4 Likestilling i barnehage, skule og utdanning

Figur 4.1 

Figur 4.1

Kjelde: Anagram design.

Gutar som gruppe kjem svakare ut enn jenter på enkelte sentrale utdanningsindikatorar: Dei oppnår i gjennomsnitt lågare resultat, dei er overrepresenterte blant barn og unge som får spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og individuell tilrettelegging i grunnskulen, og dei fullfører vidaregåande opplæring i mindre grad enn jenter. Desse forskjellane kan påverke vidare moglegheiter i utdanning, arbeidsliv og samfunnsdeltaking.

Dei vedvarande kjønnsforskjellane i skulen har utløyst ein debatt om undervisningsformer, læringsmiljø og organisering av skulekvardagen er godt nok tilpassa mangfaldet blant elevane, medrekna behova til gutar.

Regjeringa er oppteken av at alle barn og unge skal ha like gode høve til å lære, meistre og delta, uavhengig av kjønn. Forskjellar i utdanning kan heller ikkje forståast gjennom kjønn åleine. Forskjellane heng ofte saman med andre forhold som saman med kjønn påverkar oppvekst- og læringsvilkåra til barn og unge, som sosial bakgrunn eller innvandrarbakgrunn.

Regjeringa meiner at utfordringane må møtast gjennom eit utdanningssystem som er rusta til å vareta mangfaldet blant barn og unge. Høg kvalitet i dei ordinære tilboda, tidleg innsats, god tilrettelegging og ei meir praktisk og variert opplæring skal bidra til at fleire elevar opplever meistring og får utvikle potensialet sitt. Det vil vere til fordel for alle barn og unge og kan vere særleg viktig for ein del gutar.

Regjeringa vil

  • styrkje kvaliteten i barnehagen, gjennom tilstrekkeleg bemanning og kompetanse

  • betre elevane sine lese- og skriveferdigheiter

  • at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring og bli kvalifiserte til arbeid eller vidare utdanning

Boks 4.1 Mannsutvalet foreslår

Mannsutvalet argumenterer for at dagens barnehage- og skulesystem ikkje tek nok omsyn til kva behov gutar har, og korleis gutar lærer. Utvalet peikar på at det i for stor grad varierer kor mykje barnehagane førebur barn på skulestart, og at det er uheldig at gutar og jenter bruker tida si ulikt i barnehagen. Gutane bruker i mindre grad tid på leik og aktivitetar som kan vere skuleførebuande.

Mannsutvalet er vidare særleg bekymra for at det er fleire gutar enn jenter som ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring, og meiner at det er behov for tidleg innsats for å få fleire til å fullføre vidaregåande. Kjønnsdelte utdanningsval er òg ei utfordring. Mannsutvalet etterlyser meir systematisk innsats for å fremje utradisjonelle val, særleg blant gutar, og understrekar behovet for mannlege rollemodellar i oppvekstsektoren.

Mannsutvalet foreslår til saman ti tiltak retta mot mindre kjønnsforskjellar i utdanning og arbeidsliv:

  • Innføre leikbasert læring i barnehagen

  • Innføre fleksibel skulestart

  • Innføre ein meir praktisk og variert skulekvardag

  • Styrkje alternative opplæringsløp i vidaregåande opplæring

  • Sikre rett til læreplass

  • Endre poengberekninga på vitnemålet frå grunnskulen og vidaregåande opplæring

  • Gjennomføre nasjonal satsing for at fleire unge skal velje og gjennomføre kjønnsutradisjonelle utdanningsprogram på yrkesfag

  • Gjennomføre nasjonal satsing for at fleire unge skal velje og gjennomføre kjønnsutradisjonelle utdanningsprogram i høgare utdanning

  • Endre opptaksreglane til høgare utdanning

  • Auka innsats for psykososialt arbeidsmiljø og mot trakassering og seksuell trakassering i arbeidslivet

Kjønnsdelte utdanningsval heng tett saman med ein kjønnsdelt arbeidsmarknad og blir samla omtalte i kapittel 5. Der blir òg trakassering og seksuell trakassering omtala.

4.1 Forskjellar mellom gutar og jenter begynner før skulestart

Kjønnsforskjellar i kognitive og sosiale ferdigheiter begynner tidleg. Gutar utviklar i gjennomsnitt generelle kognitive evner noko seinare enn jenter i småbarns- og førskulealderen. Stoltenberg-utvalet oppsummerer den viktigaste forskjellen slik: Jenter har betre språkforståing alt før barna begynner på skulen, mens gutar har betre romforståing enn jenter i 4–6-årsalderen (NOU 2019: 3, s. 11). Det er òg andre døme på at kjønnsforskjellar oppstår tidleg. Jenter utviklar ofte ferdigheiter knytte til planlegging, sjølvregulering og sosioemosjonell kompetanse tidlegare enn gutar, noko forsking viser kan gi fordelar i læringssituasjonar (NOU 2019: 3, s. 93). Ein norsk studie viste at jenter på 2,5 år meistrar fleire kvardagsaktivitetar i barnehagen enn jamaldrande gutar, mellom anna i samband med måltid, påkleding, pottebruk og det å hjelpe andre (Meland, Kaltvedt & Reikerås, 2016). Samtidig er fleire av desse kjønnsforskjellane generelt små (Gramvik, 2025).

Årsakene til kjønnsforskjellane er framleis uklare. Dei kan skrive seg frå biologiske faktorar som gir ulike omsorgs- og læringsbehov hos gutar og jenter, men kan òg vere eit resultat av, eller bli forsterka gjennom, korleis barn blir møtte og forma av forventingar frå foreldre, barnehagepersonell og samfunnet generelt (NOU 2019: 3, s. 117).

Boks 4.2 Barnehagedeltaking

Det er lite som tyder på at det er forskjellar mellom kjønna når det gjeld kven som går i barnehagen og ikkje. Barnehagedeltakinga er generelt høg: I 2025 gjekk 94,5 prosent av barn i alderen 1–5 år i barnehagen (Utdanningsdirektoratet, 2026a).

Ifølgje Utdanningsdirektoratet gjekk 89,5 prosent av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år i barnehagen i 2024. Det er ein auke frå 85,3 prosent i 2020, men deltakinga er framleis noko lågare enn i befolkninga samla sett. Forskjellane er størst blant dei yngste barna (Utdanningsdirektoratet, 2025a). Tal frå IMDi viser at 66 prosent av minoritetsspråklege eittåringar gjekk i barnehage i 2024, mot 89 prosent blant eittåringar med norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk morsmål (IMDi, 2025).

4.1.1 Ulik praksis og forventingar i barnehagen til gutar og jenter

#UngIDag-utvalet reiser i NOU 2019: 19 Jenterom gutterom og mulighetsrom spørsmål om tilsette i barnehagen møter gutar og jenter med ulike forventingar og ulik praksis. Utvalet trekkjer mellom anna fram forsking som viser at gutar oftare blir omtalte som tøffe og sterke, mens jenter i større grad blir beskrivne som søte og fine. Ein studie viser at gutar oftare får hjelp og i mindre grad møter krav om at dei skal vere rolege og vente på tur, og at personalet oftare oppheld seg fysisk nær jenter og gir dei ros for å hjelpe til, særleg under måltid (Meland, Reikerås & Kaltvedt, 2019). #UngIDag-utvalet viser òg til andre studiar som peikar på at gutar ofte får meir merksemd i gruppesamanheng, mens jenter i større grad blir møtte gjennom éin-til-éin-samtalar. Jenter blir dessutan raskare bedde om å roe seg i fysisk leik. Samla sett meiner #UngIDag-utvalet at forskinga tyder på at tradisjonelle førestillingar om kjønn framleis kan komme til uttrykk i samspelet mellom barn og tilsette (Emilsen 2015; Meland & Kaltvedt 2019; Svaleryd 2004; Østrem et al. 2009; Hoel, Johansen & Renolen 2010, omtalt i NOU 2019: 19).

Som Mannsutvalet òg påpeikar, er det viktig å understreke at mykje av denne forskinga er gjennomført for ein del år sidan. Det er derfor usikkert i kva grad funna gir eit dekkjande bilete av dagens praksis i barnehagane.

Boks 4.3 Blir gutar for lite førebudde til skulestart?

Overgangen frå barnehage til skule inneber ei stor endring i kvardagen til barna. Sjølv om skulen framleis gir rom for leik, mellom anna gjennom skulefritidsordninga (SFO), møter barna ein meir strukturert og organisert kvardag med andre forventingar til deltaking, merksemd og det å vere sjølvstendig.

Mannsutvalet viser til forsking som finn kjønnsforskjellar i enkelte ferdigheiter som kan ha noko å seie ved skulestart, mellom anna språk, konsentrasjon og sjølvregulering. Utvalet vurderer at dette kan bidra til at overgangen til skulen kan vere meir krevjande for enkelte gutar enn for jenter. Samtidig blir det understreka at variasjonen innanfor kjønna er stor, og at kunnskapsgrunnlaget ikkje gir grunnlag for eintydige konklusjonar om årsakene til forskjellane. På denne bakgrunnen meiner utvalet at barnehagen har eit potensial til å bidra til å jamne ut slike forskjellar før skulestart (NOU 2024: 8).

Det blir samtidig peika på ulike faglege perspektiv på korleis barnehagen best kan støtte barna si utvikling og førebu dei på skulestart. Mens enkelte studiar trekkjer fram positive effektar av meir systematisk vaksenstyrte og leikbaserte aktivitetar, framhevar andre kor mykje den frie leiken, fysisk aktivitet og meistringserfaringar har å seie for utvikling, motivasjon og føresetnader for skulestart.

Mannsutvalet viser òg til store variasjonar i korleis barnehagar arbeider med overgangen til skulen (NOU 2024: 8).

Sjå omtale av tiltaka for god overgang til skulestart i kapittel 4.2.2

4.2 Tiltak for ein god start i barnehagen og skulen

Barnehagen er ein viktig fellesarena for barn og er med på å leggje grunnlaget for den vidare utviklinga deira. Barnehagen skal byggje opp under eigenverdien til barndommen og sikre ein god start og like moglegheiter for alle. I barnehagen skal barna erfare tryggleik, fellesskap og leik og få opplevingar som stimulerer nysgjerrigheit, utforsking og meistring, som grunnlag for trivsel, læring og danning. Ein barnehage som legg til rette for leik, læring og utvikling for barn med ulike behov og føresetnader, kan bidra til å gi fleire barn ein god start på skuleløpet og motverke at forskjellar blir etablerte på eit tidleg stadium.

