1 Oppfølging av forslaga frå Mannsutvalet
Denne oversikta viser korleis dei 35 forslaga til tiltak frå Mannsutvalet blir følgde opp. Meldinga omtaler òg fleire innsatsområde og tiltak som Mannsutvalet ikkje har teke opp.
Innsatsområde 1: Menn som omsorgspersonar
|
Forslag frå Mannsutvalet |
Oppfølging |
|---|---|
|
Tiltak 1 Endre foreldrepengeordninga og rettar i samband med fødsel Mannsutvalet foreslår å endre foreldrepengeordninga for å gi like rettar uavhengig av kjønn, og for å gi fleire fedrar høve til å ta ut meir foreldrepermisjon. Utvalet foreslår fleire grep for å oppnå dette: å innføre individuelle rettar til foreldrepengar, dele permisjonsperioden i to og utvide foreldrepengeperioden, samt gi far eller medmor rett til to veker betalt permisjon i samband med fødsel. |
Far sin rett til å ta ut foreldrepengar er til dels avhengig av at mora er i arbeid eller annan aktivitet. Det er gjort lovendringar for å styrkje fedrar sine sjølvstendige rettar. Frå 2. august 2022 fekk fedrar og medmødrer rett til å ta ut åtte veker foreldrepengar uavhengig av aktivitetskravet til mora. Frå 2. august 2024 blei denne retten ytterlegare styrkt ved at aktivitetskravet til mora vart oppheva for ytterlegare to veker. Dette inneber at fedrar og medmødrer som har tent opp rett til foreldrepengar gjennom yrkesaktivitet i minst seks av dei siste ti månadene, no har sjølvstendig rett til å ta ut foreldrepengar i til saman ti veker når mora ikkje har tent opp slik rett. Alle fedrar som har tent opp rett til foreldrepengar, har rett til å ta ut to veker med foreldrepengar i samband med fødselen. Med innføringa av åtte veker sjølvstendig uttaksrett for far/medmor i 2022, fekk fedrar og medmødrer òg høve til å ta ut to av desse vekene i samband med fødsel. Regjeringa ønskjer å vidareføre den tredelte foreldrepermisjonen og oppretthalde fedrekvoten. Foreldrepengeordninga er styrkt for begge foreldra. Foreldrepengeperioden ved 80 prosent dekning er utvida med elleve stønadsdagar for barn fødde frå 1. juli 2024 av. Endringa inneber at den samla utbetalinga no er om lag den same ved 80 og 100 prosent dekningsgrad, slik at foreldre ikkje lenger kjem økonomisk dårlegare ut ved å velje 80 prosent. Sjå nærmare omtale i kapittel 3.3. |
|
Tiltak 2 Styrkje rolla og rettane til nybakte fedrar og medmødrer Mannsutvalet foreslår tre grep for å styrkje rolla og rettane til nybakte fedrar og medmødrer: at far og medmor får rett til å få dekt utgifter til reise og overnatting ved fødsel, systematisk innhenting av erfaringar frå helsestasjonane sine aktivitetar retta mot fedrar i barnet sitt første leveår, og oppdatering av dei nasjonale faglege retningslinjene for helsetenestene slik at dei inkluderer rolla til fedrar og medmødrer. |
Regjeringa har lovfesta at pasientar får ha med seg pårørande når ein får helsehjelp. Dette gjeld òg gravide og deira partnarar. Fedrars tilbod ved helsestasjonen blir vareteke gjennom ei tydeleggjering av innhaldet i tenesta gjennom faglege retningslinjer. Retningslinjene for helsestasjons- og skulehelsetenesta er tydelege på at helsestasjonen skal rette tilbodet mot begge foreldra, og understrekar at både mor og far – eller andre omsorgspersonar – skal reknast som likeverdige foreldre og bli inviterte inn i oppfølginga av barnet. Nasjonale retningslinjer for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg inneheld omtale av rolla til partnaren. |
|
Tiltak 3 Etablere trepartssamarbeid for betre balanse mellom arbeid og familie i mannsdominerte bransjar Mannsutvalet foreslår at regjeringa tek initiativ til eit trepartssamarbeid for å få kunnskap om, og finne fram til betre ordningar for, balansen mellom arbeid og familieliv i dei største mannsdominerte bransjane i arbeidslivet. |
