3 Eit likestilt familieliv
Figur 3.1
Kjelde: Anagram design.
Utviklinga dei siste tiåra har vore prega av auka fedreinvolvering og eit sterkare ønske blant mange menn om å ta aktivt del i omsorga for eigne barn. Sjølv om dette har bidrege til meir likestilte familiar, opplever nokre fedrar at rammevilkåra i arbeidslivet og enkelte delar av familiepolitikken i avgrensa grad støttar opp under omsorgsrolla deira. Dette kan vere særleg utfordrande i samband med samlivsbrot.
Regjeringa vil leggje til rette for eit likestilt foreldreskap, der begge foreldra i utgangspunktet har den same retten og den same plikta til å gi barnet omsorg, både gjennom å bruke tid saman med barnet og gjennom å delta i avgjerder som har med barnet å gjere. Familiepolitiske ordningar som barnehagetilbod og økonomisk støtte skal gjere det lettare for foreldre å kombinere omsorg for eigne barn med arbeid. På den måten ønskjer regjeringa å gi rom for eit godt familieliv.
Regjeringa vil
-
føre ein familiepolitikk som gir rom for å kombinere familieliv og arbeidsliv
-
leggje til rette for at foreldre skal vere likestilte omsorgspersonar
Boks 3.1 Mannsutvalet foreslår
Mannsutvalet argumenterer for at reelt likestilt foreldreskap føreset at menn har faktiske, ikkje berre formelle, høve til å vere omsorgspersonar gjennom heile livsløpet, også etter samlivsbrot. Mannsutvalet meiner at tydelege kjønna mønster i permisjonsuttak, tidsbruk og fordeling av ansvar ikkje først og fremst reflekterer menns manglande vilje til omsorg, men strukturelle og rettslege rammer, normer i arbeidslivet og praksis i familievernet og domstolane som samla sett gjer det vanskelegare for menn å ta og behalde omsorgsansvar (NOU 2024: 8).
Mannsutvalet foreslår til saman ni tiltak for å styrkje menns rolle som omsorgspersonar:
-
Endre foreldrepengeordninga og rettar i samband med fødsel
-
Styrkje nybakte fedrar og medmødrers rolle og rettar
-
Etablere trepartssamarbeid for betre balanse mellom arbeid og familie i mannsdominerte bransjar
-
Utvide meklingsplikta ved samlivsbrot og foreldrekonfliktar til seks timar før det kan reisast sak for domstolane
-
Styrkje moglegheita domstolane har til å idømme delt bustad
-
Leggje kompetansen til å flytte barnet innanlands til foreldreansvaret
-
Innføre økonomiske ordningar som fremjar likestilling
-
Greie ut lovfesta rett til ulønt permisjon for omsorgsarbeid for personar utanfor den nærmaste familien
-
Greie ut rettsleg rammeverk for barn i familiar med fleire enn to omsorgspersonar
Boks 3.2 Forskjellar i menn og kvinners tidsbruk på lønt og ulønt arbeid
Det er brei semje blant både menn og kvinner om at idealet er lik fordeling av ansvar for heim og familie (Kitterød & Teigen, 2024).
I praksis er det likevel stor forskjell på kor mykje tid kvinner og menn bruker på lønt og ulønt arbeid (Bufdir, 2025). Når det gjeld omsorg for barn, er det først og fremst ein kjønnsforskjell i omsorgsarbeid blant par der det yngste barnet er tre år eller yngre (Arnesen H. S., 2024a). Blant par med barn i alderen 3–6 år har det skjedd ei stor endring det siste tiåret: Forskjellen mellom kvinner og menn er redusert frå litt over éin time per dag i 2010 til fire minutt i 2022 (Bufdir, 2025).
Omsorgsarbeidet varierer også mellom menn. Fedrar med høgare utdanning bruker meir tid på omsorg og samvær med barn enn fedrar med kortare utdanning, og fedrar i dei mest sentrale kommunane bruker meir tid på omsorgsoppgåver enn fedrar i mindre sentrale område.
Opinion si pårørandeundersøking frå 2023 finn at blant vaksne (over 40 år) som er pårørande til éin eller fleire eldre (over 65 år) med omfattande omsorgsbehov som bur heime, er det ei overvekt av kvinner (63 prosent) (Opinion, 2023).
3.1 Fedrar er i større grad enn mødrer fornøgde med lengda på fedrekvoten
Noreg var det første landet i verda som introduserte fedrekvoten i foreldrepermisjonen, og sidan 1993 har fedrekvoten blitt utvida, redusert og utvida igjen fleire gonger. I dag utgjer han 15 av totalt 49 veker med foreldrepengar for foreldre som vel ei ordning med 100 prosent dekning, eller 19 av totalt 61 veker og éin dag for dei som vel ei ordning med 80 prosent dekning.1
Fedrekvoten har bidrege til auka permisjonsbruk for far og sikrar far tid i permisjon med barnet. Fedrekvoten bidreg til at fedrar tidleg kan ta ei aktiv rolle i livet til barnet, og til at barnet kan få ei betre tilknyting til far. Fedrekvoten har òg utfordra tradisjonelle kjønnsroller ved å leggje til rette for likare fordeling av omsorgsarbeid, som er tilfellet i dag, i langt større grad enn det var tidlegare.
Dagens foreldrepengeordning gir fedrar høve til å ta heile eller delar av fellesperioden.
Dei fleste mødrer og fedrar er einige om at delar av foreldrepermisjonen bør reserverast for far. 86 prosent av mødrene og 92 prosent av fedrane svarer positivt når dei får spørsmål om dei synest det burde vere ein fedrekvote (Arntsen, 2022, s. 116).
Figur 3.2 Foreldrepengeordning ved 100 prosent lønnskompensasjon
Det er likevel usemje om kor stor del som bør vere reservert for far. Fedrar er i større grad enn mødrer fornøgde med dagens lengd. 40 prosent av fedrane meiner at fedrekvoten burde vere på 15 veker, som i dag, 23 prosent meiner at han burde vere lengre, mens 30 prosent meiner at han burde vere kortare. Heile tre av fire mødrer skulle ønskje at dei kunne vore heime lenger, og 52 prosent av mødrene synest at fedrekvoten slik han er i dag, er for lang. Berre 35 prosent av mødrene meiner at fedrekvoten burde vere på 15 veker, som i dag, eller lengre (Arntsen, 2022, ss. 116–121).
3.1.1 Fedrars uttak av foreldrepengeperioden
I 2025 tok fedrar ut i gjennomsnitt 31,2 prosent av foreldrepengedagane, det vil seie i underkant av lengda på fedrekvoten. Det er rett over 11 prosent meir enn i 2018, altså før foreldrepengeordninga blei tredelt. Fedrar bruker med andre ord heile fedrekvoten i aukande grad. I praksis er fellesperioden hovudsakleg mors.
Fedrar som fekk barn i første halvår 2023, tok ut følgjande av foreldrepengeordninga:2
-
61 prosent av fedrane som fekk barn i 1. halvår 2023, tok ut nøyaktig det som var fedrekvoten.
-
23,4 prosent av fedrane tok ut meir enn fedrekvoten. Denne andelen auka med 2,8 prosentpoeng frå førre rapportering for andre halvår 2022. Andelen har auka sidan 2020.
-
15,6 prosent av fedrane tok ut mindre enn fedrekvoten. Utanom siste måling, der andelen auka med 0,2 prosentpoeng, har denne andelen minka sidan 2019.