Regjeringa legg til rette for at alle barn skal få ein god start, gjennom

  • tiltak for betre kvalitet og kompetanse blant tilsette i barnehagen

  • god overgang frå barnehage til skule

Boks 4.4 Likestilling blir vareteke i styringsdokument, men bør styrkjast i praksis

Regjeringa meiner at målet om likestilling er godt vareteke i sentrale styringsdokument for barnehagesektoren og grunnskulen, som i barnehagelova og i rammeplanane.

Når det gjeld barnehagen, vurderte også #UngIDag-utvalet (NOU 2019: 19) at omsynet til likestilling i stor grad er vareteke i overordna styringsdokument. Utvalet peika samtidig på at det framleis er mogleg å styrkje arbeidet med likestilling i praksis. Som potensielle forklaringar viste utvalet mellom anna til breidda i oppgåver som barnehagane skal ta hand om, og til kor viktig det er med kompetanse og bevisstheit i arbeidet med å identifisere og motverke kjønnsstereotypiar og tradisjonelle kjønnsroller.

4.2.1 Tiltak for betre kvalitet og kompetanse blant tilsette i barnehagen og skulen

Arbeidet med likestilling, kjønnsperspektiv og normkritikk er ein del av den grunnleggjande og breie profesjonsfaglege kompetansen som trengst for å skape inkluderande og likeverdige tilbod for alle barn.

Regjeringa si vurdering er at det viktigaste grepet for å løfte likestillingsarbeidet i praksis, er å leggje til rette for ein barnehage med god nok bemanning og tilsette med høg kompetanse. Det er viktig for å sikre at både gutar og jenter får utvikla potensialet sitt og får den støtta dei treng, på eit tidleg tidspunkt.

Barnehagestrategien til regjeringa dannar grunnlaget for satsinga på eit betre barnehagetilbod (Kunnskapsdepartementet, 2023). Målet er høg kvalitet, brei deltaking og eit inkluderande tilbod som gir alle barn gode moglegheiter for læring, utvikling og meistring.

Tidleg deltaking i barnehage kan beskytte mot seinare utdanningsfråfall, gitt at kvaliteten er god. Sidan minoritetsspråklege barn historisk sett har hatt noko lågare barnehagedeltaking, og sidan gutar generelt har høgare risiko for fråfall i vidaregåande opplæring, kan det vere grunn til å vere merksam på om ulik barnehagedeltaking òg kan bety noko for kjønnsforskjellar seinare i utdanningsløpet.

Det er sett i gang fleire prosessar for å styrkje kvaliteten i barnehagetilbodet. Her er nokre døme:

  • Regjeringa ønskjer å halde foreldrebetalinga låg for å sikre høg deltaking og tilgjengelegheit i barnehagen.

  • Regjeringa etablerte ei partssamansett arbeidsgruppe i 2025 for å greie ut korleis gratis barnehage for alle barn i Noreg kan innførast. Sluttrapporten frå arbeidsgruppa understrekar at det trengst endå større innsats for å skape ein meir berekraftig barnehagesektor med gjennomgåande høg kvalitet, der både barna og dei tilsette trivst.

  • Våren 2026 starta regjeringa ein felles innsats for kvalitet i barnehagetilbodet med partane i barnehagesektoren. Dei har utvikla ein samarbeidsavtale og vil fram mot 2030 utvikle tiltak for bemanning, rekruttering av barnehagelærarar, organisering og leiing, partssamarbeid, partnarskap med universitet og høgskular og kompetanse i samisk kultur og språk (samarbeidsavtalen Felles innsats for barnehagekvalitet blir publisert i slutten av november 2026).

  • Sametinget har eit parallelt arbeid som baserer seg på strategiplan for samiske barnehagetilbod 2021–2025. Prosessen har som mål å gjere dei samiske barnehagetilboda meir attraktive og styrkje språkkompetansen, rekrutteringa og det pedagogiske innhaldet i barnehagane.

I 2025 la regjeringa fram strategien for eit nytt heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling for tilsette i barnehage og skule (Kunnskapsdepartementet, 2025a):

  • Systemet skal sørgje for at lærarar og andre tilsette får høve til å utvikle kompetansen sin. Det skal bidra til at alle barn og elevar får eit godt pedagogisk tilbod, slik at dei utviklar seg, lærer og trivst.

  • Systemet inneheld kompetansetiltak som vidareutdanning, kollektiv kompetanseutvikling, leiarutvikling, rettleiing for nyutdanna lærar og spesialiserte roller. Det er eit supplement til og støttar opp under ansvaret som kommunane, fylkeskommunane og private eigarar har for at dei tilsette har rett og nødvendig kompetanse. Systemet legg til rette for at kompetansetiltaka kan innrettast med utgangspunkt i lokale behov.

  • I 2027 foreslår regjeringa å bruke nær 2,9 milliardar kroner på desse kompetansetiltaka for tilsette i barnehage, skule og SFO.

Sjølv om tiltaka ovanfor ikkje er retta spesielt mot gutar, kan dei påverke likestillinga ved å styrkje kompetansen på inkluderande praksis, tidleg innsats og tilpassa oppfølging. Det kan bidra til å møte nokre av dei utfordringane som er dokumenterte for gutar i utdanningsløpet, som svakare skuleprestasjonar og høgare risiko for fråfall, samtidig som tiltaka støttar opp under målet om likeverdige moglegheiter for alle barn og elevar.

4.2.2 God overgang til skulestart

Regjeringa deler Mannsutvalet si bekymring for at overgangen frå barnehage til grunnskule kan vere krevjande for mange barn, og er oppteken av korleis overgangen kan bli betre.

Ein trygg og god start i barnehagen legg eit viktig grunnlag for seinare overgangar i utdanningsløpet. Rammeplan for barnehagen understrekar at personalet skal sørgje for tett oppfølging når barnet begynner i barnehagen, slik at barnet føler tryggleik og tilhøyrsel og kan leike, utforske og lære (Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver, 2017). Barnehagen skal i samarbeid med heimen vareta barnet sitt behov for omsorg, trivsel og utvikling, og trygge og inkluderande barnehagemiljø er ein grunnleggjande føresetnad for meistring og læring (Kunnskapsdepartementet, 2023; Barnehageloven, 2005, § 1).

Mannsutvalet foreslår å innføre nasjonale føringar for at barnehagane skal ta i bruk eit forskingsbasert førskuleopplegg for leikbasert læring som er utvikla gjennom Agderprosjektet. Utvalet viser til at dette særleg kan komme gutar til gode, mellom anna fordi gutar i gjennomsnitt skårar lågare enn jenter på enkelte ferdigheiter knytte til sjølvregulering og i mindre grad vel aktivitetar som førebur dei til skulestart, når innhaldet er basert på fri leik (NOU 2024: 8). Regjeringa meiner likevel at barnehagane framleis bør ha fridom til å organisere det pedagogiske arbeidet ut frå behovet til barna og lokale forhold, og at det ikkje er nødvendig å innføre nasjonale føringar om bruk av bestemte førskuleopplegg.

Leik, læring og utvikling er, og skal framleis vere, kjerneoppgåver i barnehagen, i tråd med rammeplanen. Det er det faglege og pedagogiske skjønnet til barnehagelærarane som avgjer korleis måla i rammeplanen blir omsette i praksis. Dette skjønnet byggjer mellom anna på kompetansen som blir utvikla gjennom barnehagelærarutdanninga, der kunnskap om utvikling, leik, læring, omsorg, tilknyting, inkludering og overgangar mellom heim, barnehage og skule står sentralt. Regjeringa meiner derfor at kvaliteten i tilbodet best blir styrkt gjennom høg kompetanse hos dei tilsette og profesjonsfagleg utvikling, framfor gjennom nasjonale føringar om bruk av bestemte pedagogiske opplegg.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for ein trygg og samanhengande overgang frå barnehage til skule. I dei første skuleåra er leik, utforsking, fysisk aktivitet og praktiske arbeidsmåtar viktige element i opplæringa. Regjeringa legg òg vekt på tiltak som skal bidra til ein meir praktisk og variert skulekvardag, med mål om å fremje motivasjonen, trivselen og læringa til elevane (Meld. St. 34 (2023–2024)).

Rammeplanen har brei legitimitet i sektoren, og evalueringar viser at tilsette og barnehagestyrarar oppfattar han som eit godt pedagogisk styringsverktøy. Regjeringa vil samtidig halde fram arbeidet med å styrkje kvaliteten i barnehagen, mellom anna gjennom eit trygt og godt barnehagemiljø, god nok kompetanse blant dei tilsette og gode overgangar mellom heim, barnehage og skule. Desse forholda er viktige for alle barn og kan òg bidra til å møte nokre av utfordringane Mannsutvalet nemner.

Boks 4.5 Fellesskuleutvalet

Fellesskuleutvalet la i 2026 fram utgreiinga Fellesskolen. Bærebjelken i framtidens samfunn (NOU 2026: 10). Utgreiinga vurderer korleis fellesskulen kan vidareutviklast for å møte framtidige samfunnsutfordringar samtidig som han varetek det breie samfunnsoppdraget sitt. Utvalet framhevar kor viktig fellesskulen er for demokrati, sosial mobilitet, tillit og samfunnsdeltaking, og understrekar at oppgåva til skulen framleis er å bidra til både danning og utdanning for alle elevar.

Utvalet nemner fleire utviklingstrekk som er venta å påverke rammevilkåra til skulen i åra framover, mellom anna teknologiutviklinga, utfordringar knytte til demokrati, demografiske endringar, auka individualisering, større ulikskap og større mangfald i befolkninga. Slik utvalet vurderer det, stiller desse utviklingstrekka nye krav til evna skulen har til å fremje læring, fellesskap og inkludering.

For å styrkje den framtidige rolla til fellesskulen foreslår utvalet ei rekkje tiltak retta mot mellom anna læreplanutvikling, profesjonsutvikling for lærarar, arbeid med den faglege og sosiale læringa til elevane og handteringa av den teknologiske utviklinga. Utvalet legg til grunn at ein sterk og inkluderande fellesskule er avgjerande for å sikre at alle elevar har dei same moglegheitene, og for å bevare den høge tilliten og den sterke samanhengskrafta i samfunnet.

Utgreiinga utgjer eit sentralt kunnskapsgrunnlag for det vidare arbeidet med utviklinga av norsk skule og rolla til fellesskulen i samfunnet i tida som kjem.

