Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 3 (2016–2017)

Statsrekneskapen 2016

Til innhaldsliste

2 Utgifter under departementa

Dette kapittelet inneheld ei kort omtale av rekneskapen til kvart einskilt departement og av statlege utlån. Kapittelet syner utviklinga på programområde og programkategoriar dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2014, 2015 og 2016 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2016. Samla lånetransaksjonar kjem fram på ei særskild rad.

Tabell 2.1 syner utgifter etter programområde per departement, og med referanse til avsnitt i meldinga med nærare omtale.

Tabell 2.1 Utgifter 2016 etter programområde (tal i mrd. kroner)

Programområde / departement, inkludert lånetransaksjonar

Referanse til omtale

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

Avvik budsjett og rekneskap

Kongehuset

0,2 0,2 0,0

Regjeringa

0,4 0,4 0,0

Stortinget og underliggjande institusjonar

2,3 2,2 0,1

Sum 00 Konstitusjonelle institusjonar

2.1

2,9

2,8

0,1

02 Utanriksforvaltning

7,5

7,3

0,2

03 Internasjonal bistand

34,5

34,0

0,5

Sum Utanriksdepartementet, UD

2.2

42,0

41,4

0,7

Sum 07 Kunnskapsområdet, KD

2.3

92,0

91,8

0,2

Sum 08 Kulturføremål, KUD

2.4

13,2

13,1

0,0

Sum 06 Justissektoren, JD

2.5

53,0

52,8

0,2

Sum 13 Kommunal, bustad og modernisering, KMD

2.6

200,4

199,0

1,4

09 Arbeid og sosiale føremål

40,8

40,7

0,1

29 Sosiale føremål, folketrygda

371,6

371,1

0,4

33 Arbeidsliv, folketrygda

16,2

16,3

-0,1

Sum Arbeids- og sosialdepartementet, ASD

2.7

428,5

428,1

0,5

10 Helse og omsorg

150,7

150,2

0,5

30 Stønad ved helsetenester, folketrygda

30,1

30,1

0,1

Sum Helse- og omsorgsdepartementet, HOD

2.8

180,8

180,3

0,6

11 Barn og likestilling

28,8

28,4

0,4

28 Foreldrepengar, folketrygda

19,8

19,5

0,2

Sum Barne- og likestillingsdepartementet, BLD

2.9

48,6

48,0

0,6

17 Nærings- og fiskeriføremål

72,0

68,2

3,7

33 Arbeidsliv, folketrygda

0,1

0,1

0,0

Sum Nærings- og fiskeridepartementet, NFD

2.10

72,0

68,3

3,7

Sum 15 Landbruk og mat, LMD

2.11

17,7

17,7

0,0

21 Innanlands transport

89,2

90,2

-1,0

22 Post og telekommunikasjonar

0,8

0,8

0,0

Sum Samferdselsdepartementet, SD

2.12

89,9

91,0

-1,0

Sum 12 Klima og miljø, KLD

2.13

9,0

8,5

0,5

23 Finansadministrasjon

2.14

37,7

38,4

-0,7

24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag

4.2

25,3

25,7

-0,3

Sum Finansdepartementet, FIN

63,0

64,1

-1,0

Sum 04 Militært forsvar, FD

2.15

50,1

49,3

0,8

Sum 18 Olje- og energiføremål, OED

2.16

53,9

53,8

0,2

Sum 26 Ymse utgifter

0,1

0,0

0,0

Sum 34 Statens pensjonsfond utland

1.7/3.1

121,7

124,8

-3,1

Sum utgifter1)

1 538,9

1 534,6

4,3

1) Tabell 1.6 i kapittel 1 syner ei mindreutgift på 2 959 mill. kroner utan lånetransaksjonar, statleg petroleumsverksemd og overføring til Statens pensjonsfond utland. Medrekna mindreutgifter for statleg petroleumsverksemd under programområde 18 på 149,3 mill. kroner, meirutgifter under programområde 34 SPU på 3 108 mill. kroner, og mindreutgifter til lån på 4 331 mill. kroner, jf. tabell 1.10, vert mindreutgiftene med lånetransaksjonar 4 332 mill. kroner.

Tabellane i avsnitta 2.1 til 2.16 nedanfor er ordna i ei rekkefølgje som er avleia av departementa sine kapittelnummer i statsbudsjettet. Avsnitt 2.17 inneheld ei kort omtale av statlege utlån.

Rekneskapen vert i utgangspunktet gjord opp på kapittel- og postnivå. Overføringar frå eit år til det neste vert vedtekne på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merkte «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med opp til fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp er difor ikkje den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde og gjev eit oversyn over samla meirinntekter knytte til områda.

Det er to forhold som er viktige å vere klår over ved samanlikning av rekneskapstala for perioden 2014 til 2016:

  • Standardrefusjonar for løn under fødselspermisjon og løn under sjukdom m.m. vart frå 2015 bokførte som utgiftsreduksjonar i rekneskapen, medan slike refusjonar tidlegare var førte som inntekter. Slike refusjonar utgjorde om lag 2,5 mrd. kroner i 2015 og 2,6 mrd. kroner i 2016.

  • Nettoordninga for statleg betalt meirverdiavgift vart innført i 2015. Verksemder som er med i ordninga bokfører betalt meirverdiavgift på kap. 1633, post 01 for meirverdiavgift knytte til postane 01 til 49. Det vart i 2015 rekneskapsført 5,4 mrd. kroner på kap. 1633 post 01, og i 2016 vart det rekneskapsført 5,9 mrd. kroner. Sjå omtale i kapittel 2.14 under programområde 23 Finansadministrasjon.

Som følgje av desse forholda vil utgiftene under dei einskilde programområda vere noko høgare i 2014 samanlikna med dei etterfølgjande åra.

Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

00.10

Kongehuset

210,6

227,6

232,2

232,2

00.30

Regjeringa

346,1

346,7

373,7

374,0

00.40

Stortinget og underliggjande institusjonar

1 785,7

1 940,7

2 252,5

2 163,9

Sum før lånetransaksjonar

2 342,4

2 515,0

2 858,4

2 770,1

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Konstitusjonelle institusjonar

2 342,4

2 515,0

2 858,4

2 770,1

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 88,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 98,7 mill. kroner, frå 2 858,4 mill. kroner til 2 957,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 187,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det i 2016 ikkje knytte nokre meirinntekter. Det er overført til saman 84,6 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,4 mrd. kroner, frå 2,3 mrd. kroner til 2,8 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 7,4 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 10,1 prosent.

Under programkategori 00.10 Kongehuset har utgiftene auka med knapt 22 mill. kroner, frå knapt 211 mill. kroner til 232 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 8,1 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 2,0 prosent. Auken frå 2014 til 2015 var i hovudsak knytt til sikringstiltak for kongefamilien.

Under programkategori 00.30 Regjeringa har utgiftene auka med 28 mill. kroner, frå 346 mill. kroner til 374 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 0,2 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 7,9 prosent. Auken frå 2015 til 2016 heng serleg saman med auka bemanning og større lokale hos Regjeringsadvokaten og meirutgifter på kap. 21 Statsrådet som følgje av endringar i den politiske leiinga.

Under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar har utgiftene auka med 378 mill. kroner, frå 1 786 mill. kroner til 2 164 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 8,7 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 11,5 prosent. Båe åra var det særleg utgiftene til større ombyggingsarbeid i Prinsens gate 26, nytt post- og varemottak og ekstra garasjenedkøyring som vaks.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvaltning og programområde 03 Internasjonal bistand (den offisielle utviklingshjelpa, ODA).

Programområde 02 Utanriksforvaltning

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

02.00

Administrasjon av utanrikstenesta

2 067,8

2 160,3

2 230,6

2 198,4

02.10

Utanriksføremål

5 120,0

6 185,7

5 093,5

4 950,5

Sum før lånetransaksjonar

7 187,8

8 346,0

7 324,1

7 148,9

Lånetransaksjonar

0,2

0,1

193,0

192,7

Sum Utanriksforvaltning

7 188,1

8 346,0

7 517,0

7 341,6

Programområde 03 Internasjonal bistand

03.00

Administrasjon av utviklingshjelpa

1 594,8

1 678,6

1 755,9

1 707,0

03.10

Bilateral hjelp

3 950,0

3 480,5

3 380,1

3 355,0

03.20

Globale ordningar

15 230,8

19 526,4

22 961,6

22 545,2

03.30

Multilateral hjelp

7 003,8

5 893,3

5 312,9

5 294,3

Sum før lånetransaksjonar

27 779,4

30 578,9

33 410,5

32 901,6

Lånetransaksjonar

922,5

1 110,0

1 108,5

1 108,5

Sum Internasjonal bistand

28 701,9

31 688,9

34 519,0

34 010,1

Sum Utanriksdepartementet

35 890,0

40 034,9

42 036,0

41 351,7

Programområde 02 Utanriksforvaltning

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 175,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 203,4 mill. kroner, frå 7 324,1 mill. kroner til 7 527,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 378,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 26,0 mill. kroner. Det er overført til saman 393,7 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,3 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 02 Utanriksforvaltning har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 39 mill. kroner, frå knapt 7,2 mrd. kroner til drygt 7,1 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 16,1 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 14,3 prosent.

Under programkategori 02.00 Administrasjon av utanrikstenesta har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 2,2 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 4,5 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 1,8 prosent.

Under programkategori 02.10 Utanriksføremål har utgiftene minka med knapt 0,2 mrd. kroner, frå drygt 5,1 mrd. kroner til knapt 5,0 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 20,8 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 20,0 prosent.

Dei store variasjonane i utbetalt beløp per år har i hovudsak samanheng med utbetalingar under EØS-finansieringsordningane.

Programområde 03 Internasjonal bistand

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 508,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 157,3 mill. kroner, frå 33 410,5 mill. kroner til 33 567,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 666,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 17,4 mill. kroner. Det er overført til saman 649,5 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 03 Internasjonal bistand har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 5,1 mrd. kroner, frå 27,8 mrd. kroner til 32,9 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 10,1 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 7,6 prosent.

Under programkategori 03.00 Administrasjon av utviklingshjelpa har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,6 mrd. kroner til 1,7 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 5,3 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 1,7 prosent.

Under programkategori 03.10 Bilateral hjelp har utgiftene minka med 0,6 mrd. kroner, frå knapt 4,0 mrd. kroner til knapt 3,4 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 11,9 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 3,6 prosent.

Noko av nedgangen skuldast at tiltak innanfor utdanning i 2015 er løyvde på eigen post (kapittel 169, post 73) under programkategori 03.20 og reduksjon i løyvinga under kap. 151 Bistand til Asia og kap. 153 Bistand til Latin-Amerika.

Under programkategori 03.20 Globale ordningar har utgiftene auka med 7,3 mrd. kroner, frå 15,2 mrd. kroner til drygt 22,5 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 28,2 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 15,5 prosent.

Det er særleg utgifter innanfor humanitær bistand (kapittel 163, post 70), flyktningutgifter i Noreg (kapittel 167, post 21) og utdanning (kap. 169, post 73) som har auka monaleg. Sjå òg forklaring under programkategori 03.30 om overføring mellom kategoriane.

