1 Eit løft for gutar og menn

Figur 1.1 

Figur 1.1

Kjelde: Anagram design.

1.1 Innleiing

Likestilling mellom kvinner og menn handlar om like rettar, fridom og moglegheit til å leve det livet ein ønskjer, uavhengig av kjønn. Dette er grunnleggjande verdiar i det norske samfunnet og ein føresetnad for rettferd og demokrati. Samtidig er dette verdiar regjeringa meiner ein ikkje kan ta for gitt.

I Noreg har likestillingspolitikken over lang tid hatt som hovudmål å betre kvinners situasjon. Denne innsatsen har vore nødvendig og rett og har bidrege til store framsteg. Kvinners auka deltaking i utdanning, arbeidsliv og politikk har styrkt demokratiet, verdiskapinga og vore ein viktig føresetnad for utviklinga av velferdsstaten. Endringane har òg komme menn til gode. I dag har kvinner og menn i større grad høve til å dele på forsørgjaransvaret og mange fedrar har langt betre høve til å vere omsorgspersonar og vere til stades i livet til barna sine enn menn i tidlegare generasjonar.

Likestillingsarbeidet må kontinuerleg utviklast i takt med tida og dei utfordringane kvinner og menn møter. No inneber det å erkjenne at politikken ikkje i stor nok grad har fanga opp alle sider ved likestillinga. Særleg har utfordringar som gjeld gutar og menn, fått for lite merksemd.

Regjeringa meiner at ein breiare og meir heilskapleg likestillingspolitikk, som i større grad omfattar gutar og menn, vil styrkje samfunnsutviklinga. Det å ta likestilling for gutar og menn på alvor bryt ikkje med måla og verdiane av likestillingspolitikken. Det bidreg tvert om til å vidareføre dei.

1.2 Gutar og menns likestillingsutfordringar

Denne meldinga konsentrerer seg om gutar og menns likestillingsutfordringar. Eit viktig utgangspunkt er Mannsutvalet si offentlege utgreiing NOU 2024: 8 Likestillingens neste steg, som gir ein brei gjennomgang og vurdering av likestillingsutfordringar for gutar og menn på tvers av samfunnsområde.

Meldinga er bygd opp rundt temaa familieliv, barnehage, skule og utdanning, arbeidsliv, helse, vald og kriminalitet, fellesskap og ei fornya likestillingspolitikk. Korleis samfunnet er organisert, kan ha noko å seie for opplevingane gutar og menn har av val, meistring og fridom på desse områda.

Samstundes er gutar og menn ei samansett og mangfaldig gruppe. Jenter og gutar, kvinner og menn utviklar seg ulikt, og det finst biologiske skilnader mellom kjønna. Kjønnsnormer kan òg påverke kva forventningar dei møter, og kva val dei tek. Meldinga byggjer vidare på ei forståing av at skilnadene mellom menn ofte er store, og i nokre tilfelle større enn skilnadene mellom kvinner og menn.

Eit likestilt familieliv

Fedrane si involvering i familielivet har auka mykje dei siste tiåra. Dei fleste fedrar deltek aktivt i omsorgsarbeidet og ønskjer å ta ei større rolle i livet til barna. Samtidig opplever enkelte menn at dei framleis ikkje blir møtte og anerkjende som likeverdige omsorgspersonar verken i familien eller i arbeidslivet. Særleg etter samlivsbrot kan enkelte fedrar oppleve avgrensa moglegheiter til å ta vare på relasjonen til barna.

Regjeringa vil

  • føre ein familiepolitikk som gir rom for å kombinere familieliv og arbeidsliv

  • leggje til rette for at foreldre skal vere likestilte omsorgspersonar

Sjå tiltak i kapittel 3.

