St.meld. nr. 25 (2000-2001)

Levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile i Noreg

Til innhaldsliste

8 Helse og sosiale forhold

8.1 Innleiing

Eit stort fleirtal av lesbiske og homofile vurderer helsa si som god. Ut frå kunnskap som ligg føre, ser det likevel ut til at lesbiske og homofile viser noko mindre tendens til å gje ei positiv vurdering av eiga helse samanlikna med jamaldrande i den generelle befolkninga. Spesielt lesbisk og homofil ungdom har ein høgare risiko for psykiske problem enn andre. Sjølvmordsrisikoen blant lesbiske og homofile som gruppe ser ut til å vere generelt høg, og samanlikna med den generelle befolkninga rapporterer fleire lesbiske og homofile å ha prøvd å ta sitt eige liv.

Innanfor fleire statlege satsingar vil det vere verkemiddel som har verdi i arbeidet for å betre helseforholda hos lesbiske og homofile. Dette gjeld til dømes satsinga på helsestasjons- og skolehelsetenesta, 1 opptrappingsplanen for psykisk helse 1999-2006, vidareføring av handlingsplanen mot sjølvmord, handlingsplanen mot HIV/AIDS - epidemien og handlingsplan for førebygging av uønskte svangerskap og abort 1999-2003. 2 Gjennom oppfølging av desse satsingane vil både generelle og spesielle tiltak vere til hjelp i arbeidet med å betre helsa til denne målgruppa. Vilkåret er likevel at desse tiltaka treffer lesbiske og homofile. Og som i anna helsefremjande og førebyggjande arbeid må ein arbeide på ulike arenaer, og det inneber tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid. Slike satsingar vil bli vidareførte.

8.2 Somatisk helse

Det går fram av NOVA-undersøkinga at eit fleirtal av respondentane - 71 prosent av lesbiske kvinner og 75 prosent av homofile menn - vurderer helsa si som god/mykje god. Samanlikna med den generelle befolkninga er dette likevel ein noko lågare del. 3

Risikoen for AIDS har skapt stor medieinteresse omkring helsa til homofile menn. Dette blir utførleg behandla i avsnitt 8.5. Helseforhold hos lesbiske kvinner har ikkje vekt same interessa, kanskje fordi denne gruppa har få spesielle helseproblem. Likevel er det grunn til å dra fram enkelte forhold.

Det finst lite systematisk kunnskap om særskilde helseforhold for lesbiske kvinner basert på representative studiar. 4 Det som finst av forsking i Noreg, rettar primært søkjelyset mot psykososiale og i liten grad mot somatiske lidingar hos lesbiske kvinner. Dei studiane som er gjorde av den somatiske helsa hos lesbiske kvinner, er prega av at talet på respondentar er relativt lågt. Det er derfor nokså usikkert kor mykje ein kan generalisere ut frå funna der. Samstundes er funna såpass eintydige at dei gjev klare indikasjonar på kva for særskilde helseproblem som kan oppstå blant lesbiske kvinner.

Ein studie 5 viser at lesbiske kvinner svært sjeldan konsulterer lege for rutinemessig gynekologisk undersøking. Ei forklaring er at dei ikkje har behov for prevensjon, som elles medfører regelfast legekontakt. Ei svensk undersøking konkluderer med at lesbiske kvinner i mykje mindre grad enn kvinner i den generelle befolkninga går til mammografi og til gynekologisk undersøking. Å ikkje gå regelfast til slike undersøkingar, fører til høgare risiko for at sjukdom ikkje blir oppdaga på eit tidleg stadium. 6

Lesbiske kvinner har mindre risiko for å bli smitta av veneriske sjukdommar, inkludert HIV. Her er det avgjerande om kvinna har hatt sex med menn eller om ho er saman med ei kvinne som har hatt sex med menn. 7 Unntaket er kjønnsvorter, herpes I og II og vaginale bakterie- og soppinfeksjonar der førekomsten synest å vere like høg, eller noko høgare hos lesbiske kvinner enn i den generelle kvinnebefolkninga. 8

Det er påvist at barnlause kvinner og kvinner som får barn seint i livet - og kvinner med eit høgt alkolholforbruk - har større risiko for brystkreft. Dessutan blir samanhengen mellom røyking og livmorhalskreft problematisert. NOVA-undersøkinga viste at 42 prosent av lesbiske kvinner i utvalet er daglegrøykjarar, mot 27 prosent av den generelle kvinnebefolkninga. 9 Undersøkinga viste også at lesbiske kvinner i utvalet oftare drikk alkohol og oftare er rusa enn kvinner i den generelle befolkninga. Dette er trekk ved leveviset til nokre lesbiske kvinner som kan gje grunnlag for uro og ettertanke.

8.3 Psykisk helse

På same måten som den mentale helsa i den generelle befolkninga varierer sterkt, vil det same vere tilfelle blant lesbiske og homofile. Homofile og lesbiske høyrer til i alle samfunnsgrupper, og det finst store individuelle variasjonar når det gjeld grad av open haldning og levemåte, og dermed også psykisk helse. Det er vidare store individuelle skilnader når det gjeld utdanning, økonomi og bustad blant lesbiske og homofile. Dette er levekårsforhold som har samanheng med psykisk helse. Dei forholda som fører til god eller dårlig psykisk helse blant folk flest, vil på same måten påverke helseforhold hos homofile og lesbiske. Trass i store individuelle variasjonar, kan lesbiske og homofile likevel oppleve spesielle psykiske belastningar direkte eller indirekte i kraft av å tilhøyre ei gruppe som tradisjonelt er blitt utsett for fordommar og diskriminering.

Kunnskapsgrunnlaget når det gjeld psykisk helse hos homofile og lesbiske samanlikna med resten av befolkninga, er derimot mangelfullt. Bortsett frå NOVA-undersøkinga er det gjort få norske undersøkingar som kan dokumentere utbreiing og former for psykiske lidingar for denne gruppa.

I NOVA-undersøkinga blei dei spurde presenterte for ei rekkje angst- og depresjonsrelaterte symptom, og bedne om å opplyse om dei har vore nokså/svært plaga av desse symptoma i løpet av dei siste 14 dagane. Materialet gjer det mogleg å samanlikne resultata med resultata for den generelle befolkninga (Helseundersøkelsen 1995). 10 Blant NOVA-utvalet svarte 12 prosent av kvinnene og 13 prosent av mennene at dei hadde vore plaga av nervøsitet eller indre uro. Tilsvarande tal for den generelle befolkninga er 5 og 4 prosent. 9 prosent av kvinnene og 15 prosent av mennene i NOVA-utvalet hadde vore plaga av einsemdkjensle, medan tilsvarande tal for den generelle befolkninga var 4 og 2 prosent. 12 prosent av både kvinner og menn i NOVA-utvalet oppgav at dei hadde vore mykje engstelege eller urolege dei siste 14 dagane. Det same var tilfelle for 6 prosent av kvinnene og 3 prosent av mennene i den generelle befolkninga.

