St.meld. nr. 25 (2000-2001)

Levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile i Noreg

Til innhaldsliste

6 Familie og samliv

6.1 Innleiing

Mangfald er eit viktig stikkord for å karakterisere dagens samliv. Side om side med tradisjonelle ektepar lever sambuarpar, andre er forlova, medan andre er i kjærastfasen der felles framtid er eit uavklart prosjekt. Her er barnlause par, par med felles barn, par med særkullsbarn i tillegg til særbuarane som ikkje til dagleg er sambuarar, men noko meir enn kjærastar. Mangfaldet blir dessutan understreka av par av same kjønn, registrerte partnarar eller sambuarar. 1

Partnarskapslova kom i ein periode der mykje nytt voks fram: Ekteskapet sin status var vesentleg endra ved at kvinner i større grad var blitt sjølvforsørgjande. Det hadde vore ein sterk auke i skilsmisser, og det voks fram nye alternative samlivsformer. Retten for individet til sjølv å avgjere korleis det skal leve sitt liv, var meir fokusert og sett på som heilt legitimt. Tanken om å gje homofile høve til å inngå ekteskap er ikkje ny. Grunnleggjaren av den homoseksuelle frigjeringsrørsla, tyskaren Ulrich, fremja slike tankar alt for meir enn hundre år sidan. Men det at partnarskapslova først kom på 90-talet og ikkje før, må ein truleg sjå i samanheng med ei gradvis liberalisering i synet på homoseksualitet, og at ho kom i ein periode med grunnleggjande endringar i samfunnet. Då partnarskapslova blei innførd, blei det reist spørsmål om det først er «når institusjoner mister sin samfunnsmessige betydning at diskriminerte grupper makter å trenge inn?». 2

6.2 Utviklinga i familiemønster

Den gruppa som framfor nokon har auka yrkesdeltakinga etter 1980, er mødrer med små barn. Når kvinner gjekk ut i lønna arbeid og satsa på utdanning og eigen yrkeskarriere, var det ikkje berre ei endring i kvinnerolle og kvinners yrkesaktivitet; det var også ei kulturell omvelting. Gjennom yrkesaktiviteten til kvinnene blei det borte ein basis for ekteskap som hadde eksistert gjennom heile familiehistoria - det som blir kalla komplementære roller, og som inneber at kvinner og menn fyller ulike oppgåver i ekteskapet. På 50-talet tok mor ansvar for hus og barn; mannen hadde ansvar for å forsørgje dei. 3 I 1965 var 14 prosent av småbarnsmødrene yrkesaktive. Tiåret mellom 1970 og 1980 var på to område eit tiår for kvinnene: Dei gjorde seg gjeldande i utdanningssystemet på ein heilt annan måte enn tidlegare, og dei melde seg på arbeidsmarknaden i stor mengd. 4 Frå 1980 til 1987 auka yrkesprosenten (delen i arbeidsstyrken) blant småbarnsmødrer frå 53 til 72. Frå 1987 til 1991 heldt nivået seg stabilt, trass i lågkonjunkturen (sysselsetjinga gjekk ned, arbeidsløysa steig). Frå 1991 til 1998 var det på nytt auke i yrkesfrekvensen, til 80 prosent. Dette året (1998) var det berre 8 prosentpoeng som skilde yrkesdeltakinga til småbarnsmødrene frå mennene (som var 88 prosent), og yrkesdeltainga var høgare enn for alle kvinner (som var 78 prosent). 5

Fleire og fleire vel å leve i sambuarforhold utan å inngå formelt ekteskap, særleg blant unge menneske. Grovt rekna finst det i dag 260-280 000 sambuarpar (inkludert sambuarar med felles barn), medan det er registrert ca. 840 000 ektepar (1999, partnarskap inkludert). Det er likevel framleis berre i dei yngste aldersgruppene (under 30 år) at sambuarskap er meir vanleg enn ekteskap. Vi veit lite om kor mange par av same kjønn som lever saman som sambuarar, men den nye samlivsforma, registrert partnarskap, kjem godt fram i den løpande befolkningsstatistikken. 6

Det årlege talet på skilsmisser har vore i kontinuerleg vekst gjennom det meste av vårt hundreår, men på 1990-talet har tala stabilisert seg. Etter 1994 har det vore ein nedgang i talet på skilsmisser. Skilsmissetala (skilde per 1 000 gifte og separerte) er høgast blant kvinner i 25-35-årsalderen og blant menn mellom 30 og 40 år. 7 Utvalsundersøkingar tyder på at sambuarforhold er mykje mindre stabile enn ekteskap. Risikoen for samlivsbrot er vel tre gonger så stor for sambuarar med barn som for ektepar med barn. Dei same studiane viser at sambuarforhold utan barn i gjennomsnitt blir oppløyst fire til fem gonger så ofte som ekteskap, men at skilnaden er mindre dersom sambuarskapet har vart nokre år. At sambuarskapa viser seg å vere mykje mindre stabile enn ekteskap, prøver dei å forklare på ulike måtar. Ei forklaring byggjer på ein hypotese om at ekteskapet i seg sjølv er limet som bind forholdet saman, at det med si meir tydelege og formelle avgjerd om å leve saman, vil ha ein disiplinerande verknad. Det er mogleg at ein kan snakke om ein sambuareffekt, der «døra står på gløtt», der opning for brot er til stades alt frå starten av samlivet. Spørsmålet om forventningane paret har til forholdet, synest å spele ei viktig rolle for spørsmålet om stabilitet og tidslengd i samlivet. Ved å inngå ekteskap signaliserer ein for omverda ei sterkare forventning og plikt til å halde saman. Dette blir understreka av data frå Sverige som viser at ein viktig grunn til at sambuarar gifter seg, er at dei ønskjer å vise omverda at dei no «meiner alvor». Dette blei også brukt som argument for å innføre partnarskapslova. Ei anna forklaring legg vekt på moglege seleksjonsmekanismar, det vil seie at sambuarane også på andre område er forskjellige frå dei som har gifta seg. Når sambuarskap blir inngått, er det ofte ledd i ein prøve og feile-periode på vegen mot eit stabilt samliv. Det går føre seg ein utsilingseffekt der dei mest stabile sambuarskapa endar med ekteskap, medan mange av dei andre blir oppløyste. Begge forklaringane synest plausible («lim», seleksjonsmekanismar), men kva for ei som måtte telje mest, eller om det er heilt andre forklaringar som ligg til grunn, veit vi førebels for lite om. 8