Regjeringa har etablert eit trepartssamarbeid for betre balanse mellom arbeidsliv og familieliv i mannsdominerte og kvinnedominerte bransjar, i tråd med framlegget frå Mannsutvalet og som varsla i regjeringa sin strategi for likestilling mellom kvinner og menn 2025–2030. Samarbeidet er lagt til arbeidsgruppa for likestilling i arbeidslivet under arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd. Eit tiltak i denne meldinga er å vidareføre samarbeidet i dialog med partane i arbeidslivet. Sjå nærmare omtale i kapittel 3.3.4. |
|
Tiltak 4 Utvide meklingsplikta ved samlivsbrot og foreldrekonfliktar til seks timar før det kan reisast sak for domstolane Mannsutvalet foreslår at foreldre ved samlivsbrot og foreldretvistar må ha gjennomført seks timar mekling før det kan reisast sak for domstolane. |
Det er ikkje kunnskap som tyder på at meir obligatorisk mekling vil føre til at fleire saker blir løyste utanfor domstolane. Det er likevel vedteke ei rekkje andre endringar i den nye barnelova som har som mål å førebyggje og redusere konfliktar. Sjå nærmare omtale i kapittel 3.5.5. |
|
Tiltak 5 Styrkje moglegheita domstolane har til å idømme delt bustad Mannsutvalet meiner at reglane for domstolane sitt høve til å fastsetje delt bustad må endrast. |
Etter den nye barnelova kan domstolen fastsetje delt bustad også i tilfelle der det ikkje ligg føre «særlege grunnar». Det er opp til domstolen å vurdere kvar sak konkret med utgangspunkt i kva som er til beste for barnet. Sjå nærmare omtale i kapittel 3.5.4. |
|
Tiltak 6 Leggje kompetansen til å flytte barnet innanlands til foreldreansvaret Mannsutvalet foreslår at foreldre med foreldreansvar må vere med på avgjerder om flytting av barn innanlands. Begge foreldra bør kunne reise sak om flytting for domstolane. |
Den nye barnelova inneheld endringar som styrkjer kravet til semje mellom foreldra ved flytting av barn etter samlivsbrot. Foreldre som budde saman då barnet blei født, må som hovudregel vere einige dersom barnet seinare skal flytte. Sjå nærmare omtale i kapittel 3.5.3. |
|
Tiltak 7 Innføre økonomiske ordningar som fremjar likestilling Mannsutvalet foreslår endringar i nokre av dei økonomiske ordningane knytte til bustad og samvær med barn etter samlivsbrot. |
I ny barnelov blir gjeldande ordning for fastsetjing av barnebidrag vidareført. Barne- og familiedepartementet vil gjennomgå regelverket for barnebidrag og vurdere korleis det kan utformast slik at økonomiske omsyn i minst mogleg grad påverkar avtalar om bustad og samvær. |
|
Tiltak 8 Greie ut lovfesta rett til ulønt permisjon for omsorgsarbeid for personar utanfor den nærmaste familien Mannsutvalet foreslår at det blir greidd ut korleis retten til ulønt permisjon for å utføre omsorgsarbeid kan utvidast, slik at han ikkje er avgrensa til personar i den nærmaste familien. |
Regjeringa ønskjer ikkje ytterlegare ulønte permisjonsordningar. Det kan medføre kostnader for arbeidsgivaren sjølv om ordninga er ulønt. Det kan òg diskuterast om ordninga i hovudsak vil bli nytta av kvinner når det kjem til stykket, noko som kan påverke deltakinga til kvinner i arbeidslivet negativt. |
|
Tiltak 9 Greie ut det rettslege rammeverket for barn i familiar med fleire enn to omsorgspersonar |
Den nye barnelova vidarefører prinsippet om at barn berre kan ha to juridiske foreldre. |
Innsatsområde 2: Kjønnsforskjellar i utdanning og arbeidsliv
|
Tiltak |
Oppfølging |
|---|---|
|
