Meld. St. 3 (2016–2017)

Statsrekneskapen 2016

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelde 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 7 722,1 mrd. kroner ved utgangen av 2016, ein auke på 62,9 mrd. kroner frå utgangen av 2015. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

2015

2016

Endring

SPU

7 460 767

7 509 873

49 106

SPN

198 440

212 268

13 827

Statens pensjonsfond

7 659 208

7 722 141

62 933

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2016 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Statoil ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarar til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskotet over tid svara til venta realavkastning av SPU.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føra tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank.

Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane frå fondet til statskassa spesifiserte.

Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein netto auke i verdiane i SPU på 49,1 mrd. kroner i 2016. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 124,8 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2016 vart det overført 212,5 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2016 ikkje netto finanstransaksjonar2, jf. lov om Statens pensjonsfond § 3. Avkastninga av plasseringane til fondet var 136,8 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 189,0 mrd. kroner3 frå renter, utbyte, og netto andre postar inkludert skattekostnad, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 134,6 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og 119,4 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ei reduksjon i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 306,1 mrd. kroner som følgje av styrka kronekurs i 2016. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 446,7 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Statoil ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2016 er netto avsetjing minus 87,7 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane mellom statskassa og fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.

Tabell 3.2 Kontantoverføringar SPU (tal i mill. kroner)

Overføring til SPU

2015

2016

Januar

2 500

-6 700

Februar

2 500

-6 700

Mars

3 700

-7 400

April

4 000

-7 400

Mai

4 000

-8 300

Juni

4 000

-8 300

Juli

4 000

-8 300

August

4 000

-10 600

September

4 000

-10 600

Oktober

0

-10 600

November

6 000

-8 200

Desember

7 000

-8 200

Sum kontantoverføringar til/frå (-) SPU*)

45 700

-101 300

– For lite/mykje (-) overført til SPU i fjor

3 054

-10 453

– Netto avsetjing til SPU i år

32 193

-87 737

= For lite/mykje (-) overført til SPU i år

-10 453

3 110

*) For 2016 vart det til saman overført 101,3 mrd. kroner frå fondet. I 2015 vart det overført 10 453 mill. kroner for mykje frå statskassa til fondet, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2015. Dei kontante overføringane frå SPU til statskassa i 2016 vart 3 110 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2015 skulle tilseie. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane mellom fondet og staten året etter.

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2016 er bokført til 7 509,9 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarar til marknadsverdien av fondet på 7 506,8 mrd. kroner og mellomrekninga på 3,1 mrd. kroner i favør av fondet. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i eigedom. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet er nærare omtalt i Meld. St. 26 (2016–2017) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2016.

Den 28. februar 2017 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarar til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2016. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.5 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 7 506,8 mrd. kroner ved utgangen av 2016. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 6,9 prosent for heile 2016 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 8,7 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 4,3 prosent og eigedomsinvesteringane 0,8 prosent.

Verdien av den norske krona styrka seg i 2016 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 306,1 mrd. kroner lågare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdera utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2016 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,05 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på 222 mill. kroner i 2016 mot 578 mill. kroner i 2015. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank 3 731 mill. kroner i 2016, mot 3 933 mill. kroner i 2015. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 10 i Noreg Bank si årsmelding om SPU for 2016, og kostnadsutviklinga er nærare omtalt i Meld. St. 26 (2016–2017).

Årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg til Meld. St. 26 (2016–2017).

Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1) (tal i mill. kroner)

Tekst

Notar

2015

2016

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

218 256

124 779

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

0

0

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

-186 063

-212 516

Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet

32 193

-87 737

Avkastning av plasseringane til fondet

4

997 984

136 843

Samla endring SPU

1 030 177

49 106

1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2015

2016

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

39 477

16 034

72

Særskatt på oljeinntekter

64 196

25 059

74

Arealavgift m.m.

