Ein meir robust og tilgjengelig hær
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Forsvarsdepartementet
Pressemelding | Nr: 27 | Dato: 23.03.2012
Hæren er dei siste åra lyfta opp til eit nytt nivå både i personellstorleik, materiellmessig og når det gjeld kompetanse. Regjeringa ynskjer å ytterlegare styrke Hærens reaksjonsevne og fleksibilitet.
Hæren er dei siste åra lyfta opp til eit nytt nivå både i personellstorleik, materiellmessig og når det gjeld kompetanse. Regjeringa ynskjer å ytterlegare styrke Hærens reaksjonsevne og fleksibilitet.
– Vi skal i neste fireårsperiode fylgje opp lovnaden om å fortsette og styrkje den operative evna til Hæren, seier forsvarsminister Espen Barth Eide.
Dette skal gjerast ved å byggje opp Panserbataljonen som ein innsatsklar og raskt tilgjengelig bataljonsstridsgruppe i Troms. Både Panserbataljonen og Telemark bataljon vil i hovudsak bestå av verva personell, men vil og ha eit tydeleg innslag av personell inne til fyrstegongsteneste i ein rekkje operative funksjonar.
2. bataljon vidareførast på Skjold som ein vernepliktsbasert lett infanteribataljon. Den utgjer det tredje manøverelementet i brigaden og vil ha ein tilpassa logistikk- og støttestruktur. Bataljonen utrustast med lette terrengkjørety, beltevogner og lastevogner for å gi avdelinga mobilitet i norsk terreng under alle forhold. 2. bataljonen utviklast for operasjonar i heile krisespekteret.
Brigaden får dermed ein kjerne av tilgjengelege kapasitetar til ei kvar tid og aukar difor fleksibiliteten og kapasiteten betydeleg.
-Vi gjer dette fordi vi ynskjer ein meir robust og tilgjengeleg hær som slik bidrar til Forsvarets krigsforebyggjande rolle og krisehandsaming, avsluttar Eide.