St.prp. nr. 80 (1996-97)

Om oppfølging av samordning av dei statlege bustøtteordningane

Til innholdsfortegnelse

4 Vurdering av resultata

Resultata av utbetalingane frå 1. termin er i hovudsak i samsvar med dei resultata som var forventa i St prp nr 19, kap 6 og som låg til grunn for Stortingets vedtak. For å tilpasse regelverket til budsjettramma sette KAD budsjettrammene dekningsgraden til 60 prosent. Dette har ført til at det står om lag 100 mill kroner i unytta midlar. Dette har ført til at nokon fleire har fått reduksjon og nokon færre har fått auke enn det ein rekna med. Det viser seg óg å vere fleire som har fått store reduksjonar som følgje av samordninga enn det som var forventa.

I samsvar med det som var forventa, syner resultata at dei aller fleste av dei som berre var mottakarar av bustøtte frå Husbanken har fått ein auke i bustøtten. Dette er statistisk dokumentert og presentert i kap 3. Når det gjeld dei som tidlegare fekk butilskot frå kommunane, kan vi, som nemnt i kap 3, ikkje gjennomføre den samme statistiske analyse. Dette fordi departementet diverre ikkje har opplysningar frå kommunane om mottakarar av butilskot i 1996; korkje kven dei var eller kor mykje dei fekk. Vi kan difor ikkje direkte samanlikne resultata for å finne ut kven som har fått meir og kven som har fått mindre i samla bustøtte. I kap 3 baserer departementet sin konsekvensanalyse på det vi veit om butilskotsmottakarar gjennom den utvalsundersøkinga som vart gjennomført i samband med arbeidsgrupperapporten om bustøtte. Det var konsekvensanalysar frå denne rapporten, og høyringssvar til rapporten, som låg til grunn for St prp nr 19. I tillegg til forarbeidet til St prp nr 19, har departementet i år oppmoda kommunane om å sende inn opplysningar om utbetalt butilskot i 1996 og utbetalt bustøtte i 1997. Det materialet som ein del kommunar til no har sendt inn, har gitt nyttig informasjon i arbeidet med denne proposisjonen.

Som varsla i St prp nr 19 (1996-97) er det særleg mottakarar av butilskot som no har fått redusert bustøtte, særleg dei mottakarane som har fått frå begge ordningane. Resultatet syner at om lag 75 pst av desse mottakarane har fått redusert bustøtte. I St prp nr 19 (1996-97) forventa ein at 61 pst av desse mottakarane ville få redusert bustøtte:

«Videre får anslagsvis 22 prosent en reduksjon fra 0 til 2 000 kroner og 39 prosent en reduksjon på mer enn 2 000 kroner. Det vil si at tyngdepunktet får ein mindre endring i av støttenivå, mens anslagsvis 12 prosent får ein reduksjon på over 5 000 kroner og 10 prosent får en økning av støtte på over 5 000 kroner.»

I St prp nr 19 (1996-97) vart det gjort greie for fire grupper som ville få ein reduksjon i støtte som følgje av samordninga:

  1. 1.

    Dei som har motteke støtte frå begge ordningane samstundes.

  2. 2.

    Dei som har særleg høge buutgifter.

  3. 3.

    Dei som har store formuar.

  4. 4.

    Dei som går over frå utrekna inntekt til faktisk inntekt.

I St prp nr 19 heitte det vidare:

«De som får slike store reduksjoner i bostøtteutbetalinger som følge av samordningen er de som i dag får støtte fra begge ordninger, de med svært høye boutgifter og de med høye formuer. I tillegg kan en overgang fra beregna inntekt til faktisk inntekt gi redusert bostøtte. Dette gjelder i hovedsak uførepensjonister som har fått lagt til grunn minstepensjonen på 63 000 kroner som beregnet inntekt, mens den faktiske inntekten er på omlag 98 000 kroner.»