Det ser altså ut til at vi finn angst- og depresjonsrelaterte symptom oftare blant homofile og lesbiske i NOVA-undersøkinga enn blant kvinner og menn i den vanlege befolkninga. 11 Skilnadene er størst i dei yngste aldersgruppene. I aldersgruppa 16-24 år var 24 prosent av kvinnene og 21 prosent av mennene plaga av nervøsitet og indre uro, mot 4 prosent av både kvinner og menn i den generelle befolkninga.

NOVA-undersøkinga peiker på at psykiske problem hos lesbisk og homofil ungdom kan vere knytte til:

  • problem med å akseptere seg sjølv som lesbisk eller homofil

  • problem med å stå fram som lesbisk eller homofil

  • sjølvforakt og lågt sjølvbilete

  • problem med å handtere ekskludering, isolasjon og manglande støtte frå familie

  • problem knytte til vald og trugsmål om vald

Dette dreier seg om alvorlege psykiske stressfaktorar, og både forsking og klinisk erfaring peiker på at mange lesbiske og homofile ungdommar lever i ein kronisk stressituasjon som kan vere ei medverkande årsak til utvikling av depresjon og sjølvmordstankar. 12 Lesbiske og homofile er som medlemmer av ei minoritetsgruppe utsette for det som blir kalla «minoritetsstress». Sentrale stressfaktorar er internalisering av fordommar, negativ sjølvurdering og kjensle av mindreverd.

På bakgrunn av dei forskingsresultata som ligg føre, er det mogleg å peike på at visse verne- og risikofaktorar heng saman med helsetilstanden hos den enkelte. Resultat frå NOVA-undersøkinga og anna forsking tyder på at dei som har best psykisk helse, er lesbiske og homofile som har eit avklart forhold til den seksuelle orienteringa si både psykologisk og sosialt. 13 Personar som lever i eit fast forhold, ser ut til å vere meir verna mot psykiske vanskar knytte til seksuell orientering enn personar som lever åleine.

Tidleg diagnose og behandling av depresjon gjev best langtidsprognose, og dette kan verke med til å hindre sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Når lesbisk og homofil ungdom oppsøkjer helsetenesta med angst og er usikre på grunn av den seksuelle orienteringa, er det avgjerande at helsepersonell ikkje prøver seg på terapi som skal endre den seksuelle identiteten hos ungdommane i ei anna retning. Dette vil i utgangspunktet ikkje vere i tråd med ein forsvarleg måte å utføre helsetenester på. God helsehjelp vil seie å gje ungdommane støtte og hjelp til å forsone seg med sin seksuelle identitet.

Helsetenesta har eit ansvar for å vere vaken for symptom på depresjon blant unge menneske. For unge lesbiske og homofile er slike symptom, som omtalt tidlegare, mellom anna sjølvforakt og lågt sjølvbilete. I slike tilfelle er det viktig å etablere gode samarbeidslinjer med andre etatar, spesielt skolen, og leggje til rette for at dei problema denne gruppa opplever, blir reduserte.

I arbeidet med å styrkje tenestetilbodet innanfor psykisk helse er tiltak for å normalisere psykiske lidingar og vanskar sentralt. Tenestetilbodet til homofile og lesbiske skal vere ein del av det ordinære tenesteapparatet. Å etablere former for særomsorg vil kunne verke med til endå meir stigmatisering av lesbiske og homofile. Dette tenestetilbodet har som vilkår at fagmiljøa innanfor det ordinære tenesteapparatet har kompetanse på området.

8.4 Sjølvmord og sjølvmordsforsøk

Mykje tyder på at sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk er meir vanleg hos homofile og lesbiske enn i befolkninga generelt. NOVA-undersøkinga viser at 3,3 prosent av lesbiske kvinner og 3,4 prosent av homofile menn har vore plaga av tankar om å ta sitt eige liv i løpet av dei siste 14 dagane. Tilsvarande tal for den generelle befolkninga er 0,5 prosent og 0,4 prosent (Helseundersøkelsen 1995). Blant lesbiske og homofile i alderen 16-24 år er tala 7,4 prosent for kvinner og 6,1 prosent for menn. 14

Når det gjeld sjølvmords forsøk, viser NOVA-undersøkinga at 16 prosent av mennene og 20 prosent av kvinnene har prøvd å ta sitt eige liv ein eller fleire gonger i løpet av livet. Tilsvarande tal for aldersgruppa 16-24 år er 27 prosent av mennene og 25 prosent av kvinnene. Vi ser altså at sjølvmordsforsøk skjer svært ofte blant unge homofile i NOVA-utvalet. Rapporten viser dessverre ikkje til tilsvarande tal for ungdomsbefolkninga generelt.

Nordamerikanske studiar dei seinare åra av befolkningstverrsnitt har funne at sjølvmordsforsøk og sjølvmordstankar er mykje meir vanleg hos unge homofile enn i den generelle befolkninga. 15 Sjølv om samanhengen mellom sjølvmordsrisiko og seksuell orientering er dokumentert, er det framleis uklart om gjennomførte sjølvmord er vanlegare blant homofile og lesbiske enn elles i befolkninga. Ein slik samanheng er likevel sannsynleg. Sjølvmordsforsøk er ofte uttrykk for alvorlege psykiske og sosiale problem og representerer i seg sjølv ein risiko for å utvikle endå større problem og sekundærproblem.

Ei rekkje utanlandske undersøkingar peiker på risikofaktorar for suicidal åtferd hos homofile/lesbiske. 16 Slike risikofaktorar er problem med å «kome ut» som homofil, skam- og skyldkjensle, ustabilitet i personlege relasjonar, rusmisbruk og problem knytte til HIV og AIDS. NOVA-undersøkinga kartla kva slags motiv homofile/lesbiske hadde hatt for sjølvmordsforsøka sine. Sosial isolasjon og einsemd, vanskar med å akseptere seg sjølv som lesbisk/homofil, skamkjensle og ønsket om å kome vekk frå ein utoleleg situasjon var svært vanlege motiv.

8.5 HIV/AIDS og seksuelt overførbare sjukdommar

Spørjeskjemaet i NOVA-undersøkinga inneheld fleire spørsmål om korleis lesbiske kvinner og homofile menn opplever at HIV og AIDS har påverka livet deira. Resultata viser store skilnader mellom kjønna. Også intervjuundersøkinga stadfestar dette. Ei av ti kvinner har opplevd å miste nokon som stod dei nær, men få av kvinnene er redde for sjølve å bli smitta eller kjenner at seksuallivet deira blir påverka negativt. Tala er mykje høgare for homofile menn. Ein femdel er ofte redde for at dei sjølve er smitta, og meir enn ein firedel har mista nokon som stod dei nær. Ein tredel har nære venner som er smitta eller sjuke, og meir enn ein tredel opplever at seksuallivet deira blir påverka negativt.

Ut ifrå estimat utarbeidde av Statens institutt for folkehelse, reknar dei med at totalt 1500-1600 personar lever med HIV i Noreg i dag, av dei er ca. 500-650 homoseksuelle/biseksuelle menn. 17

Ut frå statistikken er det ingen ting som tyder på at lesbiske kvinner er spesielt utsette for dei tradisjonelle seksuelt overførbare sjukdommane.