Under programkategori 03.30 Multilateral hjelp har utgiftene minka med 1,7 mrd. kroner, frå 7,0 mrd. kroner til 5,3 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 15,9 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 10,2 prosent.

Den store nedgangen i utgiftene skuldast mellom anna at fleire tiltak innan utdanning og miljø er overførde til programkategori 03.20 Globale ordningar og at enkelte løyvingar til FN-organisasjonar er reduserte.

Utbetalingar av utviklingshjelp i perioden 2012–2016

For 2016 er samla offisiell utviklingshjelp (ODA) utrekna til 36 738 mill. kroner. I denne summen inngår 34 010 mill. kroner på Utanriksdepartementet sitt budsjett, 2 648 mill. kroner på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett (kap. 1482), 34,6 mill. kroner på Riksrevisjonen sitt budsjett (kap. 51) og 45,5 mill. kroner i nettoført meirverdiavgift på Finansdepartementet sitt budsjett (kap. 1633).

Utviklingshjelpa for 2016 utgjer i alt 36 738 mill. kroner, tilsvarande 1,12 pst. av faktisk BNI for 2016, slik BNI for 2016 er venta no.

Det høge nivået på utviklingshjelpa i prosent av BNI kjem mellom anna av auka flyktningeutgifter i samband med statsbudsjettet for 2016.

Oversikta nedanfor syner tal for samla offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2012–2016 (inkl. forbruk under Utanriksdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Finansdepartementet og Riksrevisjonen).

År

Utbetalt i mill. kroner

Utbetalt i prosent av BNI1)

Unytta løyving overført til neste termin (i mill. kroner)

Unytta løyving overført neste budsjettermin, i prosent av budsjett

2012

27 760

0,93

636

2,3

2013

30 219

0,97

1 357

4,4

2014

32 136

0,98

727

2,2

2015

34 657

1,05

170

0,5

2016

36 738

1,12

783

2,1

1) Rekna ut på bakgrunn av faktisk BNI det aktuelle året. (I budsjettsamanheng vert utviklingshjelpa målt i pst. av forventa BNI komande budsjettår,)

2.3 Kunnskapsdepartementet

Programområde 07 Kunnskapsdepartementet

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

07.10

Administrasjon

282,0

272,1

272,4

271,0

07.20

Grunnopplæring

9 033,0

9 764,4

11 075,7

10 984,2

07.30

Barnehagar

369,0

430,7

598,8

573,5

07.50

Vaksenopplæring m.m.

1 705,9

1 836,2

2 034,3

2 013,0

07.60

Høgare utdanning og fagskuleutdanning

30 742,0

32 588,8

34 478,7

34 529,6

07.70

Forsking

5 712,1

7 216,8

7 405,5

7 408,6

07.80

Utdanningsfinansiering

11 556,3

11 972,9

11 905,2

11 868,8

Sum før lånetransaksjonar

59 400,4

64 081,7

67 770,7

67 648,6

Lånetransaksjonar

22 204,9

23 371,7

24 239,0

24 139,6

Sum Kunnskapsdepartementet

81 605,3

87 453,4

92 009,7

91 788,1

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 122,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 415,3 mill. kroner, frå 67 770,7 mill. kroner til 68 186,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 537,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 19,3 mill. kroner. Det er overført til saman 450,3 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 99,4 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 07 Kunnskapsdepartementet har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 8,2 mrd. kroner, frå 59,4 mrd. kroner i 2014 til 67,6 mrd. kroner i 2016. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 7,9 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 5,6 prosent.

Under programkategori 07.20 Grunnopplæring har utgiftene auka med 2,0 mrd. kroner, frå 9,0 mrd. kroner til 11,0 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 8,1 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 12,5 prosent. Grunnopplæringa vert stort sett finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Ein stor del av løyvingane over programkategori 07.20 er tilskot til frittståande skular, kvalitetsutvikling i grunnopplæringa og vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. Utgiftsauken frå 2014 til 2016 kjem mellom anna av satsinga på vidareutdanning for lærarar, og auka tilskot til lærarinnsats på fyrste til fjerde trinn. I tillegg har det vore ein auke i tilskotet til opplæring for barn og unge som søkjer opphald i Noreg, og det har vorte fleire elevar i dei frittståande skulane.

Under programkategori 07.30 Barnehagar har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 0,4 mrd. kroner til 0,6 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 16,7 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 33,2 prosent. Størstedelen av auken frå 2014 til 2016 kjem av auka løyvingar til satsing på kvalitet og kompetanseheving for personalet i barnehagen. Eit nytt tilskot til symjing i barnehagane har òg auka utgiftene i perioden.

Under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 1,7 mrd. kroner til 2,0 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 7,6 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 9,6 prosent. Det meste av auken i treårsperioden kjem av auka kontingent for norsk deltaking i EUs utdannings- og ungdomsprogram Erasmus+, der ny programperiode starta i 2014. Løyvingane til Kompetansepluss-programma (tidligare Program for basiskompetanse i arbeidslivet) og tiltak for livslang læring vart òg auka, mellom anna for å følgje opp Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse. Samordnet innsats for voksnes læring.

Under programkategori 07.60 Høgare utdanning og fagskuleutdanning har utgiftene auka med 3,8 mrd. kroner, frå 30,7 mrd. kroner til 34,5 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei òg med 6,0 prosent. Det meste av auken i perioden skriv seg frå at studieplassar oppretta i 2015, og i 2014 og tidlegare, er førte vidare. Noko av auken kjem av at rekrutteringsstillingar oppretta i 2015 er førte vidare. Samstundes har nye rekrutteringsstillingar og nye studieplassar i 2016 òg auka utgiftene. Studiepoengproduksjonen i perioden har auka som følgje av auken i talet på studieplassar, og gir utslag i den resultatbaserte utteljinga i finansieringssystemet. Andre årsaker til auken i utgifter er at meir midlar er brukte til å gjennomføre strukturreforma der institusjonane i sektoren slår seg saman til større einingar, og det er gjeve løyvingar til utstyr og husleige i nybygg, og til oppgradering av bygningar.

Under programkategori 07.70 Forsking har utgiftene auka med 1,7 mrd. kroner, frå 5,7 mrd. kroner til 7,4 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 26,3 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 2,7 prosent. Auken kjem for det meste av auka løyvingar til mellom anna forskingsinfrastruktur, fri prosjektstøtte og deltaking i europeisk forskingssamarbeid.

Under programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 11,6 mrd. kroner til 11,9 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 3,6 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 0,9 prosent. Årsaka til auken frå 2014 er høgare studenttal og høgare gjennomsnittleg støtte per student. Den vesle nedgangen frå 2015 til 2016 kjem mellom anna av lågare utgifter til rentefritak under utdanning, lågare valutajustering og færre studentar i utlandet. Utgiftene til lånetransaksjonar har auka med 1,9 mrd. kroner, frå 22,2 mrd. kroner til 24,1 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 5,3 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 3,3 prosent. Årsaka til auken frå 2014 er høgare studenttal og høgare gjennomsnittleg støtte per student. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar om utlåna frå Lånekassa er nærare spesifiserte.

2.4 Kulturdepartementet

Programområde 08 Kulturføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

08.10

Administrasjon

143,5

138,9

143,0

144,5

08.15

Samfunns- og frivilligheitsføremål1)

1 965,5

2 076,9

1 774,8

1 775,5

08.20

Kulturføremål

7 213,8

7 283,5

7 608,5

7 587,0

08.30

Medieføremål

1 224,2

1 240,8

1 308,8

1 293,7

08.40

Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn1)

1 913,4

2 050,3

2 330,6

2 348,8

Sum før lånetransaksjonar

12 460,4

12 790,4

13 165,7

13 149,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Kulturdepartementet

12 460,4

12 790,4

13 165,7

13 149,4

1) Tilskot til trussamfunn m.m. vart tidlegare førte på kapittel 310. Frå 2016 er desse tilskota flytta til kapittel 341 og samstundes omklassifiserte frå programkategori 08.15 Samfunns- og frivilligheitsføremål til programkategori 08.40 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn. Tilskota for åra 2014, 2015 og 2016 var høvesvis 284 mill. kroner, 283 mill. kroner og 308 mill. kroner.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 16,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 187,2 mill. kroner, frå 13 165,7 mill. kroner til 13 352,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 203,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 31,9 mill. kroner. Det er overført til saman 220,1 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 08 Kulturføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,7 mrd. kroner, frå knapt 12,5 mrd. kroner til drygt 13,1 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 2,8 prosent.

Under programkategori 08.10 Administrasjon har utgiftene auka med 1 mill. kroner, frå 143 mill. kroner til 144 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 3,2 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 4,0 prosent.

Under programkategori 08.15 Samfunns- og frivilligheitsføremål har utgiftene minka med 190 mill. kroner, frå 1 966 mill. kroner til 1 776 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 5,7 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 14,5 prosent. Minkinga frå 2015 til 2016 skuldast i all hovudsak ei budsjetteknisk endring, jf. omtale nedanfor under programkategori 08.40.

Under programkategori 08.20 Kulturføremål har utgiftene auka med 373 mill. kroner, frå 7 214 mill. kroner til 7 587 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 1,0 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 4,2 prosent.

Under programkategori 08.30 Medieføremål har utgiftene auka med drygt 69 mill. kroner, frå 1 224 mill. kroner til 1 294 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 1,4 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 4,3 prosent. Størst prosentvis auke i 2016 hadde filmfeltet med 4,4 prosent. Dette skuldast mellom anna auka tilskot til filmformidling og oppretting av ei insentivordning for film- og tv-produksjonar.

Under programkategori 08.40 Den norske kyrkjaog andre trus- og livssynssamfunn har utgiftene auka med 435 mill. kroner, frå 1 913 mill. kroner til 2 349 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 7,2 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 14,6 prosent. Auken frå 2015 til 2016 kjem i hovudsak av at utgifter til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, på i alt 308 mill. kroner, i 2016 er presentert under denne kategorien. Desse utgiftene er tidlegare presenterte under programkategori 08.15 Samfunns- og frivilligheitsføremål. Sjå note til tabellen ovanfor.

2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Programområde 06 Justissektoren

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

06.10

Administrasjon

425,1

423,3

478,3

479,8

06.20

Rettsstell

2 450,7

2 559,3

2 611,5

2 624,5

06.30

Kriminalomsorg

4 264,2

4 264,9

4 574,4

4 521,0

06.40

Politi- og påtalemakt

15 401,5

15 797,1

17 166,7

17 107,0

06.50

Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap

3 707,8

3 870,7

3 288,4

3 214,4

06.60

Andre verksemder

1 530,4

1 427,8

1 536,6

1 571,4

06.70

Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m.

1 661,1

1 480,2

1 586,4

1 611,6

06.80

Svalbardbudsjettet

1 512,2

261,5

312,9

276,1

06.90

Trygging og innvandring

3 881,8

5 508,4

8 304,8

8 166,7

06.951)

Integrering og mangfald

8 346,1

9 800,6

13 157,9

13 195,8

Sum før lånetransaksjonar

43 181,0

45 393,7

53 018,0

52 768,3

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Justis- og beredskapsdepartementet

43 181,0

45 393,7

53 018,0

52 768,3

1) Frå 2016 vart programkategori 11.05 Integrering og mangfald overført frå BLD til JD sin programkategori 06.95. Samanliknbare tal for 2014 og 2015 er omklassifiserte.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 249,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 716,3 mill. kroner, frå 53 018,0 mill. kroner til 53 734,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 966,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 52,8 mill. kroner. Det er overført til saman 837,6 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 06 Justissektoren har utgiftene før lånetransaksjonarauka nominelt med 9,6 mrd. kroner, frå 43,2 mrd. kroner til 52,8 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 5,1 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 16,2 prosent.

