompetansesentersystemet er gitt i kap 4 i meldinga, med oversikt over vidare drift og endringar.

2.2 Programmet for Nord-Noreg

2.2.1 Spesielle trekk ved Programmet for Nord-Noreg

På bakgrunn av St prp nr 1 (1987-88), komitemerknadene og tilslutninga til dei i Stortinget, tok skuledirektørane i Nordland, Troms og Finnmark i 1988 i fellesskap initiativet til eit spesialpedagogisk utviklingsprogram for Nord-Noreg. Bakgrunnen var spesielle geografiske og befolkningsmessige forhold i landsdelen. Skuledirektørane foreslo å etablere eit desentralisert spesialpedagogisk nettverk med utgangspunkt i enkelte faglege tyngdepunkt og lokale tiltak og tenester i landsdelen.

Dei viktigaste elementa og intensjonane i Programmet for Nord-Noreg, som vart iverksett som forsøksordning frå 1993, er:

  • Sterk satsing på kommunale og fylkeskommunale spesialpedagogiske tenester, og mindre bruk av statlege kompetansesenter enn fylka i Sør-Noreg.

  • Utvikling av eit kompetansesystem basert på eit desentralisert nettverk mellom faglege tyngdepunkt og lokale tiltak og tenester, med PP-tenesta som viktig knutepunkt.

  • Faglege tyngdepunkt representerte ved

    • eitt statlig regionalt kompetansesenter for samansette lærevanskar, Sandfallet i Finnmark

    • eitt fylkeskommunalt regionsenter for døvblindfødde i Troms frå 1994, dels statsfinansiert, dels kommunalt finansiert

    • eitt fylkeskommunalt spesialpedagogisk senter i Nordland, tidlegare Hernesveien skule, som etter avtale med Statens utdanningskontor i Nordland også administrerer den statlege syns- og audiopedagogtenesta i Nordland

    • Logopedisk senter i Sømna kommune. Driftsansvaret for senteret er overført Nordland fylkeskommune frå 1. januar 1998, men senteret vert framleis driven med statlege midlar. Desse midlane vil bli innarbeidde i rammefinansieringa til kommunar og fylkeskommunar etter gjeldande reglar

  • Styrking av PP-tenesta i landsdelen.

  • Statleg kjøp av kommunalt, eventuelt fylkeskommunalt initierte og kommunalt produserte tenester i eit avtalebasert samarbeid, som kompensasjon for at Nord-Noreg berre har eitt statleg kompetansesenter (Sandfallet) og etter planen relativt mindre bruk av tenester ved kompetansesenter i Sør-Noreg enn fylka sørpå.

  • Eit eige styre disponerer dei statlege ressursane.

2.2.2 Oppgåver og tenesteyting under Programmet for Nord-Noreg

Sandfallet kompetansesenter

Styret for Programmet for Nord-Noreg har direkte instruksjonsmyndigheit berre overfor Sandfallet kompetansesenter. I styret si vurdering av perioden 1993-1995 er det overordna målet for verksemda ved senteret framstilt slik:

"Senteret skal bidra til kompetanseoppbygging lokalt overfor barn, unge og voksne med sammensatte lærevansker, spesielt innenfor bruk av informasjonsteknologi i spesialpedagogisk arbeid. Senteret skal betjene hele Nord-Norge-regionen og særlig ivareta flerkulturelle forhold i sitt arbeid."

Det er vanskeleg å gi eksakte tal for produksjonen ved Sandfallet for heile omstillingsperioden. Det usikre i datagrunnlaget er også understreka av styret. Det framgår likevel av styret si vurdering at senteret med sine ca 23 årsverk

  • ikkje har langtidselevar

  • har svært lite korttidsopplæring

  • har få utgreiingar (omkring 20 per år)

  • har få konsultasjons- og rådgivingssaker (9 saker i 1995)

  • har aukande omfang av kursverksemd

  • har stort omfang av læremiddelutvikling

  • gir FoU-arbeidet svært høg prioritet

  • yter tenester nesten berre til Finnmark - ca 93% i 1996 (1 utgreiing for Nordland og Troms i heile omstillingsperioden 1992 - 1995)

  • har særleg kompetanse når det gjeld informasjonsteknologi og bruk av IT i spesialundervisning

  • har som oppgåve å opprette og drive IT-konferansesystemet Kom Sa

  • har som særleg oppgåve å byggje opp kompetanse på tospråklegheit/fleirkulturelle forhold, med vekt på samisk

  • inngår som tyngdepunkt i det spesialpedagogiske kompetansenettverket i Nord-Noreg

  • har mange tilsette i studiepermisjon

Tabell 2.13 viser tenesteprofilen ved Sandfallet i 1995-1996 uttrykt ved ressursfordelinga målt i årsverk til ulike typar aktivitetar.

Tabell 2.13 Tenesteprofil ved Sandfallet kompetansesenter 1995 og 1996, Programmet for Nord-Noreg

Type aktivitetDel av årsverk 1)
19951996
Opplæring langtid (over 12 veker)0%0%
Opplæring korttid (under 12 veker)1%0%
Utgreiingar inkl. oppfølging29%31%
Konsultasjon, rådgiving1%0%
Kunnskaps- og informasjonsspreiing3%7%
Kurs (brukarar og samarbeidspartnarar)12%22%
Læremiddelproduksjon13%10%
FoU, internat- og miljøtiltak41%30%
Sum100%100%

1) Basert på talet på fagstillingar i spesialpedagogisk tenesteproduksjon, avrunda tal.