Tiltak 10 Innføre leikbasert læring i barnehagen Mannsutvalet foreslår at det blir innført nasjonale føringar for barnehagane om å ta i bruk det forskingsbaserte førskuleopplegget for leikbasert læring som er utvikla gjennom Agderprosjektet. |
Regjeringa si vurdering er at rammeplanen allereie har krav om at barnehagen skal leggje til rette for leik, læring og utvikling. Regjeringa meiner at barnehagane bør stå fritt til å velje korleis det pedagogiske arbeidet skal organiserast i praksis. Sjå nærmare omtale i kapittel 4.2.2. |
|
Tiltak 11 Innføre fleksibel skulestart Mannsutvalet foreslår at høvet til å starte på skulen eitt år tidlegare eller seinare enn i august det året barnet fyller seks år, blir meir tilgjengeleg enn i dag. |
I praksis vil forslaget frå Mannsutvalet innebere å fjerne kravet om sakkunnig vurdering. I arbeidet med den nye opplæringslova konkluderte regjeringa med at ei sakkunnig vurdering kan redusere risikoen for negative konsekvensar av utsett eller tidleg skulestart, både på kort og lang sikt. Sjå nærare omtale i kapittel 4.4.1.1. Regjeringa er samtidig oppteken av at kommunar, skular og foreldre er kjende med høvet til fleksibel skulestart etter dagens regelverk. Dagens regelverk gir til dømes gode høve til å prøve ut fleksibel skulestart. Opplæringslova § 29-3 opnar for tidsavgrensa unntak frå lova til pedagogiske eller organisatoriske forsøk. Forsøka skal evaluerast og rapporterast. |
|
Tiltak 12 Innføre ein meir praktisk og variert skulekvardag Mannsutvalet foreslår fleire tiltak for ein meir praktisk og variert skulekvardag med større rom for fysisk aktivitet. For barnetrinnet foreslår utvalet større innslag av leikbasert læring og frileik, og å utvide talet på undervisningstimar i dei praktisk-estetiske skulefaga (kroppsøving, kunst og handverk, musikk, mat og helse). For ungdomstrinnet vil utvalet styrkje valfaga gjennom å auke timetalet i valfag, og endre føringane for kor mange, og eventuelt kva for nokre, valfag skulane skal tilby. |
Regjeringa tek fleire grep for ein meir praktisk skule der elevane lærer meir, blir meir motiverte og trivst betre. Eit hovudgrep i meldinga om 5.–10. trinn er å opprette eit nasjonalt program for meir praktisk læring. Programmet inneber meir pengar til utstyr og praktiske læringslokale. Det vil bli innført valfag for alle elevar på 5.–7. trinn, og det er blitt obligatorisk å tilby arbeidslivsfag på ungdomsskulen. I tillegg er det sett i gang arbeid for å endre skuledagen på 1. og 2. trinn for å leggje betre til rette for leik, fysisk aktivitet og sosial og emosjonell læring, i tillegg til dei grunnleggjande ferdigheitene lesing, skriving og rekning. Sjå nærmare omtale i kapittel 4.4.2. |
|
Tiltak 13 Styrkje alternative opplæringsløp i vidaregåande opplæring Mannsutvalet foreslår ein nasjonal modell for å styrkje alternative opplæringsløp i vidaregåande opplæring. |
Hovudmodellen i fag- og yrkesopplæringa er to år i skule og to år i bedrift. Fylkeskommunane har i dag, gjennom fleksibiliteten i fag- og timefordelinga, høve til å tilby alternative opplæringsmodellar. Sjå nærmare omtale i kapittel 4.4.6. |
|
Tiltak 14 Sikre rett til læreplass Mannsutvalet foreslår at det blir innført rett til læreplass for elevar i yrkesfagleg vidaregåande opplæring. |
Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å bidra til at fleire får læreplass og fullfører yrkesfagleg opplæring: Frå 1. august 2024 er det innført rett til læreplass eller eit anna tilbod på vidaregåande trinn 3. I tillegg har regjeringa inngått ein samfunnskontrakt for fleire læreplassar, innført rett til yrkesfagleg rekvalifisering og skjerpa krava til bruk av lærlingar i offentlege kontraktar. Tiltaka skal bidra til at fleire får læreplass og fullfører yrkesfagleg opplæring. Sjå nærmare omtale i kapittel 4.4.6. |