Under programkategori 06.10 Administrasjon har utgiftene auka med 55 mill. kroner, frå 425 mill. kroner til 480 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 0,4 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 13,3 prosent. Auken frå 2015 til 2016 har samanheng med at ansvaret for integreringsområdet vart overført frå Barne- og likestillingsdepartementet til Justis- og beredskapsdepartementet i 2016.

Under programkategori 06.20 Rettsstell har utgiftene auka med knapt 0,2 mrd. kroner, frå knapt 2,5 mrd. kroner til drygt 2,6 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 4,4 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 2,5 prosent. Auken kjem i hovudsak av pris- og lønsvekst, og som følje av auke i regelstyrte kostnader knytt til barnesaker i domstolane.

Under programkategori 06.30 Kriminalomsorg har utgiftene auka med knapt 0,3 mrd. kroner, frå knapt 4,3 mrd. kroner til drygt 4,5 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 var det ingen auke, medan det frå 2015 til 2016 var ein auke på 6,0 prosent. Auken over perioden 2014–2016 heng saman med kapasitetsutvidande tiltak i sektoren.

Under programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt har utgiftene auka med 1,7 mrd. kroner, frå 15,4 mrd. kroner til 17,1 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 8,3 prosent. Hovudforklaringa til auken i utgiftene i perioden 2014–2016 er fleire politistillingar, beredskap (inkl. PST), gjennomføring av nærpolitireforma, IKT-tiltak, returarbeid og handtering av den store tilstrøyminga av asylsøkjarar hausten 2015.

Under programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap har utgiftene minka med 0,5 mrd. kroner, frå 3,7 mrd. kroner til 3,2 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 4,4 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 17,0 prosent. Det meste av minken kjem av reduserte løyvingar til naudnettet, som følgje av at den landsdekkande utbygginga av dette er ferdigstilt.

Under programkategori 06.60 Andre verksemder har utgiftene auka med 41 mill. kroner, frå 1530 mill. kroner til 1 571 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 6,7 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 10,1 prosent. Svingingar i rekneskapstala mellom åra kjem i hovudsak av variasjonar i særskilde straffesaksutgifter. Mellom anna medførte dei høge asylankomstane i 2015 auka utgifter til representantordninga for einslege mindreårige asylsøkjarar i 2016. Talet på verjemål er òg aukande, og det bidrar til at godtgjering til verjer aukar.

Under programkategori 06.70 Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m. har utgiftene minka med 49 mill. kroner, frå 1 661 mill. kroner til 1 612 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 10,9 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 8,9 prosent. Minken kjem mellom anna av ein nedgang i utgifter til fri rettshjelp, som følgje av at inntektsgrensene er uendra. Auken det siste året kjem i hovudsak av fleire utbetalingar av erstatning i tilfelle av strafforfølging og erstatning til valdsofre.

Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet syner netto utgifter på 276 mill. kroner for 2016. Tilskotet til svalbardbudsjettet kjem fram av kapittel 480, post 50 i statsrekneskapen og utgjer eit netto tilskot, som òg inneheld skatteinntekter til Svalbard. Mindreforbruket på kap. 480 skuldast i hovudsak auka skatteinngang. Den auka skatteinngangen gjeld hovudsakleg skatt på føretak. Denne meirinntekta reduserer tilskotet for å balansere svalbardbudsjettet.

Under programkategori 06.90 Trygging og innvandring har utgiftene auka med 4,3 mrd. kroner, frå 3,9 mrd. kroner til 8,2 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 41,9 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 48,3 prosent. Auken på utlendingsfeltet i perioden kjem i hovudsak av at det hausten 2015 kom svært mange asylsøkjarar til Noreg. Talet på asylsøkjarar i 2015 var drygt 31 000, om lag 20 000 fleire enn i 2014. Situasjonen i 2015 medførte ein auke i utgiftene til mellom anna asylmottak og handsaming av søknadar i 2016. I 2016 kom det om lag 3 500 asylsøkjarar til Noreg, noko som er det lågaste talet på fleire år.

Under programkategori 06.95 Integrering og mangfald har utgiftene auka med drygt 4,8 mrd. kroner, frå drygt 8,3 mrd. kroner til 13,2 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 17,4 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 34,6 prosent. Hovudårsaka er auke i talet på busette flyktningar som utløyser integreringstilskot til kommunane.

2.6 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Programområde 13 Kommunal, bustad og modernisering

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

13.00

Administrasjon og fellestenester m.m.

1 933,2

1 952,5

1 946,5

2 017,4

13.25

Fylkesmannsembeta

1 791,2

1 755,2

1 717,7

1 745,8

13.30

Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning

3 392,2

4 480,1

5 620,8

5 539,2

13.40

Forvaltningsutvikling og IKT-politikk

435,1

394,6

467,8

469,6

13.45

Personvern

43,0

40,8

48,1

47,9

13.50

Distrikts- og regionalpolitikk

2 243,4

2 115,7

1 865,9

1 931,2

13.60

Samiske føremål

300,0

311,2

314,2

316,8

13.67

Nasjonale minoritetar

21,1

22,1

33,1

25,6

13.70

Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m.

158 486,3

162 607,9

166 156,5

165 989,8

13.80

Bustad, bustadmiljø og bygg

4 835,5

4 781,2

5 247,6

5 259,3

13.90

Planlegging, byutvikling og geodata

942,7

848,9

999,6

1 018,9

Sum før lånetransaksjonar

174 423,8

179 310,1

184 417,8

184 361,3

Lånetransaksjonar

17 467,7

17 870,8

15 990,0

14 670,4

Sum Kommunal- og moderniseringsdepartementet

191 891,5

197 180,9

200 407,8

199 031,7

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 56,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 1 310,1 mill. kroner, frå 184 417,8 mill. kroner til 185 727,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 366,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 73,8 mill. kroner. Det er overført til saman 1 448,2 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 319,6 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 13 Kommunal, bustad og modernisering har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 9,9 mrd. kroner, frå 174,4 mrd. kroner til 184,4 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 2,8 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei òg med 2,8 prosent.

Under programkategori 13.25 Fylkesmannsembeta har utgiftene minka med 45 mill. kroner over trårsperioden. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 2,0 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 0,5 prosent. Nedgangen frå 2014 til 2016 kjem i hovudsak av innføring av ordninga med netto meirverdiavgift i staten og avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Under programkategori 13.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning har utgiftene auka med 2,1 mrd. kroner, frå 3,4 mrd. kroner til 5,5 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 32,1 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 23,6 prosent. Auken frå 2014 til 2015 er i hovudsak knytt til igangsetjing og framhald av byggeprosjekt, mellom anna utbygginga på Campus Ås. Auken frå 2015 til 2016 kjem mellom anna av framhaldet av utbygginga av Nasjonalmuseet på Vestbanen og oppstartsløyving til fengselsplassar ved Ullersmo og Indre Østfold fengsel.

Under programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling og IKT-politikk har utgiftene auka netto med 34 mill. kroner over treårsperioden, frå 435 mill. kroner til knapt 470 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 9,3 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 19 prosent. Nedgangen frå 2014 til 2015 kjem mellom anna av at e-handelssatsinga i si noverande form vart avslutta i 2014, og at delar av utgiftene til etablering av sikker digital post fyrst kom til utbetaling i 2016. Auken frå 2015 til 2016 kjem i hovudsak av innføringa av ordninga for medfinansiering av lønsame IKT-prosjekt. Auken skuldast dessutan at det vart løyva midlar til ny løysing for Offentleg elektronisk postjournal og til å etablere Statens innkjøpssenter i Direktoratet for forvaltning og IKT.

Under programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk har utgiftene minka med 0,3 mrd. kroner, frå 2,2 mrd. kroner til 1,9 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 5,7 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 8,7 prosent. Nedgangen frå 2014 til 2016 kjem av at midlar frå programkategori 13.50 er omprioriterte for å gje rom for auka løyvingar til fysisk infrastruktur, mellom anna vedlikehald av fylkesvegar, vekstfremmande skattelettar og forsking.

Under programkategori 13.70 Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m. har utgiftene auka med 7,5 mrd. kroner, frå 158,5 mrd. kroner til 166 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 2,1 prosent. Utgiftene under denne programkategorien må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i statsbudsjettet. Auken frå 2014 til 2016 heng saman med den generelle styrkinga av dei frie inntektene og auke i utgiftene i toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester.

Under programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 4,8 mrd. kroner til knapt 5,3 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 1,1 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 10 prosent. Nedgangen frå 2014 til 2015 kjem av at tilsegn på tilskotsordningar i Husbanken vert utbetalte seinare enn det som var lagt til grunn i budsjetteringa. Auken frå 2015 til 2016 kjem av auka løyving til bostøtteordninga, samt utbetaling av eittårige satsingar på tilskot til utleigebustader.

Under programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 0,9 mrd. kroner til 1,0 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 10 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 20 prosent. Nedgangen frå 2014 til 2015 kjem mellom anna av at programmet Framtidas Byer vert avslutta, og av flytting av løyvingar frå programkategorien til ein felles post for departementet. Auken frå 2015 til 2016 kjem hovudsakleg av at tilskotet til bustad-, by og områdeutvikling vart flytta til programkategorien. Auken skuldast dessutan auka løyvingar til Statens kartverk, mellom anna til jordobservatoriet i Ny-Ålesund.

Lånetransaksjonane syner ein nedgang på 2,8 mrd. kroner frå 17,5 mrd. kroner til 14,7 mrd. kroner. Det var ein auke på 2,3 prosent frå 2014 til 2015 og ein nedgang på 17,9 prosent frå 2015 til 2016. Auken frå 2014 til 2015 kjem hovudsakleg av eit tilskot til styrking av aksjekapitalten i Kommunalbanken. Nedgangen frå 2015 til 2016 kjem hovudsakleg av eit lågare volum av utbetalte grunnlån i Husbanken. Årsaka er dels lågare søknadsvolum, som gir redusert volum av innvilga lån, og dels lågare utbetalingar av dei innvilga låna. Nedgangen frå 2015 til 2016 har òg samanheng med det eittårige tilskotet til styrking av aksjekapitalen i Kommunalbanken i 2015. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Husbanken er nærare spesifiserte.

2.7 Arbeids- og sosialdepartementet

Arbeids- og sosialdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeid og sosiale formål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

09.00

Administrasjon

421,1

429,1

424,4

428,9

09.10

Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken

12 694,4

12 290,9

12 147,9

12 035,4

09.20

Tiltak for betra levekår m.m.