Kilde: Kjelder: Styret for Programmet for Nord-Noreg 1996: Program for Nord-Norge og spesialpedagogiske fagmiljøer i landsdelen - en samlet vurdering av utviklingen 1993 - 1995 og utfordringer videre. Sandfallet kompetansesenter: Årsmelding 1995 og 1996

Nettverksutvikling. Statleg kjøp av kommunalt eller fylkeskommunalt produserte tenester. Forsøksavtalar. Utvikling av faglege tyngdepunkt

Styret for Programmet for Nord-Noreg har pr 1996, innanfor ei ramme på 4 mill kroner, inngått avtalar om kjøp av tenester frå

  • PPT for Tromsø kommune om åtferds- og tilpassingsvanskar (1 årsverk)

  • Hammerfest PPT om brukarar med åtferds- og tilpassingsvanskar (1 årsverk)

  • Alstahaugregionen PPD om brukarar med lese- og skrivevanskar (1 årsverk)

  • Nordland fylkeskommune v/Spesialpedagogisk senter om brukarar med omfattande språkvanskar knytte til multifunksjonshemmingar (2 årsverk)

  • PPD for Sør-Troms om brukarar med språk-, kommunikasjons-, lærevanskar (1 årsverk)

  • Midt-Finnmark PPD om brukarar med språkvanskar og skadar, særleg i førskulealder (1 årsverk)

  • PPD i Vesterålen og Lødingen om brukarar med Tourettes syndrom (1 årsverk)

Frå 1997 har styret vidare inngått avtale med Sømna kommune om kjøp av tenester (1 årsverk) ved Logopedisk senter for brukarar med talevanskar (stamming og løpsk tale), og utvida avtalen med PPD for Vesterålen og Lødingen om brukarar med ADHD (1 årsverk).

Faglege tyngdepunkt elles

Når det gjeld tenesteproduksjonen ved dei andre faglege tyngdepunkta under Programmet for Nord-Noreg, som altså ikkje er statleg styrte tenester, er det gitt følgjande nøkkeltal for verksemda i 1995 basert på informasjon frå styret:

  • Fylkeskommunalt regionsenter for døvblindfødde i Troms med 18 brukarar (bebuarar) og utoverretta verksemd, 13 årsverk.

  • Fylkeskommunalt spesialpedagogisk senter i Bodø, Nordland: 466 brukarar, 801 utgreiingar, 457 konsultasjonar, rådgiving, 105 kurs, ingen læremiddelproduksjon eller FoU, ca 23 årsverk.

  • Logopedisk senter, Sømna, Nordland: 57 brukarar i korttidsopplæring (under 2 veker) som blir utgreidde, får rådgiving og kurs, 13 årsverk.

Andre aktivitetar under Programmet for Nord-Noreg

I tillegg til dei ovannemnde kjøpa av tenester frå kommunesektoren har styret brukt midlar til ei rekkje andre aktivitetar og kompetansehevande tiltak som informasjonsarbeid, andre prosjektstillingar knytte til mellom anna PP-tenesta, etterutdanningsstipend, tiltak for brukarmedverknad, ulike nettverkstiltak, FoU-verksemd, samiske tiltak osv. Det er også brukt midlar til arbeid med å få utgreidd spørsmålet om å etablere eit hovudfagstilbod i spesialpedagogikk ved Universitetet i Tromsø.

I 1996 vedtok styret for Programmet for Nord-Noreg Veien videre ....... plan for et spesialpedagogisk kompetansenettverk i Nord-Norge som del av tilrådinga frå styret til departementet. I denne planen gjekk styret inn for å auke løyvinga til Programmet for Nord-Noreg frå i dag 30 mill kroner til minimum 50 mill kroner årleg.

2.2.3 Ressursar til Programmet for Nord-Noreg og samla statlege ressursar til spesialpedagogiske tiltak for befolkninga i Nord-Noreg

Tabell 2.14 viser utviklinga i den samla statlege ressursbruken under Programmet for Nord-Noreg i perioden 1993-1996. Som det framgår, har det vore ein svak nedgang i ressurstilførselen til tiltak under programmet i perioden. Av løyvinga for 1995 på i alt 30,1 mill kroner gjekk til saman 11,8 mill kroner til såkalla landsdelstiltak og fylkestiltak i kvart av dei tre fylka. Av løyvinga i 1996 (30,1 mill kroner) gjekk 10,5 mill kroner til landsdels- og fylkestiltak. Resten av ressursane gjekk til tiltak under styret og sekretariatet, Sandfallet kompetansesenter og anna institusjonsdrift. Landsdels- og fylkestiltaka er nærmare fordelte på ulike aktivitetar slik det framgår av tabell 2.15.

For å få ei samla oversikt over statleg finansierte spesialpedagogiske tiltak for befolkninga i Nord-Noreg, kan ein ikkje sjå på løyvinga til Programmet for Nord-Noreg åleine. Ein må også sjå på den bruken befolkninga i Nord-Noreg gjer av dei statlege kompetansesentra i Sør-Noreg. Som det framgår av pkt 1.5 framanfor, nyttar dei tre nordlegaste fylka dei landsdekkjande kompetansesentra i Sør-Noreg i omtrent same omfang som fylka i Sør-Noreg, i gjennomsnitt.

Tabell 2.16 viser den samla statlege ressursinnsatsen på det spesialpedagogiske området for befolkninga i Nord-Noreg på kap 0243, samanlikna med den tilsvarande ressursinnsatsen for Sør-Noreg. Tabellen viser at fylka i Nord-Noreg brukte kompetansesentra i Sør-Noreg for om lag 43 mill kroner i 1996, i tillegg til løyvinga for Programmet for Nord-Noreg. Fylka i Nord-Noreg brukte samla 147 kroner pr innbyggjar av statlege spesialpedagogiske tiltak mot 119 kroner pr innbyggjar i fylka i Sør-Noreg, dvs 24% meir pr innbyggjar.

Tabell 2.14 Ressursbruk under Programmet for Nord-Noreg 1993-1996. Brutto driftsutgifter i mill. kroner på statsbudsjettet kap 0243. Eksklusive omstillingseininga

Tiltak/aktivitet1993 mill kr1994 mill kr1995 mill kr1996 mill kr
Styret og sekretariatet3,03,43,53,4
Sandfallet kompetansesenter10,310,110,210,3
Logopedisk senter (v/ PNN)3,23,53,50,4
Logopedisk senter (v/ SU-Nordland) 1)---3,2
Regionsenteret for døvblindfødde1,41,41,11,2
Tiltak landsdelen8,03,22,83,6
Tiltak Nordland2,34,23,73,2
Tiltak Troms2,32,82,42,0
Tiltak Finnmark2,31,92,91,7
Anna 2)---1,1
Sum32,830,530,130,1

1) Frå 1996 er dette tilskottet vidareført ved overføring frå Statens utdanningskontor i Nordland (ikkje på budsjettet for styret for PNN).