For barna har den nye familie- og hushaldsstrukturen ført til at familielivet deira er prega av mange fleire endringar enn tidlegare. Totalt 9 000 barn under 18 år opplevde at foreldra skilde seg i 1999. I tillegg kjem 5 500 barn som var 18 år eller eldre då foreldra skilde seg. Statistikken gjev ikkje tal for oppløyste sambuarskap. Ei følgje av dette er at talet for barn som opplever familieoppløysing, er for lågt. 9 Framleis er det likevel slik at av om lag ein million barn i alderen 0-17 år lever 65 prosent saman med gifte foreldre, vidare lever 13 prosent saman med sambuande foreldre, 16 prosent lever saman med einsleg mor og berre 2 prosent saman med einsleg far. 4 prosent lever saman med mor og stefar. I alt levde 78 prosent av dei heimebuande barna saman med begge foreldra sine per 1. januar 1999, ein del som har gått ned frå 83 prosent i 1986. 10 Av alle barn under 18 år er det totalt berre 34 som bur saman med ei mor eller ein far som lever i eit registrert partnarskap (per 1.1 2000). Statistisk sentralbyrå har ikkje tal over kor mange partnarskap desse barna fordeler seg på. 11 Vi veit heller ikkje kor mange barn som lever med homofile eller lesbiske foreldre utanom partnarskap.

Den delen som lever åleine, aukar både blant yngre og middelaldrande. Brotne sambuarskap og skilsmisser forsterkar denne utviklinga. For kvinner i aldersgruppa 20-44 år er det i løpet av dei siste 20 åra blitt meir vanleg å leve åleine. I 1977 var det nærmare 20 prosent blant kvinner 20-44 år som verken var gifte eller sambuande, i 1998 var det i underkant av 32 prosent som høyrde til denne gruppa. Delen som er gift, har gått sterkt ned i denne aldersgruppa - frå 73 prosent i 1977 til 43 prosent i 1998. Dei siste tiåra har det vore nedgang i giftarmålsraten 12 i alle aldersgrupper, men minst blant dei eldste. Når hovudvekta i framstillinga er lagd på kvinner, kjem det av at kunnskap om sambuarforhold på 1970- og 1980-talet er mykje meir dekkjande for kvinner enn for menn. Sambuartal frå denne perioden er stort sett henta frå intervjuundersøkingar der kvinner var mykje oftare representerte enn menn. 13 Utviklinga for menn er «naturleg nok nokså parallell». 14

Dei aller siste åra har talet på ekteskap auka. Dei siste tre åra har talet på vigslar lege på mellom 23 000 og 24 000. Ein må 20 år tilbake i tid for å finne tilsvarande høge tal.

6.3 Par av same kjønn som ein del av eit aukande familiemangfald

6.3.1 Innføringa av lov om registrert partnerskap

Då lov om registrert partnerskap blei innførd i 1993, representerte ho ein milestolpe for aksept i samfunnet av homofili og homofilt samliv. Lova gav legitimitet til og synleggjorde homofil kjærleik.

I lovframlegget såg Barne- og familiedepartementet det som viktig å gje ei positiv støtte til varige og forpliktande homofile parforhold. Standpunktet var delvis grunngjeve med at forpliktande samliv, familieband og varige vennskap er viktige element i det sosiale nettverket som gjev tryggleik gjennom livskriser og ulike livsfasar, inklusive i alderdommen. Vidare at varige mellommenneskelege forhold motverkar isolasjon og einsemd, og at det for samfunnet er ønskjeleg å motverke rotløyse og stø opp om stabile samliv som vernar medmennesket og den integriteten det har. Departementet meinte at desse momenta talte for ei positiv støtte til varige og forpliktande homofile parforhold.

Ved å gje høve til offentleg registrering av homofile partnarskap hevda departementet at samfunnet tok konsekvensen av at menneske av same kjønn levde i varige kjensleforhold, det løyste praktiske, juridiske og økonomiske problem og ville hjelpe til å stabilisere homofile parforhold og gjere det sosiale livet deira enklare.

Departementet såg eit behov for å auke forståinga for situasjonen og behova hos homofile og meinte at ei partnarskapslov i seg sjølv ville hjelpe til med dette:

«Den aksept som vil ligge i lovregulering av homofile parforhold vil ventelig bidra til at flere homofile vil stå åpent frem, og dermed redusere de problemer som følger av behovet for å skjule sin egen natur og leve i isolasjon».

Vidare hevda departementet at «offentlige myndigheter har et ansvar som oponionsdannere» og peikte på ein vekselverknad der det generelle synet i samfunnet påverkar den rettslege statusen, samstundes som lovverket påverkar haldningane i samfunnet. 15

Då lova blei vedteken, var grunngjevinga frå fleirtalet mellom anna at:

«når samfunnet aksepterer at homofile lever ut sin legning, så er det logisk og moralsk også å gi dem anledning til å regulere sine samliv gjennom bindende avtale av rettigheter og plikter både overfor hverandre og samfunnet».

Fleirtalet såg også klart at ei lovregulering ville styrkje integrasjonen av homofile i samfunnet.

Likevel var eit av hovudargumenta mot lovforslaget at det ville kome til å svekkje ekteskapet si stilling i samfunnet og auke oppløysinga av familien. Motstandarane meinte at samfunnet framleis gjennom lovgjeving burde markere at det heterofile ekteskapet mellom mann og kvinne er den samlivsforma samfunnet ønskjer å lyfte fram som grunnmønster. I ot.prp. nr. 32 Om lov om registrert partnerskap skriv Barne- og familiedepartementet at det ikkje kan sjå at det er grunnlag for ei slik frykt. Mellom anna skriv departementet at ekteskapet skal skape ei stabil, helst livsvarig ramme om forholdet mellom to menneske, med dei sterke kjensler og den nærleik som er knytta til det, og at mange homofile par også ønskjer denne ramma om sitt forhold. Departementet held fram at lovframlegget er meint å gje dei høve til dette.

Så seint som i 1996 fremja Kjell Magne Bondevik og Solveig Sollie eit dok. nr. 8-framlegg om «opphevelse av lov av 30. april 1993 nr. 40 om registrert partnerskap». Grunngjevinga var mellom anna at partnarskapslova ikkje samsvarer med det verdigrunnlaget som samfunnet tidlegare har lagt til grunn når det gjeld ekteskap og familie, nemleg det heterofile forpliktande ekteskapet si positive særstilling som samlivsform, med dei rettar og plikter det har lagt grunnlag for. Dei som stod bak framlegget, meinte at:

«det heterofile ekteskapet som den beste ramme rundt barns oppvekst og dermed rundt den slekt som skal føres videre, må ha en særstilling i lovverket. Ekteskapet mellom mann og kvinne og de hjem som bygges rundt dette, er en viktig grunncelle i samfunnet. Derfor er det den samlivsform som må prioriteres i lovgivningen» 16

Framlegget blei teke opp i Odelstinget 17.12.96 og avvist.

