St.prp. nr. 80 (1996-97)

Om oppfølging av samordning av dei statlege bustøtteordningane

Til innholdsfortegnelse

3 Resultata av utbetalinga frå 1. termin 1997

Totalt 93 166 husstander fekk bustøtte 1. termin 1997. Av desse er det 77 300 alders-, uføre- og etterlattepensjonistar og 15 866 barnefamiliar. Den gjennomsnittlege utbetalinga til barnefamiliane er uendra frå 1996 til 1997. Reglane for bustøtte til barnefamiliar er ikkje endra frå 1996 til 1997. Bustøtte til barnefamiliar blir difor ikkje nærmare omtalt i denne proposisjonen.

Den gjennomsnittlege utbetalinga til alders-, uføre- og etterlattepensjonistar er 3 517 kroner pr termin, eller 10 550 kroner pr år. Bustøtta utgjer i gjennomsnitt 32 prosent av godkjende buutgifter. Dette er ein auke samanlikna med i fjor. Det vil seie at bustøtta no i gjennomsnitt dekkjer ein større del av buutgiftene enn det ho gjorde i 1996.

Av 77 300 alders-, uføre- og etterlattepensjonistar som fekk bustøtte i 1997, var det om lag 28 500 som i 1996 fekk bustøtte frå begge ordningane. Vidare var det om lag 23 500 som berre fekk butilskot og om lag 18 300 som berre fekk bustøtte frå Husbanken. Dei resterande 7 000 hushalda er nye søkjarar som ikkje fekk bustøtte/butilskot i fjor.

Utrekningane over viser at rundt rekna 35 500 hushald har fått ein auke i støtte, og at om lag 40 000 hushald har fått ein reduksjon i støtte. Om lag 1 800 hushald har uendra støtte frå 1996.

Tabell 3.1 under viser fordelinga av endringar i støtte m o t dei som berre fekk bustøtte i 1996, dei som berre fekk butilskot i 1996 og dei som fekk frå begge ordningane samstundes

Tabell 3.1 Endring i støtte for hushald som berre har fått bustøtte eller berre har fått butilskot i 1996 i prosent

Støtte frå begge
Endring i støttaBerre bustøtteBerre butilskotordningane
Meir enn 5.000,-1130
Frå 2.000,- til 5.000,-5640
Frå 0 til 2.000,-26374
Frå 0 til - 2.000,-7278
Frå - 2.000,- til - 5.000,-11832
Mindre enn - 5.000,-01156
Sum100100100
Talet på mottakarar18 30023 50028 500

Dei som berre fekk bustøtte frå Husbanken

I St prp nr 19 (1996-97) heiter det:

«Beregninger som departementet har foretatt viser at gruppen alders-, uføre- og etterlattepensjonister som mottar støtte bare fra KADs bostøtteordning får i gjennomsnitt en økning i bostøtte på 2 100 kroner.»

Resultata etter 1. termin-utbetalinga syner at denne gruppa i gjennomsnitt har fått ein auke i støtte på 2 700 kroner pr år. 26 prosent har fått ein auke i støtte frå 1 krone opp til 2 000 kroner pr år. Medan 56 prosent har fått ein auke frå 2 000 til 5 000 kroner pr år og 11 prosent ein auke på over 5 000 kroner pr år. 7 prosent har fått ein reduksjon i støtte opp til 2 000 kroner pr år. Om lag 93 prosent av dei som berre fekk støtte frå KAD si bustøtteordning i 1996 fekk ein auke i støtte.

Dei som fekk butilskot gjennom kommunen

For dei som fekk støtte frå Sosial- og helsedepartementet si butilskotsordning, sa departementet i St prp nr 19 (1996-97):

«Anslagsvis får 16 prosent av botilskuddsmottakerne en økning fra 0 til 2 000 kroner og 23 prosent får en økning på mer enn 2 000 kroner. Videre får anslagsvis 22 prosent en reduksjon fra 0 til 2 000 kroner og 39 prosent en reduksjon på mer enn 2 000 kroner. Det vil si at tyngdepunktet av søkerne får en mindre endring av støttenivå, mens anslagsvis 12 prosent av søkerne får en reduksjon på over 5 000 kroner og 10 prosent en økning i støtte på over 5 000 kroner. ... Departementet vil presisere at det her er snakk om beregnede endringer som tar utgangspunkt i de teoretiske utbetalinger som regelverket i botilskuddsordningen gir mulighet for. Kommunene kan i praksis ha gitt lavere ytelser, slik at bostøttereduksjonen som følge av samordningen blir lavere.»

I 1996 innhenta Kommunal- og arbeidsdepartementet opplysningar om buutgifter og inntekter frå 40 prosent av mottakarane av Sosial- og helsedepartementets butilskotsordning. Sjølv om departementet ikkje har tilgang på informasjon om kva den einskilde fekk i butilskot i 1996, kan vi rekne ut kva dei ville få i støtte i samsvar med regelverket. Desse tala, saman med Husbanken sitt register over dei som har motteke støtte frå Kommunal- og arbeidsdepartementets bustøtteordning, låg til grunn for utrekningane i St prp nr 19 (1996-97).

Når det gjeld dei om lag 23 500 husstandane som berre fekk butilskot i 1996 er eit overslag at desse i gjennomsnitt fekk ein auke på om lag 470 kroner pr år. Av dei som søkte om bustøtte i 1997 og berre fekk butilskot i 1996, fekk om lag 29 prosent ein reduksjon på meir enn 2 000 kroner pr år. Om lag 27 prosent får ein reduksjon i støtte frå 0 til 2 000 kroner pr år. Medan 37 prosent får rundt rekna ein auke i støtte frå 0 til 2 000 kroner pr år og 7 prosent får ein auke på meir enn 2 000 kroner pr år. 11 prosent får rundt rekna ein reduksjon på over 5 000 kroner pr år og 3 prosent får ein auke på meir enn 5 000 kroner pr år.

Dei aller fleste av dei om lag 28 500 som fekk butilskot i tillegg til bustøtte frå Husbanken har fått redusert støtte. Rundt rekna har alderspensjonistar som har motteke støtte frå begge ordningane fått ein reduksjon i støtta på 5 726 kroner pr år og uførepensjonistane ein reduksjon på 8 156 kroner pr år. Vidare viser eit overslag at 97 prosent av dei som fekk frå begge ordningane har fått ein reduksjon i støtta. 56 prosent har fått ein reduksjon med meir enn 5 000 kroner. 32 prosent har fått ein reduksjon i intervallet 2 000- til 5 000 kroner og 8 prosent ein reduksjon frå 0 til 2 000. Medan 4 prosent har fått ein auke i støtte.

I kap 6 vert det gjeve nærmare greie for resultata gjennom 8 dømer.