2) Utgifter til postane 21 og 45 - inngår i dei øvrige utgiftstala for åra 1993-1995.

Kilde: Kjelder: Styret for Programmet for Nord-Noreg 1996: Program for Nord-Norge og spesialpedagogiske fagmiljøer i landsdelen - en samlet vurdering av utviklingen 1993 - 1995 og utfordringer videre. Årsmeldinga for Programmet for Nord-Noreg 1996. Statsrekneskapen.

Tabell 2.15 Særskilde landsdels- og fylkestiltak under Programmet for Nord-Noreg i 1995 og 1996

Tiltak/aktivitet1995 mill kr1996 mill kr
Prosjektmedarbeidarar1,0-
Informasjonsarbeid0,80,3
Etterutdanning, stipend mm0,90,4
Brukarmedverknad0,70,4
Nettverksmidlar, konferansar, samlinger0,91,0
Kjøp av tenester - oppbygging av faglege tyngdepunkt-4,0
FoU - arbeid5,92,5
Evaluering-0,6
Samisk utdanningsråd, tilskott0,90,2
Andre tiltak0,71,1
Sum11,810,5

Kilde: Kjelde: Styret for Programmet for Nord-Noreg

Tabell 2.16 Samla statleg ressursinnsats til spesialpedagogiske tiltak i Nord-Noreg og Sør-Noreg på kap 0243. Utgiftspostane 01, 11 of 21 fråtrekte korresponderande inntektspostar. 1996. Avrunda tal. 1)

Statlege spesialpedagogiske tiltakFylka i Nord-NoregFylka i Sør-NoregHeile landet
Totalt mill kr.Kroner pr innbyggjarTotalt mill kr.Kroner pr innbyggjarTotalt mill kr.Kroner pr innbyggjar
Bruk av landsdekkjande senter 2)40,286304,378344,579
Bruk av regionale senter2,96160,341163,237
Bruk av tiltak under Programmet for Nord-Noreg25,655--25,66
Sum68,7147464,6119533,3122

1) Under Programmet for Nord-Noreg er løyvingane til styre og sekretariat tekne ut av tabellen her.

2) Eksklusive løyvingar frå det landsdekkjande styret til Senter for åtferdsforsking og Senter for leseforsking. Fylka i Nord-Noreg brukte 28% av ressursane ved desse to sentra i 1996.

Kilde: Kjelder: Styra for landsdekkjande senter, regionale senter og Programmet for Nord-Noreg.

Ei nærmare evaluering av Programmet for Nord-Noreg, med oversikt over vidare drift og endringar, er gitt i kap 4 i meldinga.

2.3 Lokalt forsøks- og utviklingsprogram

For å realisere målet om å sikre alle eit likeverdig og tilpassa opplæringstilbod, har det vore viktig å styrkje den lokale kompetansen i kommunar, fylkeskommunar og PP-teneste, spesielt når det gjeld dei mest vanlege funksjonshemmingane. På denne bakgrunn og med basis i mellom anna fylkesvise planar for spesialpedagogiske tiltak utarbeidde av SU-kontora i 1992, vart det frå 1993 iverksett eit omfattande forsøks- og utviklingsprogram lokalt, der dei viktigaste elementa var:

  • Utvikling av lokale prosjekt og forsøk (1993-1995)

  • Styrking av PP-tenesta

  • Etablering av Fagleg eining for PP-tenesta.

Måla for utviklingsprogrammet var å

  • utvikle eit samordna og heilskapleg tilbod til elevar med sosiale og emosjonelle vanskar, elevar med lese- og skrivevanskar og elevar med store og samansette lærevanskar (mellom anna psykisk utviklingshemming)

  • utvikle praktiske metodar for å fremje kommunikasjon, sosial dugleik og tilhør i lokalsamfunnet

  • styrkje PP-tenesta gjennom tilbod om etterutdanning, utviklingsprosjekt og regionale konferansar

  • utvikle faglege nettverk mellom kompetansesentra, PP-tenesta og andre samarbeidspartnarar

For å gjennomføre og følgje opp utviklingsprogrammet fekk kvart utdanningskontor tilført ei halv stilling til koordinering av lokale prosjekt og forsøk og ei halv stilling til planlegging og gjennomføring av styrkingstiltak for PP-tenesta.

2.3.1 Lokale prosjekt og forsøk 1993-1995

I prosjektperioden vart det til saman gjennomført 717 prosjekt. Kvart prosjekt kunne innehalde fleire tema. Summen i tabell 2.17 er derfor atskilleg større enn 717, ettersom mange av prosjekta er registrerte under fleire kategoriar.

Tabell 2.17 Prosjekt i det lokale utviklingsprogrammet 1993-1995

TemaProsjekt
Tverretatleg/tverrfagleg samarbeid239
Individuelle opplæringsplanar128
Utvikling av PP-tenesta494
Læremiddelutvikling39
Datateknologi45
Anna metodeutvikling165
Anna tiltaksutvikling169

Kilde: Kjelde: Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sin FoU-base

Tabell 2.18 Ressurstildeling til forsøks- pg utviklingsprogrammet 1993-1995. Beløpet i mill. kroner i brutto tildeling på statsbudsjettet kap 0243

Tiltak/aktivitet1993 mill kr1994 mill kr1995 mill kr
Koordineringsstillingar ved utdanningskontora6,36,96,9
Lokale prosjekt og forsøk, under dette tiltak for PP-tenesta 1)21,821,825,2
Fagleg eining for PP-tenesta1,21,2
Sum28,129,933,3

1) 1993 og 1994 ekskl. Nordland, Troms og Finnmark.

Kilde: Kjelde: Tildelingsbrev til statens utdanningskontor.

Ei nærmare evaluering av programmet og oversikt over framtidige tiltak framgår av kap 4 i meldinga.

