Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 25 (2000-2001)

Levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile i Noreg

Til innhaldsliste

10 Homofili og trudomssamfunn

10.1 Innleiing

Det finst ikkje ei systematisk oversikt over haldningane dei ulike trudoms- og livssynssamfunna har til homofili og til homofilt samliv. Hovudinntrykket er at mange trudoms- og livssynssamfunn har ei negativ og avvisande haldning til homofil kjærleik og homofilt samliv, sjølv om det kan finnast ulike syn på dette spørsmålet blant medlemmane til trudomssamfunnet. Dette kan komme til uttrykk blant anna ved at medlemmer som lever i homofilt partnerskap vert nekta stillingar som religiøse leiarar eller forkynnarar.

Mange homofile kjenner seg krenkt av desse haldningane. Ein del homofile opplever skuldkjensle og sjølvforakt som følgje av dei haldningane omgivnadene har til homofil orientering eller samlivsform. Dei tradisjonelt restriktive haldningane ulike trudomssamfunn har til homofili medverker til å oppretthalde ei oppfatning av homofili som avvikande og feilretta, både innan trudomssamfunnet og i samfunnet elles. Dette kan føre til auka sosial belastning for homofile, og til at dei utviklar eit meir negativt sjølvbilete.

Det er heller inga tvil om at trudomssamfunna er viktige opinionsdannarar når det gjeld verdiar og haldningar. Dette gjeld både ovanfor eigne medlemmer og i den breie offentligheit. Ei utvikling som inneber at trudomssamfunnet godtar homofile menneske og deira seksualitet, vil utvilsamt vere eit vesentleg bidrag til større aksept omkring dei generelle levekåra til dei homofile. Målet må difor vere at haldningane til dette spørsmålet i trudomssamfunna går i retning av dei haldningane og verdiane som blir lagt til grunn i eit rettvist og ikkje-diskriminerande samfunn.

Vi treng meir kunnskap om haldningane til homofili i ulike trudomssamfunn. I kapittel 4 kjem regjeringa med framlegg om at det blir sett i gang forsking for å kartleggje haldningar til homofili i minoritetsgrupper. Her kan det vere aktuelt å inkludere forsking om andre trussamfunn.

10.2 Den norske kyrkja og homofili

Den norske kyrkja har med 85 prosent av innbyggjarane som medlemmer eit helt spesielt ansvar. Den norske kyrkja er i dag delt i synet på homofilt samliv. På den eine sida står dei som meiner at personar som lever i homofilt samliv bør integrerast fullt ut i kyrkje og kyrkjelydsliv. Dei meiner at denne integreringa må omfatte tilsetjing i kyrkjelege stillingar og tenester som frivillige og lønna medarbeidarar. På den andre sida står dei som meiner at dei frå si teologiske overtyding ikkje kan tilrå homofilt samliv, og dreg den konsekvensen at dei heller ikkje kan tilrå at personar som lever i homofilt samliv blir tilsette som prestar eller i andre stillingar med funksjonar som forkynning, undervisning eller liturgi.

Den dokumenterte utestenginga frå Den norske kyrkja kan ha alvorlege følgjer for dei personane som blir råka. Mange homofile kjenner seg djupt krenkte av den påstanden at den seksuelle orienteringa deira ikkje under noko omstende kan levast ut. For ein prest som er lesbisk eller homofil, kan utestenginga føre til eit val mellom det å innleie eit langvarig og forpliktande forhold til ein annan person og det å arbeide innanfor kyrkja. For lesbiske og homofile som er kristne, og som ønskjer å ha eit forhold til Den norske kyrkja som ein stad å utøve trua si, motta sakrament og oppleve eit trusfellesskap, kan utestenginga øydeleggje for truslivet deira. Som andre kristne ønskjer også lesbiske og homofile kyrkja si velsigning og støtte for det livet dei lever. Det er eit spørsmål kva det gjer med til dømes sjølvbiletet til unge lesbiske og homofile når dei høyrer ein debatt om kvar grensa går for kva dei ikkje kan gjere, at å vere open og ærleg straffar seg. Partnarskapet blir også kritisert. Det er eit paradoks at det først og fremst er dei som synleggjer sine samliv gjennom å inngå partnarskap, som blir råka av dette synet. Menneske som lever ut sin seksualitet i det skjulte, kan halde fram med gjerninga si innanfor kyrkja. Det er grunn til å tru at dette kan verke med til å auke sjølvforakta hos enkeltpersonar.

Den kristne opinionen har dreid i liberal retning i synet på homofil orientering. Annankvar kyrkje- og møtegjengar svarte etter ei spørjeundersøking gjennomførd for Vårt Land i september 2000 nei på spørsmålet: «Mener du det er galt at to voksne av samme kjønn har seksuelt samliv?» 45 prosent av dei spurde meiner at kyrkja bør opne for at homofilt sambuande prestar skal kunne utføre presteteneste. I begge spørsmåla inntek det mest aktive kristenfolket ei langt meir restriktiv haldning enn kyrkjemedlemmene.