Likestilling i barnehage, skule og utdanning

Gutar oppnår i gjennomsnitt svakare resultat i skulen enn jenter, dei er overrepresenterte blant elevar som får spesialpedagogisk hjelp og individuell tilrettelegging, og dei fullfører vidaregåande opplæring i lågare grad enn jenter. Desse forskjellane kan få noko å seie for vidare utdanningsløp, tilknyting til arbeidslivet og levekår seinare i livet. Kjønnsforskjellane reiser òg spørsmål om kor vidt barnehagen og skulen i tilstrekkeleg grad varetek ulike behov og føresetnader blant gutar og jenter.

Regjeringa vil

  • styrkje kvaliteten i barnehagen, gjennom tilstrekkeleg bemanning og kompetanse

  • betre elevane sine lese- og skriveferdigheiter

  • at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring og bli kvalifiserte til arbeid eller vidare utdanning

Sjå tiltak i kapittel 4.

Eit likestilt arbeidsliv

Menn har generelt høg yrkesdeltaking, men møter òg særskilde utfordringar i arbeidslivet. For nokre i enkelte delar av arbeidslivet kan det dreie seg om at dei i praksis kan ha dårlegare vilkår for balansen mellom arbeid og familie. Menn er òg overrepresenterte i utsette yrke, og det er først og fremst menn som døyr i arbeidsulykker.

Arbeidslivet og utdanningsval er framleis kjønnsdelt. Kjønnsdelinga i seg sjølv kan påverke kva yrke og sektorar kvinner og menn søkjer seg til. Samtidig har kjønnsdelinga noko å seie for kvaliteten, kompetansen og mangfaldet i sentrale velferdstenester.

Regjeringa vil

  • leggje til rette for god balanse mellom familie og jobb

  • styrkje HMS-arbeidet på den enkelte arbeidsplassen

  • halde fram innsatsen for å hindre sosial dumping og arbeidslivskriminalitet

  • ha betre oppfølginga av aktivitets- og forklaringsplikta for arbeidsgivarar

  • ha fleire menn i kvinnedominerte yrke og fleire kvinner i mannsdominerte yrke

Sjå tiltak i kapittel 5.

Betre helse for gutar og menn

Menn har høgare dødelegheit enn kvinner gjennom store delar av livsløpet, og forskjellane mellom menn med høg og låg inntekt er særleg store. Menn er overrepresenterte i statistikk over rusmiddelproblem, avhengnadslidingar, dødelegheit etter ulykker og sjølvmord. Menn har òg høgare førekomst av dei fleste ikkje-smittsame sjukdommar, som hjarte- og karsjukdom, kreft og diabetes type 2. Sjølv om mange menn har god helse, tyder mykje på at menns helseutfordringar ikkje alltid blir fanga opp tidleg nok.

Korleis helse- og omsorgstenestene er innretta, kan ha noko å seie for når, om og korleis menn søkjer og får hjelp. Menns helsekompetanse og normer knytte til maskulinitet kan òg ha noko å seie for korleis helseutfordringar oppstår og blir handterte.

Regjeringa vil

  • fremje friske leveår for gutar og menn gjennom livsløpet gjennom kunnskap og folkehelsepolitikk retta mot område der menn har høgare dødelegheit og sjukdomsbelasting enn kvinner

  • jamne ut forskjellar i friske leveår og levealder mellom ulike grupper av menn

  • fremje god psykisk helse og motverke skadeleg bruk av rusmiddel for gutar og menn gjennom innsats for god folkehelse og i helse- og omsorgstenestene

Sjå tiltak i kapittel 6.

Vald og kriminalitet

Førestillingar om maskulinitet kan påverke korleis vald blir utøvd, forstått og opplevd, både blant dei som utøver vald, og dei som blir utsette for vald.

Det er i stor grad menn som utøver og blir utsette for alvorleg fysisk vald, særleg vald som skjer i det offentlege rommet, og som blir utført av ukjende gjerningspersonar. Alvorleg partnarvald og seksuelle overgrep blir i hovudsak utførte av menn. Samtidig blir også gutar og menn utsette for vald i nære relasjonar, negativ sosial kontroll og æresmotivert vald. Denne typen sårbarheit har fått mindre merksemd, og det er behov for anerkjenning av og kunnskap om erfaringane til gutar og menn. Tilbodet til valdsutsette menn varierer òg i kvalitet og tilgjengelegheit.

