St.prp. nr. 80 (1996-97)

Om oppfølging av samordning av dei statlege bustøtteordningane

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

Kommunal- og arbeidsdepartementets bustøtteordning og Sosial- og helsedepartementets butilskotsordning vart samordna ved Stortinget sitt vedtak den 23. januar 1997, jf. St prp nr 19 (1996-97), Innst. S. nr. 99 (1996-97), stortingsdebatten og stortingsvedtaket av den 23. januar 1997. I denne proposisjonen blir det gjort greie for departementet si oppfølging av vedtaket om samordning av dei statlege bustøtteordningane. Mellom anna fekk departementet fullmakt til å fastsetje satsane i regelverket for den nye bustøtteordninga. Det blir vidare gjort greie for konsekvensane av bustøtteutbetalingane som følgjer av det nye regelverket.

Vi har no ei god og rettvis statleg bustøtteordning for pensjonistar og trygda. Resultata av utbetalinga viser at bustøtta vart omfordelt slik regjering og Storting la til grunn. Pensjonistar med same inntekter og buutgifter får no like mye i bustøtte frå staten. Tidlegare fekk nokre pensjonistar mindre og nokre meir i bustøtte mellom anna avhengig av kommunal praksis ved godkjenning av buutgifter før tildeling av butilskotet.

I samband med stortingsdebatten 23. januar 1997 sa Kommunal- og arbeidsministeren følgjande:

«Eg vil difor no nytte høvet til å informere Stortinget om at eg kjem tilbake til Stortinget med ei brei vurdering av regelverket for bustøtta, både med omsyn til bustadavgrensinga og andre avgrensingar i regelverket, som t d dei øvre grensene for buutgifter.»

Med grunnlag i dette har departementet nøye gått gjennom resultata av utbetalinga av 1. termin og vurdert konsekvensane for den einskilde mottakarar, jf kap 3 og 4. I lys av dette varslar departementet forbetringar i regelverket, jf kap 5.

I proposisjonen varslar departementet at satsane for dekningsprosenten vil bli auka frå 60 til 70 prosent. Buutgiftstaket blir auka med 5 000 kroner for alle hushald. Desse to forbetringane i regelverket får tilbakeverkande kraft. I tillegg vert det varsla at det blir etablert ei overgangsordning for dei som har tapt på omlegginga. Desse tre tiltaka blir dekt gjennom dei 100 mill kronene som er disponible innanfor løyvinga i 1997, og ved framlegg om ei ny løyving på 80 mill kroner. Regjeringa gjer framlegg om ei inndekking gjennom ein reduksjon i løyvinga til Husbanken sitt risikofond (kap 2412 post 70) med 80 mill kroner.