1 551

1 403

Sum kap. 5507

105 223

42 496

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

4 959

5 108

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

-26

2

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

93 855

67 188

30

Avskrivingar

23 726

23 277

80

Renter av statens kapital

4 115

3 820

85

Renter på mellomvære

-23

-14

Sum kap. 5440

121 673

94 270

5685

85

Utbyte Statoil ASA

15 382

10 717

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

247 212

152 594

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

28 955

27 815

2442

Disponering av innrettingar på kontinentalsokkelen

21

Særskilde driftsutgifter

0

0

Sum utgifter til petroleumsverksemda

28 955

27 815

Sum netto kontantstraum

218 256

124 779

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

218 256

124 779

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

Det har ikkje vore finanstransaksjonar som påverkar resultatoppsettet for SPU i 2015 eller 2016. Statoil ASA innførte i 2016 eit utbyteprogram som gjev aksjeeigarane valet mellom å få utbyte (heilt eller delvis) i kontantar eller i aksjar. Staten deltek i programmet ut frå føresetnaden om at eigarandelen skal haldast konstant på 67 prosent. Dette vert gjort ved at staten teiknar seg for sin del aksjar som dei andre aksjonærane har valt. Dette inneber at staten sitt kontantutbyte vert redusert i den perioden som utbyteprogrammet held fram. Det er i 2016 rekneskapsført 5,0 mrd. kroner i utbyteaksjar på høvesvis inntektskapittel 4811, post 96 og utgiftskapittel 1811, post 96 som speglar verdien av utbyteaksjane, slik at netto finanstransaksjonar er null.

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2015

2016

5800

50

Overføring frå fondet

186 063

212 516

Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):

2015

2016

Resultat før vinst/tap valuta

Inntekt/kostnad frå:

– aksjar og andelar

284 414

342 813

– obligasjonar

36 160

100 250

– unotert eigedom

14 537

6 942

– finansielle derivat

-1 984

-3 213

– utlån med sikkerhetsstillelse

3 266

4 013

– innlån med sikkerhetsstillelse

50

23

Skattekostnad1)

-2 628

-4 061

Renteinntekter/kostnader

-18

-54

Andre kostnader

-18

-40

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta2)

333 779

446 673

Vinst/tap valuta

668 138

-306 099

Porteføljeresultat

1 001 917

140 574

Forvaltningskostnad

-3 933

-3 731

Periodens resultat og totalresultat

997 984

136 843

1) Sjå note 9 Skattekostnad i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.

2) I Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er porteføljeresultat før vinst/tap valuta spesifisert nærare i notane 4, 6, 9 og 11. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):

Renter

Utbyte

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Andre postar

Sum

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar og andelar (4.1)

118 584

107 005

117 223

342 813

– obligasjonar (4.2)

72 573

30 861

-3 185

100 250

– eigedom (6.1)

1 490

2 168

3 284

6 942

– finansielle derivat (4.3)

- 2 113

102

-3 251

2 049

-3 213

Inntekt/kostnad frå utlån med sikkerhetsstillelse (11.1)

4 013

4 013

Inntekt/kostnad frå innlån med sikkerhetsstillelse (11.1)

23

23

Andre renteinntekter og rentekostnader

-54

-54

Skattekostnad (9.1)

-4 061

-4 061

Andre kostnader

-40

-40

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta

71 896

120 853

134 616

119 372

-65

446 673

Summen av renteinntekter (71,9 mrd. kroner), aksjeutbyte (120,9 mrd. kroner) og netto andre postar inkludert skattekostnad (0,07 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (3,7 mrd. kroner) utgjer 189,0 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12. (tal i mill. kroner)

Eigedelar

2015

2016

Mellomrekning med statskassa1)

0

3 110

Konto i Noregs Bank2)

7 471 220

7 506 763

Sum eigedelar

7 471 220

7 509 873

Gjeld og eigenkapital

Mellomrekning med statskassa1)

10 453

0

Eigenkapital

7 460 767

7 509 873

Sum gjeld og eigenkapital

7 471 220

7 509 873

1) Dei kontante overføringane frå SPU til statskassa i 2016 vart 3 110 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2015 skulle tilseie. Denne differansen utgjer per 31.12.2016 eit krav for fondet mot statskassa, og vert avrekna i overføringane mellom fondet og statskassa i 2017. Tilsvarande tal per 31.12.2015 var eit krav på 10 453 mill. kroner i favør av statskassa som vart avrekna i overføringane i 2016.

2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12:

Tal i mill. kroner

2015

2016

Eigedelar

Innskot i bankar

2 543

17 759

Utlån med sikkerhetsstillelse

123 385

134 338

Avgiven kontantsikkerhet

2 231

2 320

Uoppgjorde handlar

18 404

13 196

Aksjar og andelar

4 287 606

4 373 042

Utlånte aksjar

312 662

340 865

Obligasjonar

2 476 729

2 220 286

Utlånte obligasjonar

241 518

454 735

Unotert eigedom

180 021

188 469

Finansielle derivat

8 829

9 366

Andre eigedelar

2 265

1 966

Sum eigedelar

7 656 193

7 756 342

Gjeld og eigenkapital

Innlån med sikkerhetsstillelse

149 735

213 520

Motteken kontantsikring

2 570

3 688

Uoppgjorde handlar

22 438

22 195

Finansielle derivat

5 266

4 501

Anna gjeld

1 031

1 944

Skuldig forvaltningskostnad

3 933

3 731

Sum gjeld

184 973

249 579

Eigenkapital SPU

7 471 220

7 506 763

Sum gjeld og eigenkapital

7 656 193

7 756 342

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 7. mars 2017 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2016.