Resultatet av utbetalinga i 1. termin viser at dei som har fått den store reduksjonen i støtte i hovudsak er nettopp dei som har fått støtte frå begge ordningane samstundes, og som har særs høge buutgifter og eventuelt og høge formuar. Dette er og vist i dei to fyrste døma i kap 3 og i kap 5.

Som det har vore peika på tidlegare veit vi ikkje korleis den einskilde kommune faktisk har utbetalt butilskot til den einskilde søkjar. I retningslinene frå staten har det stått uttrykkeleg at dekningsprosenten skal vere lik mellom kommunar. Innanfor den einskilde kommune skulle òg dekningsprosenten være lik for søkjarar med same inntekt og buutgift, og kunne berre bli variert etter nærare definert regelverk i dei statlege retningslinene. Retningslinene fastsette òg at eventuell bustøtte frå Husbanken skulle bli trekt frå dei buutgiftene som gir rett til stønad. Dette inneber at det berre var den prosentdel av bustøtte frå Husbanken som svarar til dekningsprosenten, som faktisk vart forutsett trekt frå i høve til retningslinene.

Det er uklårt om kommunane fullt ut har følgd dei statlege retningslinene, mellom anna når det gjeld dekningsprosent og avrekning av bustøtte. Det som likevel verkar klårt, er at nokre kommunar har akseptert høgare buutgifter enn det som var føresett i retningslinene frå staten. Departementet har motteke og gjennomgått døme på at butilskot har dekt 42 000 kroner av buutgifter på 53 000 kroner, eller om lag 75 prosent av buutgiftene. Dersom kommunen hadde følgt retningslinene frå staten, skulle støtta ha dekt 45 prosent av buutgiftene med ein slik kombinasjon av inntekter og buutgifter.

Som bakgrunnsmateriale for den rapporten, som vart sendt på offentleg høyring og som vart lagt til grunn for St prp nr 19 (1996-97), gjorde. Kommunal- og arbeidsdepartementet ei utvalsundersøking. Denne var, som nemnd, basert på opplysningar frå 40 prosent av mottakarane av butilskot. Undersøkinga synte at ein del minstepensjonistar hadde særleg høge buutgifter før utrekninga av butilskotet, heilt opp til 120 000 kroner. Utgifter til lys og straum var for einskilde mottakarar opp til 60 000 kroner. Når ein legg til grunn buutgifter på 120 000 kroner, og elles følgjer retningslinene frå staten for utrekning av butilskot, kunne ein med slike godkjende buutgifter få butilskot på om lag 60 000 kroner. Dersom ein slik mottakar òg fekk bustøtte frå Husbanken, kunne den samla statlege støtta kome opp i 80 000 kroner pr år. Til samanlikning er gjennomsnittet for både utbetalt butilskot og utbetalt bustøtte i 1996 på om lag 12 000 kroner.

I retningslinene frå staten går det fram at grunnlaget for utrekning av butilskot skal vere nøkterne buutgifter. Skilnader i kommunal praksis, særleg når det gjeld fastsetjing av buutgifter og fastsetjing av kommunal husleige, har ført til store skilnader i støttebeløp for hushald i lik situasjon med omsyn til buutgifter og inntekter. Dersom dei som på denne måten har fått særleg høg bustøtte skulle vere malen for alle med tilsvarande inntekter og bustadutgifter, måtte løyvinga til butilskot/bustøtte auke med over ein milliard kroner.

Det er departementet si vurdering at dei store reduksjonane i bustøtte til einskilde er rett i høve til intensjonane med samordninga. Det er likevel slik at det for den einskilde pensjonist med svært låg inntekt og høg buutgift, og som har tilpassa seg til eit stort butilskot, vil kunne få problem med å makte buutgiftene med det no reduserte støttenivå. I kap 5 gjer departementet greie for tre forbetringar som samla vil gi ein svært høg kompensasjon for minstepensjonistar med høge buutgifter som har fått store reduksjonar i bustøtte.