324,2

337,6

350,1

352,9

09.30

Arbeidsmarknad

7 280,6

7 783,5

8 327,2

8 292,8

09.40

Arbeidsmiljø og tryggleik

1 520,5

980,8

991,7

991,4

09.50

Pensjonar mv. under Statens pensjonskasse

10 433,3

11 318,1

12 633,2

12 639,7

09.60

Kontantytingar

2 599,5

2 384,0

2 399,0

2 395,5

Sum før lånetransaksjonar

35 273,6

35 523,9

37 273,4

37 136,6

Lånetransaksjonar

27 245,9

7 844,0

3 500,0

3 551,6

Sum Arbeid og sosiale føremål

62 519,5

43 367,8

40 773,4

40 688,2

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

29.20

Einslege forsørgjarar

3 683,0

3 665,6

3 356,3

3 352,2

29.50

Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik

137 741,3

151 186,3

154 587,7

154 250,5

29.60

Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.

9 016,3

9 119,7

9 491,4

9 486,6

29.70

Alderdom

179 196,6

190 563,4

201 820,0

201 708,7

29.80

Forsørgjartap m.m.

2 468,6

2 422,6

2 327,3

2 336,2

Sum før lånetransaksjonar

332 105,7

356 957,6

371 582,7

371 134,1

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Sosiale føremål, folketrygda

332 105,7

356 957,6

371 582,7

371 134,1

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

33.30

Arbeidsliv

12 386,2

14 573,7

16 185,0

16 259,5

Sum før lånetransaksjonar

12 386,2

14 573,7

16 185,0

16 259,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, folketrygda

12 386,2

14 573,7

16 185,0

16 259,5

Sum Arbeids- og sosialdepartementet

407 011,5

414 899,2

428 541,1

428 081,9

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 136,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 410,8 mill. kroner, frå 37 273,4 mill. kroner til 37 684,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 547,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det mindreinntekter på i alt 10,7 mill. kroner. Det er overført til saman 497,1 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 51,6 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 09 Arbeid og sosiale føremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,9 mrd. kroner, frå 35,3 mrd. kroner til 37,1 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 0,7 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 4,5 prosent.

Under programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken har utgiftene minka med 0,7 mrd. kroner, frå 12,7 mrd. kroner til 12,0 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 3,2 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 2,1 prosent. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med om lag 0,4 mrd. kroner, og frå 2015 til 2016 minka dei med om lag 0,26 mrd. kroner. I både tilfella var det tekniske element (til dømes pris- og lønsjustering) som trekte i ulik retning. Det største ikkje-tekniske elementet som medverka til endringane, var ein nedgang i utgifter til IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten i 2015 og 2016 på høvesvis 155 og 216 mill. kroner (kap. 604).

Under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad har utgiftene auka med 1,0 mrd. kroner, frå 7,3 mrd. kroner til 8,3 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 6,9 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 6,5 prosent. Auken frå 2015 til 2016 kjem mellom anna av at det er gjennomført fleire tiltaksplassar for arbeidsmarknadstiltak i 2016 enn i 2015.

Under programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik har utgiftene minka med 0,5 mrd. kroner, frå 1,5 mrd. kroner til 1,0 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 35,5 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 1,1 prosent.

Hovudgrunnen til endringa frå 2014 til 2016 er knytt til utbetaling av tilleggskompensasjon til pionerdykkarar i Nordsjøen. Hovudmengda av utbetalingar skjedde i 2014 og vart avslutta i 2015. Frå 2015 til 2016 er det ein mindre auke på 10 mill. kroner som mellom anna skuldast overføringar og auka løyvingar til Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet.

Under programkategori 09.50 Pensjonar mv. under Statens pensjonskasse har utgiftene auka med 2,2 mrd. kroner, frå 10,4 mrd. kroner til 12,6 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 8,5 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 11,7 prosent.

Under programkategorien utgiftsfører ein mellom anna statens netto pensjonsutbetalingar gjennom Statens pensjonskasse (SPK). For statlege verksemder som betaler pensjonspremie til SPK, blir premien inntektsført under programkategorien. Auken frå 2015 til 2016 kjem av at pensjonsutbetalingane auka meir enn pensjonspremieinntektene i 2016.

Brutto utlån for bustadlånsordninga (lånetransaksjonar) på kapittel 614 er redusert frå 27,2 mrd. kroner i 2014 til 3,6 mrd. kroner i 2016. Dette utgjer ein årleg gjennomsnittleg reduksjon på 64 prosent. Reduksjonen kjem av lågare etterspurnad etter lån. Samla utlån for bustadlånsordninga er redusert fordi avdrag og innfriing av gamle lån overstig brutto utlån. Samla utlån i bustadlånsordninga per 31.12.2016 er 58,2 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå bustadlånsordninga i SPK er nærare spesifiserte.

Under programkategori 09.60 Kontantytingar har utgiftene minka med 0,2 mrd. kroner, frå 2,6 mrd. kroner til 2,4 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 8,3 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 0,5 prosent.

Programkategorien omfattar avtalefesta pensjon (AFP), krigspensjon, pensjonstrygda for sjømenn og supplerande stønad til personar over 67 år. Auken frå 2015 til 2016 kjem i hovudsak av at utgiftene til AFP har auka.

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 448,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 129,0 mill. kroner, frå 371 582,7 mill. kroner til 371 711,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 577,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, sidan det stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar. Det er overført til saman 106,4 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast».

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 39,0 mrd. kroner, frå 332,1 mrd. kroner til 371,1 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 7,5 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 4,0 prosent.

Under programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik har utgiftene auka med 16,6 mrd. kroner, frå 137,7 mrd. kroner til 154,3 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 9,8 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 2,0 prosent.

Utgiftene til sjukepengar for arbeidstakarar var på 34,9 mrd. kroner i 2016, ein auke på 0,8 mrd. kroner frå 2014. Utgiftene til sjukepengar for arbeidstakarar gjekk likevel ned med 0,4 mrd. kroner frå 2015 til 2016. Utgiftene til arbeidsavklaringspengar var på 34,3 mrd. kroner i 2016, ein nedgang på 0,5 mrd. kroner frå 2014. Utgiftene til uføretrygd var på 80 mrd. kroner i 2016, ein auke på 16,3 mrd. kroner frå 2014.

Talet på sjukedagar som folketrygda har betalt for, var om lag uendra frå 2014 til 2015, medan betalinga for kvar sjukedag auka. Frå 2015 til 2016 gjekk talet på sjukedagar som folketrygda har betalt for ned, medan betalinga for kvar sjukedag framleis auka. Talet på sjukepengedagar per sysselsett arbeidstakar som folketrygda har betalt for (korrigert for sjukepengegrad), var uendra frå 2014 til 2015, og låg på eit gjennomsnitt på 9,0 arbeidsdagar båe år. For 2016 var det ein reduksjon i talet til 8,7 dagar.

Per desember 2014 var det 151 300 mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Ved utgangen av 2015 var talet på mottakarar gått ned til 148 500. Nedgangen heldt fram i 2016. Per desember 2016 var det 146 300 mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Hovudgrunnen til nedgangen i utgifter til arbeidsavklaringspengar er færre mottakarar, mellom anna som følgje av overgang til uføretrygd. Samstundes har utbetalinga per mottakar auka grunna regulering av grunnbeløpet i folketrygda.

Talet på uføretrygda har auka frå 311 900 ved utgangen av 2014 til 314 800 ved utgangen av 2015. Ved utgangen av 2016 har talet på uføretrygda auka til 318 200. Ein viktig grunn til auken i 2015 og i 2016 er at mange tidlegare mottakarar av arbeidsavklaringspengar gjekk over til uføretrygd. Størstedelen av auken i utgiftene i 2015 kom av at uføretrygda før skatt vart auka for å tilpasse utbetalinga til dei nye skattereglane i samband med uførereforma. Grunnen til auka utgifter i 2016 var hovudsakleg fleire mottakarar, samt auka gjennomsnittleg yting, mellom anna fordi gifte/sambuande uføre som tidlegare hadde uførepensjon har fått auka yting frå 1. september 2016.

Under programkategori 29.70 Alderdom har utgiftene auka med 22,5 mrd. kroner, frå 179,2 mrd. kroner til 201,7 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 6,3 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 5,8 prosent.

Auken frå 2014 til 2015 målt i fast grunnbeløp var på 3,8 prosent, medan auken frå 2015 til 2016 var på 3,3 prosent. Grunnen til auken er i hovudsak at det vart fleire alderspensjonistar. Mesteparten av auken skjedde blant pensjonistar i aldersgruppa 67 år og over.

Frå 1. januar 2011 vart det høve til å starte uttak av alderspensjon frå 62 år. I 2014 var gjennomsnittleg tal på mottakarar mellom 62 og 66 år om lag 77 000, i 2015 var det om lag 86 000 og i 2016 var det om lag 90 000. Gjennomsnittleg tal på alderspensjonistar var om lag 820 000 i 2014, om lag 854 000 i 2015 og om lag 881 000 i 2016.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap syner ei meirutgift på 74,5 mill. kroner av ei samla løyving på 16,2 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene auka med 3,9 mrd. kroner, frå 12,4 mrd. kroner til 16,3 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 17,7 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 11,6 prosent.

Endringa for programkategori 33.30 i perioden 2014–2016 kjem for det meste av at utgiftene til dagpengar har auka som følgje av fleire arbeidsledige med rett til dagpengar og auke i gjennomsnittleg utbetaling.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 10 Helse og omsorg og programområde 30 Stønad ved helsetenester, folketrygda.

Programområde 10 Helse og omsorg

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

10.00

Helse- og omsorgsdepartementet m.m.

658,7

715,4

904,4

1 066,7

10.10

Folkehelse

2 089,9

2 130,6

2 046,4

2 292,2

10.20

Helseforvaltning

2 065,5

2 049,8

1 770,9

1 792,5

10.30

Spesialisthelsetenester

118 812,4

134 271,4

136 015,1

135 978,8

10.50

Legemiddel

333,2

319,6

349,5

361,6

10.60

Helse- og omsorgstenester i kommunane

6 440,2

7 495,9

8 674,1

7 776,5

10.70

Tannhelse

203,2

235,2

263,7

261,5

10.80

Kunnskap og kompetanse

709,4

718,3

675,6

668,4

Sum før lånetransaksjonar

131 312,4

147 936,2

150 699,8

150 198,2

Lånetransaksjonar

0,7

0,0

0,0

0,0

Sum Helse og omsorg

131 313,1

147 936,2

150 699,8

150 198,2

Programområde 30 Stønad ved helsetenester, folketrygda

30.10

Spesialisthelsetenester m.m.

4 842,2

5 185,1

5 343,9

5 334,4

30.50

Legehjelp, legemiddel m.m.

22 024,2

24 174,8

24 598,6

24 531,5

30.90

Andre helsetiltak

190,3

185,9

199,0

201,3

Sum før lånetransaksjonar

27 056,7

29 545,8

30 141,5

30 067,1

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Stønad ved helsetenester, folketrygda

27 056,7

29 545,8

30 141,5

30 067,1

Sum Helse- og omsorgsdepartementet

158 369,8

177 482,0

180 841,3

180 265,4

Programområde 10 Helse og omsorg

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 501,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 223,0 mill. kroner, frå 150 699,8 mill. kroner til 150 922,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 724,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 589,6 mill. kroner. Det er overført til saman 1 214,3 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 10 Helse og omsorg har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 18,9 mrd. kroner, frå 131,3 mrd. kroner til 150,2 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 12,7 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 1,5 prosent.

