Historisk arkiv

EØS-midlane: Felles innsats for eit tryggare Europa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Då justisminister Knut Storberget var i Brussel 27. november, peika han på at internasjonal organisert kriminalitet er ei betydeleg utfordring for Noreg og Europa. Gjennom EØS-midlane gjev Noreg nærare 100 millionar euro for å styrke Schengen-samarbeidet og skape eit tryggare Europa. I tillegg får norsk politi ei viktig plattform for utveksling av kunnskap og erfaringar med sine kollegar i Europa.

Over ein femårsperiode (2004-2009) bidreg Noreg med over ti milliardar kroner til 15 sentral- og søreuropeiske land gjennom EØS-midlane. Målet med midlane er å redusere sosiale og økonomiske ulikskapar i Europa, gjennom tilskot til prosjekt innan ei rekkje ulike område, frå miljøvern, helse og barn, til kulturarv, utdanning og forsking.

Rundt 15 prosent av EØS-midlane blir nytta til Schengen-tilpassing og justissamarbeid i EU sine nye medlemsland, eit innsatsområde som finansierast av den reint norske delen av EØS-midlane, Norway Grants. Som deltakar i det operative Schengen-samarbeidet er arbeidet med å oppretthalde og styrke tryggleiken innanfor Schengen-området ein sentral prioritet for Noreg. Avskaffinga av personkontroll ved indre grenser har skapt nye utfordringar for tryggleiken, og vern av Schengen si yttergrense samt førebyggjing av kriminalitet i Schengen-landa har vorte stadig viktigare. 

 I Viru fengsel i Estland støttar Noreg eit prosjekt som skal gjere innsette betre rusta til å leve eit normalt liv etter soning.

Noreg støttar no opp om nærare 40 Schengen-prosjekt i Estland, Latvia, Litauen, Malta, Polen og Tsjekka gjennom EØS-midlane. Storparten av denne stønaden vert brukt til naudsynte førebuingar til Schengen-medlemskap, frå oppgraderingar av grenseovergangar til ombyggjing av flyplassar. Medan dei baltiske landa har retta ressursane mot fengselsvesen og kriminalomsorg, har Polen nytta mykje av sine tildelte midlar til oppgradering av ytre grenseovergangar samt innkjøp av teknisk utstyr og køyretøy.

Politisamarbeid mot grensekryssande kriminalitet
Ifølgje justisminister Knut Storberget er stadig meir av kriminaliteten både godt organisert og internasjonalt forankra. Derfor er det naudsynt å styrkje samarbeid mellom politi- og tollmyndigheter over landegrensane. I tillegg til den økonomiske stønaden, er EØS-midlane ei viktig plattform for norsk politi sitt internasjonale samarbeid og engasjement i kampen mot kriminalitet.

Politidirektoratet (POD) spelar ei sentral rolle i Schengen-samarbeidet under EØS-midlane, og har særskilt vore involvert i samarbeid med polske politistyresmakter. POD tek aktivt del i den faglege vurderinga av søknadar, men er også med som partnar i ei rekkje Schengen-prosjekt som blir støtta av EØS-midlane. Den tette kontakten mellom norsk og polsk politi, samt utvekslinga av kunnskap og erfaringar, har vore ei positiv erfaring for begge partar, og partnarskapet er med på å styrke operasjonelt samarbeid over landegrensene.

- Det har vore ynskjeleg å påverke korleis midlane som går til Schengen-implementering vert nytta. Polen er eit nær samarbeidsland, og den kriminaliteten som blir stoppa i Polen kjem ikkje vidare til oss, seier Margrethe Christine Bjonge i POD.

Gjennom EØS-midlane gir Noreg stønad til polsk politi og grensestyresmakter for å verne Schengen si yttergrense.

Prosjektfokus: Trygging av grenseovergangen mellom Polen og Kviterussland.
I den vesle grensebyen Terespol i Aust-Polen, på Schengen-området si yttergrense, finner vi det største Schengen-prosjektet under EØS-midlane. Med over €11 millionar i stønad frå Noreg skal grenseovergangen for passasjertrafikk mellom Kviterussland og Polen gjennom ei omfattande oppgradering, frå ombygging til innkjøp av moderne utstyr. Prosjektet er eit av dei største enkeltprosjekta som støttast av EØS-midlane, og den styrka grenseovergangen vil vere eit viktig verkemiddel i kampen mot organisert og grensekryssande kriminalitet i Europa.  

 

Dette er artikkel nr. 3 i ein serie om EØS-midlane.
Les meir om EØS-midlane og innsatsområdet Schengen på http://www.eeagrants.org/.