Boks 2.1 Boks 10.1 Vedtaksorgan i Den norske kyrkja

Kyrkjemøtet er ved lov av 8.6.84 oppretta som det øvste representative organet innanfor Den norske kyrkja. Til kyrkjemøtet møter medlemmene av bispedømmeråda og dei medlemmene av Kyrkjerådet som er valde utanom bispedømmeråda. Det generelle mandatet for Kyrkjemøtet omfattar saker av felles kyrkjeleg karakter og interesse, alt som kan gjerast for å vekkje og nære det kristelege livet i kyrkjelydane og fremje samarbeidet innanfor Den norske kyrkja. Mellom dei spesielt nemnde ansvarsområda for Kyrkjemøtet er å uttale seg om viktige lovendringar på det kyrkjelege området, planar og program for den kyrkjelege undervisninga og diakonien og framlegg til retningslinjer for soknereguleringar.

Kyrkjemøtet vel eit Kyrkjeråd, som har ansvar for det førebuande og iverksetjande arbeidet og elles leier arbeidet mellom samlingane i Kyrkjemøtet.

Bispemøtet er eit samarbeidsorgan for biskopane og for utøvinga av kyrkja sin tilsynsfunksjon i saker av landskyrkjeleg karakter. Blant deisaksområda som i dag høyrer inn under Bispemøtet, er kyrkja si lære, vedkjenning og forkynning, ein del spørsmål som gjeld liturgi og gudstenesteliv i kyrkja, og dessutan presteutdanning.

I bispemøtet sit alle biskopane som er i teneste (i alt 11 biskopar.) Møtet er samla om lag fire gonger kvart år. Bispemøtet, som har vore i funksjon sidan 1917, har vore ei offisiell ordning frå 1934 og har fått status som fast kyrkjeleg sentralorgan ved revisjonen av Kyrkjeordningslova i 1984.

Lærenemnda i Den norske kyrkja er eit sjølvstendig sakkyndig organ som etter oppmoding uttaler seg i saker som gjeld den evangelisk-lutherske læra. Lærenemnda blei oppretta ved kongeleg resolusjon 19. febr. 1988. Medlemmer i lærenemnda 1998-2002 er alle biskopane i teneste, tre teologisk sakkyndige oppnemnde av dei tre teologiske fakulteta, to teologisk sakkyndige valde av Kyrkjemøtet og fire leke medlemmer valde av Kyrkjemøtet.1

1 http//www.kirken.no/ Kirken fra a til å, besluttende organer.

10.3 Ein kronologisk gjennomgang av Den norske kyrkja sitt arbeid med plass for homofile i kyrkja

Den norske kyrkja har gjennom Bispemøtet og Kyrkjemøtet arbeidd med spørsmål omkring lesbiske og homofile sin plass i kyrkja først og fremst gjennom å diskutere ulike utgreiingar, fråsegner og innstillingar.

Bispemøtet i 1954 uttalte at:

«Homoseksuelle handlinger bør få gjelde som de perverse og forkastelige ting de er, og skulle de i prinsippet være straffri, da er det ikke mulig å nekte at et nytt moral- og rettssyn er på ferde (...). En må være oppmerksom på at vi her står overfor en samfunnsfare av verdensdimensjoner. Det er en kjent sak at homoseksualitet har fått et uhyggelig omfang i mange land».

I 1977 uttalte Bispemøtet at «homofile har samme menneskeverd som ethvert annet menneske» og at homofile «har sin plass og funksjon i kirke- og samfunnsliv og i menighetenes virksomhet». Når det gjeld «homofile seksuelle forhold», kjenner biskopane seg likevel «forpliktet på Bibelens egen tilbakeholdenhet».

I 1993 vedtok Bispemøtet å setje i gang eit utgreiingsarbeid om homofile i kyrkja med det siktepunkt å føre vidare den godkjenninga av homofiles menneskeverd som Bispemøtet gav uttrykk for i 1977, og å klargjere kva haldning kyrkja ut frå si plikt på den bibelske bodskapen kan og bør innta i forhold til homofilt samliv. Utgreiinga Homofile i kirken blei lagt fram i 1995. 1 Eit fleirtal på fem i gruppa som laga utgreiinga, ønskte større kyrkjeleg aksept for homofilt samliv, medan eit mindretal på tre ville at kyrkja skulle halde oppe eit klart nei til dette. 2

Utgreiinga blei diskutert av Bispemøtet våren 1995. Debatten dreide seg både om kor vidt personar som lever i homofile samliv, kan bli tilsette i vigsla stillingar, og om homofile som har inngått partnarskap, kan bli velsigna. I begge spørsmåla utkrystalliserte det seg eit fleirtal og eit mindretall.