2.4 Forskingsprogram under Noregs Forskingsråd 1993-1998: Spesialpedagogisk kunnskaps- og tiltaksutvikling

2.4.1 Bakgrunn og mål for forskingsprogrammet

Det er etablert eit forskingsprogram for spesialpedagogisk kunnskaps- og tiltaksutvikling for åra 1993-1998. Programmet er administrativt forankra i Området for kultur og samfunn, Noregs Forskingsråd. Det er føresetnaden at KUF skal medverke med i alt 37 mill. kroner av kap 0243 i statsbudsjettet, fordelt på dei åra programmet varer.

Måla for forskingsprogrammet er å

  • medverke til å styrkje kunnskapen om kva tiltak og tenester det er nødvendig å utvikle for å gi barn, unge og vaksne med særskilde behov eit kvalitativt godt opplæringstilbod i lokalmiljøet

  • vere praksis- og handlingsrelevant og kunne medverke til endringar i dei funksjonshemma sin situasjon

Bakgrunnen for denne omfattande forskingsinnsatsen er mellom anna at den spesialpedagogiske forskinga i Noreg har vore mest oppteken av problemstillingar knytte til særskilde målgrupper, særleg individspesifikke lærevanskar. I ei kartlegging av 125 spesialpedagogiske forskingsprosjekt i Noreg i perioden 1985-1993 blir det konkludert med at det har vore stor interesse for forsking knytt til læringsmiljø og diagnostikk, språk og kommunikasjon, små vanskegrupper (td døve eller tunghørte) og innvandrarar og utviklingsland. Det har vore størst interesse for barnehage- og grunnskulenivået, og mindre interesse for vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Det har vidare vore lita forskingsmessig interesse for tema som likeverd, deltaking, likestilling, rettar, organisering og styring, førebyggjande verksemd og meistringsstrategiar. Det har også vore relativt lita forskingsmessig interesse for grupper med samansette lærevanskar, åtferdsproblem m m (E. Befring og J. Sæbø. Spesialpedagogiske forskningsoppgaver. Norges Forskingsråd 1993).

Omstruktureringa av spesialundervisninga dei siste 20 åra og ei stadig sterkare vekt på å integrere alle elevar i vanleg skule gjer at forskinga vil måtte rette merksemda mot problemstillingar både på individnivå og systemnivå, og kombinere innsikt på fleire fagområde. Det er venta at forskingsprogrammet vil gi departementet, og opplæringssektoren i det heile, ny kunnskap og betre grunnlag for å utvikle fagfeltet vidare.

2.4.2 Problemområde og konkrete tema i forskingsprogrammet

Programstyret har skissert enkelte sentrale problemområde som grunnlag for prioritering av prosjekta:

  • Behov og situasjon hjå brukarane

  • Forsking om tiltak og tenester

  • Rettar, etikk og maktutøving

  • Kompetanseutvikling

  • Læringsutvikling

Innanfor programmet Spesialpedagogisk kunnskaps- og tiltaksutvikling er det inntil 1997 påbegynt 23 prosjekt; tre av dei er avslutta. Dei fleste prosjekta blir avslutta i 1998. Programmet finansierer prosjekt ved alle universiteta i landet, to regionale høgskular og fem forskingsinstitutt. Institutt for spesialpedagogikk, Universitetet i Oslo har fått tildelt om lag 1/4 av midlane. Programmet støttar eit tital doktorgradskandidatar. Ei samla oversikt over prosjekta er presentert av Noregs Forskingsråd, 1996, i Spesialpedagogisk kunnskaps- og tiltaksutvikling - Programnotat og prosjektkatalog.

Sidan forskingsprogrammet også skal vere praksis- og handlingsrelevant, har det vore viktig at det blir utvikla effektive kommunikasjonskanalar mellom forskarane, oppdragsgivarane, brukarane av forskingsresultata og allmenta. Det ligg ei særskild utfordring i å få fram forskingsresultat med relevans for brukarane. I den samanheng har Noregs Forskingsråd utarbeidd ein formidlingsplan med tanke på dei forskjellige målgruppene (Noregs Forskingsråd, 1996, Spesialpedagogisk kunnskaps- og tiltaksutvikling - Formidlingsplan).

Fram til og med 1997 er det publisert tre ferdige prosjektrapportar og ei rad artiklar m m med førebels resultat frå fleire av dei prosjekta som er i gong. To antologiar er gitt ut: P.Haug (red.),1995: Spesialpedagogiske utfordringar, og J. Tøssebro (red.), 1997: Den vanskelige integreringen. Dei fleste sluttrapportane vil bli gitt ut i 1998.

2.4.3 Ressursane til forskingsprogrammet

Til forskingsprogrammet er det på statsbudsjettet kap 0243 løyvd 37 mill kroner slik det framgår av tabell 2.19.

Tabell 2.19 Ressurstildeling til forskningsprogrammet ved Noregs Forskningsråd 1992-1996 ) på statsbudsjettet, kap 0243

1992 mill kr1993 mill kr1994 mill kr1995 mill kr1996 mill kr
Forskingsprogrammet1,04,08,08,08,0

1) For 1997 er det løyvd 8,0 mill kroner.

Kilde: Kjelde: Statsrekneskapen

2.5 Synspedagogtenesta og audiopedagogtenesta

2.5.1 Arbeidsoppgåvene

Som ledd i omstruktureringa av spesialundervisninga vart det med verknad frå 1993 oppretta synspedagogteneste (23 stillingar) og audiopedagogteneste (21 stillingar) i alle fylka, til saman 44 statleg finansierte stillingar. Dette var eit ledd i arbeidet med å sikre retten til opplæring i lokalmiljøet også for synshemma og hørselshemma. I tillegg er det i 1997 18 årsverk for synspedagogar og audiopedagogar i interkommunale eller fylkeskommunale stillingar.

