Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 25 (2000-2001)

Levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile i Noreg

Til innhaldsliste

11 Støtteordningar

11.1 Driftsstøtte til Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH)

1989 var det første året at dåverande Det norske Forbundet av 1948 (DNF-1948) mottok driftsstøtte frå det tidlegare Forbrukar- og administrasjonsdepartementet (FAD). På 1980-talet fekk homofile sine organisasjonar løyvingar til HIV/AIDS-førebygging frå Sosialdepartementet, men etter initiativ frå organisasjonane blei tilskotet i 1989 omgjort til ordinær driftsstøtte og løyvt over FADs budsjett. Løyvinga var på 1.3 mill. kroner. Den direkte grunnen var konkursen ved Metropol og den vanskelege økonomiske situasjonen dette sette forbundet i. 1 I tillegg blei det lagt vekt på at medlemsmassen i organisasjonen og dermed potensielle kontingentinntekter var lågare enn gruppa sin del av befolkninga skulle tilseie, og at behovet for haldningsskapande verksemd på dette området var spesielt stort. Løyvingane blei gjevne med klare signal om at dette var ein slags «redningsaksjon», og at støtta ville bli trappa ned.

I 1990 var driftstilskotet 1 250 000 kroner (av dei blei 600 000 kroner overførte frå Sosial- og helsedepartementets budsjett og resten av summen blei gjeven over FADs budsjett). Støtta skulle i «hovedsak knyttes til tiltak eller aksjoner organisasjonene utfører med sikte på økt integrering av homofile i samfunnet». 2 I 1991 var støtta 1 100 000 kroner og i 1992 950 000 kroner. Det blei i tillegg gjeve ei mindre driftsstøtte til Fellesrådet for homofile og lesbiske organisasjoner (FHO). Den utgjorde i 1992 70 000 kroner. Reduksjonen i driftsstøtta heldt fram i åra som følgde fram til og med 1996 (sjå tabell 11.1).

LLH har i tillegg til driftsstøtta fått tilskot til nokre enkelttiltak. I 1999 løyvde Stortinget 200 000 kroner ekstra til LLH «til informasjonsarbeid» med tilvising til kunnskap som kom fram i NOVA-undersøkinga. 3

Det var fleire grunnar til at driftsstøtta blei trappa ned. Barne- og familiedepartementet har berre unntaksvis gjeve driftsstøtte til frivillige familie- og likestillingspolitiske organisasjonar og til dels med ei historisk grunngjeving. 4 Den prinsipielle haldninga til støtte til desse organisasjonane har heile tida vore at støtte først og fremst bør gjevast i form av tilskot til enkelttiltak og prosjekt, og at organisasjonane sjølve bør sikre det økonomiske fundamentet gjennom medlemskontingentar og inntektsgjevande arbeid. Vidare at midlar frå departementet til støtte for organisasjonane bør forvaltast på ein slik måte at dei i størst mogleg grad stimulerer til verksemd som er retta utetter, og til aktivitet og debatt på politisk aktuelle område. Av desse grunnane har det i lang tid vore eit arbeid i gang for å leggje om støtteordningane til dei familie- og likestillingspolitiske organisasjonane.

Tabell 11.1 Driftsstøtte til Det norske forbundet av 1948/Landsforeningen for lesbiske og homofil frigjøring.

År Det norske forbundet av 1948/Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring
19931 820 000
1994 710 000
1995 600 000
1996 520 000
1997 520 000
1998 420 000
1999 420 000
2000 520 000

1 1. januar 1993 blei Fellesrådet for homofile og lesbiske organisasjoner og Det norske forbundet av 1948 slått saman under namnet Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring.