4.3 Kjønnsforskjellar i grunnskulen og vidaregåande opplæring

Enkelte meiner at dagens skule i stor grad premierer ferdigheiter som språk, konsentrasjon og sjølvregulering, og at det kan gi jenter fordelar fordi dei ofte utviklar slike ferdigheiter tidlegare enn gutar (sjå kapittel 4.1). Stoltenberg-utvalet meiner at forskjellar i sjølvregulering mellom yngre gutar og jenter kan indikere at stillesitjande læringsformer ikkje er like godt tilpassa alle barn på same alderstrinn. Utvalet understrekar samtidig at sjølvregulering kan styrkjast gjennom trening i tidlege barneår, både hos gutar og jenter, med moglege positive konsekvensar for seinare utdannings- og livsløpsutfall (NOU 2019: 3, s. 23).

Fellesskuleutvalet viser korleis ny teknologi som sosiale medium og KI i stadig større grad utfordrar læringsprosessane til elevane og stiller større krav til evna til sjølvregulering, konsentrasjon og uthald.

I eit innspelsmøte med unge våren 2026 (sjå boks 1.1) gav dei fleste deltakarane uttrykk for at dei var heilt eller delvis einige i påstanden om at «skulen er laga for jenter». Fleire nyanserte likevel dette ved å nemne at skulen først og fremst premierer eigenskapar som evne til å sitje stille, følgje med og arbeide strukturert over tid. Etter deira syn er dette krav som jenter lettare innfrir. Fleire meinte òg at gutar som tilpassar seg desse forventingane, ofte får særleg positiv merksemd.

Mannsutvalet meiner at dagens grunnskule i for lita grad er tilpassa ulike måtar å lære på, og at ein meir stillesitjande og teoretisk skulekvardag kan bidra til kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar (NOU 2024: 8). Utvalet framhevar betydinga av kroppsleggjord læring og meiner at meir fysisk aktivitet, praktisk læring og variasjon i skulekvardagen kan styrkje motivasjonen, meistringa og læringa for alle elevar og særleg komme gutar og andre elevar med behov for meir aktiv læring til gode. Utvalet vurderer at dette kan bidra til å redusere kjønnsforskjellar i utdanning og samtidig fremje helse og trivsel.

Evalueringa av seksårsreforma peikar på at leiken har fått mindre plass i skulen og ikkje blir utnytta nok som eit naturleg potensial for utvikling og læring (Bjørnestad et al., 2024). Evalueringa viser at det er variasjon i kor mykje barn får leike i skulen, og at læreplanverket gir eit stort lokalt handlingsrom for skuleeigarar, skuleleiarar og lærarar. Norsk forsking finn òg at aktivitetsnivået til barn fell kraftig, og at stillesitjinga aukar når barna begynner på skulen (Aadland, Okely, & Nilsen, 2022; Deng & Fredriksen, 2018). Kunnskapsgrunnlaget viser at meir leik og fysisk aktivitet i skulen, når det blir lagt godt til rette for det, kan bidra til betre trivsel og læringsmiljø og styrkje læringa og den faglege utviklinga til elevane (Barnes, Gray, & Woodrow, 2026; Li & Kangas, 2026).

I evalueringa av fornyinga av læreplanverket i grunnopplæringa blei eit utval elevar på 8. trinn spurt om korleis dei oppfattar undervisninga (Brevik et al., 2026). Forskarane fann ein kjønnsforskjell i favør av gutane, som mykje oftare enn jentene meinte at undervisninga var interessant. Jentene meinte langt sjeldnare enn gutane at dei fekk faglege utfordringar og tilbakemeldingar frå faglærarane. Undersøkinga blei gjennomført både før og etter innføringa av læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20) og viste kjønnsforskjellar over tid og ein stor auke i den faglege interessa til gutane frå 2015 til 2022. Forskarane peikar på at utviklinga kan henge saman med meir elevmedverknad og meir utforskande arbeidsmetodar. Vidare meiner forskarane at det kan handle om at lærarane følgjer med i samfunnsdebatten om at gutar bør inkluderast meir i undervisninga, og dermed er meir merksame på gutane. Forskarane meiner at dei tydelege kjønnsforskjellane viser at det er behov for å vektleggje relasjonar og læringsaktivitetar i klasserommet som i større grad tek omsyn til dei faglege behova og interessene til både gutar og jenter (Brevik et al., 2026).

Mannsutvalet understrekar at spørsmålet ikkje først og fremst bør vere om skulen er tilpassa jenter eller gutar, men om utdanningssystemet evnar å møte mangfaldet blant barn og unge godt nok. Samtidig framhevar utvalet at det er behov for meir kunnskap om årsakene til at gutar har svakare utdanningsresultat, og om korleis skulen kan lykkast betre med å motivere og inkludere elevar med ulike føresetnader og behov (NOU 2024: 8).

Boks 4.6 Døme på likestillingsressursar

Utdanningsdirektoratet har utvikla støttemateriell for arbeidet med likestilling innanfor rammene av læreplanverket. Det omfattar mellom anna ressursar knytte til den overordna delen, der utvikling av inkluderande læringsmiljø og anerkjenning av mangfald står sentralt, og dessutan dei tverrfaglege temaa demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring. Temaa synleggjer samanhengar mellom likestilling, menneskerettar, deltaking, identitet og livsmeistring og legg til rette for arbeid med mellom anna kjønn, normer, tilhøyrsel og psykisk helse. Dette skal bidra til at alle elevar opplever tryggleik, meistring og likeverd i skulen.

I tillegg har direktoratet utvikla rettleiing og støtte til arbeidet med skulemiljø og retten til eit trygt og godt skulemiljø og dessutan tematiske ressursar om inkludering og mangfald i opplæringa. Til saman gir dette støtte til arbeidet med å fremje likeverd og motverke diskriminering i skulen.

Kanvas og Likestillingssenteret har, saman med Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning (DMMH), vidareutvikla eit ressurshefte om likestilt og likeverdig pedagogisk praksis i barnehagen.

4.3.1 Gutar er overrepresenterte blant elevar med låge skuleprestasjonar

Gutar er overrepresenterte blant elevane med dei svakaste skuleprestasjonane, både i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa.

I grunnskulen har læringsresultata blitt mykje dårlegare dei seinare åra. Det er dokumentert mellom anna gjennom internasjonale undersøkingar som Programme for International Student Assessment (PISA). Sjølv om det er ei tilsvarande utvikling i mange OECD-land, er nedgangen i Noreg større enn i dei fleste andre OECD-land (OECD, 2026a).

Kjønnsforskjellane i læringsresultata i Noreg har vore relativt stabile over tid. Jentene gjer det markant betre enn gutane i lesing i internasjonale undersøkingar for elevar i grunnskulen, mens kjønnsforskjellane er mindre i naturfag og matematikk. I PISA-undersøkinga er kjønnsforskjellane i leseferdigheiter større for norske elevar enn OECD-gjennomsnittet, og det er særleg mange gutar blant dei svakaste lesarane. I PISA-undersøkinga frå 2025 presterer 41 prosent av gutane på lågaste meistringsnivå i lesing, mens andelen er 27 prosent blant jentene (Jensen et al., 2026). Svake grunnleggjande ferdigheiter i lesing og rekning kan gjere det vanskelegare å gjennomføre vidare utdanning og få ei stabil tilknyting til arbeidslivet.

Kjønnsforskjellane følgjer eit noko anna mønster blant vaksne. The Programme for the International Assessment of Adult Competencies (PIAAC) er ei internasjonal undersøking av ferdigheitene til vaksne (16–65 år) i leseforståing, talforståing og problemløysing. Undersøkinga viser at både kvinner og menn i Noreg har gode ferdigheiter samanlikna med andre land.

Den siste PIAAC-undersøkinga gjennomført i 2022–2023, viser at kvinner i gjennomsnitt har noko betre leseforståing enn menn. I den førre undersøkinga, frå 2012, var det omvendt. Mens leseferdigheitene til menn har halde seg stabile, har kvinnene hatt framgang. 17 prosent av mennene har svake leseferdigheiter (nivå 1 eller lågare), mot 13 prosent av kvinnene. Delen som skårar på dei to høgaste ferdigheitsnivåa, er om lag lik for begge kjønn (Kalcic & Keute, 2024; Keute, 2024).

I talforståing skårar menn framleis betydeleg høgare enn kvinner. Begge kjønn har betra ferdigheitene sine sidan 2012, men framgangen har vore størst blant kvinnene. I talforståing er delen med svake ferdigheiter om lag lik blant kvinner og menn. Menn er derimot klart overrepresenterte på dei høgaste ferdigheitsnivåa. Blant 16–24-åringane er forskjellane i talforståing mindre enn i eldre aldersgrupper.

Mange gutar presterer på nivå med dei beste jentene i grunnskulen, men samtidig er gutar underrepresenterte blant dei aller høgast presterande og overrepresenterte blant dei svakast presterande. Kjønnsforskjellane er relativt små dei første skuleåra, men aukar gjennom grunnskulen og er størst på ungdomstrinnet (NOU 2019: 3). Gutar med lågt utdanna foreldre og gutar med innvandrarbakgrunn har lågare gjennomsnittskarakterar enn andre gutar.

Kjønnsforskjellane i standpunktkarakterane på 10. trinn er tydelege, og dei er størst i norsk, noko som tyder på at forskjellane særleg er knytte til lese- og skriveferdigheiter (NOU 2024: 8, ss. 107–108). Det er små kjønnsforskjellar i standpunktkarakterane i matematikk.

I skuleåret 2025–2026 fekk gutane for første gong sidan innføringa av Kunnskapsløftet i gjennomsnitt høgare karakter enn jentene på skriftleg eksamen i matematikk på 10. trinn (Utdanningsdirektoratet, 2026b).

Grunnskulepoeng blir rekna ut på grunnlag av standpunkt- og eksamenskarakterane frå grunnskulen og blir brukte ved opptak til vidaregåande opplæring.

Fleire gutar enn jenter har låge grunnskulepoeng. 9 prosent av gutane har under 30 grunnskulepoeng, mot 5 prosent av jentene. Omvendt er det fleire jenter enn gutar som oppnår høge grunnskulepoeng. 27 prosent av jentene får 50 grunnskulepoeng eller meir, mens det same gjeld 13 prosent av gutane (SSB, 2026a).

Frå 2015 til 2025 blei delen elevar som gjekk ut av grunnskulen utan grunnskulepoeng, meir enn dobla frå 4,2 til 8,8 prosent. I 2026 gjekk delen ned med 1,4 prosenteiningar, til 7,4 prosent.1 Andelen er høgast blant elevar frå låginntektsfamiliar, elevar som har foreldre med låg utdanning, og elevar som har høgt fråvær og svake resultat på nasjonale prøver. Det er òg størst vekst over tid i desse gruppene (Kool, Steffensen, & Bennetzen, 2026).