|
Tiltak 15 Endre poengberekninga på vitnemålet frå grunnskulen og vidaregåande opplæring |
Regjeringa har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å greie ut om ei sikrare og forbetra eksamensordning. |
|
Tiltak 16 og 17 Gjennomføre nasjonal satsing for at fleire unge skal velje og gjennomføre kjønnsutradisjonelle utdanningsprogram på yrkesfag (tiltak 16) og for at fleire unge skal velje og fullføre kjønnsutradisjonelle utdanningsprogram i høgare utdanning (tiltak 17) Mannsutvalet foreslår ei heilskapleg og langsiktig nasjonal satsing for at fleire unge skal velje kjønnsutradisjonelt på yrkesfag og i høgare utdanning. |
Regjeringa viser til relevante tiltak, til dømes: Fleire relevante tiltak er varsla i meldinga om ein meir praktisk skule på 5.–10. trinn. Dette omfattar mellom anna å styrkje elevane sine moglegheiter til meir praktisk og arbeidslivsretta opplæring og å gjere det obligatorisk for skulane å tilby arbeidslivsfag på ungdomstrinnet. Regjeringa oppretta eit nasjonalt senter for yrkesfag i 2025. Ei oppgåve for senteret er å arbeide med kjønnsutradisjonelle val i fag- og yrkesopplæringa. Kunnskapsdepartementet har, saman med dei sentrale partane i utdanningssektoren, utarbeidd ein rekrutteringsstrategi der fleire mannlege lærarar er eitt av måla. Sjå nærmare omtale i kapittel 5.6. |
|
Tiltak 18 Endre opptaksreglane til høgare utdanning Mannsutvalet foreslår å endre opptaksreglane til høgare utdanning gjennom auka bruk av opptaksprøver ved studium med stor kjønnsubalanse og konkurranse om studieplassane. Utvalet foreslår òg meir systematisk bruk av positiv særbehandling, som kjønnskvotar og kjønnspoeng. |
Frå 1. januar 2027 blir kjønnspoeng erstatta med kvotar på studium med stor kjønnsubalanse. Målet er å sikre representasjon av begge kjønn. Den nye opptaksforskrifta opnar òg for at universitet og høgskular kan ta i bruk ulike modellar for rangerande opptaksprøver utan å måtte søkje om det. Etter regjeringa si vurdering kan slike opptaksprøver vere eit eigna verkemiddel for å motverke kjønnsubalanse på studium med særleg hard konkurranse om studieplassane. Sjå nærmare omtale i kapittel 5.6.6. |
|
Tiltak 19 Auka innsats for det psykososiale arbeidsmiljøet og mot trakassering og seksuell trakassering i arbeidslivet Mannsutvalet tilrår at regjeringa tek initiativ til ei større satsing for å etablere gode HMS-rutinar for det psykososiale arbeidsmiljøet, som òg omfattar innsats mot trakassering, inkludert seksuell trakassering, i arbeidslivet. |
Styrkt innsats for det psykososiale arbeidsmiljøet er viktig i IA-arbeidet og i arbeidet med å styrkje verksemdene sitt arbeidsmiljøarbeid generelt. Det er fleire prosessar i gang på dette området, mellom anna oppfølging av endringar i regelverket og ein ny nasjonal arbeidsmiljøstrategi. Regjeringa har òg lagt fram ei melding til Stortinget om seksuell trakassering. Sjå nærmare omtale i kapittel 5.4. |
Innsatsområde 3: Sårbarheit og helse
|
Tiltak |
Oppfølging |
|---|---|
|
Tiltak 20 Setje ned eit mannshelseutval Mannsutvalet foreslår at det i inneverande stortingsperiode blir sett ned eit mannshelseutval for å gjere ei nærmare utgreiing av helseutfordringane til menn og kjønnsforskjellar i helse. |
Regjeringa er tydeleg på at dei særskilde helseutfordringane til både kvinner og menn skal vektleggjast i politikkutviklinga og i utviklinga av helse- og omsorgstenestene framover. Sjå nærmare omtale i tekstboks 6.4. |
|
Tiltak 21 Greie ut eit nasjonalt screeningprogram for prostatakreft Mannsutvalet foreslår at det så snart som mogleg blir greidd ut om det bør innførast eit screeningprogram for prostatakreft i Noreg, og korleis eit slikt program eventuelt bør utformast. |
