Arbeidet med ein nasjonal kulturarenastrategi følgjer opp Rom for deltaking – kulturfrivilligheitstrategien 2023–2025, NOU 2025:7 Musikklandet og regjeringa sine prioriteringar i Plan for Noreg – tryggleik for barn og unge: Kultur for alle.

Strategien skal gi ei samla oversikt over statlege verkemiddel, rammevilkår og kompetanse på kulturarenafeltet, og adressere fleire tema som er sentrale for utviklinga av kulturarenaer. Arbeidet vil byggje på kartleggingar og dialog med relevante aktørar frå kultur, frivilligheit og kommunesektor våren og hausten 2026. Følgjande tema blir sentrale:

1. Rammevilkår og regelverk

Utvikling av kulturarenaer er regulert av fleire lover og statlege føringar. Strategien vil identifisere barrierar i regelverk og forvaltningspraksis, og vurdere behov for endringar. Det skal òg vurderast korleis ansvarsdelinga mellom stat, fylkeskommunar og kommunar kan tydeleggjerast.

2. Organisering og samordning

Kommunar og fylkeskommunar organiserer arbeidet med kulturarenaer på ulike måtar. Strategien vil undersøkje kva som fungerer godt, kvar samarbeidet stoppar opp, og om det er behov for nye nasjonale eller regionale kompetansemiljø og nettverk.

3. Kompetanse og kunnskapsdeling

Arbeid med kulturarenaer krev kompetanse på tvers av fagfelt – frå planlegging, bygg og kulturfag til akustikk, sceneteknikk og universell utforming. Mange aktørar uttrykkjer behov for betre tilgang til strukturert kunnskap, tydelegare anbefalingar og betre deling av erfaringar på tvers av landet. Strategien vil gi ei oversikt over eksisterande rettleiingar og vurdere behovet for nasjonale rettleiingar.

4. Økonomiske verkemiddel

Regjeringa vil vurdere korleis støtteordningane for utvikling av kulturarenaer kan innrettast best mogleg. Målet er meir føreseieleg finansiering og betre insentiv for samfinansiering mellom stat, fylkeskommune, kommune, private og frivilligheit.