Erfaringane så langt har vist at det ikkje var grunnlag for å hevde at partnerskapslova svekte ekteskapet.

I ein nyleg publisert artikkel om kjærleik og parforhold gjennomgår forfattaren mellom anna dei ulike grunnane til at folk skil seg. Her blir ikkje dei inngåtte partnarskapa nemnde som ein av grunnane. Det er eit knippe av andre årsaker. Her nemner vi desse:

Relasjonelle skilsmissegrunnar er blitt viktigare, grunnar som refererer direkte til relasjonen mellom ektefellar og sambuarar, medan prinsipielle og institusjonelle grunngjevingar, til dømes utruskap eller andre brot på «korrekt ektefelleåtferd», er mindre viktige. I tillegg kjem samfunnsendringar som har gjort skilsmisser moglege, framfor alt at kvinner er blitt mindre avhengige av ekteskapet når det gjeld å forsørgje seg sjølv økonomisk. 17

6.3.2 Registrert partnarskap 18

I løpet av dei fem siste månadene i det året Partnarskapslova blei innførd, blei det inngått 158 registrerte partnarskap. Det er fleire enn det som er registrert i nokon av dei etterfølgjande åra. For treårsperioden 1996-1998 er årsgjennomsnittet 122. Frå lova tok til å gjelde 1. august 1993 og til utgangen av 1999, er det inngått 913 partnarskap. 19 Per 1. januar 2000 er det ut frå familiestatistikken 739 partnarskapsfamiliar. Skilnaden i talet mellom registrerte partnarskap og partnarskapsfamiliar kjem av død, separasjon, oppløysing (skilsmisse) eller av at den eine partnararn kan bu i utlandet.

Registrerte partnarskap blir oftare inngått mellom to menn enn mellom to kvinner: Av dei partnarskapa som er inngått, har minst tre av fem partnarskap vore inngått mellom menn. Kvinnedelen er aukande. Han har auka frå 27 prosent i det første året til 43 prosent i 1999.

Det er ei ikkje lita gruppe som tidlegare har vore gifte. Av dei som inngjekk partnarskap i 1996-1998, var 14 prosent skilde. Fordelt etter om dei var den eldste eller den yngste personen i forholdet, er det særleg blant eldste partnar vi finn mange tidlegare gifte. I denne gruppa var om lag kvar femte skild då dei inngjekk partnarskap. Å ha vore gift er noko vanlegare blant kvinner som inngår registrert partnarskap, enn blant menn.

Dei som inngår registrert partnarskap, er vesentleg eldre enn dei som giftar seg. Kvinner som inngjekk registrert partnarskap i 1998, var i gjennomsnitt 38.5 år mot 28.6 år for kvinner som gifta seg. Tilsvarande tal for menn var 37.3 for dei registrerte partnarane og 31.1 for dei gifte. Desse tala gjeld for personar som verken hadde vore gifte eller registrerte partnarar tidlegare i livet. Også når det gjeld den innbyrdes alderskilnaden i parforholdet, har dei registrerte partnarane eit anna mønster enn ektepar. I ekteskap er gjerne han to til tre år eldre enn henne, medan det er heile sju år som skil dei som inngår partnarskap.

Registrert partnarskap er eit utprega Oslo-fenomen. Av dei partnarskapa som er inngått til no, omfattar 56 prosent personar busette i Oslo, medan ikkje meir enn 15 prosent av alle ekteskap i denne perioden er Oslo-ekteskap. Den sterke opphopinga i storbyane kan ha å gjere med at det der er mindre grad av sosial kontroll, og at det kan gjere det lettare å stå fram som open homofil. I NOVA-undersøkinga finst det grunnlag for denne hypotesen: Den delen som har flytta til Austlands-området, er mykje større enn i den generelle befolkninga (jf. kap. 7.) Det er ikkje sjølvsagt at den utprega regionale skeivfordelinga vil halde fram. Det kan godt tenkjast at homofilt samliv etter først å ha fått fotfeste og aksept i større byar, blir meir vanleg også i andre delar av landet. Endringane frå 1993 til 1998 peiker mot ei slik utvikling, Oslo-delen har gått ned frå 59 til 50 prosent.

I ein stor del av partnarskapa er den eine frå eit anna land. 264 personar eller 17 prosent av alle personar med sivilstand registrert partnar eller tidlegare registrert partnar, kjem frå utlandet. 20 Tverrnasjonale partnarskap ser ut til å vere noko meir vanleg blant menn enn blant kvinner.

6.3.3 Få eller mange

Talet på registrerte partnarar har ikkje auka jamt, noko ein kunne tenkt seg som følgje av allmenngjering og gradvis aksept både blant homofile sjølve og i befolkninga elles. 21 Det har ikkje skjedd.

«Uansett vurderingsmåte for hva som er få eller mange, må det sies å være få som har inngått partnerskap. I praksis er det i den forstand ikke mange lesbiske og homofile som har sluttet opp om partnerskapsloven, selv om det var liten radikal motstand mot partnerskap i den offentlige debatten. I stedet har lesbiske og homofile par stilltiende latt være å benytte denne loven.» 22

Nokre av grunnane kan vere at den sosiale identiteten og posisjonen hos lesbiske og homofile snarare har vore prega av avstand til ekteskap og familie. Dels har grunnen vore utstøyting og bortvising, dels eiga ideologisk avvising av ekteskapsinstitusjonen. «Å kome ut» som lesbisk eller homofil har i stor grad vore det same som å kome ut av familien og inn i eit nytt og annleis fellesskap. «Å gifte seg er noko heterofile gjer». 23 Det lesbiske og homofile ønskte seg, var økonomisk og juridisk likestilling mellom homofile/lesbiske parforhold og parforholda hos heterofile. Forskarane i NOVA-undersøkinga spør om det er ein elite innanfor den lesbiske og homofile befolkninga som inngår partnarskap. Ved å sjå på inntekt og utdanning blant registrerte partnarar i aldersgruppa 35-59 år fann ein ikkje at desse skilde seg frå dei andre respondentane, verken blant menn eller kvinner. Men dei registrerte partnarane var mykje meir opne om si homofile orientering enn dei andre respondentane. Om dette kjem av at dei som inngår partnarskap, er meir opne eller om det å vere registrert partnar fører til at ein blir meir opne, er eit spørsmål. Mest sannsynleg er det ein vekselverknad der begge prosessane verkar med på same tid.