Ein litt høgare andel gutar enn jenter manglar grunnskulepoeng, høvesvis 7,9 og 6,9 prosent. Kjønnsforskjellen er størst blant innvandrarar, der 17,8 prosent av gutane og 14,5 prosent av jentene manglar grunnskulepoeng. Blant norskfødde med innvandrarforeldre manglar 7,0 prosent av gutane og 5,0 prosent av jentene grunnskulepoeng, mens andelen er om lag lik for jenter og gutar i resten av befolkninga.

Dette illustrerer korleis kjønn, sosial bakgrunn og innvandringsbakgrunn kan verke saman, og at risikoen for svake utdanningsresultat er særleg høg i enkelte grupper.

Gutar har i gjennomsnitt lågare standpunktkarakterar enn jenter i dei aller fleste fellesfaga i vidaregåande skule, med unntak av kroppsøving og matematikk for påbyggingselevar (2PY). Jenter har òg betre karakterar på skriftleg eksamen i dei fleste fellesfaga, med unntak av 2PY og engelsk Vg1 på yrkesfaglege utdanningsprogram (Utdanningsdirektoratet, 2026b).

4.3.1.1 Større kjønnsforskjellar i standpunkt enn på eksamen

Kjønnsforskjellane er gjennomgåande mindre ved eksamen enn ved standpunktvurdering. Studiar frå andre land viser eit tilsvarande mønster (Contreras, 2024). Ein norsk studie finn at kjønnsforskjellen i differansen mellom standpunkt- og eksamenskarakterar er størst blant elevar med svake ferdigheiter og låg sosioøkonomisk bakgrunn (Alne & Herstad, 2026).

I grunnskulen blir elevane trekte ut til éin skriftleg eksamen i norsk, engelsk eller matematikk på 10. trinn. Elevar som blir trekte ut i norsk skriftleg, får normalt to eksamenskarakterar, éin i hovudmål og éin i sidemål. Til samanlikning får elevane om lag 15 standpunktkarakterar. I vidaregåande skule er om lag 80 prosent av karakterane på vitnemålet standpunktkarakterar (Utdanningsdirektoratet, 2023, s. 12). Standpunktkarakterane har derfor samla sett vesentleg større betyding enn eksamenskarakterane for opptak til vidare utdanning.

I fleire studiar av kjønnsforskjellar i skuleresultat blir karakterar fastsette av lærarane samanlikna med anonymt vurderte eksamensresultat (Lavy, 2008; Falch & Naper, 2013). Nokre av desse studiane byggjer på ein føresetnad om at anonym skriftleg eksamen med ekstern sensur gir eit meir objektivt mål på den faglege kompetansen til elevane enn standpunktkarakterar som blir fastsette av læraren som underviser i faget.

Standpunkt og eksamen vurderer kompetansen til elevane på ulike måtar. Eksamenskarakteren er eit uttrykk for kompetansen eleven viser på ei enkeltståande prøve, mens standpunktkarakteren skal vise den samla kompetansen til eleven ved avslutninga av opplæringa. Standpunkt byggjer på vurderingar gjennom skuleåret, mellom anna prøver, munnleg aktivitet og innleveringar. Ein norsk studie av elevar på 10. trinn viser at det likevel er ein sterk samanheng mellom standpunkt- og eksamenskarakterane, men at samanhengen varierer mellom faga. Samanhengen er sterkast i matematikk og svakast i norsk (Arencibia Alemán, Sandsør, Zachrisson, & Blömeke, 2024).

At kjønnsforskjellane er større i standpunkt enn på eksamen, kan ha ulike forklaringar. Jenter bruker meir tid på lekser (Bakken, 2025) og skårar høgare i gjennomsnitt på sjølvregulering og planmessigheit enn gutar (NOU 2019: 3). Dette kan ha meir å seie for faglege prestasjonar over tid enn på ei enkeltståande prøve og dermed bidra til større kjønnsforskjellar i standpunktkarakterar enn på eksamen. Stoltenberg-utvalet viser òg til forsking som tyder på at gutar presterer relativt sett betre enn jenter i konkurranseprega prøvesituasjonar og når resultatet har mykje å seie. Utvalet peiker samtidig på at forskingsresultata ikkje er eintydige (NOU 2019: 3).

Kjønnsstereotypiske forventingar hos lærarane kan òg påverke vurderinga av den faglege kompetansen til elevane, men forskinga er ikkje eintydig (Zanga & De Gioannis, 2023). Ein norsk studie som undersøkjer vurdering av anonyme prøver på ungdomstrinnet, finn lite som tyder på systematiske kjønnsforskjellar i vurderinga av enkeltprøver (Lynnebakke, Kindt, Alne, & Reiling, 2024). Ein annan norsk studie viser at elevar med nedsett karakter i orden og oppførsel i vidaregåande skule får lågare standpunktkarakterar også når ein samanliknar elevar med same eksamensresultat (Reiling, Alne, Vennerød-Diesen, & Pedersen, 2025). Forskarane meiner dette kan tyde på at orden og oppførsel påverkar lærarane si vurdering av den faglege kompetansen til elevane. Samanhengen mellom nedsett karakter i orden og oppførsel og lågare standpunktkarakterar er like sterk for jenter og gutar. Det kan likevel bidra til kjønnsforskjellar i standpunktkarakterar fordi fleire gutar enn jenter får nedsett karakter i orden og oppførsel.

4.3.2 Gutar er meir fornøgde med skulen enn jenter

Trivsel, fråvær og psykisk helse er avgjerande faktorar for læring og meistring. Ungdata 2025 viser at gutane er meir fornøgde enn jentene med skulen dei går på (Bakken, 2025). Jentene rapporterer lågare trivsel, meir stress og fleire psykiske plager, mens gutane oppgir høgare trivsel og meistring, men noko lågare motivasjon for skulearbeid. Jentene gruer seg oftare til å gå på skulen og opplever meir stress relatert til skulearbeid. Jentene skulkar meir enn gutane, bortsett frå i vg3, der 55 prosent av gutane og 54 prosent av jentene opplyser at dei har skulka minst éin gong det siste året. I Ungdata 2025 svarer 92 prosent av gutane på 8. trinn at dei er fornøgde med livet, mens 79 prosent av jentene er det. Gutane rapporterer at dei opplever meir meistring, er meir fornøgde med eiga helse og er mindre plaga av hovudverk og psykiske plager. Forskjellane har blitt større over tid, med ein nedgang i trivsel blant jenter og ein auke blant gutar (Bakken, 2025).

Funna frå Ungdata 2025 illustrerer at ulike sider ved situasjonen til barn og unge ikkje nødvendigvis utviklar seg i same retning. Mens jenter i gjennomsnitt oppnår betre faglege resultat enn gutar, rapporterer gutar gjennomgåande høgare trivsel, større tilfredsheit med livet og færre psykiske plager. Dette understrekar kor viktig det er å vurdere læringsutbytte, trivsel og psykisk helse som ulike, men gjensidig påverkande dimensjonar ved oppveksten og skulekvardagen til barn og unge. Det illustrerer òg kvifor eit einsidig fokus på skuleprestasjonar kan gi eit ufullstendig bilete av likestillingsutfordringane i oppvekstsektoren. Mens gutar i større grad møter utfordringar knytte til læringsresultat og utdanningsløp, rapporterer fleire jenter utfordringar knytte til psykisk helse, stress og skulepress. Eit likestillingsperspektiv må derfor omfatte begge desse utfordringsbileta samtidig.

4.3.3 Gutar er overrepresenterte blant barn og elevar som får særskild oppfølging

Langt fleire gutar enn jenter får individuelt tilrettelagd opplæring i grunnskulen. Mønsteret tek til alt i barnehagen, der gutar er overrepresenterte blant dei som får spesialpedagogisk hjelp.

I 2025 hadde i underkant av 9000 barn vedtak om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen. Det svarer til 3,4 prosent av alle barn i barnehage. Denne andelen har lege relativt stabilt sidan 2018. 65 prosent av barna som får spesialpedagogisk hjelp, er gutar. Gutar er overrepresenterte i alle aldersgrupper, og forskjellen mellom gutar og jenter aukar med alder, sjølv om andelen gutar med vedtak har gått noko ned i 2025 samanlikna med 2023 (Utdanningsdirektoratet, 2025b).

I 2025 hadde 4,2 prosent av gutane i barnehagen vedtak om spesialpedagogisk hjelp, mot 2,4 prosent av jentene. Prosentdelen med vedtak om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen har gått opp blant jenter og ned blant gutar dei siste fem åra.

Figur 4.2 Andel barn i barnehage med vedtak om spesialpedagogisk hjelp, fordelt på kjønn1

Figur 4.2 Andel barn i barnehage med vedtak om spesialpedagogisk hjelp, fordelt på kjønn1

1 Det finst ikkje tal som viser kjønnsfordelinga blant barn i barnehage, så når vi skal rekne ut andelen barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp innanfor kvart kjønn, legg vi til grunn at kjønnsfordelinga i barnehagen er lik kjønnsfordelinga blant alle barn i alderen 1–5 år.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet, 2025b; SSB, 2026c.

Også i grunnskulen er gutane klart overrepresenterte blant elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring. Andelen elevar som får slik opplæring, har dei siste åra lege stabilt på litt under 8 prosent. Gutane utgjer om lag to tredelar av elevane som får individuelt tilrettelagd opplæring (Utdanningsdirektoratet, 2026c).

Figur 4.3 Andel barn med individuelt tilrettelagd opplæring (ITO) i grunnskulen 2025–2026

Figur 4.3 Andel barn med individuelt tilrettelagd opplæring (ITO) i grunnskulen 2025–2026

Kjelde: Utdanningsdirektoratet, 2026c.

Det er avgrensa kunnskap om kvifor gutar er så tydeleg overrepresenterte i spesialpedagogiske tiltak.

Kjønnsforskjellane kan gjenspegle reelle forskjellar i utvikling og behov for støtte, men kjønnsforskjellar i korleis åtferda til barn blir forstått, tolka og vurdert, kan òg ha noko å seie for kven som blir fanga opp av systemet, og kven som kan ha behov for særskild oppfølging (Nordahl et al., 2018, s. 115). Forsking frå grunnskulen har mellom anna reist spørsmål ved om den lågare andelen jenter som får individuelt tilrettelagd opplæring, kan komme av at vanskane til jenter i mindre grad blir lagde merke til, eller at dei blir identifiserte på eit seinare tidspunkt enn vanskane til gutane. Studiar viser òg at jenter si åtferd i klasserommet i større grad blir anerkjend som ønskt og tilpassa rammene til skulen, mens gutar oftare blir oppfatta som bråkete og urolege.