Fleirtalet konkluderte mellom anna med at:

«En kirke som ut fra sin etiske overbevisning ikke kan anbefale homofilt samliv, må trekke den konsekvens at den heller ikke kan anbefale at personer som lever i homofilt samliv blir ansatt som prester eller i andre stillinger som har forkynnende, undervisende eller liturgiske funksjoner. De krav om respekt for andres personlige valg og om vilje til å integrere homofile i kirkens liv som tidligere er understreket, er ikke ensbetydende med et ja til ansettelse av homofile samboende i kirkelige stillinger.

Når det gjelder spørsmålet om en velsignelses- eller forbønnshandling for homofile, finner Bispemøtet på bakgrunn av det foranstående at det ikke vil være grunnlag for å innføre en slik ordning og regulere den gjennom en fast liturgi. Bispemøtet viser her til Hygen-utvalget som i 1977 uttrykte følgende: «Det ligger innenfor kirkens mandat å velsigne ekteskap mellom mann og kvinne. Dette er det solid bibelsk grunnlag for. Men det foreligger ikke noe bibelsk mandat for å velsigne noen annen form for samliv av seksuell karakter.»»

Mindretalet i bispemøtet, som var Køhn i Hamar bispedømme, Osberg i Tunsberg bispedømme og Steinholt i Nord-Hålogaland bispedømme, utforma eigne konklusjonar:

«uten dermed å si seg uenig i alt som flertallet anfører i sine konklusjoner».

Mindretalet hevda mellom anna:

«Uansett oppfatning om homofilt samliv må kirken legge vinn på å synliggjøre respekten for de mennesker som ut fra en alvorlig kristen overbevisning finner å velge homofilt samliv. De bør få oppleve den samme omsorg og forståelse i det kristne fellesskap som andre kirkemedlemmer, og integreres fullt ut i kirke og menighetsliv.

Til denne integrering må også høre mulighet for tilsetting i kirkelige stillinger og tjeneste som frivillige og lønnede medarbeidere.

Bispemøtets mindretall finner at det i prinsippet bør være mulig for kirken å åpne for tilsetting av homofilt samboende også i stillinger som krever vigsling. Men kirken kan ikke bare ha prinsipper for øye, heller ikke bare de homofiles ønsker. Hensynet til menigheten og dens situasjon må være avgjørende. Tilsetting av en som lever i homofilt samliv, må ikke føre til splittelse i menigheten.

Det er kirkens kall og ansvar å be for alle mennesker. Dersom noen ber om forbønn, kan kirken ikke avslå dette. Vi ser gjerne at det blir bedt for homofile som har valgt å leve sammen. Men fordi et homofilt parforhold ikke kan sidestilles med ekteskap, må denne forbønn ikke få en form som kan forveksles med en vigselshandling.» 3

Kyrkjemøtet i november 1995 seier nei til homofilt sambuande som kyrkjeleg tilsette. Eit fleirtal på 58 av 79 delegatar seier at det ikkje er gjeve sterke nok grunnar for at Den norske kyrkja kan endre sin nåverande praksis når det gjeld tilsetjing av personar som lever i homofilt samliv. Eit samla kyrkjemøte uttaler samstundes at det ikkje er aktuelt å innføre noka kyrkjeleg forbønnshandling for homofile/lesbiske par. 4

Både Bispemøtet og Kyrkjemøtet vedtok da dei behandla utgreiinga Homofile i kirken at det skulle arbeidast vidare med spørsmål knytt til sjelesorg for homofile. Til bispemøtet våren 1997 blei det lagt fram ei fråsegn om homofili og sjelesorg. Bispemøtet vedtok å utsetje endeleg behandling av fråsegna til bispemøtet hausten 1997, og då skulle ein sjå denne fråsegna saman med innstillinga Kirkens enhet og troens fundamenter, og begge sakene skulle deretter sendast over til Kyrkjemøtet 1997. 5

Under Bispemøtet i oktober 1997 blir så utgreiingane Kirkens enhet og troens fundamenter og Homofili og sjelesorg tekne opp. Bispemøtet finn at begge utgreiingane legg ein god basis for det vidare praktiske arbeidet med kyrkja sine haldningar til homofilt samliv.

Bispemøtet er framleis usamde i synet på homofilt samliv og kyrkjeleg teneste, men dei meiner at for å ta vare på einskapen i kyrkja er det nødvendig at biskopane ikkje etablerer særordningar i spørsmålet om kor vidt personar som lever i homofilt parforhold kan ha vigsla stillingar som prest, diakon og kateket, men at dei i embetet sitt opptrer på same måten, det vil seie i lojalitet mot vedtaket i Kyrkjemøtet frå 1995. Det blir hevda at eit slikt standpunkt ikkje vil seie at den enkelte biskopen har avskore seg frå å arbeide for endring av praksis og heller ikkje at ein har plikt til sjølv å skifte standpunkt, men til å akseptere at:

«kirken gjennom sine besluttende organer har tatt et standpunkt som er å betrakte som kirkens offisielle syn, i den forstand at dette legges til grunn for kirkens felles ordninger».