6.3.4 Skilsmisser i registrerte partnarskap 24

Frå 1993 til og med 1999 er det inngått 913 partnarskap. 25 56 av desse er til no oppløyste ved skilsmisse. Reine demografiske forhold gjer det rimeleg å tru at skilsmisseåtferda vil vere ulik i partnarskap samanlikna med ekteskap. At dei som inngår partnarskap, gjennomgåande er eldre enn dei som gifter seg, taler for at dei registrerte partnarskapa vil ha lågare skilsmisserisiko enn ekteskapa. Andre kjenneteikn ved dei registrerte partnarskapa (oftare Oslo-fenomen, få barn og større innbyrdes aldersskilnad i parforholda ) kan tenkjast å dra i motsett retning. Det vil seie at det kan vere meir sannsynleg at partnarskap vil ende med brot enn ekteskap. Analysar som kontrollerer for slike faktorar, har det til no ikkje vore mogleg å gjennomføre.

Det er likevel gjort enkle utrekningar der ein jamfører skilsmissedelen i partnarskap og ekteskap inngått i same året. Resultata er viste i tabell 6.1. Av partnarskap inngått i 1993 hadde 10 prosent enda med skilsmisse innan utgangen av 1999, medan tilsvarande tal for ekteskap inngått i 1993 var 13 prosent. Av partnarskap inngått i 1996 hadde 9 prosent enda med skilsmisse medan talet for ekteskap inngått dette året var 5 prosent.

Tabell 6.1 Skilsmisser per 1/1-2000 i registrerte partnarskap og ekteskap inngått 1993-1996. Prosent.

InngåingsårTal på partnarskapTal på skilsmisser% skilsmisserNedre konfidensintervall1Øvre konfidensintervall1% skilsmisser i ekteskap
19931581610,15,414,812,5
19941361410,35,215,410,3
1995981111,35,017,57,3
1996127129,44,414,54,7

1 95 %

Som det går fram av tabell 6.1, (kolonne 5 og 6) er ingen av skilnadene mellom skilsmisseåtferda i partnarskap og ekteskap signifikante. Det var i utgangspunktet rimeleg å tru at partnarskap inngått i det første året under partnarskapslova, ville vise seg å vere noko meir stabile enn både ekteskap inngått i 1993 og partnarskap inngått i seinare år. Dei som inngjekk partnarskap i 1993, var gjennomgåande noko eldre enn dei som har kome til i seinare år, og ein må også vente at vi her hadde ei overvekt av stabile par som hadde venta lenge på dette høvet til å formalisere samlivet sitt. Som nemnt er det ingen signifikant skilnad samanlikna med ekteskapa frå 1993. Det er elles verdt å merke seg at skilsmisseprosentane utrekna fram til utgangen av 1999 ikkje varierer nemnande med talet på år sidan partnarskapa blei inngått (tabell 6.1 , kolonne 4).

Når det gjeld partnarskap inngått i dei seinare åra samanlikna med ekteskap, er det heller ikkje nokon signifikant skilnad i skilsmisseåtferda. Tala så langt hallar i retning av at registrerte partnarskap inngått etter 1993, har like stor eller noko større oppløysingsdel enn ekteskap. Her trengst det likevel både grundigare analysar og lengre observasjonstid før ein kan uttale seg sikkert om eventuelle skilnader.

Materialet over skilsmisser i partnarskap er nokså avgrensa sidan det berre er få årgangar med partnarskap som ein kan følgje over litt fleire år. Dei tidlegaste er som nemnt frå 1993, medan partnarskap inngått i 1997 eller seinare knapt kan ha fått tid til særleg mange skilsmisser innan utgangen av 1999.

6.3.5 Dei som er i eit fast forhold, sambuarar og partnarar i NOVA-undersøkinga

Meir enn to tredelar av kvinnene (776 kvinner) og halvparten av mennene (927 menn) i NOVA-undersøkinga er i eit fast forhold. Fast forhold omfattar dei som har vore i eit forhold som har vart i meir enn tre månader, sambuarar og partnarar. Den delen som er i faste forhold i dag, er mykje høgare enn i ei undersøking blant lesbiske og homofile for 20 år sidan. 26 Den delen som er i faste forhold, er mykje lågare blant dei unge enn i dei andre aldersgruppene, og det blir nemnt at hovudgrunnane kan vere at unge menneske har problem med å etablere kontakt med eit lesbisk/homofilt miljø, eller at dei ikkje har funne ein kjærast enno. Av kvinnene som er i eit fast forhold, bur 73 prosent saman med kjærasten/partnararen. Tilsvarande tal for mennene som er i eit fast forhold, er 66 prosent. I NOVA-undersøkinga seier ca. 135 kvinner og ca. 225 menn at dei har inngått partnarskap. 27 Dette utgjer 12 prosent av alle lesbiske og 12 prosent av alle homofile i NOVA-undersøkinga og 17 og 24 prosent av dei som er i eit fast forhold.

Det er færre blant lesbiske og homofile som har inngått partnarskap eller som er sambuarar, enn i den generelle befolkninga. Blant lesbiske kvinner er 51 prosent sambuarar eller registrerte partnarar og blant homofile menn 33 prosent. I den generelle befolkninga er 65 prosent blant kvinnene og 68 prosent blant mennene gifte eller sambuande.

Kvar tiande kvinne og kvar sjette mann er verken i eit fast forhold eller har tidlegare vore i eit fast forhold som har vart over tre månader. Det er gruppa under 25 år som dreg opp den delen som aldri har vore i eit forhold. Blant dei som ikkje er i eit fast forhold, ønskjer dei fleste av kvinnene og mennene at dei var det. Vi veit ikkje om desse tala er representative for alle lesbiske og homofile.

Det er nokre skilnader knytte til det å leve i eit samliv etter om paret gjeld to kvinner eller to menn. Tala over inngåtte partnarskap viser at det er fleire homofile menn som inngår partnarskap enn tilfellet er for lesbiske kvinner. I NOVA-undersøkinga er det fleire kvinner enn menn som lever i eit fast forhold.

