St.prp. nr. 80 (1996-97)

Om oppfølging av samordning av dei statlege bustøtteordningane

Til innholdsfortegnelse

6 Døme på tildeling av bustøtte og butilskot før og etter samordninga med dei forbetringane i regelverket som er varsla i denne stortingsproposisjonen

For å syne konsekvensane for den einskilde mottakar vil departementet gi nokre døme på tildeling av bustøtte. Tabellen viser tilskotsbeløp etter dei ulike endringane for ulike grupper som i 1996 mottok stønad frå begge ordningane, med unntak for første eksempelet. I parentes framgår andelene for kva den einskilde betaler i buutgift av sin inntekt

Tabell 6.1 Bustøtte i 1997 med forbetringar i regelverket

Bustønad i 1997
med endringar iBustønad i 1997Beløp igjen til
Bustønad i 1997regelverket (utanmed endringar ilivsopphald m.m.
nedgjeldandeovergangs-regelverket og(etter dei føre-
Tilskot 1996regelverkordning)overgangs-ordningslegne endringar)
Einsleg pensjonist i egen bolig Brutto buutg: 55 000 Berre butilskot i 19969 374 (57)13 485 (52)19 233 (45)19 233 (45)44 233
Einsleg minste-pensjonist i eigen bustad Brutto buutg: 42 10023 350 (27)16 100 (38)22 284 (29)23 137 (28)49 701
Einsleg minste-pensjonist i omsorgsbustad Brutto buutg: 55 20034 471 (30)23 960 (45)31 454 (35)33 867 (31)47 331
Ung ufør i eigen bustad Brutto buutg: 60 30032 759 (27)22 749 (37)30 041 (30)32 215 (28)73 327

Tabell 6.1 over syner det samme forhold som døma viser, at dei som har motteke støtte frå ei ordning får ein betring i støttenivå. Buutgifta sin del av inntekta blir redusert monaleg både i forhold til dagens ordning og til dei varsla endringane i ordninga. I 1996 vert 57 prosent av inntekta nytta til å dekke buutgiftene, medan ho med gjeldande regelverk utgjer 52 prosent og med dei varsla endringane i regelverket blir ytterlegare redusert til 45 prosent. Dette fører med seg at hushaldet sit igjen med meir av inntekta etter at buutgiftene er dekte. Som dømet syner sit hushaldet igjen med 44 233 kroner etter at buutgiftene er betalte, eller 3 694 kroner pr månad.

Dei andre døma syner at bustøtta etter dei varsla endringane i regelverket er så godt som uendra i forhold til 1996, noko som igjen viser at hushaldet sit igjen med om lag det same til å klare dei daglege utgiftene etter at buutgiftene er betalte.

Fleire døme:

Først vil vi gi to døme frå gruppa av dei få som har fått store reduksjonar i bustøtte. Deretter eit døme på dei som har fått ein auke, og til slutt eit døme frå gruppa som har fått ein mindre reduksjon i bustøtte. Tabellane viser òg korleis nye endringar og overgangsordningar vil slå ut for desse brukarane.

Døme 1: Ung ufør

Gjeldande regelverk:

Departementet vil med dette dømet vise kor mykje bustøtte ein ung ufør kan ha fått frå dei to ordningane i 1996 og nivået på støtta slik det har blitt med det nye regelverket i 1997. Støtta i 1996 kan både ha vore større og mindre avhengig av praksisen i kommunen, jf kap 4. I tillegg vil departementet vise kva støtte hushaldet får med dei endringane i regelverket Regjeringa vil gjere gjennom å auke dekningsprosenten og buutgiftstaket, jf. kapittel 5.

Ein ung ufør med eitt barn og ei uføretrygd på 103 900 kroner. Dei faktiske buutgiftene er på 57 000 kroner i året.

Tabell 6.2 Ung ufør som har fått bustøtte frå begge ordningane i 1996.

Bustøtte frå KAD si bustøtteordning13 850 kr
Butilskot frå SHD si butilskotsordning18 097 kr
Sum butilskot og bustøtte 199631 947 kr
Bustøtte i 199723 166 kr
Reduksjon i støtte8 781 kr

Den uføretrygda fekk totalt tildelt 31 947 kroner i bustøtte i 1996. Etter samordninga fekk den uføretrygda tildelt 23 166 kroner. Differansen mellom årlege utbetalingar i 1996 og 1997, blir då 8 781 kroner. Av desse midlane var reduksjonen i hovudsak ein følgje av at han fekk støtte frå begge ordningane. I tillegg får hushaldet ein mindre reduksjon ved at det no blir nytta faktisk inntekt for unge uføre, og ikkje minstepensjonen som før, jf St prp nr 19 (1996-97). Departementet må igjen understreke at praksisen i utrekninga av butilskotet i kommunane har vore forskjellig. Det har resultert i store skilnader i utbetalingane av butilskotet til den einskilde mottakar.

