Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 50

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag av programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 50, 2016.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Tysdag 13. desember
Kl. 16.30: Utanriksminister Børge Brende møter Noref Senter for internasjonal konfliktløysing (Norwegian Centre for Conflict Resolution) ved direktør Henrik Thune og styreleiar Trond Bakkevig. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 15. desember
Utanriksminister Børge Brende reiser til Liberia. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Liberia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

EØS- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker

Onsdag 14. desember
Kl. 10.00: EØS- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker møter leiaren for Nordisk atlantsamarbejde, Höskuldur Thórhallson. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 12. desember
Kl. 10.00: Statssekretær Tone Skogen møter Ivan Velasquez, leiar av Den internasjonale kommisjonen mot straffefridom i Guatemala. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.00: Statssekretær Tone Skogen møter Sjur Bratland, administrerande direktør i Intsok. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Laila Bokhari

Tysdag 13. desember
Kl. 11.15: Statssekretær Laila Bokhari møter Qatar sin kandidat til generalsekretærstillinga i Unesco, Dr Hamad Bin Abdulaziz Al Kawari. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02