St.meld. nr. 25 (2000-2001)

Levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile i Noreg

Til innhaldsliste

7 Open haldning og sosiale nettverk

7.1 Innleiing

«Når verden går mig imot, og det unnlater den sjelden å gjøre når det gis noen leilighet til det, har jeg stetse funnet meg vel ved å ta en friluftsvandring som demper for min smule bekymring og uro». Slik opnar Asbjørnsen i Kvernsagn frå 1843. Dette fungerte sikkert nok bra for han, og kan hende gjer det det for mange også i dag. Likevel veit vi at den som har nære venner og familie å stø seg til, taklar motstand betre enn dei som står aleine i slike situasjonar.

Homofile og lesbiske har i dei fleste tilfelle eit godt forhold til opphavsfamilien sin. Dei har eit solid nettverk av fortrulege venner, og opne homofile har det i større grad enn heterofile. Det gjeld både kvinner og menn. Med fortrulege venner meiner vi «menneske som står ein nær, og som ein kan snakke fortruleg med».

Å ha fortrulege venner er ein ressurs i livet for alle menneske. Samstundes er det viktig å kunne stå fram autentisk, eller så ærleg som mogleg i sosiale relasjonar i dagleglivet. Ein slik ærlegdom styrkjer identiteten og integriteten hos personen. Det er derfor eit problem for mange lesbiske og homofile at dei i mange tilfelle kjenner seg tente med å skjule orienteringa si, der dei heller under andre omstende kunne ønskje å stå fram som den dei opplever seg å vere - ofte vil det seie å stå fram som homofil eller lesbisk. Med få arenaer for å eksponere si seksuelle og emosjonelle orientering, står ein i verste fall fram både i eigne og andre sine auge som falsk eller ueigentleg. Dei sosiale vilkåra for open haldning og kva ei slik haldning har å seie, vil vi derfor drøfte i dette kapitlet.

Vi veit at det i mindre og tette samfunn 1 finst ein sterk sosial kontroll, og at toleransen for det som på ulikt vis vil kunne bryte med normene i dette samfunnet, ofte blir hardt sanksjonert. Sjølv om denne tette kontakten mellom naboar kan vere ein positiv faktor i lokalsamfunnet, vil det å stå ope fram som lesbisk eller homofil i mindre bygdesamfunn kunne vere ei stor påkjenning. Mange homofile og lesbiske vel derfor å flytte til større byar og tettstader, med større toleranse og ikkje minst større grad av anonymitet.

Ein annan og kanskje viktigare grunn til at mange homofile og lesbiske vel å flytte til større byar og tettstader, er behovet for å kome i kontakt med andre homofile og lesbiske. Når det gjeld homoseksuelle subkulturar, finst dei primært i dei større byane. Å ta del i ein slik kultur vil for mange vere eit viktig moment i ein sjølverkjenningsprosess.

7.2 Open eller skjult?

Spørsmålet om å vere open framstår ofte som eit dilemma for lesbiske og homofile: Langt dei fleste opplever og erfarer at å vere open er ein positiv strategi i forhold til dei sosiale omgivnadene, men at det også er den faktoren som fører med seg dei største direkte påkjenningane.

Det kan likevel koste mykje å skjule den homofile eller lesbiske orienteringa, sjølv om konsekvensane her er av meir indirekte art. For det første blir det nærmast uråd å leve skjult dersom ein går inn i stabile parforhold. Og for mange vil det vere ei stor påkjenning å berre leve ut sin kjærleik og seksualitet innanfor ei ramme av hemmelege kontaktar. Dette fremjar i mindre grad ei homofil identitetsutvikling eller ei fullverdig sosial deltaking, og kan munne ut i sosial isolasjon. For det andre vil eit slikt hemmeleg liv krevje at mange homofile og lesbiske vik unna situasjonar og relasjonar der orienteringa kan bli avslørd. Når ein lever skjult, må ein lyge om det ein tek seg føre. Då er det rimeleg at det sosiale livet blir forringa og utarma ved at nyanserikdommen ved dei sosiale relasjonane blir avgrensa.

Når ein står ope fram med si seksuelle og emosjonelle orientering, blir ein viktig, men avgrensa del av personlegdommen eksponert. Den positive sida ved ei slik eksponering er knytt til at den enkelte kan framstille seg som ein ærleg og integrert personlegdom, som i neste instans kan få oppleve aksept på vesentlege sider ved seg sjølv frå omverda. Dette gjer sitt til å styrkje medvitet om seg sjølv som homofil eller lesbisk, og såleis til å styrkje eins eigen identitet. Motsett kan open eksponering leggje grunnlag for eit omfattande sett av sosiale «utgifter» - utgifter i form av diskriminering, trakassering og i verste fall vald. Å vere open kan altså vere kjelda til både positive og negative erfaringar ved ei lesbisk eller homofil orientering og ein tilsvarande livsstil.