Det er nokre grupper menn som tek ut ein mindre del av foreldrepengane enn gjennomsnittet. I ei undersøking frå 2017 såg ein at fødelandet til fedrane hadde noko å seie for synet på fedrekvoten. Fedrar som var fødde i Noreg og Norden, var oftast positive, med 91 prosent som var for fedrekvoten. Blant fedrar fødde i Nord-Amerika, Australia og Europa (inkludert Aust-Europa) var 78 prosent for fedrekvoten, mens 73 prosent av fedrane i dette utvalet som var fødde i Asia, Afrika og Latin-Amerika, var for fedrekvoten (Schou, 2017).
Bruken av foreldrepengeordninga varierer òg med tilknyting til arbeidsmarknaden, yrke og forhold ved arbeidsplassen. Sjølvstendig næringsdrivande tek som regel kortare og sjeldnare permisjon enn lønnstakarar, særleg blant fedrar. Det er relativt små forskjellar mellom foreldre i ulike yrkesgrupper, men fedrar i undervisningsyrke tek lengst pappaperm. Fedrar i privat sektor tek sjeldnare og kortare permisjon enn fedrar i offentleg forvalting (Engvik & Pettersen, 2021). Slike forskjellar kan ha samanheng med korleis ulike arbeidsplassar og bransjar legg til rette for å kombinere arbeid og omsorgsansvar. Dette er også i tråd med Mannsutvalets vurdering av at det i enkelte mannsdominerte arbeidsplassar kan eksistere ein kultur som er prega av forventingar om til dømes overtid, noko som kan påverke fedrars moglegheiter til å nytte permisjonsordningar og delta i omsorga for barna (NOU 2024: 8).
3.2 Fedrar opplever at helsestasjonstilbodet er lite tilpassa dei
Ein studie av korleis førstegangsfedrar opplevde møtet med helsetenesta (svangerskapsomsorga, føde- og barselavdelinga og helsestasjonstenesta) under svangerskapet, under fødselen og i barnets tre første levemånader, viser at fedrane som deltok i studien, opplever at helse- og omsorgstenestene under svangerskap, fødsel og barseltid i hovudsak rettar seg mot mor og barn, og at dei sjølve i mindre grad blir inkluderte som sjølvstendige omsorgspersonar (Solberg & Glavin, 2018).
Ein litteraturstudie som samanfattar kunnskap om fedrars møte med helsestasjonstenesta, peikar på at det er eit misforhold mellom forventingane samfunnet har til ei aktiv farsrolle, og måten helsetenestene møter fedrane på (Øygarden, Glavin, Sæther, Solberg & Brekke, 2025). Manglande tydelegheit når det gjeld kva rolle fedrar skal ha, fråvær av individuelle samtaletilbod og ein praksis som blir opplevd som mor–barn-orientert, blir trekt fram i forskinga som noko av det som kan bidra til at fedrar trekkjer seg tilbake og i mindre grad nyttar helsestasjonstenesta (Øygarden, Glavin, Sæther, Solberg & Brekke, 2025; Solberg & Glavin, 2018).
3.3 Tiltak for å leggje betre til rette for fars rolle som omsorgsperson
Regjeringa ønskjer ein politikk som både legg praktisk til rette for fedreinvolvering, og tydeleg anerkjenner rolla til far i heimen. Formålet med likestillings- og familiepolitikken er mellom anna å leggje til rette for at mødrer og fedrar skal ha reelle høve til å praktisere eit likestilt familieliv.
Regjeringa vil trekke fram følgjande tiltak:
-
føre vidare den tredelte foreldrepengeordninga
-
fedrars rettar er styrkte
-
eit helsestasjonstilbod som anerkjenner menn som likestilte omsorgspersonar
-
føre vidare trepartssamarbeid for betre balanse mellom arbeid og familie
3.3.1 Føre vidare den tredelte foreldrepengeordninga
Regjeringa legg stor vekt på å føre vidare den tredelte foreldrepengeordninga.
Ordninga har styrkt fedrars deltaking i omsorga for eigne barn, og ho legg til rette for at begge foreldra kan kombinere arbeid og familieliv på ein god måte.
3.3.2 Fedrars rettar er styrkte
Regjeringa har gjennomført lovendringar den siste tida som styrkjer rettane til fedrar. Slik regjeringa ser det, varetek dagens ordning og styrkingane som er gjorde den siste tida, balansen mellom fleksibilitet for foreldra og omsynet til at både mødrer og fedrar skal ha høve til å kombinere omsorg for barnet med yrkesaktivitet.
For det første er fedrars og medmødrers sjølvstendige rett til foreldrepengar styrkt.
Frå 2. august 2022 blei det innført åtte veker betalt permisjon til far/medmor, uavhengig av mors aktivitetsplikt (kravet om at mor går ut i arbeid, utdanning osv.). Frå 2. august 2024 blei retten ytterlegare styrkt ved at aktivitetsplikta til mor blei oppheva i to veker til. Det inneber at fedrar og medmødrer som har opptent rett til foreldrepengar gjennom yrkesaktivitet i minst seks av dei siste ti månadene, no har ein sjølvstendig rett til å ta ut foreldrepengar i til saman ti veker der mor ikkje har tent opp rett til foreldrepengar. To av vekene kan takast ut i samband med fødselen.
Endringane er særleg viktige i familiar der berre far eller medmor har tent opp rett til foreldrepengar. For dei gir regelverket auka høve til å vere heime med barnet utan krav om at mor går ut i arbeid, utdanning eller annan aktivitet. Truleg får rundt 4900 fedrar og medmødrer høve til å vere lenger heime med barnet. Det kan bidra til at fleire barn får ei tidleg og god tilknyting til begge foreldra i det første leveåret.
For det andre er foreldrepengeordninga styrkt ved at foreldrepengeperioden ved 80 prosent dekningsgrad er forlengd med elleve stønadsdagar for barn fødde frå 1. juli 2024. Tidlegare fekk familiar som valde redusert inntektsdekning (80 prosent) og lengre tid saman med barnet, ei lågare samla utbetaling enn familiar som valde 100 prosent dekning. Statistikken viser at dette bidrog til at dei fleste valde full dekning, samtidig som bruken av ulønt permisjon auka – særleg blant mødrer, men også blant fedrar.
Utvidinga inneber at den samla utbetalinga no er om lag den same, uavhengig av om foreldra vel 80 eller 100 prosent dekningsgrad. Foreldre taper dermed ikkje lenger økonomisk på å velje redusert dekning. Forlenging av foreldrepengeperioden gir foreldra auka fleksibilitet og gjer kvardagen med små barn enklare for både mor og far.
Det blir gjennomført ei ny foreldrepengeundersøking i 2026, der spørsmåla mellom anna handlar om kor tilfreds ein er med lengda på eigen del av foreldrepengane, val av 80 eller 100 prosent uttak av foreldrepengane og ulønt permisjon i forlenging av foreldrepengeperioden.
Med desse endringane har Noreg oppfylt krava i EU-direktivet om balanse mellom arbeidsliv og familieliv for foreldre og omsorgspersonar. I lovforarbeida blei det samtidig understreka at aktivitetskravet framleis gjeld for uttak utover dei ti vekene. Grunngivinga er at ordninga skal stimulere til kvinners arbeidsdeltaking og tilknyting til arbeidsmarknaden.
3.3.3 Eit helsestasjonstilbod som anerkjenner menn som likestilte omsorgspersonar
Foreldra er dei viktigaste omsorgspersonane til barnet, og engasjementet og omsorga deira har mykje å seie for helsa og utviklinga til barnet, både på kort og lang sikt. Helsestasjonen er ein viktig arena for støtte og rettleiing til foreldre, og det er viktig at også fedrar blir involverte i tilbodet til helsestasjons- og skulehelsetenesta.
