Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Sveinung Rotevatn ny klima- og miljøminister

Sveinung Rotevatn vart i statsråd fredag utnemnt til ny klima- og miljøminister etter Ola Elvestuen.

Rotevatn har vore statssekretær i Klima- og miljødepartementet sidan 12. oktober 2018. Før det var han statssekretær i Justisdepartementet frå 17. januar 2018. Han var valt inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane i perioden 2013 – 2017.

Slottsplassen
Slottsplassen 24. januar 2020. Foto: Anne Nordskog, SMK

–2020 er eit avgjerande år for klimaet. Regjeringa skal legge fram ein klimaplan, og vi skal forsterke våre klimamål. Norske utslepp har gått ned i tre år på rad, men tempoet må opp. Eg ser fram til å leie dette viktige arbeidet i regjeringa, seier Sveinung Rotevatn.

– Noreg må syne leiarskap i arbeidet med å ta vare på sårbar og verneverdig natur. I 2020 skal vi jobbe for å få på plass ein internasjonal avtale for naturen som er like viktig som Parisavtalen er for klima, seier Rotevatn.

Sveinung Rotevatn er fødd i Bergen 15. mai 1987 og oppvaksen på Nordfjordeid. Han har ein mastergrad i rettsvitskap og jobba som advokatfullmektig ein kort periode før han vart statssekretær i 2018.

Han var leiar i Unge Venstre frå 2010 – 2013, og medlem av Eid kommunestyre frå 2011 -2013. 

Rotevatn er medlem av sentralstyret i Venstre og har hatt ei rekkje verv i partiet. Han har også vore medlem i styret for Noregs Mållag.

Til toppen