St.prp. nr. 80 (1996-97)

Om oppfølging av samordning av dei statlege bustøtteordningane

Til innholdsfortegnelse

5 Forbetringar av regelverket

Kommunal- og arbeidsministeren varsla i ordskiftet i Stortinget den 23. januar at han ville gjere ein gjennomgang av ordninga etter 1. termin utbetalinga. Denne gjennomgangen er no gjort, og departementet vil på denne bakgrunn varsle om endringar som gjer ordninga enno betre. Regjeringa gjer òg framlegg om ei ny løyving på 80 mill kroner.

5.1 Buutgiftstaket

Ein del hushald som får redusert støtta som følgje av at dei har buutgifter over buutgiftstaka. Resultata frå 1. termin viser at det er om lag 20 000 hushald av 77 300 hushald som har buutgifter over buutgiftstaket. På bakgrunn av dette og fordi buutgiftstaka ligg noko under buutgiftene knytte til ein omsorgsbustad, vil Regjeringa auke det øvre nivået for buutgifter som gir grunnlag for bustøtte, det såkalla buutgiftstaket, med 5 000 kroner for alle hushald. Dei nye buutgiftstaka i sone 3 for dei med inntekt som ligg under 130 prosent av minstepensjonenen vil med dette bli:

  • Hushald med ein person: 42 100 kroner.

  • Hushald med to personar: 55 200 kroner.

  • Hushald med tre personar: 60 300 kroner.

  • Hushald med fire personar: 66 000 kroner.

Det er særleg tre forhold ein bør merke seg. For det første får unge uføre lagt til grunn buutgiftstaket med to personar meir. Det vil seie at ein einsleg ung ufør får lagt til grunn buutgiftstaket for hushald med tre personar, altså 60 300 kroner, eller 5 025 kroner pr månad. Grunnen til dette er at funksjonshemma ofte treng større og meir tilpassa bustader enn andre. Dette gjer at buutgiftene til denne gruppa er høgare enn buutgiftene til andre grupper, og at dei difor kan få lagt til grunn høgare buutgifter enn andre. Kommunalkomiteen er komen imøte på dette punktet.

For det andre får dei andre uførepensjonistane lagt til grunn buutgiftstaket for hushald med ein person meir i hushaldet. For det tredje får eldre som bur i omsorgsbustader lagt til grunn buutgiftstaket for hushald med ein person meir.

Gjennomsnittleg kostnad for bygging av omsorgsbustader er 10 500 kroner pr. kvm. For ein omsorgsbustad på 55 kvm, vil oppføringskostnadene med dei gitte kostnadsnormene bli 557 500 kroner. For kommunar blir det gitt fullfinansiering til omsorgsbustader av tilpassa storleik. Dersom ein tek utgangspunkt i eit serielån med 30 års løpetid, 3,8 pst. flytande rente, vil årlege utgifter til lån og avdrag bli om lag 41 200 kroner. I tillegg kjem utgifter til lys og straum varierande frå 400 til 700 kroner pr månad, kommunale avgifter, forsikring o a. Ein som bur i ein omsorgsbustad vil ha ei årleg buutgift på mellom 50 000 kroner og 55 000 kroner. Sidan buutgiftstaket etter dagens regelverk ligg i underkant av 50 000 kroner, vil departementet oppjustere maksimalgrensene for godkjende buutgifter. Dette vil medverke til at minstepensjonistar og unge uføre får dekt ein større del av buutgiftene som er knytte til ein omsorgsbustad. Det vil seie at buutgiftstaka knytte til omsorgsbustader ligg om lag på buutgiftene knytte til ein slik bustad.

Hovudmålet med ordninga er at ho skal hjelpe hushald med låge inntekter til å kunne skaffe seg ein god bustad og kunne bli buande der. Ein auke av dei øvre grensene for buutgifter med 5 000 kroner vil auke bustøtta med opp til 3 500 kroner årleg for omlag 20 000 hushald. Ein auke av buutgiftstaka vil vere eit effektivt verkemiddel for å konsentrere støtta meir mot dei med låge inntekter og høge buutgifter og derfor kome nærare målet med ordninga.

5.2 Dekningsprosenten

For det andre vil Regjeringa òg auke dekningsprosenten frå 60 til 70 prosent. Dette vil gjere at alle alders-, uføre- og etterlattepensjonistar (77 300) får ein auke i støtte. I gjennomsnitt får dei ein auke på 1 650 kroner pr år som følgje av auken i dekningsprosenten. For ein minstepensjonist som har buutgifter på opp til 45 000 kroner pr. år, vil ein auke av dekningsprosenten føre til at han får ein auke i bustøtta på 2 700 kroner pr. år. Dersom minstepensjonisten i tillegg bur i ein omsorgsbustad der tak for buutgift blir sett som for topersonshushald, dvs 55 200 kroner, vil bustøtteutbetalinga auke opp mot 3 500 kroner.

Samla vil endringa i bustøtte føre til at ein minstepensjonist kan få opp til 6 200 kroner meir i bustøtte pr. år og minstepensjonisten som bur i omsorgsbustad opp til 7 000 kroner. Unge uføre vil kunne få ein enno større auke i støtta.

5.3 Tilbakeverknad

Det blir lagt til grunn at endringane i regelverket også blir gjort gjeldande frå 1. termin-utbetalinga som var 9. mai. Husbanken vil gjere ei ny utrekning for 1. termin 1997. Dei som har fått mindre i støtte enn forslaget til nye satsar i regelverket, vil dermed få dette kompensert.

I tillegg kjem overgangsordninga for dei som har fått store reduksjonar i støtte. Dette er omtalt under.

5.4 Overgangsordning

For det tredje vil Regjeringa innføre ei overgangsordning for dei som kan dokumentere ein stor reduksjon i bustøtte/butilskot frå 1996 til 1997. Regjeringa foreslår 40 mill kroner til ei overgangsordning. Det har vist seg at talet på dei som har fått bustøtte frå begge bustøtteordningane er større enn det som blei lagt til grunn i St prp nr 19 (1996-97). Departementet vil derfor gi Husbanken løyve til å sende ut melding om at dei som har fått redusert bustøtte med over 6 000 kroner i år, kan søkje Husbanken om ein kompensasjon for 80 prosent av reduksjonen. Etter departementet si vurdering kan det dreie seg om rundt rekna 7 000 hushald. Departementet vil presisere det som er sagt tidlegare: vi veit ikkje kva dei einskilde faktisk har fått i butilskot og difor ikkje kva dei har fått frå begge ordningane.

Betringa av ordninga under 5.1 og 5.2 vil kome i tillegg og for mange dekkje dei 6 000 kronene som golvet utgjer.

5.5 Bustadavgrensninga

Fleirtalet i kommunalkomiteen ba departementet vurdere bustadavgrensinga i ordninga. Departementet arbeider no med dette spørsmålet for å kome fram til ei god bustadavgrensing som ikkje er avhengig av kvar bustaden er finansiert. Når dette arbeidet er avslutta vil departementet så snart som råd er kome tilbake til Stortinget med ei vurdering av denne saka.