Alle kommunar skal gi tilbod om helsestasjons- og skulehelsetenester. Nasjonal fagleg retningslinje for helsestasjons- og skulehelsetenesta slår fast at tenesta skal vere eit universelt og helsefremjande tilbod til alle barn og unge og foreldra deira. Retningslinja understrekar at både mor og far – eller andre omsorgspersonar – skal reknast som likeverdige foreldre og inviterast inn i oppfølginga av barnet.
Boks 3.3 Helsestasjonstilbodet
Kvar enkelt kommune organiserer tilbodet i helsestasjonen etter lokale behov. Helsestasjon for barn på 0–5 år er eit gratis tilbod for barn og foreldre. Målet med helsestasjonsprogrammet for barn på 0–5 år er
-
at foreldre skal oppleve at dei meistrar foreldrerolla
-
å bidra til eit godt samspel mellom foreldre og barn
-
å fremje fysisk, psykisk og sosial utvikling hos spedbarn og småbarn
-
å førebyggje, hindre og avdekkje vald, overgrep og omsorgssvikt
-
å avdekkje fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg
-
å bidra til at barn får oppfølging og blir tilviste vidare ved behov
I tillegg til det standardiserte helsestasjonsprogrammet for nybakte foreldre tilbyr enkelte helsestasjonar foreldrerettleiingskurs og barselgrupper. Fleire kommunar har i dag eige tilbod retta mot fedrar.
3.3.3.1 Tilbod til gutar og menn
I nasjonal fagleg retningslinje for helsestasjons- og skulehelsetenesta tilrår Helsedirektoratet at kommunane tilbyr foreldregrupper som ein integrert del av helsestasjonsprogrammet, og at det blir vurdert eigne gruppetilbod for fedrar og medmødrer. Eit døme er helsestasjonen i Bydel Gamle Oslo sitt tilbod om pappatreff ein gong i månaden.
Formålet med fedregrupper er å skape ein arena for erfaringsutveksling og refleksjon rundt overgangen til foreldrerolla. For å leggje til rette for fedrars deltaking peikar retningslinja på behovet for organisatorisk tilpassing, som å leggje samlingane til tidspunkt som passar med arbeidskvardagen, eller til perioden der menn gjerne har foreldrepermisjon. Etablering av eigne arenaer for fedrar blir sett i samanheng med det heilskaplege arbeidet til tenesta for å nå gutar og menn og skal bidra til å senke terskelen for kontakt med tenesta.
I Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn blir dei første 1000 dagane skildra i eit familieperspektiv, der også den psykiske helsa til fedrane og forholdet deira til barnet blir anerkjent. Dette blir også spegla i retningslinja for helsestasjons- og skulehelsetenesta, som understrekar at tenestetilbodet omfattar heile familien. Det same gjeld ulike tiltak og modellar som blir prøvde ut, til dømes modellen Nye familiar, som blir prøvd ut i Oslo kommune.
Boks 3.4 Nye familiar
Nye familiar er eit program for tidleg innsats med heimebesøk av helsesjukepleiar frå siste del av svangerskapet og gjennom dei to første leveåra til barnet. Programmet er brukarstyrt og kjem i tillegg til den ordinære oppfølginga ved helsestasjonen.
Målet er å styrkje meistringsevna til foreldra og å gjere dei trygge i foreldrerolla i foreldrerolla gjennom tidleg innsats. Tiltaket er meint å vere eit førebyggjande og helsefremjande tilbod til beste for barnet og familien.
Tilbodet er retta mot par som får det første barnet sitt, det første barnet sitt i Noreg eller det første barnet sitt med ein ny partnar, og mot familiar med fleire barn som har ekstra behov. Deltakarane får tilbod om gjentekne heimebesøk frå før fødselen og fram til barnet er to år.
Data frå evalueringa så langt viser mellom anna at:
-
foreldra som fekk tilbod om Nye familiar, opplevde å få tidleg og tilpassa støtte allereie i svangerskapet.
-
heimen blei opplevd som ein trygg arena for å snakke om eigne erfaringar og forventingar, og tilliten til og relasjonen med helsesjukepleiaren var god heilt frå starten av.
-
ei universell tilnærming, der alle får tilbod om heimebesøk, blei opplevd som positiv.
-
fedrane kjende seg inkluderte og opplevde at heimebesøket i svangerskapet bidrog til auka familiefokus og større deltaking i oppfølginga ved helsestasjonen etter fødselen.
-
heimebesøket i svangerskapet gav nyttig informasjon om helsestasjonstilbodet etter fødselen, som fleire gav uttrykk for at dei hadde lite kunnskap om frå før.
Kjelde: Hofstad, 2026.
Kultur- og likestillingsdepartementet gir tilskot til å vidareføre prosjektet «Ein likestilt helsestasjon» i regi av Reform – ressurssenter for menn, gjennom tilskotsordninga til familie- og likestillingspolitiske tiltak, som blir forvalta av Bufdir.
Reform-prosjektet har som mål å styrkje arbeidet til helsestasjonane med likestilt foreldrestøtte ved å inkludere fedrar og andre ikkje-fødande foreldre på ein meir systematisk måte i barseloppfølginga. Prosjektet byggjer på fleire tidlegare prosjektperiodar der Reform har utvikla samtaleverktøy, faglege opplegg og informasjonsmateriell som kan takast i bruk direkte i helsestasjonstenesta.
Erfaringar frå prosjektperioden viser at individuelle samtalar med fedrar og andre ikkje-fødande foreldre gir helsestasjonane betre innsikt i behova til foreldra, særleg når det gjeld psykisk helse og foreldrerolla. Fedrane opplevde samtalane som nyttige og rapporterte lågare terskel for vidare kontakt med helsestasjonen. Helsesjukepleiarane erfarte samtidig at viktige problemstillingar blei avdekte tidlegare når samtalane var individuelt retta (Reform, 2023).
Prosjektet har utvikla ein modell for meir systematisk inkludering av fedrar og andre ikkje-fødande foreldre i det ordinære barselprogrammet til helsestasjonen. I perioden 2026–2028 skal modellen takast i bruk i fleire kommunar gjennom opplæring, rettleiing og lokal tilpassing, samtidig som det blir utvikla betre løysingar for dokumentasjon og erfaringsinnhenting. Satsinga skal bidra til eit meir likeverdig, familieorientert og førebyggjande helsestasjonstilbod til beste for barn, foreldre og familiar.
3.3.4 Trepartssamarbeidet for betre balanse mellom arbeid og familie blir vidareført
Regjeringa har etablert eit trepartssamarbeid for betre balanse mellom arbeid og familie i mannsdominerte og kvinnedominerte bransjar, i tråd med forslaget frå Mannsutvalet og som varsla i strategien til regjeringa for likestilling mellom kvinner og menn 2025–2030. Samarbeidet er lagt til arbeidsgruppa for likestilling i arbeidslivet under arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd.
Kultur- og likestillingsdepartementet har, i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, sett i gang eit forskingsprosjekt som kartlegg korleis manns- og kvinnedominerte bransjar legg til rette for arbeids- og familielivsbalanse i dag. Rapporten vil bli lagd fram mot slutten av 2026.
Prosjektet ser særleg på korleis ulike rammevilkår – som arbeidstidsordningar, tilpassing av arbeidstid, foreldrepermisjon, jobbkrav og innretning av lønns- og bonussystem – påverkar høvet tilsette har til å oppnå balanse mellom arbeid og familieliv. Prosjektet skal òg analysere korleis desse ordningane er organiserte i utvalde bransjar, og korleis dei påverkar det faktiske høvet til å kombinere jobb og omsorgsansvar. I tillegg skal prosjektet sjå på kva utfordringar både arbeidsgivarar og arbeidstakarar møter med tanke på å leggje til rette for arbeids- og familielivsbalanse.
