Nedst på denne sida finn du utfyllande informasjon om felta i kalkulatoren. Kalkulatoren er utfylt med standardverdiar som du sjølv må tilpassa. Alle berekningar skjer i nettlesaren slik at dine data ikkje blir delte med nokon. Kalkulatoren blir oppdatert etter at statsbudsjettet for 2026 er vedtatt av Stortinget.

Utfyllande informasjon om felta i kalkulatoren

Dersom du bur saman med ein annan vaksen, vil de saman kunne spare pengar ved å busetje dykk i sona. Kalkulatoren viser kor mykje de til saman kan spare dersom de kryssar av i dette feltet.

Du kan få sletta 20 000 kroner årleg av gjelda di i Lånekassen ved endt utdanning dersom du arbeider som kvalifisert lærar i grunnskulen i innsatssona. Dette søkjer du om kvart år etter fullført oppteningsperiode på 12 månader. Dette kjem i tillegg til den generelle ordninga med sletting av utdanningslån i innsatssona. Du kan òg ha rett til andre gjeldssletteordningar for lærarar. Sjå fleire døme på kor mykje ein lærar kan få sletta på Lånekassen sine nettsider.

Dersom den andre vaksne skal arbeide som lærar i grunnskulen, gjeld dei same fordelane som i boksen ovanfor.

Personinntekt omfattar lønnsinntekt, pensjonsinntekt og næringsinntekt og er grunnlaget for å berekne trygdeavgift og trinnskatt. I Finnmark og Nord-Troms er skattesatsen på alminneleg inntekt 3,5 prosent lågare enn elles i landet, og det er eit ekstra inntektsfrådrag på 45 000 kroner («Finnmarksfrådraget») før skatt på alminneleg inntekt blir berekna. Alminneleg inntekt skil seg frå personinntekta ved at frådrag er trekte frå og øvrige inntekter lagt til. På Skatteetaten sin eigen skattekalkulator kan ein berekne den nøyaktige skattefordelen ved å bu i sonen. 

Sjå faktaboks over.

  Frå 1. januar 2026 kan alle som har budd og jobba i Finnmark og Nord-Troms i ein 12-månadersperiode, søkje om å få sletta utdanningslån med ein flat sats på 60 000 kroner. Utdanningsgjeld består av alle lån frå Lånekassen, til dømes til høgare utdanning, fagskuleutdanning, folkehøgskuleutdanning, utdanning i utlandet, og vidaregåande- og grunnskuleopplæring. Du må ha budd og arbeidd i sona samanhengande i 12 månader for å få rett til gjeldssletting. Renter og avgifter blir ikkje sletta. Du finn meir informasjon på nettsidene til Lånekassen om å bu og arbeide i Finnmark eller Nord-Troms. 

Sjå faktaboks over.

15 000 kWh er normalt forbruk av elektrisk kraft for rekkehus eller tomannsbustader i Noreg, men forbruket kjem an på type og storleik på bustaden og på klimaet. I Finnmark og Nord-Troms betaler ein verken el-avgift eller meirverdiavgift for elektrisk kraft. Den oppgjevne fordelen føreset at ein flyttar frå Sør-Noreg, fordi heile Nord-Noreg er friteken frå meirverdiavgift på elektrisk kraft. Du finn meir informasjon på nettsidene til skatteetaten.    

Det blir gitt ekstra tillegg i barnetrygda per barn i husstanden som er under 18 år. Tillegget er på 512 kroner per månad og 6 144 kroner per år. Tillegget blir betalt ut til og med månaden før barnet fyller 18 år. Du finn meir informasjon på nettsidene til NAV.

I Finnmark og Nord-Troms er det inga foreldrebetaling for barnehageplassar. Fordelen av gratis barnehage vil vere lågare for dei som flytter frå ein distriktskommune som allereie har redusert foreldrebetaling, samanlikna med andre stadar i landet. Barnehage er gratis frå det tredje barnet for foreldre som har fleire barn i barnehage samtidig. Fordelen det er opplyst om føreset flytting frå område med full barnehagepris, og at husstanden har ei samla årleg inntekt over 669 050 kroner. Du finn meir informasjon på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.