Vi har valt å sjå på bustøtta for det same hushaldet dersom ein aukar dekningsprosenten frå 60 pst. til 70 pst. og aukar buutgiftstaket med kr 5.000 vil utrekninga for bustøtte sjå slik ut:

Tabell 6.3 Bustøtte unge uføre 1996 og 1997.

1996199719971997
Årleg bustøtte frå begge ordningane i 1996Årleg bustøtte i 1997 med gjeldande regelverkÅrleg bustøtte i 1997 med endringar i regelverketÅrleg bustøtte med overgangsordning
31 947 kr23 166 kr27 027 kr30 960 kr

Den uføretrygda fekk totalt tildelt 31 947 kroner i bustøtte i 1996. Etter samordninga fekk den uføretrygda tildelt 23 166 kroner. Differansen mellom årlege utbetalingar i 1996 og 1997, blir då 8 781 kroner. Departementet må understreke at praksisen i utrekninga av butilskotet i kommunane har vore ulik. I retningslinene frå staten har det stått uttrykkeleg at dekningsprosenten skal vere lik mellom kommunar og innanfor den same kommunen. Ein del kommunar har ikkje kjent seg bunde av dei statlege retningslinene og har gjort eigne omprioriteringar med omsyn til utbetalinga til den einskilde mottakar. Særleg har ein del kommunar lagt inn høgare buutgifter enn det som er lagt til grunn i retningslinene frå staten. Dette har ført til ein høgare dekningsprosent enn forholdet mellom buutgifter og inntekter skulle tilseie. Det har resultert i store skilnader i utbetalingane av butilskot til den einskilde. Dette er ei urettvis fordeling av midlane mellom dei som har lite frå før av.

Dersom regelverket blir endra ved ein auke i dekningsprosenten og buutgiftstaket, vil bustøtta auke og gi ei tildeling av bustøtte på 27 027 kroner. Dette er 4 920 kroner mindre enn tildelingane i 1996, men 3 861 kroner meir enn med noverande regelverk. Grunnen til at auken ikkje blir større er at hushaldet har buutgifter under buutgiftstaka.

Den totale reduksjonen i støtte har vore 8 781 kroner. Hushaldet kjem derfor inn under overgongsordninga. For det fyrste vil hushaldet få kompensert 3 861 kroner gjennom forbertringane i buutgiftstak og dekningsprosent. For det andre vil overgongsordninga kompensere for 3 900 kroner av reduksjonen. Når ein tek omsyn til dette vil samla årleg utbetaling av bustøtte bli 30 960 kroner. Døme 2: Minstepensjonist som bur i omsorgsbustad

Gjeldande regelverk:

I dette dømet er det ein minstepensjonist som bur i ein omsorgsbustad. Buutgiftene er utrekna til 4 000 kroner pr månad.

Tabell 6.4 Bustøtte i 1996 og 1997 for ein minstepensjonist som har fått støtte frå begge ordningane i 1996

Bustøtte frå KAD si bustøtteordning 199621 798 kr
Butilskot frå SHD si butilskotsordning 19968 885 kr
Sum butilskot og bustøtte 199630 683 kr
Årleg bustøtte 199722 860 kr
Reduksjon i bustøtte7 823kr

Minstepensjonisten fekk tildelt bustøtte og butilskot i 1996 på 30 683 kroner. Årleg tildeling med noverande ordning gir ei utbetaling på 22 860 kroner. Dette er ein årleg reduksjon i utbetalingane med 7 823 kroner. Om lag 3 500 alderspensjonistar har fått frå begge ordningane og har fått ein reduksjon i støtta tilsvarande dette dømet.

Med varsla endringar i regelverk:

Departementet syner her konsekvensane for det same hushaldet når ein gjer dei varsla endringane i regelverket.

