Meld. St. 3 (2016–2017)

Statsrekneskapen 2016

Til innhaldsliste

4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.

Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3) og hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).

4.1 Statens balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.

Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)

Tekst

Note

31.12.15

31.12.16

Endring

Eigedelar

60. Kontantbehaldning

1

100 593

147 192

46 598

61. Spesielle fond og forsikringar

2

7 671 278

7 735 850

64 571

62. Verdipapir

3

150 839

156 998

6 158

63. Utlån og uteståande krav

4

481 274

486 723

5 449

64. Ordinære fond

5

151 393

196 501

45 107

65. Forskot

6

191

184

-7

66. Kapital i statsbankane

7

659

659

0

68. Fast kapital i statsverksemdene

8

232 644

233 245

601

69. Eigenbehaldning statspapir

9

67 907

82 150

14 243

70.-72. Mellomvære med rekneskapsførarar

10

-2 874

-3 844

-970

77. Overkurs/underkurs statspapirer

11

-9 511

-9 636

-125

Sum eigedelar

8 844 394

9 026 021

181 627

Gjeld og eigenkapital

80. Statsgjelda

12

482 817

515 617

32 800

81. Kontolån frå ordinære fond

13

162 143

207 617

45 474

82. Verksemder med særskilde fullmakter

14

16 521

17 757

1 236

84. Deposita og avsetjingar

15

-7 889

5 824

13 713

87. Overførte unytta løyvingar

16

10 570

13 557

2 987

Sum gjeld

664 163

760 372

96 209

99. Avslutningskonto (eigenkapital)

17

8 180 231

8 265 649

85 418

Sum gjeld og eigenkapital

8 844 394

9 026 021

181 627

1) Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Statens eigedelar auka med 181,6 mrd. kroner i 2016, frå 8 844,4 mrd. kroner til 9 026,0 mrd. kroner. Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein netto auke på 96,2 mrd. kroner i 2016, frå 664,2 mrd. kroner til 760,4 mrd. kroner. Eigenkapitalen auka med 85,4 mrd. kroner frå 8 180,2 mrd. kroner til 8 265,6 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtala i notane nedanfor.

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten auka med 46,6 mrd. kroner i 2016. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Spesielle fond og forsikringar auka med 64,6 mrd. kroner. Dette kjem mellom anna av ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond med 49,1 mrd. kroner for Statens pensjonsfond utland (SPU) og 13,8 mrd. kroner for Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen, og vert nærare omtalt i kapittel 3. Bokført verdi for Norfund auka med 1,6 mrd. kroner i 2016. Av dette var 1,1 mrd. kroner tilført grunnfondskapital og 0,5 mrd. kroner annan auke. Sjå tabell 5.9 i vedlegg 5 for balansetal for Norfund.

Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder, auka med netto 6,2 mrd. kroner. Dette kjem for det meste av ein auke i aksjar i Statoil ASA med 5,0 mrd. kroner knytt til utbyteaksjar. Investinor AS auka med 0,5 mrd. kroner etter overføring av midlar frå Investeringsfondet for Investinor AS, jf. òg note 5. Nye Veier AS auka med 0,6 mrd. kroner som følgje av tilskot av eigenkapital, jf. kapittel 1321, post 75. Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS auka med 443 mill. kroner, etter eigenkapitalinnskot på 238 mill. kroner og konvertering av lån til eigenkapital på 205 mill. kroner. Innskot i Den asiatiske investeringsbanken, som var ei ny ordning i 2016, medførte ein auke på 0,2 mrd. kroner. Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversikt over statens aksjeinteresser.

Note 4. Netto utlån og uteståande krav auka med 5,4 mrd. kroner. Av dette kjem 8,7 mrd. kroner frå netto auke i utlån frå Statens Lånekasse for utdanning og 2,2 mrd. kroner frå Husbanken. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse minka med 16,6 mrd. kroner. Investeringslåna til helseføretaka auka med 240 mill. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka minka med 200 mill. kroner. Netto lån under Innovasjon Noreg auka med 0,3 mrd. kroner. Lån til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS minka netto med 0,1 mrd. kroner. Av dette vart 205 mill. kroner omgjort frå lån til eigenkapitalinnskot. Utlån frå Eksportkreditt AS auka netto med 12,7 mrd. kroner. Av dette kjem om lag 11,5 mrd. kroner av endra praksis ved at utlåna frå 2016 vert rekna om til valutakursen på balansedagen, medan dei tidlegare vart bokførte til historisk kost. Utlåna til Teknologisenter for CO2-handtering på Mongstad (TCM DA) minka med 1,1 mrd. kroner, og utlåna til Avinor AS (tidlegare Oslo Lufthavn AS) minka med 0,4 mrd. kroner.

