St.prp. nr. 80 (1996-97)

Om oppfølging av samordning av dei statlege bustøtteordningane

Til innholdsfortegnelse

7 Økonomiske konsekvensar

Samla vart det løyvd 1 369 mill kroner til bustøtte i 1997, jf St prp nr 1 (1996-97) Kommunal- og arbeidsdepartementet kap. 580 og St prp nr 1 (1996-97) Sosial- og helsedepartementet kap. 665. I St prp nr 63 (1996-97) er det lagt fram forslag om å redusere løyvinga med 215 mill kroner fordi berre 2/3 av butilskotsmidla kjem til utbetaling i 1997. Samla disponibel løyving når ein tek omsyn til dette er 1 154 mill. kroner. Samla utbetaling med gjeldande regelverk ser ut til å bli 1 050 mill. kroner.

Endringane i regelverket som blir presenterte i denne stortingsproposisjonen vil føre til ei meirutbetaling av bustøtte på 180 mill. kroner. Det vil seie 80 mill kroner over det som er disponibelt. Auke av buutgiftstaka vil føre til ei meirutbetaling på om lag 60 mill. kroner i 1997. Auke i dekningsprosenten frå 60 til 70 prosent vil gi ei meirutbetaling på omlag 80. mill kroner i 1997. Overgangsordninga vil koste om lag 40 mill kroner i 1997. Med ei disponibel løyving på 1 154 mill kroner gjer Regjeringa framlegg om ein auke i løyvinga til kap 580 på 80 mill kroner.

Departementet vil tilrå at auken i løyvinga til bustøtte fullt ut blir kompensert gjennom reduksjon av løyvinga til Husbankens risikofond (kap 2412 post 70). Misleghaldet i låneportefølja til Husbanken har vorte redusert gjennom 1996 og så langt i 1997. Dette har sin bakgrunn i ein kraftig rentenedgang og betra inntektssituasjon for hushalda, jf auken i sysselsettinga. Det vart løyvd 80 mill kr til fondet i 1997. Husbankens tapsfond var ved utgangen av april på 222 mill kr irekna løyvinga i 1997.