Satsinga på energi- og petroleumsforsking er avgjerande for å nå måla om energiomstilling, nye grøne næringar og reduserte klimagassutslepp i Noreg. Den skal bidra til å vidareutvikle energinæringane og sikre at dei er lønnsame i framtida. Forsking og utvikling skal dessutan bidra til å utvikle kunnskapsgrunnlaget om sikkerheit, sikring, arbeidsmiljø, arbeidshelse og risikoforhold i petroleums- og energinæringa og om sikring mot flaum, skred og ras.

Forskings- og utviklingsinnsatsen har følgande delmål:

  • bidra til langsiktig kunnskaps- og teknologiutvikling for eit sikkert, robust og fleksibelt energisystem
  • fremme konkurranseevne og auka verdiskaping i energi- og petroleumsnæringane i Noreg
  • bidra til ei kunnskapsbasert energiomstilling fram mot lågutsleppssamfunnet innan 2050
  • bidra med ny kompetanse, teknologi og innovasjon som forbetrar HMS-tilstanden i havindustrinæringane og sikringa i petroleums- og energinæringa

Forskingsinnsatsen og teknologiutviklinga skal ha føreseielege rammevilkår, vere langsiktige og tilpasse seg nye behov og endringar i samfunnet.

Det er næringslivet og de tekniske forskningsinstituttene som står for det meste av forskinga i energi- og petroleumssektoren. Offentlege FoU-løyvingar skal bidra til å finansiere forskings- og utviklingsaktivitetar som elles ikkje ville vore sett i gang av næringa sjølv. Samla bidreg satsinga på forsking og teknologiutvikling til å sikre auka verdiskaping og velferd for dagens samfunn og kommande generasjonar.

 

Viktige utfordringar og prioriteringar


Petroleumssektoren

Petroleumssektoren er ei stor inntektskjelde for staten. Den framtidige verdiskapinga innanfor olje- og gassektoren avheng av kor effektivt me klarer å utnytta dei ressursane som er att på norsk kontinentalsokkel. Satsing på FoU og kompetansebygging er viktig for å sikre ei effektiv, sikker og miljøvennleg utnytting av petroleumsressursane og samtidig bidra til utvikling av den norske petroleumsnæringa som er ein av  dei fremste høgteknologiske kunnskapsindustriane våre.

Med dagens planar vil om lag halvparten av olja bli liggjande igjen under havbotnen. Ein auke i utvinningsgraden vil gi store inntekter til staten. Det er derfor nødvendig med ein målretta  innsats for å auke utvinninga frå eksisterande felt. Samtidig er potensialet for nye funn framleis betydeleg, særleg i nordområda. Satsing på FoU som kan påvise nye ressursar og bidra til at både nye og eksisterande funn kan byggjast ut, er eit prioritert område.

Regjeringa har som mål å vidareutvikle kompetanse som set oss betre i stand til å drive petroleumsverksemda på ein berekraftig måte. Derfor legg regjeringa vekt på FoU som kan bidra til auka energieffektivisering og reduserte klimagassutslepp frå verksemda på norsk sokkel. Felles for utfordringane på norsk sokkel er at digitale løysingar og teknologiar og bruk av kunstig intelligens er nøkkelen til auka verdiskaping. Derfor har FoU som mellom anna bidreg til deling av data og auka digital og KI kompetanse i næringa fått stadig aukande merksemd.

Energisektoren

Klimautfordringane og utvikling mot eit lågutsleppssamfunn føreset at det blir satsa på utvikling av teknologi innan fornybar energi og effektiv energibruk. Som nasjon har Noreg, bla. på grunn av vasskrafta, eit nasjonalt fortrinn innan energisektoren. Kunnskapen og kompetansen vår kan spele ei viktig rolle i arbeidet med å finne løysingar som reduserer utsleppa av klimagassar frå produksjon og bruk av energi.

Satsinga skal bidra til effektiv utnytting av nasjonale energiressursar og skal sikre ei effektiv, robust og miljøvennleg kraft- og energiforsyning i Noreg. Samtidig skal satsinga auke moglegheitene for at norsk næringsliv og norsk kompetanse kan konkurrere på den internasjonale marknaden for fornybare energiløysingar. Til liks med petroleumsverksemda tar forsking på digitale løysingar og teknologiar, og bruk av kunstig intelligens stadig aukande merksemd. Desse teknologiane er avgjerande for auka verdiskaping og utviklinga av et meir effektivt energisystem.