Spørsmålet om å framstå ope med si orientering er ikkje eit eintydig spørsmål, men eit kompleks av fleire alternativ og praksisar. 2 For det første er det mange som vel å vere selektivt opne. Det vil seie at dei vel å vere opne overfor somme, men ikkje alle. Kor open ein er, vil altså kunne variere med karakteren i dei ulike relasjonane. For det andre vil «kome ut»-prosessen aldri kunne vere ein endeleg prosess. Den som insisterer overfor seg sjølv og omverda på å vere open om si orientering, må gong etter gong - og for kvar gong vedkomande knyter nye relasjonar - «kome ut». For det tredje er det ikkje alltid at dei som har eller ønskjer å ha seksuelle relasjonar til personar av same kjønn, oppfattar seg sjølve som homofile eller lesbiske. Draging mot personar av same kjønn er ikkje utan vidare det same som ein homofil identitet. Spørsmålet om å vere open er med andre ord eit samansett spørsmål, og det er derfor vanskeleg å talfeste forholdet mellom talet på opne og skjulte lesbiske og homofile.

Av det talmaterialet som ligg føre, 3 kan vi like fullt sjå ei utvikling på dette området over tid. Stadig fleire homofile og lesbiske vel å vere opne overfor sine sosiale omgivnader. Ikkje dess mindre er det ein viss del som lever heilt eller delvis skjult. Mykje tyder på at mange av desse skulle ønskje å vere opne om si orientering. Regjeringa ser det som viktig at unge homofile og lesbiske blir oppmuntra og støtta i å vere opne.

7.2.1 Generasjonar og livsløp

I fleire granskingar 4 viser det seg at open innstilling varierer med alder. Det er dei eldste og dei yngste alderskategoriane som er minst opne om si seksuelle og emosjonelle orientering. Tendensen hos desse aldersgruppene til å halde seg skjult har røter i to ulike forhold: Det eine har med generasjon å gjere, det andre med livsløp. Men generasjons- og livsløpselementa gjer seg gjeldande på ulikt vis for unge og eldre.

Dei eldre og godt vaksne homofile og lesbiske er mindre opne enn gjennomsnittet. 5 Forklaringane på dette finn forskarane i at denne generasjonen voks opp og inn i eit samfunn og i ein kulturell kontekst der spørsmålet om å vere open sjeldan var aktuelt. For det første var det sosiale stigmaet knytt til homofili så sterkt at ein måtte rekne med at kostnadene ville bli svært høge. Her må ein understreke at homoseksualitet var ulovleg fram til 1972. For det andre blir det hevda at det ikkje var så viktig for lesbiske og homofile å stå ope fram overfor heterofile: Spørsmålet gjaldt «å kome inn» i eit homofilt miljø - ikkje ut til folk flest. 6

Når det gjeld den yngste alderskategorien, har mangelen på open veremåte ei anna grunngjeving. For det første er den seksuelle orienteringa på dette tidspunktet for mange enno ikkje avklart. I NOVA-undersøkinga er det så mange som 29 prosent av jentene og 14 prosent av gutane som seier at dei er bifile, homofile med heterofile trekk eller er usikre på si seksuelle orientering (s. 151). For det andre er det spesielt vanskeleg å stå fram med ei anna seksuell orientering enn «dei andre» akkurat i denne sårbare livsfasen, og særleg fordi det handlar om noko som framleis er tabulagt. Når så mange held den seksuelle orienteringa si skjult, heng det generelt saman med den spesielle perioden av livsløpet dei unge lever i. I lys av samfunnsendringane og det kulturelle klimaet som gjer seg gjeldande i dag, er det god grunn til å tru at desse personane likevel vil vere opne når dei blir nokre år eldre.

7.3 Forholdet til foreldre og sysken

Undersøkingar viser at mange foreldre har og har hatt problem med å akseptere at deira barn er homofile eller lesbiske. Og i NOVA-rapporten kjem det fram at omkring tre av ti foreldre reagerte negativt då dei fekk vite det. Likevel svarer ni av ti at dei har eit stort sett bra/godt forhold til familien sin. Samanlikna med undersøkinga frå 1978 7 viser det at det har vore ei positiv utvikling på dette punktet. Av familiemedlemmer er det systrer som stiller seg mest positive til homoseksuell orientering hos syskena sine. Skilnadene mellom kjønnskategoriane og alderskategoriane er elles relativt små, men dei yngste kan likevel rapportere om eit noko dårlegare forhold til foreldra enn dei andre alderskategoriane.

Sidan vi veit at haldningane til lesbiske og homofile gradvis har blitt meir positive, skulle ein forvente at nettopp dei unge hadde eit betre forhold til opphavsfamilien enn dei eldste. Slik er det altså ikkje. Kva kan vere grunnen til dette? Forskarane ser for seg to moglege forklaringar på denne tendensen, og igjen blir distinksjonen mellom livsfase og generasjon avgjerande. Mange foreldre har vanskeleg for å reagere positivt når dei får vite om den seksuelle orienteringa hos barna sine, men tala tyder også på at forholdet går seg til etter kvart. Livsfasen er likevel ikkje den einaste forklaringa. Det kan vere grunn til å tru at ulike generasjonar har ulik oppfatning av kva et godt forhold til familie inneber. Den kvalitative undersøkinga i NOVA-rapporten avdekkjer at lesbiske og homofile som voks opp i åra rundt andre verdskrigen, kravde mykje mindre (forståing) av sine foreldre enn dei unge i dag gjer.

7.4 Omgangskrins og vennskapsnettverk

Mykje tyder på at nære venner blir ein stadig viktigare del av livet vårt. Det er ikkje noko historisk nytt over det at menneske knyter seg nært til andre menneske utan å vere partnarar, kjærastar eller gifte. Det nye ligg i at vennskapane har endra karakter: Det vil seie at vennskap meir og meir synest å erstatte mange av dei funksjonane familie og slekt tidlegare hadde, og at dei etter kvart også blir til på tvers av kjønnsskilja. Likevel viser undersøkingar at kvinner i langt større grad enn menn går inn i nære vennskapsforhold. Men slik har det ikkje alltid vore.