Departementet utarbeidde i 1993 førebels retningslinjer for tenesta, der arbeidsoppgåvene er å

  • registrere behova for syns- og audiopedagogiske tenester for alle alderskategoriar

  • medverke til kartlegging og utgreiing, og til å utvikle individuelle opplæringsplanar på oppdrag frå og i samarbeid med PP-tenesta

  • rettleie og informere fagpersonell i PP-tenesta, barnehagar, skular og andre opplæringsinstitusjonar, og elevar og foreldre

  • leggje til rette kurs for elevar, foreldre og fagpersonell i samarbeid med aktuelle instansar i kommunen, fylket og på regionalt og landsdekkjande nivå

  • gå inn i det faglege nettverket og utvikle funksjonelle samarbeidsrutinar med sjukehus (augeavdelingar, ØNH-avdelingar, habiliteringsteam m m), hjelpemiddelsentralar, kompetansesenter, helsestasjonar m m.

Seinare har audiopedagogane fått enkelte arbeidsoppgåver i samband med foreldreopplæring i teiknspråk.

Statens utdanningskontor har hatt tilsyn med verksemda. Statens utdanningskontor i Aust-Agder har hatt ansvaret for koordinering i etableringsfasen. Frå 1996 er samordningsfunksjonen overført til styret for dei landsdekkjande kompetansesentra.

I tilstandsrapportane frå utdanningskontora i 1995 er det oppgitt at synspedagogtenesta har registrert ca 3 200 synshemma og audiopedagogtenesta ca 4 000 hørselshemma. I 1995 har rundt 3 000 synshemma og ca 2 600 hørselshemma fått rettleiing, utgreiing, opplæringsplanar og tilpassing av hjelpemiddel. Talgrunnlaget er likevel usikkert, både fordi enkelte fylkestal manglar og fordi enkelte brukarar får fleire tenester.

Den delen av arbeidstida som i gjennomsnitt går med til ulike typar arbeidsoppgåver, er vist i tabell 2.20. Registreringsgrunnlaget har vore noko usikkert.

Tabell 2.20 Statlege synspedagogar og audiopedagogar 1994 og 1996. Fordeling av arbeidstid på ulike typar aktivitetar

Type aktivitetDel av årsverk
SynspedagogarAudiopedagogar
1994199619941996
Direkte brukarretta arbeid (rettleiing, rådgiving, sakkunnige utgreiingar m m)ca 55%ca 55%ca 40%ca 45%
Kursverksemdca 8 %ca 11%ca 17%ca 17%
Samarbeid med andre yrkesgrupper, systemretta arbeidca 37%ca 34%ca 43%ca 38%
Sum100%100%100%100%

Kilde: Kjelder: Statens utdanningskontor i Aust-Agder, 1995: Vurdering av modeller for organisering av syns- og audiopedagogtjenesten. Styret for landsdekkjande statlege spesialpedagogiske kompetansesenter.

2.5.2 Organisering

Da den statleg finansierte syns- og audiopedagogtenesta i fylka vart etablert i 1993, var det i somme fylke allereie fylkeskommunalt eller kommunalt tilsette synspedagogar og audiopedagogar. Det vart derfor opna for å organisere og lokalisere dei statlege tenestene på ein fleksibel måte, tilpassa behov og nettverk i det enkelte fylket.

I 1997 er den statleg finansierte syns- og audiopedagogtenesta i fylka organisert slik:

  • I 10 fylke har statens utdanningskontor fagleg og administrativ leiing.

  • I 3 fylke har statens utdanningskontor fagleg, men ikkje administrativ leiing.

  • I 4 fylke er stillingane utplasserte i eksisterande nettverk.

  • I 1 fylke er det kombinert tilknyting.

2.5.3 Ressursar til syns- og audiopedagogtenesta

Til den statleg finansierte syns- og audiopedagogtenesta er det over statsbudsjettet kap 0243 nytta om lag 20 mill kroner pr år, jf tabell 2.21.

Tabell 2.21 Ressurstildeling til statleg synspedagogteneste og audiopedagogteneste 1993-1996 over statsbudsjett kap 0243

1993 mill kr1994 mill kr1995 mill kr1996 mill kr
Synspedagog- og audiopedagogtenesta18,019,719,720,2

Kilde: Kjelde: Statsrekneskapen

Ei nærmare evaluering av tenesta og oversikt over framtidig organisering framgår av kap 4 i meldinga.

2.6 Kompetansesentersystem for grupper av funksjonshemma i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet

Det er etablert samarbeid med Sosial- og helsedepartementet om å byggje opp kompetansesystem for enkelte små grupper funksjonshemma.

2.6.1 Autismeprogrammet

Autismeprogrammet er etablert frå 1. august 1993, med hovudfinansiering frå Sosial- og helsedepartementet og ei mindre delfinansiering frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Den samla årlege budsjettramma er omkring 10 mill. kroner. Autismeprogrammet er ei nasjonal satsing for å heve kvaliteten på tiltak og tenester for autistiske menneske i Noreg. Programmet skal

  • medverke til å betre tiltaka og tenestene for autistar på landsbasis, og til å sikre tilfredsstillande kvalitet på desse tiltaka i framtida

  • medverke til å utvikle, beskrive og setje i gang eit landsomfattande kompetansenettverk som kan byggje opp og formidle spisskompetanse til dei som arbeider med autistiske menneske

Programmet blir administrert av Institutt for spesialpedagogikk, Universitetet i Oslo, og er lokalisert til Torshov kompetansesenter i Oslo. Det er oppnemnt ei fagleg styringsgruppe med representantar frå instituttet, Torshov kompetansesenter, dei to departementa og Autismeforeininga i Noreg.

Autismeprogrammet blir evaluert i 1998. Eit opplegg til vidareføring har vore ute til brei høring. Som varig tiltak vurderer departementa å opprette eit nasjonalt kompetansenettverk for autisme, bygd opp med ei sentral fagleg eining og 14 faglege knutepunkt. Det vil vere knutepunkt knytte til fagmiljø i alle helseregionane i landet.

I dette nettverkssystemet inngår nokre av dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra: Tambartun, Huseby, Andebu, Eikelund og Sandfallet. Også Statens senter for epilepsi er med, og dermed skuleavdelinga ved denne institusjonen.