Når det gjeld homofile menn og unge gutar, er situasjonen annleis og meir dramatisk. Dei spesifikke somatiske helseproblema hos denne gruppa er hovudsakleg knytte til seksualitet. Det dreier seg om:

  • Seksuelt overførbare sjukdommar (SOS)

  • Maskerte infeksjonar i urinrøyr og mage-tarmsystemet

  • Ei høgrisikogruppe for smitte med HIV

Unge homofile gutar nyttar ofte seksuelle erfaringar som ein måte å lære kva det er å vere homofil. 18 Det set dei sjølvsagt i ein særleg risikosituasjon for smitte. Andre typar sjukdommar og komplikasjonar som kan overførast mellom anna ved ubeskytta analsex, er spesielt urinvegsinfeksjonar og ulike former for mage-tarminfeksjonar. Mange norske legar har liten kunnskap om desse «maskerte» seksuelt overførte sjukdommane - til dømes at amøbedysenteri kan overførast seksuelt, og at menn som har sex med menn, ofte er smitta med dette. 19

Medan det blant heteroseksuelle menn i Noreg berre blei påvist sporadiske tilfelle av syfilis på nittitalet, blei det i eit utbrot blant homofile menn i Oslo påvist 40 tilfelle i 1999. Samanhalde med auken av andre seksuelt overførbare sjukdommar dei seinare åra, viser dette at det framleis er mykje usikker sex i enkelte grupper av homofile og bifile menn. Dette vil på lengre sikt kunne resultere i ein auke i talet på HIV-tilfelle.

Dei fleste homofile menn er godt kjende med risikoen for smitte med seksuelt overførbare sjukdommar og HIV. Det kjem mellom anna av langvarige og målretta tiltak med informasjon om helserisiko når menn har sex med menn - primært som ledd i å førebyggje HIV. Til dømes viser utvalsundersøkingar i ungdomsbefolkninga dei siste åra at ungdom har god kunnskap om korleis ein skal verne seg mot seksuelt overførbar smitte. 20 Det er komplisert å endre menneskeleg åtferd, og det er framleis for mange homofile og bifile menn som praktiserer usikker sex.

Helseutvalet for homofile er den viktigaste aktøren i arbeidet blant homofile og bifile menn, og er fullfinansiert over løyvinga i statsbudsjettet til Handlingsplan mot HIV/AIDS-epidemien. I 2000 mottok Helseutvalet 4,4 mill. kroner til drift og prosjekt. Helseutvalet blei skipa så tidleg som i 1983 og blei hovudsamarbeidspartnar for Helsedirektoratet når det gjaldt HIV/AIDS-førebygging overfor homofile og bifile menn. Helseutvalet har i dag eit sekretariat der drift, prosjektverksemd og tiltak blir finansierte via statleg støtte. Svært mykje av arbeidet blir likevel gjort av frivillige som er rekrutterte gjennom homofile sine organisasjonar.

Det kan ta fleire år før HIV-smitta personar testar seg og dermed blir klar over sin HIV-status. Statens institutt for folkehelse reknar med at mørketalet for gruppa homofile og bifile menn - det vil seie personar som er HIV-smitta, men ikkje diagnostiserte - ligg på 100-200. Dette kan vere ein indikator på at helsetenesta og andre aktørar ikkje i stor nok grad evnar å motivere homofile menn til å ta HIV-test eller driv ei tilfredsstillande oppsporing av smitte. Det kan også vere ein indikator på at somme homofile og bifile menn med risikoåtferd av ulike grunnar ikkje ønskjer å teste seg, eller ikkje er opne om sin seksualitet. Eit døme på dette er at mange av dei som testa seg for syfilis i samband med syfilisutbrotet i Oslo i 1999, sa nei takk til eit tilbod om HIV-test med det same.

Ut frå Meldingssystemet for smittsomme sykdommer (MSIS) utgjorde menn som har sex med menn, ved utgangen av 1999 36,4 prosent av alle som er smitta med HIV sidan 1984 då meldingssystemet blei etablert. Dette er framleis den største delen av HIV-smitta i landet, og gruppa er til saman like stor som talet på innvandrarar og etniske nordmenn som er heteroseksuelt smitta. Det er likevel grunn til å understreke at det dreier seg om små tal, og at det ikkje finst nok sikker kunnskap om kor mange personar som er smitta med HIV, som er i live og bur i Noreg i dag. Det er ein relativt stor auke i talet på diagnostiserte og melde personar med HIV-infeksjon frå 1998 til 1999, 21 men auken kjem i det alt vesentlege av asylsøkjarar og flyktningar som er smitta før dei kjem til Noreg, og heteroseksuelt smitta nordmenn i utlandet.

I andre vestlege land, til dømes i somme delstatar i USA, i Storbritannia og Australia registrerer dei no ein auke i HIV-smitte blant homofile og bifile menn. Det er førebels uklart om denne utviklinga vil ha innverknad på den norske epidemien - men det er verdt å merke seg at HIV-epidemien her til lands i stadig aukande grad blir påverka av den internasjonale situasjonen. 11 prosent av dei registrerte homofile og bifile HIV-smitta i 1999 oppgav USA som smittestad. Meir enn éin av tre blei smitta i utlandet.

8.6 Bruk og misbruk av rusmiddel

I Noreg finst det etter måten lite forsking om bruk og misbruk av rusmiddel blant homofile og lesbiske. NOVA-rapporten konkluderer med at rusmiddelbruken er større blant lesbiske og homofile enn i befolkninga elles.

NOVA-undersøkinga finn at alkoholbruk blant homofile og lesbiske, som i befolkninga elles, på den eine sida er knytt til sosialt samvær, aktivitet, sterke nettverk og høg livskvalitet, og på den andre sida kan føre med seg utvikling av sjukdommar, skadar og sosiale problem. Det er ein glidande overgang mellom normalt konsum og misbruk. Ein kan rekne med at grupper med høgt alkoholforbruk, og særleg grupper med høg rusingsfrekvens, også vil vere meir utsette enn andre for alkoholrelaterte skadar og problem.

I USA har delen med alkoholproblem gjerne vore pårekna til rundt 30 prosent blant homofile, lesbiske og bifile, mot ca. 10 prosent i befolkninga sett under eitt. På grunn av metodiske veikskapar ved fleire undersøkingar, verkar det meir sannsynleg at det korrekte ligg opp mot 20 prosent, men det er likevel klart høgare enn gjennomsnittet. 22

Ut frå NOVA-rapporten er det «blant lesbiske og homofile i vårt utvalg ..... svært mange flere som ofte drikker seg beruset enn i resten av befolkningen». Det er også ein mindre del som sjeldan drikk alkohol. På same måten som i den generelle befolkninga, er det meir vanleg blant menn å drikke seg rusa ofte enn blant kvinner. Men blant kvinner i utvalet er den delen som drikk alkohol ofte, fire gonger så stor som i den generelle kvinnebefolkninga. Blant menn er delen dobbelt så stor. Sett i høve til resten av befolkninga er det verdt å merke seg den høge rusingsfrekvensen hos kvinnene, sjølv om homofile menn i absolutte tal ligg høgare enn kvinnene. Tidlegare forsking har også vist at lesbiske kvinner har eit høgare alkoholkonsum enn i den generelle kvinnebefolkninga. Ein finn færre totalfråhaldskvinner og fleire storkonsumentar. Noko overraskande er det at den forskinga som ligg føre, viser at forbruket ikkje varierer med sivilstatus og alder i særleg stor grad.

