St.prp. nr. 52 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 146/2005 av 2. desember 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/54/EF (elektrisitetsdirektiv II), direktiv 2003/55/EF (gassmarkedsdirektiv II), forordning 1228/2003/EF (grensehandel) og kommisjonsavgjerd 2003/796/EF (europeisk gruppe av reguleringsstyresmakter)

Til innhaldsliste

4 Avgjerda i EØS-komiteen

I innleiinga vert det vist til at EØS-avtala, og særleg artikkel 98, gjer det mogleg å endre avtala ved avgjerd i EØS-komiteen. Vidare vert det slått fast at elmarknadsdirektiv II, gassmarknadsdirektiv II, forordninga og kommisjonsavgjerd 2003/796/EF om skiping av Gruppa av europeiske reguleringsstyresmakter for elektrisk kraft og gass, skal innlemmast i EØS-avtala.

Direktiv 2003/54/EF og direktiv 2003/55/EF erstattar direktiv 90/547/EØF om transitt av elektrisk kraft og direktiv 91/296/EØF om transitt av naturgass.

Artikkel 1 omfattar den nye ordlyden i punkt nr. 20-23 i vedlegg IV til EØS-avtala (sjå heile avgjerda i EØS-komiteen i vedlegg I).

Det er gjort ei tilpassing i punkt 20 om forordninga. Tilpassinga inneber at kompetansen til Kommisjonen til å skrive ut bøter i medhald av artikkel 12 nr. 2 i forordninga, med omsyn til EØS/EFTA-statane vert overførd til reguleringsstyresmaktene i EØS/EFTA-statane. Med omsyn til møteverksemd som er førespegla i komiteen som er skipa i medhald av artikkel 13 i forordninga, skal representantar frå EØS/EFTA kunne ta del for fullt i arbeidet til komiteen, men ikkje kunne røyste. Grunnen er at nye retningslinjer eller endringar av eksisterande retningslinjer må oppfattast som nye fellesskapsrettsakter som krev avgjerd i EØS-komiteen, i samsvar med artikkel 98 i EØS-avtala.

Det er gjort ei presisering og tilpassing i punkt 2 boktstav g) i avgjerd i EØS-komiteen om gassmarknadsdirektiv II. Den første kommersielle forsyninga av naturgass i Noreg fann stad 10. april 2004, og Noreg skal difor oppfattast som ein marknad under oppbygging for naturgass, jf. artikkel 2 nr. 31. Dei unntaka som er gjevne i artikkel 28 nr. 2 skal difor gjelde for Noreg.

Artikkel 2 slår fast at direktivteksta på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal gjelde.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen tek til å gjelde 3. desember 2006, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala. For Noregs del inneber dette at det vert innhenta samtykke frå Stortinget, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen. Fristen for å melde tilbake til EØS-komiteen om at Stortinget har gjeve samtykke til avgjerda i EØS-komiteen er 2. juni 2006.

I tilknyting til avgjerda i EØS-komiteen vart det gjeve ei felles fråsegn frå EFTA-statane og Det europeiske fellesskapet om at nye retningslinjer eller endringar av eksisterande retningslinjer må oppfattast som nye fellesskapsrettsakter som krev avgjerd i EØS-komiteen, i medhald av artikkel 98 i EØS-avtala.

Til forsida av dokumentet