Eit av måla i den nasjonale kreftstrategien er å innføre eit screeningprogram for prostatakreft i løpet av den tiårige strategiperioden. Før screening for prostatakreft kan setjast i gang, er det nødvendig med eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag. Sjå nærmare omtale i kapittel 6.9.2. |
|
Tiltak 22 Gjere helsetenester meir tilgjengelege for gutar og menn Mannsutvalet foreslår å setje i verk fleire tiltak for å gjere lågterskeltilbod meir tilgjengelege for menn. Det skal utarbeidast ei nasjonal nettside som gjer det lettare å finne fram til lokale og regionale lågterskeltilbod, og ein rettleiar for profilering av lågterskeltilbod retta mot menn. Det skal opprettast ei teneste for å ta anonym og diskret kontakt med helsetenester, og helsestasjonstilbodet for gutar skal styrkjast. |
Det ligg føre ei sterk fagleg tilråding om at helsestasjon for ungdom bør setje i verk tiltak for å nå gutar i større grad og dermed jamne ut forskjellane i bruken av tenesta. I strategien for seksuell helse er det mellom anna eit mål å jamne ut kjønnsforskjellane i bruken av helsestasjons- og skulehelsetenesta og andre lågterskeltilbod. Gjennom Opptrappingsplan for psykisk helse styrkjer regjeringa tilgangen til kunnskapsbaserte lågterskeltilbod innanfor psykisk helse og rus i kommunane. Så langt i planperioden har regjeringa auka løyvingane til formålet med 500 millionar kroner. Regjeringa har òg auka tilskota til hjelpetelefonar og samtaletilbod gjennom Opptrappingsplan for psykisk helse. Gjennom etableringa av ei digital førstelinje vil regjeringa styrkje innbyggjarane sine moglegheiter til å meistre eiga helse, avlaste helse- og omsorgstenesta og bidra til raskare tilgang til råd, rettleiing og helsehjelp. Helsedirektoratet har fått i oppdrag å etablere ei innbyggjarretta offentleg KI-teneste som består av dialogbaserte og kvalitetssikra svar og råd på spørsmål frå innbyggjarane om symptom, tilstandar og helseplager, og som kan hjelpe med å tolke og forklare symptom og prøvesvar som innbyggjarane sjølve legg inn. |
|
Tiltak 23 Gjennomføre ei satsing på seksuell helse Mannsutvalet meiner at det bør gjennomførast ei brei satsing på seksuell helse. |
Regjeringa har lagt fram ein strategi for seksuell helse. Det overordna målet med strategien er god seksuell helse for heile befolkninga gjennom heile livsløpet. Sjå nærmare omtale av strategien i kapittel 6.2.10. |
|
Tiltak 24 Auke kunnskapen helsepersonell har om menns helseutfordringar for å utnytte potensialet ved konsultasjon betre Mannsutvalet foreslår å styrkje kompetansen om menns helse blant helsepersonell. |
Regjeringa vil forbetre kunnskapen om menns helse og kjønnsforskjellar i helse – også i samanheng med sosiale forhold. Kunnskapen skal nyttast til å utvikle betre og meir treffsikre helse- og omsorgstenester og folkehelsetiltak. |
|
Tiltak 25 Styrkje innsatsen for å forhindre sjølvmord Mannsutvalet meiner at arbeidet med å førebyggje sjølvmord må styrkjast og få ei endå tydelegare innretning mot menn. |
Regjeringa vil leggje fram ein ny og spissa handlingsplan for førebygging av sjølvmord. Planen skal ha eit tydeleg kjønns- og mangfaldsperspektiv. |
|
Tiltak 26 Styrkje tilboda innan psykisk helsevern, rusbehandling og fengsel Mannsutvalet foreslår at talet på døgnplassar i det psykiske helsevernet blir stabilisert på dagens nivå, og at det på sikt blir auka. Det må takast høgd for det aukande behovet for plassar til kriminelle som blir dømde til behandling i psykiatrien. Tilbodet innanfor tverrfagleg spesialisert rusbehandling og helsetilbodet til innsette i fengsel må styrkjast. |