Med utgangspunkt i kunnskapen som blir innhenta, vil regjeringa invitere til diskusjon med partane i arbeidsgruppa om korleis trepartssamarbeidet for betre balanse mellom arbeid og familie kan førast vidare frå og med 2027. Forslaget frå Mannsutvalet er eit oppfølgingsprosjekt som skal prøve ut konkrete verktøy og arbeidsformer for å styrkje balansen mellom arbeid og familieliv. Særleg foreslår utvalet at det blir utvikla og testa løysingar for arbeidstidsplanlegging og tilrettelegging i samband med skift- og turnusarbeid, der utfordringane ofte er størst.
3.4 Rolla til far etter samlivsbrot
Samlivsbrot treffer foreldre ulikt. Dei aller fleste menn opplever at rolla deira som far blir vidareført etter eit brot, og dei aller fleste foreldre opplever at dei har eit godt samarbeid utan konfliktar (sjå òg boks 3.4). Nokre fedrar opplever at samlivsbrot påverkar høvet deira til å ta del i livet til barna, og at den forventa likestillinga i samlivet ikkje blir vidareført når familielivet endrar form.
Mannsutvalet viser til at dei fekk fleire førespurnader undervegs i arbeidet frå menn med erfaringar frå samlivsbrot og omsorg for barn. Fleire fedrar beskreiv ei sterk oppleving av maktesløyse og fortviling knytt til redusert kontakt eller tap av kontakt med barna. Enkelte uttrykte mistillit til det offentlege tenesteapparatet og fortalde om erfaringar med skam og sosial belasting i møte med omgivnadene etter brotet.
I kvalitative studiar blir samlivsbrot beskrive som eit tap av eit livsprosjekt for fedrar, også i tilfelle der forholdet i utgangspunktet ikkje fungerte. Etter eit brot må mange foreldre etablere ein ny busituasjon og nye rutinar, ofte samtidig som spørsmål om bustad og samvær med barnet skal avklarast. Når samlivsbrotet skjer kort tid etter fødselen, kan prosessen falle saman med ein allereie krevjande fase i foreldreskapet. Fleire beskriv at dei opplever meiningsløyse og tap av sosial tilhøyrsel, og at dei mistar ein sentral del av seg sjølve når dei ikkje kan utøve foreldrerolla i praksis (Oftung, 2009, omtalt i NOU 2024: 8). Samtidig kan enkelte foreldre få meir sjølvstendig ansvar og meir åleinetid med barna enn før brotet, noko som kan innebere både nye moglegheiter og nye belastingar (Oftung, 2009, omtalt i NOU 2024: 8).
3.4.1 Stor auke i delt bustad, men få barn bur berre hos far
Foreldre har avtalefridom med omsyn til kva ordningar med bustad for barnet dei skal praktisere når dei ikkje bur saman.
Undersøkingar av bustadordningar viser at stadig fleire foreldre avtaler at barna skal ha «delt bustad» når foreldra flyttar frå kvarandre, altså at dei skal bu vekselvis hos begge foreldra. I 2020 praktiserte 43 prosent av foreldre som tidlegare har budd saman, ei slik løysing. Hos resten har barnet bustad hos anten mor eller far. Der barnet bur hos éin av foreldra, bur flest hos mor (86 prosent), mens 14 prosent bur hos far.3
Boks 3.5 Konfliktar etter brot
Dei fleste foreldre opplever ikkje konflikt etter brot. I 2020 oppgir 43 prosent at dei ikkje opplever konflikt, noko som er ein auke frå 35 prosent i 2012. Det er i tillegg mange som svarer at dei i lita grad opplever konflikt (28 prosent). Andelen som oppgir at dei har stor grad av konflikt med den andre forelderen, er 14 prosent i 2020, ein nedgang frå 15 prosent i 2012 (Møller et al., 2023).
Foreldre som opplever konfliktar, rapporterer at konflikten gjeld økonomi, relasjonen mellom foreldra og barnerelaterte spørsmål som oppseding, organisering av kvardagen til barnet og praktisk oppfølging. Det er brei fagleg semje om at eit vedvarande og høgt konfliktnivå mellom foreldra kan vere skadeleg for barnet.
Rapporten Konflikter og samarbeid mellom foreldre som bor hver for seg finn at det er ein klar samanheng mellom opplevd konfliktnivå på den eine sida og misnøye med bustadordninga, usemje om reglane og usemje om oppfølginga av fritidsaktivitetane til barna på den andre sida. Dei som har dårleg økonomi, har eit meir konfliktfylt forhold, og konfliktnivået er særleg høgt blant dei som betaler mykje barnebidrag (Møller et al., 2023).
Enkelte av desse konfliktområda gjeld spørsmål som heilt eller delvis er regulerte gjennom lovverk og offentlege ordningar, og der rammevilkåra kan påverke korleis foreldreskapet blir utøvd i praksis.
Foreldre med delt bustad rapporterer gjennomgåande om lågare konfliktnivå enn foreldre der barnet bur fast hos éin av foreldra.
Kjelde: Møller et al., 2023.
3.4.2 Dei fleste fedrar ser barna jamleg etter samlivsbrot, men enkelte opplever samværshindring
Barn og foreldre har ein gjensidig rett til samvær. Foreldre har i utgangspunktet avtalefridom når det gjeld omfanget av samvær, men ein avtale om samvær skal alltid ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Foreldra skal leggje vekt på kva barnet meiner, i takt med alderen til barnet og kor modent det er.
Sidan dei fleste som praktiserer bustad hos éin forelder, har bustad hos mor (86 prosent), vil det vere flest fedrar som har samvær med barn.
Dei fleste samværsforeldre ser barna jamleg. Ei undersøking frå 2022 viser at 76 prosent av samværsforeldra seier at dei ser barnet kvar månad, og i gjennomsnitt er dei saman med barnet 8,1 dagar i månaden (Møller et al., 2023).
Dei viktigaste kjenneteikna for foreldre med lite samvær er lang reiseveg, eldre barn og kortvarig relasjon til den andre forelderen. Å ikkje vere yrkesaktiv gjer òg månadleg kontakt mindre sannsynleg (Møller et al., 2023).
Mykje samvær heng særleg saman med kort reiseveg og det at foreldra er einige om dei daglege reglane for barna. Samværet er òg meir omfattande jo betre helse foreldra har, og det er meir omfattande for yngre barn enn for eldre barn. Foreldre som har hatt eit lengre forhold til den andre forelderen, er i lita grad blant dei som har lite samvær med barnet (Møller et al., 2023).
Det finst inga samla oversikt over kor mange foreldre som opplever samværshindring. Familievernet har dei siste par åra registrert saker der det er stans i samvær. I 2023 registrerte dei 999 slike saker blant dei vel 28 000 avslutta kliniske sakene (Bufdir, 2022a).
Det er tre hovudtypar av årsaker til at det er stans i samværet, ifølgje ein rapport frå Bufdir: Barnet vegrar seg for samvær med ein av foreldra, eller den eine forelderen held barnet tilbake frå samvær, anten rettmessig eller urettmessig. Samtidig peikar Bufdir på at årsakene til stans i samvær ofte er samansette, og at det er fleire årsaker som verkar saman over tid (Bufdir, 2022a).
