Matproduksjonen går framleis som normalt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 11.08.2020
Som følgje av koronasituasjonen var det før sommaren bekymring rundt mangel på arbeidskraft i landbruket. Sjølv om nokon produsentar framleis opplever utfordringar, melder landbruket om at sommaren har gått betre enn venta.
Denne veka har landbruks- og matminister Olaug Bollestad arrangert det fyrste statusmøte med landbruksnæringa om koronasituasjonen i haust. I videomøtet la statsråden vekt på kor viktig det er at vi alle skal fortsetje med å vere nøye på å halde smitteverntiltaka i hevd og følgje regelverket.
Matforsyninga og leveransen i landbruket går framleis som normalt, og landbruks- og matminister Olaug Bollestad vil fortsetje med å halde regelmessige statusmøte med næringa for å følgje utviklinga utover hausten.