Differensiert arbeidsgjevaravgift

Differensiert arbeidsgjevaravgift er, saman med statleg stønad til næringsverksemd utanfor dei største byane, blant dei aller viktigaste verkemidla i regional- og distriktspolitikken.

Arbeidsgjevaravgift er avgifta arbeidsgjevarar betaler til staten på lønskostnader. Storleiken på denne varierer ut frå kvar verksemda er lokalisert. Dei ulike kommunane i Noreg er delte inn i ulike soner for arbeidsgjevaravgift. I nokre kommunar betalar verksemdene lægre satsar enn i sentrale strok. 

Ordninga skal styrkje dei regionale arbeidsmarknadene

Målet med ei slik ordning er styrke arbeidsmarknad og busetnad i landsdelar og område med særskilde utfordringar. Differensiert arbeidsgjevaravgift skal sikre at dei menneskelege og naturgitte ressursane i Noreg blir nytta på ein god måte. Ordninga skal kompensere næringslivet for nokre av ulempene som spreidd busetting og store avstandar fører med seg.

EFTAs overvåkingsorgan (ESA) har godkjent ordningen med differensiert arbeidsgiveravgift for perioden 2022-2027.

Nyttige lenkjer