Sidan 2021 har nedgangen i døgnkapasiteten i psykisk helsevern blitt bremsa, og regjeringa legg til rette for ei gradvis opptrapping. Målet er at døgnkapasiteten skal vere god nok til å møte behovet for behandling, med auka kapasitet frå 2026 og vidare fram mot 2030. Sjå nærmare omtale i kapittel 6.7.6. Gjennom oppfølging av førebyggings- og behandlingsreforma for rusfeltet vil regjeringa bidra til meir tilgjengeleg samanhengande og koordinert behandling av rusmiddellidingar. Sjå nærmare omtale i kapittel 6.7.4. Regjeringa følgjer fortløpande opp fleire av tilrådingane frå Straffereaksjonsutvalet for å ta vare på helsa til innsette på ein best mogleg måte, særleg personar med alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming, i samband med varetekt, straffegjennomføring og tilbakeføring til samfunnet. Sjå nærmare omtale i kapittel 6.9.6. |
|
Tiltak 27 Etablere fleire lokale møteplassar for gutar og menn Mannsutvalet foreslår å etablere fleire lokale møteplassar for gutar og menn. |
Regjeringa legg til rette for frivillig arbeid og fleire møteplassar gjennom ulike ordningar som har blitt styrkte dei siste åra: Regjeringa oppretta i 2025 ei tilskotsordning på 10 millionar kroner for å etablere trygge og inkluderande sosiale møteplassar, med mål om å førebyggje kriminalitet og rekruttering til kriminelle miljø i utsette område. Ordninga kan òg bidra til å styrkje lokale møteplassar og fellesskap for gutar og menn. Regjeringa har etablert ei ny ordning med tilskot til aktivitetstiltak for eldrekrafta som del av Eldreløftet. Ordninga skal bidra til at eldre kan leve eit aktivt og meiningsfullt liv, motverke einsemd og styrkje aldersvennlege møteplassar der eldre både kan delta og bidra i fellesskapet. Regjeringa har styrkt ordninga med tilskot til familie- og likestillingspolitiske tiltak i perioden 2021–2025. Eit av dei prioriterte kriteria for å få prosjekttilskot er at tiltaket bidreg til å engasjere gutar og menn i likestillingsarbeid. Dette kan mellom anna vere tiltak som legg til rette for møteplassar og fellesskap. |
|
Kultur- og likestillingsdepartementet forvaltar og har styrkt enkle og breie ordningar som legg til rette for deltaking i frivillig arbeid og lokale aktivitetar innanfor kultur og idrett for heile befolkninga. Dette omfattar mellom anna full momskompensasjon til frivillige lag og foreiningar, lokale aktivitetsmidlar, Frifond og Ungdom og Fritids fond. |
|
|
Tiltak 28 Motverke sosiale forskjellar i fritidsaktivitetane til barn og unge Mannsutvalet tilrår at det blir sett i verk ei systematisk utprøving av tiltak for å inkludere barn og unge frå låginntektsfamiliar i organiserte fritidsaktivitetar. |
Regjeringa har ei rekkje målretta innsatsar for å inkludere barn og unge og motverke sosiale forskjellar i deltaking, mellom anna gjennom følgjande: Handlingsplanen Alle inkludert! blei lansert våren 2024 og har utløyst betydelege investeringar i idrett, kultur og fritidsklubbar. I perioden 2023–2026 er det løyvd over 1 milliard kroner ekstra i statsbudsjettmidlar og spelemidlar til tiltak som skal bidra til brei deltaking, med særleg vekt på barn og unge i familiar med vedvarande låg inntekt. Regjeringa har løyvd midlar til ei fleirårig og systematisk effektevaluering av tiltak for inkludering i fritidsaktivitetar i perioden 2026–2029. Forskingsprosjektet har ei samla økonomisk ramme på om lag 10 millionar kroner. Formålet er å få meir kunnskap om effektane av ulike tiltak for å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar. Det blir òg samla inn erfaringar