Forsking om homokulturen i vestlege land tyder på at barar og klubbar står svært sentralt når det gjeld å få sosial og eventuelt seksuell kontakt. For ein del menn og kvinner som er på veg «ut av skapet», kan drikking vere ein føresetnad for å nærme seg potensielle partnarar. 23 Dette kan for det første gjere dei spesielt sårbare for rusproblem. For det andre inneber det for menn ein fare for smitte av seksuelt overførbare sjukdommar. 24

Narkotiske stoff blir berre brukte av ein liten minoritet lesbiske kvinner og homofile menn. Slik sett samsvarer biletet med det vi finn i befolkninga elles. Den delen av unge lesbiske og homofile (18-24 år) i Oslo som har brukt cannabisstoff i løpet av siste 12 månader, er likevel dobbelt så høg som delen i eit representativt utval av Oslo-ungdom. 45 prosent av lesbiske kvinner i denne aldersgruppa hadde brukt hasj eller andre cannabisstoff. Bruk av cannabis har for lesbiske kvinner sitt vedkomande også stor samanheng med eit høgt alkoholforbruk. Også forbruket av andre stoff synest å vere høgare blant lesbiske og homofile samanlikna med resten av befolkninga.

Kor stor del lesbiske og homofile utgjer innanfor tiltaksapparatet for rusmiddelmisbrukarar i Noreg, er ikkje kartlagt. På bakgrunn av funna i NOVA-undersøkinga om eit relativt høgt alkoholkonsum, er det grunn til å tru at lesbiske og homofile etter måten ofte er å finne innanfor tiltaksapparatet. Funna tyder også på at det er eit behov for førebyggjande tiltak. Sosialtenesta har eit særleg ansvar overfor rusmiddelmisbrukarar slik det går fram av kapittel 6 i Lov om sosiale tenester. Det er mellom anna sosialtenesta som skal finne fram til det behandlingstilbodet og dei tiltaka som er eigna til å møte dei hjelpebehova som rusmiddelmisbrukarar har. 25

Det er ikkje grunn til å tru at denne brukargruppa har behov som ikkje kan dekkjast gjennom dei rusmiddeltiltaka som rettar seg mot andre i befolkninga. Ein må gå ut frå at dei eksisterande tenestene er i stand til å gje alle brukarane sine forsvarleg service, uavhengig av mellom anna seksuell orientering. På same måten som befolkninga elles har lesbiske og homofile krav på å bli møtte med ei open og aksepterande haldning. Brukarar som har ein uavklart kjønnsidentitet, eller som har ein identitet som homofil eller lesbisk, skal ikkje trenge å skjule dette overfor tenesteapparatet. Når det gjeld eventuelle spørsmål om seksuell orientering, bør ein på ein ikkje-diskriminerande og omsorgsfull måte vere spesielt vakne i den fasen då sosialtenesta skal finne ut av behova hos klienten. Den enkelte har krav på positiv tilbakemelding og støtte i forhold til den seksuelle orienteringa dei har. Valet av behandlingsstad eller tiltak må ein ta på grunnlag av hjelpebehova hos den enkelte klienten.

Mange kristne organisasjonar driv tiltak retta mot rusmiddelmisbrukarar. Fleire av desse organisasjonane avviser homofilt samliv på eit teologisk grunnlag. Det er viktig at desse organisasjonane ikkje tilbyr endring av seksuell orientering som ein del av tilbodet sitt. Dersom ein institusjon får ein homofil klient og ikkje ser seg i stand til å støtte dei seksuelle kjenslene hos denne klienten, bør klienten få tilbod om å bli overførd til ein annan stad.

8.7 Lesbiske og homofile i møte med helse- og sosialtenesta

8.7.1 Kontaktfrekvens og open haldning

NOVA-undersøkinga viser at homofile og lesbiske vurderer helsa si som god. Likevel opplyser færre i NOVA-utvalet at dei har ei god/mykje god helse samanlikna med den generelle befolkninga.

Dette gjer det rimeleg å tru at lesbiske og homofile oppsøkjer helse- og sosialtenestene oftare enn den generelle befolkninga. Denne trua blir stadfesta (om enn svakt) av ei undersøking av lesbiske kvinner utført for Helsetilsynet. 33 prosent av kvinnene, mot 28 prosent av den generelle kvinnebefolkninga, opplyser at dei har vore til lege dei siste fire vekene. 26 NOVA-undersøkinga viser at ein relativt stor del av dei som svarte, har vore i kontakt med psykolog eller psykiater i løpet av dei siste fire vekene, 11 prosent av kvinnene og 7 prosent av mennene. 27

Ein del undersøkingar har konkludert med at lesbiske kvinner har sjeldnare kontakt med helsestellet enn den generelle kvinnebefolkninga. Det er til dømes pekt på at lesbiske svært sjeldan konsulterer lege for gynekologiske rutinekontrollar. 28 Ei mogleg forklaring er at dei ikkje har behov for prevensjon som elles fører med seg regelfast legekontakt. Det er også peikt på at lesbiske kvinner vel bort somme legetenester, anten fordi dei ser på desse tenestene som irrelevante, eller fordi dei fryktar at visse legetenester vil bringe den seksuelle orienteringa deira på banen. 29

I NOVA-undersøkinga blei respondentane spurde om kor vidt dei seier frå til helsepersonalet om at dei er lesbiske/homofile. Blant lesbiske kvinner og homofile menn er mønsteret det same. Hovudtyngda av dei som svarte, fortel ikkje eller berre av og til at dei er lesbiske/homofile i sitt møte med helseapparatet. 30 Dette kan kome av at slik informasjon ikkje blir sett på som relevant, men det kan også tyde på at dei er redde for å bli møtte med negative reaksjonar dersom dei står fram som lesbiske eller homofile.

Ei svensk intervjuundersøking skildrar møtet mellom gynekologar og lesbiske kvinner. 31 Dei fleste gynekologane rekna med at dei hadde treft få kvinnelege pasientar som var lesbiske. Ingen av dei hadde nokon gong spurt ein pasient om ho var lesbisk, men venta derimot at den lesbiske kvinna sjølv ville fortelje om den seksuelle orienteringa si. Gynekologane trudde heller ikkje at lesbiske kvinner har behov for spesiell behandling. I ei drøfting av resultata reknar dei med at gynekologane lèt vere å spørje om seksuell orientering hos kvinner anten fordi «dei fleste er heteroseksuelle», eller fordi heteroseksuelle kvinner ville blitt ille berørte av eit slikt spørsmål. Etter det forfattaren seier, opplever mange lesbiske kvinner å bli usynleggjorde i møte med helsepersonell.