Det blir diskutert om vedtaket i Kyrkjemøtet av 1995 også skal leggjast til grunn for tilsetjing i stillingar som har forkynnande, undervisande og liturgiske funksjonar (stillingar som ikkje krev vigsling). Bispemøtet tilrår dette. Men Bispemøtet uttrykkjer på den andre sida forståing for at:

«slike saker kan arte seg forskjellig ut fra de lokale forhold, og at spørsmålet om tillit og om enhet eller en mulig splittelse i de respektive miljøer kan bedømmes ulikt fra sted til sted».

Bispemøtet uttrykkjer at homofilt sambuande ikkje skal nektast nattverd, men at det er å bryte med einskapen i kyrkja å etablere eigne forbønns- eller velsigningshandlingar i strid med vedtaket i Kyrkjemøtet frå 1995. 6

På Kyrkjemøtet same hausten blir dei arbeidsrettslege konsekvensane av vedtaket i Kyrkjemøtet av 1995 diskutert med utgangspunkt i utgreiinga Arbeidsrettslige konsekvenser av Kirkemøtets vedtak om homofilt samliv og kirkelig tjeneste.7

Kyrkjemøtet held oppe vedtaket frå 1995 samstundes som det blir vist til at Bispemøtet har teke konsekvensen av vedtaket under behandlinga av utgreiingane Kirkens enhet og troens fundamenter og Homofili og sjelesorg ved å seie dette:

«kirken (har) gjennom sine besluttende organer tatt et standpunkt som er å betrakte som kirkens offisielle syn, i den forstand at dette legges til grunn for kirkens felles ordninger».

Kyrkjemøtet vedtek at:

«(...) personer som lever i homofilt samliv ikke kan inneha kirkelig tjeneste som vigslet prest, diakon eller kateket».

Samstundes erkjenner Kyrkjemøtet at:

«(...) det er ulike syn i kirken på dette spørsmålet, og ber om at det blir utvist respekt for meningsforskjeller. Kirkemøtet sier seg glad for den dialog som pågår i kirken, og ser det som viktig at forholdene legges til rette for at denne dialogen kan bli ført videre i større bredde».

Både denne uttalelsen og det at Kyrkjemøtet sluttar seg til Bispemøtet si forståing for at tilsetjingssaker i andre kyrkjelege stillingar som i hovudsak har forkynnande, undervisande og liturgiske funksjonar:

«kan arte seg forskjellig ut fra de lokale forhold, og at spørsmålet om tillit og om enhet eller en mulig splittelse i de respektive miljøer kan bedømmes ulikt fra sted til sted»

skal vise seg å vere viktige utsegner i ei sak som dukkar opp eit par år etter desse vedtaka. 8

Ved utgangen av 1997 er det altså felles semje både i Kyrkjemøtet og i Bispemøtet om at personar som lever i homofilt samliv, ikkje kan sitje i kyrkjeleg teneste som vigsla prest, diakon eller kateket.

I juni 1997 inngjekk ein kapellan i Hamar bispedømmeråd partnarskap. I lojalitet mot Bispemøtet valde biskopen å ta presten ut av tenesta for ei tid og inntil vidare gje vedkomande anna arbeid.

I juni 1998 melde Hamar biskop saka til Den norske Kirkes Lærenemnd for å få hjelp til si vurdering av saka. I møtet sitt 8. oktober 1998 gjorde Lærenemnda eit vedtak der det mellom anna heiter:

«Den sak Hamar biskop har anmodet Lærenemnda å vurdere, dreier seg i hovedsak om de forvaltningsmessige konsekvenser av Kirkemøtets vedtak om at personer som lever i homofilt samliv, ikke kan inneha kirkelig tjeneste som vigslet prest, diakon og kateket. Lærenemnda ser at de spørsmål som er reist, er av stor betydning for kirken, men finner likevel at det ligger utenfor dens mandat å vurdere konsekvensene av Kirkemøtets vedtak. Lærenemnda finner derfor å måtte avvise en realitetsbehandling av saken.» 9

I 1999 set biskopen i Hamar kapellanen inn att i stillinga:

«etter grundige vurderinger og omfattende konsultasjoner kom Hamar biskop til at det riktigste var å la presten gjenoppta sitt arbeid som kapellan». 10

Kyrkjerådet kjenner seg «utfordret» og ber Bispemøtet finne ei avklaring i forhold til det samrøystes Kyrkjemøte-vedtaket i 1997 som ikkje opnar for homofilt samlevande i vigsla kyrkjelege stillingar. 11

Våren 1999 behandlar Bispemøtet «Homofilisaka». Her utkrystalliserer to frontar seg blant biskopane, og slik dette møtet enda, står frontane framleis i dag.