frå ulike lokale tiltak for å styrkje kunnskapen om vellykka tiltak, mellom anna ved å setje i gang kartlegging av effektane av Mangfaldsløftet i kulturfrivilligheita, effektane av ekstra innsatsar i idretten og eit prosjekt for å samle inn og dele erfaringar om inkludering i fritidsaktivitetar blant organisasjonar som skaper aktivitetar for barn og unge. Regjeringa har foreslått å auke løyvinga til tilskot til inkludering av barn og unge med 10 millionar kroner i 2027, samtidig som ordninga blir målretta mot frivillige organisasjonar og andre aktørar registrerte i Frivilligregisteret. Med auken vil løyvinga til ordninga vere i underkant av 495 millionar kroner i 2027. Samtidig er den kommunale delen av den tidlegare ordninga foreslått overført til Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge. Gjennom programmet kan kommunane mellom anna prioritere tiltak som fremjar inkludering av barn og unge i fritidsaktivitetar. Sjå nærmare omtale i kapittel 8.6. |
|
Tiltak 29 Etablere eit fritidsklubbtilbod i alle kommunar Mannsutvalet foreslår at kommunane blir pålagde ved lov å ha eit fritidsklubbtilbod for barn og unge. |
Fritidsklubbtilbodet blir styrkt gjennom andre verkemiddel. Regjeringa har sidan 2022 styrkt tilskotsordninga Tilskot til inkludering av barn og unge med 231 millionar kroner, slik at ho utgjer totalt 758 millionar kroner i 2026. Gjennom ordninga har kommunar og andre aktørar kunna søkje om treårig støtte til mellom anna fritidsklubbar. I 2026 har Bufdir fått i oppdrag å utarbeide ein kommunal rettleiar for arbeidet med fritidsklubbar og andre opne møteplassar. Tilskotet til Ungdom og Fritids fond, som skal gå til aktivitetar i klubbane, er blitt styrkt både med midlar frå statsbudsjettet og med spelemidlar dei siste åra. Kultur- og likestillingsdepartementet greidde i 2026 ut situasjonen for ikkje-kommunale og frivillig drivne opne møteplassar for ungdom. Utgreiinga styrkjer kunnskapsgrunnlaget for å vurdere behov, moglege tiltak og eigna samarbeids- og finansieringsmodellar og supplerer kunnskapen om kommunale fritidsklubbar og opne møteplassar. Sjå nærmare omtale i kapittel 8.6.2. |
|
Tiltak 30 Betre hjelp til offer for ikkje-familiær vald Mannsutvalet tilrår at personar som blir utsette for vald utanfor familien, får meir informasjon om moglege fysiske og psykiske helseskadar, og betre oppfølging i form av eit samtaletilbod. |
Regjeringa si vurdering er at det er formålstenleg å utarbeide tilpassa informasjon til menn som er utsette for ikkje-familiær vald, på Helsenorge. Når det gjeld samtaletilbod, vurderer regjeringen at behovet kan dekkjast gjennom dei kommunale psykososiale kriseteama og det psykososiale tilbodet på legevakta. Eit tiltak kan vere å innarbeide dette i rettleiar for psykososial oppfølging og eventuelt rettleiar for legevaktene. Sjå omtale under punkt 7.6.2.4. |
|
Tiltak 31 Styrkje hjelpetilbodet til personar som utøver vald i nære relasjonar Mannsutvalet foreslår at tilbod om sinnemeistringskurs og andre behandlingstilbod til valdsutøvarar bør vere tilgjengelege i fleire delar av landet. |
Regjeringa arbeider for likeverdige og tilgjengelege behandlingstilbod i helse- og omsorgstenesta for personar som har utøvd eller står i fare for å utøve vald og seksuelle overgrep, i tråd med opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar 2024–2028. Helsedirektoratet har utvikla ein overordna nasjonal strategi for helsesektorens arbeid med personar som utøver vald eller overgrep. Direktoratet jobbar med å foreslå konkrete tiltak for å nå måla i strategien, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Sjå omtale under punkt 7.6.1. Regjeringa prioriterer statleg tilskot til Alternativ til Vold. Regjeringa vil sjå på tiltak for å fange opp risikosakene i familievernet og få desse vidare til eigna handtering i barnevernet og politiet ved behov. Sjå nærmare omtale i kapittel 7.6.1. |