Under programkategori 10.00 Helse- og omsorgsdepartementet m.m. har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå knapt 0,7 mrd. kroner til knapt 1,1 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 8,6 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 49,1 prosent. Auken frå 2014 til 2015 kjem i hovudsak av større løyvingar til elektronisk samhandling og auka EU-kontingentar. Auken frå 2015 til 2016 kjem i hovudsak av løyvingar for 2016 vart flytta frå programkategoriane 10.20 og 10.80 ved etableringa av Direktoratet for e-helse.

Under programkategori 10.10 Folkehelse har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 2,3 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 1,9 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 7,6 prosent. Avviket mellom budsjett og rekneskap kjem mellom anna av meirutgifter som følgje av opptente meirinntekter, jf. særskilde fullmakter.

Under programkategori 10.20 Helseforvaltning har utgiftene minka med knapt 0,3 mrd. kroner, frå knapt 2,1 mrd. kroner til 1,8 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 0,8 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 12,6 prosent. Nedgangen frå 2015 til 2016 kjem hovudsakleg som følgje av omorganiseringa av den sentrale helseforvaltning der ei vesentleg del av løyvinga til Direktoratet for e-helse og heile løyvinga til Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta vart flytta frå programkategori 10.20, medan løyvinga til Statens strålevern vart flytta til 10.20. Vidare var det ein nedgang i erstatningsutbetalingar til vaksineskader gjennom NPE.

Under programkategori 10.30 Spesialisthelsetenester har utgiftene auka med 17,2 mrd. kroner, frå 118,8 mrd. kroner til 136,0 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 13,0 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 1,3 prosent. Auken frå 2015 til 2016 kjem hovudsakleg av vekst i pasientbehandlinga.

Under programkategori 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har utgiftene auka med drygt 1,3 mrd. kroner, frå drygt 6,4 mrd. kroner til knapt 7,8 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 16,4 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 3,7 prosent. Årsaka til auken frå 2014 til 2015 større løyvingar til tiltak innanfor Omsorgsplan 2015, psykisk helse, rusfeltet og oppfølging av samhandlingsreforma Årsaka til auken frå 2015 til 2016 er at det vart flytta midlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til forsøksordninga for statleg finansiering av eldreomsorga.

Under programkategori 10.70 Tannhelse har utgiftene auka med om lag 58 mill. kroner, frå 203 mill. kroner til 262 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 15,8 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 11,2 prosent. Auken, både frå 2014 til 2015 og frå 2015 til 2016, er knytte til omdisponeringar frå stønadsordningane i folketrygda.

Under programkategori 10.80 Kunnskap og kompetanse har utgiftene minka med 41 mill. kroner, frå 709 mill. kroner til 668 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 1,2 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 6,9 prosent. Nedgangen frå 2015 til 2016 kjem særleg av at tilskot til Helseregistre (kap. 782) vart flytta frå programkategori 10.80 til programkategori 10.10 (kap. 701).

Programområde 30 Stønad ved helsetenester, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 74,4 mill. kroner av ei samla løyving på 30,1 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld løyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 30 Stønad ved helsetenester har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 3,0 mrd. kroner, frå 27,1 mrd. kroner til 30,1 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 9,2 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 1,8 prosent.

Under programkategori 30.10 Spesialisthelsetenester m.m. har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 4,8 mrd. kroner til 5,3 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 7,1 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 2,9 prosent. Auken frå 2015 til 2016 kjem mellom anna av vekst i utgifter til spesialisthjelp, tannbehandling og laboratorie- og røntgenundersøkingar.

Under programkategori 30.50 Legehjelp, legemiddel m.m. har utgiftene auka med 2,5 mrd. kroner, frå 22,0 mrd. kroner til 24,5 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 9,8 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 1,5 prosent. Auken kjem mellom anna av høgare utgifter til eigenandelstak 1 og helsehjelp i utlandet. Det er òg ein auke i utgiftene til refusjonar til allmennlegar og fysioterapeutar. Utgiftene til legemiddel og medisinsk forbruksmateriell har minka.

Under programkategori 30.90 Andre helsetiltak har utgiftene auka med 11 mill. kroner, frå 190 mill. kroner til 201 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 2,3 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 8,3 prosent. Auken kjem særleg av økte utgifter til legemiddel.

2.9 Barne- og likestillingsdepartementet

Barne- og likestillingsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 11 Barn og likestilling og programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda.

Programområde 11 Barn og likestilling

(i mill. kr)

Programkategori1)

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

11.00

Administrasjon

177,2

173,8

152,9

156,1

11.10

Familie og oppvekst

17 389,9

17 710,6

17 768,6

17 745,7

11.20

Barnevernet

8 710,7

9 343,8

10 351,8

9 957,2

11.30

Forbrukarpolitikk

200,6

223,4

216,5

217,6

11.402)

Likestilling og ikkje-diskriminering

0,0

0,0

345,0

344,5

Sum før lånetransaksjonar

26 478,5

27 451,6

28 834,8

28 421,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Barn og likestilling

26 478,5

27 451,6

28 834,8

28 421,0

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

28.50

Stønad ved fødsel og adopsjon

18 289,3

19 303,6

19 760,0

19 546,4

Sum før lånetransaksjonar

18 289,3

19 303,6

19 760,0

19 546,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Foreldrepengar, folketrygda

18 289,3

19 303,6

19 760,0

19 546,4

Sum Barne- og likestillingsdepartementet

44 767,8

46 755,2

48 594,8

47 967,4

1) Frå 2016 vart programkategori 11.05 Integrering og mangfald overført frå Barne- og likestillingsdepartementet til programkategori 06.95 under Justis- og beredskapsdepartementet. Samanliknbare tal for 2014 og 2015 er omklassifiserte.

2) BLD har i statsbudsjettet for 2016 gjort endringar i budsjettstrukturen. Det er mellom anna oppretta ein ny programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering. Den nye programkategorien spring ut frå programkategori 11.10. Samanlikningstal for rekneskapen i 2014 og 2015 er ikkje omklassifiserte i tabellen ovanfor.

Programområde 11 Barn og likestilling

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 413,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 125,5 mill. kroner, frå 28 834,8 mill. kroner til 28 960,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 539,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført mindreinntekter på i alt 31,8 mill. kroner. Det er overført til saman 103,1 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 11 Barn og likestilling har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,9 mrd. kroner, frå 26,5 mrd. kroner til 28,4 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 3,7 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 3,5 prosent.

Under programkategori 11.10 Familie og oppvekst har utgiftene auka med knapt 0,4 mrd. kroner, frå 17,4 mrd. kroner til drygt 17,7 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 1,8 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 0,2 prosent. Hovudgrunnen til auken i utgifter frå 2014 til 2016 er auka utbetalingar av kontantstøtte.

Under programkategori 11.20 Barnevernet har utgiftene auka med drygt 1,2 mrd. kroner, frå 8,7 mrd. kroner til knapt 10,0 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 7,3 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 6,6 prosent. Hovudgrunnen til auken i utgifter frå 2014 til 2016 er den store auken i einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som har fått opphald i omsorgssentera. Det har òg vore ein auke i utgiftene til kommunalt og statleg barnevern.

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 213,6 mill. kroner av ei samla løyving på drygt 19,8 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

Under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon har utgiftene auka med knapt 1,3 mrd. kroner, frå 18,3 mrd. kroner til drygt 19,5 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 5,5 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 1,3 prosent.

Dei viktigaste grunnane er at fleire mødrer enn før har rett til foreldrepengar ved fødsel, at stønadsmottakarane har fått høgare inntekt, og at lengda på foreldrepengeperioden vart auka med to veker frå 1. juli 2013. Endringa frå 1. juli 2013 fekk fyrst full verknad i 2015.

2.10 Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har ansvar for programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål. I tillegg har departementet ansvar for programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

17.10

Forvaltning og rammevilkår

4 420,9

4 178,0

4 944,9

4 524,8

17.20

Forsking og innovasjon

6 726,3

7 316,5

7 260,5

7 256,8

17.30

Marknadsadgang og eksport

504,0

115,5

105,8

109,6

17.40

Statleg eigarskap

116,7

541,9

679,3

325,3

Sum før lånetransaksjonar

11 767,8

12 151,8

12 990,5

12 216,5

Lånetransaksjonar

75 307,2

62 793,4

58 966,0

56 002,5

Sum Nærings- og fiskeriføremål

87 075,0

74 945,2

71 956,5

68 218,9

Programområde 33 Arbeidsliv, Folketrygda

33.40

Arbeidsliv

90,0

80,0

85,0

80,0

Sum før lånetransaksjonar

90,0

80,0

85,0

80,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, Folketrygda

90,0

80,0

85,0

80,0

Sum Nærings- og fiskeridepartementet

87 165,0

75 025,2

72 041,5

68 298,9

Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 774 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 907,2 mill. kroner, frå 12 990,5 mill. kroner til 13 897,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 681,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 65,9 mill. kroner. Det er overført til saman 1 566,8 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 2 963,5 mill. kroner. Det er overført 50 mill. kroner til 2017 på Kap. 0950 Forvaltning av statlig eierskap, post 95 Egenkapitaltilskudd til Store Norske Spitsbergen kulkompani, kan overførast.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,4 mrd. kroner, frå 11,8 mrd. kroner til 12,2 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 3,3 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 0,5 prosent.

Under programkategori 17.10 Forvaltning og rammevilkår har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 4,4 mrd. kroner til 4,5 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 5,5 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 8,3 prosent. Årsaka til auken frå 2015 til 2016 er i hovudsak at enkelte tilskotsordningar har auka, mellom anna utbetaling av vederlag til kommunar og fylkeskommunar for tildelte oppdrettstillatingar. Her vart det utbetalt 116,5 mill. kroner i 2016 mot 0 året før.

Under programkategori 17.20 Forsking og innovasjon har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 6,7 mrd. kroner til 7,3 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 8,8 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 0,8 prosent. Hovudgrunnen til reduksjonen frå 2015 til 2016 er at utbetalingane til nytt isgåande forskingsfartøy som er under bygging, vart om lag 440 mill. kroner lågare i 2016 enn året før. På den annan side auka løyvinga til Noregs forskingsråd med om lag 250 mill. kroner.

Under programkategori 17.30 Marknadsadgang og eksport har utgiftene minka med 0,4 mrd. kroner, frå 0,5 mrd. kroner til 0,1 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 77,1 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 5,1 prosent. Nedgangen frå 2014 kjem i hovudsak av at det ikkje er utbetalt tilskot under ordninga med støtte til kapitalvareeksport, den såkalla 108-ordninga. Dette følgjer av ei usemje mellom Eksportfinans ASA, som forvaltar ordninga, og Nærings- og fiskeridepartementet.

Under programkategori 17.40 Statleg eigarskap har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 0,1 mrd. kroner til 0,3 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 364,5 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 40 prosent. Auken frå 2014 til 2015 har samanheng med at det vart gitt ein eingongsløyving på 500 mill. kroner til kjøp av eigedom og lån med tapsavsetjing til Store Norske Spitsbergen KulkompaniAS i 2015. I 2016 er det gitt ytterlegare eingongsløyvingar til eigenkapital og lån med tapsavsetjing knytt til same selskap.