Enkelte grupper gutar og menn kan vere særleg sårbare for rekruttering til kriminelle eller ekstreme miljø. Ungdom som utøver kriminalitet, lever ofte i familiar og nærmiljø prega av store levekårsutfordringar, og mange har sjølv erfaring med vald og omsorgssvikt.

Kjønnsforskjellar gjer seg dessutan gjeldande i samband med politikontrollar, straffeutmåling og straffegjennomføring.

Regjeringa vil

  • følgje opp Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028)

  • bidra til likeverdige og tilgjengelege hjelpetilbod for valdsutsette menn og kvinner

  • utarbeide tilrettelagd helseinformasjon på Helsenorge til personar som er utsette for ikkje-familiær vald

  • omtale tiltak for og oppfølging av personar som er utsette for ikkje-familiær vald, i nasjonal rettleiar for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofar

  • følgje opp Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold 2025–2028

Sjå tiltak i kapittel 7.

Det viktige fellesskapet

Sosialt fellesskap er svært viktig for livskvalitet, meistring og tilhøyrsel. For mange av utfordringane som meldinga omtalar, er trygge og gode fellesskap ein del av løsninga. Nokre grupper av gutar og menn opplever einsemd, sosial isolasjon og manglande tilhøyrsel. Sjølv om dei fleste barn og unge deltek i organiserte fritidsaktivitetar, varierer deltakinga etter kjønn, familieøkonomi, utdanninga til foreldra og tilgangen til sosiale nettverk.

Enkelte grupper menn deltek òg i mindre grad enn andre i demokratiske prosessar som val, og nokre søkjer til alternative fellesskap på internett. Oppleving av utanforskap, manglande innverknad og tilhøyrsel kan bidra til redusert tillit og lågare oppslutning om demokratiske verdiar. Det kan òg gjere enkelte meir mottakelege for ytterleggåaende eller polariserande bodskapar.

Regjeringa vil

  • leggje til rette for eit mangfaldig og levande kulturliv som bidreg til ytringsfridom, meiningsbryting og eit ope offentleg ordskifte

  • sikre at alle har tilgang til kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet og tilbod om idrett og fysisk aktivitet, uavhengig av kjønn, bustad, økonomi og sosial bakgrunn

  • bidra til gode rammevilkår for lokale og nasjonale kultur- og frivilligaktørar som medverkar til å skape aktivitetar og møteplassar

  • bidra til eit kvalitetsløft for fritidsklubbar og andre opne møteplassar for barn og unge

  • tidleg identifisere og gi god behandling for problematisk speleåtferd og auke og dele kunnskap om spel og speleproblem

  • jobbe for ein trygg digital oppvekst og betre skjermbalanse for unge

Sjå tiltak i kapittel 8.

Ein fornya likestillingspolitikk

Norsk likestillingspolitikk byggjer på at alle offentlege styresmakter har ansvar for å fremje likestilling og hindre diskriminering. Offentlege utgreiingar og ein gjennomgang av OECD peikar likevel på at ansvaret for likestilling ofte er svakt operasjonalisert og ujamt følgt opp. Når likestillingsomsyn ikkje blir integrerte systematisk i styring, tenesteutvikling og avgjerdsprosessar, kan offentlege tenester i mindre grad treffe behova til ulike grupper. Offentlege styresmakter har eit ansvar for å sikre at politikk og tenester varetek behova til både kvinner og menn. For å lykkast med det må kunnskapen om kjønn, i denne samanhengen om gutar og menn, styrkjast.

Regjeringa vil

  • styrkje strukturen for likestillingspolitikken

  • bidra til eit godt kunnskapsgrunnlag om likestilling for gutar og menn

  • fremje likestillinga for gutar og menn internasjonalt

Sjå tiltak i kapittel 9.