Samla tyder dette på at kjønnsforskjellar i behov, identifisering og oppfølging er sentrale for å forstå kvifor gutar i større grad enn jenter får spesialpedagogiske tiltak gjennom utdanningsløpet.

4.3.4 Gutar fullfører vidaregåande opplæring i mindre grad enn jenter

Andelen som fullfører vidaregåande opplæring, har auka det siste tiåret, med om lag 10 prosentpoeng blant både gutar og jenter (SSB, 2026b). Gutar fullfører likevel vidaregåande opplæring i mindre grad enn jenter. Blant elevane som begynte på vidaregåande opplæring i 2019, fullførte 78,3 prosent av gutane, mot 85,6 prosent av jentene.2 Kjønnsforskjellen har vore ganske stabil det siste tiåret, men gjekk noko ned frå 2018- til 2019-kullet fordi andelen jenter som fullførte, gjekk noko ned.

4.3.4.1 Kjønnsforskjellar i fullføring varierer med individuelle kjenneteikn

Kjønnsforskjellane i fullføring varierer mellom elevgrupper. Kjønnsforskjellane er vesentleg større blant elevar som har foreldre med låg utdanning, enn blant elevar som har høgt utdanna foreldre (SSB, 2026b).

Den samla kjønnsforskjellen i fullføring heng mellom anna saman med at gutar oftare enn jenter har låge karakterar frå grunnskulen. Når ein samanliknar elevar med same karakternivå frå grunnskulen, er kjønnsforskjellane i fullføring mindre. Blant elevar med eit karaktersnitt på 4 eller høgare er det små forskjellar i fullføring mellom gutar og jenter. Blant elevar med eit snitt under 4 er fullføringsdelen noko høgare blant gutar enn blant jenter. Blant elevar som manglar grunnskulepoeng, er forskjellen derimot stor i favør av jentene: 51 prosent av jentene og 34 prosent av gutane i denne gruppa fullfører (SSB, 2026b).

På yrkesfaglege utdanningsprogram er fullføringa særleg låg blant gutar med innvandrarbakgrunn. Blant gutar som sjølve har innvandra, fullfører 48 prosent. Andelen er 60 prosent blant norskfødde gutar med innvandrarforeldre og 75 prosent blant gutar i resten av befolkninga (SSB, 2026g). Kjønnsforskjellane er òg klart større blant elevar med innvandrarbakgrunn. På yrkesfag er forskjellen mellom jenter og gutar 18 prosentpoeng blant innvandrarar og 11 prosentpoeng blant norskfødde med innvandrarforeldre, mot om lag 2 prosentpoeng i resten av befolkninga. På studieførebuande er kjønnsforskjellane mindre, men følgjer det same mønsteret: høvesvis 8, 7 og 2 prosentpoeng.

Ulik tilgang til læreplass kan vere ei av forklaringane på den låge fullføringa blant gutar med innvandrarbakgrunn på yrkesfag. SSB finn at både innvandrargutar og norskfødde gutar med innvandrarforeldre i vesentleg mindre grad enn gutar i resten av befolkninga får læreplass (Kool, 2025). Noko av forskjellen kan knytast til lågare karakterar og høgare fråvær, men forskjellen er framleis stor også når vi tek omsyn til desse forholda. Dei som ikkje får læreplass, har vesentleg lågare sannsyn for å fullføre utdanninga og vere i arbeid ni år seinare enn dei som får læreplass (Bratholmen & Ekren, 2020).

Felteksperiment som er gjennomførte i Noreg, viser at jobbsøkjarar med utanlandsk bakgrunn blir diskriminerte på arbeidsmarknaden (Midtbøen & Rogstad, 2012). Fafo har gjennomført eit surveyeksperiment der eit utval lærebedrifter blei bedt om å vurdere fiktive og anonymiserte søkjarar ut frå kor sannsynleg det var at dei ville kalle dei inn til intervju. Studien skal gi svar på om læreplassøkjarar med ulik bakgrunn, mellom anna minoritetsbakgrunn, blir vurderte ulikt, og om ulik informasjon om søkjarane påverkar vurderingane. Den første artikkelen frå prosjektet skal publiserast i 2027. Studien vil gi meir kunnskap om kvifor gutar med minoritetsbakgrunn har større utfordringar med å få læreplass enn andre søkjarar.

Figur 4.4 Fullføring av vidaregåande opplæring etter innvandrarbakgrunn. Kjønn og todelt utdanningsprogram. 2019-kullet

Figur 4.4 Fullføring av vidaregåande opplæring etter innvandrarbakgrunn. Kjønn og todelt utdanningsprogram. 2019-kullet

Kjelde: SSB, 2026d.

4.4 Tiltak for betre læring og auka fullføring

Regjeringa ønskjer å snu den negative læringsutviklinga gjennom tydelege grep. Ambisjonen er klar: Ferdigheitene til elevane i lesing, skriving og rekning skal styrkjast. Regjeringa ønskjer ein betre tilpassa skulekvardag for dei yngste der ein ser læring, leik, fysisk aktivitet og sosial utvikling i samanheng. Regjeringa har teke grep for meir og betre læring gjennom meir konsentrasjon i klasserommet, ved å fjerne mobilen og gjennom tryggare og mindre skjermbruk i skulekvardagen. Det er òg publisert nasjonale tilrådingar for restriktiv bruk av kunstig intelligens i skulen.

Fleire viktige grep er lagde fram i den heilskaplege og sektorovergripande politikken til regjeringa for å fremje sosial utjamning og sørgje for like moglegheiter for barn gjennom oppveksten (Meld. St. 28 (2024–2025)). Desse grepa kjem alle elevar til gode, og mange av dei er sentrale for å møte utfordringar der gutar er overrepresenterte.

Regjeringa vil styrkje språk- og leseferdigheiter og andre grunnleggjande ferdigheiter frå barnehagen og gjennom grunnskulen for at fleire barn og unge skal få høve til å lykkast. Samtidig vil regjeringa leggje betre til rette for tett oppfølging av elevane, særleg i dei første skuleåra, og vidareutvikle ein meir praktisk, variert og aktiv skule som fremjar læring, motivasjon og meistring. Regjeringa vil òg styrkje kompetansen i barnehage og skule ved å vidareutvikle lærarutdanningane.

Regjeringa har òg teke ei rekkje grep for å fremje eit trygt læringsmiljø og gi læraren større autoritet i klasserommet. Det er innført lovreglar som klargjer at tilsette på nærmare vilkår kan gripe inn fysisk, mellom anna for å avverje at ein elev krenkjer ein person fysisk eller psykisk eller utset seg sjølv for fysisk fare eller vesentleg forstyrrar opplæringa til andre elevar. Frå og med hausten 2026 er det nye reglar om informasjonsdeling i samband med skulebyte. Når ein elev skiftar skule, må den gamle skulen dele personopplysningar som er nødvendige for å førebyggje åtferd som i vesentleg grad går ut over skulemiljøet til medelevane eller arbeidsmiljøet til dei tilsette, med den nye skulen. I opplæringslova av 2024 er også krenkingsomgrepet i skulemiljøreglane gjort tydelegare. Regjeringa har tidlegare i 2026 hatt eit forslag ute på høyring om at ein skuleeigar skal få tilgang til å påleggje ein elev opplæring utanfor eigen klasse for ein avgrensa periode dersom åtferda til eleven går alvorleg ut over tryggleiken til medelevar eller tilsette eller medelevane si læring. Kunnskapsdepartementet arbeider med å vurdere høyringsinnspela.

Regjeringa trekkjer fram følgjande innsatsar:

  • tiltak for ein betre start på skuleløpet

  • ein meir praktisk skuledag i grunnskulen

  • tidleg innsats og meir og betre læring

  • mindre skjerm for meir læring og trivsel

  • betre tilpassing og tilrettelegging i eit inkluderande fellesskap

  • betre tilgang til SFO

  • tiltak for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring

  • antalet karakterar på vitnemålet i vidaregåande opplæring

4.4.1 Ein betre start på skuleløpet

Dei første skuleåra er særleg viktige, for dei legg grunnlaget for læring, trivsel og tilhøyrsel i skulen. Ein god skulestart må ta omsyn til at elevane har ulike forkunnskapar, erfaringar og føresetnader, og samtidig vareta behovet for leik, fysisk aktivitet, utforsking, vennskap og tryggleik.

Regjeringa meiner derfor at det er behov for å sikre meir leik og leikinspirerte aktivitetar på dei lågaste trinna. Fysisk aktivitet er òg svært viktig for at barn skal trivast, og bidreg til utvikling av språklege, kognitive, motoriske, emosjonelle og sosiale ferdigheiter. Det er godt dokumentert at regelmessig fysisk aktivitet gir betre læring og fremjar sosiale ferdigheiter (WHO, 2020; Physical Activity Guidelines Advisory Committee, 2018; Kolle et al., 2019). Helsedirektoratet understrekar òg at fysisk aktivitet har ein direkte positiv effekt på konsentrasjon, sjølvregulering og hukommelse (Helsedirektoratet, 2025a). Dette gjer det lettare, særleg for dei yngste elevane, å delta i undervisninga og meistre grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning. Sosiale og emosjonelle ferdigheiter kan òg ha innverknad for helse, deltaking i arbeidslivet og sosial fungering seinare i livet (OECD, 2024).

Mannsutvalet etterlyser elles ein meir praktisk og variert skulekvardag. Utvalet peikar på at dette kan styrkje motivasjon, meistring og læring for alle elevar, men at slike tiltak kan ha særleg positiv effekt for gutar og andre elevar med behov for meir aktiv og kroppsleg læring (NOU 2024: 8).

Regjeringa har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å foreslå endringar i struktur og innhald i skuledagen for 1. og 2. trinn. Målet er at endringane skal bidra til ei prioritering av det viktigaste faginnhaldet for aldersgruppa og leggje til rette for særleg tett oppfølging av utviklinga av lese-, skrive- og rekneferdigheitene. Samtidig skal endringane leggje til rette for meir leik og fysisk aktivitet i skulen, gi betre moglegheiter for utvikling av sosiale og emosjonelle ferdigheiter og sikre ein god overgang frå barnehage til skule.

Endringa skal òg sikre at ein ser leik og sosioemosjonell og fysisk utvikling i samanheng med utvikling av faglege ferdigheiter og fagleg kompetanse. Forslag til endringar i skuledagen på 1.–2. trinn skal høyrast hausten 2026, og det blir lagt opp til ein prosess der endringar vil vere fastsette og gjelde for alle frå og med skuleåret 2028/2029.