Fleirtalet:

«fastholder vedtaket fra Kirkemøtet 1997 (KM 8/97), som bygger på enstemmige vedtak i Bispemøtet: «Kirkemøtet finner at personer som lever i homofilt samliv ikke kan inneha kirkelig tjeneste som vigslet prest, diakon eller kateket. Kirkemøtet ber biskopene i sin embetsutøvelse og forvaltningsorganene i sin tilsettingspraksis legge disse synspunkter til grunn. I forlengelsen av disse vedtak presiserer vi:

  • at personer som lever i homofilt samliv ikke vil bli vigslet eller tilsatt i Den norske kirke,

  • at personer i vigslede stillinger som etablerer homofilt samlivsforhold, ikke kan fortsette i sine stillinger.

Samtidig bekrefter vi at Kirkemøtets vedtak i 1995 står fast, og at det ikke skal foretas forbønnshandlinger av offentlig karakter for homofile par». 12

Mindretalet (biskopene i Oslo, Hamar, Tunsberg og Nord-Hålogaland) forstår det kyrkjerettsleg slik at verken Bispemøtet eller Kyrkjemøtet kan binde den enkelte biskopen i hennar eller hans forvaltning av embetet sitt. Dei oppfattar vedtaket om at homofile ikkje kan inneha vigsla stillingar som:

«et tidsbestemt kompromiss». 13

Som grunngjeving viser dei til at Kyrkjemøtet i 1997 tilrådde at tilsetjingsorgan også når det gjaldt andre kyrkjelege stillingar som i hovudsak har forkynnande, undervisande og/eller liturgiske funksjonar, la til grunn hovudsynspunktet om at homofile som lever i samliv, ikkje kan ha vigsla stillingar, men at dei slutta seg til Bispemøtet i at tilsetjingssaker kan arte seg ulikt ut frå dei lokale forholda, og at spørsmålet om tillit og om einskap eller ei mogleg kløyving i dei respektive miljøa kan vurderast ulikt frå stad til stad. Mindretalet tolkar dette slik:

«Her åpnes det for at homofile som lever i parforhold, kan inneha kirkelige stillinger som ikke krever vigsling». 14

Mindretalet hevdar at nettopp på grunn av denne formuleringa røysta dei tre (Köhn, Osberg og Steinholt) som deltok på Kyrkjemøtet i 1997, for vedtaket. I tillegg la dei den gongen vekt både på at Kyrkjemøtet erkjente at det er ulike syn i kyrkja på dette spørsmålet, at det ba om at det blir utvist respekt for meiningsskilnader, og at det sa seg glad for den dialogen som går føre seg i kyrkja, og at det såg det som viktig at forholda blir lagde til rette for at denne dialogen kan bli førd vidare i større breidd.

Mindretalet viser til kompromisskarakteren ved vedtaka frå 1997, og til at ein prest som gjer teneste i kyrkja, lever i ope homofilt parforhold, i tillegg til at fleire andre kyrkjelege arbeidarar også lever i parforhold. Derfor meiner dei at vedtaket om at personar som lever i homofilt samliv, ikkje kan ha kyrkjeleg teneste som vigsla prest, diakon eller kateket, bør bli teke opp på Kyrkjemøtet til ny vurdering.

Når det gjeld forbønn, meiner mindretalet at kyrkja ikkje kan nekte å be for menneske som ønskjer forbønn.

På Kyrkjemøtet i mai 1999 gjev fleirtalet si fulle tilslutning til fleirtalet i Bispemøtet og uttaler at:

«Kirkerådet kan ikke se at det har fremkommet nye teologiske momenter som påvirker Kirkemøtets tidligere vedtak i homofilisaken, og vil derfor ikke fremme saken som egen sak på høstens Kirkemøte. Kirkerådet vil avvente lærenemndas uttalelse og den «nærmere presisering av hvilken vekt denne saken har i vår kirkes lære» som Bispemøtet har tatt initiativ til. Kirkerådet støtter også forslaget fra Bispemøtet om å nedsette en kommisjon som skal utrede de samlivsetiske spørsmål ut fra et bredt perspektiv».

I tillegg ber Kyrkjerådet sekretariatet førebu saka om kva styresmakt Kyrkjemøtet har. Både samlivsetiske spørsmål og styresmakta til Kyrkjemøtet er under arbeid.

Sommaren 2000 kjem endå ein milestolpe: 13. juli 2000 blei Jens Torstein Olsen tilsett som kapellan i Majorstuen prestegjeld. Olsen er homofilt sambuande. Oslo bispedømmeråd ønska å tilsetje Jens Torstein Olsen som kapellan i Majorstuen prestegjeld. Mindretalet i Oslo bispedømmeråd anka avgjerda inn til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet hadde same konklusjon som Oslo bispedømmeråd i denne saka og tilsette Jens Torstein Olsen. Ved sida av bispedømmerådet gjekk eit fleirtal i soknerådet og både prosten og biskopen i Oslo inn for å tilsetje Jens Torstein Olsen.