Vidareføring av varige tiltak etter 1998 vil bli vurdert i samarbeid mellom dei to departementa på bakgrunn av dei rapportar m v som ligg føre.

2.6.2 Nasjonal kompetanseeining for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi

Kompetanseeininga vart etablert frå 1. februar 1994 som eit samarbeidsprosjekt for å utvikle kompetanse for dei nemnde diagnosegruppene. Prosjektet blir administrert av styret for dei regionale statlege kompetansesentra og er lokalisert til Torshov kompetansesenter. Tiltaket er ein del av regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma.

Den årlege budsjettramma er vel 2 mill. kroner med 50 % delfinansiering frå Sosial- og helsedepartementet. Det er oppnemnt ei fagleg styringsgruppe med representantar frå departementa, Statens helsetilsyn og brukarorganisasjonane.

Eininga skal arbeide for at pedagogiske og medisinske fagmiljø kan tilfredsstille dei behov diagnosegruppene har for einskapleg kompetanseutvikling og heilskapleg tiltaksutvikling i livsløpsperspektiv, og medverke til å byggje nettverk mellom nasjonale, regionale og lokale fagmiljø som arbeider med utgreiing, opplæring og behandling av dei tre diagnosegruppene. Eininga er oppretta for å yte tenester til fagfolk i regionane. Hovudmål for prosjektet er:

  • å samle, utvikle og spreie kompetanse om utgreiing, opplæring og behandling av diagnosegruppene

  • å arbeide for å etablere og vidareutvikle samarbeidsformer og tverrfaglege nettverk som omfattar miljøa i kompetansesystemet.

Prosjektperioden for den nasjonale kompetanseeininga for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi var planlagd avslutta i 1997, men prosjektet vart prolongert ut 1998. Ein sluttrapport vart utarbeidd i 1997. På bakgrunn av denne sluttrapporten frå prosjektet vil dei to departementa vurdere vidareføring av varige tiltak.

Begge departementa er samde om at vidareføring av varige tiltak er nødvendig, både når det gjeld autisme og lærevanskar med nevrologiske årsaker. Kompetansesentra sine oppgåver i høve til det sistnemnde er omtalte i pkt 4.2.7 i kapittel 4.

2.6.3 Kompetansesystem for døvblindblitte

Sosial og helsedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er i gang med ei utgreiing av etablering av felles kompetansesystem for døvblindfødde og døvblindblitte. Utgangspunktet er tilboda i eksisterande kompetansesenter for døvblindfødde. Kompetansesystemet skal i prinsippet vere eit støttesystem for kommunane og fylkeskommunane sitt arbeid og ansvar for døvblinde.

2.6.4 Ressursar til samarbeidsprosjekta

Løyvingane til samarbeidsprosjekta på budsjettet for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i åra 1993-1995 framgår av tabell 2.22. I tillegg kjem løyvingar over Sosial- og helsedepartementet sitt budsjett.

Tabell 2.22 Ressursar til samarbeidsprosjekt 1993-1996 på statsbudsjettet kap 0243

Tiltak1993 mill kr1994 mill kr1995 mill kr1996 mill kr
Autismeprogrammet 1)0,70,70,70,7
Nasjonal kompetanseeining for ADHD m m 1)01,31,31,3
Sum0,72,02,02,0

1) Delfinansiering frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Kilde: Kjelde: Statsrekneskapen

2.7 Opplæring innanfor kriminalomsorga

Opplæring innanfor kriminalomsorga skjer på grunnlag av ein avtale mellom staten og fylkeskommunane. Etter § 35 i lov om vidaregåande opplæring kan fylkeskommunen også bli pålagd å administrere opplæring i fengsel som ikkje er omfatta av lov om vidaregåande opplæring, og dette skjer mellom anna når det gjeld grunnskuleundervisning.

Statens utdanningskontor i Hordaland har ansvaret for den statlege administrasjonen. I 1998 er det på kap 0231 post 61 i statsbudsjettet løyvd 77,7 mill. kroner i tilskott til opplæring i fengsla og oppfølgingsklassar.

Omfanget av opplæringstilboda i fengsla har vakse kraftig dei siste 25 åra. I 1970-71 var det berre 20 elevplassar. I 1996 var det

  • opplæringsverksemd i 33 av dei 43 anstaltane i landet

  • oppfølgingsklassar og prosjekt 11 stader i landet

  • til saman 810 elevplassar (638 i fengsla, 172 utanfor), 640 av dei i bruk (av i alt 2 836 soningsplassar, av desse 1869 i lukka anstalt)

  • grunnskuleopplæring i 24 % av plassane, vidaregåande opplæring i 51% og anna opplæring i 25%

  • 405 elevar som tok eksamen eller oppnådde dokumentert delkompetanse, og 731 elevar som gjennomførte ikkje kompetansegivande kurs

  • engasjert 276 lærarar i alt; 137 på heiltid og 139 på deltid (omrekna til ca 195 årsverk)

Undersøkingar viser at mange av dei innsette i fengsel ikkje har fullført grunnskulen, og få har fullført vidaregåande skule. Relativt mange uttrykkjer særskilt behov for hjelp med lese- og skrivevanskar og matematikk. Dårlege forkunnskapar og svake sosiale nettverk m m medfører derfor at relativt mange har behov for spesialundervisning eller særskilt tilrettelagd opplæring.

Fylkeskommunane er bedne om å lage ein samla plan for opplæringa innan kriminalomsorga i kvart fylke, i samarbeid med mellom anna fengselsleiinga og utdanningskontora. Dette arbeidet er no i gang. Ei interdepartemental arbeidsgruppe er dessutan i gang med å gjennomgå og vurdere ulike sider ved fengselsundervisninga, med sikte på å leggje fram utgreiinga våren 1998. Ei anna arbeidsgruppe kom i februar 1997 med rapporten Tilbake til samfunnet? der det vart lagt fram konkrete forslag for å styrkje oppfølgingsarbeidet.