4.4.1.1 Dagens moglegheiter for fleksibel skulestart skal vere godt kjende

Mannsutvalet foreslår at det skal bli lettare for foreldre å velje at barnet skal begynne på skulen eitt år tidlegare eller seinare enn i august det året det fyller seks år. I praksis vil det innebere å fjerne kravet om sakkunnig vurdering.3 Ei sakkunnig vurdering er ei fagleg utgreiing frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) som vurderer om eit barn er modent nok.

Fleksibel skulestart har vore vurdert fleire gonger tidlegare. I samband med den nye opplæringslova såg regjeringa på kva reglar som bør gjelde for tidleg og utsett skulestart. Regjeringa meiner at ei sakkunnig vurdering kan vere med og redusere risikoen for eventuelle negative konsekvensar som ein utsett eller tidleg skulestart kan ha for barn, både på kort og lang sikt. Sentrale organisasjonar som Barneombodet, Statped og Elevorganisasjonen har òg halde fast på at det er viktig at foreldre får hjelp til ei totalvurdering frå sakkunnige før dei tek ei endeleg avgjerd. Barnets beste må vere utgangspunkt når kommunen, i samråd med foreldre og barn, vurderer desse sakene. Også Stoltenberg-utvalet vurderte ulike modellar for fleksibel skulestart og konkluderte med eit fleirtal at dagens ordning burde vidareførast. Fleirtalet av høyringsinstansane støtta dette i høyringsrunden av utgreiinga.

Regjeringa er samtidig oppteken av at dagens høve til fleksibel skulestart skal vere godt kjent. Sjølv om hovudregelen er at barn startar på skulen det året dei fyller seks år, opnar opplæringslova for både utsett og tidleg skulestart. Barn utviklar seg i ulikt tempo, og det er stor variasjon i modning og utvikling ved skulestart, både mellom og innanfor kjønna. Ved søknad om utsett skulestart skal det gjerast ei konkret og individuell vurdering av utviklinga og behova til barnet, basert på ei sakkunnig vurdering der det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn og synet til foreldra skal leggjast vekt på. Regjeringa meiner dette gir eit viktig handlingsrom for ein skulestart som er tilpassa det enkelte barnet. Samtidig kan det oppstå krevjande vurderingar i slike saker. Regjeringa vil derfor hente inn meir informasjon frå kommunane for å få belyst ulike problemstillingar knytte til kommunanes praksis.

Opplæringslova er tydeleg på at kommunar og fylkeskommunar skal gi elevar og foreldre nødvendig informasjon om opplæringa og om kva rettar og plikter elevane har. Dagens reglar legg òg godt til rette for forsøk med fleksibel skulestart. Opplæringslova opnar for å gjere tidsavgrensa unntak frå lova dersom det må til for å gjennomføre pedagogiske eller organisatoriske forsøk. Forsøka skal vere etisk forsvarlege og godt fagleg underbygde, og dei skal ikkje svekkje dei grunnleggjande rettane til elevane. Forsøka skal evaluerast og rapporterast.

Som del av oppfølginga av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skule og SFO tok Kunnskapsdepartementet initiativ til å gi kommunar høve til å prøve ut modellar for fleksibel skulestart. Utdanningsdirektoratet fekk i oppdrag å invitere kommunar til slik utprøving. Det var lita interesse for å prøve ut ulike modellar for fleksibel skulestart. Sjølv etter at søknadsfristen blei utvida, var det berre Trondheim kommune og Kristiansand kommune som ønskte å prøve ut ulike modellar for fleksibel skulestart. Dei to kommunane valde å gjennomføre utprøvinga innanfor regelverket og ikkje som eit forsøk med tidsavgrensa unntak frå lova. Dei rapporterte derfor ikkje til nasjonale utdanningsstyresmakter om resultata, og det ligg heller ikkje føre noka nasjonal evaluering av utprøvinga. Trondheim kommune har dokumentert erfaringane frå utprøvinga gjennom eigne prosjektbeskrivingar og følgjeforsking. Dokumentasjonen gjeld i hovudsak modellar for å styrkje overgangen mellom barnehage, SFO og skule, mellom anna gjennom leikbaserte arbeidsformer, tettare samarbeid mellom institusjonane og fleksibel bruk av personale. Det synest derimot ikkje å liggje føre offentleg tilgjengelege evalueringar av den delen av utprøvinga som gjaldt endra praktisering av utsett eller framskoten skulestart (Hermstad, Mordal, Caspersen, & Utmo, 2023).

4.4.2 Ein meir praktisk skulekvardag i grunnskulen

Regjeringa meiner, til liks med Mannsutvalet, at ein meir praktisk, aktiv og variert skulekvardag er eit av dei viktigaste grepa for å styrkje læring, trivsel og motivasjon blant elevane. Ein skule som i større grad gir rom for praktiske arbeidsformer, fysisk aktivitet og varierte læringssituasjonar, kan engasjere breiare og bidra til at fleire elevar opplever meistring i skulekvardagen. Det gjeld både gutar og jenter, men er særleg viktig for elevar som ikkje finn seg til rette i ein skulekvardag med vekt på teoretiske og stillesitjande arbeidsformer.

Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn har ei brei systemtilnærming til utfordringane i norsk skule. Praktisk og variert læring blir løfta fram som eit sentralt verkemiddel for å styrkje læring, motivasjon og trivsel blant elevane. Tiltaka er ikkje spesielt retta mot eitt kjønn, men kan ha særleg betyding for å

  • redusere kjønnsforskjellar i motivasjon og læringsutbytte

  • styrkje deltaking og meistring blant elevar med låg motivasjon

  • førebyggje fråfall gjennom auka relevans og betre tilpassa opplæring

Tiltaka må sjåast i samanheng med annan politikk for kvalitetsutvikling i skulen, mellom anna arbeid med kompetanseutvikling, skulemiljø og styringssystem, og dei vil i stor grad vere avhengige av lokal implementering for å få ønskt effekt.

Eit hovudgrep i arbeidet til regjeringa er eit nasjonalt program for ein meir praktisk skule. Programmet skal byggjast opp over tid og omfattar økonomiske stimuleringstiltak som ei eiga tilskotsordning og rentekompensasjonsordning og dessutan pedagogiske og kompetansebyggjande støtteressursar. Dei nasjonale sentera skal bidra med dette. Dei skal mellom anna etablere eigne utviklingsprosjekt der pilotskular i samarbeid med sentera skal bidra til kompetanseutvikling, erfaringsdeling og spreiing av inspirasjon for å fremje ein meir praktisk skulekvardag. Formålet er å støtte opp under skulane i arbeidet med å ta i bruk varierte og praktiske arbeidsformer og styrkje motivasjon, trivsel og fagleg læring. Det skal i tillegg bidra til mindre stillesitjing og meir fysisk aktivitet i skulen.

Det blir arbeidd med ein justert læreplan i kroppsøving for grunnopplæringa, som etter planen skal gjelde frå skuleåret 2027–2028. Formålet med endringane er å gjere det tydelegare kva kompetanse elevane skal utvikle i faget, og kva som skal liggje til grunn for vurderinga. Regjeringa vil satse på meir fysisk aktivitet på ungdomstrinnet og planlegg å auke timetalet i kroppsøving på ungdomstrinnet.

Regjeringa vil òg leggje til rette for ein meir praktisk og variert skule ved å innføre valfag på mellomtrinnet og krav om at skulane på ungdomstrinnet skal tilby arbeidslivsfag som eit alternativ til framandspråk. Tiltaka skal gi elevane fleire høve til å utvikle praktisk kompetanse og gjere dei betre rusta til å velje vidare utdanningsløp.

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2027 å løyve 30 millionar kroner til program for ein meir praktisk og variert skule, i tillegg til 208 millionar kroner til ei tilskotsordning for investeringar i utstyr og læringsarenaer. Investeringsramma i rentekompensasjonsordninga er òg auka. Ordninga gir kommunane kompensasjon for renteutgifter knytte til investeringar i læringsarenaer, utstyr og inventar i grunnskulen.

Sjølv om jenter i gjennomsnitt har betre faglege resultat enn gutar, trivst dei dårlegare på skulen og har meir fråvær og fleire psykiske plager. Dette understrekar behovet for eit godt skulemiljø, tilpassa opplæring og positive forventingar til alle elevar (Meld. St. 34 (2023–2024)).

Det er særleg viktig å støtte elevar med høgt fråvær eller risiko for å falle frå. Studiar viser at manglande tilrettelegging kan vere ei årsak til bekymringsfullt skulefråvær (Bergene et al., 2023). Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole. Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn legg mellom anna vekt på meir praktisk og variert opplæring, betre individuell tilpassing, eit sterkare lag rundt eleven og auka spesialpedagogisk støtte. Tiltaka skal særleg støtte elevar med svake faglege resultat, høgt fråvær eller behov for særskild tilrettelegging og kan òg komme mange gutar til gode fordi dei er overrepresenterte på dei lågaste meistringsnivåa.

Kunnskapsdepartementet vil òg styrkje førebygginga og oppfølginga av skulefråvær. Utdanningsdirektoratet har saman med andre relevante direktorat utarbeidd forslag til ei nasjonal fagleg retningslinje, med vekt på mellom anna tidleg oppfølging, elevmedverknad og samarbeid mellom skulen, heimen og andre tenester (Meld. St. 34 (2023–2024)).

4.4.3 Tidleg innsats og meir og betre læring

Gode språk- og leseferdigheiter legg eit viktig grunnlag for vidare læring, utdanning og deltaking i arbeids- og samfunnslivet. Gutar er overrepresenterte blant elevar med svake leseferdigheiter, jf. kapittel 4.3.1. Innsats for språk og lesing gjennom heile utdanningsløpet er derfor særleg relevant i møte med utfordringar som rammar gutar.

Regjeringa vil styrkje innsatsen for språk, lesing og læring frå barnehagen og gjennom grunnskulen. Arbeidet begynner i barnehagen, der barn skal få gode erfaringar med språk, bøker, leik og læring, og skal følgjast opp i skulen gjennom systematisk arbeid med lesing og andre grunnleggjande ferdigheiter. Kunnskapsdepartementet arbeider òg med å leggje om skulekvardagen for dei yngste for å få ein betre overgang frå barnehage til skule, meir leik og fysisk aktivitet og sterkare konsentrasjon om lesing, skriving og rekning. Det blir mellom anna vurdert om delar av innhaldet i opplæringa på 1. og 2. trinn bør organiserast i breiare fagområde enn i dag (Utdanningsdirektoratet, 2026d).

