St.prp. nr. 52 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 146/2005 av 2. desember 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/54/EF (elektrisitetsdirektiv II), direktiv 2003/55/EF (gassmarkedsdirektiv II), forordning 1228/2003/EF (grensehandel) og kommisjonsavgjerd 2003/796/EF (europeisk gruppe av reguleringsstyresmakter)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn og målsetjing med rettsaktene

Føremålet med rettsaktene i EUs energimarknadspakke er å medverke til ei vidare utvikling av verkemåten til den indre energimarknaden gjennom betringar med omsyn til elektrisitetsdirektiv I (96/92/EF) og gassmarknadsdirektiv I (98/30/EF). Rettsaktene byggjer på ei stadfesting av at det var naudsynt med endringar på sentrale punkt og ei ytterlegare harmonisering av regelverket. Den harmoniseringa av regelverket som har skjedd mellom land på bakgrunn av elektrisitetsdirektivet og gassmarknadsdirektivet, la eit godt grunnlag for den vidare regelverksutviklinga. Den nye energimarknadspakka frå 2003 speglar likevel av at det var ønskjeleg å justere timeplanen for marknadsopninga og medverke til betre harmonisering av reglane for tilgang til overførings- og distribusjonsnetta, i tillegg til å klargjere funksjonane til dei systemansvarlege og den rolla som nasjonale reguleringsstyresmakter skal ha i den indre energimarknaden.

Kommisjonsavgjerda om skiping av ei gruppe europeiske reguleringsstyresmakter vitnar om at reguleringsstyremaktene vert trekte inn for å gje råd til EU-kommisjonen i den vidare regelverksutviklinga. Ettersom den indre energimarknadspakka er basert på art. 95 (den indre marknaden), er ho EØS-relevant. Kommisjonavgjerda om skiping av ei gruppe europeiske reguleringsstyresmakter for elektrisk kraft og gass er basert på det vidare arbeidet med gjennomføring av direktiva (2003/54/EF og 2003/55/EF). Det er difor naturleg at kommisjonsavgjerda (2003/796/EF) òg vert innlemma i EØS-avtala.

Til forsida av dokumentet