Spørsmålet om møte mellom terapeutar og lesbiske kvinner er teke opp i eit djupintervju med 8 terapeutar og 8 lesbiske kvinner som hadde gått i psykoterapi. 32 Forfattaren meiner at kunnskap om effektar av stigmatisering og om den aktuelle minoritetskulturen er nyttig å ha for ein terapeut for at han eller ho skal kunne gje adekvat hjelp. Dei terapeutane som blei intervjua, tenkte i liten grad på lesbiske kvinner som ei minoritetsgruppe, snarare som sterke, sjølvhevdande kvinner. Kunnskapar om diskriminering og minoritetsstress blei derfor heller ikkje nytta. Intervjua med lesbiske kvinner viste ein tendens til at spesielt tabulagde og vanskelege område knytte til det å leve lesbisk blei underkommunisert i terapiforhold der klienten er lesbisk og terapeuten er heterofil. Lesbiske kvinner kan sjølve verke med til dette, mellom anna fordi dei opplever det som viktig å motverke mytar om lesbiske som ulykkelege og mistilpassa.

8.7.2 Generelle eller spesielle helse- og sosialtenester?

Usikker haldning knytt til korleis ein vil bli møtt av tilsette i helse- og sosialtenesta som homofil eller lesbisk, kan føre til at ein underkommuniserer sin seksuelle identitet. Resultatet kan bli ei kvalitativt dårlegare behandling fordi ei viktig side av livet til pasienten/klienten ikkje blir ein del av problemforståinga.

Bør slike erfaringar føre med seg at lesbiske og homofile får tilbod om spesielle helse- og sosialtenester? I Noreg finst det nokre få klinikkar og rådgjevingsinstansar der dei tilsette har spesiell kompetanse.Ved Olafia-klinikken, Senter for seksuelt overførbare sykdommer i Oslo kommune, er 15-20 prosent av dei mannlege pasientane menn som har hatt sex med menn, og 1-2 prosent av dei kvinnelege pasientane kvinner som har hatt sex med kvinner. 33 I tilknyting til Olafia-klinikken driv dei Rådgivningstjenesten for lesbiske og homofile, der dei tilbyr psykologhjelp. I Oslo finst også Diakonalt Senter, som er knytt til Kirkens Bymisjon og Åpen Kirkegruppe for homofile og lesbiske.

Det offentlege helsetilbodet i Noreg har likeverd som mål; alle pasientar blir behandla likt utan omsyn til skilnader i sosial status, økonomiske midlar eller liknande. Ei vidare utbygging av spesielle helse- og omsorgstilbod for lesbiske og homofile ser likevel somme på som eit mogleg alternativ. Det kan argumenterast med at homofile og lesbiske gjennom eit slikt tilbod ville kjenne seg trygge på å bli møtt med ei aksepterande haldning. Lesbiske og homofile har vidare særeigne behov, ei anna livsverd og livserfaring som lett kan bli tilsidesett innanfor den allmenne helse- og sosialtenesta.

Det er fleire grunnar til at det ikkje er ønskjeleg å vidareutvikle særskilde helse- og sosialtenester for homofile og lesbiske. For det første er det ikkje mogleg å nå alle lesbiske og homofile med eit slikt tilbod. For det andre ville utviklinga av ei særomsorg innebere ein fare for at det allmenne tenesteapparatet fråskriv seg ansvaret for å hjelpe homofile og lesbiske som har eit helseproblem eller eit sosialt problem. Ei slik særomsorg kan dessutan verke med til å sementere førestellingar om skilnad og avstand i forhold til heterofile. I staden blir det viktig å styrkje kompetansen innanfor det eksisterande tenesteapparatet som driv førebygging og behandling.

Målet må vere at lesbiske og homofile skal oppleve likeverd i tenestetilbodet innanfor helse- og sosialsektoren. Ei betring av tenestetilbodet er i særleg grad avhengig av at personellet har ei aksepterande haldning og gode nok kunnskapar. Ingen skal trenge å oppleve at dei blir usynleggjorde, eller at ei heterofil orientering blir rekna som sjølvsagt. Uavhengig av årsakene til at ein oppsøkjer helse- og sosialtenestene, er det viktig at personellet er kompetente og trygge nok til å kunne snakke om og ta omsyn til den seksuelle orienteringa hos pasienten. Der den seksuell orienteringa er relevant for sjukdommen eller lidinga som blir behandla, bør helse- og sosialpersonellet ha eit ansvar for å spørje.

For å oppnå ei slik målsetjing er det nødvendig at mange nok av dei tilsette har dei kvalifikasjonane som må til, noko som også må få konsekvensar for utdanninga av helse- og sosialpersonell. Jf. kapittel 5. Sjå også tiltaka i kapittel 6 i meldinga: opplæring innanfor Familieverntenesta og utvikling av tilbodet til Rådgivningstjenesten for homofile og lesbiske ved Olafia-klinikken, slik at tenesta også kan vere ein rettleiingsinstans for helsestellet.

8.8 Svangerskapsomsorga, helsestasjons- og skolehelsetenesta og helsestasjon for ungdom

Svangerskapsomsorga vil møte homofile og lesbiske som er eller vel å bli foreldre. Tenesta har derfor ei viktig rolle å ta vare på overfor homofile og lesbiske som skal bli foreldre på lik linje med andre som skal bli det, men også ut frå spesifikke behov for rettleiing som desse foreldra måtte ha.

Når det gjeld helsestasjonane, er det viktig at dei tek opp seksualitet hos barn og seksuell helse hos barn som tema når dei rettleier foreldra. Dette er viktig for å styrkje kunnskapen hos foreldra på dette området.

Dei tilsette i svangerskapsomsorga og ved helsestasjonen må derfor sikrast kunnskapar og fagleg oppdatering som grunnlag for denne delen av foreldrerettleiinga.

Helsestasjons- og skolehelsetenesta er mellom dei tilboda som femner alle barn og unge. Desse tenestene har derfor ein viktig funksjon når det gjeld å fange opp tidlege signal på problem, fange opp sårbare og utsette grupper, leggje til rette støttetilbod, setje i verk spesielle tiltak, vise til og gje nødvendig informasjon om hjelpetiltak frå andre instansar. Der ungdommane har utvikla problem som treng behandling, er eit godt samarbeid mellom 1. og 2. linjetenesta viktig.

Skolehelsetenesta skal samarbeide med skolen om å gje råd, rettleiing og helseundervisning. Skolen og skolehelsetenesta må leggje opp til ei undervisning som framstiller alle kjærleiks- og samlivsforhold på ein likeverdig måte, og som vender seg direkte også til lesbiske jenter og homofile gutar. Skolen og skolehelsetenesta er også naturlege arenaer for informasjon til foreldre som kan normalisere homofili.

Skolehelsetenesta og primærhelsetenesta kan vere den første instansen som kjem i kontakt med personar som har eit uavklart forhold til sin eigen kjønnsidentitet. Skolehelsetenesta skal gje råd og rettleiing - både individuelt og i grupper - til elevar som har særleg behov for det. Skolehelsetenesta og personell i helsestasjon for ungdom må sikrast kunnskap om behova hos lesbiske og homofile slik at dei blir i stand til å gje råd og rettleiing.