Note 5. Ordinære fond auka med 45,1 mrd. kroner. Infrastrukturfondet auka med 30,5 mrd. kroner medrekna netto avkastning. Fondet for klima auka med 14,5 mrd. kroner og Energifondet auka med netto 0,1 mrd. kroner. Overføring av midlar frå Investeringsfondet for Investinor AS til Investinor AS medførte ein nedgang på 0,5 mrd. kroner, jf. òg note 3. Midlar til tapsavsetjing for lån til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS er ført opp med 0,2 mrd. kroner, jf. òg note 3 og note 13. Lånekassa sitt konverteringsfond auka med 0,1 mrd. kroner.

Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 13. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Unnatak frå hovudregelen er Tøyenfondet og Observatoriefondet, som berre er aktiverte i 64-gruppa og ikkje i 81-gruppa. Stiftinga Unifor forvaltar dei finansielle eigedelane til desse to fonda etter avtale med Universitet i Oslo (UiO), og midlane er ikkje plasserte i Noregs Bank. Fonda vert frå 2017 avvikla og kapitalen overført til konsernkontoen til UiO. Sjå òg tabell 3.1 i vedlegg 3 om ordinære fond (eigedelar).

Note 6. Forskot minka med 7,1 mill. kroner. Av dette minka forskot i Statens vegvesen med 20 mill. kroner og Jernbaneverket med 8 mill. kroner. Oppgjørsordningane for legemiddel på H-resept og fritt behandlingsval, jf. kap. 0720, er netto balanseført med 20,9 mill. kroner.

Note 7. Det var inga endring i samla kapital i statsbankane i 2016.

Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med 0,6 mrd. kroner. Kapitalen i SDØE minka med 1,8 mrd. kroner, medan kapitalen i Statsbygg auka med 2,4 mrd. kroner. Kapitalen i SPK Forvaltningsbedrift minka med 79 mill. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3 for detaljer om kapitalen i statsverksemdene.

Note 9. Eigenbehaldning av statspapir auka med 14,2 mrd. kroner. Statsobligasjonar auka med 8,2 mrd. kroner, og statskassevekslar auka med 6,1 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemders mellomvære med statskassa auka med knapt 1,0 mrd. kroner, frå -2,9 mrd. kroner i 2015 til -3,8 mrd. kroner i 2016, slik at verksemdene har 3,8 mrd. kroner til gode per 31.12.2016.

Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gjeve Finansdepartementet fullmakt til å postere differansar og uoppklara saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter.

Det vart i 2016 postert 71,8 mill. kroner til debet konto for forskyving i balansen og til kredit kontogruppe 70/71. Dette gjeld fylgjande verksemder (tal i kroner):

Tolldirektoratet

-71 765 577,00

Forsvarets regnskapsadministrasjon

-7 562,49

Samla

-71 773 139,49

Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.

Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2016 bokført med -9,6 mrd. kroner. Dette er ei endring på -0,1 mrd. kroner frå -9,5 mrd. kroner året før.

Note 12. Statsgjelda auka med 32,8 mrd. kroner. Statskassevekslar minka med 10,0 mrd. kroner og kortsiktige kontolån minka med 2,4 mrd. kroner. Faste lån opptekne innanlands auka med 45,2 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2016 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.

Note 13. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponera fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond, jf. note 5.