I september 1998 sette Barne- og familiedepartementet ned det såkalla «Driftsstøtteutvalget» under leiing av Solveig Sollie for å greie ut ordninga med drifts- og prosjektstøtte til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar. Utvalet leverte rapporten sin våren 1999 og gjorde framlegg om ein kraftig auke av driftsstøtta og ein tilsvarende reduksjon av tilskot til enkelttiltak og prosjekt i forhold til dagens fordeling. Etter framlegget skulle grunnstøtta gå til organisasjonar med minimum 1000 medlemmer i minst 10 fylke. Framlegget ville føre til at ein stor del av midlane som blir nytta til organisasjonsstøtte på dette området, ville bli konsentrert til nokre få og store organisasjonar.

Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring var representert i utvalet og gav denne mindretalsfråsegna:

«Innenfor det familie- og kvinnepolitiske området finnes det en stor mengde organisasjoner. I stor grad har mange av disse organisasjonene store likhetstrekk i forhold til arbeidsområde og gruppelikheter. Etter mitt skjønn er det derimot en organisasjon som i stor grad skiller seg ut fra de andre organisasjonene. Det gjelder Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring. Denne organisasjonen representerer en gruppe mennesker som har helt andre livsvilkår enn andre grupper innenfor det familie- og kvinnepolitiske området. Gruppa har livsvilkår som er dokumentert på et langt dårligere nivå enn blant de andre gruppene, og er i en situasjon hvor det i særlig grad er behov for et bevisst og målrettet arbeid for å iverksette omfattende tiltak for å utbedre disse livsvilkårene. Av den grunn bør Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring ikke knyttes opp mot støtteordningene innenfor det familie- og kvinnepolitiske området, men derimot ha en støtteordning hvor kun Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring inngår». 5

Regjeringa ser på arbeidet til LLH som viktig for å betre levekåra for lesbiske og homofile, og ho har eit mål om større aksept for lesbiske og homofile i samfunnet. I statsbudsjettet for 2001 er det sett opp ein eigen budsjettpost til tiltak for lesbiske og homofile på 1,1 mill. kroner. Bakgrunnen er resultata frå mellom anna NOVA-undersøkinga som viste at lesbiske og homofile som gruppe har dårlegare levekår og livskvalitet enn befolkninga generelt. Regjeringa gjer framlegg om å auke støtta til LLH fordi organisasjonen gjer eit viktig arbeid for å motverke diskriminering og gjere sitt til meir opne haldningar, og til likestilling og aksept. Vi viser også til den «vaktbikkje-funksjon» organisasjonen har, og som er omtalt i kapittel 9. LLH vil gjennom auka økonomisk støtte få betre høve til å planleggje og gjennomføre tiltak for å skape større aksept for og betre levekåra for lesbiske og homofile. Denne støtta vil Regjeringa auke i budsjettet for 2002.

11.2 Forebygging av HIV/AIDS-epidemien

Sidan 1986 har det vore stilt øyremerkte midlar til rådvelde gjennom førebygging av HIV/AIDS-epidemien over kapittel 719 post 70 på statsbudsjettet. Om Handlingsplanene mot HIV/AIDS-epidemien sjå kapittel 8 - Helse- og sosiale forhold, pkt. 8.5.2. 6 Innanfor desse handlingsplanane har det også vore løyvt midlar til Det norske forbundet av 1948/Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring og til Helseutvalget for homofile. Helseutvalet blei stifta i 1983, og blei hovudsamarbeidspartnar for Helsedepartementet når det gjaldt HIV/AIDS-førebygging overfor homo- og bifile menn. Helseutvalet har i dag eit sekretariat der drift, prosjektverksemd og tiltak blir finansierte via statleg støtte. Svært mykje av arbeidet blir likevel gjort av frivillige som er rekrutterte gjennom homofile sine organisasjonar. Støtta til organisasjonane har vore: 7

Tabell 11.2 Organisasjonsstøtte til forebygging av HIV/AIDS-epidemien

År Helseutvalget for homofile Det norske forbund 1948/Seinare: Landsforeningen for Lesbisk og homofil frigjøring
1986 2 129 509 292 661
1987 1 918 606 869 000
1988 2 120 000 699 000
1989 3 813 478 623 350
1990 2 949 477 175 000
1991 3 045 000
1992 3 862 880 25 240
1993 3 889 450 447
1994 3 316 670 72 050
1995 3 227 808 66 000
1996 3 813 570 34 500
1997 3 577 695 12 000
1998 4 156 325 10 200
1999 4 307 000 13 000
2000 4 407 100 8 400