Utgiftene under Lånetransaksjonar minka med 12,5 mrd. kroner frå 2014 til 2015, mellom anna fordi utlåna under eksportkredittordninga vart 7 mrd. kroner lågare i 2015 enn i 2014. Frå 2015 til 2016 er det ein nedgang på 6,8 mrd. kroner som i hovudsak kjem av at utlåna under eksportkredittordninga vart redusert med ytterlegare 7,7 mrd. kroner grunna marknadsuro. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Innovasjon Noreg og Eksportkreditt Noreg AS er nærare spesifiserte.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 5 mill. kroner av ei samla løyving på 85 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytte til programområdet, sidan området berre omfattar ein tilskotspost.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar minka med 10 mill. kroner, frå 90 mill. kroner til 80 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 11,1 prosent, og frå 2015 til 2016 vart dei uendra.

Utgiftene gjeld arbeidsløysestønad til fiskarar og fangstmenn, og løyvinga er ei overslagsløyving. Stønaden vert finansiert innanfor det beløpet som fiskarar betaler i produktavgift ved fyrstehandsomsetjing av fisk og fiskevarer.

2.11 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

15.00

Administrasjon m.m.

156,1

186,8

172,9

196,1

15.10

Matpolitikk

1 459,2

1 316,6

1 317,0

1 334,9

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

438,5

561,8

668,5

668,5

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

15 405,4

15 430,7

15 546,5

15 549,5

Sum før lånetransaksjonar

17 459,2

17 495,8

17 704,9

17 749,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Landbruks- og matdepartementet

17 459,2

17 495,8

17 704,9

17 749,0

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 44,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 346,8 mill. kroner, frå 17 704,9 mill. kroner til 18 051,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 302,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 10,3 mill. kroner. Det er overført til saman 241,5 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 15 Landbruk og mat har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,3 mrd. kroner, frå knapt 17,5 mrd. kroner til drygt 17,7 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 0,2 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 1,4 prosent.

Under programkategori 15.10 Matpolitikk har utgiftene minka med 124 mill. kroner, frå knapt 1,5 mrd. kroner til drygt 1,3 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 9,8 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 1,4 prosent. Midlane har gått til kunnskapsutvikling og til drift av Mattilsynet. Auken i 2016 er mindre enn løns- og prisauken grunna heilårsverknaden av den tekniske flyttinga av midlar til programkategori 15.20, knytt til etablering av NIBIO.

Under programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling har utgiftene auka med 230 mill. kroner, frå 438 mill. kroner til 668 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 28,1 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 19,0 prosent. Midlane har gått til forsking, innovasjon, basisløyvingar og kunnskapsutvikling. Auken i 2016 er knytt til heilårsverknaden av den tekniske flyttinga av midlar frå programkategoriane 15.10 og 15.30 i samband med opprettinga NIBIO.

Under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak har utgiftene auka med 144 mill. kroner, frå 15,4 mrd. kroner til drygt 15,5 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 0,2 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 0,8 prosent. Den største delen, om lag 14,5 mrd. kroner, er løyvingar til næringsavtalane for landbruk og reindrift. Resten av midlane er fordelte mellom driftsmidlar og midlar til ulike tilskotsordningar utanfor næringsavtalene. Kunnskapsutviklingsmidlane under kap. 1141 vart frå andre halvår 2015 flytta til programkategori 15.20 i samband med opprettinga av NIBIO.

2.12 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Post og telekommunikasjonar.

Programområde 21 Innanlands transport

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

21.10

Administrasjon m.m.

530,5

520,2

564,1

561,5

21.20

Luftfartsføremål

960,3

1 021,7

1 092,8

1 055,4

21.30

Vegføremål

25 004,4

26 660,1

30 909,8

30 477,1

21.40

Særskilde transporttiltak

1 832,8

2 104,8

2 455,7

2 283,9

21.50

Jernbaneføremål

18 862,1

20 411,7

21 431,2

23 120,0

21.60

Kystforvaltning

2 818,8

2 572,2

2 703,5

2 705,2

Sum før lånetransaksjonar

50 008,9

53 290,8

59 157,1

60 203,2

Lånetransaksjonar

20 000,0

40 000,1

30 000,4

30 000,4

Sum Innanlands transport

70 008,9

93 290,9

89 157,5

90 203,6

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

22.10

Post og telekommunikasjonar

646,5

772,1

788,9

777,0

Sum før lånetransaksjonar

646,5

772,1

788,9

777,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Post og telekommunikasjonar

646,5

772,1

788,9

777,0

Sum Samferdselsdepartementet,

70 655,4

94 063,0

89 946,4

90 980,6

Programområde 21 Innanlands transport

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 046,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 3 394,9 mill. kroner, frå 59 157,1 mill. kroner til 62 552,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 348,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 38,3 mill. kroner. Det er overført til saman 2 340,1 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 21 Innanlands transport har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 10,2 mrd. kroner, frå 50,0 mrd. kroner til 60,2 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 13,0 prosent. Hovudårsaka til auken er at løyvingane under programkategori 21.30 Vegføremål og programkategori 21.50 Jernbaneføremål har auka i heile perioden

Under programkategori 21.10 Administrasjon m.m. har utgiftene auka med 31 mill. kroner, frå drygt 530 mill. kroner til knapt 562 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 1,9 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 7,9 prosent. Auken heng saman med løyvingar til arbeidet i departementet med reformer i samferdselssektoren og utgreiing av ein miljø-/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen.

Under programkategori 21.20 Luftfartsføremål har utgiftene auka med 95 mill. kroner, frå 960 mill. kroner til 1 055 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 6,4 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 3,3 prosent, på grunn av auka utbetalingar til kjøp av innanlandske flyruter.

Under programkategori 21.30 Vegføremål har utgiftene auka med 5,5 mrd. kroner, frå 25,0 mrd. kroner til 30,5 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 14,3 prosent. Aktivitetsnivået i sektoren har auka. For Statens vegvesen auka utgiftene til drift og vedlikehald og riksveginvesteringar. Det vart òg løyvd 1,3 mrd. kroner til Nye Veier AS.

Under programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak har utgiftene auka med knapt 0,5 mrd. kroner, frå 1,8 mrd. kroner til 2,3 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 14,8 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 8,5 prosent. Den største auken gjaldt ei ordning med rentekompensasjon for bompengelån.

Under programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene auka med knapt 4,3 mrd. kroner, frå knapt 18,9 mrd. kroner til 23,1 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 8,2 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 13,3 prosent. Auken gjeld både drift og vedlikehald og investeringar som Jernbaneverket har ansvaret for. Som en del av jernbanereforma vert verksemda til Jernbaneverket vidareført i eit jernbanedirektorat og eit infrastrukturføretak, Bane NOR SF, frå 1. januar 2017.

Under programkategori 21.60 Kystforvaltning har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 2,8 mrd. kroner til 2,7 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 8,7 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 5,2 prosent. Auken gjeld investeringar og vedlikehald og tilskotsordningane til fiskerihamneanlegg og hamnesamarbeid.

Lånetransaksjonar

I 2016 vart det løyvd 30 mrd. kroner som innskot av fondskapital i eit infrastrukturfond. Interimsføretaket Bane NOR SF og interimsselskapa Togmateriell AS, Reiseplan og billett AS og Togvedlikehold AS vart alle oppretta med ein aksjekapital på 0,1 mill. kroner.

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 11,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 16,3 mill. kroner, frå 788,9 mill. kroner til 805,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 28,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det ikkje inntektsført meirinntekter. Det er overført til saman 32,6 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 22 Post og telekommunikasjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka med 130 mill. kroner, frå 647 mill. kroner til 777 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 19,4 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 0,6 prosent.

Størstedelen av utgiftsendringa heng saman med at løyvinga til statleg kjøp av post- og banktenester frå Posten Norge AS gjekk ned, medan løyvinga til tilskotet til breibandsutbygging auka.

2.13 Klima- og miljødepartementet

Programområde 12 Klima og miljø

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

12.10

Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

1 154,5

1 159,9

1 190,9

1 190,6

12.20

Klima, naturmangfald og forureining

2 926,7

3 131,9

3 802,2

3 516,1

12.30

Kulturminne og kulturmiljø

696,4

650,6

715,3

693,6

12.60

Nord- og polarområda

364,2

346,0

339,2

364,6

12.70

Internasjonalt klimaarbeid

3 474,5

3 034,8

2 950,4

2 754,6

Sum før lånetransaksjonar

8 616,4

8 323,2

8 997,9

8 519,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Klima- og miljødepartementet

8 616,4

8 323,2

8 997,9

8 519,5

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar viser ei mindreutgift på 478,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 245,7 mill. kroner, frå 8 997,9 mill. kroner til 9 243,6 mill. kroner. Rekneskapen viser dermed ei mindreutgift på 724,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet 12 Klima og miljø er det inntektsført meirinntekter på i alt 10,8 mill. kroner. Det er overført til saman 681,9 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 12 Klima og miljø har utgiftene før lånetransaksjonar gått ned nominelt med 0,1 mrd. kroner, frå 8,6 mrd. kroner til 8,5 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 3,4 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 2,4 prosent.

Under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m. har utgiftene auka med 36 mill. kroner, frå 1 155 mill. kroner til 1 191 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 0,5 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 2,6 prosent.

Under programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining har utgiftene auka med 0,6 mrd. kroner, frå 2,9 mrd. kroner til 3,5 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 7 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 12,3 prosent. Det har vore ein auke i utgiftene på dei fleste tiltaka i denne programkategorien. Dei viktigaste er CO2-kompensasjonsordninga for industrien, skogvern og etablering av nasjonalparkar og vassmiljøtiltak.

Under programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø har utgiftene over treårsperioden vore omlag uendra rundt eit nivå på 0,7 mrd. kroner, men svinga mellom åra. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 6,6 prosent. Det har vore ein auke i utbetalingane til vernetiltak, særleg til fartøyvern som følgje av Regjeringas tiltakspakke, men òg i utbetalingane til gamle bygningar og til brannsikringstiltak.

Under programkategori 12.60 Nord- og polarområda har utgiftene over treårsperioden vore uendra rundt 364 mill. kroner, men svinga mellom åra. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 5 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 5,4 prosent. Utgiftene har vore høgare enn budsjettert, mellom anna på grunn av naudsynte reparasjonar og vedlikehald av forskingsskipet Lance og noko høgare reiseutgifter. Det same har inntektene vore, i hovudsak som fylgje av eksternt samarbeid.

Under programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid har utgiftene minka med 720 mill. kroner, frå 3 475 mill. kroner til 2 755 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 12,7 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 9,2 prosent. Nedgangen i utgifter til klimakvotekjøp kjem av at levering og betaling av kvotane har vorte forsinka i høve til planane. Vidare har utbetalingane til partnarlanda til klima- og skoginitiativet auka, medan utbetalingar gjennom multilaterale kanalar for finansiering av reduserte utslepp frå skog i utviklingsland har vorte reduserte. Utgiftene under programområdet samla sett har minka.