1.3 Bakteppe for meldinga

Mannsutvalet blei utnemnt av regjeringa 26. august 2022 for å greie ut gutar og menns likestillingsutfordringar. Utvalet fekk i oppdrag å kartleggje og analysere korleis kjønn påverkar livssituasjonen til gutar og menn i Noreg, og å foreslå tiltak som kan bidra til eit meir likestilt samfunn. I april 2024 leverte utvalet ein rapport i form av ei offentleg utgreiing med tittelen NOU 2024: 8 Likestillingens neste steg. Rapporten peikar på utfordringar knytte til mellom anna utdanning, arbeidsliv, helse, familieliv, vald og utanforskap. Utvalet foreslår 35 tiltak fordelt på fire innsatsområde:

  1. Menn som omsorgspersonar – tiltak for å styrkje rolla menn har i familien og som omsorgsgivarar

  2. Kjønnsforskjellar i utdanning og arbeidsliv – tiltak for å redusere ulikskapar i skuleprestasjonar, utdanningsval og yrkesdeltaking

  3. Sårbarheit og helse – tiltak retta mot den psykiske og fysiske helsa til menn og førebygging av utanforskap

  4. Ein likestillingspolitikk for alle – tiltak for å sikre at likestillingspolitikken inkluderer og varetek også gutar og menns perspektiv

Utgreiinga blei send på offentleg høyring, og Kultur- og likestillingsdepartementet fekk i underkant av 100 høyringsfråsegner frå ulike organisasjonar, partane i arbeidslivet, offentlege instansar og forskingsmiljø.

Utgreiinga har i hovudsak blitt godt motteken. Fleire høyringsinstansar argumenterer for at ho set søkjelys på eit tema som har fått lite merksemd i norsk likestillingspolitikk. Enkelte høyringsinstansar uttrykkjer uro for at auka merksemd på menn kan føre til mindre merksemd på kvinners likestillingsutfordringar, mens andre argumenterer for at utgreiinga burde gått endå lenger i å fremje gutar og menns likestilling.

I denne meldinga til Stortinget gjer regjeringa greie for korleis mange av Mannsutvalets forslag til tiltak blir følgde opp. Regjeringa har likevel lagt til grunn eit breiare kunnskapsgrunnlag og omtaler fleire tema og politikkområde som er viktige for gutar og menn.

Boks 1.1 Innspel frå unge om gutars likestillingsutfordringar

Som del av kunnskapsgrunnlaget for denne meldinga fekk Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) i oppdrag å arrangere eit innspelsmøte med unge gutar.

I 2026 gjennomførte Redd Barna ein workshop med 20 deltakarar frå ungdomsråd og organisasjonar frå ulike delar av landet. Formålet var å få fram erfaringane og vurderingane til dei unge og forslaga deira til tiltak for å styrkje likestillinga for gutar og menn.

Deltakarane beskriv likestilling som like moglegheiter for alle, og dei peikar særleg på press i samband med kjønnsroller, prestasjonsforventingar og vanskar med å uttrykkje kjensler. Fleire trekkjer fram einsemd, psykiske helseutfordringar, mangel på trygge relasjonar og det at gutar sjeldnare oppsøkjer hjelp.

Følgjande tiltak blei løfta fram:

  • Ein meir tilpassa skule, med større vekt på praktisk læring, betre oppfølging av gutar og auka fokus på likestilling og samtykke

  • Styrkt psykisk helsetilbod, inkludert lågterskeltilbod, som er betre tilpassa gutar, og auka openheit om kjensler

  • Fleire trygge møteplassar og fritidstilbod for å motverke einsemd og utanforskap

  • Tiltak i digitale medium, mellom anna auka regulering, betre kjeldekritikk og arbeid mot skadelege nettmiljø

  • Haldningsskapande arbeid som utfordrar stereotype kjønnsroller og fremjar ei meir inkluderande forståing av maskulinitet

Deltakarane etterlyser ein heilskapleg og tverrsektoriell innsats med vekt på tidleg innsats og medverknad frå unge når politikk og tiltak skal utformast.