I «den romantiske tidsalderen» 8 blei vennskapen dyrka og sungen om av den tids frie menn (menn i dei øvre sosiale lag: høgborgarskap, adel, kunstnarar). Men då industrialismen braut igjennom, endra relasjonane mellom menn seg. Vennskap blei erstatta av arbeidsfellesskap og kjennskap, og kjenslelivet hos menn drog seg tilbake til privatsfæren i familien. Her har det i all hovudsak blitt verande, sjølv om vi samstundes kan sjå ein tendens til at unge menn etter kvart legg stadig større vekt på vennskap att. Men i dag er det først og fremst dei unge kvinnene som realiserer den nye vennskapsideologien. 9

Det finst altså visse skilje mellom kvinner og menn, sjølv om dei har endra karakter. Mellom dei unge vaksne ser vi tendensar til at mannen framleis ser tilbake når det gjeld yrke, livsstil og verdiar, medan kvinna er framtidsretta. Dette kjem til syne i utdanningsval, geografisk mobilitet og nettverk. Medan unge, vaksne kvinner er meir urbane og moderne, blir menn i større grad buande på bygda og held fast ved tradisjonelle veremåtar og verdiar. Menn held dermed meir fast ved familien som orienteringspunkt, kvinner søkjer meir ut mot det moderne vennskapsnettverket. 10 Dette ser likevel noko annleis ut for homofile og lesbiske.

Unge homofile menn har til liks med sine lesbiske systrer ofte eit vidt vennskapsnettverk. Der heterofile par (og særleg gifte eller sambuande småbarnsforeldre) dreg seg tilbake til samværsmønstra i kjernefamilien, vil homofile og lesbiske lage alternative omsorgsrelasjonar. «Vennskapsfamiliar» kallar Arnfinn Andersen 11 særskilde nettverk mellom eller blant homofile menn. I hovudsak er nettverka bygde opp av andre homofile menn, men også av somme heterofile kvinner. Vennskapsfamiliar er kjenslefellesskap, der medlemmene opplever nærleik og omsorg for kvarandre. Vennskapsfamilien legg rammene for sosial integrering i eit homofilt miljø og sosialiserer til ein identitet som homofil, og gjer på den måten sitt til å gje homofile menn meining i sin livssamanheng og til å stabilisere livet til den enkelte.

Når vi ser på det statistiske materialet som ligg føre om vennskap og sosiale nettverk, stadfester det den kvalitativt baserte undersøkinga med fokus på nære vennskapsnettverk blant homofile menn som Arnfinn Andersen står bak. Det same er også tilfellet for lesbiske kvinner. Når homofile og lesbiske bestemmer seg for å fortelje andre om si seksuelle og emosjonelle orientering, er det gjerne venner og altså ikkje nære familiemedlemmer dei vender seg til først.

Det er viktig å understreke at desse vennenettverka blant homofile ikkje kompenserer for familie. Det er snarare slik: Har ein eit godt vennenettverk, er det dess meir sannsynleg at ein også har eit godt forhold til familien.

Over nitti prosent av både lesbiske og homofile seier at dei har gode og fortrulege venner der dei bur. Det er ingen vesentlege skilje mellom alderskategoriane. Homofile og lesbiske kjem i tillegg svært godt ut når det gjeld relasjonar der det blir knytt lausare band mellom menneske: Omgangskrinsen og andre ein har omgang med meir tilfeldig. Mykje tyder på at lesbiske og homofile tek del i det sosiale livet med «heile seg», i og med at dei fleste er opne om si seksuelle orientering overfor omgangskrinsen: Åtte av ti menn, og ni av ti kvinner svarer at dei fleste veit at dei er homofile eller lesbiske.

7.4.1 Korleis er nettverka samansette?

Samansetninga av dei sosiale nettverka kan fortelje oss noko om kor godt eller dårleg homofile/lesbiske er integrerte både i det homofile miljøet og i samfunnet elles. Mellom unge er det til dømes ein tendens til at dei har fleire heterofile enn homofile og lesbiske venner. Det finst likevel ikkje noko datagrunnlag for å påstå at dette kjem av at dei er dårlegare integrerte i det homofile/lesbiske miljøet eller at dei er betre integrerte i det «allmenne samfunnslivet».

I NOVA-undersøkinga har forskarane prøvd å seie noko om ulike livsformer eller levesett blant homofile og lesbiske ved å sjå nærmare på korleis dei sosiale relasjonane er samansette. Dei skil mellom fire idealtypiske livsformer: Integrerande, segregerande, innkapslande og sosialt isolerte.

Ei integrerande livsform inneber at ein ofte har sosial kontakt med både homofile/lesbiske og heterofile venner, og at ein har omgang med desse vennene samstundes. Ei innkapslande livsform inneber derimot at ein ofte har kontakt med homofile og lesbiske venner, men sjeldan har omgang med heterofile. Her vil dei heterofile og homofile/lesbiske vennene til personen sjeldan eller aldri møte kvarandre. Ei segregerande livsform inneber at ein har sosial kontakt med både heterofile og homofile og lesbiske venner, men at ein sjeldan eller aldri er saman med dei på same tid. Dei sosialt isolerte er dei personane som manglar kontakt med både homofile og heterofile venner.