Under behandlinga av budsjettet for 1997 ba Stortinget regjeringa om å ta initiativ til ei brei evaluering av «fengselsundervisningens rolle og ulike tiltak som kan styrke dette feltet av Kriminalomsorgen», jf Budsj. Innst. nr. 12 (1996-97). Dette arbeidet er no under førebuing.

2.8 Sentralt brukarforum. samarbeid med frivillige organisasjonar

2.8.1 Sentralt brukarforum

Som ledd i omstruktureringa av spesialundervisninga er det frå 1993 etablert eit Sentralt brukarforum, der Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon har sekretariatsansvaret. Sentralt brukarforum med 29 tilslutta organisasjonar er oppretta for å

  • sikre at departementet får kjennskap til synspunkt frå fleire grupper funksjonshemma

  • ha ein stad for gjensidig informasjon og drøfting

  • sikre at brukarane blir haldne løpande orienterte og kjem med i viktige avgjerdsprosessar

Sentralt brukarforum har 3 - 4 møte årleg og fungerer som møtestad for brukarorganisasjonane, styra for kompetansesentra og Programmet for Nord-Noreg og departementa. Det gir ut meldingsbladet Læring for alle.

2.8.2 Ressursar til Sentralt brukarforum og organisasjonane

Tilskotta frå departementet til Sentralt brukarforum og dei frivillige organisasjonane i perioden 1992-1996 framgår av tabell 2.23.

Tabell 2.23 Tilskott til Sentralt brukarforum og frivillige organisasjonar til statsbudsjettet kap 0243 i perioden 1992-1996

Tilskott til1992 mill kr1993 mill kr1994 mill kr1995 mill kr1996 mill kr
Sentralt brukarforum00,10,10,20,2
Organisasjonar elles0,90,80,60,80,8
Sum0,90,90,71,01,0

Kilde: Kjelde: Statsrekneskapen

Ei nærmare evaluering av Sentralt brukarforum og opplegg til vidare drift er gitt i kap 4 i meldinga.

2.9 Sosiale og medisinske institusjonar under det regionale styret

2.9.1 Skuleverksemd ved seks sosiale og medisinske institusjonar med kompetansesenterfunksjonar

I St. prp. nr.1 (1994-1995) fekk Styret for regionale statlege spesialpedagogiske kompetansesenter frå 1995 ansvaret for skuleverksemda ved seks sosiale og medisinske institusjonar som har kompetansesenterfunksjon, og som skal gi undervisning til barn og unge mens dei får behandling i institusjonen. Dei seks skulane er

  • Berg Gard skule, Sentralinstituttet for rehabilitering, Oslo

  • Frambu skule, Frambu, Ski

  • Geilomo skule, Geilomo barnesjukehus, Hol

  • Solberg skule, Statens senter for epilepsi, Bærum

  • Sunnaas sjukehus skule, Nesodden

  • Voksentoppen skule, Voksentoppen senter for astma og allergi, Oslo

Normalt varer opphalda ved institusjonane og skulane nokre få veker. Dei fleste skulane driv også utoverretta verksemd, mot heimeskulen eller meir generelt.

Oppgåvene for styret har vore å

  • godkjenne budsjettet for den enkelte institusjonen

  • føre kontroll med at det er samsvar mellom godkjent budsjett og årsrekneskapen for undervisning og spesialpedagogisk rettleiing

  • sjå til at undervisninga er i samsvar med lovverket

  • kartleggje og beskrive innhaldet i og organiseringa av den pedagogiske rettleiingstenesta

Styret har fått fullmakt til å endre tildelinga mellom institusjonane.

2.9.2 Verksemda ved skulane

Berg Gard skule, Sentralinstitutt for habilitering, Berg Gard

Dei fleste barn som søkjer til Berg Gard, har cerebral parese, ryggmergsbrokk og nevromuskulære sjukdommar. I tillegg kjem ei rekkje lågfrekvente nevrologiske skadar og sjukdommar. Ca 1/4 av tilvisingane er udiagnostiserte tilstandar. Behandlingsaktiviteten har auka på alle plan. Skulen driv no, meir enn før, pedagogisk-psykologisk diagnostikk og behandling knytt til dei medisinske tiltaka ved senteret. Den spesialpedagogiske kompetansen som får spesiell merksemd, gjeld kommunikasjonsutgreiingar og tilpassing av datateknologiske hjelpemiddel, taleprotesar og andre alternative kommunikasjonssystem. I tillegg oppgir skulen at han har spesiell kompetanse når det gjeld spesifikke lærevanskar hos barn og unge med cerebral parese, ryggmergsbrokk, muskelsykje, Rhetts syndrom og medfødde, sjeldne sjukdommar.

Berg Gard, som er lagd under det nye Rikshospitalet, er ein del av barneklinikken og har no nemninga Rikshospitalet, Berg Gard, seksjon for barnenevrologi og habilitering.

Frambu skule, Frambu senter for sjeldne funksjonshemmingar

Frambu (tidlegare Frambu Helsesenter) gir landsdekkjande tilbod om opphald for 35 små og sjeldne diagnosegrupper for å styrkje både den funksjonshemma og familien i å meistre livssituasjonen sin. I hovudsak tek institusjonen imot heile familiar der eitt eller fleire barn er funksjonshemma, men også ungdom og vaksne får tilbod (foredrag, konsultasjonar, samtalegrupper og fysiske og sosiale aktivitetar). Alle deltakande barn får eit spesialpedagogisk tilbod i Frambu barnehage og skule.

Geilomo skule

Skulen skal drive undervisning for elevane ved Geilomo barnesjukehus. Dette er det einaste sjukehuset som tilbyr langtidsopphald for barn og ungdom med problematisk astma, allergi og atopisk eksem. Rehabiliteringa ved sjukehuset har som formål opptrening på alle område, medisinsk, fysisk, pedagogisk og sosialt, til eit tilnærma normalt funksjonsnivå.

Solberg skule, Statens senter for epilepsi

Statens senter for epilepsi er i dag den einaste norske institusjonen som har eigne avdelingar for barn og ungdom med epilepsi. Senteret tek mot pasientar frå heile landet til utgreiing og behandling, og ved skulen vert det gjennomført grundige pedagogisk - psykologiske utgreiingar.