Innsatsområde 4: Likestillingspolitikk for alle
|
Tiltak |
Oppfølging |
|---|---|
|
Tiltak 32 Innføre kjønnsnøytral formålsføresegn i likestillings- og diskrimineringslova Mannsutvalet foreslår at formålsføresegna i likestillings- og diskrimineringslova blir endra slik at ho blir kjønnsnøytral. |
Regjeringa vil behalde formålsføresegna slik ho er i dag. Sjå nærmare omtale i kapittel 2. |
|
Tiltak 33 Innføre meir effektive verkemiddel i likestillingspolitikken Mannsutvalet meiner at verkemidla i likestillingspolitikken må styrkjast, og foreslår at det blir greidd ut, utvikla og sett i verk nye metodar for likestillingsintegrering i offentleg utøving av styresmakt. |
Regjeringa er i ferd med å gå gjennom verkemidla for likestillingspolitikken med formål om å greie ut organiseringa, ansvarsfordelinga og verkemidla til sentrale aktørar på likestillingsfeltet, som Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) og Diskrimineringsnemnda (DN), og tilskotet til likestillingssentera. DFØ har fått i oppdrag å evaluere kva evne desse aktørane har når det gjeld å bidra til det overordna samfunnsmålet om meir likestilling og mindre diskriminering, og korleis departementet styrer verksemdene. Oppfølginga av OECDs tilrådingar vil bli vurdert i samanheng med dette og eit større forskingsprosjekt om aktivitets- og utgreiingsplikta til offentlege styresmakter og arbeidsgivarar. Sjå nærmare omtale i kapittel 9.2.1. |
|
Tiltak 34 Revidere statistikksider og indikatorar for kjønnslikestilling Mannsutvalet foreslår ein gjennomgang og revisjon av eksisterande offentleg finansierte statistikksider og indikatorar for kjønnslikestilling. |
Bufdir har fått i oppdrag å vurdere om offentlege statistikksider om kjønnslikestilling gir eit balansert nok grunnlag for å vurdere likestillingssituasjonen i Noreg i dag, og vil gå gjennom eigne statistikksider om kjønnslikestilling. SSB har i tillegg fått i oppdrag å vurdere behovet for å revidere indikatorane for kjønnslikestilling i kommunane. Sjå nærmare omtale i kapitel 9.2.3. |
|
Tiltak 35 Skaffe meir forsking og kunnskap om menns likestillingsutfordringar Mannsutvalet foreslår ei systematisk satsing på forsking som kan tette kunnskapshol i forståinga av og arbeidet med å motverke likestillings-utfordringane til menn. Dette omfattar òg samansette likestillingsutfordringar for ulike grupper av menn. |
Kunnskap og forsking om gutar og menns likestillingsutfordringar er i dag vareteke gjennom fleire sentrale løp (sjå nedanfor). Departementa vurderer i tillegg fortløpande behov for forsking og kunnskapsutvikling for å møte dei utfordringane som er skildra i meldinga, og for å vidareutvikle ein kunnskapsbasert politikk. Kultur- og likestillingsdepartementet legg til rette for ei langsiktig og stabil forsking på kjønnslikestilling, mellom anna gjennom finansieringa av CORE – Senter for likestillingsforsking, SSB, Bufdir og dei regionale likestillingssentera. Tilskotsordninga for familie- og likestillingspolitiske tiltak er òg eit viktig verkemiddel for å fremje utvikling av kunnskap om gutar og menns likestilling, og mange av dei største tildelingane dei seinare åra har gått til prosjekt om gutar og menn. Kultur- og likestillingsdepartementet bidreg òg til utvikling av kunnskap om gutar og menns likestilling på internasjonalt nivå, særleg i Nordisk ministerråd. Sjå nærmare omtale i kapittel 9.2.3. |