3.4.3 Menn som blir fedrar utanfor samliv, har òg foreldreansvar
Nokre menn blir fedrar utanfor samliv. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at mellom 9,5 og 13,5 prosent av mødrene til barna som blei fødde i perioden 2002–2023, budde åleine då barnet blei født. Dette gjeld mellom 5 000 og 6 500 barn årleg. Fedrane i denne gruppa kan vere nært knytte til barnet og deltakande i livet til barnet, men det kan òg vere tilfelle der farskapet ikkje er fastsett, eller der faren ikkje ønskjer å ha kontakt med barnet.
Blant samværsforeldra var det i 2020 4 prosent som ikkje hadde møtt eller vore saman med barnet etter brotet. 11 prosent hadde hatt samvær etter brotet, men ikkje dei siste tolv månadene. 15 prosent hadde vore saman med barnet dei siste tolv månadene, men hadde ikkje hatt jamleg månadleg samvær (Møller et al., 2023).
Når juridisk farskap blir etablert, får faren rettar og plikter som har med barnet å gjere, til dømes samværsrett og bidragsplikt. Foreldreansvaret gir myndigheit til å ta avgjerder om eller på vegner av barnet. Fram til 2020 hadde mor foreldreansvar for barnet åleine dersom foreldra ikkje var gifte eller budde saman då barnet blei født. Etter 2020 har barnelova hatt som utgangspunkt at alle foreldre har felles foreldreansvar, uavhengig av om dei er gifte eller bur saman når barnet blir født.
Det første året etter at farskapet er fastsett, kan både mødrer og fedrar melde frå til Folkeregisteret om at mor skal ha foreldreansvaret åleine.
Erfaringar sidan 2020 viser at det er ei marginal gruppe einslege mødrer som får foreldreansvar åleine på bakgrunn av einsidig melding (Prop. 117 L (2024–2025), ss. 88–90). Dersom faren likevel ønskjer foreldreansvaret, kan han leggje saka fram for retten, som skal ta ei avgjerd ut frå ei vurdering av kva som er best for barnet.
Figur 3.3 Andel fedrar med familierelasjon til barnet som har foreldreansvar når barnet er 1 år
Kjelde: Folkeregisteret, henta frå NOU 2024: 8, s. 79.
Barne- og familiedepartementet har evaluert lovendringa om felles foreldreansvar frå fødsel for å følgje opp eit oppmodingsvedtak frå Stortinget.4 Som eit ledd i oppfølginga av dette vedtaket blei det innhenta faktaopplysingar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, Bufdir, Domstoladministrasjonen, Helsedirektoratet og Politidirektoratet for å få eit bilete av korleis gjeldande reglar verkar i praksis. Svara kan oppsummerast slik:
-
Det ser ikkje ut til at lovendringa har ført til at fleire einslege mødrer ikkje vil oppgi kven som er far til barnet deira.
-
Det er få mødrer som melder frå at dei vil ha foreldreansvaret åleine. Lovendringa har ført til at fleire enn tidlegare har felles foreldreansvar.
-
Talet på saker for lagmannsrettane om foreldreansvar har ikkje auka.
-
Det ligg ikkje føre datamateriale som gir kunnskap om korvidt konfliktnivået mellom foreldra har auka etter lovendringa.
-
Kripos kjenner ikkje til aktuelle saker med adressesperre etter lovendringa og meiner at føresegna bør førast vidare.
Barnelovutvalet ønskte ikkje å føre vidare regelen om at foreldre får felles foreldreansvar uavhengig av samlivsstatus. Ut frå faktagrunnlaget frå relevante direktorat om korleis reglane verkar i praksis, konkluderte departementet i lovproposisjonen med at det er lite som tilseier at det er behov for å reversere lovendringa. I ny barnelov er derfor utgangspunktet i lova med felles foreldreansvar uavhengig av samlivsstatusen til foreldra vidareført.
3.4.4 Er fedrar mindre fornøgde med familievernet?
På bakgrunn av møte med tilsette ved Homansbyen og Enerhaugen familievernkontor i Oslo og familievernets spisskompetansemiljø for vald og høgkonflikt viser Mannsutvalet til at det i samtalane blei beskrive at mange menn opplever at dei må kjempe for inntil 50 prosent av samværstida med barnet, mens kvinner kan oppleve at dei skal ha barnet minst 50 prosent av tida. Det blei òg vist til at nokre menn opplever familievernet som «kvinnenes banehalvdel». Samtidig viste dei tilsette som Mannsutvalet møtte, til at dei har blitt meir bevisste på å møte begge foreldra upartisk (NOU 2024: 8).
Også Familievernutvalet viser til at menn kan vere mindre fornøgde med meklinga enn kvinner, og at familievernkontoret kan oppfattast som ein kvinnearena. Utvalet foreslo auka bevisstheit om at menn òg skal oppleve familievernet som relevant (NOU 2019: 20, s. 140).
Ein forskingsrapport frå Folkehelseinstituttet frå 2025 om foreldre sine brukaropplevingar ved familievernkontoret viser derimot at det ikkje er nokon forskjellar i korleis kvinner og menn vurderer nytten av hjelpa dei har fått her (Bårdstu & Holt, 2025). Unntaket er på spørsmål om dei synest at dei har fått rettleiing og råd som er tilpassa sine eigne eller familien sine behov. Her vurderer kvinner nytten som større enn det menn gjer. FHI påpeikar at dette funnet står i motsetning til tidlegare studiar av kor nyttig kvinner og menn opplever at hjelpa dei får, er. Her har kvinner ein tendens til å rapportere meir nytte enn menn (Eldridge et al., 2022; Halford et al., 2016; Knobloch Fedders et al., 2004, omtalt i Bårdstu & Holt, 2025). Formålet med rapporten har vore å få meir og oppdatert kunnskap om korleis ulike brukargrupper av foreldre som får ulike tilbod ved familievernkontoret (mekling, foreldresamarbeid etter brot, familieterapi og parterapi), opplever hjelpa, og kva faktorar som heng saman med opplevd nytte.
Figur 3.4 Menns og kvinners vurdering av nytteverdien av hjelpa. Gjennomsnittsskår på fem spørsmål om brukaroppleving
Kjelde: Bårdstu & Holt, 2025, s. 25.
Boks 3.6 Ny lov om familieverntenesta
Barne- og familiedepartementet arbeider no med ei ny lov om familieverntenesta. I dette arbeidet vil departementet vurdere korleis ulike brukargrupper kan varetakast best mogleg. Det er eit siktemål at dei som bruker familievernet, opplever tenesta som relevant, og at det blir gitt eit tilpassa tilbod.
3.4.5 Er det vanskelegare for fedrar å få medhald i ei foreldretvistsak?
Når foreldra ikkje blir einige om foreldreansvaret, om kvar barna skal bu fast, om samvær eller om flytting med barnet ut av landet, kan dei bringe dette inn for domstolen for avgjerd.
Foreldra må ha møtt til minst éin time med mekling ved eit familievernkontor eller hos ein annan meklar før dei kan fremje ei sak for domstolen. Det er færre saker for domstolane enn det er høgkonfliktsaker i mekling, noko som inneber at ein god del foreldre med konflikt får hjelp til å løyse konfliktane gjennom mekling eller på annan måte, mellom anna gjennom tilbod i familievernet.
Dei siste åra har talet på nye foreldretvistsaker for domstolane lege stabilt på rundt 2 500–2 700 saker i året, men i 2025 har det vore 2 900 innkomne saker. Det blir ikkje ført detaljert statistikk over foreldretvistsakene som blir behandla i domstolane, og det ligg derfor ikkje føre nokon statistikk over kva utfall sakene har fått, heller ikkje om det er mødrer eller fedrar som har fått medhald.