2.14 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

23.10

Finansadministrasjon

1 159,8

1 100,8

1 160,1

1 151,4

23.20

Skatte- og avgiftsadministrasjon1)

7 316,8

7 058,3

7 148,9

7 244,3

23.30

Offisiell statistikk

772,1

748,5

749,5

768,5

23.40

Andre føremål1)

20 269,8

26 990,0

28 649,7

29 257,8

Sum før lånetransaksjonar

29 518,5

35 897,7

37 708,2

38 421,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Finansdepartementet

29 518,5

35 897,7

37 708,2

38 421,8

1) Statens innkrevingssentral (SI) vart i 2015 innlemma i Skatteetaten som er ein del av programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon. SI inngjekk tidlegare i programkategori 23.40 Andre føremål. I tabellen er samanlikningstala for 2014 omklassifiserte mellom programkategoriane med 324,2 mill. kroner.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 713,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 758,2 mill. kroner, frå 37 708,2 mill. kroner til 38 466,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 44,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 15,6 mill. kroner. Det er overført til saman 647,4 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 23 Finansadministrasjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 8,9 mrd. kroner, frå 29,5 mrd. kroner til 38,4 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 21,6 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 7,0 prosent. Av auken frå 2014 til 2015 med 6,4 mrd. kroner gjaldt 5,4 mrd. kroner den nye nettoordninga for rekneskapsføring av statleg betalt meirverdiavgift (kapittel 1633, post 01). Frå 2015 til 2016 var utgiftsauken 2,5 mrd. kroner. Av dette kom knapt 1,8 mrd. kroner frå ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren. Nettoordninga for statleg betalt meirverdiavgift auka med 0,5 mrd. kroner frå 2015 til 2016 til totalt 5,9 mrd. kroner.

Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon har utgiftene minka med drygt 8 mill. kroner til 1,2 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 5,1 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 4,6 prosent. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 59 mill. kroner, som var om lag det same som verknaden av nettoordninga for meirverdiavgift. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 51 mill. kroner. Direktoratet for økonomistyring fekk òg i 2016 fleire kundar og stod for om lag halvparten av auken.

Under programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon har utgiftene minka med knapt 0,1 mrd. kroner, frå 7,3 mrd. kroner til 7,2 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 3,5 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 2,6 prosent. Frå 2014 til 2015 vart utgiftene redusert med 258 mill. kroner. Sidan det vart trekt ut 314,4 mill. kroner ved innføringa av nettoordninga for meirverdiavgift, var utgiftene i røynda klart lågare i 2015 enn i 2014. Utgiftsveksten frå 2015 til 2016 med 186 mill. kroner eller 2,6 prosent svarte om lag til løns- og prisveksten.

Under programkategori 23.30 Offisiell statistikk har utgiftene minka med 4 mill. kroner, frå 772 mill. kroner til 768 mill. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 3,1 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 2,7 prosent. Programkategorien gjeld Statistisk sentralbyrå. Sjølv om ein tek omsyn til at det ved innføringa av ny meirverdiavgiftsordning i 2015 vart trekt ut 14 mill. kroner, har løyvingsnivået vorte lågare med tida. Talet på tilsette er redusert og verksemda effektivisert, utan svekking av produksjonen.

Under programkategori 23.40 Andre føremål har utgiftene auka med 9,0 mrd. kroner, frå 20,3 mrd. kroner til 29,3 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 33,2 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 8,4 prosent. Vel 5,9 mrd. kroner eller nærmare 2/3 av auken gjeld den nye meirverdiavgiftsordninga. Ein auke i meirverdikompensasjonen til kommunesektoren med vel 15 prosent i perioden speglar utgiftsveksten der.

2.15 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

04.10

Militært forsvar m.m.

46 675,4

45 338,9

50 078,1

49 254,0

Sum før lånetransaksjonar

46 675,4

45 338,9

50 078,1

49 254,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum 04 Forsvarsdepartementet

46 675,4

45 338,9

50 078,1

49 254,0

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 824,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 759,3 mill. kroner, frå 50 078,1 mill. kroner til 50 837,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 583,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 208,8 mill. kroner. Det er overført til saman 1 780,2 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 04 Militært forsvar har utgiftene før lånetransaksjonar auka med 2,6 mrd. kroner, frå 46,7 mrd. kroner til 49,3 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 2,9 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 8,6 prosent.

Driftsutgiftene har auka med 1,4 prosent, frå 34,4 mrd. kroner i 2014 til 34,9 mrd. kroner i 2016. Auken i perioden er noko i underkant av årlege pris- og lønskompensasjonar.

Utgifter til investeringar i materiell auka med 16,1 prosent, frå 9,8 mrd. kroner i 2014 til 11,4 mrd. kroner i 2016. Auken er i stor grad knytt til større utbetalingar til kjøp av nye kampfly, sidan Forsvarsdepartementet har tinga fly i samsvar med leveringsplanen stadfesta i Innst. 7 S (2012–2013) til Prop. 1 S (2012–2013). Talet på norske fly i produksjon har i denne perioden auka til seks fly i alle produksjonsseriar.

Utgifter til nasjonalfinansierte og fellesfinansierte investeringar i eigedom, bygg og anlegg auka med 21,5 prosent, frå 2,5 mrd. kroner i 2014 til 3,0 mrd. kroner i 2015. Denne auken er knytt til bygging av baseløysing på Ørlandet, inkludert forlenging av rullebane og etablering av nye skvadronsbygg og vedlikehaldsbygg for F-35.

I perioden 2014 til 2016 syner rekneskapen at utgifter til norsk deltaking i operasjonar i utlandet har auka med 15,4 prosent, frå 732 mill. kroner i 2014 til 845 mill. kroner i 2016. Bakgrunnen for dette er i stor grad auka innsats i operasjonar i Mali og Jordan.

2.16 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2014

Rekneskap 2015

Budsjett 2016

Rekneskap 2016

18.00

Administrasjon

224,8

234,3

241,0

231,0

18.10

Petroleumssektoren

36 263,3

29 754,5

28 806,5

28 633,0

18.20

Energi- og vassressurssektoren

2 194,6

2 634,3

2 623,3

2 576,9

18.30

Forsking og næringsutvikling

758,5

764,1

996,2

993,7

18.40

CO2-handtering

2 048,8

2 114,0

2 008,7

2 040,9

Sum før lånetransaksjonar

41 490,1

35 501,2

34 675,6

34 475,4

Lånetransaksjonar

12 500,0

9 250,0

19 239,0

19 274,6

Sum Olje- og energiføremål

53 990,1

44 751,2

53 914,6

53 750,0

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 200,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2015 aukar disponibel løyving med 163,6 mill. kroner, frå 34 675,6 mill. kroner til 34 839,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 363,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 34,2 mill. kroner. Det er overført til saman 209,8 mill. kroner til 2017 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 35,6 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2014–2016

På programområde 18 Olje- og energiføremål har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 7,0 mrd. kroner, frå 41,5 mrd. kroner til 34,5 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 14,4 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 2,9 prosent. Endringane heng for det meste saman med endringar i utgifter til investeringar under Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda(SDØE) under programkategori 18.10 Petroleumssektoren.

Under programkategori 18.10 Petroleumssektoren har utgiftene minka med drygt 7,6 mrd. kroner, frå knapt 36,3 mrd. kroner til drygt 28,6 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 17,9prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 3,8 prosent. Hovudgrunnen er reduserte investeringar under SDØE.

Under programkategori 18.20 Energi- og vassressurssektoren har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 2,2 mrd. kroner til 2,6 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 20,0 prosent, og frå 2015 til 2016 minka dei med 2,2 prosent. Hovudgrunnen er auka overføringar til Energifondet.

Under programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 0,8 mrd. kroner til 1,0 mrd. kroner. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene med 0,7 prosent, og frå 2015 til 2016 auka dei med 30,0 prosent. Hovudgrunnen er auka overføringar til Noregs forskingsråd.

Under lånetransaksjonar vart kapitalen i Fond for klima, fornybar energi og energiomlegging auka med 9,25 mrd. kroner i både 2014 og 2015 og med 14,25 mrd. kroner i 2016. I 2014 vart det i tillegg rekneskapsført 3,25 mrd. kroner i innskotskapital i Statnett SF. I 2016 vart Statoils utbyteaksjeprogram starta opp, og det vart rekneskapsført utbyteaksjar for om lag 5 mrd. kroner.

2.17 Statlege utlån

Dette avsnittet gjev eit oversyn over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån. Detaljar kring utlåna er baserte på opplysningar frå departementa.

Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse er ordinære statlege forvaltningsorgan. På vegner av staten forvaltar dei statlege utlån etter reglar og føresetnader fastsette av Stortinget.1 Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike typar lån med høg eller låg risiko. Eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS er omtalt til slutt i avsnittet.

Husbanken

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Husbankens utlån:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2014

2015

2016

Inngåande behaldning

Konto 630005

129 004

135 672

140 570

Utlån i året

Kap. 2412 / 90

17 468

16 871

14 670

Tilbakebetalingar i året

Kap. 5312 / 90

-10 799

-11 973

-12 504

Utgåande behaldning

Konto 630005

135 672

140 570

142 736

Renteinntekter

Kap. 5615 / 80

3 607

3 499

3 071

I 2016 disponerte Husbanken 17,1 mrd. kroner av låneramma på 18 mrd. kroner.

Samla uteståande lån i Husbanken, medrekna opptente, ikkje betalte renter, var på 142,7 mrd. kroner ved utgangen av 2016. Det er om lag 2,1 mrd. kroner meir enn året før. Av dei uteståande låna var 61,3 mrd. kroner fastrentelån, 0,7 mrd. kroner var lån med særvilkår og 80,3 mrd. kroner var lån med flytande rente. Opptente, ikkje betalte renter utgjorde om lag 0,5 mrd. kroner. Netto overkurs på fastrentelåna er av Husbanken rekna til drygt 1,8 mrd. kroner per 31.12.2016.

Husbanken hadde om lag 48 600 registrerte låntakarar (dellån) ved utgangen av 2016. Om lag 13 600 hadde lån med fast rente, 33 500 hadde lån med flytande rente, medan dei resterande om lag 1 500 låntakarane hadde lån på særvilkår. Av utlåna utgjorde lån til burettslag, stiftingar og liknande 43,2 prosent, lån til kommunar 36,8 prosent og lån til personlege låntakarar 20 prosent.

Husbanken inntektsførte i 2016 renter med 3,1 mrd. kroner under kapittel 5615, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2015 og 2014 var høvesvis 3,5 mrd. kroner, og 3,6 mrd. kroner.

Husbanken hadde i 2016 eit brutto tap på utlån på 12,1 mill. kroner. Tilsvarande tal for 2015 var 13,6 mill. kroner. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar eller inngåtte avtalar, var netto tap på utlån 10,4 mill.kroner. Av det samla brutto tapet var om lag 2,1 mill. kroner knytt til personlege låntakarar. Tapa knytte til ikkje-personlege låntakarar var 10 mill. kroner i 2016. Tapa for Husbanken vert dekte med ei særskild løyving på kapittel 2412, post 71 Tap på utlånsverksemd, og omfattar tap på hovudstol, tap på opptente, ikkje betalte renter ved inngangen til året, og årets renter knytt til avskrivne tap.