CO₂-handtering (CCS)

Det er eit stort behov for utvikling og demonstrasjon av ny teknologi for fangst og lagring av CO₂ knytt til fossilt basert verksemd. FNs klimapanel (IPCC) slår fast i den sjette hovudrapporten sin at det er eit akutt behov for djupe, raske og vedvarande reduksjonar i klimagassutslepp, inkludert CO₂, for å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 °C eller 2 °C. Samtidig vil fossil energi framleis vere nødvendig i mange tiår framover for å møte eit aukande energibehov som følgje av auka velferd i land utanfor OECD.

CO₂-handtering vil derfor vere eit viktig bidrag for å redusere utslepp. Satsing på FoU og demonstrasjon knytt til CO₂-handtering i Noreg vil gi ny kunnskap og bidra til å utvikle meir effektive og billegare løysingar. Ei slik satsing er nødvendig dersom CO₂-handtering skal kunna utviklast til eit effektivt klimaverkemiddel med brei bruk globalt.

Viktige aktørar og organisering av verkemiddel

Nasjonal FoU-strategi: Energi 2050

Energidepartementet etablerte i 2025 ei ny strategigruppe Energi2050. Denne strategigruppa erstattar strategigruppene OG21 (Olje og gass i det 21. hundreåret) og Energi21. Oppdraget til Energi2050 er å utarbeide ei samla nasjonal FoU-strategi for petroleums- og energisektoren som kan vere retningsgivande for både næring og styresmakter. Strategien vil også inkludere havmineraler. Arbeidet blir leidd av eit styre der industrien, forskingsmiljøa og verkemiddelapparatet deltek. Samarbeidet legg grunnlaget for ein samordna, effektiv og målretta forskings- og teknologiinnsats, der auka engasjement i næringa står sentralt.

Energidepartementet vil legge strategien til grunn i styringa av departementet sine løyvingar til FoU som blir administrerte av Noregs forskingsråd. Strategien vil bli lansert hausten 2026.

Noregs forskingsråd

Energidepartementet sine løyvingar til forsking og utvikling (FoU) innanfor energi- og petroleumssektoren blir i hovudsak kanalisert gjennom Noregs forskingsråd. Forskingsrådets energi-, petroleum-, og havmineralsporteføljer, CLIMIT programmet og dessutan 13 forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) og tre PETROSENTER, er dei viktigaste verkemidla Energidepartementet finansierer.

Gassnova

Innanfor FoU knytt til CO₂-handtering, har Gassnova SF forvaltningsansvaret for støttemidlane til demonstrasjonsprosjekta i CLIMIT-programmet. Den norske staten, ved Gassnova, er også ein av eigarane av Teknologisenteret på Mongstad (TCM) som vart opna i mai 2012. Senteret er bygd for å teste og demonstrere teknologiar for fangst av CO₂. Regjeringa sitt mål er at teknologisenteret skal vere ein arena for langsiktig og målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO₂-fangst.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er også ansvarleg for ein del av forskingsaktivitetane innanfor energisektoren. Dette relaterer seg i første rekkje til forvaltningsretta energi- og vassdragsforsking.

Internasjonalt forskingsarbeid

I tillegg til dei nasjonale forskingsaktivitetane, deltek Noreg og norske forskingsmiljø aktivt i internasjonalt energi- og petroleumsforskingssamarbeid. Deltaking i internasjonalt FoU-samarbeid er eit viktig supplement til den nasjonale forskinga og skal bidra til å auke kvaliteten og kapasiteten i forskinga. Det skal vidare vere med på å sikre Noreg tilgang til internasjonal kunnskapsproduksjon, styrkje konkurranseevna til næringslivet og fremje Noreg som leiande forskings- og innovasjonsnasjon innanfor energi- og petroleumsområdet. EU og Det internasjonale energibyrået IEA er sentrale arenaer for det internasjonale FoU-samarbeidet.