Sunnaas sjukehus skule

Sunnaas sjukehus er eit av dei fremste spesialsjukehusa når det gjeld medisinsk rehabilitering etter ulykker, trafikkskadar og sjukdom. Dette er den største av dei seks skulane.

Voksentoppen skule

Voksentoppen skule gir tilbod til barn i grunnskulealder ved Voksentoppen senter for astma og allergi. Forutan elevar som er underlagde instituttet, og andre korttidselevar, har skulen ei fast gruppe elevar frå Oslo og området omkring. I tillegg tek skulen imot elevar for kortare tid ved akutt forverring av sjukdommen, og gir elles hjelp og støtte ved problem på heimeskulen.

2.9.3 Ressursar ved institusjonsskulane

Frå hausten 1995 var det til saman 79 fagstillingar og 13 andre stillingar ved institusjonsskulane. Skulane fekk slik ressurstildeling i 1995 og 1996 som framgår av tabell 2.24. Her framgår også kor stor del av ressursane som gjekk til den utoverretta verksemda i 1996.

Tabell 2.24 Ressursar ved institusjonsskulane 1995 og 1996 på statsbudsjettet kap 0243

Skule1995 mill kr1996 mill kr1996 - del av resursane brukt i utoverretta verksemd
Berg Gard skule3,74,435%
Frambu skule6,06,210%
Geilomo skule1,91,917%
Solberg skule5,46,27%
Sunnaas sjukehus skule7,68,51%
Voksentoppen skule3,41,66%
Sum28,028,810,7%

Kilde: Kjelde: Styret for regionale statlege spesialpedagogiske kompetansesentra. Årsmelding 1995 og 1996.

Ei nærmare evaluering av skulane og oversikt over vidare drift er gitt i kap 4 i meldinga.

2.10 Ulike prosjekt

2.10.1 FRESKO-prosjektet

Nemninga FRESKO står for Fjernrettleiingsprosjektet for dei regionale statlege spesialpedagogiske kompetansesentra. FRESKO-prosjektet blir administrert av styret for dei regionale kompetansesentra.

Formålet med prosjektet er å undersøkje om tovegs lyd- og bilettelefon er ein veleigna metode og ein god reiskap for å gi brukarane eit kvalitativt betre opplæringstilbod i lokalmiljøet. Måla er:

  • Elevane får eit forbetra opplæringstilbod i lokalmiljøet

  • Kommunen og skulen får auka tilgang på fagleg ekspertise

  • Kompetansesentra utviklar auka spesialpedagogisk kompetanse for fjernrettleiing, rådgiving og konsultasjon

  • Kompetansesentra samverkar med andre eksterne kompetansesenter, høgskular og fagmiljø med tanke på auka spesialpedagogisk kompetanse

Omkring 50 funksjonshemma brukarar er knytte til prosjektet.

2.10.2 TESS-prosjektet

Omgrepet TESS står for Telekommunikasjon, etterutdanning og spesialundervisning i ein skule for alle. TESS-prosjektet starta i 1992 og er eit internasjonalt telekommunikasjonsprosjekt. Formålet er å utvikle eit godt spesialundervisningstilbod gjennom kommunikasjon der lærarar og elevar er aktive deltakarar. I Noreg blir prosjektet leidd av styret for dei regionale kompetansesentra. Den første prosjektperioden vart avslutta i 1995. Det er utarbeidd ein særskild prosjektrapport. I samarbeid med NLS er prosjektet vidareført i 1997.

I samband med nedbygginga av dei regionale kompetansesentra og det regionale styret vil det framtidige ansvaret for slike telekommunikasjonsprosjekt bli vurdert nærmare.

2.10.3 SUITE-, NONITE- og DELTA-prosjekta

Under regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma er det som prosjektbasert verksemd oppretta to IT-einingar for funksjonshemma: Sunnaas IT-eining, SUITE, og Nord-norsk IT-eining, NONITE. IT-einingane skal medverke til å heve kvaliteten på formidlinga av IT-baserte hjelpemiddel, SUITE for målgruppa barn, unge og vaksne med rørslehemming og/eller hjerneskade, og NONITE for dei fleste grupper barn og unge inntil 20 år. Det er føresetnaden at IT-einingane skal medverke til samarbeid mellom pedagogiske, medisinske og tekniske fagmiljø.

Som del av Senter for tilrettelegging av miljø for funksjonshemma, DELTA, er det også lagt inn eit informasjonssekretariat for informasjonsteknologi for funksjonshemma.

Desse prosjekta blir administrerte av Sosial- og helsedepartementet.

2.11 Nasjonalt opplæringsprogram i teiknspråk for lærarar og teiknspråkopplæring for foreldre

Som ledd i regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma 1994-1997 vart det etablert eit toårig nasjonalt opplæringsprogram i teiknspråk for lærarar i 1996-97 og eit opplæringsprogram i teiknspråk for foreldre frå 1996.

I samsvar med Innst. S.nr. 275 (1996-97) vil det nasjonale opplæringsprogrammet for lærarar som skal undervise i teiknspråk, bli vidareført i 1998, særleg for lærarar ved kompetansesentra for hørselshemma og for lærarar ved knutepunktskular i vidaregåande opplæring.

Foreldre med nyoppdaga døve barn får tilbod om teiknspråkopplæring. Tilbodet har fått fast, heilskapleg struktur innanfor ei ramme på inntil 40 veker, mens barnet er i alderen 0-16 år. Kompetansesentra for hørselshemma står sentralt i gjennomføringa. Evalueringsrapport vil liggje føre hausten 1998.

Kostnadene ved desse tiltaka blir dekte dels på budsjettet til Sosial- og helsedepartementet (Regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma 1994-1997), dels av folketrygda og dels på statsbudsjettet kap 0243. Her er utgiftene dels belasta kompetansesentra sine budsjett, og dels gitt som særskild løyving til dekning av utgifter til kompetanseheving i teiknspråk for kommunar, høgskule og universitet (i alt 18 mill kroner utanom kompetansesentra for 1996 og 1997).

Til forsiden