St.prp. nr. 52 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 146/2005 av 2. desember 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/54/EF (elektrisitetsdirektiv II), direktiv 2003/55/EF (gassmarkedsdirektiv II), forordning 1228/2003/EF (grensehandel) og kommisjonsavgjerd 2003/796/EF (europeisk gruppe av reguleringsstyresmakter)

Til innhaldsliste

7 Vurdering og konklusjon

Elektrisitetsdirektivet legg til rette for ein marknadsdsbasert kraftomsetnad innanfor EØS-området. Forordninga om handel med elektrisitet over landegrensene utgjer ei ramme for reguleringa av kraftutvekslinga med utlandet. Den har føresegner som på norsk side i hovudsak rettar seg mot den norske systemansvarlege, Statnett SF, og aktørar som er direkte knytte til sentralnettet. Statnett vil ta del i eit europeisk oppgjerssystem og ei kompensasjonsordning for bruk av sentralnetta i Europa i samband med kraftutveksling mellom statane, og det vert fastsett regelverk for kraftutveksling mellom land og tariffering av elektrisitetsnettet.

I tillegg vil det vere mogleg for norske styresmakter gjennom deltaking i ein komité som vert leidd av EU-kommisjonen, å kome med norske synspunkt om vidare utvikling av regelverk innanfor forordninga. I praksis tek Noreg del i denne typen arbeid i dag, men ei avgjerd i EØS-komiteen inneber ei formalisering innanfor EØS.

Gjennom ei stadfesting i EØS-komiteen av kommisjonsavgjerda om skiping av Gruppa av europeiske reguleringsstyresmakter for elektrisk kraft og gass, vil Noreg verte trekt sterkare inn i det overnasjonale samarbeidet på dette feltet.

Det er ein føremon for Noreg at energimarknadspakka vert innførd. Klarare og meir bindande regelverk for landa legg til rette for ei meir effektiv og sikker kraftutveksling med utlandet, og medverkar til å sikre forsyningstryggleiken i Noreg. Forordninga medverkar mellom anna til at importmoglegheitene kan utnyttast fullt ut og gjer situasjonen meir føreseieleg når det gjeld importmoglegheiter i år med lite tilsig til norske vasskraftverk.

Avgjerda i EØS-komiteen inneber at Noreg gjennom gassmarknadsdirektiv II har status som marknad under oppbygging.

Olje- og energidepartementet tilrår på bakgrunn av dette at Noreg godkjenner avgjerd i EØS-komiteen nr. 146/2005 av 2. desember 2005 om innlemming av «energimarknadspakka» og kommisjonsavgjerd 2003/796/EF i vedlegg IV til EØS-avtala (energi). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Til forsida