NOVA-undersøkinga viser at det er små skilnader mellom kjønna i val av livsformer, medan det varierer noko meir med alder. Seks av ti lesbiske og homofile har ei integrerande livsform, medan denne livsforma er minst utbreidd blant eldre og godt vaksne. Tretten til fjorten prosent av respondentane opplyste å ha ei innkapslande livsform. Denne livsforma er likevel sjeldnare blant unge og unge vaksne. To av ti har ei segregerande livsform, og det er blant unge menn og eldre kvinner ho er mest vanleg. Svært få lever sosialt isolert. Eldre kvinner er mest utsette for sosial isolasjon.

7.5 Flukta frå lokalsamfunna - val av bustad

Det finst inga undersøking som gjev sikre tal på korleis lesbiske og homofile fordeler seg på val av bustad. Likevel er det god grunn til å tru at svært mange vel å flytte vekk frå grisgrendte strøk og inn til dei større byane. I Bergh, Bjerck & Lund si undersøking 12 var heile 68 prosent busette i Oslo. Av desse var berre 29 prosent fødde der. I NOVA-undersøkinga bur 54 prosent i Oslo, medan 21 prosent er fødde i hovudstaden. Prosenten innflyttarar til Oslo synest såleis å vere langt høgare blant lesbiske og homofile enn for den generelle befolkninga.

Dersom dette biletet speglar av den reelle situasjonen, kan det vere fleire forklaringar på dette flyttemønsteret. Likevel kan dei delast inn etter to hovudelement: Faktorar som «støyter bort» og faktorar som «dreg til seg». Mange lesbiske og homofile kan oppleve det som problematisk å vere åleine om eller tru ein er åleine om å ha ei anna seksuell og emosjonell orientering. Frykt for eller erfaring med diskriminering kan derfor føre til at mange vel å flytte vekk til ein større stad der ein har større grad av anonymitet, og der ein kan rekne med at toleransen er større.

Samstundes som vi kan seie at landsbygda såleis, indirekte, kan støyte lesbiske og homofile frå seg, dreg dei større byane den same gruppa til seg. Byane står i dag fram som fleirkulturelle livsmiljø og er organiserte på grunnlag av skilnadene mellom menneska som bur der. Ofte finst det rike sosiale og kulturelle miljø og møtestader for homofile og lesbiske, der ein lettare kjem i kontakt med andre homofile og lesbiske. Ikkje berre er det derfor lettare å vere kjærast eller partnar for lesbiske og homofile i byane, det er også lettare å treffe ein kjærast eller partnar.

I NOVA-undersøkinga blir det i fleire samanhengar sett på bustad. Når vi ser på vennskap og omgangskrins, kan vi peike på relativt store skilnader når det gjeld storleiken på byen eller tettstaden der homofile og lesbiske bur. I mindre byar og i grisgrendte strøk svarer til dømes berre to av ti at dei har flest homofile/lesbiske venner. Dette kan for mange skape grunnlag for eit sakn av andre homofile og lesbiske, det gjer identitetsskapinga vanskelegare og kan nok vere utløysande når det gjeld å bryte ut frå lokalsamfunnet.

Dei fleste tiltak mot ein sentraliseringstendens blant homofile vil vere til fånyttes. Ikkje dess mindre må ein erkjenne at få personar med ein homofil eller lesbisk livsstil i distrikta ofte gjer det endå vanskelegare for dei homofile og lesbiske som bur der. Dette kjem til syne når vi ser på samanlikningstal om open veremåte mellom ulike bustadstrøk. Seks av ti menn i grisgrendte strøk, mot åtte av ti i NOVA-utvalet generelt, svarer at dei er opne overfor vennene om si orientering. Ser vi på livsformene til dei same mennene, kjem poenget endå tydelegare fram: Knappe fire av ti i grisgrendte strøk, mot sju av ti blant Oslo-borgarane, lever i ei integrerande livsform. Og medan berre to prosent av homofile menn i Oslo er sosialt isolerte, er heile elleve prosent i grisgrendte strøk det.

7.6 Deltaking i fritidsaktivitetar og kultur

Kunst og kultur inneheld ytringsformer for å auke innlevinga vår i andre menneske sin situasjon. Kulturen er ei viktig drivkraft og ein retningsvisar i samfunnsutviklinga. Kulturopplevingar og kulturdeltaking i eit fellesskap gjev tilhøyrsle og skaper forståing for samanhengar i tilværet. Kulturell eigentryggleik og refleksjonar rundt eigen ståstad er grunnleggjande for å kunne vere ein bevisst og handlande deltakar i samfunnet. Samstundes utviklar kunst og kultur evna vår til å utfordre det etablerte, takle nye situasjonar, presentere nye visjonar og stille kritiske spørsmål. Deltaking i kulturlivet er ei avgjerande kjelde til utvikling og vekst. Det er derfor viktig å vite i kva grad lesbiske og homofile er med i ulike kultur- og fritidsaktivitetar.