1.4 Likestillingspolitikk i takt med tida

Tradisjonelt har likestillingskamp vore tett knytt til arbeidet for kvinners rettar og moglegheiter. Gjennom fleire tiår har målretta innsats bidrege til store framsteg, til dømes høg yrkesdeltaking blant både kvinner og menn, sterkare økonomisk sjølvstende og ei meir likestilt fordeling av omsorgsansvar. Mange har erfart kva fordelar det har vore med likestillingspolitikken, og oppslutninga om likestilling som samfunnsverdi har lenge vore høg.

Teknologisk utvikling, auka konkurranse i utdanning og arbeidsliv og endra arbeidsformer er døme på utviklingstrekk som har skapt nye moglegheiter for mange. Samtidig har det vakse fram nye forventingar til både kvinner og menn. Utviklingstrekka skjer parallelt med at tradisjonelle kjønnsnormer framleis påverkar moglegheitene, livsvala og handlingsrommet til den enkelte. Likestillingspolitikken må evne å møte både dei nye samfunnsutviklingsstrekka og kjønnsforskjellane som framleis finst.

Også synet på likestilling er i endring. Særleg blant unge menn er det no fleire som meiner at likestillinga er ført langt nok eller for langt. Forskjellane mellom dei som meiner at likestillinga bør førast vidare, og dei som meiner at ho er kommen langt nok eller for langt, handlar ikkje nødvendigvis om i kva grad likestilling er viktig, men om synet på kva utfordringar som står att, kva forskjellar som bør viast merksemd, og korleis politikken bør innrettast. Nokre opplever dessutan likestillingspolitikken som mindre relevant.

Regjeringa meiner at ein likestillingspolitikk med brei legitimitet må ta forskjellar i erfaringar og problemforståingar på alvor. Likestillingsarbeidet må vere relevant for både kvinner og menn, og det må bidra til eit samfunn der alle har fridom til å forme sitt eige liv.

Det inneber òg å anerkjenne at kjønn verkar saman med andre forhold, som sosial bakgrunn, utdanning, bustad, etnisitet, helse og funksjonsevne. Mange av utfordringane som blir omtalte i denne meldinga, oppstår i samspelet mellom kjønn og andre levekårsfaktorar.

Skal likestillingspolitikken utviklast i takt med tida, er det nødvendig å forstå både endringar i haldningane befolkninga har til likestilling, forskjellane internt blant kvinner og menn og korleis kjønnsnormer framleis påverkar moglegheiter og val.

1.4.1 Oppslutninga om likestilling er i endring

Det er generelt stor oppslutning om likestilling i befolkninga.

Samtidig er det teikn til endring. Tala frå haldningsundersøkinga som CORE gjennomførte i 2025, viser tydeleg at andelen som meiner at likestillinga bør førast vidare, minkar blant både kvinner og menn. Kjønnsforskjellen er samtidig tydeleg: Det er særleg unge menn som meiner at likestillinga er ført langt nok eller for langt (Kitterød, Larsen, Seehus, Teigen, & Wik, 2025).

I 2025 svarte 76 prosent av kvinnene og 49 prosent av mennene i CORE-undersøkinga at likestillinga bør førast vidare. Blant unge menn i alderen 18–29 år var andelen mykje lågare: 36 prosent meinte at likestillinga bør førast vidare, 38 prosent meinte at ho er ført langt nok, og 18 prosent meinte at ho er ført for langt.

Undersøkinga viser at unge menn som meiner at likestillinga er ført langt nok eller for langt, har nokre gjennomgåande haldningar:

  • Dei er oftare einige i at likestilling allereie er oppnådd i samfunnet, samanlikna med dei som meiner at likestillinga bør førast vidare.

