Panorama – strategi for bilateralt kunnskapssamarbeid

Strategien har mål om at norsk forsking og høgare utdanning skal samarbeide meir med land av særleg interesse for Noreg. Samstundes skal det vere klare retningsliner for samarbeidet, som tek opp etterretningstrugslar, akademisk fridom og etiske problemstillingar.

Panoramastrategien er ein plan for korleis Noreg skal auke samarbeidet om forsking, høgare utdanning og innovasjon med land utanfor EU/EØS på ein heilskapeleg og langsiktig måte.

Frå før av har Noreg prioritert samarbeid med seks land utanfor EU/EØS og Nord-Amerika. I tillegg til Brasil, India, Kina, Russland, Japan og Sør-Afrika, blir no Sør-Korea, USA og Canada med på lista over prioriterte land.

Etter fleire saker der det har vore mistanke om etterretningstrugslar og uønska kunnskapsoverføring i samband med forskingssamarbeid og utveksling av tilsette og studentar, har Kunnskapsdepartementet og Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) det siste året arbeidd saman for å etablere ein arena for erfaringsutveksling og formidling av trugsel- og risikoinformasjon i sektoren. Strategien inneber dialog med relevante aktørar både på styresmaktnivå og i kunnskapssektoren om utvikling av retningsliner for samarbeid. Det er allereie etablert eit rundebord for akademisk samarbeid med Kina, kor sektoren møtast for å diskutere disse problemstillingane breitt.

Fakta om Panorama-strategien

Den nye Panorama-strategien er ei vidareføring av den førre  strategien, som gjaldt frå 2016-2020. På bakgrunn av positiv evaluering og innspel frå kunnskapssektoren, vart satsinga  fornya for perioden 2021-2027.

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, og FNs berekraftmål, er framleis dei viktigaste tematiske prioriteringane.

Prinsipp for internasjonalt kunnskapssamarbeid, nærare bestemt kvalitet, gjensidigheit, langsiktigheit, relevans og ansvarskjensle, ligg til grunn for den nye strategiperioden. Strategien har følgjande fem hovudprioriteringar

  1. Godt samspel mellom utdannings- og forskingssamarbeid
  2. God studentmobilitet
  3. Gode koplingar til arbeids- og næringsliv
  4. Godt samspel med multilaterale arenaar (primært EU)
  5. Forskingsbasert kunnskap for å nå FNs berekraftsmål.