Massemedia - her medrekna ulike typar ungdomsmedia - er ein sentral arena for informasjonsformidling om helse, samliv og seksualitet til grupper i ungdomsbefolkninga. «Medisinernes seksualopplysning» og NRK har til dømes samarbeidd om eit landsdekkjande ungdomsprogram som har gått kvar veke, og som har fått ein stor lyttarskare i dei aktuelle målgruppene. I samarbeid med RadioOrakel er det laga to programseriar om samliv og seksualitet. Ein om seksualitet hos jenter og prevensjon, og ein om seksualitet og ungdom med etnisk minoritetsbakgrunn. Programseriane er under omarbeiding til ein CD som vil bli distribuert til nærradiostasjonane i landet.

Den teknologiske utviklinga dei siste åra gjer at ein no kan nytte Internett mykje meir. Internett er eit ypparleg medium for å nå unge gutar og jenter. Online rettleiing, informasjon og diskusjonsgrupper er nokre av innfallsvinklane. Avgrensa informasjonstiltak og kampanjar om samliv, seksualitet og prevensjon kan også gjennomførast på Internett. Det har vore gjennomført fleire vellykka forsøksprosjekt med informasjon til ungdom på Internett som det vil vere fruktbart å byggje vidare på.

Som ein del av å styrkje den faglege kompetansen hos dei tilsette, er rettleiar for helsestasjons- og skolehelsetenesta under revisjon, og retningslinjer for helsestasjon for ungdom blir no arbeidd ut. I samband med dette vil det vere viktig å leggje vekt på rettleiing om samliv, seksualitet, prevensjon m.m.

8.9 Tiltak

Dei fleste lesbiske og homofile rapporterer om ei god allmennhelse, både når det gjeld somatisk og psykisk helse. Forskingsresultat viser likevel at særleg ungdom er i risikosona for å utvikle psykiske problem. Dei er utsette for ei rekkje stressfaktorar som kjem av problem med å akseptere seg sjølv som lesbisk/homofil og av det synet omgjevnadene har på homofili. Sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk er vanlegare blant unge lesbiske og homofile enn blant ungdom flest. Homofile menn er i risikosona for å bli smitta av HIV og andre seksuelt overførbare sjukdommar. Forskinga tyder vidare på at bruk og misbruk av rusmiddel er større blant homofile og lesbiske enn i befolkninga elles.

Statlege styresmakter har sytt for ei generell opptrapping av tenestetilbodet innanfor psykisk helsevern. Dette vil også styrkje tenestetilbodet til homofile og lesbiske. Det er ikkje ønskjeleg å vidareutvikle særskilde helse- og sosialtenester for lesbiske og homofile.

Nedanfor gjer vi greie for dei statlege tiltaka som Regjeringa meiner vil hjelpe til med å auke innsatsen innanfor helse- og sosialtenesta overfor lesbiske og homofile.

8.9.1 Tiltak for å styrkje tilbodet innanfor psykisk helsevern

Regjeringa Jagland la våren 1997 fram St. meld. nr. 25 (1996-97) Åpenhet og helhet. Om psykiske lidelser og tjenestetilbudene. Meldinga gav eit oversyn over status for dei psykiske helsetenestene og utfordringane på feltet, og hovudlinjene for utviklinga av tenestetilbodet til menneske med psykiske lidingar. Meldinga dokumenterte samstundes behovet og grunnlaget for ei utbetring av manglane som finst i alle ledd i behandlingskjeda. Regjeringa Bondevik la seinare fram St. prp. nr. 63 (1997-98) etter at Stortinget gjennom si behandling av stortingsmeldinga fastla hovudlinjene for å styrkje og utvikle desse tenestene framover.

  • Gjennom opptrappingsplanen for psykisk helse (1999-2006) tek ein sikte på ei generell styrking av tilbodet innanfor psykisk helsevern. Det skal i planperioden investerast for 6,3 mrd. kroner som inneber konkrete tiltak for å styrkje psykisk helsearbeid. I tillegg skal driftsutgiftene aukast til eit nivå som ligg ca. 4,6 mrd. kroner over utgiftsnivået i 1998. Ei opptrapping av driftsutgiftene på denne måten vil saman med utgiftene til investeringa innebere at det skal brukast om lag 24 mrd. kroner meir til psykisk helse i løpet av planperioden. Gjennom opptrappingsplanen vil det bli løyvt midlar til kompetansehevande tiltak for personell innanfor det psykiske helsefeltet for å styrkje kunnskapane deira om kjønnsidentitet og seksualitet, her medrekna homofili. Når tilgangen og kompetansen i tenesteapparatet blir betra både i kvalitet og kvantitet, reknar regjeringa med at tilbodet til homofile og lesbiske blir styrkt som ein del av den ordinære helsetenesta.

  • Innanfor opptrappingsplanen for psykisk helse vil det bli gjeve statlege øyremerkte midlar til å styrkje helsestasjons- og skolehelsetenesta med 800 årsverk i løpet av planperioden, tilsvarande 310 mill. kroner i auka driftsutgifter ved slutten av planperioden. Førebyggjande arbeid overfor målgruppa er også svært viktig. Skolehelsetenesta og helsestasjon for ungdom kan vere støttande tenester, og dessutan gje råd og rettleiing. I tillegg vil planen gje tilskot til psykososiale tenester og støttekontaktar, kultur- og fritidstiltak for barn og unge under 18 år, tilsvarande 260 årsverk eller 140 mill. kroner i auka driftsutgifter ved utgangen av planperioden. Målgruppa er barn og unge som har, eller er særleg utsette for, problem av psykososial karakter.

8.9.2 Tiltak mot sjølvmord

Handlingsplan mot sjølvmord blei avslutta ved utgangen av 1999. Mykje av innsatsen har vore retta mot å skolere helsepersonell og andre hjelparar i samfunnet til betre å kunne støtte ulike grupper suicidale personar som treng hjelp til å kome over problema sine. Eit nytt treårig oppfølgingsprosjekt blei etablert 1. januar 2000. Grunngjevinga for dette er hovudsakleg behovet for å sikre at den kompetansen som var bygd opp, blir halden oppe og utvikla vidare. Konkret inneber det nye prosjektet ei vidareføring av drifta ved det nasjonale kompetansesenteret, Seksjon for selvmordsforskning og forebygging ved Universitetet i Oslo, og tre regionale ressursmiljø knytte til kvar av dei andre helseregionane. Forsking, formidling av kunnskap og vidareutvikling av faglege nettverk på regionalt og lokalt nivå er andre viktige arbeidsoppgåver. Arbeidet med å sikre gode oppfølgings- og behandlingsrutinar for sjølvmordstruga personar skal i dette arbeidet få høg prioritet.

I tillegg tek oppfølgingsprosjektet sikte på å førebyggje sjølvmord blant spesielt utsette grupper. På bakgrunn av dei urovekkjande tala som kjem fram i NOVA-undersøkinga, blir det sett inn spesielle tiltak overfor lesbiske og homofile innanfor rammene av prosjektet. Det vil bli sett fokus på denne gruppa gjennom å

  • utforme konkrete forskingsprosjekt i samarbeid med aktuelle miljø

  • setje temaet på dagsorden og hjelpe til å høgde det generelle kunnskapsnivået blant helsepersonell i utdanningsprogram som er i gang

  • gje fagleg hjelp til LLH, eventuelt andre aktørar ved å gjennomføre sjølvmordsførebyggjande prosjekt og tiltak

  • innarbeide kunnskap om situasjonen for homofile og lesbiske som ein del av formidlingsstrategien i prosjektet.