Tala frå NOVA-undersøkinga viser ein tydeleg skilnad mellom homofile og lesbiske og den generelle befolkninga. Medan berre sju prosent av lesbiske og homofile ikkje deltok i bestemte kulturaktivitetar i løpet av dei siste 12 månadene, var den tilsvarande delen på heile 35 prosent i den generelle befolkninga. Det same mønsteret går att når det gjeld underhaldningsprega aktivitetar, fysisk aktivitet og i bruken av litteratur (talet på lesne bøker).

Mykje av forklaringa på denne skilnaden kan ein knyte til samansetninga av NOVA-utvalet , med høgt utdanningsnivå og tendens til å bu i byar med kort avstand til eit rikt og variert kulturliv. Men NOVA-undersøkinga konkluderer likevel med at lesbiske og homofile i større grad er aktive i alle desse aktivitetane enn sine jamaldrande også når ein kontrollerer for utdanning og bustad.

I eit komplekst og moderne samfunn som vårt viser denne tendensen at homofile og lesbiske sit inne med viktige ressursar, både når det gjeld meiningsskapande verksemd og aktiv fritid.

7.7 Deltaking i idrettslivet

Vel halvparten av den vaksne befolkninga trenar eller mosjonerer regelfast, det vil seie minst ein gong i veka. 13 Det eksisterer lite kunnskap om tilsvarande deltaking frå lesbiske og homofile i idrettslivet i Noreg. Kor mange er aktive, i kva slags aktivitetar, kva former for deltaking, kor lenge aktive og så vidare, har vi ingen eksakte svar på i dag. NOVA-undersøkinga inneheld nokre data om medlemsskap i idrettslag og deltaking i ulike fritidsaktivitetar inkludert fysisk aktivitet. Men til skilnad frå levekårsundersøkingane i den generelle befolkninga, har ikkje NOVA spurt detaljert etter aktivitetsform eller kva slags idrett. Det er berre to spørsmål som dekkjer fysisk aktivitet, og dei gjeld deltaking i lengre fotturar eller skiturar, og dessutan mosjonert på annan måte, drive med sport eller idrett.

NOVA-undersøkinga viser at dei spurde er like fysisk aktive som befolkninga elles, lesbiske kvinner som kvinner generelt: 55 prosent mot 56, og homofile menn noko mindre enn menn generelt: 48 prosent mot 51. Når det gjeld dei helt inaktive derimot, er det langt fleire inaktive både kvinner og menn i den generelle befolkninga 14 enn blant dei spurde i NOVA-undersøkinga: 22 mot 3 prosent blant dei lesbiske kvinnene, og 26 mot 5 prosent blant homofile menn. Det kan altså tyde på at homofile og lesbiske er meir fysisk aktive enn befolkninga elles. 15

Dersom det stemmer at homofile og lesbiske er meir fysisk aktive enn befolkninga generelt, kva for delar av idrettslivet er det dei deltek i? Er det eigenorganiserte aktivitetar, private kommersielle treningsstudio, eller som aktive deltakarar i idrettar organiserte i Norges Idrettsforbund (NIF)? Sidan NOVA-undersøkinga er så lite detaljert på spørsmåla som gjeld fysisk aktivitet, er det vanskeleg å samanlikne med Levekårsundersøkelsen 16 som konkluderer med at uorganiserte mosjonsaktivitetar (gå turar, gå på ski, symje, jogge,) dominerer blant dei som trenar og mosjonerer minst ein gong i månaden. Men NOVA-undersøkinga har to variablar som kan seie noko om interesse og aktivitet i forhold til den organiserte idretten: Vore tilskodar på eit idrettsarrangement, og er medlem i eit idrettslag Dette blir det spurt om også i Levekårsundersøkelsen. Her er det signifikante skilnader mellom utvalet i NOVA-undersøkinga og Levekårsundersøkelsen (Tabell 7.1).

Det er langt fleire lesbiske kvinner som har vore tilskodar på idrettsarrangement, og tilsvarande færre homofile menn, enn i befolkninga elles. Når det gjeld medlemsskap i idrettslag, er det fleire lesbiske kvinner som er medlem enn kvinner generelt, og motsett når det gjeld homofile menn kontra menn i befolkninga generelt. Det kan altså tyde på at homofile menn mykje sjeldnare deltek i idrettslivet som medlem i idrettslag og som tilskodar på idrettsarrangement i motsetning til både menn og kvinner generelt. Tala for lesbiske kvinner derimot kan på begge desse spørsmåla samanliknast med menn i befolkninga elles.

Tabell 7.1 . Delar i den generelle befolkninga, og blant lesbiske kvinner og homofile menn som har vore tilskodar på eit idrettsarrangement minst ein gong i løpet av siste 12 mnd., og del som er medlem i eit idrettslag. Prosent

KvinnerMennAlle
Tilskodar på idrettsarrangement
NOVA-undersøkinga 19985334
Levekårsundersøkelsen 1997466053
Medlemsskap i idrettslag
Nova//undersøkinga 1998312125 (171)
Levekårsundersøkelsen 1997233328

1 Del av desse i idrettslag for homofile

Kjelde: Kjelde: NOVA-undersøkinga, 1998 og Levekårsundersøkelsen Statistisk sentralbyrå, 1997.