  • Dei meiner i mindre grad at likestilling generelt er viktig i samfunnet. Minst oppslutning om likestilling som verdi finn vi blant dei som meiner at likestillinga er ført for langt.

  • Dei er i større grad tilbøyelege til å meine at kvinner og menn er ulike av natur, med ulike tankar, kjensler og interesser.

  • Dei er mindre tilbøyelege til å meine at det er kvinner som møter flest hinder i arbeidslivet, og meir tilbøyelege til å oppfatte menn som den gruppa som møter flest hindringar. Særlig dei som meiner at likestillinga er ført for langt, peikar på menn som mest utsette i arbeidslivet.

  • Unge menn som meiner at likestillinga er ført for langt, gir sterkast støtte til ein modell der mor har hovudansvaret for heimen og far har hovudansvaret for å forsørgje familien. Samtidig meiner likevel eit fleirtal av desse (56 prosent) at ansvaret for heim og familie bør delast likt.

  • Uavhengig av om kvotering eller tilleggspoeng er til fordel for kvinner eller menn, er dei som meiner at likestillinga er ført for langt, mest skeptiske til slike ordningar.

Boks 1.2 CORE Survey – likestillingsundersøkinga

CORE Survey – likestillingsundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking om haldningar til likestilling blant eit landsrepresentativt utval av personar i alderen 18–79 år, med eit tilleggsutval av unge i alderen 18–29 år. Totalt har 4375 respondentar delteke i 2025.

Undersøkinga dekkjer eit breitt spekter av oppfatningar om og haldningar til likestilling, både meir tradisjonelle og nye likestillingsspørsmål. Ho kartlegg korleis befolkninga ser på likestilling, og analyserer korleis dette heng saman med faktorar som kjønn, alder, utdanning, bustad og politisk stemmegiving. Undersøkinga blei gjennomført første gong våren 2022 og deretter gjenteken våren 2025.

Eit av spørsmåla i CORE Survey er om likestilling mellom kvinner og menn bør førast vidare eller ikkje. Spørsmålet er formulert slik: «I dei seinare åra er det lagt vekt på å skape likestilling mellom kvinner og menn. Vil du seie at likestillinga (1) bør førast vidare, (2) er ført langt nok eller (3) er ført for langt, eller (4) veit du ikkje?».

CORE Survey viser gjennomgåande kjønnsforskjellar i vurderinga av om dokumenterte forskjellar mellom kvinner og menn er eit samfunnsproblem. På tvers av tema som arbeidsliv og utdanning er menn i gjennomsnitt mindre tilbøyelege enn kvinner til å meine at slike forskjellar er problematiske. Særleg unge menn som meiner at likestillinga er ført langt nok eller for langt, skil seg ut ved at dei i mindre grad enn andre oppfattar kjønnsforskjellar som problematiske. Det gjeld både forskjellar i arbeidslivet og forskjellar i utdanningssystemet, også på område der gutar i gjennomsnitt kjem dårlegare ut enn jenter – med unntak av barnløyse, som dei i større grad enn dei som meiner at likestillinga bør førast vidare, oppfattar som eit problem.

Vurderingar av kjønnsforskjellar varierer med andre ord både med kjønn og med korleis statusen og relevansen til likestillinga blir oppfatta. Svara kan reflektere både kunnskap om faktiske kjønnsforskjellar og vurderingar av kor problematiske ein opplever at desse er. Ettersom vi ikkje kan vite sikkert korleis respondentane har tolka spørsmåla, bør funna forståast som overordna mønster i oppfatningar snarare enn eintydige konklusjonar.

Samla indikerer dette, og andre funn frå forskinga, at forskjellar i oppslutning om likestilling ikkje nødvendigvis handlar om støtte til likestilling som prinsipp, men i større grad om ulike vurderingar av kva som står att, kva som utgjer eit problem, og kven ein opplever at likestillingspolitikken er relevant for. Innsikt i desse ulike problemforståingane er viktig når ein skal utforme og sikre legitimiteten til likestillingspolitikken.