Tabell 6.5 Minstepensjonist som bur i ein omsorgsbustad med støtte frå begge ordningane i 1996

1996199719971997
Årleg bustøtte frå begge ordningane i 1996Årleg bustøtte i 1997 med gjeldande regelverkÅrleg bustøtte i 1997 med endringar i regelverketÅrleg bustøtte med overgangsordning
30 683 kr22 860 kr26 670 kr29 800 kr

Minstepensjonisten fekk tildelt 30.683 kroner i bustøtte og butilskot i 1996. Årleg tildeling med noverande ordning gir ei utbetaling på 22.860 kroner. Dette er ein årleg reduksjon i utbetalingane med 7.823 kroner. Med endringane i regelverket, vil årleg utbetaling bli 26.670 kroner. Dette er 3.810 kroner meir enn med dagens regler.

Framleis er det ein reduksjon i samanlikning med den bustøtte hushaldet fekk i 1997 på 4 013 kroner. 80 prosent av reduksjonen blir dekka gjennom overgongsordninga, det vil seie 3 200 kroner. Total årleg støtte blir med dette 29 800 kroner. Døme 3: Hushald som fekk støtte frå berre KAD si bustøtteordning

Gjeldande regelverk:

For å vise effekten av samordninga for ein som berre har motteke bustøtte frå Kommunal- og arbeidsdepartementets bustøtteordning vel vi å sjå på ein einsleg minstepensjonist som bur i ein ordinær bustad. Buutgiftene for hushaldet er på 45 000 kroner medrekna utgifter til lys og varme.

Tabell 6.6 Bustøtte i 1996 og i 1997

Bustøtte frå KAD si bustøtteordning 199611 400 kr
Bustøtte frå ny bustøtteordning 199714 700 kr
Auke som følgje av samordninga3 300 kr

Dømet viser at hushaldet har fått ein auke på 3 300 kroner i bustøtte som følgje av samordninga. Grunnen til dette er i hovudsak to forhold. For det første er det ein auke i buutgiftstaka i forhold til regelverket i 1996. For det andre får hushaldet lagt til grunn eit fast beløp for lys og varme i tillegg til dei andre buutgiftene.

Med varsla endringar i regelverk:

Tabell 6.7 Minstepensjonist som fekk støtte berre frå KAD si bustøtteordning

199619971997
Årleg bustøtteÅrleg bustøtte i 1997 med gjeldande regelverkÅrleg bustøtte i 1997 med varsla endringar i regelverk
11 400 kr14 700 kr20 650 kr

Hushaldet får ein auke i støtte på 5 950 kroner i forhold til gjeldande regelverk. 3 500 kroner skyldast auken i buutgiftstaket med 5 000 kroner og 2 450 kroner skuldast auken i dekningsprosent frå 60 til 70 prosent Døme 4: Hushald som berre fekk støtte frå SHD si butilskotsordning

For å vise eit døme på eit hushald som fekk støtte frå SHD si butilskotsordning vel vi å sjå på ein minstepensjonist som bur i ein bustad som ikkje var husbankfinansiert. Hushaldet kunne berre få støtte frå SHD si butilskotsordning. Buutgiftene er på 42 000 kroner pr år.

Tabell 6.8 Bustøtte i 1996 og 1997 for hushald som berre fekk støtte frå SHD si butilskotsordning

Butilskot i 199617 322
Bustøtte i 199716 363
Reduksjon i støtte959

Dømet viser at bustøtta frå 1996 til 1997 er redusert med 959 kroner. Grunnen til at hushaldet får ein svak reduksjon i støtte er at hushaldet har buutgifter over buutgiftstaket.

Med varsla endring i regelverk:

Tabell 6.9 Minstepensjonist som berre har hatt støtte frå SHD si butilskotsordning i 1996

199619971997
Årleg støtte frå butilskottetÅrleg bustøtte i 1997 med gjeldande regelverkÅrleg bustøtte i 1997 med varsla endringar i regelverk
17 413 kr16 363 kr22 520 kr

Hushaldet får ein auke i støtte på 6 157 kroner i forhold til gjeldande regelverk som følgje av samordninga. I forhold til regelverket i 1996 vert auken på 5 107 kroner. 3 500 kroner skuldast auken i buutgiftaket med 5 000 kroner og 2 657 kroner skuldast auken i dekningsprosent frå 60 til 70 prosent.

I tillegg til døma ovanfor vil departementet presentere i form av tabell nokre dømer på kva den einskilde sitt igjen med av inntekt medrekna bustøtte etter at buutgiftene er betalt. Dette er både målt med omsyn til kva hushaldet sitt igjen i form av kroner og buutgiftene i prosent av inntekta. Buutgiftene framgår av tabellen.