Statens lånekasse for utdanning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Lånekassa:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2014

2015

2016

Inngåande behaldning

Konto 630002

137 831

146 764

155 266

Utlån i året

Kap. 2410 / 90

22 205

23 372

24 140

Tilbakebetalingar i året1)

Kap. 5310 / 90

-7 811

-9 097

-9 386

Konvertering til stipend

Kap. 5310 / 93

-5 461

-5 774

-6 059

Utgåande behaldning

Konto 630002

146 764

155 266

163 960

Renteinntekter2)

Kap. 5617 / 80

3 753

3 976

3 473

1) Tap og avskrivingar løyvde over kapittel 2410, postane 73 og 74 høyrer saman med ordinære tilbakebetalingar på post 90. Avskrivingar på post 73 utgjorde 596 mill. kroner i 2016, 600 mill. kroner i 2015 og 474 mill. kroner i 2014. Tapa på post 74 er nærare spesifiserte i teksten nedanfor.

2) Renteinntekter inneheld òg rentestøtte som i 2016 vart utgiftsført med 847 mill. kroner på Lånekassa sitt kapittel 2410, post 72. Rentestøtta var 1 001 mill. kroner i 2015 og 977 mill. kroner i 2014.

Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var 164,0 mrd. kroner ved utgangen av 2016, ein auke på 8,7 mrd. kroner frå året før. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen òg tillagde renter. 47,2 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Andre ikkje renteberande krav er opptente, ikkje betalte renter på om lag 225 mill. kroner og ikkje betalte gebyr på om lag 73,2 mill. kroner. Uteståande renteberande rente er om lag 1,4 mrd. kroner. Lån med fast rente i Lånekassa utgjer om lag 17,8 mrd. kroner. Overkurs per 31.12.2016 på fastrentelåna er av Lånekassa rekna til om lag 0,3 mrd. kroner. Lånekassa har om lag 878 500 registrerte låntakarar ved utgangen av 2016. Av dei har om lag 223 900 ikkje renteberande lån (kundar i tildelingsfasen), medan om lag 86 000 har lån med fast rente. Resten av låntakarane har lån med flytande rente.

Lånekassa inntektsførte i 2016 renter med om lag 3,5 mrd. kroner på kapittel 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2015 var om lag 4,0 mrd. kroner. Det vart utgiftsført 358 mill. kroner i tap på utlån i 2016 medan talet i 2015 var 300 mill. kroner. Statens innkrevjingssentral inntektsførte 244 mill. kroner i 2016 (kapittel 4618, post 85) frå innkrevjing av misleghaldne lån i Lånekassa. Tilsvarande tal for 2015 og 2014 var høvesvis 268 mill. kroner og 307 mill. kroner.

Sjå òg omtale av Lånekassa under kapittel 2.3 Kunnskapsdepartement.

Konverteringsordninga i Lånekassa

Frå undervisningsåret 2004–2005 betaler Lånekassa ut heile basisstønaden som lån for dei som er omfatta av stønadsordninga for høgare utdanning m.m. Opp til 40 prosent av stønadsbeløpet kan konverterast til stipend når stønadsmottakaren har gjennomført utdanninga vedkomande har fått stønad til. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvd midlar til å dekkja framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kapittel 2410, post 50. Kapittel 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjevne og trekte frå konverteringsfondet.

Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kapittel 2410, postane 70 og 71. For å få oversyn over samla netto utgifter til stipend, må lån som er konverterte til stipend, leggjast til stipendutgiftene. Denne summen kjem fram om ein ser kapittel 2410, postane 70 og 71 og kapittel 5310, post 93 i samanheng. For 2016 betalte Lånekassa ut knapt 3,5 mrd. kroner som stipend. Vidare vart knapt 6,1 mrd. kroner netto konvertert frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla netto utgiftene til stipend i 2016 var dermed om lag 9,5 mrd. kroner.

Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK)

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå bustadlånsordninga i SPK:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2014

2015

2016

Inngåande behaldning

Konto 635106

83 415

97 052

74 850

Utlån i året

Kap. 0614 / 90

27 246

7 844

3 552

Tilbakebetalingar i året

Kap. 3614 / 90

-13 609

-30 046

-20 198

Sum utlån

Konto 635106

97 052

74 850

58 204

Renteinntekter

Kap. 5607 / 80

2 386

2 367

1 506

Samla uteståande krav i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse var på 58,2 mrd. kroner ved utgangen av 2016. Det er om lag 16,6 mrd. kroner mindre enn året før. Ved utgangen av 2016 var det om lag 56 800 lån i ordninga, mot 68 900 året før.

Statens pensjonskasse inntektsførte i 2016 renter med 1 506 mill. kroner under kapittel 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2015 og 2014 var respektivt 2 367 mill. kroner og 2 386 mill. kroner. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse tilbyd berre lån med flytande rente.

Tap på utlån i Statens pensjonskasse utgjorde i 2016 netto -0,1 mill. kroner.

Det var ei meirutgift på Statens pensjonskasses lånekapittel 0614, post 90 på 52 mill. kroner. Statens pensjonskasse hadde dessutan ei mindreinntekt på lånekapittel 3614, post 90 på 1 102 mill. kroner. Talet på innfridde lån vart redusert i siste delen av året. Dette må sjåast i samanheng med at fleire av dei private bankane auka renta, medan renta i Statens pensjonskasse var uendra.

Sjå òg omtale av bustadlånsordninga i SPK under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse i kapittel 2.7 Arbeids- og sosialdepartementet.

Innovasjon Noreg

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Innovasjon Noregs innlån frå statskassa. I tillegg til innlån frå statskassa nyttar Innovasjon Noreg eigenkapital til å finansiere utlån. Det er difor ikkje ein heilt eintydig samanheng mellom selskapet sine innlån frå statskassa og utlån til lånetakarar.

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2014

2015

2016

Inngåande behaldning

Konto 630009

17 135

17 283

17 002

Netto auke

147

-281

281

Utgåande behaldning

Konto 6300091)

17 283

17 002

17 283

Renteinntekter

Kap. 5625 / 80

235

198

143

1) På konto 630009 i kapitalrekneskapen, Utlån til statsbankar under Nærings- og fiskeridepartementet, inngår i tillegg til Innovasjon Noreg òg SIVA SF med eit mindre beløp. Samla bokført beløp på konto 630009 per 31.12.2016 var 17 983 mill. kroner.

Innovasjon Noregs samla innlån frå statskassa per 31.12.2016 var på 17,3 mrd. kroner. Av dette utgjorde ordinære innlån om lag 15 mrd. kroner og lån til såkorn- og investeringsfond om lag 2,3 mrd. kroner.

Innovasjon Noregs samla netto utlån per 31.12.2016 utgjorde 17,2 mrd. kroner etter tapsavsetjingar på 1,0 mrd. kroner, mot 16,9 mrd. kroner per 31.12.2015. Netto auke utgjer 0,3 mrd. kroner.

Brutto utlån (før tapsavsetjing) fordelte seg med 14 mrd. kroner til lågrisikolån (om lag 8 020 lån), 2,8 mrd. kroner til ordinære innovasjons- og risikolån (om lag 1 440 lån) og om lag 1,5 mrd. kroner til andre utlån. Andre utlån omfattar ansvarlege lån til såkornfond, ansvarlege investeringsfond til Nordvest-Russland og Aust-Europa og bygdeutviklingslån til landbruket. Den sistnemnde ordninga utgjer om lag 4 610 lån og vert forvalta av Innovasjon Noreg for Landbrukets utviklingsfond.

Det vart inntektsført 143 mill. kroner i renter frå Innovasjon Noreg på kapittel 5625, post 80 i statsrekneskapen 2016. Tilsvarande tal for 2015 og 2014 var høvesvis 198 mill. kroner og 235 mill. kroner.

Rekneskapen til Innovasjon Noreg for 2016 syner eit netto utlånstap på 10,4 mill. kroner, som er 10,3 mill. kroner lågare enn i 2015. Brutto bokført tap på utlån og garantiar i 2016 utgjer 41 mill. kroner, mot 91 mill. kroner i 2015.

Statleg eksportfinansieringsordning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for den statlege eksportfinansieringsordninga. Den kom til i 2011 som ei mellombels ordning og vart frå 1. juli 2012 permanent ved skipinga av det heileigde statlege selskapet Eksportkreditt Noreg AS:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2014

2015

2016

Inngåande behaldning

Konto 635109

44 372

54 467

63 831

Netto auke

10 095

9 365

12 674

Utgåande behaldning

Konto 6351091)

54 467

63 831

76 505

Renteinntekter

Kap. 5629 / 80

1 159

1 557

1 711

1) På konto 635109 i kapitalrekneskapen, Andre utlån under Nærings- og fiskeridepartementet, inngår i tillegg til statlege eksportfinansieringslån ved utgangen av 2016 òg 100 mill. kroner i lån til Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S og 6,2 mill. kroner i ekstraordinært lån til tørrfisknæringa. Samla bokført beløp på konto 635109 per 31.12.2016 var 76 611 mill. kroner.

Låna under eksportfinansieringsordninga er hovudsakleg gjevne i NOK, USD og i nokre andre valutaer. Fordelinga ved utgangen av 2015 og 2016 er slik:

Valuta

Talet på lån 2015

Totalt uteståande per 31.12.15 (tal i mrd.)

Talet på lån 2016

Totalt uteståande per 31.12.16 (tal i mrd.)

NOK

112

24,24

108

23,01

USD

93

5,71

102

5,95

EUR

14

0,13

12

0,17

GBP

12

0,06

10

0,05

SEK

1

0,04

Balansetabellen ovanfor syner at statlege eksportfinansieringslån utgjorde til saman 76,5 mrd. kroner ved utgangen av 2016, ein netto auke på 12,7 mrd. kroner frå førre året. Lån i utanlandsk valuta har tidlegare vore rekna om til norske kroner basert på den historiske kursen då låna vart utbetalte. Frå 2016 vart dette lagt om slik at uteståande lån ved utgongen av året vert verdsett til valutakursen på balansedagen, jf. nærare omtale i Prop. 25 S (2016–2017). Som følgje av høgare kursar på dei fleste av låna ved utgongen av 2016, samanlikna med historiske kursar då låna vart utbetalte, er uteståande lån oppjustert med nærare 11,5 mrd. kroner. Dette forklarar det meste av netto auke i 2016. Netto realisert valutavinst på avdraga som vart innbetalte i 2016, samanlikna med historisk kurs, utgjorde om lag 1,5 mrd. kroner.

Det vart inntektsført renter frå ordninga med 1,7 mrd. kroner under kapittel 5629, post 80 i statsrekneskapen 2016. Tilsvarande tal for 2015 og 2014 var høvesvis 1,6 mrd. kroner og 1,2 mrd. kroner.

Alle eksportfinansieringslåna er garanterte 100 prosent av GIEK og/eller andre finansinstitusjonar.

Fotnotar

1.

Frå 2010 vart det teke i bruk eit meir einskapleg system for bokføring av utlån og renteinntekter i statsrekneskapen for Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse, jf. Prop. 1 S (2009–2010) kapittel 9.4. Desse verksemdene skal bokføre alle renteinntekter i statsrekneskapen ut frå prinsippet om opptente renter basert på kalenderåret. Det inneber òg at behaldningane av utlån som er aktiverte i kapitalrekneskapen, skal innehalde opptente, men enno ikkje betalte renter.

Til forsida av dokumentet