Av dei totalt sett 25 prosent som er medlem i idrettslag, er 17 prosent medlem i idrettslag for lesbiske og homofile organiserte gjennom Landsforeningen for Lesbisk og Homofil frigjøring (LLH). Deltakinga i desse laga eller gruppene krev gjerne at deltakarane er opne med at dei lever homofilt, fordi gruppene ofte er offentleg kjende (gjennom blant anna annonsering) som «homoidrettslag», og at dei i konkurranseaktiviteten er kjende som til dømes det homofile/lesbiske handballaget i serien eller turneringane. Når så mange som 17 prosent oppgjev medlemsskap i desse laga, stemmer det overeins med at utvalet i NOVA-undersøkinga er overrepresentert av lesbiske og homofile som er heilt eller delvis opne med si seksuelle orientering. Vi kan derfor ikkje konkludere med at fleirtalet av homofile/lesbiske idrettslagsmedlemmer generelt er medlem i eigne «homoidrettslag» slik det ser ut i Tabell 7.1. Det er grunn til å tru at dei som lever ope om sin seksualitet, ikkje finn seg så godt til rette i heteronormative idrettsmiljø.

Samanhalde med større forskingsbidrag frå utlandet er det mogleg å sjå konturane av nokre mønster når det gjeld opplevingar og erfaringar homofile og lesbiske har i idrettslivet. Desse erfaringane kan kort samlast i tre sider ved idretten som verkar inn på opplevingar ved å delta i idrettslivet: 1. «Maskuline» og «feminine» idrettar, 2. Einkjønna arenaer, 3. Deltaking i toppidrett.

7.7.1 «Maskuline» og «feminine» idrettar

Myten om at homofile menn er meir feminine og lesbiske kvinner meir maskuline enn heterofile, kan få spesielle konsekvensar for deltaking i idrett. Generelle oppfatningar om kva som er maskulint og feminint, speglar seg av i synet på kva for fysiske aktivitetar som er typiske kvinne- og mannsidrettar, og av det også allmenne oppfatningar om kvar lesbiske og homofile er med dersom dei er aktive i idrett. Dette har til dømes gjeve eit fokus på kvinnefotballen som ein sannsynleg arena for lesbiske, eller dans og ulike estetiske idrettar som spesielt eigna for homofile menn. Ei slik gruppering kan føre til auka rekruttering av homofile og lesbiske, og noko meir open innstilling og meir toleranse for homoseksuelle i dei aktuelle idrettsmiljøa.

Samstundes er det også slik at oppfatningar om femininitet og maskulinitet fører til homofobi og trakassering av lesbiske/homofile. Når det gjeld idretten, råkar dette spesielt, fordi nokre aktivitetar som nemnt blir karakteriserte som «maskuline» og «feminine» idrettar. Å vere deltakar i ein «maskulin idrett» som blir assosiert med manndom og maskuline verdiar og eigenskapar, styrkjer stadfestinga av eigen identitet som maskulin gut eller mann. Innslag av feminine verdiar eller personar, oppførsel og så vidare i dette idrettsmiljøet kan derfor verke trugande for deltakarar som ventar seg eit miljø som er maskulint og mandig nok. Og dei som gjerne står som representantar for det feminine, er jenter/kvinner eller homofile gutar/menn som andre ser på som feminine og ikkje ordentleg mandige.

Når det gjeld lesbiske, er skepsisen knytt til myten om ein mannhaftig person. Ho kan bli sett på som ukvinneleg og lite attraktiv ut frå offentlege ideal og estetikk omkring kvinnekjønnet. Lesbiske idrettsaktørar kan dermed verke trugande for rykte og posisjon til det kvinnelege idrettsmiljøet som ein attraktiv arena for kvinner generelt.

Homofobi kan råke på to måtar: Som trakassering av lesbiske og homofile i miljøet, og som trakassering av heterofile som blir mistenkte for å vere homofile, eller ofte berre for å vere feminine eller for maskuline, og dermed representantar for eit uønskt og negativt innslag i miljøet. Det råkar også jenter eller gutar generelt som står fram med brot på dei maskuline eller feminine krava, til dømes å bli mobba som homo dersom du som gut viser teikn på veikskap, vare kjensler, redsel, prestasjonsangst osv.

Lesbiske og homofile løyser dette gjerne på to måtar: anten ved å ikkje vere opne med sin seksualitet i miljøet, eller ved å framstå som nok maskuline menn eller feminine kvinner for ikkje å bli utsette for homofobi. Ein annan måte å løyse det på er sjølvsagt å velje dei aktivitetane der forventningane til maskulinitet/femininitet ikkje er så tydelege og "strenge". Det trengst meir kunnskap på dette feltet, særleg for å kunne arbeide ut eigna tiltak som kan redusere homofobi.

7.7.2 Einkjønna arenaer

Idrettsmiljøet er på mange måtar einkjønna som arena fordi mange av aktivitetane er delte på kjønn: Fleire idrettar og aktivitetar blir drivne separat for kvart kjønn, og somme idrettar er dominerte av eitt kjønn. Dette er særleg tydeleg i lagspel, men også i individuelle idrettar som blir dominerte av mannlege eller kvinnelege deltakarar (t.d. skihopp for menn og rytmisk sportsgymnastikk eller aerobic/fitness for kvinner). Når det gjeld barne- og til dels ungdomsidretten, er det vanleg å organisere aktivitetane på tvers av kjønn fram til utøvarane når ein viss alder der ein ser det som naturleg å dele inn i reine jente- og gutelag. Heilt einkjønna treng likevel ikkje det sosiale miljøet i idrettslivet vere. Det er til dømes vanleg i mange idrettslag å tilby både gute- og jentelag i til dømes handballgruppa, slik at det sosialt sett er ei blanda kjønnsgruppe i idrettslaget.