Sosial- og helsedepartementet vil sikre at tiltaka blir konkretiserte og følgde opp i løpet av planperioden.

8.9.3 Tiltak for å overvinne HIV/AIDS

HIV-førebyggjande innsats overfor homofile og bifile menn har sidan midten av 80-talet vore statleg finansiert over handlingsplanane mot HIV/AIDS-epidemien. I dei tre siste åra har den årlege løyvinga vore på 16,6 mill. kroner. 34 Helsetilsynet har dei siste åra fått tildelt 11.6 mill. kroner som blir fordelt vidare til drift av frivillige organisasjonar og til prosjekt i regi av desse eller andre aktørar. Resten av midlane har gått til prosjekt m.m. i regi av Statens institutt for folkehelse, og til enkelte tiltak i regi av Sosial- og helsedepartementet.

  • Det vil også i åra framover vere viktig å halde ved like og vidareutvikle den førebyggjande innsatsen overfor homofile og bifile menn. Gjennomføringa av Handlingsplan mot HIV/AIDS-epidemien 1996-2000 er nyleg eksternt evaluert. Evalueringsrapporten er send på brei offentleg høyring. Handlingsplanperioden har fått tida lengd til ut 2001. Sosial- og helsedepartementet har sett i gang eit arbeid med å utforme ein ny strategi som skal gjelde frå 2002. Dei frivillige organisasjonane si rolle og finansieringa av dei i det framtidige HIV-førebyggjande arbeidet er eit av dei viktige spørsmåla som blir tekne opp.

8.9.4 Tiltak for rusmiddelmisbrukarar

Den generelle kompetansehevinga som er i gang innanfor førstelinja i sosialtenesta, vil vere eit viktig tiltak for å fange opp også særlege behov hos lesbiske og homofile. Det same gjeld den styrkinga av det førebyggjande arbeidet som no skjer gjennom at ansvar og oppgåver i rusmiddelarbeidet blir overført frå det sentrale Rusmiddeldirektoratet til dei regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål. 35 Kjønnsidentitet og seksualitet vil vere eit tema innanfor verksemda ved kompetansesentra.

  • Innanfor ramma av dei midlane som blir stilte til rådvelde i Velferdsprogrammet, blir det teke initiativ til å setje i gang forsking som ser nærmare på rusrelaterte problem hos lesbiske og homofile, og som på denne bakgrunnen etter kvart kan kome med tilrådingar både når det gjeld førebygging og behandling.

8.9.5 Opplæring av helse- og sosialpersonell

Opplæring er ein nøkkelfaktor i arbeidet for å gjere helse- og sosialpersonell meir merksame på kor viktig seksuell identitet er, slik at dei kan utvikle ei aksepterande haldning og tileigne seg kunnskapar om homofili.

Opplæring av helse- og sosialpersonell bør ha som mål å:

  • Hjelpe til å normalisere og synleggjere lesbisk og homofil identitetsutvikling.

  • Hjelpe til å førebyggje utvikling av sekundære helseproblem hos homofile og lesbiske.

  • Bli i stand til å kunne møte pasientar/klientar på ein måte som skaper open innstilling og tillit - som er ein føresetnad for å gje god hjelp.

  • Gje oppdaterte kunnskapar som i særleg grad har med helse- og sosiale problem hos lesbiske og homofile å gjere.

  • Gje kunnskap som gjer dei i stand til å møte homofile og lesbiske i suicidal krise.

  • Hjelpe til at helse og sosialpersonell tek opp problemstillinga på eige initiativ, der dette er relevant.

Desse tiltaka vil gjere sitt til å oppnå desse måla:

  • Gjennom Handlingsplan for forebygging av uønsket svangerskap og abort blir det mellom anna stimulert til å etablere helsestasjon for ungdom. Talet på helsestasjonar for ungdom har auka frå 12 i 1991 til vel 200 i 2000. Helsestasjon for ungdom er eit lågterskeltilbod som skal vere eit supplement til skolehelsetenesta. Samliv, seksualitet og prevensjon er hovudområda for denne tenesta, men det viser seg at også ulike psykososiale problem i stor grad er tema for konsultasjonane. Under handlingsplanen blir det vidare laga eit informasjons- og rettleiingsopplegg til småbarnsforeldre, helsestasjonspersonell og barnehagepersonell som tek for seg tema som samliv, kropp og seksualitet, 36 under dette også homofili. Rettleiingsopplegget skal vere ferdigstilt tidleg i 2001. Det bør supplerast med enkle foreldrebrosjyrar, jf. framlegg til tiltak i kapittel 4 i denne meldinga.

  • Det vil bli utarbeidd fagleg materiale om kjønnsidentitet og seksualitet for helse-, sosial- og pedagogisk personell, der tema homofili inngår. Materialet skal gje kunnskap om korleis personellet skal møte menneske som har eit problematisk og uavklart forhold til sin eigen kjønnsidentitet.

  • Til bruk i undervisninga for å førebyggje eteforstyrringar er det utarbeidd undervisningsmateriell for ungdomsskolen og vidaregåande opplærning «Om kultur, kropp og kommunikasjon» (I-0955B). Ei ressursbok til bruk for lærarar i undervisninga om samliv, seksualitet og prevensjon, og informasjonsskriv om samliv og seksualitet til ungdom og foreldre, er under arbeid ved Læringssenteret etter oppdrag frå Sosial- og helsedepartementet. Vi viser til kapittel 5 i denne meldinga. I dette undervisningsmateriellet blir det også sett fokus på seksualitet hos barn og unge og på den psykiske og seksuelle helsa deira.

  • Sosial- og helsedepartementet arbeider med eit rundskriv til kommunane i landet om psykososialt arbeid overfor barn og unge. Rundskrivet vil mellom anna handle om kjønnsidentitet og seksualitet hos barn og unge.

  • Høgskolen i Oslo har utvikla eit kursopplegg over tre dagar med temaet «Kjønn, identitet og marginalisering». Målgruppene er lærarar, barnevernspedagogar, legar, prestar, psykologar, sosionomar og andre. Sosial- og helsedepartementet og Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet vil løyve 300.000 kroner til dette over statsbudsjettet for 2000/2001. Jf. kapittel 5.

  • Som ein del av oppfølgingsarbeidet av stortingsmelding nr. 24 (1996-97) «Tilgjengelighet og faglighet - Om sykehus og annen spesielisthelsetjeneste» vil Sosial- og helsedepartementet be Nasjonalt råd for spesialistutdanninger av leger og legefordeling (NR) om å greie ut på kva slags måte tema som kjønnsidentitet og seksualitet - også homofili - i sterkare grad bør integrerast i spesialistutdanningar som i særleg grad møter pasientar der dette er relevant.

Fotnotar

1.

Jf rundskriv I-47/99 Helsestasjon for barn og unge 0-20 år - et kraftsenter for helse og oppvekst

2.