11.3 Ungdomsarbeidet i LLH

NOVA-undersøkinga viste at trass i store endringar i opinionshaldningane dei siste 20-30 åra, kombinert med betra formelle rettar for lesbiske og homofile, er det framleis slik at lesbisk og homofil ungdom opplever diskriminering og utstøyting på grunn av seksuell orientering. NOVA-undersøkinga stadfesta dermed behovet for ei sterkare satsing i arbeidet retta mot unge lesbiske, homoseksuelle og biseksuelle.

Samstundes med at rapporten blei offentleggjord, vedtok landsmøtet i Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH) at det skulle nedsetjast eit eige ungdomsutval i LLH. Det kom også framlegg om ei stilling som ungdomskonsulent.

Barne- og familiedepartementet løyvde våren-99 111.000,- kroner til ein nasjonal ungdomskonferanse i regi av LLH, som blei halden i Bergen 1. og 2. mai 1999. Hovudformålet med ungdomskonferansen var frå LLH si side ønsket om ein breiast mogleg ungdoms- og homopolitisk debatt av og med unge lesbiske, homoseksuelle og biseksuelle. Det var eit ønske å byggje opp eit nettverk blant unge lesbiske, homoseksuelle og biseksuelle. Ungdomskonferansen var meint å fungere som ein sentral idéverkstad for aktuelle tiltak, og å synleggjere framtidige tiltak. Vidare ønskte dei å drøfte korleis ein best mogleg kunne organisere arbeidet for å løyse aktuelle tiltak og oppgåver.

Konferansen synleggjorde behovet for eit sentralt ledd i LLH som arbeider spesielt med spørsmål knytt til ungdom. Det framtidige ungdomsutvalet blei sett på som eit viktig koordinerande tiltak, kombinert med ein sentral administrasjon i form av stillingar som til dømes ungdomskonsulent, informasjonskonsulent og internett-ansvarleg. Informasjon og skolering, både internt og eksternt, blei også sterkt framheva. Internt blei det sett på som viktig å ha eit godt apparat for å ta imot nye i miljøet. Det kom vidare framlegg om å styrkje Homofiles Ungdomstelefon og arbeide ut eigne Internett-sider. Eksternt blei skolering generelt av helsepersonell, lærarar og offentleg tilsette som arbeider med ungdom, sett på som viktig.

Ungdomsutvalet blei organisert på landsstyremøtet i LLH 28. - 30. mai 1999 med 10 faste representantar og 2 vararepresentantar. Utvalet representerer heile landet, og har fått ansvaret for nettverksbygging, vidareetablering og -utvikling av ungdomsgrupper fleire stader i landet. Utifrå resultata frå NOVA-undersøkinga såg regjeringa Stoltenberg eit behov for å setje iverk strakstiltak, særleg retta mot unge homofile og lesbiske. Det blei i 2000 løyvd 200.000 kroner til ein sommarleir, og 100.000 kroner til Homofiles Ungdomstelefon.

11.4 Organisasjonsstøtte til ungdomsarbeid

I 1999 søkte LLH Barne- og familiedepartementet om prosjektmidlar til å følgje opp ungdomskonferansen. Midlane skulle dekkje utgifter til eit nyoppretta ungdomsutval og tilsetjing av ein ungdomssekretær. Barne- og familiedepartementet avslo søknaden og viste til departementet si ordinære tilskotsordning for barne- og ungdomsorganisasjonar. Søknad om nasjonal grunnstøtte blei send Fordelingsutvalet hausten 1999.