I homoseksuelle parforhold har økonomiske ulikskapar lenge vore mindre markante enn i dei fleste heteroseksuelle forhold, og ein har teke del i det felles huslege arbeidet. Det er mykje som tyder på at lesbiske har greidd å praktisere likestilling i større grad enn heterofile. I ein studie av kvinner i lesbiske parforhold, blir det konkludert med at lesbiske parforhold i mindre grad enn heterofile parforhold er prega av komplementære roller og maktstrategiar. 28 Den same demokratiseringa av parrelesjonen ser likevel ikkje ut til å ha vore like sterkt framme blant homofile menn. 29

6.4 Å leve som lesbisk og homofil

6.4.1 Livskvalitet

Ei rekkje undersøkingar har vist at gifte og sambuarar rapporterer at dei er meir tilfredse og opplever meir lykke enn andre sivilstatus-kategoriar. 30 Gifte kjem klart betre ut enn ikkje gifte når det gjeld psykisk og fysisk helse, sjølvmordstal og generell dødsprosent. Dette gjeld for både kvinner og menn. I dagens Noreg har til dømes ugifte (aldri gifte) to til fire gonger så høg sjølvmordsprosent som gifte på same alderstrinn, og enkjer og skilde og separerte ligg endå ein god del høgare. Det ligg føre enkelte hypotesar om kva det er ved ekteskapet som vernar mot stress og aukar livskvaliteten. Ved å gifte seg innfrir ein sosiale rolleforventningar og gjer det meir sannsynleg å bli møtt med sosial respekt og aksept frå omgjevnadene. Gifte har ein meir regelfast og ordna livsførsel, eit betre kosthald og mindre risikoåtferd. Ekteskapet tilfredsstiller emosjonelle behov for nærleik, kontakt og ømheit og kan dessutan opne døra til andre sosiale nettverk. Sambuarar ligg svært nær gifte personar i livskvalitet.

Som blant heterofile er det også blant lesbiske og homofile ein mykje større del med høg livskvalitet blant dei som er i parforhold enn blant dei som ikkje er det. 31 Denne skilnaden går både blant kvinner og blant menn og innanfor alle aldersgrupper. 64 prosent blant kvinnene som er i fast forhold, seier at dei har høg livskvalitet mot 36 prosent blant dei som ikkje er i eit fast forhold. Tilsvarande tal blant mennene er 60 prosent og 39 prosent.

Det er rimelig å tenkje seg at det har positive konsekvensar å vere ein open lesbisk og homofil, 32 sjølv om det også kan ha sine kostnader i form av trakassering eller forskjellsbehandling. 33 Dei som er i faste forhold, har ikkje berre høg livskvalitet. Dei er også meir opne overfor arbeidskollegaer og heterofile venner enn dei som ikkje er i eit fast forhold. Flest opne finn ein blant dei som bur saman med kjærasten sin, samanlikna med dei som ikkje er i fast forhold. Dei som har inngått registrert partnarskap og er i alderen 35-59 år, er mykje meir opne overfor heterofile venner og arbeidskollegaer enn dei med ein annan sivil status i same aldersgruppe. Å ikkje vere open er for mange eit viktig hinder for å etablere eit fast forhold.

Personar som lever i eit fast forhold med ein person av same kjønn, anten dei bur saman med partnaren eller ikkje, ser ut til å vere verna mot psykisk stress i større grad enn andre lesbiske og homofile. Særleg personar som har inngått partnarskap og sambuande personar som bur saman med barn, har få psykiske vanskar i gjennomsnitt.

Kor vidt lesbiske og homofile får tilfredsstilt sine grunnleggjande behov for kjærleik og fysisk nærleik, er i seg sjølv eit viktig mål på livskvalitet. Mange fleire av dei som er i eit fast parforhold med ein person av same kjønn, er tilfreds med seksuallivet sitt, både blant kvinner og blant menn, og dei har sex oftare enn dei som ikkje er i eit fast forhold. Dette stemmer med seksualvaneundersøkingar i den generelle befolkninga.

6.4.2 Særlege påkjenningar i det homofile samlivet

Tidlegare forsking har vist at kjærleikslivet til lesbiske og homofile synest å vere utsett for særlege påkjenningar. Også nyare forsking peiker i same retning. Det er fleire av dei godt vaksne i dag som meiner at kjærleiken nærmast «har gått dei hus forbi». Dette kan ha samanheng med om personen «kom ut» tidleg eller seint i livsløpet. Det finst skildringar som viser at den sentrale hendinga i livet til homoseksuelle menn i mellomkrigstida var å kome inn i ei homoseksuell verd snarare enn å kome ut overfor familie, venner og kollegaer. Påkjenningane kan mellom anna ha samanheng med at lesbiske og homofile inngår i typar av forhold som også for heterofile er belastande av den grunn at forholdet blir brote opp. Sambuarskap er eit døme på ein type forhold som er mindre varig enn til dømes ekteskap.

Risikoen for brot i eit sambuarskap er mykje større enn i eit ekteskap. For gifte varierer brotfrekvensen lite med kor lang tid det har gått, bortsett frå at han er særleg låg dei første åra. Sambuarskap har mykje høgare brotfrekvens enn ekteskap, og brotfrekvensen er særleg høg dei første åra av samlivet. Til dømes var det 80 brot per 1 000 sambuarskap per år ved 1-2 års samliv, medan det tilsvarende talet for ekteskap berre var 6. Sambuarskap med barn er meir stabile enn sambuarskap utan barn. Men også for par med barn er det mykje vanlegare med brot blant sambuarar enn blant gifte. Sambuarar med barn har over tre gonger så stor tendens til å flytte frå kvarandre som gifte med barn. Det finst ikkje offisiell statistikk over oppløysing av partnarskap, og det finst ikkje oversikt over kor mange par av same kjønn som lever i sambuarskap og derfor heller ikkje over kor mange som går frå hverandre. At sambuarskap viser seg å vere langt mindre stabile enn ekteskapa, er det prøvd å forklare på ulike måtar. Mellom anna ser det ut til at sambuarar ikkje oppfattar seg sjølve som ein einskap i same grad som gifte. Dei har ei meir individualistisk haldning til samlivet, kjenner seg mindre forplikta av familieinstitusjonen og ser på parforholdet som usikkert og risikabelt. 34 (Sjå elles 6.2 for ein vidare diskusjon om kvifor sambuarskapa er mindre stabile enn ekteskapa.)