Kontogruppe 81 auka med 45,5 mrd. kroner. Infrastrukturfondet auka med 30,5 mrd. kroner medrekna netto avkastning. Fondet for klima auka med 14,5 mrd. kroner og Energifondet auka med netto 0,1 mrd. kroner. Overføringa av midlar frå Investeringsfondet for Investinor AS til Investinor AS medførte ein nedgang på 0,5 mrd. kroner. Tapsavsetjing for lån til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS er ført opp med 0,2 mrd. kroner. Lånekassa sitt konverteringsfond auka med 0,1 mrd. kroner. Alminneleg garantiordning under GIEK minka med 0,4 mrd. kroner, medan fond under Utanriksdepartementet auka med 0,9 mrd. kroner. Sjå detaljar i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Note 14. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med 1,2 mrd. kroner. Midlane utgjer 17,8 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Eit meir detaljert oversyn over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3. Auken i 2016 gjeld særleg Noregs forskingsråd med 378 mill. kroner og universitets- og høgskulesektoren med 777 mill. kroner.

Note 15. Deposita og avsetjingar auka med 13,7 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland auka med 13,6 mrd. kroner (slik at staten per 31.12.2016 hadde 3,1 mrd. kroner i gjeld i SPU), sjå kapittel 3.1. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) auka med 16 mill. kroner, medan avsetjing i Statens vegvesen auka med 190 mill. kroner. Avsetjingar under Olje- og energidepartementet for Enova SF og Gassnova minka med til saman 50 mill. kroner. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) auka med 0,3 mill. kroner. Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.

Note 16. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2016 til 2017 utgjer til saman 13,6 mrd. kroner, som er 3,0 mrd. kroner meir enn overført løyving frå 2015 til 2016.

Note 17. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2016 auka med 85,4 mrd. kroner, frå 8 180,2 mrd. kroner til 8 265,6 mrd. kroner. Brutto endring i statens eigedelar og gjeld går fram av tabell 4.1 og note 1–16 ovanfor. Netto endring i konto for forskyving i balansen, som syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, går fram av tabellen nedanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

Endring i eigenkapitalen over konto for forskyving i balansen (mill. kroner):

2015

2016

61. Auka verdi Statens pensjonsfond

1 042 953

62 933

99. Overskot før lånetransaksjonar

751

4 127

87. Endring avsetjing overførte midlar

1 796

-2 987

Andre endringar:

1 511

21 344

61. Auka verdi Norfund, ikkje ført på 90-post

929

530

62. Nettovinst verdipapir

123

2 978

62. Statoil ASA, utbyteaksjar

-

5 025

62. GIEK, omklassifisering frå 68-gruppa

137

-

62. Auka eigenkapital i Nye veier AS

-

600

63. Anna tap/ettergiving av lån

-21

-205

63. Auka utlån til helseføretaka

520

846

63. Redusert lån TCM

-1 114

-1 090

63. Redusert driftskredittramme, helseføretaka

-6 530

-200

63. Eksportkreditt AS, valutakurseffekt ved endra praksis

-

11 474

64. Inneståande fond, ikkje ført 90-post

2 493

857

65. HOD, oppgjersordning for H-resept/fritt behandlingsval, jf. kap 0720

-

21

65. Endring i avsetjing av forskot under Statens vegvesen

-458

-20

68. Auke i fast kapital i forvaltningsverksemdene

5 570

601

68. GIEK, omklassifisering til 62-gruppa

-137

-

70–72 Korrigering av mellomvære med statskassa etter fullmakt

0

-72

Sum

1 047 011

85 418

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2016 renteinntekter på 12,3 mrd. kroner og renteutgifter på 10,8 mrd. kroner. Netto renteinntekter vart dermed 1,4 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2015 til 2016 minka renteutgiftene med 0,5 mrd. kroner, medan renteinntektene gjekk ned med 1,8 mrd. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

2014

2015

2016

1. Renteinntekter i alt1)

14 662

14 149

12 296

Renter frå statsbankane og statsføretaka

9 014

9 278

8 445

Renter av kapital i statens forretningsverksemd

80

76

77

Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, avdette:

5 568

4 795

3 774

renter av innskot og andre krav

2 624

2 007

1 817

renter av lån til helseføretaka

394

310

333

renter av lån til aksjeselskap

163

110

115

renter frå folketrygda

1

1

3

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

2 386

2 367

1 506

2. Renteutgifter i alt2)

11 211

11 322

10 848

Av innanlandsk statsgjeld

11 117

11 249

10 825

Av utanlandsk statsgjeld

0

0

0

Av investeringslån, helseføretak f.o.m. 2008

93

73

23

Netto renteinntekter/renteutgifter (-)

3 451

2 827

1 448

1) Sjå òg kapittel 2.17 for omtale av statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS.

