Tid: 24. november–25. november
Stad: Hotel Bristol, Kristian IVs gate 7, 0164 Oslo

Det førebelse programmet er no publisert. (oppdatert 30. september) Eit meir detaljert program blir lagt ut nærmare konferansa. 

Dei fire paralelle bolkane på dag to handler om: Små og mellomstore byar, vidareutvikling av motsegnsordninga, kapasitet og kompetanse i kommunane og forenklingar for raskare og betre planprosessar. Vi tek gjerne imot innspel til innhaldet på desse bolkane. Desse kan de sende til programansvarleg Mari-Lovise.Advocaat-Marum@kdd.dep.no . 

Har du andre spørsmål eller innspel til konferansa, kan du ta kontakt med tore-syvert.haga@kdd.dep.no.  

Påmelding

Vi har 200 plassar til fysisk deltaking og 120 plassar til middag. Vi held fram med ordninga frå i fjor, der kvar etat eller organisasjon får eit bestemt tal plassar til intern fordeling. Dette har vi gjort for å sikre breiast mogleg representasjon, og dermed leggje til rette for erfaringsdeling og tverrfaglege diskusjonar. Talet på plassar som er tildelt dei ulike verksemdene, finn du her.  Vi ber om at dei større verksemdene fordeler desse mellom ulike relevante deler av sin organisasjon, så det ikkje berre blir førstemann til mølla som gjeld. 

Påmeldingsfristen var 20. oktober, og nye personar kan ikkje melde seg på. Påmeldinga skjedde på denne nettsida: Nasjonal plankonferanse 2026. Det kom mange påmeldingar, men nokon av "kvoteplassane" er ledige. Vi har òg mange på venteliste frå verksemder som har fullt kvota si. No jobbar vi med å fordele dei ledige plassane.

Fellesprogrammet på første dag vil bli strøymt direkte. Andre dag blir ikkje strøymd. 

Overnatting

Å melde seg på konferansa betyr ikkje at du har bestilt overnatting. Rom på Hotel Bristol kan bestillast til arrangementspris innan 27. oktober her: Hotel Bristol – Nasjonal plankonferanse 2025. 

Betaling og fråfall/endring

Det er gratis å delta på konferansen. Det inkluderer lunsj begge dagar og felles middag den 24. november. Reise og overnatting blir ikkje dekt (med unntak for føredragshaldarar som ikkje skulle på konferansa uansett). For at så mange som mogleg skal få plass, er det viktig at du gir beskjed tidleg dersom du likevel ikkje kan delta. Du kan melde fråfall, gjere endringar i påmeldinga eller overføre påmeldinga til ein kollega ved å følgje lenkja du får i stadfestinga på at du er påmeld.