Det er gjennomført fleire undersøkingar av kva kjønnet til foreldra har å seie for avgjerder i foreldretvistar i lagmannsrettane og i Høgsterett. I 2017 bad Stortinget regjeringa om å «initiere en gjennomgang av dommer avsagt i barnefordelingssaker, for å finne svar på i hvilken grad fedre ikke når frem i rettssystemet og om det er grunn til å senke terskelen for å sende foreldre tilbake til mekling».
Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) fekk i oppdrag å gjennomføre dette under forskingsprosjektet «Foreldretvistar og barns rettar». Kristin Skjørten oppsummerte gjennomgangen og skriv at eit hovudinntrykk er at lagmannsrettane vel mor og far ganske jamt i foreldretvistar (Skjørten, 2021).
Figur 3.5 Utfallet i foreldretvistane om bustad i lagmannsrettane
Kjelde: Skjørten, 2021, s. 102.
Undersøkinga er supplert med funn frå tilsvarande undersøkingar som gir informasjon om utfallet i foreldretvistar for lagmannsrettane for omtrent halvparten av åra frå 1998 til 2018. Det dominerande inntrykket er at det er ei ganske jamn fordeling av barna mellom far og mor over tid, men det ligg òg føre ei skeivfordeling anten i favør av mor eller far i nokre av periodane. Skjørten meiner det ville ha vore oppsiktsvekkjande – og kanskje urovekkjande – om det skulle vist seg at barn blei tilnærma likt fordelte i heile denne perioden, for det er ikkje rettferdig fordeling mellom foreldre som er oppgåva til retten, men ei konkret vurdering av barnets beste i kvar enkelt sak (Skjørten, 2021).
Mannsutvalet hevdar i utgreiinga si at fram til behandling i lagmannsretten og Høgsterett skjer det ein seleksjon av sakene, og dermed er det ikkje grunnlag for å teikne noko bilete av kva som kjenneteiknar fleirtalet av sakene som kjem til domstolane (NOU 2024: 8).
Boks 3.7 Meir og betre kunnskap om foreldretvistsaker
Barne- og familiedepartementet arbeider med å sjå på korleis ein kan få meir og betre kunnskap om desse sakene i domstolen, til dømes om kva foreldra reiser sak om, korleis sakene blir behandla, og kva som er resultatet av sakene.
3.5 Tiltak for å leggje til rette for likeverdige foreldre også etter samlivsbrot
Regjeringa meiner at foreldre bør ha eit likestilt utgangspunkt i omsorga for barn også etter samlivsbrot. Regjeringa har allereie teke viktige grep for å sikre at begge foreldra skal kunne ha ei tydeleg, aktiv og ansvarleg rolle i livet til barnet, til beste for barnet. Dette kjem fram i den nye barnelova. Lova er vedteken og skal etter planen tre i kraft i løpet av 2027.
Mannsutvalet foreslår tre tiltak som handlar om rolla til far etter samlivsbrot. Regjeringa si vurdering er at den nye barnelova delvis følgjer opp desse, og at det er fleire tiltak i lova som støttar opp under intensjonen bak forslaget frå utvalet.
Den nye lova tek utgangspunkt i at mødrer og fedrar er likestilte og har dei same rettane og pliktene overfor barna, uavhengig av om dei bur saman eller ikkje. Vanlegvis har barn behov for kontakt med og omsorg frå begge foreldra, og begge foreldra bør ta ansvar for kvardagen til barnet. Når begge foreldra tek initiativ og følgjer opp barnet i barnehagen, skulen og på fritida, vil dette som regel vere det beste for barnet.
Regjeringa legg derfor vekt på at foreldra skal ha eit likestilt utgangspunkt etter barnelova, slik at både mødrer og fedrar får eit reelt høve til å utøve omsorg og delta i avgjerder som gjeld barnet. Avgjerder om kvardagen og omsorgssituasjonen til barnet skal takast med utgangspunkt i kva som er best for barnet, og retten barnet har til å bli høyrt og til å medverke etter alder og modenskap skal varetakast. Det gjeld både når foreldra bur saman, og etter samlivsbrot.
Boks 3.8 Oversikt over viktige endringar i den nye barnelova
Den nye barnelova inneheld fleire konkrete grep som samla skal sikre eit meir likestilt foreldreskap etter samlivsbrot og bidra til å vareta behovet til barnet betre enn tidlegare regelverk:
-
Innføring av «dagleg myndigheit» som hovudregel etter samlivsbrot, som inneber at myndigheita foreldra hadde under samlivet, blir vidareført etter brot
-
Meir fleksible reglar for når foreldre kan avtale at barnet skal bu hos begge, ved å gå bort frå tidlegare føring om at ein føreset at barnet skal bu «betydelig tid» hos begge
-
Utgangspunkt om at foreldre skal vere einige om flytting med barnet innanlands
-
Styrking av moglegheita domstolen har til å fastsetje delt bustad, ved at ordlyden «særlege grunnar» blir teken ut av lova
-
Endringar i meklingsordninga for å styrke foreldresamarbeidet
-
Vidareføring av utgangspunktet i lova om at alle barn frå fødselen skal ha foreldre med felles foreldreansvar
-
Ei ny føresegn i reglane om foreldreansvar som tydeleggjer at foreldre så langt som mogleg skal samarbeide om å vareta helsa, livskvaliteten og utviklinga til barnet
-
Plikt for retten til å ta ei midlertidig avgjerd, etter krav frå ein part, i tilfelle der det er påstand om samværshindring. Avgjerda skal så vidt mogleg takast innan seks veker.
-
Inkludering av samværsforelders bukostnader i reisekostnader som blir delte mellom foreldra i tilfelle der samværet finn stad på heimstaden til barnet
Nedanfor følgjer ein gjennomgang av dei sentrale grepa i den nye barnelova som er av særleg betyding for rolla til far etter samlivsbrot.
3.5.1 Likare fordeling av avgjerdsmyndigheit mellom foreldre i delte familiar
I den nye barnelova er det innført ein hovudregel om at begge foreldra skal ha dagleg myndigheit (det vil seie rett til å ta vanlege, praktiske avgjerder om dagleglivet til eit barn) for barnet etter eit samlivsbrot. Dagleg myndigheit vil vanlegvis leggje til rette for at barn og foreldre kan bevare familielivet når foreldra flyttar frå kvarandre, og at begge foreldra framleis kan ta avgjerder som er viktige for dagleglivet til barnet. Foreldra vil etter denne føresegna få lik myndigheit til å ta dei viktigaste avgjerdene om barnet i dagleglivet, som det som gjeld barnehage, skule, fritidsaktivitetar og kvar i landet barnet skal bu. Mødrer og fedrar vil i utgangspunktet vere likestilte når det skal gjerast avtalar om korleis familielivet skal organiserast. Når begge foreldra får dagleg myndigheit for barnet etter eit samlivsbrot, vil begge stille med det same utgangspunktet, og dei kan vere trygge på at dei vil behalde den tidlegare rolla si i forholdet til barnet. Dette vil i seg sjølv kunne vere konfliktdempande.
Forarbeida til lova legg til grunn at avgjerder som ligg til den daglege myndigheita, langt på veg kan takast av foreldra kvar for seg, med mindre noko anna er fastsett.
3.5.2 Foreldre skal som utgangspunkt vere einige om flytting
I den nye barnelova er utgangspunktet at foreldra etter eit samlivsbrot må vere einige dersom barnet skal flytte innanlands.
