Historisk arkiv

Kamøyvær, Engenes og Fosnavåg fiskerihamner kan no byggast ut

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

– Å bygge ut hamner er bra for verdiskaping langs kysten. No får Kamøyvær, Engenes og Fosnavåg fiskerihamner forskoteringsmidlar som gjer at dei kan byggast ut tidligare enn venta. Dette er gode prosjekt som er viktig for næringsliv og folk på dei tre plassane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Dale ved fiskerimhamn.

Tre fiskerihamner får midlar til utbygging. Samferdselsminister Jon Georg Dale fortalte dei gode nyheitene om Fosnavåg fiskerihamn på kaia der fredag. (Foto: Henrik Jonassen/SD)

Forskoteringsordninga gjeld fiskerihamne- og farleistiltak som ligg inne i Nasjonal transportplan 2018-2029, og inneber at kommunar kan forskotere eit prosjekt mot tilbakebetaling frå staten på eit seinare tidspunkt.

No gir Samferdselsdepartementet om lag 250 millionar kroner til tre fiskerihamner:

Søkerkommune (fylke)

Prosjekt

Anslag forskuttering

Nordkapp (Finnmark)

Kamøyvær fiskerihavn

32 500 000

Ibestad (Troms)

Engenes fiskerihavn

95 000 000

Herøy (Møre og Romsdal)

Fosnavåg fiskerihavn

108 500 000

Ordninga kom på plass i 2018 og det er allereie inngått avtalar om midlar til fiskerihamner i Berg og Gamvik kommunar. Ordninga har blitt svært godt motteke i heile landet, og departementet har fått inn mange gode søknader.

– Ordninga inneber at gode prosjekt kan realiserast tidlegare enn kva dei elles ville ha gjort. Samtidig er det viktig å halde kostnadene nede og effektiviteten oppe slik at vi får realisert flest moglege av dei gode hamneprosjekta som er viktige for verdiskapinga langs kysten, seier Dale.

Stortinget har vedteke at regionane skal overta eigarskapen og forvaltningsansvaret for fiskerihamenanlegg frå 1. januar 2020. Regjeringa har fått på plass fleire gode overgangsordningar som skal sikre vidareføring i hamneutbygginga medan fylkeskommunane omstiller seg til det nye ansvaret. Forskoteringsordninga er ein viktig del av desse tiltaka.

– Kvaliteten på søknadene og avtalane som allereie er inngått gjer meg enno tryggare på at regionane er klare og vil handtere det på ein god måte når dei tek over dei statlege fiskerihamenanlegga i 2020, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.