Gjennom Leseløftet, den nasjonale satsinga på å styrkje leseferdigheiter og leselyst blant barn og unge, satsar ein på fleire bøker allereie i barnehagen og på å styrkje skulebiblioteka. Det er òg oppretta ein lesekommisjon som skal bruke det beste av forsking og erfaring, slik at barnehagar og skular får råd og hjelp i arbeidet med å utvikle motiverte og gode lesarar. Regjeringa har òg vore tydeleg på at skjerm ikkje skal fortrengje trykte bøker i skulen.

I tillegg til å styrkje leseferdigheitene til elevane vil regjeringa styrkje dei grunnleggjande ferdigheitene i skriving og rekning. Frå 2027 planlegg regjeringa ei satsing på grunnleggjande ferdigheiter. Regjeringa vil løyve 465 millionar kroner til eit nytt øyremerkt tilskot til lærarressursar på toppen av dagens lærarnorm. Ordninga skal gjelde frå skuleåret 2027–2028 og bidra til at fleire elevar får meir av opplæringa i lesing, skriving og rekning i smågrupper. Tilskotet vil bli retta inn mot begynnaropplæringa på 1. og 2. trinn og mot 5. og 8. trinn som er viktige overgangar mellom hovudtrinna i skulen. Regjeringa har òg sendt på høyring eit forslag om å lovfeste krav om at skulane skal organisere delar av opplæringa i lesing, skriving og rekning på 1. og 2. trinn som smågruppeundervisning.

Læreplanen i matematikk er endra for å gjere det tydelegare kva elevane skal lære, og det er lagt meir vekt på grunnleggjande rekneferdigheiter. Kunnskapsdepartementet arbeider vidare med å utvikle læreplanane i fleire fag. Det er òg gjort endringar i læreplanane som sikrar at skulane skal vere særleg varsame med bruk av skjerm på 1.–4. trinn, og at bruken av digitale einingar ikkje skal dominere undervisninga på desse trinna. Regjeringa vil leggje fram ein strategi for realfag og teknologi i 2027.

Kompetansen til lærarar og andre tilsette i barnehage og skule skal styrkjast gjennom vidareutdanning og kollektiv kompetanseutvikling. Kunnskapsdepartementet har vidare sendt forslag til nye rammeplanar for lærarutdanningane på høyring, med tydelegare krav til kva framtidige lærarar skal kunne. Det blir mellom anna foreslått å leggje meir vekt på klasseleiing, leik og korleis lærarar kan støtte barn og elevar i lesing, skriving og rekning gjennom utdanningsløpet. For lærarar som utdannar seg mot dei lågaste trinna, blir obligatorisk spesialpedagogikk foreslått i tillegg til eit praktisk eller estetisk fag. Forslaget legg vekt på meir praksisnære lærarutdanningar og tettare samarbeid mellom lærarutdanningane, barnehagane og skulane.

4.4.4 Mindre skjerm for meir læring og trivsel

Alle barn i Noreg skal ha ein trygg skulekvardag der dei kan utvikle seg og lære i eit fellesskap utan unødige distraksjonar. Regjeringa vil beskytte elevane frå skadeleg innhald og frå teknologi som kan verke forstyrrande eller på andre måtar kan svekkje læring og trivsel. I ei tid der mange barn og unge har høg skjermbruk på fritida, må skulen vere ein stad som styrkjer konsentrasjonen til elevane og gir dei rom til å leike, lære og utvikle seg.

Regjeringa har teke grep for å fjerne mobiltelefonen frå klasserommet, for å få på plass filter mot skadeleg innhald på digitale einingar og for å styrkje personvernet til elevane. Kunnskapsgrunnlaget peika i retning av at skjerm kan verke forstyrrande og gi dårlegare konsentrasjon og uthald og svakare leseforståing (NOU 2026: 10, ss. 124–126). Regjeringa vil derfor at digitale einingar berre skal brukast i skulen når dei styrkjer læringa til elevane, og når dei blir brukte til å gi elevane nødvendig digital kompetanse. For elevane på 1.–4. trinn skal ein vere særskild varsam med skjermbruk, og skjermbruken skal ikkje dominere undervisninga, og frå 1. august 2026 står dette i alle læreplanane i skulen. Departementet har bedt Utdanningsdirektoratet sende på høyring eit forslag om at digitale ferdigheiter ikkje lenger skal vere ei av dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanverket. I tida framover vil regjeringa vurdere endringar i læreplanane og i rammeplanen for barnehagen for å sikre at det digitale ikkje er til hinder for læring og trivsel, samtidig som barn og unge skal få den digitale kompetansen dei treng.

Regjeringa har òg teke grep for å verne læringa til elevane frå kunstig intelligens. Mykje tyder på at kunstig intelligens enkelt lèt elevane ta snarvegar, slik at dei går glipp av viktige trinn i læringsprosessen (NOU 2026: 10, ss. 64–76). Slik «kognitiv latskap» kan særleg svekkje læring hos yngre elevar og dei som allereie har svake ferdigheiter. Frå hausten 2026 er det derfor gitt nasjonale tilrådingar om kunstig intelligens i skulen som gjer det klart at elevane på 1.–7. trinn i all hovudsak ikkje skal ha tilgang til kunstig intelligens. På 8.–10. trinn kan generativ kunstig intelligens brukast gradvis og forsiktig under føresetnad av at lærarane har tileigna seg tilstrekkeleg kompetanse.

4.4.5 Betre tilpassing og tilrettelegging i eit inkluderande fellesskap

Regjeringa tek på alvor at gutar er overrepresenterte blant barn som får spesialpedagogisk hjelp og individuell tilrettelegging. Alle barn skal oppleve meistring, læring og tilhøyrsel i barnehagen, og barn som treng ekstra støtte, skal få hjelp så tidleg som mogleg.

Regjeringa har som mål at det ordinære tilbodet i barnehagen skal vere så godt og inkluderande at det møter behova til flest mogleg barn. Samtidig skal dei som treng ekstra støtte, få den hjelpa dei treng for å kunne delta i fellesskapet og utvikle seg på lik linje med andre barn.

Utdanningsdirektoratet leverte i februar 2026 ein rapport om status og tiltak for tidleg innsats, tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging (Haukanes, Rønning, Nordhagen, Ryssevik, & Johansen, 2026). Rapporten viser at arbeidet med å styrkje inkludering, tidleg innsats og individuell tilrettelegging i barnehage og skule har hatt ei positiv utvikling dei siste åra. Erfaring viser at både barnehagar, skular og PP-tenesta bevegar seg i retning av måla om eit meir inkluderande og tilpassa tilbod til alle barn og elevar. Ei sentral utvikling er at individuell tilrettelegging i aukande grad skjer innanfor fellesskapet når barna og elevane deltek i ordinære tilbod. I skulen blir tiltak i større grad gjennomførte i klasserommet, mens barnehagane i aukande grad inkluderer spesialpedagogisk støtte i leik og læringsaktivitetar. Dette bidreg til ein meir heilskapleg, inkluderande praksis. Samtidig er biletet noko meir nyansert sidan det har vore ein auke i andelen elevar som har fast tilhøyrsel i ei eiga tilrettelagd eining (avdeling eller skule). Kompetansen innanfor spesialpedagogikk og inkluderande praksis i barnehage og skule er styrkt gjennom omfattande satsingar på etter- og vidareutdanning dei seinare åra. Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, som har vore under oppbygging dei siste fem åra, er no innlemma i dei nye heilskaplege systema for kompetanse- og karriereutvikling. Frå 2026 blir tilskotsordningane for kollektiv kompetanseutvikling samla i færre og meir heilskaplege ordningar for barnehage og opplæring. Målet er å styrkje kompetansen i sektoren og støtte opp under arbeidet med inkluderande praksis, likeverd og likestilling.

Ei meir heilskapleg kompetanseutvikling kan gi tilsette og leiarar betre føresetnader for å identifisere og følgje opp ulike behov tidleg, leggje til rette for deltaking i fellesskapet og utvikle inkluderande lærings- og arbeidsmiljø. Det kan medverke til å gi alle barn og elevar like moglegheiter for læring, utvikling og meistring, uavhengig av kjønn eller individuelle føresetnader. Det er ein større del gutar enn jenter som har vedtak om individuell tilrettelegging. Frå eit likestillingsperspektiv kan satsinga bidra til å møte nokre av utfordringane som særleg påverkar gutar. Styrkt kompetanse på inkluderande praksis, læringsmiljø og spesialpedagogiske behov kan gi barnehagar og skular betre føresetnader for å fange opp og følgje opp barn og elevar som har behov for støtte. Det kan vere viktig for å motverke at faglege utfordringar blir etablerte tidleg, og at dei blir forsterka gjennom utdanningsløpet. Satsinga kan dermed føre til meir likeverdige moglegheiter for læring og meistring for både gutar og jenter.

Det har vore stor interesse for vidareutdanning dei siste åra, spesielt innanfor spesialpedagogikk. Både i barnehage- og skulesektoren har talet på tilsette som får tilbod om slik vidareutdanning, auka kraftig sidan 2020. Studieåret 2025–2026 fekk om lag 570 barnehagelærarar tilbod om vidareutdanning i spesialpedagogikk, ein markant auke frå 70 i 2020. Blant tilsette i grunnopplæringa har talet på deltakarar på vidareutdanning i spesialpedagogikk auka frå i underkant av 300 lærarar i 2020 til over 1 400 i 2025–2026. Den tidlegare nemnde rapporten frå Utdanningsdirektoratet viser at det framleis er behov for å styrkje den spesialpedagogiske kompetansen i barnehagar og skular for å sikre tidleg innsats og inkluderande praksis, særleg knytt til vanlege utfordringar som ADHD og autismespekterforstyrringar (Haukanes, Rønning, Nordhagen, Ryssevik, & Johansen, 2026).

I budsjettet for 2027 har regjeringa foreslått å setje av 10 millionar kroner til å følgje opp tiltak i rapporten, mellom anna praksisnære individuelle kompetansetiltak på det spesialpedagogiske feltet, som ADHD/autisme, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar.

Regjeringa har òg sendt forslag til nye rammeplanar for lærarutdanningane på høyring, med tydelegare krav til kva framtidas lærarar skal kunne. Gjennom konkrete krav til kjernekompetansar i dei nye rammeplanane skal studentane få meir kompetanse på leik, klasseleiing, samarbeid med heimen og tverrsektorielle støttetenester. Dei skal òg lære korleis dei betre kan støtte elevane i lesing, skriving og rekning i klasserommet gjennom heile skuleløpet.