2) Renteutgifter for statsgjelda omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81. Kap. 1650, post 01 syner driftsutgifter til statsgjeldforvaltning på 37,4 mill. kroner. Medrekna renteutgifter på 10 825,3 mill. kroner syner programområdet 24 statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag samla utgifter før lånetransaksjoner på 10 862,7 mill. kroner.

Renteinntekter frå statsbankane og statsføretaka er på 8,4 mrd. kroner. Av dette er 3,1 mrd. kroner frå Husbanken, 3,5 mrd. kroner frå Lånekassa, 1,7 mrd. kroner frå eksportfinansieringsordninga, 167 mill. kroner frå Innovasjon Noreg og 23 mill. kroner frå SIVA.

Renteinntekter av innskot og andre krav på 1,8 mrd. kroner er i hovudsak førte på kapittel 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er 72 mill. kroner renter av driftskreditt statsverksemder og 1,5 mrd. kroner renteinntekter av innanlandske verdipapir.

Opptrekksrenter for investeringslån til helseføretaka (som er gjeve frå og med 2008 på kapittel 0732 Regionale helseføretak) vart 22,5 mill. kroner. Renteutgiftene på 10,8 mrd. kroner under kapittel 1650 Statsgjelda er mellom anna 10,0 mrd. kroner i renteutgifter på obligasjons- og vekselgjeld, 4,0 mrd. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og 14,6 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Dessutan er det netto inntektsført 3,3 mrd. kroner på attkjøps- og rentebyteavtaler.

Per 31.12.2016 var statsgjelda 515,6 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden står i Meld. St. 1 (2015−2016) Nasjonalbudsjettet 2016, kap. 3.8 Statens gjeldsforvaltning.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føra til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller skyldnadene sine overfor långjevarar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2015 og 2016. Per 31.12.2016 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 176,9 mrd. kroner. Dette er 2,9 mrd. kroner mindre enn i 2015. Under Nærings- og fiskeridepartementet minka ansvaret i 2016 netto med 7,1 mrd. kroner, og det meste gjeld den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» under GIEK. Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet auka med 2,8 mrd. kroner. Under Samferdselsdepartementet auka ansvaret i 2016 med 2,2 mrd. kroner. Garanti for grunnkapitalen i Den nordiske investeringsbanken under Finansdepartementet minka med 0,7 mrd. kroner.

Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2016 var på 3,2 mrd. kroner, og dette kjem for det meste av utbetalingar under den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning».

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane (tabell 4.1 og 4.2 med noter).

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12.(tal i mill. kroner

Garantiansvar per 31.12.2015

Utbetalt ved tap i 2016

Garantiansvar per 31.12.2016

Utanriksdepartementet1)

29 790,6

32 637,3

Arbeids- og sosialdepartementet

229,4

221,9

Helse- og omsorgsdepartementet

1,1

0,8

Barne- og likestillingsdepartementet

2,0

1,5

Nærings- og fiskeridepartementet

127 571,1

3 157,3

120 466,9

Samferdselsdepartementet

6 570,0

8 782,0

Finansdepartementet

15 682,1

27,6

14 786,9

Sum

179 846,2

3 185,0

176 897,4

1) Sjå note 1 til tabell 4.1 i vedlegg 4 for forklaring på at ansvaret per 31.12.2015 under Utanriksdepartementet avvik frå meldinga i fjor.

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalde eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.

  • Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Unnatak er Statens pensjonsfond og Norfund, som nyttar marknadsverdi. Lån under eksportkredittordninga i utanlandsk valuta vert frå 2016 omrekna til kursen på balansedagen.

  • Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemders mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.

  • Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.9. Brutto finansieringsbehov går fram av kapittel 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga. Netto endring i konto for forskyving i balansen skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, jf. note 17 i kapittel 4.1.

Til forsida