Om regionalpolitikken

Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for å følgje opp dei regional- og distriktspolitiske måla, som Stortinget har vedteke.

Regjeringa har som mål for distrikts- og regionalpolitikken at folk skal kunne leve eit godt liv i heile Noreg, at alle lokalsamfunn skal ha rom for utvikling og verdiskaping, og at folketalet skal auke i distriktskommunar. Regjeringa vil arbeide for at folk har tilgang på arbeid, bustad og gode tenester nær der dei bur. Regjeringa vil leggje til rette for trygge, berekraftige og levande lokalsamfunn i heile landet gjennom desentraliserte løysingar. 

Distriktspolitikk og regionalpolitikk

Distriktspolitikken retter seg mot område særlig prega av store avstandar og spredt busetting. Regionalpolitikken dekker alle delar av landet, og skal vere med å skape både regional utvikling og regional fordeling. 

Distrikts- og regionalpolitikken kan delast inn i to hovudkategoriar.

  1. Den målretta distrikts- og regionalpolitikken

Dette viser til dei særskilte distrikts- og regionalpolitiske utviklingsmidlane som Kommunal- og distriktssdepartementet har ansvar for. Utviklingsmidlane er finansiert over statsbudsjettet (les meir i Prop. 1. S (2022–2023) under programkategori 13.50, og har som mål:

  1. Næringsutvikling, verdiskaping og attraktive arbeidsmarknadar i regionar og distrikt
  2. Regional utvikling over landegrensene og i nordområda
  3. Styrka utviklingskapasitet og velfungerande tenestetilbod i distrikta

Fylkeskommunane har, som regionalt folkevalt nivå, ansvar for å leggje til rette for verdiskaping og samfunnsutvikling i fylka sine. Hovuddelen av midlane blir overført til fylkeskommunane, les meir i oppdragsbreva til fylkeskommunane.

  1. Distrikts- og regionalpolitiske omsyn på andre politikkområde

Ein vellukka distrikts- og regionalpolitikk føreset innsats på ei rekke politikkområde. Mellom anna er satsing på samferdsle, gode helsetenester, utdanning, forsking og innovasjon viktig for å få til ei god regional utvikling og regional balanse. Sjå vedlegg til Prop 1 S for oversikt over tiltak innan brei distriktspolitikk.

Den breie politikken handlar òg om nasjonale ordningar med distriktspolitisk grunngjevnad. Det viktigaste målretta verkemidlet er den geografisk differensierte arbeidsgjevaravgifta. Det kommunale inntektssystemet tyder òg mykje for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål.

Kommunal- og distriktsdepartementet har ei samordningsrolle. Departementet skal medverke til at prioriteringar i ulike sektorar bidreg til distrikts- og regionalpolitiske mål.

Departementa er ansvarlege for utvikling og gjennomføring av den nasjonale politikken på sin sektor. Kommunane har ansvar for å sikre eit likeverdig tenestetilbod lokalt.

Kommunal- og distriktsdepartementet har òg ansvar for å følgje opp den statlege lokaliseringspolitikken. Statlege arbeidsplassar skal vere med å utvikle robuste regionale arbeidsmarknader i alle delar av landet.