1.4.1.1 Den offentlege samtalen om likestilling er òg i endring

Den offentlege samtalen om likestilling er òg i endring. Ein medieanalyse frå TRY viser at likestillingsspørsmål i aukande grad blir framstilt som individuelle erfaringar og livsstilsval, særleg i sosiale medium. Tema som tidlegare blei forstått som strukturelle, som arbeidsdeling, omsorgsansvar og psykisk helse, blir i større grad tolka som personlege forhold (TRY, 2026).

1.4.2 Det er store forskjellar mellom menn

Kvinner og menn som grupper skil seg framleis frå kvarandre på ei rekkje samfunnsområde, men det er òg store forskjellar internt i gruppene. Likestillingspolitikken og likestillingsdebatten har i stor grad teke utgangspunkt i samanlikningar mellom gjennomsnittskvinna og gjennomsnittsmannen. Slike samanlikningar er viktige for å identifisere strukturelle kjønnsforskjellar, men kan samtidig bidra til å skjule stor variasjon internt i gruppene.

For menn er forskjellane mellom dei som kjem best og dårlegast ut på ulike levekårsindikatorar, ofte større enn forskjellane mellom menn som gruppe og kvinner som gruppe. Det inneber at utfordringar som rammar enkelte grupper av menn, ikkje alltid blir synlege når merksemda blir retta mot gjennomsnittlege kjønnsforskjellar.

Mange av utfordringane som særleg gjeld menn, oppstår i samspelet mellom kjønn og andre faktorar, som sosioøkonomisk bakgrunn, utdanningsnivå, geografisk tilhøyrsel, etnisitet, helse eller funksjonsevne. For nokre grupper menn kan slike forhold gi kumulative ulemper som påverkar moglegheitene innanfor utdanning, arbeidsliv, helse og sosial deltaking. Eit meir nyansert kunnskapsgrunnlag som fangar opp variasjonar internt i kjønnskategoriane, kan derfor bidra til betre forståing av korleis likestillingsutfordringar fordeler seg i befolkninga, og gi grunnlag for meir treffsikre tiltak.

1.4.3 Kjønnsnormer kan ha noko å seie for livet til gutar og menn

Kjønn er ei grunnleggjande inndeling i samfunnet og kan påverke korleis ein forstår seg sjølv, korleis ein blir møtt, og kva moglegheiter ein opplever at ein har. Ei biologisk forståing av kjønn tek gjerne utgangspunkt i kategoriane «kvinne» og «mann», der forskjellane i hovudsak er knytte til faktorar som gen og hormonnivå, kroppsstorleik, hjernestruktur og – ikkje minst – reproduksjon. Samtidig handlar ikkje kjønn berre om biologiske forhold, men òg om korleis det blir uttrykt og praktisert gjennom handlingar, val og samhandling med andre (West & Zimmerman, 1987; Solbrække & Aarseth, 2006; NOU 2019: 19). Kjønnsuttrykk kjem mellom anna til syne gjennom kroppsspråk, klede og åtferd og blir tolka i lys av førestillingane i samfunnet om femininitet og maskulinitet. Dei fleste identifiserer seg med sitt biologiske kjønn, men ikkje alle gjer det, og det betyr at kjønn rommar eit mangfald av identitetar og uttrykk.

Kjønnsnormer og -roller kan påverke kva val som verkar moglege, ønskjelege og legitime. Kjønn kan forme forventingane ein møter på tvers av arenaer som familie, barnehage, skule, fritid og medium (NOU 2019: 19). Maskulinitet kan forståast som normer, forventingar og verdiar knytte til det å vere mann i ein bestemt kulturell og historisk kontekst (St.meld. nr. 8 (2008–2009)). Det finst ikkje éin måte å vere mann på, men fleire samtidige og til dels motstridande maskulinitetsideal (Connell 1995, omtalt i NOU 2024: 8).