Både Mannsutvalet og fleirtalet i Barnelovutvalet foreslo at retten til å avgjere kvar i landet barnet skal bu, burde leggjast til foreldreansvaret (NOU 2024: 8; NOU 2020: 14). Som beskrive i forarbeida til den nye barnelova ville ei slik endring medført at også når foreldra aldri har budd saman, og har liten kontakt i det daglege, ville begge hatt myndigheit til å avgjere kvar i landet barnet skal bu. Regjeringa har vurdert at ein slik regel vil vere for vidtgåande, mellom anna sett i lys av Grunnlova § 106, som gir den enkelte rett til fritt å ferdast innanfor grensene og velje kvar han eller ho vil bu.
Med den nye regelen om dagleg myndigheit til begge foreldra etter samlivsbrot vil begge ha like mykje å seie om flytting, uavhengig av kven av foreldra barnet bur saman med. Regelendringa inneber at foreldra må vere einige før ein av dei kan flytte til ein annan stad i landet med barnet.
Regjeringa legg til grunn at dette vil leggje til rette for at barn og foreldre kan bevare familielivet sitt når foreldra går frå kvarandre, og styrkje retten barn har til å ha kontakt med begge foreldra.
Dersom foreldra ikkje blir einige om at barnet skal kunne flytte, kan dei bringe spørsmålet om dagleg myndigheit og bustad inn for domstolen. Før den tid kjem, må det meklast i familievernet, og barnet har rett til å medverke under meklinga. Sjølve spørsmålet om flytting i Noreg, kan det ikkje reisast eiga sak om.
3.5.3 Moglegheita domstolen har til å fastsetje delt bustad, blir styrkt
Når foreldra ikkje er einige om at barnet skal ha delt bustad, kan dei leggje saka fram for retten. Domstolen må då ta stilling til om det vil vere til beste for barnet å bu saman med begge foreldra ved å ha delt bustad.
Etter den gjeldande barnelova må det liggje føre «særlige grunner» for at retten skal kunne fastsetje delt bustad. Eit fleirtal i både Mannsutvalet og Barnelovutvalet har foreslått at kravet om særlege grunnar skal opphevast (NOU 2024: 8; NOU 2020: 14).
Forslaget er følgt opp i ny barnelov. No vil domstolen gjere ei vurdering av kva ordning som vil vere best for det enkelte barnet i den konkrete saka. Det betyr at «særlige grunner» er teke ut av den nye barnelova.
Boks 3.9 Regjeringa sine vurderingar av delt bustad
Barnelovutvalet meinte i NOU 2020: 14 Ny barnelov at det skal vere opp til foreldra å avtale kven barnet skal bu hos, etter at dei har lytta til barnet og lagt vekt på kva barnet meiner. Utvalet kunne ikkje sjå nokon alternativ til at lova skulle vere heilt open på dette punktet, for det er foreldra som, etter å ha lytta til barnet, veit best kva løysingar som passar for dei. Mannsutvalet har i tiltak 5 foreslått å styrkje moglegheita domstolane har til å fastsetje delt bustad, ved å fjerne kravet om «særlige grunner», men har ikkje foreslått delt bustad som hovudregel i lova.
I arbeidet med den nye barnelova vurderte Barne- og familiedepartementet spørsmålet om å innføre delt bustad som hovudregel i lova, men det blei ikkje foreslått i lovproposisjonen. Dette er særleg grunngitt med at barn skal sikrast ei konkret vurdering av kva som er det beste for det enkelte barnet, og at barnet må ha ein reell rett til medverknad. Det kjem fram av lovproposisjonen til ny barnelov at tidlegare føring om at barnet bur «betydelig tid» hos begge, ikkje lenger skal gjelde som ein føresetnad for delt bustad.
3.5.4 Endringar for å styrkje foreldresamarbeidet
Mannsutvalet foreslo at dagens obligatoriske meklingsplikt på éin time skal utvidast, slik at ueinige foreldre blir pålagde seks timars mekling før dei kan leggje saka fram for domstolen. Barnelovutvalet foreslo det same.
Regjeringa foreslo at ordninga med éin time obligatorisk mekling blir vidareført i den nye barnelova, og Stortinget vedtok dette. Det finst ingen forskingsbasert kunnskap om at meir obligatorisk mekling vil føre til at fleire saker blir løyste utanfor domstolane. I perioden 1993–2006 var det tre timars obligatorisk mekling i saker der foreldra ikkje blei einige. Evalueringa viser at det blei inngått om lag like mange avtalar då kravet til obligatorisk mekling blei redusert til éin time, som då det var krav om inntil tre timars mekling (Ådnanes, Haugen, Jensberg, Rantalaiho, & Husum, 2011). Regjeringa har derfor ikkje funne grunn til å foreslå utviding av det obligatoriske elementet i meklinga. Foreldre som ønskjer meir mekling, får tilbod om dette, men det er frivillig å delta.
Det er likevel vedteke ei rekkje andre endringar i den nye barnelova som har som mål å førebyggje og redusere konflikt. Endringane skal styrkje samarbeidet mellom foreldra og hindre at unødvendige saker kjem opp for domstolen.
Det er mellom anna gjort fleire endringar i meklingsordenen med ny barnelov. Formålet med meklinga er å gi foreldra informasjon og eit grunnlag for vidare samarbeid om barnet. Det er vidare eit mål å setje foreldra i stand til å inngå avtalar som varetek helsa, livskvaliteten og utviklinga til barnet. Det er gjort tydeleg at foreldra er dei nærmaste til å finne løysingar i dei fleste tilfelle, ved at lova skil mellom familiesamtale og mekling. Barneperspektivet er styrkt i mekling ved at det er tydelegare at foreldra skal sørgje for at barnet får ytre meiningane sine fritt i samband med avtale og mekling, og at dei skal leggje vekt på kva barnet meiner, alt etter kor gamalt og modent barnet er.
Den nye barnelova stiller tydelegare forventingar til at foreldre så langt som mogleg skal samarbeide, og presiserer at foreldre må ta omsyn til at det som er best for barnet, kan endre seg gjennom oppveksten til barnet, mellom anna ut frå alder og modenskap. Barns grunnleggjande rettar er løfta i den nye barnelova og blir dermed synlegare for foreldre.
Barne- og familiedepartementet arbeider med ei ny forskrift for meklingsordninga der ein mellom anna ser på fleire endringar for å sikre ei innretning av meklingstilbodet som støttar opp under målsetjinga om å førebyggje og dempe konflikt og få i gang foreldresamarbeidet. Departementet ser til dømes på korleis meklinga kan innrettast slik at ho i større grad konsentrerer seg om eventuell usemje mellom foreldra og behova til barnet. Ein ser òg på korleis dei grunnleggjande rettane til barnet og meiningane til barnet kan komme tydelegare i sentrum for meklinga til foreldra. Ein vurderer dessutan korleis ein kan leggje til rette for å gjere det enklare å gjennomføre fleire meklingstimar, mellom anna ved å gjere det mogleg å bruke fjernmøte.
Regjeringa legg til grunn at dei samla endringane i den nye lova med forskrift vil leggje til rette for betre samarbeid og fleire frivillig inngåtte avtalar mellom foreldre.