I sin tale til Kyrkjemøtet i november 2000 gav kyrkjestatsråden klart uttrykk for at han ønskjer at Den norske kyrkja skal utvikle seg i retning av å vere meir open og tolerant i møte med homofile og deira samlivsform.

Statsråden sa at det tolerante samfunnet ikkje skal ha toleranse for diskriminering av homofile, «heller ikke i kirken». Han sa vidare at vårt samfunn ikkje aksepterer diskriminering basert på kjønn eller seksuell orientering, og at det derfor heller ikkje skulle vere akseptabelt i regi av kyrkja som trussamfunn, heller ikkje i tilsetjingssaker. Statsråden heldt fram at han er klar over at debatten om kor vidt kyrkja kan diskriminere homofile, kjem til å vare ved i svært lang tid i kyrkja og blant teologar, men at:

«det forhold at diskriminering er galt og uakseptabelt (vil) ligge fast med en solid moralsk og politisk forankring, hos meg, i norsk lov og i det norske folk.» 15

10.4 Læking av homofil orientering

I staden for omgrepet læking («helbredelse») snakkar no enkelte kyrkjelege miljø om «endring av seksuell orientering». Bispemøtet har ikkje gjeve noka offisiell fråsegn om Bispemøtet si haldning til læking eller endring av seksuell orientering. 16 Derimot er det eit kapittel i utgreiinga Homofili og Sjelesorg som tek for seg denne praksisen i Spørsmålet om forandring/«helbredelse». Mellom anna blir det hevda at innanfor eit stort spektrum av seksuell orientering tilseier både ein veldokumentert faglitteratur og mange velprøvde «personlige vitnesbyrd» at det finst rom for endring av seksuell orientering. Samstundes blir det hevda at endringsutsiktene heilt klart ikkje gjeld alle, men at det i første omgang vil dreie seg om personar med homoseksuelle erfaringar som likevel av ulike grunnar er usikre på sin seksuelle identitet.

Til slutt blir det sagt at:

«normalt vil denne type endringsprosesser kreve andre rammer og andre typer kompetanse enn det som vanligvis finnes i den kristne sjelesorg. I møte med slike problemstillinger bør derfor sjelesørgere alltid søke kontakt med terapeutisk fag-kompetanse, og ikke iverksette prosesser som man ikke kan ivareta og sluttføre på faglig forsvarlig vis.»

I 1999 gav Kyrkjerådet frå Opplysningsvesenets fond tilskot til «Kristent forum for hjelp blant homofile» som no har skifta navn til «Til helhet». Til helhet har ni konkrete arbeidsmål. Dei tre første er å gje råd og formidle hjelp til menneske som ønskjer samtale om den seksuelle orienteringa si, vere med og formidle tru på at ein kan leve eit meiningsfullt liv i seksuelt fråhald uavhengig av seksuell orientering og vere med og formidle tru på at endring av seksuell orientering er mogleg. 17

På denne bakgrunnen kan det sjå ut som ein svært viktig del av målsetjinga hos Til helhet er å «endre» homofile menneske til heterofile menneske.

Norsk psykiatrisk forening og Norsk Psykologforening har uttalt seg mot læking av homofile. Denne resolusjonen blei vedteken på Norsk psykiatrisk forenings årsmøte i oktober 2000:

«Homofili er ingen sykdom eller sykelig tilstand, og kan derfor ikke være gjenstand for behandling. En «behandling» hvis eneste hensikt er å endre seksuell legning fra homofil til heterofil må betraktes som etisk uforsvarlig, og hører ikke hjemme i helsevesenet. Homofile har, som alle andre, selvfølgelig krav på hjelp og terapi ut fra anerkjente retningslinjer, enten det er i forbindelse med sin seksualitet eller ikke.» 18

Norsk Psykologforening seier i si fråsegn mellom anna:

«Det er i dag ingen dokumentasjon på at terapi eller andre former for behandling kan «helbrede» lesbiske eller homofile fra sin seksuelle legning. Tvert imot er behandling av homofili sett på som kontraindisert da det som regel vil påføre den homofile større problemer i form av manglende selvrespekt, identitetsforstyrrelse med store muligheter for å utvikle alvorlige depressive tilstander.» 19

Helsetilsynet har gjeve yttrykk for at:

«... mennesker som blir utsatt for forsøk på helbredelse for homofili, også kan oppleve negative konsekvenser, først og fremst ved at selvbilde og selvrespekt svekkes, men også ved at det kan ha direkte skadelige effekter dersom psykiatriske/psykologiske metoder benyttes av ikke-kyndige personer. Statens helsetilsyn finner derfor grunn til å understreke både at homofili ikke er en sykdom eller «tilstand» og derfor uaktuell for behandling, og at forsøk på behandling eller helbredelse kan ha negative effekter og vere direkte skadelig». 20

10.5 Åpen kirkegruppe

Åpen kirkegruppe blei grunnlagt i 1976 og er eit kristent fellesskap for lesbiske og homofile og ei undergruppe av LLH. Åpen kirkegruppe ønskjer overfor kyrkje og samfunn å jobbe med:

«Å avdekke kirkelig undertrykkelse av lesbiske og homofile, og vise de konsekvensene som undertrykkelsen får for den enkelte, å utfordre kirke og samfunn til å arbeide med spørsmål i forbindelse med kjønnsroller for å fremme et sant likeverd mellom kjønnene, akseptasjon av homofilt samliv som grunnleggende viktig ressurs i møte med spiritualitet og tro, å møte kirkens uvitenhet og angst overfor homofile og lesbiske med informasjon, synliggjøring og forbønn». 21

Åpen kirkegruppe har i fleire år vore i dialog med Den norske kyrkja, mellom anna var gruppa representert i arbeidsgruppa som gav ut utgreiinga Homofile i kirken. Medlemmer i Åpen Kirkegruppe hevdar at dialogprosessen aldri har kome heilt i gang, og medlemmer i gruppa har teke til orde for å stoppe dialogprosessen. 22

I 1999 ga Kyrkjerådet frå Opplysningsvesenets fond tilskot til Åpen Kirkegruppe.

10.6 Tiltak

Homofili er eit følsamt spørsmål innan mange trudomssamfunn i Noreg. Dette tilseier at det er behov for haldningsskapande arbeid for å få til endringsprosessar innan Den norske kyrkja og andre trudomssamfunn.

Rettslege verkemiddel for å betre kåra til homofile og lesbiske innan ulike trudomssamfunn vil måtte bli vurdert i forhold til religionsfridomsprinsippet, slik det er nedfelt i internasjonale avtalar som Noreg har forplikta seg på gjennom ratifisering eller inkorporering i norsk lov.

Mangelen på systematisk kunnskap om kva for haldningar ulike trudomssamfunn har til homofil orientering og samlivsform og om vilkåra homofile og lesbiske lever i innan ulike trudomssamfunn gjer det vanskeleg å identifisere aktuelle tiltak ovanfor livssynsorganisasjonane. Dette faktum tilseier i seg sjølv at eit nødvendig tiltak vil vere å støtte forsking og anna kartleggingsarbeid om trudomssamfunn og homofili, både i universitets- og høgskolemiljø og i regi av trudomssamfunna sjølve. Ei viktig oppfølging av dette arbeidet vil vere kunnskapsformidling og haldningsskapande arbeid, særleg retta mot trudomssamfunna sine eigne miljø.

Innan Den norske kyrkja - og truleg også innan andre trudomssamfunn - er den offisielle haldninga til homofili i endring, og det blir ført debatt om spørsmålet blant medlemsgrupper og i dei leiande organa. Det blir òg ført dialog med grupperingane til homofile og lesbiske innan trudomssamfunna. Erfaringane frå desse dialogprosessane later til å vere at dei bidreg til meir open framferd og større forståing om homofilispørsmålet. Økonomisk støtte til dialogprosessar som har til føremål å betre kåra til lesbiske og homofile innan trudomssamfunn vil difor vere eit godt tiltak.

Regjeringa sitt mål er at ingen skal bli diskriminert på grunn av seksuell orientering, verken i trudomssamfunn eller i samfunnet elles. Regjeringa meiner at lesbiske og homofile har ein sjølvsagd plass i Den norske kyrkja på linje med alle andre og vil arbeide mot diskriminering.

Som det går fram av dette kapitlet, er det tilsett to homofile sambuarar som prestar i Den norske kyrkja. Det er ikkje semje i Den norske kyrkja om prinsippet at menneske som lever i homofilt samliv, ikkje skal kunne ha vigsla stillingar innanfor kyrkja (prest, kateket, diakon).

Ut frå arbeidsmiljølova 23 kan ikkje ein arbeidsgjevar i utlysinga etter nye arbeidstakarar eller på annan måte krevje at søkjarar skal gje opplysningar om si eventuelle homofile orientering eller homofile samlivsform. Ved tilsetjing kan ikkje ein arbeidsgjevar forskjellsbehandle søkjarar på grunn av homofil orientering eller homofil samlivsform.

Likevel er det mogleg i somme tilfelle både å be om slike opplysningar og å diskriminere ved tilsetjing dersom vedkomande lever i homofilt samliv og stillinga vedkomande søkjer, er knytt til «religiøse trossamfunn der det i utlysning av stillinger er stilt særlige krav ut fra stillingens karakter eller formålet for vedkommende arbeidsgivers virksomhet» (§ 55A).

