Tidligere statssekretær Vidar Ulriksen ( Ap )


Født: 1953
Sivilstatus: Gift og har tre vaksne barn

Utdanning
Fiskarfagskulen i Austevoll

Arbeid
Arbeidd som fiskar mesteparten av sitt yrkesaktive liv. I tre år var han kranførar i verftsindustrien i Florø.

Politikk
Representert Arbeiderpartiet i Flora bystyre i fire periodar og han har vore styremedlem i Sogn og Fjordane Arbeiderparti.

Verv
Medlem av landsstyret i Norges Fiskarlag frå 1986 til 1996, dei siste åtte åra som nestleiar i fiskarlaget.

Leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag i perioden 1984 til 1994.

Styremedlem i Noregs Fiskeriforskingsråd og i områdestyret for bioproduksjon og foredling i Noregs forskingsråd.

Han var i ti år medlem av hovudstyret i Statens Fiskarbank og eitt år styreleiar.