3.5.5 Tiltak for å motverke samværshindring
Dei fleste barn ønskjer og treng begge foreldra i livet sitt, og det vil vanlegvis vere eit gode for barnet å ha det. Det at ein del barn og foreldre ikkje har samvær sjølv om samvær vil vere til barnets beste, er eit problem og kan få alvorlege følgjer for relasjonen mellom barn og foreldre, med risiko for varig brot i kontakten. Brot i kontakten mellom barn og ein forelder kan vere del i ein forbigåande konflikt, mens det i andre tilfelle kan vere langt meir alvorleg, til dømes dersom barnet blir halde tilbake frå kontakt med ein forelder som har gode omsorgsevner, mens barnet har ein omsorgssituasjon som ikkje er tilfredsstillande. I desse alvorlege tilfella vil urettmessig brot i kontakten kunne utgjere ein risiko. God rettleiing om retten barnet har til omsorg frå begge foreldra, kan bidra til å motverke samværshindring. Målet er at det skal gjennomførast samvær mellom foreldre og barn når slikt samvær er til barnets beste. Foreldra har eit gjensidig ansvar for at samværsretten blir oppfylt.
Den nye barnelova kan bidra til å førebyggje samværshindring, særleg gjennom tiltaka som skal førebyggje og dempe foreldrekonflikt, sjå omtale under 3.5.5.
Vidare er det teke inn i den nye barnelova at retten etter krav frå ein part skal ta midlertidige avgjerder i saker om samværshindring, og det er teke inn ein frist for midlertidig avgjerd på seks veker i tilfelle der retten har plikt til dette. Regelen vil sikre at retten tek ei rask avgjerd som foreldra må rette seg etter i påvente av ei endeleg avgjerd. Tilgangen til å påleggje tvangsbot dersom samvær blir hindra, blir vidareført i den nye barnelova. Ved samværshindring kan ein forelder krevje ny avgjerd mellom anna om bustad og samvær, sjølv om dette ikkje lenger er presisert i lova.
Tiltak mot samværshindring har vore utgreidd ei rekkje gonger tidlegare utan at ein har funne enkle løysingar. Etter regjeringa si vurdering finst det ikkje regulatoriske tiltak som i seg sjølv vil gi varige løysingar i slike situasjonar, eller som ikkje har negative konsekvensar for ein av partane. Regjeringa meiner at det er viktig med førebyggjande tiltak for å motverke samværshindring. Lovendringar som byggjer opp under likestilt foreldreskap og samarbeid om felles barn etter samlivsbrot, kan bidra til førebygging. Regjeringa reknar familieverntilbodet om mekling, foreldrerettleiing osv. som eit viktig tiltak for å førebyggje konfliktar og for å hjelpe foreldra med å finne løysingar når samværshindring har skjedd. I arbeidet med ny forskrift om mekling og familieverntilbodet ser Barne- og familiedepartementet på kva grep ein kan ta for å løfte fram omsynet til barnet sin rett til begge foreldra, for å styrkje bevisstheita om dette ytterlegare.
Ved behandlinga av ny barnelov gjorde Stortinget oppmodingsvedtak 1007 (2024–2025), der dei bad regjeringa om å greie ut fleire tiltak for å motverke samværshindring. Barne- og familiedepartementet arbeider med å gå gjennom regelverket om barnebidrag og vil sjå nærmare på korleis regelverket i størst mogleg grad kan innrettast for å unngå at økonomi blir ein faktor som påverkar avtalar om bustad og samvær.
3.6 Andre familiekonstellasjonar
Familiar varierer i samansetning og organisering og omfattar òg likekjønna foreldre, familiar med transforeldre eller ikkje-binære foreldre og ulike former for formelle og uformelle foreldreskap. Samtidig er mange lover, ordningar og tenester framleis utforma med utgangspunkt i heterofile parforhold. Det kan komme til uttrykk i alt frå regelverk og juridiske definisjonar til utforming av skjema, informasjonsmateriell og praksis i tenester, der kategoriar som «mor» og «far» blir lagde til grunn. Slike strukturar kan bidra til manglande gjenkjenning og anerkjenning av regnbogefamiliar og påverke korleis dei opplever møtet med det offentlege.
Tilgangen til foreldreskap er ulikt fordelt også fordi skeive menn har meir avgrensa høve til å få barn enn kvinner. Det fører til at enkelte søkjer løysingar i utlandet eller etablerer alternative familieformer.
Det finst lite kunnskap om normbrytande familiekonstellasjonar i Noreg. Rapporten «Skeive livsløp: En kvalitativ studie av levekår og sammensatte identiteter blant lhbtis-personer i Norge» er eit unntak (Eggebø, Stubberud & Anderssen, 2019). Ein del av informantane i studien opplevde eit motsetningsforhold mellom å leve som skeiv mann og å få barn. Prosessen med å erkjenne og komme ut som homofil innebar for nokre ei sorg over det dei oppfatta som tapet av moglegheita til å få eigne barn. Andre hadde levd skeivt då dei var unge vaksne, men hadde valt å gifte seg og etablere familie med ein person av motsett kjønn i tråd med heteronormative forventingar til familie- og vaksenliv. Fleire fortalde om desse heteroseksuelle parforholda som å gå på akkord med seg sjølv og fornekte og skjule kven ein eigentleg var, og prosessen med å komme ut resulterte seinare i samlivsbrot og brotne relasjonar.
3.6.1 Tiltak knytte til samværsrett for andre enn foreldra
I Noreg kan eit barn berre ha to juridiske foreldre. Dette er no nedfelt i den nye barnelova.
Mannsutvalet har peika på at familiar som består av fleire enn to omsorgspersonar, manglar det juridiske rammeverket som andre familiar nyt godt av (NOU 2024: 8). Det gjeld både likekjønna foreldre og steforeldre.
Ansvar og rettar knytte til omsorga for barn er formelt avgrensa til dei to juridiske foreldra. Det inneber at omsorgsutøvarar som ikkje er juridiske foreldre, ikkje blir omfatta av regelverket som gjeld samvær med barn etter samlivsbrot og retten til foreldrepermisjon.
Både ansvar og omsorg kan i dagleglivet utøvast av andre omsorgspersonar enn foreldra så lenge det skjer frivillig. Spørsmålet kan likevel bli sett på spissen ved eit samlivsbrot, der samarbeidsklimaet mellom foreldra kan gjere det vanskeleg å inngå avtalar.
I den nye barnelova er det no lovfesta at det i spesifikke tilfelle kan fastsetjast samvær mellom barnet og andre enn foreldra. Slektningar som er nært knytte til barnet, kan krevje at domstolen skal fastsetje samvær dersom éin av eller begge foreldra er døde. Denne retten blir vidareført, og samtidig kan søsken og andre som er nært knytte til barnet, i særlege tilfelle krevje at domstolen fastset samvær. Det kan til dømes gjelde tidlegare sosiale foreldre. Utgangspunktet er at det er foreldra sjølve, i samråd med barnet, som avgjer kven barnet skal ha samvær med. Lovendringa opnar for samvær i tilfelle der foreldra ikkje legg til rette for samvær mellom barnet og personar som barnet blir rekna for å ha nære, personlege band til. Det må i kvart enkelt tilfelle vurderast om tilknytinga mellom barnet og den andre personen er sterk nok til at det skal kunne reisast sak, og om det vil vere til beste for barnet at det blir fastsett samvær.
Fotnotar
For at ein skal ha rett til foreldrepengar, må fleire vilkår vere oppfylte, sjå til dømes om foreldrepengar på nav.no.
Foreldrepengar kan takast ut i tre år frå fødselen av, og 1. kvartal 2023 er dermed den siste tilgjengelege statistikken for fedrar som er garantert ferdige med uttaket. Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Det er ikkje samsvar mellom antalet/andelen som ifølgje undersøkingar avtaler delt bustad, og det foreldre registrerer som delt bustadadresse i Folkeregisteret.
Oppmodingsvedtak 491, 7. mars 2017.