Mange av vanskane i parforhold i dag kan knytast til det som blir kalla det reine forholdet. 35 Det reine ligg i det fenomenet at grunngjevinga for parforholdet i dag heilt enkelt er at ein skal vere par. Kjærleiken er si eiga årsak og sin eigen verknad. Parforholdet grunngjev ikkje lenger seg sjølv etter at det først er etablert. Det må grunngjevast om att kvar dag, og kjærleiken må kontinuerleg skapast på nytt for å vere eit varig prosjekt. Derfor kan ein heile tida spørje om ein får nok ut av det forholdet ein er i, og om ein kan få realisert meir av seg sjølv åleine eller saman med ein annan person.

I tillegg kan ein tenkje seg at belastningar kan dreie seg om at det for mange lesbiske og homofile har vore tungt å kome fram til ei erkjenning av å vere homofil, og at vegen fram til eit permanent samliv for mange har vore vanskelegare enn for heterofile. Det er svært sannsynleg at desse erfaringane vil spele inn på dynamikken i eit homofilt forhold.

Det er også sannsynleg, trass i at befolkninga er mindre fordømmande overfor homoseksuelle no enn tidlegare, 36 at par av same kjønn opplever manglande aksept når dei ferdast ute som kjærastar, og at dette kan vere særleg belastande. Mellom anna svarer kvar femte kvinne og mann som for tida er i eit fast forhold, at dei er noko urolege for vald eller trugsmål når dei går ut saman med kjærasten sin. Det er blant dei yngste (16-24 år) at frykta er størst: Her gjeld frykta kvar tredje kvinne og mann.

Familieverntenesta tek kvart år imot mange førespurnader frå par og enkeltpersonar som opplever problem eller vanskar innetter i familien. Det kan synast som om lesbiske og homofile i liten grad nyttar seg av denne tenesta. Eit av familiekontora i landet som dei siste fem åra har hatt ca. 4 500 kontaktar, har berre hatt tre av dei frå lesbiske og homofile par som ønskte konsultasjon. 37 Dersom dette er representativt for andre familievernkontor, kan ein av grunnane vere at mange lesbiske og homofile ikkje har tru verken på familieverntenesta eller andre terapeutiske tenester. Somme har dårlege personlege erfaringar, andre har høyrt skrekkhistorier. Nokre terapeutar seier at dei ikkje veit noko om det å vere lesbiske eller homofile og derfor ikkje kan snakke om det. Andre koplar alle problem klienten måtte ha, til det faktum at vedkomande er lesbisk eller homofil, trass i at problema kan dreie seg om forhold som også heterofile slit med. I dei aller verste tilfella gjev terapeuten seg i kast med å skulle hjelpe klienten av med det å vere homofil, til dømes ved å tilrå lesbiske kvinner å finne seg ein mann, for då vil livet ordne seg.

Av desse grunnane oppsøkjer mange lesbiske og homofile personar behandlarar som dei veit dei kan stole på, til dømes Rådgivningstjenesten for homofile og lesbiske som ligg under Olafia-klinikken, Klinikk for førebyggjande medisin ved Ullevål sykehus. Der tilbyr dei hjelp med «komme-ut» problemer, vansker i parforhold, dårlig selvbilde, seksuelle problemer og følelsesmessige problemer anten i form av fortrulege samtalar eller informasjon og rettleiing. 38

Til tenesta er det per i dag knytta to psykologar i bistillingar. Rådgjevingstenesta er den einaste psykososiale tenesta for homofile og lesbiske som har fagpersonar. Klientar blir viste til tenesta mellom anna av fagpersonar innanfor det offentlege helsestellet nettopp av den grunn. I tillegg til å ta imot «alle de som ikke går andre steder» har tenesta etter at NOVA-undersøkinga kom, motteke fleire førespurnader frå PP-tenesta, distriktpsykiatriske senter, poliklinikkar for ungdom om undervisning og rettleiing. 39

Regjeringa meiner den offentlege kompetansen når det gjeld livssituasjonen for lesbiske og homofile, bør styrkjast. Ein måte å gjere dette på er å styrkje Rådgjevingstenesta for homofile slik at kompetansen der kan utviklast vidare og kome resten av hjelpeapparatet til gode. Regjeringa vil innleie eit samarbeid med Oslo kommune for å sjå om Rådgjevingstenesta kan spele ei rolle som nasjonalt ressurssenter eller idébank.

6.5 Lesbiske og homofile som mødrer og fedrar

Ein av ti (13 prosent blant kvinnene og 8 prosent blant mennene) i NOVA-undersøkinga har eigne barn. Det er mange fleire i aldersgruppa 35-49 år og 50 år og eldre som har barn enn i dei yngre aldersgruppene 16-34 år. Ein kan ikkje av desse tala dra den konklusjonen at det er blitt mindre vanleg for lesbiske og homofile å få barn. Årsaka kan mellom anna finnast i at dei fleste barna stammar frå eit tidlegare heterofilt samliv, og at dagens unge ikkje går vegen om eit heterofilt samliv: To av fem kvinner i alderen 16-34 år som har barn, seier at barnet/a ikkje stammar frå eit tidlegare heterofilt samliv. I tillegg lever dei unge tidleg i livsløpet og kan få barn etter kvart.

10 prosent av kvinnene og 1 prosent av mennene i alderen 25-44 år i NOVA-undersøkinga bur saman med eigne barn. I den generelle befolkninga er tilsvarande delar i denne aldersgruppa 75 og 58 prosent.

Ser vi på alle kvinner som lever i registrert partnarskap (1993-1998), har 64 kvinner, det vil seie 13 prosent hatt ein eller fleire fødslar. Det dreier seg for det meste om barn fødde før partnarskapet blei inngått. Frå partnarskapslova tok til å gjelde i 1993 og til og med 1998, er det berre registrert 11 barn der mor levde i registrert partnarskap då barnet blei født.

Partnarskap med barn utgjorde i 1999 4,4 prosent. Dette kan synast lågt samanlikna med kor mange lesbiske og homofile som har barn, men i eitt partnarskap kan begge kvinnene ha barn. Det er færre homofile menn som har barn, enn tilfellet er for lesbiske kvinner. Blant dei som har barn, kan det vere ei vegring mot å inngå partnarskap fordi det er den ekstreme synleggjeringa av eit forhold. Til saman kan dette verke med til å redusere talet på barn i partnarskap. Per 1/1- 2000 var det etter barnestatistikken 34 barn (0-17 år) som budde saman med foreldre som hadde sivilstatus registrert partnar. Det var 31 barn som budde med mor/stemor (mors partnar) og 3 barn som budde med far/stefar (fars partnar).