Alle som utdannar seg mot dei lågaste stega i grunnskulen, skal ha eit obligatorisk emne i spesialpedagogikk for å vere betre førebudde på mangfaldet i klasserommet. Dei skal òg ha eit obligatorisk praktisk eller estetisk fag som skal bidra til ein meir praktisk og variert skule. Høyringa av forslaget til nye rammeplanar har frist 11. januar 2027, og departementet tek sikte på å fastsetje dei nye rammeplanane våren 2027.

4.4.6 Betre tilgang til SFO

Regjeringa innførte hausten 2022 tilbod om 12 timar gratis SFO i veka for alle førsteklassingar. Ordninga blei utvida til 2. trinn hausten 2023 og til 3. trinn hausten 2024. Frå hausten 2026 var det innført gratis SFO (12 timar per veke) for elevar på 4. trinn i levekårsutsette område i 14 utvalde kommunar gjennom ei statleg områdesatsing. Andelen førsteklassingar med SFO-plass auka frå 84 prosent i 2021 til 92 prosent i 2022; det viser at ordninga med 12 timar gratis SFO har hatt stor effekt (Gilje & Haraldsrud, 2025). Utvidinga til 2. trinn i 2023 gav ein auke frå 79 prosent til 92 prosent, og for 3. trinn i 2024 var veksten heile 23 prosentpoeng. Etter innføringa begynte 60 prosent av barna som tidlegare stod utan SFO-plass, å delta – eit tydeleg teikn på at tiltaket har påverka deltakinga betrakteleg. Økonomiske avgrensingar påverkar kven som går i SFO. Gratisordningar har jamna ut deltakinga, spesielt i distrikta – sannsynlegvis blant familiar med lågare inntekt og deltidsarbeidande foreldre (Gilje & Haraldsrud, 2025).4

Offisiell statistikk frå Utdanningsdirektoratet og SSB rapporterer ikkje på minoritets-/majoritetsspråkleg bakgrunn eller kjønnsfordeling blant barna som bruker SFO. Sjølv om det ikkje finst nokon nasjonal statistikk over SFO-deltaking fordelt på kjønn, kan auka deltaking vere relevant også i eit gute- og likestillingsperspektiv. SFO gir barn tilgang til sosialt fellesskap, organiserte aktivitetar og trygge vaksne utanom undervisningstida. For barn som treng ekstra støtte til sosial utvikling, trivsel og deltaking, kan SFO-deltaking styrkje tilhøyrselen og meistringa. Ettersom gutar er overrepresenterte blant elevar som opplever faglege utfordringar, og som seinare står i særleg risiko for ikkje å fullføre utdanningsløpet, kan tidleg deltaking i inkluderande fellesskap utanfor den ordinære undervisninga vere særleg viktig for denne gruppa.

Ordninga kan òg ha noko å seie for yrkesdeltakinga til fedrar og moglegheita til å kombinere arbeid og omsorgsansvar ved at fleire familiar får eit rimelegare og meir tilgjengeleg tilbod om tilsyn og aktivitetar for barna etter skuletid.

4.4.7 Tiltak for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring

Regjeringa har som mål at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring og bli kvalifiserte til læreplass, arbeid eller utdanning, uavhengig av kjønn.

Regjeringa legg til rette for dette gjennom fleire grep:

  • Oppfølginga av fullføringsreforma og utvida rettar og plikter i opplæringslova

  • Innsats for at fleire skal få læreplass

4.4.7.1 Fullføringsreforma og ny opplæringslov

Den nye opplæringslova, som tok til å gjelde 1. august 2024, gir både utvida rettar og meir fleksibilitet i den vidaregåande opplæringa. Med den såkalla fullføringsretten har alle rett til opplæring inntil dei har fullført med studie- eller yrkeskompetanse. Rettane er eit av dei viktigaste grepa i fullføringsreforma, særleg for gutar, som i mindre grad enn jenter fullfører vidaregåande opplæring. Når alle får rett til opplæring til dei har bestått vidaregåande opplæring, ikkje berre rett til å gå i vidaregåande eit gitt antal år, vil òg fleire kunne få opplæring som treffer behova deira, og fleire vil bli kvalifiserte til arbeid, læreplass og vidare utdanning.

I den nye opplæringslova er målgruppa for oppfølgingstenesta utvida frå 21 år til 24 år. Oppfølgingstenesta følgjer opp og rettleier ungdom som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje er i opplæring eller arbeid. Ved å utvide målgruppa kan langt fleire få oppfølging og tilbod om kompetansefremjande tiltak, til dømes vidaregåande opplæring. I tillegg er det innført uavgrensa rett til omval inntil ein fyller 19 år, og skulane skal følgje opp elevar som har fråvær, for å sikre endå tettare oppfølging undervegs i opplæringa. Samla skal endringane sikre at fleire fullfører, uavhengig av kjønn, og at dei får den kompetansen dei treng i arbeidslivet eller i vidare utdanning.

4.4.7.2 Fleire skal få læreplass

Sjansane for å fullføre vidaregåande opplæring med fagbrev er større når elevane får læreplass, og regjeringa har derfor som mål at fleire skal få læreplass. I den nye opplæringslova er det frå 1. august 2024 innført ein rett til læreplass eller eit anna tilbod på vidaregåande trinn 3 i regi av fylkeskommunane. Føresegna presiserer at læreplass er målet i fag- og yrkesopplæringa, og at også søkjarar som ikkje får læreplass, er sikra progresjon i det yrkesfaglege løpet.

Regjeringa har saman med partane i arbeidslivet inngått ein samfunnskontrakt for fleire læreplassar. Målet er at alle som er formelt kvalifiserte, skal få tilbod om læreplass. Eit delmål i dette arbeidet har vore å motarbeide all diskriminering i rekruttering av lærlingar. For å følgje opp prioriteringane i samfunnskontrakten blei det løyvd eit øyremerkt tilskot til fylkeskommunane som skulle bidra til betre kvalifisering og formidling av læreplassar. Frå og med 2026 blei tilskotet innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunane.

Vidare er det, som ein del av fullføringsreforma, innført rett til yrkesfagleg rekvalifisering. Det inneber at alle har rett til opplæring fram mot eit nytt fagbrev, sjølv om ein har eit frå før eller allereie har studiekompetanse. Regjeringa har òg endra kravet til bruk av lærlingar i offentlege oppdrag. Frå og med 1. august 2025 er det krav om minst éin lærling når bedrifta inngår kontrakt med det offentlege. I tillegg må minst 10 prosent av arbeidet utførast av lærlingar. Målet med endringa er at fleire som er kvalifiserte for læreplass, skal få det, og at fleire skal velje yrkesfagleg vidaregåande opplæring.

Boks 4.7 Fleksible opplæringsmodellar i fag- og yrkesopplæringa

I fag- og yrkesopplæringa er det tre vegar til fag- eller sveinebrev: lærlingordninga, som vanlegvis inneber to år i skule og to år i bedrift, fagbrev på jobb og praksiskandidatordninga.

Mannsutvalet foreslo ein nasjonal modell for å styrkje alternative opplæringsløp i den vidaregåande opplæringa. Sjølv om hovudmodellen i fag- og yrkesopplæringa er to år i skule og to år i bedrift, har fylkeskommunane i dag, gjennom fleksibiliteten i fag- og timefordelinga, høve til å tilby alternative opplæringsmodellar. I det yrkesfaglege løpet kan det vere snakk om opplæringsmodellar som vekslar mellom opplæring i skule og bedrift i ulik grad gjennom heile eller delar av opplæringsløpet. Regjeringa meiner det er viktig at fylkeskommunane har dette handlingsrommet til å tilby opplæringsmodellar i tråd med lokale behov og ønske.

4.4.8 Antal karakterar på vitnemålet i vidaregåande opplæring

Stoltenberg-utvalet påpeika at sidan kjønnsforskjellane i karakterar er store i språkfaga, i favør av jentene, vil det kunne gagne jentene mest at det er mange språkkarakterar på vitnemålet (NOU 2019: 3). Sjølv om utvalet først og fremst vurderer timetal og vekting av dei ulike karakterane ut frå ungdomstrinnet, tilrådde dei å greie ut vekting av karakterar etter timetal eller andre alternative modellar også i den vidaregåande opplæringa. Eksamensgruppa, som blei sett ned av Kunnskapsdepartementet i 2018, og som leverte sluttrapporten sin i 2020, gjorde òg enkelte vurderingar av at talet på karakterar i norskfaget ut frå skeivskapar i utteljinga til faga på vitnemålet kan få konsekvensar for opptak til høgare utdanning.

Regjeringa vurderer fortløpande endringar i ulike læreplanar i heile opplæringsløpet og vil vurdere endringar også i norskfaget både når det gjeld innhald og talet på karakterar. Hausten 2026 blei det høyrt forslag til endring av krav til framandspråk fellesfag i studieførebuande opplæring for elevar som ikkje har hatt framandspråk i ungdomsskulen, og det har vore arrangert ein innspelsrunde til foreløpige forslag til framtidas vidaregåande opplæring. Arbeidet med dette må ein mellom anna sjå i samanheng med oppdraga Utdanningsdirektoratet jobbar med om å greie ut ei sikrare og forbetra eksamensordning og utvikle eit nytt rammeverk for innhald og struktur i den vidaregåande opplæringa.

Fotnotar

1

Det blir ikkje berekna grunnskulepoeng for elevar som manglar karakter i meir enn halvparten av faga. Elevar utan grunnskulepoeng blir behandla individuelt ved opptak til vidaregåande skule.

2

Fullføring av vidaregåande opplæring blir målt fem år etter oppstart for elevar på studieførebuande utdanningsprogram og etter seks år for elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram.

3

Ei reell endring vil krevje meir enn å fjerne kravet om sakkunnig vurdering. Opplæringslova § 2-4 stiller òg opp materielle vilkår for utsett og tidleg skulestart: For utsett skulestart må det vere tvil om barnet har komme langt nok i utviklinga til å begynne på skulen, mens tidleg skulestart føreset at dette er forsvarleg.

4

Sjå SSB-artikkel «Fleire barn i SFO etter innføring av gratis deltid»: «Det er tiltaket om 12 timer gratis SFO som synes å ha mest påvirkning på deltakelse. Fakturapris utover 12 timer gratis er av mindre betydning. Det er ikke kontrollert for andre effekter, som for eksempel husholdningens inntekt, da det ikke er individbasert datagrunnlag.» (Gilje & Haraldsrud, 2025).