Maskulinitetsnormer kan påverke handlingsrommet, identitetsutviklinga og livsvala til gutar og menn. Normene kan gi retning og tilhøyrsel, og dei kan opplevast som positive, men dei kan òg verke avgrensande dersom dei inneber snevre forventingar om korleis gutar og menn bør tenkje, kjenne og opptre. Erfaringar med maskulinitet varierer mykje mellom menn, mellom anna avhengig av sosial og kulturell bakgrunn og livssituasjon.

#UngIDag-utvalet argumenterer for at gutar sitt handlingsrom når det gjeld korleis dei kan vere gutar, ofte er snevrare enn jenter sitt handlingsrom når det gjeld korleis dei kan vere jenter – særleg når gutane nærmar seg uttrykk, aktivitetar og eigenskapar som blir oppfatta som feminine (NOU 2019: 19). Reaksjonar frå samfunnet kan bidra til å vidareføre opplevde grenser for maskulinitet og femininitet.

Likestillingspolitikken og samfunnsutviklinga har bidrege til endringar i mannsrolla, til dømes når det gjeld forventingar til omsorg og utøving av foreldrerolla. Desse endringane har utvida handlingsrommet for mange menn i familie- og privatlivet. Samtidig opplever framleis nokre menn tradisjonelle forventingar om høg yrkesinnsats, tilgjengelegheit og prestasjon i arbeidslivet, og samla kan det bidra til eit krysspress. Dette gjeld òg for kvinner.

Likestillingspolitikken må framleis bidra til å utvide handlingsrommet, anerkjenne mangfaldet og utfordre normer som avgrensar valfridom, deltaking og livskvalitet.

Boks 1.3 Unge si forståing av gute- og mannsrolla

Innspelsmøtet med dei unge (sjå boks 1.1) viste at dei har eit nyansert, men òg relativt samstemt syn på både likestilling og mannsrolla. Ungdommane teiknar eit bilete av ei mannsrolle som er prega av krysspress. Det er forventa at gutar skal vere moderne, likestillingsorienterte og opne, men samtidig møter dei tydelege krav om å leve opp til meir tradisjonelle ideal som å prestere i utdanning og arbeid, oppnå økonomisk tryggleik og kunne fylle ei framtidig rolle som forsørgjar. Det å lykkast blir i stor grad målt gjennom prestasjon og status, og det skaper eit stort press i kvardagen.

Ungdommane beskriv at desse forventingane i stor grad blir handheva sosialt. Både jamaldringar og omgivnadene bidreg til å oppretthalde normer for kva som blir rekna som ein «rett» måte å vere gut på. Dersom ein viser sårbarheit eller uvisse eller vel utradisjonelle retningar, kan det føre til negative reaksjonar og lågare sosial anerkjenning. Det avgrensar handlingsrommet til dei unge gutane, ikkje minst dei som ønskjer å bryte med etablerte mønster.

Fleire peikar òg på at det ikkje nødvendigvis «lønner seg» å vise kjensler. Sjølv om det blir forventa at gutar skal vere meir opne, opplever dei det i praksis som risikabelt, med mindre dei allereie har høg sosial status eller blir oppfatta som vellykka. Dermed blir det å handtere kjensler ofte noko som skjer når ein er åleine, noko som kan bidra til einsemd og manglande nære relasjonar.

Ungdommane trekkjer òg fram at påverknaden ikkje berre kjem frå nærmiljøet, men i tillegg frå storsamfunnet. Dei opplever at gutar i mindre grad enn jenter blir oppmuntra til å utforske alternative roller. Det kan bidra til å oppretthalde snevre rammer for kva ein opplever som akseptabel maskulinitet.

Eit samisk perspektiv peika på sterke tradisjonelle forventingar om at samiske menn skal vere sjølvstendige og praktisk orienterte – altså ein viss «machokultur» – men òg på aukande aksept for meir likestilte og omsorgsorienterte mannsroller.