Eigenkapitalen i SPN var 212,3 mrd. kroner ved utgangen av 2016, jf. tabell 3.6 nedanfor. Balansen syner at den bokførte verdien av dei samla eigenkapitalplasseringane (aksjar m.m.) til fondet var 129,7 mrd. kroner. Bokført verdi av obligasjonar og andre renteberande papir var 87,2 mrd. kroner. Andre store poster er bokført verdi av finansielle derivat på 2,6 mrd. kroner og 8,4 mrd. kroner i bankinnskot.6 Det er òg gjeld for motteken kontantsikring på 12,6 mrd. kroner. Resterande gjeldpostar i balansen er fyrst og fremst finansielle derivat og innlån knytt til attkjøpsavtalar.

I 2016 syner resultatet til SPN eit overskot på 13,8 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.7 Renteinntekter utgjorde 2,7 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 4,8 mrd. kroner. Verdipapirvinstane var på 6,2 mrd. kroner, med 7,4 mrd. kroner i vinst på eigenkapitalplasseringar, 1,4 mrd. kroner i tap på renteplasseringar og 0,2 mrd. kroner i vinst på finansielle derivat. Netto andre inntekter var på 0,3 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 172 mill. kroner, som er 0,09 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2016. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtalt i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld St. 26 (2016–2017).

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2016. Avkastninga av fondet i 2016 var på 7,1 prosent. Avkastninga av plasseringane i renteinstrument var på 2,2 prosent, medan avkastninga av aksjar var på 10,5 prosent.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2015 revidert av revisjonsselskapet Ernst & Young, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

2015

2016

Vinst og tap på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet:

– aksjar

6 276

7 393

– obligasjonar og andre renteberande papir

993

-1 441

– finansielle derivat

-1 437

237

Renteinntekter

2 954

2 676

Aksjeutbyte

4 337

4 847

Andre porteføljeinntekter/-kostnader

-144

325

Transaksjonskostnader

-35

-38

Porteføljeresultat

12 944

13 999

Forvaltningskostnader

-168

-172

Totalresultat SPN1)

12 776

13 827

1) Summen av renteinntekter (2 676 mill. kroner), aksjeutbyte (4 847 mill. kroner) og netto andre inntekter (325 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (172 mill. kroner), utgjer 7 676 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12. (tal i mill. kroner)

2015

2016

Eigedelar

Bankinnskot

6 983

8 395

Krav knytte til attsalsavtalar

-

1 092

Stilt kontantsikring

10

53

Uoppgjorde handlar

10

6

Aksjar

102 196

112 916

Utlånte aksjar

15 851

16 776

Obligasjonar og andre renteberande papir

78 691

82 391

Utlånte obligasjonar og andre renteberande papir

7 020

4 809

Finansielle derivat

2 993

2 641

Krav

57

59

Sum eigedelar

213 811

229 138

Gjeld og eigenkapital

Innlån knytt til attkjøpsavtalar

5 055

3 001

Motteken kontantsikring

8 661

12 550

Uoppgjorde handlar

37

-

Finansielle derivat

1 603

1 293

Skuldig forvaltningsgodtgjersle

15

27

Sum gjeld

15 371

16 871

Eigenkapital SPN

198 440

212 268

Sum gjeld og eigenkapital

213 811

229 138

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

2.

Sjå omtale av utbyteaksjar i note 2 til tabell 3.3.

3.

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, på 189,0 mrd. kroner, inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

4.

Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til SPU i 2016 (minus 87 737 mill. kroner) er netto kontantstraum (124 779 mill. kroner) med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (212 516 mill. kroner).

5.

Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i notane 1 og 2 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.

6.

Aksje- og obligasjonsplasseringane er førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN. I årsrapporten til Folketrygdfondet for 2016 vert balanseverdien for dei ulike porteføljeområda meir detaljert fordelte. Fleire opplysningar står i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, note 5 Porteføljeområde.

7.

Sjå fotnote til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Til forsida av dokumentet