Av dei 34 barna er 15 fødde i 1993 eller seinare. Desse barna er dei einaste som kan vere fødde medan foreldra levde i registrert partnarskap, men dei kan også vere fødde før eit registrert partnarskap blei inngått. Dei andre 19 barna var alle fødde før lova om registrert partnarskap tok til å gjelde. 40

Etter NOVA-undersøkinga finst det i Norden ei norsk hovudoppgåve om lesbiske mødrer frå 1992 (gjennomgang av utanlandsk litteratur) og ein dansk studie om lesbiske mødrer og barna deira frå 1973 (kjønnsidentitet og kjønnsrolleutvikling hos barn av lesbiske mødrer). Det finst inga forsking som problematiserer kva barn og barnløyse har å seie for livssituasjonen til vaksne lesbiske og homofile. Det finst inga forsking om barn som veks opp med homoseksuelle ikkje-biologiske foreldre. 41 Dette er kanskje ikkje så rart når ein tenkjer på at det inntil nyleg ikkje har vore tillate å adoptere for lesbiske og homofile i dei landa som har innført partnarskapslov, og er det framleis ikkje i Noreg (sjå kapittel 3 Allmenn rettsstilling og rettsleg vern for homofile, 3.9.1 Partnerskapslova).

Vi veit at ein del lesbiske og homofile vel å få barn i samliv. I somme tilfelle vel lesbiske kvinner til dømes å få barn med mannlege homofile venner. I andre tilfelle ved donor. I NOVA-undersøkinga viste det seg at heile to av fem unge og unge vaksne kvinner med barn svarte at barnet/barna deira ikkje stammar frå eit tidlegare heterofilt samliv (som er det vanlegaste blant alle lesbiske og homofile som har barn.) Det var ikkje mogleg å fastslå kor mange av dei lesbiske/homofile foreldra som hadde fått barn på denne måten.

6.6 Tiltak

Det heilt fundamentale for betre livskvalitet for lesbiske og homofile er at barn frå så tidleg alder som mogleg får vite at det å vere homofil er ei seksuell orientering på linje med heterofili. Eit slikt mål vil stille store krav til foreldra, til skolen og til andre ulike informasjonskanalar.

Eitt døme på ein informasjonskanal som prøvde seg med folkeopplysning om emnet, er NRK. I barne-TV-programmet Fritt fram med Asgeir og Vaske sendt hausten 1999 står Vaske (ein vaskebjørn) og ser gjennom ein serie bilete som Asgeir eig (mann, ca. 25), og i bunken finn Vaske eit bilete av to menn i smoking som giftar seg. Vaske kviskrar til Asgeir at det ikkje går an at to menn giftar seg, og då svarer Asgeir at det gjer det. Innslaget varte ikkje lenger enn det som no er referert. Ei sak er at responsen var svært negativ med avisinnlegg der det sentrale poenget var at dette ikkje var informasjon som burde tilflyte barn i den aldersgruppa som barne-TV-program er laga for, og at innslaget blei klaga inn for Kringkastingsrådet. Like viktig er at då Kringkastingsrådet behandla klagen, meinte fleirtalet at eit tema som homofili bør ein kunne ta opp - også i barne-TV. NRK-forskinga gjorde ei undersøking blant foreldre som viste at dei fleste syntest det var greitt at temaet blei teke opp - dei meinte at fordi Asgeir har ein heltestatus blant barn, er det bra at han kan setje ord på vanskelege tema. 42

Det er derfor behov for materiell som kan hjelpe foreldre med å formidle tema som seksualitet og samliv, her også homofili til barna sine. Det vil bli laga informasjonsmateriell om ungdom og seksualitet, herunder homofili, retta inn mot foreldre, innanfor Foreldrerettleiingsprogrammet som Barne- og familiedepartementet er ansvarleg for. Målet er å styrkje foreldra si evne til å støtte barn i identitetsutviklinga. Tilsvarande informasjon skal distribuerast til foreldre som ikkje kjem i kontakt med Foreldrerettleiingsprogrammet. Sjå kapittel 4.

Det synest også å vere behov for auka rådgjevingskompetanse blant terapeutar om livssituasjon og samlivsforhold hos lesbiske og homofile. Når det gjeld å heve kompetansen til andre fagfolk (i helsevesen, skoleverk osv.), det vil seie informasjon retta inn mot høgskolar og universitet, sjå kapittel 5 om skole og utdanning. Temaet kan takast opp i ulike fag i barne- og ungdomsskolen for å leggje grunnlaget for auka aksept. Døma i bøkene kan varierast for å synleggjere at det er andre måtar å leve på enn den heterofile, til dømes skrive om mor, mor og barn. 43 Ein føresetnad for dette er at dei som skal ta seg av barn og unge, må skolerast.

Regjeringa vil fremje desse tiltaka:

  • Familieverntenesta skal få opplæring slik at kontora er i stand til å rettleie både foreldre som har lesbiske eller homofile barn, og lesbiske og homofile par.

  • Tilbodet til Rådgjevningstenesta for homofile og lesbiske, som ligg under Olafia-klinikken, Klinikk for forebyggende medisin ved Ullevål sykehus, skal utvidast slik at tenesta også kan vere ein rettleiingsinstans for helsestellet.

Fotnotar

1.

Noack, Turid (1999) Familiemønstre på slutten av et århundre. Kontinuitet og endring. Samfunnsspeilet 4/1999.

2.

Noack, Turid (2000) Registrerte partnerskap: 1993-1998. Samfunnsspeilet 3/2000.

3.

Frønes, Ivar og Andreas Hompland (1994) Den nye barne- og familieboka. Oslo: Universitetsforlaget.

4.

Gulbrandsen, Lars og Marit Hoel (1986) Norske kvinners yrkesdeltagelse på 80-tallet. INAS-rapport 86:7.

5.

Samfunnsspeilet 4/1999.

6.

Sosialt Utsyn 2000, Samfunnsspeilet 4/99.

7.

Sosialt utsyn 2000.

8.

NOU 1999:25. Samboerne og samfunnet S: 68-69 og Samfunnsspeilet 4/99 s. 32.

9.

Statistisk sentralbyrå (2000) Befolkningsstatistikk. Skilsmisser og separasjoner, 1999. Frigjeve 4. oktober 2000.

10.

Statistisk sentralbyrå (2000) Aktuell befolkningsstatistikk nr. 3/2000.

11.

Samfunnsspeilet 4/1999, oppdaterte tal per telefon frå Statistisk sentralbyrå.