Etter regjeringa sitt syn er freistnader på å endre homoseksuell orientering hos menneske etisk uforsvarleg og i strid med våre grunnleggjande verdiar. «Læking» av homofile inneber eit syn på homofili som noko sjukt som bør endrast. Regjeringa ser på homoseksualitet som ein normal variasjon i den menneskelege seksualiteten.

Det finst ingen god dokumentasjon på at såkalla terapi endrar den homoseksuelle orienteringa hos menneske. Ein må likevel kunne fastslå at ein slik praksis kan påføre enkeltmenneske store belastningar og i verste fall psykiske lidingar.

«Læking» av homofile kan ein ikkje berre sjå på ut frå eit individuelt perspektiv. Ein slik type verksemd signaliserer eit syn på homoseksualitet som også råkar det store fleirtalet homofile som aldri vil oppsøkje ein slik aktivitet.

Regjeringa viser til fråsegna frå Helsetilsynet om at helsepersonell ikkje skal delta i denne type prosessar. Regjeringa ser det som vanskeleg å hindre trudomssamfunn i å tilby forbønn til menneske som ønskjer å endre si seksuelle orientering, men vil åtvare mot dei skadelege konsekvensane av terapiliknande tilbod i regi av kristne organisasjonar og kyrkjelydar.

Regjeringa vil fremje desse tiltaka:

  • Seksuell orientering skal ikkje vere til hinder for tilsetjingar i Den norske kyrkja. Regjeringa går inn for å oppheve unntaksreglane i arbeidsmiljølova § 55A om homofili for Den norsk kyrkja.

  • Det bør ikkje gjevast økonomisk støtte til tiltak som driv med endring («læking»/«helbredelse») av lesbiske og homofile menneske.

  • Åpen Kirkegruppe arbeider aktivt mot diskriminering av lesbiske og homofile i Den norske kyrkja og andre kristne trudomssamfunn. Åpen Kirkegruppe bør få driftstilskot/tilskot til dette arbeidet.

Fotnotar

1.

Sak BM 2/95 Homofiliutgreiinga: Homofile i kirken, bispemøtet april 1995. I arbeidsgruppa deltok to personar frå Åpen Kirkegruppe.

2.

http//www.kirken.no/ Kirken frå a til å, Det hendte i kirken i 1995.

3.

Sak BM 2/95 Homofiliutredningen: Homofile i kirken, bispemøte april 1995, punkt 6, 7, 8, 10 og 11.

4.

http//www.kirken.no/ Kirken fra a til å, Det hendte i kirken i 1995, for den konkrete ordlyd sjå KM-sak 8/97: Arbeidsrettslige konsekvenser av Kirkemøtets vedtak om homofilt samliv og kirkelige tjenester.

5.

Sak BM 04/97 Sjelesørgeriske implikasjoner av homofilisaken, bispemøte mars 1997.

6.

Sak BM 14/97 - sak BM 15/97 Sjelesorg og homofili - Kirkens enhet og troens fundamenter, bispemøte oktober 1997, punkt 6,7 og 8.

7.

KM-sak 8/97: Arbeidsrettslige konsekvenser av Kirkemøtets vedtak om homofilt samliv og kirkelig tjeneste, kirkemøte november 1997.

8.

KM-sak 8/97: Arbeidsrettslige konsekvenser av Kirkemøtets vedtak om homofilt samliv og kirkelig tjeneste, kirkemøte november 1997, punkt 1, 2, 3 og 5.

9.

Sak BM 12/99 Homofilisaken, bispemøte mai 1999.

10.

Sak BM 12/99 op.cit.

11.

Sak Kr 15/99: Homofilisaken og Hamar biskop, møte i Kirkerådet februar 1999.

12.

Sak BM 12/99 op.cit.

13.

Sak BM 12/99 op.cit.

14.

Sak BM 12/99 op.cit.

15.

Statsråd Giskes tale til Kyrkjemøtet 2000.

16.

Opplyst per telefon nov. 2000 av sekretæren for Bispemøtet.

17.

Opplyst per telefon nov. 2000 av leiaren for Til helhet.

18.

Resolusjon vedteken på Norsk psykiatrisk forenings årsmøte 11.- 13.10.00.

19.

Fråsegn frå Norsk psykologforening 2.12.96.

20.

Brev frå Statens helsetilsyn datert 1.2.99 til Sosial- og helsedepartementet.

21.

http://www.apenkirkegruppe.org/

22.

Svein, Anne Britt: Hvor mye skal det egentlig koste? Stopp dialogprosessen. http://www.apenkirkegruppe.org/

23.

Heile § 55 A i arbeidsmiljølova er referert under avsnitt 9.4.

Til toppen
Til forsida av dokumentet