Sidan homofile og lesbiske forelskar seg og søkjer partnarar, og dessutan stadfesting på eigen seksuell identitet, i personar av same kjønn, kan einkjønna arenaer vere av spesiell verdi for denne gruppa.

I kor stor grad idretten som ein einkjønna arena blir opplevd som positivt eller negativt for lesbiske og homofile, er i sin tur avhengig av kor aksepterande og ope miljøet er og om det er utan homofobi. Homofobi kjem også til uttrykk verbalt (vitsing, nedsetjande kommentarar osv.) slik at ein heller ikkje som skjult lesbisk/homofil slepp unna. Homofobi kan kome til uttrykk når den homofile eller lesbiske ope gjev til kjenne sin seksualitet gjennom forelsking, flørt og anna seksuell tilnærming. Med andre ord er det ikkje alltid like lett for lesbiske/homofile å ta initiativet til romantikk og kjærasteforhold utan å vere utrygg for å bli råka av homofobi og vald eller trakassering. Dersom vi tenkjer på ungdomstida som ein periode der dei unge er ekstra opptekne av romantikk, flørt og seksuelle relasjonar, kan det føre til fråfall av unge homofile og lesbiske frå idretten, fordi dei ikkje opplever å ha høve til å utforske sin seksualitet og etablere kjærasteforhold og liknande i miljøet. Dersom det derimot er eit idrettsmiljø som uttrykkjer lite redsel og forakt for lesbiske og homofile, kan det potensiale for romantikk og seksuelt gjensvar som ligg i einkjønna arenaer med mykje kroppsnærleik, opplevast som positivt og attraktivt for ein homofil eller lesbisk deltakar. Kanskje meir enn for heterofile som opplever einkjønna sosiale miljø som ikkje-seksuelle.

7.7.3 Deltaking i toppidrett

Vi har i dag nokre få lesbiske og homofile toppidrettsutøvarar som er opne i media omkring sin seksualitet. Deltaking i toppidrett aktualiserer problema rundt å vere open som homofil eller lesbisk, fordi mediemerksemda i somme tilfelle kan vere ekstremt stor. Ein slik mediesituasjon vil kunne auke presset endå meir når det gjeld frykt for homofobiske reaksjonar. Kombinasjonen med ekstreme krav til idrettsprestasjon og behov for ro til fokusering på idrettsinnsatsen, skaper ein situasjon der risikoen for å mislykkast er stor, og der det er viktig å kontrollere alle faktorar som kanskje kan påverke situasjonen negativt. Moment som heltedyrking, nasjonalisme og synet på idrettsutøvarar som ambassadørar for landet i internasjonale meisterskapar, appellerer til utøvaren om å stå fram som gode førebilete for andre. I eit samfunn der homoseksualitet mellom anna blir assosiert med uønskt seksuell åtferd, marginaliserte befolkningsgrupper og eit tabulagt privatliv, kan det vere vanskeleg for den det gjeld å sjå at å vere open rundt sin seksualitet vil slå ut som ein fordel for ein høgprofilert toppidrettsutøvar. Vi har i dag lite kunnskap om kor vidt dette fører til eit stort fråfall av lesbiske og homofile deltakarar i toppidretten, eller om dei er godt representerte som skjulte homofile og lesbiske toppidrettsutøvarar.

7.8 Tiltak

Det viser seg at lesbiske og homofile generelt har gode sosiale nettverk, og at dei i stor utstrekning tek del i kultur- og fritidsaktivitetar. Faktisk kjem den homofile og lesbiske befolkninga betre ut på desse viktige livskvalitetsmåla enn den generelle befolkninga. I tillegg har homofile og lesbiske stort sett eit godt forhold til opphavsfamiliane sine. Samstundes registrerer vi at stadig fleire er opne om si seksuelle og emosjonelle orientering, både i forhold til venner og kjenningar. Men det viser seg også at mange foreldre har problem med å reagere positivt på homoseksuell orientering hos barna sine.

Regjeringa ser det som viktig å styrkje kunnskapen om og forståinga for homofile og lesbiske overfor foreldregruppa. Dette er viktig for å førebyggje negative reaksjonar i møte med at eigne barn erkjenner og fortel om eiga seksuell orientering. Dette kan til dømes skje gjennom foreldrerettleiingsprogrammet (sjå kapittel 4).

På bakgrunn av undersøkingar er det god grunn til å rekne med at mange lesbiske og homofile vel å flytte frå dei opphavlege lokalsamfunna sine og inn til dei større byane. Mange gjer dette av grunnar som utdanning, arbeidsmarknad osv. Men også ønsket om å bli med i et rikare og meir variert homofilt/lesbisk miljø er ein avgjerande grunn til oppbrot frå heimbygda. Nokre blir likevel buande att på mindre stader, og det kan synast som ein del av dei har relativt svake sosiale nettverk.