12.

Giftarmålsraten er talet på giftarmål inngått i løpet av eit år per 1 000 ugifte personar. NOU 1999:25 Samboerne og samfunnet s. 62/64.

13.

Samfunnsspeilet 4/1999 s. 35.

14.

NOU 1999:25 op.cit. s. 63/64.

15.

Ot.prp.nr. 32 (1992-93) Om lov om registrert partnerskap.

16.

Dok.nr.8:106 (1995-1996) Framlegg frå stortingsrepresentantane Kjell Magne Bondevik og Solveig Sollie om oppheving av lov av 30. april 1993 nr. 40 om registrert partnarskap.

17.

Barstad, Anders (2000) Noen grunner til hvorfor du kanskje likevel ikke skal hate Statistisk sentralbyrå. Samfunnsspeilet 5/2000.

18.

Noack, Turid (2000) Registrerte partnerskap: 1993-1998. Samfunnsspeilet nr. 3 2000. Dette avsnittet er bygd på denne artikkelen. Opplysningar om 1999 er inkluderte der dei finst.

19.

Omfattar alle partnarskap inngått i Noreg. Tala i den løpande statistikken er noko lågare fordi barn i partnarskap der eldste partnar var busett i Noreg, er rekna med.

20.

Ein grunn kan vere at det er få land i verda der ein kan inngå partnarskap. Det er mest vanleg med partnarar frå USA, Thailand og Sverige.

21.

Noack, Turid (2000): Registrerte partnerskap: 1993-1998 op. cit.

22.

Halvorsen, Rune (1999): Partnerskapslovens tvetydighet. Tidsskrift for samfunnsforskning 3'99 s. 324.

23.

Halvorsen, Rune (1999): Partnerskapslovens tvetydighet. Tidsskrift for samfunnsforskning 3'99.

24.

Noack, Turid (2000) upublisert notat om registrerte partnarskap skrive for denne meldinga.

25.

Omfattar alle partnarskap inngått i Noreg. Tala i den løpande statistikken er noko lågare fordi berre partnarskap der eldste partnar var busett i Noreg, er rekna med.

26.

Bergh, S, Bjerck B, Lund E (1978): Homofile - myter og virkelighet. En undersøkelse blant homofile kvinner og menn i Norge. Oslo: Pax.

27.

Eigne utrekningar, derfor ca-tal.

28.

Ohnstad, Anbjørg (1984): Ekte(venn)skap - en studie av relasjoner mellom lesbiske samboere. Hovudoppgåve i psykologi. Universitetet i Bergen.

29.

Prieur, Annick m.fl (1988): Kjærlighet mellom menn i Aidsens tid. Oslo, Pax forlag.

30.

Mellom anna er dette målt i den norske verdiundersøkinga der det som mål på subjektiv livskvalitet er nytta eit spørsmål om å vere tilfreds med livet, kjenne lykke og ein indeks for affektbalanse. Sjå: Blom, Svein og Ola Listhaug (1988) Familie og livskvalitet. Tidsskrift for samfunnsforskning, nr. 1 s. 5-28. Listhaug, Ola (1998): Sentrale verdier endrer seg sakte. Samfunnsspeilet, nr. 1, s. 2-9. Mastekaasa, Arne (1994) Familie og ekteskap som beskyttelse. Durkheims teorier i lys av seinere forskning. Tidsskrift for samfunnsforskning, nr. 1 s. 30-50.

31.

I NOVA-undersøkinga blei respondentane bedne om å vise på ein skal frå 1 (svært utilfreds) til 10 (svært tilfreds) kor tilfredse dei er med livet sitt for tida. Høg livskvalitet er dei som har oppgjeve 8,9 eller 10 på ein skala frå 1-10.

32.

I NOVA-undersøkinga blir ein «open lesbisk» definert til å vere ei kvinne som på ein eller annan måte har informert sine sosiale omgjevnader (familie, arbeidskollegaer, medelevar/medstudentar og venner) om at ho blir tiltrekt seksuelt og kjenslemessig av andre kvinner, og at ho ser på seg sjølv som lesbisk. Delen av heilt opne er relativt stor i NOVA-undersøkinga. Det er svært få kvinner og menn som skjuler at dei er lesbiske/homofile overfor alle medlemmer av opphavsfamilien (foreldre og sysken). Dei fleste (ni av ti kvinner og åtte av ti menn) oppgjev at vennene deira veit at dei er lesbiske/homofile. 65 prosent av kvinnene og 61 prosent av mennene svarer at alle/dei fleste av arbeidskollegaene/medstudentane veit at dei er lesbiske/homofile. Det er ein liten del som svarer at ingen veit det. Det er ei stor endring i å vere open frå 1970-talet.

33.

19 prosent blant kvinnene og 24 prosent blant mennene har blitt utsette for diskriminering på jobb/skole (sjå kapitla om arbeidsliv og utdanning). Ser ein på dei som på ein eller annan måte er synleg lesbiske og homofile (til dømes at dei kjærteiknar kjærasten offentleg), så er det ein klar samanheng mellom denne synlege framferda og det å vere utsett for vald eller trugsmål. Dei som er synlege, har også auka førekomst av psykiske problem. På den andre sida ser det ut til at personar som har venner og arbeidskollegaer som ikkje veit at dei er lesbiske eller homofile har høgare risiko for psykiske vanskar.

34.

NOU 1999:25 Samboerne og samfunnet .

35.

Giddens, Anthony (1992): The Transformation of Intimacy. Cambridge: Polity Press.

36.

Listhaug, Ola (1998): Sentrale verdier endrer seg sakte. Samfunnsspeilet, nr. 1, s. 2-9.

37.

Frå ein diskusjon i Aftenposten «Spør psykologen» i 2000 mellom Sissel Gran og Aase Prøitz.

38.

Frå ein brosjyre om tenesta samt upubliserte notat om tenesta frå Aase Prøitz, psykolog ved Rådgivningstjenesten.

39.

Prøitz op.cit.

40.

Noack, T (2000) Upublisert notat om registrerte partnarskap.

41.

Folkhälsoinstitutet. Hearing om homosexuella och barn. Stockholm 1997.

42.

Referat frå drøftinga av innslaget i Kringskastingsrådet om homofili i barne-TV. Drøftinga skjedde under rådsmøtet i november 1999.

43.

Ein parallell kan vi her dra til arbeidet med å inkludere andre døme i skolebøker på barnetrinnet på 70-talet enn det at far las avisa og mor vaska opp.

Til forsida