Gjennom handlingsplanen for uønskte svangerskap og abort blir det stimulert m.a. til etablering av fleire helsestasjonar for ungdom.

3.

Ut frå Helseundersøkelsen (1995) rapporterer 87 prosent av kvinnene og 88 prosent av mennene at helsa deira er god/mykje god.

4.

Malterud, Kirsti (1986) Helseforhold hos lesbiske kvinner. I: Tidsskrift for den Norske Lægeforening nr. 25; 106: 2071-4. Malterud har klinisk erfaring frå Rådgivningstjenesten for homofile og lesbiske i Oslo kommune.

5.

Moseng, Bera Ulstein (1998) Lesbiske kvinners helse - et særegent problem? Rapport til Helsetilsynet. Rapporten er basert på data frå NOVA-undersøkinga.

6.

Hervordotter, Susan (1997) Lesbiska och bisexualle kvinnor i Stockholm. En studie av identitet, öppenhet, sexualvanor og sexuellt välbefinnande. RFSLs hivkasli og RFSL-rådgivningen i Stockholm.

7.

Moseng (1998) op.cit.

8.

Moseng (1998) op.cit.

9.

Helseundersøkelsen - 1995.

10.

Helseundersøkelsen 1995 byggjer på eit landsrepresentativt utval av vel 4000 hushald. Opplysningane er samla inn dels ved personleg intervju, dels ved sjølvutfylling av spørjeskjema i etterkant av intervjuet. NOVA-undersøkinga er ei postal undersøking med sjølvutfylling av spørjeskjema. På grunn av ulike datainnsamlingsmetodar må ein vere varsam med å samanlikne resultata frå dei to undersøkingane.

11.

Resultata som er attgjevne ovanfor, utgjer berre 3 av i alt 12 ulike symptom. Men tendensen er den same - plagene møter vi oftare blant NOVA-utvalet enn i den generelle befolkninga.

12.

Benum, Vår (1997) Stigmatisering og minoritetsstress. Betydningen av kunnskap i møte med lesbiske klienter. I: Benum V, Friis E, Offerdal A (red) Vite for å forstå - 10 artikler om homoseksualitet og lesbiske og homofiles livsvilkår i Norge i dag. Universitetet i Oslo.

13.

Greene B; Herek GM (eds) (1994) Lesbian and Gay Psychology. Theory, Research and Clinical Applications. Psychological Perspectives on Lesbian and Gay Issues. Volume 1. Thousand Oaks, CA: Sage Publications.

14.

Tilsvarande tal (tankar om å ta sitt eige liv i løpet av dei siste 14 dagane) for den generelle befolkninga i denne aldersgruppa var 0,7 prosent for kvinner og 1,7 prosent for menn (Helseundersøkelsen 1995).

15.

Remafedi G, French S, Story M (1998) The relationship between suicide risk and sexual oreientation: Results of a population-based study: I: Am J Public Health 88(1):57-60.

16.

Offerdal A (1995) Selvmord og selvmordsforsøk blant unge homofile menn. Forekomst sett i lys av homonegativisme og identitetsutvikling: et litteraturstudium. Hovudoppgåve ved Psykologisk Fakultet, Universitetet i Bergen.

17.

MSIS - Meldingssystemet for smittsomme sykdommer (MSIS) ved Statens institutt for folkehelse gjev god statistikk når det gjeld førekomst av HIV/AIDS (sidan 1984) og andre seksuelt overførbare sjukdommar som gonoré, syfilis og klamydia. Statistikken baserer seg på kumulative tal, og ingen veit derfor nøyaktig kor mange HIV-positive som er i live og bur i Noreg no.

18.

Remafedi G (1993) Sexually transmitted diseases in young homosexual men. Sem Ped Infect Dis 4:122.

19.

Olsen FG: Intervju i Blikk nr. 6, 2000.

20.

Statens Helsetilsyn 1999 og 2000.

21.

Talet på melde HIV-positive i 1998 og 1999 var 98 og 147 tilfelle, ut frå MSIS-statistikken.

22.

Paul, J, R Stall & K Bloomfield (1991) Gay and alcoholic: Epidemiological and clinical issues. I Alchohol Health and research World, 15, op.cit.

23.

Paul et al (1991) op.cit.

24.

Knoff, RH (1999) Rus og risikosex: Sammenhenger og tiltak. En litteraturgjennomgåelse for Helseutvalget for Homofile.

25.

Jf lov om sosiale tenester § 6-1

26.

Moseng, Bera Ulstein (1998) Lesbiske kvinners helse - et særegent problem? Oslo: Rapport til Helsetilsynet, basert på NOVA-undersøkinga.

27.

NOVA-undersøkinga, s. 288. Her blir ikkje tilsvarande tal for den generelle befolkninga presenterte.

28.

Malterud, Kirsti (1998) Helseforhold hos lesbiske kvinner. I: Tidsskrift for den Norske Lægeforening nr. 25.

29.

Moseng (1998) op.cit.

30.

Av alle kvinner i utvalet (N:1122) er det 18 prosent som svarer at dei alltid seier frå om at dei er lesbiske. Tilsvarande tal for mennene (N:1844) er 17 prosent. 42 prosent av kvinnene og 45 prosent av mennene svarer at dei aldri/nesten aldri seier frå. Resten, 40 og 42 prosent, svarer at dei av og til seier frå om si seksuelle orientering. Tala kjem fram i eit spesielt arbeid med data frå NOVA-undersøkinga. Hegna, K. (2000) personlig meddelelse.

31.

Andersson, Dominique (1998) Könsperspektiv på konsultationen. Gynekologer om lesbiska kvinnor - en intervjuundersökning. Institutionen för samhällsmedicin (studentoppgave). Undersøkinga baserer seg på djupintervju med 4 kvinnelege og 2 mannlege gynekologar.

32.

Benum, Vår (1997) Stigmatisering og minoritetsstress. Betydning av kunnskap i møtet med lesbiske klienter. I: Benum, Friis og Offerdal (red.) Vite for å forstå - 10 artikler om homoseksualitet og lesbiske og homofiles livsvilkår i Norge i dag.

33.

Opplyst av leiaren ved klinikken, Harald Moi.

34.

Løyvinga til HIV/AIDS-førebygging var i 1992 på 37,6 mill. kroner.

35.

Dei regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål er; Region nord; Kompetansesenteret ved Nordlandsklinikken, Buveien 75, 8520 Ankenesstrand Region midtnorge; Midt-Norsk Kompetansesenter for rusfaget, Breivikvn. 54-56, 6018 Ålesund Region vest; Stiftelsen Bergensklinikkene, Venstre Torggt. 1, 5001 Bergen, Rogaland A-senter, Dusavikvn. 4004 Stavanger. Region sør; Borgestadklinikken, Håvundvn. 381, Skien Region aust; Kompetansesenter - rus , Oslo og Akershus, Diakonhjemmets høgskolesenter, postboks 184 Vindern, Sanderud sykehus, Rusmiddelavdelingen, postboks 68, 2312 Ottestad.

36.

Røtnes, K (red.) (2000) Barnehagefolk. Barn og seksualitet. Pedagogisk forening nr. 1.

Til forsida