Den ordinære tilskotsordninga til barne- og ungdomsorganisasjonar er medlemsbasert, 8 og talet på medlemmer må dokumenterast gjennom særattestasjon frå revisor. For homofile sine organisasjonar kan det å dokumentere talet på medlemmer vere vanskeleg fordi ein del medlemmer ikkje ønskjer å stå fram med namn. Tradisjonelt har LLH gjeve medlemmene sine rett til å vere anonyme, og ei endring av vedtektene på dette punktet kan ta tid. Organisasjonen arbeider dessutan ikkje berre for medlemmene sine, men for gruppa lesbiske og homofile anten dei er registrerte medlemmer eller ikkje. Det er grunn til å tru at lesbisk og homofil ungdom - nettopp fordi dei har problem med sjølvaksept og opplever diskriminering - vil vere ekstra atterhaldne med å registrere seg som medlemmer.

Søknaden frå LLH blei endeleg behandla i Fordelingsutvalet 5.12.00, etter at organisasjonen leverte inn ein særattestasjon frå revisor over medlemstalet. Fordelingsutvalet gjorde vedtak om å plassere LLH i gruppe D i kategorien av organisasjonar som av særlege grunnar, først og fremst rekrutteringsgrunnlaget, ikkje oppfyller krava til talet på medlemmer, talet på teljande lokallag og/eller geografisk utbreiing i gruppe A, B og C.

11.5 Tiltak

Regjeringa ser på arbeidet til Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring, LLH, som svært viktig for å betre levekåra for lesbiske og homofile i samfunnet. LLH verkar gjennom sitt arbeid med til meir opne haldningar omkring og aksept av homofili, og organisasjonen har ein viktig funksjon som «vaktbikkje» for å hindre diskriminering og usynleggjering av homofile. Sjå kapittel 9. LLH har ein spesielt viktig funksjon overfor ungdom som har ei lesbisk eller homofil orientering, ved at organisasjonen driv informasjon, skolering og kontaktarbeid.

Desse støtteordningane vil bli førde vidare og styrkte:

  • I statsbudsjettet for 2001 er det sett opp ein eigen budsjettpost til tiltak for lesbiske og homofile på 1,1 mill. kroner. Støtta vil bli auka frå 2002. Auken vil dels gå til drift av Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH), dels til tiltak retta mot homofile og lesbiske utanfor dei store byane og dels til å styrkje LLH sin posisjon som talsperson og rådgjevingsinstans for homofile og lesbiske. Eit av formåla er å styrkje det arbeidet LLH driv mot diskriminering.

  • LLH vil også i åra framover motta tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar for å drive ungdomsarbeid, så sant organisasjonen oppfyller kriteria for slikt tilskot.

Fotnotar

1.

Metropol var ein utestad for lesbiske og homofile i Oslo, eigd av, og den viktigaste inntektskjelda for DNF-1948.

2.

St.prp. nr. 1 (1989-90) Forbrukar- og administrasjonsdepartementet.

3.

Innstilling S. nr. 236 (1998-99) Innstilling frå finanskomiteen om omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet 1999.

4.

Mellom anna at Aleneforeldreforeningen, Ensliges Landsforbund og Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring blei overførde frå Sosial- og helsedepartementet til Barne- og familiedepartementet i 1989/1990.

5.

Forslag til endringer i støtteordninger til familie- og kvinnepolitiske frivillige organisasjoner. Innstilling til Barne- og familiedepartementet 25. mars 1999.

6.

Sjå også Handlingsplan mot HIV/AIDS-epidemien 1996-2000. Oslo, Sosial- og helsedepartementet, 1996.

7.

Kjelde: Anvisningsprotokollane for perioden.

8.

Forskrift om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar av 1. juli 1997, med endringsforskrift av 19 juli 1999. §§ 6-9 i forskrifta omtaler dei organisasjonane som kan få støtte. For organisasjonar i gruppe A-C krevst m.a. minst 1200 medlemmer. Organisasjonar i gruppe D er mindre organisasjonar som av særlege grunnar, først og fremst rekrutteringsgrunnlaget, ikkje oppfyller krava til m.a. medlemstal. Også i denne kategorien er det eit minstekrav om minst 100 teljande medlemmer.

Til toppen
Til forsida av dokumentet