St.prp. nr. 52 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 146/2005 av 2. desember 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/54/EF (elektrisitetsdirektiv II), direktiv 2003/55/EF (gassmarkedsdirektiv II), forordning 1228/2003/EF (grensehandel) og kommisjonsavgjerd 2003/796/EF (europeisk gruppe av reguleringsstyresmakter)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/54/EF om felles reglar for den indre marknaden for elektrisitet (elektrisitetsdirektiv II), europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/55/EF om felles reglar for den indre marknaden for gass (gassmarknadsdirektiv II) og europaparlaments- og rådsforordning (EF) 1228/2003 om vilkår for tilgang til nett for overføring av elektrisk kraft over landegrensene, vart vedtekne i Rådet 26. juni 2003. Fristen for gjennomføring av rettsaktene i nasjonal rett innanfor EU var 1. juli 2004. Til saman utgjer desse rettsaktene EUs «energimarknadspakke». I tillegg til energimarknadspakka omfattar avgjerda i EØS-komiteen òg kommisjonsavgjerd 2003/796/EF om skiping av ei gruppe reguleringsstyresmakter for elektrisitet og gass.

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 146/2005 av 2. desember 2005 vart det vedteke at «energimarknadspakka» og kommisjonsavgjerd 2003/796/EF skal innlemmast i vedlegg IV til EØS-avtala (energi).

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa av rettsaktene gjer det naudsynt med lovendringar. Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen er difor naudsynt i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerda i EØS-komiteen og rettsaktene i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som vedlegg til proposisjonen.

Til forsida av dokumentet