Stortinget har slått fast at idrett og fysisk aktivitet for alle skal vere hovudmålet for idrettspolitikken (St.meld. nr. 14 (1999-2000)). Grunngjevinga for statleg medverknad og økonomiske støtteordningar til idrettsformål er basert på både eigen- og nytteverdi av idrett og fysisk aktivitet. I St. meld. nr. 14 (1999-2000) Idrettslivet i endring blir dette omtalt slik:

«Med egenverdi menes den opplevelse selve utøvelsen av aktivitet gir i form av glede og mestring. Idrett har videre ofte vært ensbetydende med deltakelse i et fellesskap, som både har verdi for den enkelte og for samfunnet, gjennom etablering av nettverk og organisasjoner. Idrettens nytteverdi er fra statens side særlig knyttet til helseperspektivet. Den positive effekt som fysisk aktivitet har som en del av det forebyggende helsearbeidet, bidrar til å styrke berettigelsen for statlig støtte.»

Tala frå NOVA-undersøkinga seier at homofile og lesbiske deltek i idrettslivet, lesbiske kvinner meir enn homofile menn. Ein ser det derfor som viktig å finne fram til meir kunnskap om kor vidt verdien av idrett og fysisk aktivitet ser ut til å vere like positiv i den lesbiske og homofile befolkningsgruppa som i befolkninga elles. Det er også nødvendig med meir kunnskap om kor vidt ønske og behov hos homofile og lesbiske for å delta i idrett, også toppidrett, blir tillagt nok vekt, slik at visjonen idrett og fysisk aktivitet for alle også gjeld for denne gruppa.

Homofobi forstått som irrasjonell frykt for homoseksualitet er generelt til stades i eit heteronormativt samfunn som Noreg. Vi kan derfor rekne med at negative haldningar til lesbiske og homofile finst i ulike idrettsmiljø på lik linje med andre miljø i vår kultur.

Regjeringa gjer framlegg om desse tiltaka:

  • Det vil bli utarbeidd informasjon retta mot dei politiske styresmaktene og tenesteapparata i kommunane.

  • Departementet vil støtte organisasjonane til lesbiske og homofile i arbeidet deira med å skape lokale nettverk for lesbiske og homofile, slik at dei som vel å bli buande i sine lokalmiljø utanom dei større byane, lettare kan finne eit lesbisk/homofilt miljø (sjå kapittel 11).

  • Departementet oppmodar NIF til eit aktivt engasjement når det gjeld integrering av homofile og lesbiske i idrettsrørsla. Spørsmål som gjeld situasjonen for lesbiske og homofile i idrettslivet, bør inngå som ein naturleg del av utdanningssystemet i NIF.

  • Forskings- og utviklingsarbeid i forhold til homofil og lesbisk ungdom i idretten bør styrkjast.

Fotnotar

1.

Sjå Nils Christie (1975) Hvor tett et samfunn? Oslo: Universitetsforlaget.

2.

Brantsæter, Marianne (1990) Om kjønnets logikk - i et lesbisk perspektiv: Intervjuer med lesbiske kvinner om deres erfaringer i arbeidslivet. Hovudoppgåve i sosiologi, Universitetet i Oslo.

3.

Bergh, Bjerck & Lund (1978) op.cit. SOU 1984: 63. Homosexuella och samhället. Betänkande av utredningen om homosexuallas situation i samhället. NOVA-undersøkinga.

4.

Bergh, Bjerck & Lund (1978) op.cit., SOU 1984: 63 op.cit., NOVA-undersøkinga.

5.

Omkring halvparten av aldersgruppa over 60 år svarer at dei fleste vennene veit at dei er homofile eller lesbiske.

6.

Sjå Henriksson, Benny (1995) Risk factor love. Homosexuality, sexual interaction and HIV-prevention. Institutionen för socialt arbete. Göteborgs universitet.

7.

Bergh, Bjerck & Lund (1978) op.cit.

8.

Størstedelen av 1800-talet i Noreg.

9.

Frønes & Brusdal (2000) På sporet av den nye tid. Kulturelle varsler for en nær fremtid. Bergen: Fagbokforlaget.

10.

Frønes & Brusdal (2000) op.cit. Sosialt utsyn 2000, SSB.

11.

A. Andersen (1987) Coming out, coming home. Vennskap som sosial strategi. Hovudoppgåve i sosiologi, Universitetet i Oslo.

12.

Bergh, Bjerck & Lund (1978) op.cit.

13.

Levekårsundersøkelsen 1997, SSB.

14.

Levekårsundersøkelsen op.cit.

15.

Desse resultata må ein vurdere ut frå at utvalet i NOVA-undersøkinga ikkje er tilfeldig uttrekt (sjå NOVA: Rapport 1/99, s. 139-140), og kan derfor ikkje direkte samanliknast med tal frå Levekårsundersøkelsen. Utvalet i NOVA-undersøkinga viste seg å vere samansett av fleire personar med høgare utdanning og forholdsvis god inntekt, enn i den generelle befolkninga. Når det gjeld spørsmålet om fysisk aktivitet og deltaking i idrettslivet, forklarer NOVA det også med at utvalet i større grad ser ut til å nytte seg av kulturelle og underhaldsningsprega fritidstilbod enn kvinner og menn generelt. Resultata frå Levekårsundersøkelsen (1997) viser at det også i normalbefolkninga er dei med høg utdanning som trenar mest. Når utvalet i NOVA-undersøkinga er dominert av gruppa høgt utdanna, forklarer det til ein viss grad kvifor dei skårar så høgt på fysisk aktivitet, og dermed truleg ikkje kan seiast å vere representantive for homofile/lesbiske generelt.

16.

Op.cit.

Til forsida